Side 1 av 7 Saksframlegg Saksbehandlar: Lars Hustveit, Næringsavdelinga Sak nr.: 15/2225-1 Internasjonal handel med tenester TTIP og TISA forhandlingane. Uttale frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkesrådmannen rår hovudutval for plan og næring til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Sogn og Fjordane fylkeskommunen ber statlege styresmakter om større openheit om TISA- og TTIP-forhandlingane. 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune ber om at representantar for kommunesektoren vert trekt inn i det norske arbeidet med TTIP og TISA og på den måten vert gjevne innsyn. 3. Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjennom saka formulert eit førebels standpunkt/ein førebels posisjon i saka. Denne er formulert i pkt. 3 i saksutgreiinga, jf. punkta A-C. Denne klårgjer synspunkt som fylkeskommunen ber om at vert ivaretekne. Andre dokument som ikkje ligg ved: Det er vist til relevante kjelder som fotnotar i saka. SAKSFRAMSTILLING 1 Innleiing Bakgrunn for at saka vert fremja Hovudutval for plan og næring (HPN) fekk 25. mars lagt fram eit notat med orientering om handel med tenester som tema i pågåande forhandlingar kalla TTIP og TISA. HPN bad då om at det vart lagt fram ei politisk sak for HPN og FU. Føremålet med saka er: Å informere om pågåande forhandlingar om handel med tenester som kan få verknad for regionalt og nasjonalt handlingsrom. Å formulere ein såkalla posisjon; ei førebels vurdering av problemstillingar som er eller kan bli forhandlingstema. Kort om TTIP og TISA Verdas handelsorganisasjon (WTO) har liten framgang i forhandlingane om reglar for internasjonal handel. Det har difor komme initiativ frå pådrivarane for liberalisering.
Side 2 av 7 To viktige initiativ vedkjem Noreg: TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership) mellom EU og USA starta sommaren 2013 og er venta å vare ut 2015. TISA (The Trade in Services Agreement) der 50 land inkludert Noreg deltek. Desse starta etter at representantar for «utolmodige» land i 2011 bad WTO-medlemene om å finne alternative måtar å oppfylle det såkalla Doha-mandatet på. TISA handlar om tenester. TTIP forhandlingane har større breidde og inkluderer handel med tenester. TTIP vert av norske styresmakter vurdert som «i stand til å bli mer vidtrekkende enn TISA». TTIP er relevant for Noreg gjennom vår tilknyting til EU gjennom EØS. Begge forhandlingane er tilpassa WTO-avtalesystemet på den måten at det seinare kan bli «forhandla inn» i WTO. Problemstillingar Saksutgreiinga set søkjelys på to viktige problemstillingar: Om liberalisering av handel med tenester vil få verknad for offentlege tenester; særleg verknaden for tilgang til tenester i utkantsamfunn. Demokratiaspektet; «bordet fangar»-reglar som fører til at det kan bli umogeleg eller svært dyrt: o Å ta tilbake konkurranseutsette tenester til offentlege tenester. o Å forsvare eller reetablere høge standardkrav som vedkjem miljø og helse. Avgrensing Saksframstillinga er i hovudsak avgrensa til handel med tenester og med dette som utgangspunkt problemstillingar knytt til moglege avgrensingar av regionalt og lokalt handlingsrom. Saka har ikkje som føremål å ta opp temaet liberalisering av handelen med tenester i full breidde. Vi berre slå fast at temaet er kontroversielt og at WTO-forhandlingane synest å har køyrt seg fast. Global handel med tenester vert stadig viktigare for verdsøkonomien. Noreg har høgt kostnadsnivå og då er handel med kunnskapstenester viktig. Om å gi innspel i prosessen Då forhandlingane er lukka for fullt innsyn, er saksframstillinga basert på ulike kjelder og med til dels motstridande informasjon. Utgreiinga handlar difor om kva interesser og prinsipp som er viktige å sikre. Fakta er først på plass når forhandlingane er fullførte. Fylkesrådmannen viser til at fleire instansar på dette stadiet gir til kjenne kva interesser som må sikrast. For fylkeskommunen er m.a. viktige vurderingar om TTIP gitt av regionkomiteen i EU (CoR) og notat under arbeid i CEMR (KS er medlem i Council of European Municipalities and Regions). KS har tidleg i april ikkje konkludert når ei sak skal fremjast for hovudstyret (truleg før sommaren). CEMR har planlagt å handsame ei sak i om TTIP politisk før sommaren. Det er mest debatt og informasjon om TTIP. Det kan sjå ut som om TISA forhandlingane kjem noko i bakgrunnen. i Fylkeskommunen har hatt tilgang til eit utkast under arbeid datert april 2015.
