Arbeidsmiljøutvalet REFERAT 04/2003 MØTE TYSDAG 11. NOVEMBER 2003 Tid: Kl 13.00 15.15 Stad: Møterom 220, Berte Kanutte-huset Til stades frå arbeidsgjevarsida: Til stades frå arbeidstakarsida: Signe Valsø Bjørn Krøvel Gonnie Smit Løseth (til kl 14.55) Heidrun Torbjørnson, 2fo Sylvi Gulla Hovdenak, NTL (møtte i staden for Marit Vartdal Engeseth) Hovudverneombod Rune Mo Frå HMS-Consult Ørsta Volda A/S møtte: Bedriftssjukepleiar Ole-Jonny Telseth Forfall: Møteleiar: Referent: Marit Vartdal Engeseth, NTL Bente Afset, Norsk Forskerforbund. Varamedlem, Bjørn Gunnar Tafjord, kunne ikkje møte. Roy Asle Andreassen, Utdanningsforbundet. Varamedlem, Anne Steinsvik Nordal, kunne ikkje møte. Ingvar Elgesem; melde forfall 11. november, og varamedlem vart såleis ikkje innkalla. Signe Valsø Sissel Grete Wahlstrøm Innkalling og sakliste Ordinær innkalling og saksdokument vart sende ut i brev 5. november 2003. Det var ingen merknader til innkallinga, som vart godkjend. Det var heller ingen merknader til saklista. Rune Mo melde ei sak under YMSE. Side 1 av 6
Denne saklista vart godkjend: AMU-S 17/2003 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 03/2003, 23. SEPTEMBER 2003 AMU-S 18/2003 AMU-S 19/2003 AMU-S 20/2003 AMU-S 21/2003 AMU-S 22/2003 PLANLEGGING AV HMS-DAG VED HØGSKULEN I VOLDA RØYKING INNE I OG UTANFOR BYGNINGANE VED HØGSKULEN I VOLDA HMS-TILTAK FOR STIPENDIATAR OG DOKTORGRADSKANDIDATAR INNSTILLINGA FRÅ RYSSDAL-UTVALET KONSEKVENSAR FOR ARBEIDSTAKARANE SINE RETTAR - EI FØRSTE DRØFTING YMSE Saksbehandling: AMU-S 17/2003 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 03/2003, 23. SEPTEMBER 2003 Referatet frå møtet 23. september 2003 vart godkjend utan merknader. AMU-S 18/2003 PLANLEGGING AV HMS-DAG VED HØGSKULEN I VOLDA På arbeidsmiljøutvalet sitt budsjett for 2003 er det sett av kr 20 000,- til tilskiping av ein HMS-dag. I løpet av året har inkluderande arbeidsliv peika seg ut som tema for seminaret. Ei førebels skisse til program var lagt ved innkallinga til dette møtet. AMU diskuterte korvidt HMS-dagen primært skulle vere mynta på dei tilsette ved høgskulen. Det vart også lufta om ein bør annonsere i lokalavisene. Dermed gir ein alle som ønskjer det, høve til å delta. I planlegginga av HMS-dagen har hovudverneombodet vore i kontakt med fleire bedrifter. Representantar for desse vil gjerne delta på HMS-dagen. Det var semje om at fokus bør vere på vår verksemd, dvs. målgruppa bør vere dei tilsette ved HVO. Dette utelukkar likevel ikkje eksterne deltakarar. Høgskuleleiinga har i samarbeid med hovudverneombodet invitert HVO sin kontaktperson ved Trygdeetatens arbeidslivssenter, Olav Elling Gausdal og trygdesjef ved Volda trygdekontor, Gunnar Iversen, til møte 12. november for m.a. å fastsetje programmet for HMS-dagen. Det var semje om at høgskuledirektøren bør ha det endelege ordet om fagleg vinkling/fokus på seminardagen. I planlegginga av programmet kom arbeidsutvalet for AMU fram til at det bør opprettast ein HMS-pris ved HVO. Det er naturleg at AMU fastset nokre retningslinjer. AMU finn at det i samband med HMS-dagen Side 2 av 6
