Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar Utkast 15.11.2015
1. Innleiing Stortinget har gjeve tilslutning til å gjennomføre ei kommunereform. Det nye kommunekartet skal bli til gjennom regionale og lokale prosessar, der kommunane sjølv skal diskutera kva for kommunar dei ynskjer å slå seg saman med. Kommunane i Vest-Telemark vedtok våren 2015 å gjennomføre eit forprosjekt knytt til kommunereforma. Arbeidet er gjennomført i regi av Vest-Telemarkrådet, medan Telemarksforsking har vore ekstern utgreiar og prosessrettleiar. Telemarkforsking har utarbeidd faktagrunnlag, analysar og vurderingar knytt til dei ulike samanslåingsalternativa i Vest-Telemark. Dette har mellom anna omfatta utgreiings- og analysearbeid knytt til økonomi, tenesteproduksjon, utøving av mynde, samfunnsutvikling og demokrati. Utgreiingsarbeidet har hatt fokus på å få på plass rammevilkår og potensielle føremoner og ulemper ved dei ulike alternativa. Det har òg vore gjennomført vurderingar av dei aktuelle alternativa opp mot eit alternativ der dagens kommunestruktur i Vest-Telemark held fram, men der ein heller vil styrkje og vidareutvikle det interkommunale samarbeidet. I samband med den lokale handsaminga av kommunereforma har Fyresdal og Tokke kommunar sett ned forhandlingsutval for å utarbeide ei intensjonsavtale for ei eventuell samanslåing av desse kommunane. For å kunne ta stilling til om ei eventuell samanslåing er føremålstenleg eller ikkje, vil det så langt som råd vera ei føremon å konkretisere kva ein vil oppnå med ei eventuell samanslåing og korleis ein kan innrette og organisere ein eventuell ny kommune. Dette er noko som berre kan avklarast gjennom politiske prosessar, og målet med intensjonsavtala har difor vore å få på plass eit best mogleg grunnlag for å fatte vedtak om samanslåing eller ikkje. Forhandlingsutvala har omfatta ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar. I tillegg har rådmenn, hovudtillitsvald og/eller hovudverneombod vore til stades på møta. Alle møta har vore offentlege, og pressa har vore til stades under drøftingane. Kommunestyra i dei to kommunane har fatta vedtak om at intensjonsavtala skal danne grunnlag for høyring av innbyggjarane før kommunestyra fattar vedtak om framtidig kommunestruktur. 2 Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast
2. Mål for samanslåinga 2.1 Regjeringas mål Regjeringas mål med kommunereforma er større, meir robuste kommunar med auka makt og mynde. Dette vert sett som naudsynt for å møte morgondagens utfordringar og stadig auka forventingar frå innbyggjarane. Regjeringa har fylgjande fire hovudmål for kommunereforma: 1) Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane Større kommunar med betre kapasitet og kompetanse vil leggja til rette for gode og likeverdige tenester over heile landet. Større fagmiljø vil gje meir stabile arbeidsmiljø, breidde i kompetansen og ein breiare tiltaksportefølje, særleg i små og spesialiserte tenester. 2) Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling Kommunesektoren skal bli betre i stand til å løysa nasjonale utfordringar. Reforma skal betra føresetnadene for ei styrka og samordna lokal og regional utvikling i alle delar av landet både når det gjeld arealbruk, samfunnstryggleik- og beredskap, transport, næring, miljø og klima, og den sosiale utviklinga i kommunen. Det er ønskeleg at kommunegrensene i større grad tilpassast naturlege bu- og arbeidsmarknadsregionar. 3) Berekraftige og økonomisk robuste kommunar Større kommunar vil ha større ressursgrunnlag og kan òg ha ein meir variert folkesetnad og næringsstruktur. Det gjer kommunane meir robuste overfor uventa hendingar og utviklingstrekk. Berekraftige og økonomisk robuste kommunar vil leggja til rette for ei meir effektiv ressursnytte innanfor avgrensa økonomiske rammer. 