Sakshandsamar: Heidi Sandvik Vår dato Vår referanse Telefon: 57643151 17.11.2016 2016/3789-421.4 E-post: fmsfhsa@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 25.10.2016 Sogndal kommune Postboks 153 6851 Sogndal Fråsegn til mindre endring av reguleringsplan for Myradn i Sogndal kommune Vi viser til oversending dagsett 25.10.16. Reguleringsplanen for Myradn er vedteken i 2008 og området er i hovudsak regulert til kontor/forretning og industri. Endringa går ut på å innarbeide føresegner som opnar for masseuttak i området fram til juni 2020. Målet med masseuttaket er å klargjere området til byggjeføremåla i planen, og kommunen vurderer derfor endringa til å vere ei mindre endring av reguleringsplanen. Innan dei fire åra skal området vere opparbeidd og klargjort til å kunne nyttast til kontor/forretning og industri. Det er føreslege lagt inn driftstider i føresegnene, frå klokka 07 om morgonen til kl. 18 måndag til torsdag og til kl. 16 på fredagar. Vi viser til det som er sagt om mindre endringar under spørsmål og svar i lovkommentaren til plandelen i plan- og bygningsloven på www.regjeringen.no: "Med mindre endringer menes endringer som ikke går ut over hovedtrekkene i plan på en måte som forutsetter full medvirkningsprosess. Endringen kan ikke ha nevneverdig betydning for noen berørte parter eller interesser. Mindre endringer omfatter ikke innføring av nye eller fjerning av arealformål eller hensynssoner. Derimot vil en justering av grensene mellom to formål kunne anses som en mindre endring. Som mindre endring kan man også justere byggegrenser, frisiktsoner og lignende. Forenklet sagt kan man gjøre justeringer i det som allerede ligger inne i planen, men ikke innføre nye elementer". I forarbeidet til 12-14 i plan- og bygningslova står det at Dersom det foreligger innvendinger til endringene fra berørte myndigheter eller private, vil ikke endringene kunne anses som «mindre». Da vil saken måtte behandles som vanlig reguleringsendring. Kommunen må såleis vurdere om endringane kan sjåast på som «mindre» ut frå kva innspel kommunen mottek. Sjølv om massetaket er tenkt som tiltak for å få opparbeidd og klargjort arealet til regulert føremål, vil endringa føre til ein anna arealbruk i ein periode på tre til fire år. Miljøulempene i samband med masseuttak er ofte store t.d. når det gjeld støy, støv og som følgje av tungtransport til og frå verksemda. Det er uklart om det er aktuelt med steinknusing i området. Eventuell knusing av steinmassar er ein aktivitet som er særleg støyande, og kan høyrast på lange avstandar. Det er viktig at miljøkonsekvensane er godt kjende og arealbruken grundig vurdert før ein opnar for masseuttak. Vi vil her understreke at kommunen har ansvar for å sikre tilfredsstillande støy- og støvtilhøve i si arealplanlegging etter plan- og bygningslova. Det går ikkje fram om det er gjort støyvurderingar for masseuttaket. Kommunen må vurdere om miljøkonsekvensane og omsynet til nærmiljø og kringliggjande busetnad er godt nok vurdert og ivareteke til at saka kan handsamast som mindre Telefon 57 64 30 00 Organisasjonsnummer N-974 763 907 Nettstad fylkesmannen.no/sfj E-post fmsfpost@fylkesmannen.no Besøksadresse Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Postadresse Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/2 endring. Dersom tiltaket kan få negative verknader for nærmiljøet i form av t.d. støy- og støvplager, auka tungtransport m.m., kan det tilseie at planen ikkje kan handsamast som mindre endring. Vi minner om at kommunen har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at samfunnstryggleiken vert ivareteken i alle planar etter plan- og bygningsloven. Det er krav om risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) ved utarbeiding av planar for utbygging, jf. pbl. 4-3. Ved endring av eksisterande planar må ROS-analysen oppdaterast. Ved endring av ein eksisterande reguleringsplan, er det