18. november bør utdelast ei påskjøning til ein person eller ei gruppe personar som har gjort ein rosverdig innsats til beste for arbeidsmiljøet i inneverande år. Ved å dele ut ein HMS-pris ønskjer arbeidsmiljøutvalet å anspore kollegaer til å starte miljøtiltak. Før eventuell utdeling i 2004 må AMU fastsetje kriterier for prisen. Etter framlegg frå AMU-leiaren gjorde arbeidsmiljøutvalet slikt samrøystes vedtak: 1 Arbeidsmiljøutvalet sluttar seg til framlegget til program for HMS-dagen 18. november 2003. 2 AMU vedtek å opprette ein HMS-pris. Arbeidsmiljøutvalet ønskjer at HMS-prisen for 2003 blir tildelt trimgruppa i Berte Kanutte-huset, 3. etasje. Prisen blir utdelt på HMS-dagen. AMU-S 19/2003 RØYKING INNE I OG UTANFOR BYGNINGANE VED HØGSKULEN I VOLDA Saka vart drøfta i det første møtet i den oppnemnde strategi-/arbeidsgruppa 4. november 2003. Det var semje om å be om at saka blir sett på dagsordenen i dette AMU-møtet. Styret sitt vedtak om røykfri høgskule i sak 30/98 gjer det klart at det ikkje er høve til å røyke verken i rom der ålmenta har tilgjenge, dvs. møterom, kantiner, hovudinngangane, trapper, korridorar, heisar, toalett, vestibyler eller på enkeltkontor, jf. Statens personalhandbok, punkt 1.01.02. Trass i forbodet, blir det framleis rapportert om at tilsette røyker på kontoret. Dette skjer fortrinnsvis i bygningar med dårleg ventilasjon/lufting. Det er nødvendig å kome fram til ei permanent løysing på røykeproblema. Dobbeltkommunikasjonen som blir gitt publikum, studentar og tilsette ved hovudinngangane i form av plakatar parallelt med store askebeger er uheldig. AMU trur at det no må fokuserast meir på kvar det faktisk er lov å røyke. Det må også setjast meir søkelys på kva vinninga ved å handheve røykeforbodet er og ikkje berre på kostnadene. AMU meiner det kan gjerast enkle grep for å tilretteleggje for plassar der ein kan røyke. Informasjon og god skilting vil vere sentrale stikkord her. Etter framlegg frå AMU-leiaren gjorde arbeidsmiljøutvalet slikt samrøystes vedtak: 1 AMU ber høgskuleleiinga om å handheve røykeforbodet snarast råd. 2 AMU trur det er viktig å informere om kvar det ikkje er lov å røyke og kvar dette er tillate. AMU-S 20/2003 HMS-TILTAK FOR STIPENDIATAR OG DOKTORGRADSKANDIDATAR Bakgrunnen for saka er eit ønskje om å setje fokus på arbeidstilhøve/-vilkår for stipendiatar. Side 3 av 6
Det blir hevda at stipendiatar ofte fell igjennom alle stolar når det gjeld rettar som arbeidstakarar. Utifrå eit ønskje om å få eit tettare nettverk, har alle stipendiatane knytt til HVO no danna ei gruppe, med Jens Johan Hyvik som leiar. Stipendiatane opplever at dei tiltaka som HVO har sett i verk, ikkje har fungert godt nok. AMU meiner det er viktig å leggje til rette for at stipendiatperioden blir opplevd som positiv. Samtidig må deira problem synleggjerast. Det vart stilt spørsmål ved om denne saka høyrer heime i arbeidsmiljøutvalet eller om arbeidstakarorganisasjonane bør kome på banen. AMU må klargjere si eiga rolle når det gjeld å tilretteleggje arbeidstilhøva for stipendiatar og doktorgradskandidatar. AMU meiner at stipendiatane bør melde aktuelle problemstillingar til HVO-leiinga. Samrøystes vedtak: AMU tek innspel om arbeidsvilkår/arbeidssituasjon for stipendiatar til orientering, og vil vurdere om dette er ei sak som bør handsamast vidare av AMU. AMU-S 21/2003 INNSTILLINGA FRÅ RYSSDAL-UTVALET KONSEKVENSAR FOR ARBEIDSTAKARANE SINE RETTAR - EI FØRSTE DRØFTING Saka vart meldt til dette møtet for å ha ei første sondering og lufting om kva AMU bør fokusere på i høve den innstillinga som er lagt fram frå Ryssdal-utvalet. Samandraget i innstillinga frå Ryssdal-utvalet var sendt ut saman med innkallinga til dette møtet. Hovudpunkta i utvalsinnstillinga (både fleirtalet og mindretalet sine forslag på sentrale punkt) vart presentert på transparenter. Desse vart kopierte og sende til medlemmene og varamedlemmene i arbeidsmiljøutvalet, hovudverneombodet, verneomboda og dei hovudtillitsvalde ved HVO etter møtet. Vi går difor ikkje nærare inn på dei punkta som omhandlar styringsstruktur i dette referatet. Dei ulike fagforbunda i