Statens vegvesen Hordnesskogen Vurdering av tilkomst til deponiet Iversen Kelly Nesheim 18.08.2014
Vurdering av alternative tilkomster til Hordnesskogen Fylkestinget, sak 47/2014. Fylkestinget handsama sak 47/2014 «Ny E39 Os Bergen og E39/rv.580 Rådalskrysset Avtale om massedeponi i Hordnesskogen og grunnerverv ved Rådalskrysset» 11.6.2014. Vedtaket som vart fatta: «1. Fylkestinget godkjenner vedlagte kjøpekontrakt mellom staten v/statens vegvesen Region vest og Hordaland fylkeskommune. 2. Hordaland fylkesting ber i tillegg Statens vegvesen foreta en fornya vurdering av alternativ tilkomst via Fana Stein og Gjenvinning (FSG) fram mot anleggsstart. Vurderinga må spesielt ta for seg trafikktryggleik v/stend jordbruksskule, Hordnesveien og Bjarghallen, samt risiko knytt til tidlegar avfallsdeponi v/evt. ny trase over FSG.» Det vart halde eit møte 19.6.2014 om saka og vi viser til møtereferat frå dette. Statens vegvesen har etter vedtaket gjort ei ny vurdering av tilhøva for tilkomst til deponiområdet. Det er gjennomført ny synfaring og vi har brukt Bjarg sine heimeside for å kartlegge aktiviteten på banene og for hallen. Vi går ut frå at det vert tilsvarande aktivitet i åra som kjem. Det er to alternativ for tilkomst som er vurdert, vegvesenet sin tilkomst frå Hordnesveien og forslag frå klager om tilkomst via Fana Stein og Gjenvinning si avkøyrsle frå Fanavegen. Statens vegvesen har registrert punkt der ulik trafikk har kryssande bevegelsar i begge dei to alternativa, og på oversiktsteikninga er punkta nummerert og vi syner til desse punkta vidare. 1
6 7 9 8 1 2 4 3 5 Figur 1 Oversikt over punkt som er vurdert i den påfølgjande teksten. 2
Tilkomst via Hordnesvegen Statens vegvesen har planlagt massetransport til Hordnesskogen via Hordnesvegen. Hordnesvegen er fylkesveg og open for allmenn trafikk. Konfliktpunkta har vore diskutert gjennom reguleringsplanprosessen, og tiltaka er vist i punkta under. Det er i tillegg teke med mogelege trafikksikringstiltak som kan gjennomførast. 1 Kryss Hordnesvegen Fanavegen Figur 2 Trafikksikringstiltak vist i illustrasjonsheftet til reguleringsplanen Fv.170 Hordnesvegen skal hevast inn mot krysset, og det skal etablerast eitt nytt fotgjengarfelt. Fotgjengarfeltet ved avkjørselen til Stend vidaregåande skule vert heva, og det skal etablerast fortau inn i avkjørsla. Busslomma skal etablerast på nytt med fortau. Desse tiltaka vert etablert etter samråd med skulen i planprosessen. Figur 3 Krysset mellom Fanavegen og Hordnesvegen. Bildet er henta frå Google. 3
Figur 4 Fotgjengerfelt og busslomme i Hordnesvegen Bildet er henta frå Google. Figur 5 Avkøyrsle til Send vidaregåande skule og til privat veg til Stavollen brukt av elevane frå skulen. Bildet er henta frå Google. 4
2 Trafikktryggleik langs Hordnesvegen. På synfaringa i juni blei det observert fleire mogelege tiltak som kan betre trafikktryggleiken. Det viktigaste blir å stenge tilkomstar langs vegen, og heller bruke interne vegar på Jordbruksskulen, slik at ein unngår konfliktpunkt langs vegen. Vi vurderer det som gode trafikktryggleikstiltak å stenge tilkomsten ved gartneriet (figur 6), stenge jordbrukstilkomst og tilkomst ved saga (figur 7). Det blei sagt på møtet 19.6 at elevane brukte alle disse tilkomstane når dei øvde på traktorkøyring, dette bør ein unngå i den tida massetransporten skjer. Ved å stenge disse tilkomstane vert tal på avkøyrsler redusert frå 5 til 2 mellom Fanavegen og krysset til Mjelkevika. Sikta frå avkøyrsla til jordbruksskulen kan utbetrast ved å fjerne trær og ein liten bergknatt ved fareskiltet, sjå bildet (figur 8). Busslomma ved kryss til Mjelkevika har ikkje tilfredstillande utforming. Den manglar fortau og busskur (figur 9) Figur 6 Avkøyrsle ved gartneriet som bør stengjast 5
