Akseptkriterium og metode for ROS-analysar Til bruk ved arealplanlegging i Kvinnherad Kvinnherad kommune Verksemd for samfunnsutvikling Versjon: Desember 2010 Vedteke av kommunestyret xx.xx.2010
Bakgrunn Kommunen plikter å kartlegga kva uønskte hendingar som kan inntreffa i kommunen, vurdera sannsynet for at desse hendingane inntreff og korleis dei i så fall kan påverke kommunen. 1 Resultatet av dette arbeidet skal vurderast og samanstillast i ein heilskapeleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROSanalyse). ROS-analysen skal leggast til grunn for kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, mellom anna ved utarbeiding av beredskapsplan og planar etter reglanei plan- og bygningslova. Til planar for utbygging er det sett krav om særskilt ROS-analyse for planområdet 2. Statlege krav og forventningar til beredskapsomsyn i samfunnsplanlegginga bygger på Norsk standard NS 5814:2008. I følgje standarden skal kriterium for kva som kan godtakast av risiko fastsettast på førehand. Deretter følgjer identifisering av fare, sannsyn og konsekvensar. Utifrå dette kan kommunen finne ut kor stor risikoen er. Denne risikoen skal samanliknast med dei fastsette kriteria for kva som kan aksepterast. Om risikoen er for høg, skal det setjast i verk tiltak for å redusere han. For å sikre at slike tiltak vert sette i verk, skal dei takast inn i føresegnene til planverk. Etter råd frå Fylkesmannen i Hordaland har Kvinnherad kommune vedteke akseptkriterium og metode for ROS-analysar til bruk ved arealplanlegging i Kvinnherad. Desse skal nyttast ved utarbeiding av arealdel til kommuneplanen og reguleringsplanar. Metode og akseptkriterium Ved utarbeiding av ROS-analyse skal denne modellen nyttast: Fareidentifikasjon ROS-analysen skal avdekka aktuelle farar innafor planområdet samt farar i omgjevnadane som kan ha verknad for planområdet og vice versa. For kvar arealplan må det vurderast sæskilt kva farekategoriar som er aktuelle. I tabellen øvst på neste side er det sett opp aktuelle døme på farekategoriar. 1 Jmf. 15 i Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og sivilforsvaret. 2 Jmf. 4-3 i Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova)
Døme på farekategoriar som er aktuelle ved arealplanlegging i Kvinnherad Naturfarar Menneske- og verksemdbaserte farar Flaum, erosjon og isgang Overvatn Stormflo Havnivåstiging Vassinntrenging Skred: - Kvikkleireskred - Jord- og flaumskred - Snøskred - Sørpeskred - Steinsprang - Fjellskred og flodbølge Skog-, lyng- og grasbrann Sterk vind - storm/orkan Ekstrem nedbør Radon Handtering av farlege stoff: - Brannfarleg, reaksjonsfarleg og trykksett stoff - Lagring og bruk av eksplosiv vare - Transport, bruk og lagring av farleg gods Storbrann Ulukker med transportmiddel: - Trafikkulukker - Skipshavari - Fartøy til kai Fysisk øydelegging av kritisk infrastruktur som vassforsyning, avløp, veg, energianlegg, IKT o.l. Sårbare objekt Samlokaliseringsproblem Forureining i grunnen Stråling frå kraftliner m.m. Dambrot Innsatstid og kapasitet for naudetatatene Kriminalitet, sabotasje og terror Risiko Risiko vert her definert som produktet av kor sannsynleg ei uønskt hending er og konsekvensen den uønskte hendinga har: Sannsyn Konsekvens Risiko Sannsyn Estimering av sannsyn skal ta utgangspunkt i moglege årsaker til dei uønskte hendingane og med kva frekvens dei kan ventast å opptre. Grenseverdiar for frekvens vert kategorisert slik: Grenseverdiar for sannsyn Sannsyn Vekt Frekvens Særs sannsynleg 5 Ei hending pr. år eller oftare Mykje sannsynleg 4 Ei hending pr. 1 10 år Sannsynleg 3 Ei hending pr. 10 50 år Mindre sannsynleg 2 Ei hending pr. 50 1000 år Lite sannsynleg 1 Mindre enn ei hending pr. 1000 år
Konsekvens Estimering av konsekvensar skal gjerast for følgjande tema: Liv og helse Miljø Materielle verdiar Kategorisering av grenseverdiane for konsekvensar er sett opp i tabellen under. Grenseverdiar for konsekvens Konsekvens Vekt Liv og helse Miljø Materielle verdiar Ufarleg 1 Ingen eller små personskader. Ein viss fare 2 Mindre skader som treng medisinsk handsaming, evt.kortare sjukefråver. Alvorleg 3 Inntil 5 alvorlege personskadar, eller mange mindre personskadar, men med sjukefråver. Vesentlege helseplager og ubehag. Kritisk 4 Inntil 4 døde, eller fare for inntil 10 alvorleg skadde. Katastrofalt 5 Meir enn 4 døde, eller 10 alvorleg skadde Ingen eller ubetydeleg skade. Mindre skadar som naturen sjølv utbetrar på kort tid. Store skadar på ytre miljø, men