Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2016/4142-1 Geir Mogren Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet 01.12.2016 Kommunestyret 15.12.2016 Innstilling frå rådmannen: 1) Kommunestyret godkjenner driftsinntektene for budsjett 2017 slik det går fram av vedteken økonomiplan. Driftsramma vert sett til kr.816,4 mill. 2) Kommunestyret godkjenner følgjande fordeling av driftsramma på sektorane, stab og politikk: Sektor for oppvekst og kultur 345 767 435 Sektor for Omsorg, Helse og Sosial 334 997 893 Sektor for teknikk og Miljø 69 944 587 STAB 60 540 613 Politikk 5 215 053 3) Kommunestyret godkjenner investeringane i budsjettet for 2017 slik det går fram i økonomiplanen 2017-2020 med desse rammene: Sjølkost ( vann/ avløp) 63 266 150 Kvinnheradspakken 67 500 000 Andre investeringer 204 000 000 SUM investeringar 334 766 150 Låneopptak -280 766 150 4) Ordføraren si godtgjersle for 2017 blir sett til 95,0 % av løna til ein stortingsrepresentant, medan varaordføraren si godtgjersle for 2017 blir sett til 15,0 % av ordføraren si godtgjersle. 5) Inntekts- og formuesskatten for 2017 blir utlikna etter dei satsar som Stortinget bestemmer. 6) Marginalavsetjing av innbetalt skattesum blir sett til 9,0 %. side 1
7) I medhald av eigedomsskattelova 2, 3 og 4 blir det i 2017 vidareført utskriving av eigedomsskatt. a. Eigedomsskatteområdet er faste eigedommar inkludert verk/bruk og næring i heile etter Eigedomsskattelova 3 a. b. Skattesatsen for kommunen vert sett til 7, jamfør Eigedomsskattelova 11. Skattesatsane vert differensiert ved at skattesatsen som skal gjelda for bustad og fritidseigedommar vert sett til 2. jf. 12 c. Skattevedtektene i kommunen etter Eigedomsskattelova 10 er justert i tråd med nye regelendringar som gjeld frå 2013, og som er godkjende av kommunestyret den 20.12.2012. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter. d. Skatten forfell til betaling i 4 terminar, og vert sendt ut saman med kommunale avgifter.( Eigedomsskattelova 10.) I medhald av Eigedomsskattelova 7 bokstav a og b, vert det fritak for eigedomar til stiftingar og institusjonar som tek sikte på å gagne kommunen, fylket eller staten, samt bygningar av historisk verdi. 8) For 2017 blir det lagt opp til ei samla investeringsramme på kr. 334,7 mill. a. Husbanklån utgjer kr. 25,0 mill. b. Eigenkapitalinnskot til KLP er kr. 2,6 mill. c. Unytta lånemidlar i 2016 vil ved budsjettrevisjonen våren 2017 bli trekt frå låneopptaket. d. Låna får ei løpetid i tråd med kommunelova 50. e. Avdraga blir sett til maksimum 40 år. f. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne lånevilkåra innan vedtekne budsjettrammer. 9) Kommunestyret vedtek låneporteføljen til, og alle lån i porteføljen kan vere gjenstand for refinansiering i 2017. Rådmannen får fullmakt til å avgjere kva lån som skal nedbetalast, uavhengig av tidlegare vedtak om nedbetaling. 10) Det blir sett av investeringsmidlar til vatn og avløp som er i tråd med vedteken «Kommunedelplan for vassforsyning og avløp». Prosjekt som det ikkje spesifikt er sett av midlar til, men som vert finansiert frå «Diverse investeringar», skal godkjennast politisk dersom tiltaket kostar meir enn kr. 1,0 mill. 11) Eit mogeleg positivt premieavvik for pensjonsinnbetalingane skal setjast av på eit avviksfond. Kostnaden relatert til tidlegare premieavvik skal dekkast av dette fondet og av oppspart bufferfond. side 2