Figur 7 Avkøyrsler som kan stengjast. Figur 8 Bergknatt som kan fjernast for å betre sikt. 6
Figur 9 Busslomme ved kryss til Mjelkevika manglar fortau. 3 Kryss Hordnesskogen Kommunal veg til Mjelkevika/Hordamuseet Krysset er tilfredsstillande utforma. Det er ei opning i rekkverket for kryssing for fotgjengarar frå Skeievegen til busslomme eller til kommunal veg. Det er god sikt i kryssingspunktet. Figur 10 Sikt frå krysset mot Hordnesvegen Bildet er henta frå Google. 7
Figur 11 Sikt frå krysset mot Hordnesvegen og Skeievegen. Bildet er henta frå Google. 4 Kryss Hordnesskogen - Skeievegen Figur 12 Kryss Hordnesvegen - Skeievegen Skissa er henta frå illustrasjonsplanen til reguleringsplanen. Skeievegen skal hevast frå krysset til parkeringsplassen inn i Hordnesskogen, og det skal etablerast gang/sykkelveg. Utbygginga av Skeievegen vert utført av Bergen kommune etter ei utbyggingsavtale der Statens vegvesen blant anna bidreg med stein. Krysset vil få normal utforming. 8
Figur 13 Utsnitt av reguleringsplanen for Skeievegen Figur 14 Normalprofil for den utbetra Skeievegen. 9
5 Avkøyrsle til Hordnesskogen frå Hordnesveien i anleggstida. På synfaringa i området er det vurdert at eit avkjørselspunkt i Hordnesvegen vil gi god tilkomst til Hordnesskogen. Tilkomsten skal være midlertidig og det skal lagast tilbod til gåande i avkøyrsla og vidare til Skeievegen. Det er i dag ei utviding på vegen som kan nyttast, og ein vil bruke eksisterande veggrunn. Figur 15 Midlertidig tilkomst til Hordnesskogen Figur 16 Vegareal som kan nyttast til gangareal. 10
Tilkomst via Fana stein og Gjenvinning. 6 Avkjørsle frå Fanavegen. Privat avkjørsel, stengt med port. Tilfredstillande utforming. Området bak portane må gjerast tilgjengeleg utanom opningstida. Figur 17 Avkøyrsla ved Fana stein og Gjenvinning. Bildet er henta frå Google 7. Privat veg Fana stein og Gjenvinning Vegen mellom portane ved Fanavegen og Bjarghallen har lav standard, kan trafikkerast med lastebilar, men har ukjent bæreevne. Må oppgraderast til 10 tonns bæreevne, og det må byggjast møteplassar. Kostnadar for bruk og oppgradering er ikkje med i vurderinga. Formelle løyver må innhentast. Vegen er stengd for allmenn ferdsle, og vil ikkje ha konflikt punkt med andre trafikkantar enn dei som er knytt til området i dag. Figur 18 Området til FSG. Bildet er henta frå Google. 11
8. Veg frå Skeievegen til Bjarghallen. Denne kan ikkje nyttast til massetransport fordi mykje av ferdsla til Bjarghallen skjer her. Det er ikkje eige areal for gåande og syklande. Det er i tillegg mykje køyring til aktivitetane ved hallen på denne vegen. Figur 19 På veg til Fotballskule Det vil være behov for ny veg dersom massetransporten skal gå forbi Bjarghallen. Denne vegen må leggjast på gammalt bossdeponi og må derfor byggjast på ein slik måte at ein ikkje grev seg ned i desse massane. Det er teknisk mogeleg å byggje ein slik veg for midlertidig massetransport, men det er ikkje dei tekniske utfordringane som er avgjerande i vurderinga, men tilhøve knytt til trafikktryggleik. 