VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR Saksnummer Utval Vedtaksdato 106/15 Formannskapet 24.11.2015 009/16 Formannskapet 09.02.2016 Saksbehandlar: Sandvik,Anne Sofie Sak - journalpost: 12/2584-2015015160 FØRSTE GONGS HANDSAMING KOMMUNEPLAN FOR VINDAFJORD KOMMUNE 2016-2028 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Framlegg til kommuneplan for Vindafjord kommune 2016-2028 vert sendt på høyring slik han ligg føre med planskildring (samfunnsdel og arealdel), føresegner og plankart datert 11.11.2015. 24.11.2015 Formannskapet Ordførar Ole Johan Vierdal foreslo for Sp: Saka blir utsett til januar 2016, då ein legg opp til ein dag med gjennomgang av saka slik at alle nye representantar blir orientert. Sp (ordførar Vierdal) sitt forslag vart samrøystes vedtatt. FS-106/15 Vedtak: Saka blir utsett til januar 2016, då ein legg opp til ein dag med gjennomgang av saka slik at alle nye representantar blir orientert. 09.02.2016 Formannskapet Inga Øverland Apeland for Sp sette fram forslag til endringar i samfunnsdelen. Forslaget er merka "Forslag frå Sp v/inga Øverland Apeland", og ligg ved saka og møteprotokollen. Varaordførar Steinar Skartland for Krf sette fram forslag til endringar i samfunnsdelen. Forslaget er merka "Framlegg frå Vindafjord Krf til tekstendring/tillegg", og ligg ved saka og møteprotokollen. Per Fatland for H sette fram forslag til endringar i samfunnsdelen. Forslaget er merka "Høyre-Framlegg sak 106/15 Kommuneplan 2016-2028", og ligg ved saka og møteprotokollen.
Inga Øverland Apeland for Sp sette fram forslag til endringar i arealdelen. Forslaget er merka "Forslag frå Sp v/inga Øverland Apeland", og ligg ved saka og møteprotokollen. Arne Bergsvåg for Sp sette fram forslag til endringar i arealdelen. Forslaget er merka "Forslag frå Sp v/arne Bergsvåg", og ligg ved saka og møteprotokollen. Varaordførar Steinar Skartland for V og Krf sette fram forslag til endringar i arealdelen. Forslaget er merka "Forslag til sak formannskapet 009/16; Kommuneplan for Vindafjord kommune, frå Venstre og Krf", og ligg ved saka og møteprotokollen. Innkomne forslag frå Sp, Krf og H som vedkjem endringar i samfunnsdelen, følgjer saka som vedlegg og må fremjast på ny under neste handsaming. Innkomne forslag som vedkjem endringar i arealdelen vart samrøystes vedtatt (med 8 røyster), bortsett frå forslaget frå Sp som vedkjem Beitaneset. Dette vart vedtatt med 6 røyster, Per Fatland (H) og Gerd Kvamme (Frp) røysta mot. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart vedtatt med ovannemnde endringar. Nye endringsforslag i arealdelen må konsekvensutgreiast, og det må gjennomførast ROSanalyse i tråd med Plan- og bygningslova. FS-009/16 Vedtak: Framlegg til kommuneplan for Vindafjord kommune 2016-2028 vert sendt på høyring slik han ligg føre med planskildring (samfunnsdel og arealdel), føresegner og plankart datert 11.11.2015, og med fylgjande endringar: - Forslag frå Sp v/inga Øverland Apeland - Forslag frå Sp v/arne Bergsvåg - Forslag frå V og Krf v/varaordførar Steinar Skartland Nye endringsforslag i arealdelen må konsekvensutgreiast, og det må gjennomførast ROSanalyse i tråd med Plan- og bygningslova. Innkomne forslag frå Sp, Krf og H som vedkjem endringar i samfunnsdelen, følgjer saka som vedlegg og må fremjast på ny under neste handsaming. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar, reglement m.m.: Plan- og bygningslova. Saka gjeld: Kommuneplan for Vindafjord kommune for perioden 2016-2028, inkl. samfunnsdel og arealdel med føresegner og plankart. Saksopplysningar: Bakgrunnen for saka: I samsvar med plan- og bygningslova skal kommunen ha ein samla plan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel.