Side 3 av 7 2 Nærare informasjon om problemstillingar i TISA- og TTIPforhandlingane som vedkjem tenester Kva er ein frihandelsavtale? Føremålet med frihandelsavtalar er å redusere handelsbarrierar. Tidlegare handla dette om varer. No er avtalane breiare og tek opp tenester, reglar for offentleg innkjøp, vern for investeringar, immaterielle rettar (intellectual property rights), råvarespørsmål og konkurransepolitikk. Konsekvensar av frihandel Land og bransjar vil ha både offensive og defensive interesser m.o.t. eiga konkurransekraft. Hovudbiletet er at dei rike landa og multinasjonale føretak fokuserer på offensive interesser. Generelt fører sterkare konkurranse til spesialisering og konsentrasjon av kapital. TTIP kan ha «til dels omfattende konsekvenser for norske interesser, herunder verdiskaping og næringsstruktur» skriv næringsdepartementet i eit notat 24/3 2014. Kostnadsbarrierar knytt til handel vert reduserte. Regelutvikling, overvaking av regelverket og rettssystem for å sikre rettferdig konkurranse må byggast ut. Standardkrav reduserer verksemdene sitt behov for å ha oversikt over ulike reglar, men kan på den andre sida redusere politisk handlingsrom. Offentlege tenester Tenester vert tilbydde i offentleg regi av ulike grunnar; ofte for å gi eit likeverdig tilbod uavhengig av geografi og inntekt. Mottakaren av tenester vert sett på som medborgar heller enn som kunde. Dynamiske avtalar Kanskje er det dynamikken i avtaleverket (det regulatoriske samarbeidet) som vil vise seg å vere viktigast heller enn detaljane om varer i den første ferdigforhandla avtalen? EØS-avtalen er ein relevant referanse. Innhaldet i denne er noko langt meir i dag enn på det tidspunktet avtalen vart underteikna. Er offentlege tenester inkluderte i forhandlingane? Svara på dette spørsmålet er svært ulike. Skal ein ha innsikt, må ein både finne sikre definisjonar av offentlege tenester og kunne vurdere dynamikken i avtaleverket. KS sin europeiske paraplyorganisasjon CEMR skriv i eit utkast om TTIP at det i dag ikkje er ein klar definisjon av omgrepet offentlege tenester. TISA: Norske styresmakter seier at det ikkje er aktuelt å privatisere offentlege oppgåver. Regjeringa skriv om tenester som er unnatekne forhandlingar m.a. dette: «Tjenester som tilbys av offentlige myndigheter på ikke-kommersiell basis eller som ikke skjer i konkurranse med andre tjenesteleverandører. Dette gjelder f.eks. rettsvesen, forsvar eller trygdetjenester» (https://www.regjeringen.no/nb/tema/utenrikssaker/handelspolitikk/nyhetsbrev1/tisa-forhandlinger/id2341665/) Regjeringa seier eit klart nei til at TISA forhandlingane vil påverke offentlege helse- og utdanningstenester. Forhandlingane vil ikkje tvinge Noreg til å deregulere tenester på lokalt eller regionalt nivå ii. ii https://www.regjeringen.no/nb/tema/utenrikssaker/handelspolitikk/nyhetsbrev1/tisa-forhandlinger/id2341665/
Side 4 av 7 Kritikarane hevdar at definisjonen av kva som er å sjå på som offentlege tenester er svært snever. Det vert vist til at TISA byggjer på definisjonen frå GATS iii : any service which is supplied neither on a commercial basis nor in competition with one or more service suppliers. Det vert hevda at denne definisjonen gir lite vern mot privatisering av offentlege tenester sidan offentlege tenester ofte vert tilbydde i ein mix mellom offentlege og private leverandørar. Fagrørsla v/public Service International (PSI) iv presenterer sterkt kritiske synspunkt til føremålet og moglege konsekvensar av TISA-forhandlingane. Dei legg vekt på dynamikken i denne typen avtalar der det etter deira vurdering blir stadig vanskelegare å motstå press om privatisering. TTIP (omtale avgrensa til tema tenester): I eit administrativt notat frå Nærings- og fiskeridepartementet av 24. mars 2014 er desse tema drøfta nærare (avsnitt 6.4-6.13): Fri rørsle av personar for å levere tenester Godkjenning av yrkeskvalifikasjonar Maritim transport Telekommunikasjon Finansielle tenester Energitenester