HELLAND SKULE Plan for trivsel ved Helland skule VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. Godkjent av SU 30.11.11 1
Innhald. Side 2 Innhald Side 3 Del 1 Side 4 Side 5 1.1 Suksess-faktorar 1.2 Dette får vi til ved at... 1.3 Hjelpeverktøy 1.3.1 Dialog om anna utvikling/elevsamtalen 1.3.2 Føresette 1.3.3 Klasseteam 1.3.4 Storteam 1.3.5 Sosiallærar 1.3.6 Spes.ped. rettleiar 1.3.7 Personar med kompetanse i handtering av elevkonfliktar/mobbing 1.3.8 Trivselsundersøkinga 1.3.9 Trivselsleiar 1.3.10 Det er mitt val 1.3.11 MOT Side 6 Del 2 2.0 Konflikthandtering 2.1 Definisjon av konflikt 2.2 Kva gjer vi om vi får ei konflikt mellom elevar. 2.3 Elevar som løyser konfliktar mellom elevar 3.0 Handtering av mobbing 3.1 Definisjon av mobbing 3.2 Handtering av mobbesakar Side 7 3.3 Sanksjonar ved mobbing 4.0 Regelverk som støtter Trivselsplana 4.1 Opplæringslova 2
1.1 Suksess-faktorar Alle barn og vaksne vil trivast på skulen vår om: Barn og vaksne opplever at skulen er ein trygg og god plass å vere Barn og vaksne respekterer kvarandre Barn og vaksne trivst saman Barn erfarer at dei lærer Trygge vaksne ser elevane og deira individuelle behov Barn opplever at dei får utfordringar på sitt nivå. 1.2 Dette får vi til ved at vi vaksne Er godt førebudd til undervisninga Jobbar målretta med klassemiljø gjennom heile skuleåret Tek opp spørsmålet om trivsel i samtalar med enkeltelevar Har ei god kommunikasjonslinje med heimen Er raske til å gå inn og løyse konfliktar mellom elevar. Gjer kartlegging av trivsel gjennom undersøkingar Melder frå oppover i systemet når vi ikkje klarer å løyse konfliktar 3
1.3 Hjelpeverktøya 1.3.1 Dialog om anna utvikling/elevsamtalen Dialog om anna utvikling er uformelle samtalar mellom kontaktlærar og elev der faglege og sosiale sakar blir tatt opp. Elevsamtalen er ein formell samtale mellom elev og kontaktlærar. Samtalen går føre seg to gonger pr skuleår, og skal ha fokus både på det faglege og det sosiale. Elevsamtalen er også ei førebuing til kontaktmøtet mellom elev, føresette og kontaktlærar. 1.3.2 Føresette. Dei føresette til ein elev er ein viktig faktor når det gjeld å oppdage om ein elev mistrivst. Det er i så måte viktig å ha eit trygt og godt samarbeid mellom føresette og kontaktlærar, slik at det blir ei ope kommunikasjonslinje mellom heim og skule. Foreldrekontakter på klassenivå vurderer aktivitetar utanom skuletid i samarbeid med foreldregruppa. 1.3.3 Klasseteam På Helland skule har vi som mål å ha tettast moglege klasseteam, det vil seie å unngå at lærarar arbeider på mange team og i mange klasser. Det blir då lettare å finne tid til samarbeid. Klasseteamet si rolle er å jobbe med klassemiljøet og gi kvarandre råd om handtering av klassar og enkeltelevar. Klasseteamet lagar også fellesreglar som gjeld for heile årssteget. 1.3.4 Storteam På Helland skule er årsstega organisert i storteam. 1. 4. steg som eit storteam, 5. 7.steg som eit og 8. 10.steg som eit. Ein bit av arbeidet til storteama er å jobbe med trivselstiltak som er felles for stega på storteamet, samt gje kvarandre rettleiing og tips i elevsaker. Døme på trivselstiltak kan vere turar og framsyningar. 1.3.5 Sosiallærar På ungdomssteget har vi 2 sosiallærarar. Dei har ein viktig rolle i trivselen hos elevane. Elevane kan avtale tid med ein av sosiallærarane, eller kontaktlærar ber sosiallærar om å ta ei samtale med eleven. Vi har pr i dag ein kvinneleg og ein mannleg sosiallærar, dette meiner vi er ei god løysing grunna at det ikkje er like enkelt for ei jente å fortelje om problema sine til ein mann og vice versa. 1.3.6 Spes.ped-rettleiar Vi har også ein person som har rolla som spes.ped.rettleiar. Denne personen innehar kompetanse som kan brukast i konflikt og mobbe sakar 1.3.7 Personar med kompetanse i handtering av elevkonfliktar/mobbing På Helland skule har vi tilsette som har fått kurs i handtering av mobbing. Dei skal ta seg av mobbesaker og elevkonfliktar som ikkje løyser seg, eller er av ein slik art at det krev høg kompetanse på området. 1.3.8Trivselsundersøkinga På Helland skule har vi ei trivselsundersøking som årsstega skal gjennomføre ein gong i året. Denne undersøkinga skal avdekkje om elevar mistrivst og/eller er utsette for mobbing. Undersøkinga blir oppsummert i lærarkollegiet, slik at alle i skulesamfunnet får informasjon om elevar vi må vere merksame på. I tillegg deltek skulen på den obligatoriske brukarundersøkinga i vårsemesteret. 4