tilstrekkeleg å gjera ei ROS-analyse for dei nye tiltaka som planen legg til rette for. Dersom det tidlegare ikkje er gjennomført ROS-analyse for arealbruksføremåla, rår vi kommunen til klart å stille krav om at det vert gjennomført også for desse. Vi viser til punkt 13 om samfunnstryggleik og beredskap på side 9 i skrivet Fylkesmannen sine merknader til oppstart av reguleringsarbeid som de òg finn under Plan og bygg < Arealforvaltning. Kopi av skrivet ligg ved. Her er det sagt litt om krava til innhald og metodikk ved ROS-analysen. Med helsing Dag Endre Stedje seniorrådgjevar Heidi Sandvik seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift. Kopi pr. e-post: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Kaupanger Næringsforening Skarpeteigvegen 1 6854 Kaupanger 09.11.2016 Sogndal kommune Gravensteinsgata 17 6856 Sogndal Høyringsframlegg Mindre endring av detaljreguleringsplan for Myradn Ei arbeidsgruppe for Kaupanger Næringsforening har skissert moment i høve kommunens endring av detaljreguleringsplan for Myradn. Det er behov for meir tilrettelagt næringsareal på Kaupanger, og det er i så måte viktig å få utvikla denne delen både i høve grunn og reguleringsplanar. Samstundes er K N oppteken av at det føreligg reguleringsplanar som er fleksible og forutsigbare, og gir rom for å utvikla næringsområdet positivt og gi ei effektiv arealutnytting også i høgd a med samlokalisering. Når det gjeld delen av næ ringsområdet som er naturleg for handel mot sluttkundar (visuelt frå RV5 ), må det fjern ast diffuse avgrensingar som t.d. utanomhus lagring. All type arealkrevjande handel (bilbasert) må vere godteke på Kaupanger. Eit konkret eksempel er reguleringsplanen for GBNR 105/2, Myradn, der det kan bli tolka slik at ein ikkje kan ha type møbelbutikkar og elektro innanfor reguleringsplanen sine føresegner, bransjar som allereie er etablert med marknadsleiarar. Slike definisjonar e r ei hindring for vekstpotensialet. KN har fleire førespurnader om etableringar, og slike etableringar er opptekne av bransjeklynger. KN meiner at r egulerings planen må endrast og gjerast noko meir fleksibel, i tråd med utviklinga og for å gi tryggleik for investorar. I tillegg må det ikkje vere tvil om at ein kan utnytte kapasitet med å leige ut ledige lokaler til t.d. kontor, frisør, kafè m. m. Det på verkar også investeringslyst og omdisponering av ledige lokaler, og ei investeringskalkyle treng utnytting av l okaler og areal. Målet er å gjere Sogndal ( kommune) som regionsenter sterkare. Endringsforslag til Reguleringsplan for GBNR 105/2, Myradn: Inna n for næringsarealet kan det etablerast arealkrevjande handel. Arealkrev jande handel v ert definert som verksemd med behov for større lagerbehov og store kundeartiklar, og omfatt a r t.d. bil - og byggevarebransjen, hagesenter, møbel, kvite - og brunevarer, bilrekvi sita m.m Vi håpar at dette blir teke omsyn til når reguleringsplanen skal reviderast. Dette er formuleringar som tilsvarande stader i Norge har i høve føringane i nasjonale retningslinjer, ref Indre Østland. Med venleg helsing Kaupanger Næringsforening Tor Arne Ness
Statens vegvesen Sogndal kommune Postboks 1 53 6851 SOGNDAL Behandlende enhet : Saksbehandler / telefon : Vår referanse : Deres referanse : Vår dato : Region vest Hans Erik Buene / 5765581 5 1 6/1 63752-2 1 6/2995-2 1 6.1 1.201 6 U ttale til forslag om mindre endring av detaljreguleringsplan for M yradn - De l av gnr. 1 05 bnr. 2 - Sogndal kommune - H øyringsframlegg Statens vegvesen har ikkje merknader til dei føreslegne endringane. Vegavdeling Sogn og Fjordane Med hilsen Mari Hage Basberg seksjonsleiar Hans Erik Buene Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ingen håndskrevne signaturer. Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost - vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Landsdekkende regnskap Askedalen 4 6863 LEIKANGER Org.nr: 971032081 981 5 Vadsø