som vil utbetrast på sikt. Omfattande og langvarige miljøskadar som krev større tiltak Omfattande og uopprettelege miljøskadar. Skadar for inntil 50.000 kr. Skadar mellom 50.000-5.000.000 kr. Skadar mellom 5.000.000 50.000.000 kr. Skadar mellom 50.000.000 1.000.000.000 kr. Skadar for meir enn 1.000.000.000 kr. Akseptkriterium og vurdering av risikoreduserande tiltak Risikoen for uønskte hendingar skal samanliknast med dei vedtekne akseptkriteria. Til dette skal det nyttast ei tredelt soneinndeling: Raud sone Gul sone Grøn sone Raud sone: Medfører uakseptabel risiko. Om tiltaket skal iverksetjast må først risikoreduserande tiltak gjennomførast, alternativt skal det utførast meir detaljerte ROS-analysar for å avkrefte risikonivået. Gul sone: ALARP-sone, dvs. tiltak skal gjennomførast for å redusera risikoen så mykje som mogleg. (ALARP= As Low As Reasonable Practicable). Det er naturleg å leggja ei kost nyttevurdering til grunn for ytterlegare risikoreduserande tiltak. Grøn sone: I utgangpunktet akseptabel risiko, men ytterlegare risikoreduserande tiltak av vesentleg karakter skal gjennomførast når det er mogleg ut i frå økonomiske og praktiske vurderingar. Sonene vert sett inn i 5 x 5-matriser som fastset grader av risiko og som utgjer kommunen sine grenseverdiar for kva risiko som er akseptabel. Den same matrisa vert nytta for tema miljø og materielle verdiar, medan tema liv og helse har eige matrise med noko strengare akseptkriterium.
Kommunen gjer merksam på at det avhengig av utbyggingsføremål gjennom ulike regelverk er sett grenseverdiar for mange tema som td. støy, stråling, flaum og skred. Desse reglane gjeld framfor kommunen sine akseptkriterium og må vurderast i kvart einskild høve. Dette gjeld særskild sårbare objekt som t.d. sjukehus, sjukeheimar, hotell, barnehagar mv. som ikkje skal byggjast i skredutsette område, jf. byggteknisk forskrift kap. 7. Risikomatrise for liv og helse 5 Sannsyn 4 3 2 1 1 2 3 4 5 Konsekvens Risikomatrise for miljø og materielle verdiar 5 Sannsyn 4 3 2 1 1 2 3 4 5 Konsekvens Døme Tiltak som fører til ei mykje sannsynleg uønskt hending (årleg eller oftare) og som kan føra til alvorleg personskade kjem i raud risikosone og er dermed uakseptabel. Ei mindre sannsynleg uønskt hending (50 1000 år) som gir ein viss fare for mindre skadar på miljøet og som naturen sjølv vil utbetra på kort tid hamnar i grøn sone og må reknast som akseptabel risiko.
Ei planlagt tiltak som kan gi alvorlege skader på materielle verdiar (5.000.000 50.000.000 kr.) med ein sannsynleg frekvens mellom 1 10 år (mykje sannsynleg) kan kanskje gjennomførast, men først etter risikoreduserande tiltak og/eller ei vurdering av nytte i høve til kostnadar. Generelt kan det seiast at: Tiltak med risiko mellom 1 og 4 er akseptable. Tiltak med risiko mellom 5 og 12 (miljø/materielle verdiar) eller 5 6 (liv og helse) krev risikoreduserande tiltak. Tiltak med risiko mellom 15 og 25 (miljø/materielle verdiar) eller 8 25 (liv og helse) er uakseptable. Kjelder Inndelinga av aktuelle farekategoriar, grenseverdiar for sannsyn og konsekvens og soneinndeling er basert på Direktoratet for sikkerhet og beredskap sin rettleiar Samfunnssikkerhet i arealplanlegging, FylkesROS for Hordaland 2009, Vestlandsprosjektet for GIS i samfunnsplanlegging og beredskap (SIGVE), ulike brev og rundskriv frå Fylkesmannen i Hordaland og kommunen sine eigne erfaringar med tidlegare gjennomførte ROS-analysar. I tillegg er det gjort vurderingar av kva som bør vere akseptabel risiko i Kvinnherad sett i høve til nokre andre hordalandskommunar som tidlegare har vedteke kriterium og metode. Til hjelp for forslagsstillarar og fagkunnige plankonsulentar er her ei kort liste med utvalde internettadresser som kan vere til nytte ved utarbeiding av ROS-analysar ved arealplanlegging: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap si side om risiko og sårbarhetsanalyser: http://www.dsb.no/en/ansvarsomrader/regional-og-kommunalberedskap/beredskapsplanlegging/risiko--og-sarbarhetsanalyser Fylkesmannen i Hordaland si nettside om ROS-analysar: http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=60231 Tingingsside for NS 5814:2008 Krav til risikovurderinger: http://www.standard.no/no/sok-ogkjop/produktkatalogen/produktpresentasjon/?productid=337102 Kvinnherad kommune si side om reguleringsplanlegging: http://www.kvinnherad.kommune.no/reguleringsplanar Kvinnherad kommune si side om kommuneplanar: http://www.kvinnherad.kommune.no/kommuneplan