9 Avkjørsler frå Skeievegen. Det er to avkøyrsler frå Skeievegen; avkjørsel til parkeringsplass for Hordnesskogen og avkøyrsle til Stavollen Idrettspark. Dersom massetransporten til Hordnesskogen skal komme hit, vil det føre til to nye avkjørsler. Grunnen til at Statens vegvesen har avvist forslaget om alternativ tilkomst ved Bjarghallen er at ein då kjem i konflikt med alle dei som brukar Skeievegen, både frå nord og sør for å bruke hallen, banene og ikkje minst Hordnesskogen på ettermiddag og kveld. Det skal i tillegg foregå mykje anleggsarbeid i forbindelse med utbygging av Skeievegen og utviding av parkeringsplassar for turgåarar i Hordnesskogen. 12
Skeievegen er i dag ein veg med blanda trafikk. Bergen kommune skal byggje gang/sykkelveg og heve vegen. Det er ikkje avklart når dette skal skje, men Statens vegvesen skal levere tunnelstein frå utbygginga av E39 så vi forutset at det skjer tidlig i anleggsperioden. Forslag til ny veg for massetransport Figur 20 Avkøyrsler frå Skeievegen. Statens vegvesen skal utvide parkeringsplassen som del av tiltaket. 13
Stavollen idrettspark; Bjarghallen og banene Bjarghallen blir brukt av Stend frå kl. 8 15. Steinerskolen er tildelt tid etter lunsj på fredagar. På ettermiddag frå 16 22 blir hallen brukt av idrettslaget med tilbod til barn, unge og vaksne. Banene blir brukt heile ettermiddagen frå 16:30 til 22 av unge og vaksne. Banene og hallen blir brukt av heile nabolaget, Skeie, Kirkevoll og Søråshøgda. Figur 21 Trening på banene vår 2014 http://kxweb.no/portal/public/showcontentcategory.do?id=12621 14
Figur 22 Plan for høsten 2013 i Bjarghallen 15
Trafikktryggleik «Vurderinga må spesielt ta for seg trafikktryggleik v/stend jordbruksskule, Hordnesveien og Bjarghallen, samt risiko knytt til tidlegar avfallsdeponi v/evt. ny trase over FSG.» Statens vegvesen vurderer det framleis slik at å bruke Hordnesvegen er den beste løysinga. Det er spesielt to punkt det har vært fokus på i høve til trafikktryggleik; fotgjengarkryssinga av Hordnesvegen ved avkjøringa til jordbruksskulen og Skeievegen ved avkøyrsla til Stavollen idrettspark. Det er klart at dersom ein vel å bruke Hordnesveien blir Stend mest rørt og dersom ein vel å bygge ny veg ved Bjarghallen blir dei som brukar vegen her mest rørt. Elevane ved Stend er frå 16 år og oppover. Normalt vil dei kunne takla ein trafikksituasjon slik som den vi har i området. Det er ei gruppe elevar med spesielle behov og desse vil kunne ta seg fram i kryssinga av vegen, dei kryssande kan opphalde seg i kryssingspunktet så lenge det er nødvendig. Dei må også i gjeldande situasjon krysse vegen, og planen er å utbetre denne kryssinga. (Sjå punkt1.) Dei som brukar Bjarghallen på ettermiddag og kveld er barn og unge som må orientere seg i eit enda meir komplisert vegsystem enn i dag dersom det kjem to nye avkøyrsler. Det har kome fram at ein ynskjer gangbruer eller bru for anleggstrafikken. Det vil bli kostbart å byjjge ei bru for anleggstrafikk når det finst alternativ som ikkje har slike kostnadar. Vi ser det som meir tjenleg å bruke midlar på permanente tiltak som vil fungere for alle òg etter at massetransporten er ferdig. Tiltaka langs Skeievegen og Hordnesvegen vil gi ei heving av trafikktryggleiken i området, og den nye parkeringsplassen vil føre til at det blir mindre parkering langs Skeievegen. 16
Svar på same sak i samband med reguleringsplanen. 17
18