universitets- og høgskulesektoren har i fleire pressemeldingar teke opp dei tilsette sine tilhøve i høve Ryssdal-utvalet si innstilling, og har t.d. gitt ei felles pressemelding i samband med at det vart overlevert 4 300 protest-underskrifter til statsråd Kristin Clemet. Eitt sentralt punkt i utvalet sitt mandat var å utrede og fremme forslag til lovregulering av ny tilknytningsform for statlige universiteter og høgskoler. Fleirtalet i utvalet fremjer forslag om at universitet og høgskular blir omdanna til eigne rettssubjekt i form av sjølveigande instutusjonar. Forvaltningsorgan som blir særskilte rettssubjekt, blir rettsleg og økonomisk skilt ut frå staten. Denne tilknytingsforma kan føre til at universitet og høgskular kjem inn i NAVO-sektoren på lik linje med helseføretaka. Side 4 av 6
Som sjølvstendig rettssubjekt i NAVO-sektoren kan mange av dei rettane vi har som arbeidstakarar og dei plikter som ligg til arbeidsgjevaren i forhold til sine tilsette, bli borte med eit pennestrøk. Konsekvensane kan vere at vi misser: Tenestemannslova Statens pensjonskasse Hovudtariffavtale for staten Hovudavtale for staten I spørsmål som gjeld tilsette si stilling går utvalsfleirtalet inn for følgjande: Ved tilsetjingar m.v. gjeld dei allmenne reglane i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø. Tilsette ved institusjonar under ny felles lov for universitet og høgskular blir ikkje rekna som offentleg tenestemann etter lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister og lov 4. mars 1983 nr. 3 om statstjenestemenn m.m.. Utvalet gjer framlegg om ein overgangsperiode på tre år (fortrinnsrett/ventelønn), og det blir opna for at tenestemannslova kan gjelde overgang til arbeidsmiljølova er ikkje ein avgjerande premiss for forslaget. Når det gjeld medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), seier fleirtalet at dette ikkje er ein del av ei verksemdsoverdraging (arbeidsmiljølova 73 B nr. 3). Det blir opp til den enkelte institusjon å ta stilling til dette. Ei eventuell tilknyting til SPK skal formelt godkjennast av AAD. Høyring - saksbehandlingsprosedyre internt Det er ikkje sagt noko konkret om intern frist for å gje fråsegn, men rektor har sende ut ein e-post om saka 29. oktober d.å. Både avdelingar, organ og arbeidstakarorganisasjonar har høve til å kome med fråsegn til innstillinga frå Ryssdal-utvalet. Arbeidsmiljøutvalet må ta stilling til om det vil uttale seg på fritt grunnlag. AMU må i så fall fokusere på dei rettane som arbeidstakarane misser i denne reforma. Uansett utfall av Stortinget si behandling vil reforma medføre ei stor belastning i tillegg til den store uvissa innstillinga legg opp til. Samrøystes vedtak: Arbeidsmiljøutvalet held fram diskusjonen i neste møte. På bakgrunn av denne blir det sendt ei fråsegn til styreleiaren. AMU-S 22/2003 YMSE Hovudverneombod Rune Mo ønskte at arbeidsmiljøutvalet i neste møte, 9. desember, gir fråsegn til kapittel 2 i utkastet til tilpassingsavtale: Tilhøvet til arbeidsmiljølova (AML) H. 26. Side 5 av 6
NYTT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA Ole-Jonny Telseth opplyste at HMS-Consult Ørsta Volda AS er i gang med helsekontakter ved Avdeling for lærarutdanning. Desse temaa er i fokus: inneklima, ergonomi, trivsel, seniorpolitikk. ORIENTERINGSSAKER 20/2003 Kvartalsvis oversyn over sjukefråværet ved Høgskulen i Volda: 3. kvartal 2003 Arbeidsmiljøutvalet tok dei oppsette orienteringssakene og dei munnlege orienteringane til vitande. NESTE MØTE: Tysdag 9. desember 2003 kl 13.00 Høgskulen i Volda, 24. november 2003 Sissel Grete Wahlstrøm referent Side 6 av 6