4) Styrke lokaldemokratiet og gje større kommunar fleire oppgåver Større og meir robuste kommunar kan få fleire oppgåver. Dette vil gje auka makt og mynde til kommunane, og dermed auka lokalt sjølvstyre. Større kommunar vil òg redusera trongen for interkommunale løysingar. Færre og større kommunar som gjennomfører ein velferdspolitikk i samsvar med nasjonale mål, vil redusera behovet for statleg detaljstyring. Kommunane vil slik få større fridom til å prioritera og tilpassa velferdstilbodet til behovet til innbyggjarane. Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast 3
2.2 Mål for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar Forhandlingsutvala i Tokke og Fyresdal er samde om at følgjande mål skal liggje til grunn for etablering av ein eventuell ny kommune: Hovudmål: Etablere en slagkraftig distriktskommune med sterk satsing på næringsutvikling og nye arbeidsplassar o Effektiviseringsgevinstar og andre økonomiske gevinstar som kommunane vil få som følgje av ei samanslåing, skal i størst muleg grad nyttast til styrke kommunens attraktivitet for næringsliv og tilflytting. Sikre og vidareutvikle kvaliteten i tenestilbodet til innbyggarane i framtida o Kommunane har gode tenester i dag. Nivået på grunnleggjande tenester som skule, barnehagar og helse og omsorg skal sikrast og vidareførast der folk bur. På tenesteområde kor kommunane har små og sårbare fagmiljø i dag, vil ein gjennom ei kommunesamanslåing styrke fagmiljø og gi grunnlag for betre og meir effektive tenester Stå sterkare i høve til å kunne handtere nye oppgåver o Gjennom om å bli ein større kommune vil ein stå sterkare i høve til å kunne handtere nye oppgåver Bli ein meir utviklande og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette med større og meir robuste fagmiljø o Ein større kommune vil redusere nokre av utfordringane som kommunane har i dag knytt til små og sårbare fagmiljø. Dette kan gje rom for betre og meir effektive tenester samstundes som ein får meir utviklande og attraktive arbeidsplassar for dei tilsette Tilby eit meir variert kultur- og fritidstilbod o Ein større kommune vil kunne gje ei breiare tilbod til innbyggjarane og bli ein meir attraktiv kommune for innbyggjarane Legge betre til rette for eit levande lokaldemokrati med god deltaking og breitt engasjement. o Gjennom etablering av ein ny kommune vil ein å skape meir systematisk innbyggjarmedverknad i politiske saker og prosessar, sikre breiare politiske representasjon i kommunestyra og betre vilkåra for politisk arbeid Legge betre til rette for eit meir systematisk og heilskapleg samarbeid med dei andre Vest-Telemarkkommunane o Oppgåver som den ny kommunen framleis vil bli for liten til å løyse på eiga hand, vil bli løyst gjennom eit strukturer og formalisert interkommunalt samarbeid der alle dei seks Vest-Telemarkkommunane er med 4 Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast
Ei samanslåing av Tokke og Fyresdal vil gje ei auke i rammetilskotet til kommunane på ca. 7,2 millionar kroner per år dei første 15 åra etter ei samanslåing samanlikna med dagens nivå. Dette utgjer ei auke på 1,7 prosent av dagen brutto inntekter. Når inndelingstilskotet på 15,5 millionar kroner er trappa ned frå 15-20 år etter samanslåinga, vil inntektene blir redusert de ca. 5,4 millionar samanlikna med dagens nivå. Dette tilsvarar ein reduksjon på 1,3 prosent av brutto driftsinntekter. Kommunane ved ei eventuell samanslåing få 30 millionar kroner i eingongsstøtte og 5 millionar i reformstøtte. Vidare vil det vera effektiviseringsgevinstar knytt til både administrativ leiing, politisk