1.3.9Trivselsleiarar. Trivselsleiarar er et program for økt aktivitet og økt trivsel i friminutta. Det er ikkje eit antimobbeprogram. I tillegg til å auke aktivitetsnivået, skal de valde trivselsleiarane jobbe for å inkludere alle elevane i leiken, slik at ingen går einsame. Elevar vert nominert til å vere trivselsleiarar, dei som får tilbodet får eit kurs der dei lærer om ulike aktivitetar.skulen har ei grunnpakke med utstyr. Trivselsleiiarane går ut før langfriminuttet startar og lagar ulike leikstasjonar der elevane vel ein aktivitet. 1.3.10 Det er mitt val Undervisningspersonale ved Helland skule vart kursa i «Det er mitt val» den 25 mars 2011. "Det er mitt val" er eit undervisningsopplegg om klassemiljøutvikling og førebyggjande arbeid i grunnskolen. Det jobbast med kunnskap, haldningar og åtferd i leksjonar gjennom skuleåret. Helland skule vil bruke «Det er mitt val» obligatorisk frå 1. 10.steg 1.3.11 MOT MOT i ungdomsskulen er eit pedagogisk program der elevane møter MOT 15 gongar over 3 år. Gjennom dialog, øvingar, rollespel og ung- til-ung formidling gjerast ungdom medviten til å ta vare på kvarandre og ta eigne val. To MOT-besøk med foreldre og foreldre/ungdom. Ungdom Med MOT-skolering for elevar på 9.steget, som besøker 7.steget tre gonger for blant anna å gjere overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen lettare. Årleg team-samling med lærarane på stega. 5
Del 2 2.0 Konflikthandtering 2.1 Definisjon av konflikt: Ein konflikt er ei usemje mellom to likeverdige partar. 2.1 Kva gjer vi om vi får ei konflikt mellom elevar. Hovudregel: Vi løyser konflikten på lågaste nivå. NB! Viktig å få ei god oversikt over situasjonen slik at alle detaljar kjem fram. 1. Den som oppdagar konflikten prøver å løyse konflikten der og då. Om konflikten løysast skal kontaktlærarar varslast. 2. Om konflikten ikkje løysast der og då, må kontaktlærarar involverast i løysinga. Kontaktlærarar har samtalar med dei involverte elevane og prøver å få løyst saka, evt. lagar avtalar om vidare handtering av saka. På dette nivået skal dei føresette varslast. 3. Om punkt 1 og 2 ikkje løyser saka løftast den opp til dei/den av personalet som har kompetanse i å løyse konfliktar. Personen med kompetanse i konfliktløysing tek over saka og søker i samarbeid med kontaktlærar å løyse ho. Her vil føresette involverast i konfliktløysinga. 2.2 Elevar som løyser konflikt mellom elevar. Noko som kan vurderast er å lage eit konflikråd på skulen. Eit for mellomsteget og eit for ungdomssteget. Konfliktrådet består av to elevar som blir kursa i å handsame konfliktar. 3.0 Handtering av mobbesaker 3.1 Definisjon av mobbing: Ein person er mobba eller plaga når han/ho gong etter gong og over ei viss tid blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar. Men også enkelthendingar kan vere mobbing. Dan Olweus 3.2 Kva gjer vi om det avdekkast mobbing. 1. Få snarast mogleg oversikt over situasjonen; kven er mobbeoffer, kven er mobbarar, kor skjer mobbinga, når skjer mobbinga, kor lenge har mobbinga pågått. 2. Ha samtale med mobbeoffer der du i samtala fortel korleis du vil handsame saka. 3. Ha samtale med mobbar, er det fleire mobbarar tek ein dei enkeltvis slik at mobbarane ikkje får høve til å snakke saman. I samtalane fortel du korleis du vil handsame saka. Søk i samtalane å finne ut kvifor mobbinga skjer, og prøv å beskrive korleis mobbeofferet har det. Mobbar gjerast kjent med sanksjonane beskrive i punkt 3.3 4. Varsle dei føresette til dei som er involverte i saka, der du fortel korleis du vil handsame saka. 5. Ha ei samtale med alle involverte i saka, der du fortel kva som er gjort og kva som skal gjerast vidare. Det skal vere minimum eit oppfølgingsmøte der du sjekkar at alt går bra. 6. Om saka ikkje løysast dvs om mobbinga held fram, løftast ho opp til dei/den av personalet som har kompetanse i å løyse konfliktar. No vil dei føresette bli direkte involvert i saka. 7. Om det heller ikkje no blir løysning i saka kan skulen hente inn ekstern ekspertise frå til dømes BUT. 6
3.3 Sanksjonar mot mobbar om mobbing ikkje opphøyrer (Jfr Forskrift pm reglement for orden og åtferd for skulane i Vestnes.) 1. Vere inne i friminutta 2. Følgje den som har inspeksjon ute i friminutta 3. Flytte klasse 4. Flytte skule. 4.0 Regelverk som støtter Trivselsplana 4.1 Opplæringslova av1998-07-17 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735). 9a-3. Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735). Utkast pr. 02.11.2011 7