I kommunen sin planstrategi og planprogram for kommuneplanen blei det bestemt at samfunnsdelen skulle reviderast i sin heilskap. Planprogrammet avgrensa revisjon av arealdelen til å omfatte: Område for bustader, inkludert LNF-område for spreidd bustadbygging. Område for næring. Arealformåla knytt til desse sentra: Ølen, Vikedal, Sandeid, Skjold, Ølensvåg, Knapphus, Vikebygd og Kårhus Omsynssone knytt til framtidige veganlegg Handlingsdelen av kommuneplanen gir grunnlag for kommunen si prioritering av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver og konkretiserer tiltaka innanfor kommunen sine økonomiske rammer. Handlingsdelen samsvarer med kommunen sin økonomiplan og blir handsama som eiga sak. Formål Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal også gi mål og retning for arealbruken og føringar for utforming av plankartet og føresegnene. Han skal vere grunnlag for sektorane sine planar og verksemd i kommunen. Vidare skal samfunnsdelen omtale og synleggjere kommunen si utvikling og potensiale i regional samanheng. Arealdelen skal vise hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva slags nye tiltak og ny arealbruk som kan settast i verk. Vidare skal arealdelen vise kva omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala. Arealdelen omfattar plankart og føresegner og er juridisk bindande. Planskildring Planskildringa gjer greie for planprosessen. Planarbeidet har vore organisert med formannskap som styringsgruppe og ei brei tverrfagleg administrativ arbeidsgruppe for samfunnsdelen. Arealdelen har hatt ei mindre arbeidsgruppe med representantar frå Areal og forvaltning og Kommunaltekniske tenester. Undervegs i planprosessen har styringsgruppa delteke på eit politisk arbeidsseminar og folkemøter i bygdene. Dei har også fått prinsippavklaringar til handsaming. Planskildringa gjer elles greie for korleis medverknad er ivaretatt. Viktige trekk ved samfunnsutviklinga, og korleis dei slår ut for Vindafjord sitt vedkommande, er grunnleggande når kommunen skal sette seg mål for framtida. Planskildringa omtalar folketalsutviklinga, endringar i arbeidsmarknad og bustadmarknad. Desse utviklingstrekka saman med dei utfordringane som arbeidsseminaret avdekka, dannar bakteppe for prinsippavklaringa om val av satsingsområda: levande bygder (oppvekst, livskvalitet, folkehelse og kultur) handlekraft (regionalutvikling, verdiskaping og næringsutvikling, innovasjon, infrastruktur) berekraftig arealforvaltning (samferdsel, klima og miljø, tettstadsutvikling, samfunnstryggleik og jordvern). Det går fram av planskildringa korleis me i korte trekk har vurdert status og utfordringar for dei einskilde satsingsområda og det er formulert følgande tre hovudmål: 1. Vindafjord skal vere ein kommune med levande bygder. 2. Vindafjord skal vere ein handlekraftig kommune og eit handlekraftig samfunn 3. Vindafjord skal ha ei berekraftig arealforvaltning.