styring og tenesteproduksjon. Dersom den nye kommunen får administrasjonsutgifter per innbyggjar tilsvarande det nivået Seljord kommune har i dag, vil det berre innan administrasjon vera eit innsparingspotensial på 13,5 millionar kr per år. Slik sett vil ein kunne tilpasse seg det langsiktige inntektsnivået etter 20 år ved å hente ut delar av administrasjonspotensialet på administrasjon. Alle effektiviseringsgevinstar som vert henta ut før inndelingstilskotet vert trappa, vil kome den nye kommunen til gode fullt og heilt. Det vil ikkje av økonomiske omsyn være trong for å hente ut effektiviseringsgevinstar innan tenesteproduksjonen, men det kan likevel vera trong for å slå saman nokre av dei meir spesialiserte teneste for å sikre eit god tilbod. Ein større kommune kan drive meir effektivt samstundes som ein vil få større og mindre sårbare fagmiljø og betre tenester. Det vil vera stordriftsføremoner på områder som næring, landbruk, planlegging, IKT, tekniske tenester, miljø, oppmåling, økonomi, fellestenester, skatt, løn og helse (legesenter, legevakt, tannlege, rus/psykiatri, psykisk utviklingshemma og demensomsorg). Ein kan òg hente ut økonomiske gevinstar gjennom betre forvaltning av kommunal bygningsmasse. 3. Fordeling av funksjonar og oppgåver Dalen vil bli kommunesenter i ein ny kommune. Sentraladministrasjonen skal sitje på Dalen. Den omfattar ordførar, rådmann, kommunalsjefar, økonomisjef og personalavdeling. Funksjonar knytt til landbruk og næring vert lokalisert i Fyresdal. Dette omfattar òg plan, byggesakshandsaming, oppmåling, miljø- og viltforvaltning. Desse tenestene vil bli samlokaliserte i næringshagen i Fyresdal, noko som gjev grunnlag for å skape eit sterkt fagmiljø på desse områda. Ein avdelingsleiar for næring vert òg lokalisert i Fyresdal. Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast 5
Det skal vera næringshagar både i Tokke og Fyresdal. Næringsarbeidet vil bli organisert gjennom eit eige kommunalt selskap. Det skal gjennomførast ekstern utlysning som leiar for selskapet, og formannskapet og rådmannen skal vera representert i styret. Sjølv om ein vil satse gjennom etablering av eit eige kommunalt selskap, vert det sett som viktig at satsinga ikkje blir ei satsing på sida av anna kommunal planleggings- og utviklingsarbeid. Skular, barnehagar og helse- omsorgstenester skal oppretthaldast og vidareutviklast der folk bur. Legevakt, tannhelseteneste, lokalisering? Det skal etablerast ei fellesløysing på IKT. Fellesløysing med andre? 4. Interkommunalt samarbeid Med ei samanslåing av Tokke og Fyresdal kommunar, vil den nye kommunen framleis vera for liten til å kunne løyse alle oppgåver på eiga hand. Dette gjeld til dømes rus og psykiatri. Rus og psykiatri kan vera føremålstenleg å lokalisere til Seljord, kor ein har DPS og eit fagmiljø frå før. Familievernkontoret i Kvitseid skal også flyttast til Seljord. Dersom kommunane får nye oppgåver, kan det vera aktuelt å samarbeida om fleire av desse. Av dagens oppgåver kan ein til dømes få meir stabile og kostnadseffektive løysingar dersom ein etablerer samarbeid om løn, skatt, sentralbord og IT-oppgåver. Vest-Telemark kommunane har ein del velfungerande samarbeid i dag, t.d. om barnevern, som det vil vera ynskjeleg å vidareføre også etter ei samanslåing. Områder med samarbeidsbehov er det ynskjeleg å løfte inn i ein forpliktande samarbeidskonstellasjon der alle Vest-Telemarkkommunane er med. Dette vil gje betre moglegheiter for å etablere gode og sameinte rutinar for koordinering og oppfølging av det interkommunale samarbeidet. Med færre kommunar i Vest-Telemark kan det vera lettare å kome fram til gode interkommunale løysingar fordi det vert færre aktørar involvert. 5. Grensejustering I samband med ei med ei samanslåing er det unaturleg at bygdene Skredosen og Vråliosen framleis skal høyre til Kviteseid kommune. Desse bygdene ligg heilt på 6 Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast
kommunegrensene til Tokke og Fyresdal, og dersom ein skal reise mellom Fyresdal og Tokke, må ein køyre gjennom desse områda. Tokke, Fyresdal og Kviteseid er såleis samde om at det vert gjennomført ei grensejustering dersom kommunane slår seg saman. Konkret vil det innebere at grensejusteringa vert gjennomført på ein slik måte at Kvitseid sine inntekter frå Osen kraftverk framleis vil framleis vil tilfalla Kviteseid kommune. 6. Politisk organisering Tokke har i dag 21 representantar i kommunestyret medan Fyresdal har 17. Tokke har sju medlemmar i formannskapet medan Fyresdal har fem. Fyresdal har 20 prosent frikjøp av varaordfører, medan tilsvarande del i Tokke er 10 prosent. I ein eventuell ny kommune er ein samd om at kommunestyret skal 27 representantar. Ein ynskjer ein hovudutvalsmodell med tre utval (eitt for helse og omsorg, eitt for plan og teknikk og eitt for oppvekst og kultur) i tillegg til administrasjonsutval og formannskap. Det skal vera 7 medlemmar i hovudutvala. I administrasjonsutvalet skal to medlemmar vera politikarar. Ein ny kommune skal ha separate råd for funksjonshemma, noko kommunane ikkje har i dag. Varaordførar skal ha 30 prosent frikjøp. 7. Kommunenamn og kommunevåpen 8. Handtering av dei tilsette Ei viktig målsetjing med kommunesamanslåinga er ein effektiv og føremålstenleg tenesteproduksjon med attraktive og utviklande arbeidsplassar for tilsette. Reduksjonar i talet på årsverk skal ein løyse gjennom omplassering og naturleg avgang. Ein har gode erfaringar med slike løysingar frå andre delar av landet. Ingen skal seiast opp som ein konsekvens av kommunesamanslåinga. Dersom kommunane skal få nye oppgåver, vil snarare mangel på arbeidskraft vere ei større utfordring i framtida. Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast 7
9. Økonomiske styringsprinsipp og målsetjingar Den nye kommunen skal årleg forvalte sine tilgjengelege økonomiske midlar på ein sunn og berekraftig måte. Økonomien skal styrast etter gitte handlingsreglar; m.a. konkretisert i form av at netto driftsresultat skal minst utgjere rundt 2 % og at frie reservar (midlar på disposisjonsfond) minst skal utgjere 5 % av samla driftsinntekter. Kommunen har ein klar intensjon om å tilpasse drifta si slik at ein unngår å skrive ut eigedomskatt på anna enn verk og bruk, dvs. ikkje ha eigedomskatt på korkje annan næringseigedom, bustadeigedomar eller hytter/fritidseigedomar. 10. Innbyggjarhøyring Fyresdal vil gjennomføre ei rådgjevande folkerøysting før kommunen fattar vedtak om framtidig kommunestruktur. Det er ikkje noko som heiter bindande folkerøysting i Noreg, men det har vore tradisjon for at ein har følgd folkets råd i slike samanhengar. Frå Fyresdal vert det gjeve uttrykk for at ein ynsker å følgje folkets råd gjennom ei slik folkerøysting, men ein føreset då at valdeltakinga er på nivå med det ein har samband med kommune- og fylkestingsval. Tokke 11. Tidspunkt for samanslåing Tokke og Fyresdal legg opp til ein samanslåingsprosess som følgjer løp 2 i kommunereforma. Det inneber at kommunale vedtak om framtidig kommunestruktur vert fatta i mai/juni 2016. Dersom kommunane vedtek samanslåing, vil samanslåinga tre i kraft frå 1.1.2019. 8 Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast
12. Organisering av samanslåingsprosessen Noko om dette kan leggjast ved eit vedlegg til avtala Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast 9
10 Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar. Utkast