12) Frå 01.01.17 eller frå den tid det er lovleg eller praktisk kan gjerast, vert gebyra innanfor sjølvkostområda endra som følgjer: a. Drikkevatn/avløp årsgebyr: Ingen endring. Drikkevatn/avløp tilknytingsgebyr: 25% reduksjon. Renovasjon 140 liter, tømming 4. kvar veke: 9,2% reduksjon. Alle andre årsgebyr renovasjon: Ingen endring. b. Slamtømming alle årsgebyr: Ingen endring c. Feiing: Etter krav i ny «Forskrift om brannforebygging av 01.01.2016», vert det med heimel i 17 innført feiing og tilsyn for fritidsbustadar og næringsbygg på lik linje med bustadhus. Gebyrstorleik etter same satsar som for bustadhus. Alle feiegebyr vert endra tilsvarande konsumprisindeksen. d. Byggesak, Kartforretning og Private reguleringsplanar ver endra tilsvarande konsumprisindeksen. 13) Frå 01.01.17 eller frå den tid det lovleg eller praktisk kan gjerast, vert alle andre avgifter, gebyr og betalingssatsar auka tilsvarande konsumprisindeksen dersom ikkje anna er bestemt i budsjettpremissane, særlover eller punkta nedanfor: a. Seksjoneringssaker som krev synfaring vert endra etter Staten sine satsar b. Seksjoneringssaker som ikkje krev synfaring vert endra etter Staten sine satsar c. Årsplass kulturskulen vert auka med 3,0 %. d. Instrumentleige kulturskulen og dirigenttenester vert auka med 3,0 %. e. Foreldrebetaling SFO vert auka med 3,0 %. f. Barnehagesatsane vert sett lik Stortinget sine maksimalsatsar 14) Kommunale avgifter/gebyr og eigedomsskatt vert frå 01.01.2017 fakturert på same faktura. I samband med dette vert tal terminar endra til 4. Faktura under kr. 1 000, vil forfalla på første termin. 15) Alle husleiger blir auka i tråd med konsumprisindeksen. 16) Alle løyvingar til tiltak i investeringsbudsjettet som blir overført frå eit år til neste skal visast i årsmelding og godkjennast av kommunestyret. 17) Kommunestyret set ramma for Kontrollutvalet til kr 1.000.000. 18) Rådmannen skal rapportera konsekvensar av dette budsjettvedtaket til kommunestyret innan utgangen av mars 2017. 19) Investeringsdelen frå økonomiplanen 2017-2020 ligg som vedlegg og vert vedteken slik den ligg føre. side 3
Saksutgreiing: Rådmannen syner til vedlagte Økonomiplan 2017-2020 og til vedlegg. Det vert i forslag til vedtak lagt vekt på at den totale driftsramma som blei vedteken i økonomiplanen i kommunestyret den 24.11. dannar grunnlaget for. Kommunestyret vedtok i dette møtet dei to første punkta i innstillinga: 1. Vedlagte Økonomiplanen for 2017-2020 vert vedteken. 2. For 2017 vert ramma for drift sett til kr. 816,4 mill I tråd med dette vedtaket har rådmannen endra ramma for budsjett 2017 til kr. 816.465.581. Punkt 3 om investeringar vart utsett og skal handsamast i budsjett-møtet i kommunestyret 15.desember. Rådmannen legg fram punkt 3 i forslaget til vedtak på nytt: 2017 2018 2019 2020 Sjølkost ( vann/ avløp) 63 266 150 34 900 000 8 000 000 14 000 000 Kvinnheradspakken 67 500 000 32 500 000 89 000 000 67 500 000 Andre investeringer 204 000 000 47 537 979 59 260 000 32 200 000 SUM investeringar 334 766 150 114 937 979 156 260 000 113 700 000 Låneopptak -280 766 150-88 730 383-111 408 000-73 560 000 legg opp til rammestyring, der rammene vert fordelt på dei tre sektorane, stab under rådmannen og området politikk. Rådmannen har i arbeidet med budsjettet vurdert ramma i forhold til den nye organisasjonen, men detaljarbeidet rundt omorganiseringa er ikkje klart ennå, og ein har ikkje full oversikt. Den største endringa av ramme som er gjort er i forhold til Omsorg, helse og sosial. Prosess vidare med budsjett 2017 vil vera fordeling frå dei 5 rammene ut i den enkelte eining og avdeling under rådmann. Det vil verta periodisert, prioritert og nøye kartlagt konsekvensar for drifta vidare. På dette grunnlaget vil det verta fremja ny sak til kommunestyret i løpet av februar eller mars 2017. Forslaget til vedtak byggjer elles på dei formalkrava som budsjettvedtaket har når det gjeld skattar, avgifter og betalingsordningar for diverse tenester. Økonomisk konsekvens: Svært stor konsekvens for kommunen Vedlegg: Økonomiplan 2017-2020 side 4
Betalingssatsar 2017 alle tenesteomr. side 5