For kvart av desse satsingsområda er det vidare definert delmål («dette ønsker me») og strategiar («slik gjer me») for å nå måla. Ordlyden «dette ønsker me» og «slik gjer me» er eit bevisst val, då det gir ei tydelegare og meir folkeleg formidling av kva me vil arbeide for. Det har vore ei målsetting for planarbeidet å knytte samfunnsdelen og arealdelen betre saman. Ein parallell planprosess har vore eit godt utgangspunkt. Det er gjort greie for korleis definerte mål og strategiar kjem til uttrykk i arealdelen for kvart av satsingsområda. Tema for arealdelen har i hovudsak vore bustadområde, næringsområde og sentrum. Dei grep me tar for arealdisponeringar må såleis vere ei avspegling av måla som er sett i samfunnsdelen. Formannskapet har hatt til handsaming prinsipielle avklaringar i høve til næringsområde og sentrumsområde i møtet 03.11.15. Det er i prosessen komme mange innspel både til samfunnsdelen og arealdelen. I arbeidet med arealdelen har kommunen nytta PlanGis, eit digitalt kartverktøy der innbyggarane kunne legge inn innspel i kartet sjølve. Det kom inn 40 av totalt 130 innspel på denne måten. Innspel frå folkemøta og grendeutvala var i liten grad kartfesta. Desse innspela er kommenterte i ein eigen tabell, vedlegg 5. Det er gjort ein gjennomgang av alle arealinnspela som er komme inn i høve til dei avgrensingane som går fram av planprogrammet og ei generell vurdering av innspela, dette går fram av tabell i vedlegg 6. Innspel som klart fell utanom planprogrammet er ikkje tatt med vidare (raude i tabellen). I tillegg har rådmannen gjort ei konkret vurdering av innspela og tilrådd å ikkje gå vidare med dei som av ulike grunnar blir vurderte som uaktuelle. Grunngjevinga går fram av tabellen. For dei resterande innspela som er tilrådd utgreidd vidare(grøne i tabellen), både dei frå innbyggarane og kommunen sine eigne innspel, er det først gjennomført ei matematisk konfliktanalyse, så er det utarbeidd konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). KU og ROS går fram av vedlegg 4. Til grunn for KU- og ROS-vurderingane ligg dokumentet «Grunnlag for KU og ROS», vedlegg 7. Plankart Det går fram av plankartet kva arealdisponeringar ein ser føre seg. Hovudtrekka er som i tidlegare kommuneplan. Endringar i plankartet er knytt opp til dei tema som var vedteke i planprogrammet at skulle reviderast. Vedlagt saka følger plankart med og utan omsynssoner i pdf-format, vedlegg 2 og 3. Dei endringar som er lagt fram, er synlege/lesbare i plankartet i form av framtidige areal. Plankartet viser heile kommunen og vil ikkje fungere som eit godt verkty for å vurdere endringane som er foreslått. Gjennom PlanGIS-kartet er relevant informasjon knytt til offentleg ettersyn av arealdel i kommuneplan systematisert og gjort tilgjengeleg. Kartløysinga er tilgjengeleg for PC, smarttelefonar og nettbrett. Løysinga er tilgjengeleg via denne linken: http://akvator.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=91c2c90cac7d41409005b e570b9b1419
Dei aller fleste kartelementa er klikkbare med relevant informasjon tilknytta. Arealinnspel er delt opp i grøne areal (innspel som er med i planforslaget) og raude firkantar (innspel som ikkje blir teken med vidare). For grøne arealinnspel er det lenke vidare til KU og ROS og for raude arealinnspel er det lenke vidare til vurderingar for kvifor innspelet ikkje kjem vidare. Det er difor gjennom kartet raskt og enkelt å finne fram til kommunale dokument som konsekvensutgreiing og vurderingar. Meir detaljert informasjon på infoknappar i løysinga. Føresegner Føresegnene ligg som ein del av planskildringa. Planprogrammet opna for å gjere mindre endringar i føresegnene. Endringane er føreslått på bakgrunn av endringar i lovverket, endringar i faktisk arealbruk