Audovisuelle tenester Miljøtenester Helsetenester Investeringar Offentlege innkjøp Immaterialrett (IPR) Beskytte data Elektronisk handel Handel og berekraftig utvikling Konkurranse og openheit Kapitalstraumar og betalingar Skatt. KS sine europeiske søsterorganisasjonar inkluderer typiske kommunale tenester som forsyning av drikkevatn, avløpstenester, offentleg transport, sosiale tenester, sjukehus og kultur som tema når dei vurderer TTIP. Vidare vurderer dei harmonisering av innkjøpsregelverk som mogleg avgrensande for lokale og regionale styresmakter med omsyn til å setje standardar innan helse, arbeidsvilkår og miljø. Vidare er dei opptekne av at sterkare juridisk vern av interessene til investorar, kan stå i strid med interessene til lokale og regionale styresmakter. I eit utkast under arbeid v frå CEMR kjem tvilen fram slik: CEMR helsar velkommen felleserklæringa frå forhandlarane om at EU and US trade agreements do not impede governments ability to adopt or maintain regulations to ensure the high quality of services and to protect important public interest objectives. CEMR sin kommentar i utkastet er: This commitment must now be strengthened within the actual TTIP text, which must go further and provide a horizontal exemption for all public services ( slik at dei...) are clearly excluded from the negotiating mandate. iii GATS er del av WTO forhandlingane som handlar om tenester iv Kritisk artikkel frå PSI: http://www.world-psi.org/en/psi-special-report-tisa-versus-public-services v Utkastet Draft Position Paper April 2015
Side 5 av 7 I det vidare er vurderingane i hovudsak knytt til informasjon om TTIP. TISA vert vurdert som sannsynleg mindre vidtrekkande av Fiskeri- og handelsdepartementet (notat 24.03.14). Nærare om problemstillingar som vedkjem fylkeskommunen Redusert nasjonal påverknad TTIP avtalen kan redusere vår påverknad av regelutforminga i EU sidan EU i større grad må utvikle regelverk i dialog med USA. Mange av reglane set rammer for kommunalt og fylkeskommunalt handlingsrom. Redusert lokalt og regionalt handlingsrom til å setje standardar Regelverk kan redusere handlingsrommet lokalt: Høvet vi har til å definere sosiale standardar og miljøstandardar i anbod. Korleis investorane kan bli skjerma mot skjerpa standardkrav. vi Private selskap kan få styrka høve til å saksøke offentlege styresmakter dersom politikk vert endra i ei retning som reduserer verdien av investeringar. «Bordet fangar» Forhandlingane omfattar reglar for å «låse» for framtidige endringar («Frys» og «skralle»-klausulane). Slik kan forhandlingsresultatet påverke folkestyret ved at irreversible endringar vert avtalefesta vii. Situasjonen i mange vestlege demokrati er at makta skiftar mellom regjeringar med ein agenda for privatisering og regjeringar med ønskje om å yte tenester i offentleg regi. Organisasjonar som representerer offentleg sektor ber om at forhandlingar må leggje til grunn tilnærminga «positiv opplisting». Det betyr at privatisering berre gjeld det som positivt er sagt skal konkurranseutsetjast. Forhandlingane kan resultere i at alt som ikkje tydeleg er unnateke, vil bli vurdert som opna for konkurranse («list it or loose it» modellen). Sistnemnde modell, som USA har som sitt utgangspunkt, er svært krevjande sidan ei teneste kan splittast opp i fleire element. I eit utkast under arbeid i KS sin paraplyorganisasjon CEMR ber ein kort og godt om at alle offentlege tenester vert tekne ut av avtalen. Tilgang til tenester i utkantstrøk Denne problemstillinga er lite framme i ordskiftet. Regionkomiteen i EU uttalar følgjande 12. februar 2015 om TTIP viii : Komiteen «understreger behovet for at indsamle, analysere, evaluere og forvalte omfattende og sammenligneligt datamateriale med henblik på at kunne forudsige og påvise TTIP's virkning på regionalt, kommunalt og lokalt niveau, idet man bør være særlig opmærksom på regionerne i den yderste periferi.» Temaet likeverdig tilgang til tenester i ulike delar av landet