for område som er nemnde i føresegnene, reguleringsplanar som er vedtekne og erfaringar gjennom bruken av gjeldande plan. Endringar i føresegner går fram av kap 8.0 i planskildringa (vedlegg 1). Utkastet til nye føresegner er derfor laga som endringar i gjeldande føresegner og det er ikkje gjort omfattande redaksjonelle eller faktiske endringar. Endringane er tydeleggjort med raud skrift. Vurdering: Dei vurderingar som er gjort i høve til planforslaget går fram av planskildringa. Rådmannen sine vurderingar i saksutgreiinga er avgrensa til å gjelde formålet og prosessen. Kommuneplanarbeidet er omfattande og bør vere ein kontinuerleg prosess. Det er ein styrke for planarbeidet at det er tverrfagleg. I all planlegging er det ønskeleg å sjå eigne aktivitetar i samanheng og sjå dei i høve til andre sine aktivitetar. Rådmannen meiner at planforslaget slik det ligg føre, avspeglar kommunen som samfunn på ein god måte. Val av satsingsområde viser tydeleg kva som skal stå i fokus. Ein har fått fram kva som er kommunen sine hovudutfordringar i høve til satsingsområda og korleis ein skal arbeide for å komme desse i møte. Planen viser at me som lokalsamfunn må ta i bruk våre menneskelege, naturgitte og økonomiske ressursar på ein balansert måte. Planen trekk ikkje opp grenser for kven som har ansvar for kva, men viser tydeleg at ting heng saman og at løysingar finst i samarbeid, ikkje sektortenking. Planen har sett klare mål for kva me ønsker oss for kvart satsingsområde og korleis me vil gjere det for å arbeide mot dei måla som er sett.
Verdiane openheit, føreseieleg og medverknad i planlegginga er eksplisitt uttrykt i formålsparagrafen i plan- og bygningslova. Deltaking skjer på to måtar. Den viktigaste måten er gjennom indirekte deltaking. Det vil seie gjennom val av folkevalte. Deltaking og medverknad skjer i tillegg ved at innbyggarane deltar direkte i planprosessen. Rådmannen meiner kommuneplanprosessen har ivaretatt medverknad på ein god måte. Aktivering av grendeutvala samt folkemøter i alle bygder gir auka deltaking og styrkar samfunnsengasjementet. Medverknad har på denne måten også ein effekt i høve til sosial og politiske læring. Med andre ord opplæring til demokrati. Det er viktig å erkjenne eksistensen av konfliktar i planlegginga. Hensikta med overordna kommuneplanlegging er å få ei best mogleg styring av utviklinga. Arealplanen viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk; korleis arealutnyttinga skal vere, kor dei viktigaste utviklingsprosjekta bør komme, kor me skal ha tettstadsutvikling, næringsutvikling mv. Det kan i einskilde tilfelle vere motsetningar mellom ein plan og eit utbyggingsprosjekt, derfor er ei viktig del av planlegginga å få med alle grupper for å hindre at nokon stiller seg på sidelinja. Medverknad frå lokalsamfunnet kan bidra til å redusere konfliktar, finne løysningar og dermed gjere planprosessen lettare og raskare å gjennomføre. Medverknad kan også sikre eit kvalitativt betre kunnskapsgrunnlag for planlegginga gjennom breitt tilrettelagte prosessar. Rådmannen meiner at ein har fått til ein god kommunikativ prosess med innbyggarane. Bruken av grendeutvala som eit «nedste ledd» i demokratiet har fungert godt i kommuneplanprosessen. Vedlegg: Kommuneplan 2016-2028 Planskildring - høyringsutkast, vedlegg 1 Plankart uten omsynsoner, vedlegg 2 Plankart med omsynsoner, vedlegg 3 KU OG ROS, vedlegg 4 Innspel - folkemøte og grendautval, vedlegg 5 Innspel alle, vedlegg 6 Grunnlag for vurdering av KU og ROS, vedlegg 7 Tillegg KU ROS, vedlegg 8 Samfunnsdelen-forslag frå Sp Samfunnsdelen-forslag frå Krf Samfunnsdelen-forslag frå H Arealdelen-forslag frå Sp ved Inga Øverland Apeland Arealdelen-forslag frå Sp ved Arne Bergsvåg Arealdelen-forslag frå V og Krf