kan illustrerast med FU-sak 5/2015. FU handsama då utkast til ny postlov basert på EU sitt tredje postdirektiv. FU vi Det er ikkje gitt at investor-stat tvisteløysinga (ISDS) vert teke inn i EØS-avtalen vii UD informerer slik. «For eksempel har Norge et krav om fast bosted for daglig leder i en bedrift etablert i Norge. Dette har Norge i åpningstilbudet gjort gjenstand for skralle. Dersom dette kravet fjernes fra norsk regelverk, vil skrallen fange dette opp, og kravet vil ikke kunne gjeninnføres.» https://www.regjeringen.no/nb/tema/utenrikssaker/handelspolitikk/nyhetsbrev1/tisa-forhandlinger/id2341665/ viii https://toad.cor.europa.eu/corworkinprogress.aspx og sett inn i søkjefeltet opinion no. 5385, year 2014. Her finn du dansk versjon av regionkomiteen si fråsegn
frykta at konsekvensen ville gjere det vanskelegare å behalde den næringslivs- og busettingsstrukturen vi har i dag. Side 6 av 7 Krav om opnare informasjon og offentleg debatt Fleire meiner at prosessen er uakseptabelt lukka. The European Social and Economic Committee (EESC), som representerer det sivile samfunnet i Europa, har bedt om større openheit. EU sin ombudsmann skal i følgje media ha uttalt at tilgjengeleg informasjon er på eit alt for overordna nivå. Den austerikske organisasjonen for byar viser til konstitusjonell rett til å bli informert om alle EU-saker som vedkjem sitt ansvarsområde og seier at mangel på informasjon og openheit er heilt uakseptabel. I eit utkast under arbeid i KS sin europeiske paraplyorganisasjon CEMR er eit hovudpoeng at lokale og regionale styresmakter vert tekne meir direkte med som partnarar i forhandlingane Både CEMR og Regionkommiteen i EU insisterer på at makta til regionale og lokale styresmakter ikkje må bli svekka som følgje av nytt avtaleverk. Også regionkomiteen ønskjer å bli kopla betre på arbeidet med avtalen. Regionkomiteen utelukkar ikkje at avtalen i enkelte medlemsland også kan føresette formell tilslutting frå «kamre, der repræsenterer det regionale niveau» 3 Standpunkt/posisjon Punkta som følgjer er forma som «ein posisjon»; dvs. interesser som fylkeskommunen bør formidle til norske styresmakter og som kan brukast i vårt arbeid i KS og i ulike internasjonale organisasjonar. A. Sogn og Fjordane fylkeskommune ber norske styresmakter presse på for større openheit om forhandlingane. På kort sikt er det viktig å få innsyn i kva tenester det vert forhandla om. På lang sikt er det viktig å kunne vurdere dynamikken i avtalane. Større openheit er viktig for å sikre allmenn debatt. Noreg er direkte part i TISAforhandlingane. Noreg er ikkje direkte part i TTIP, men kan delta i debatten gjennom internasjonale organisasjonar. TTIP vil påverke oss gjennom EØS avtala. Forhandlingane vedkjem tenester som kommunesektoren har ansvar for. Fylkeskommunen ber difor om at regjeringa organiserer rådgjevande grupper som får fullt innsyn og der representantar for fylkeskommunane/ks får delta. B. Sogn og Fjordane fylkeskommune ber nasjonale styresmakter, KS og ev. internasjonale samarbeidsorganisasjonar om å arbeide for: At tenester av allmenn interesse (som er det mest relevante EU-omgrepet) ikkje vert inkluderte i forhandlingane. Nasjonale, regionale og lokale styresmakter sin rett til å velje korleis tenester som vassforsyning, avløp og renovasjon, offentleg transport, sosiale tenester, helsetenester, undervisning og liknande skal organiserast. Og med det folkevalde sitt høve til å reversere uønskt privatisering og/eller uønskte låge standardkrav vert sikra.
Side 7 av 7 At reglar for å beskytte investorar ikkje svekker lokale og regionale styresmakter sitt høve til å arbeide for legitime politiske mål (som t.d. å sikre viktige miljøinteresser og ressursar). At standardar knytt til helse, miljø og arbeidsvilkår ikkje vert svekka som følgje av harmoniserte handelsreglar (t.d. i reglar for anbod). At prinsipp om likeverdig tilgang til tenester i utkantsamfunn ikkje vert svekka som følgje av harmoniserte handelsreglar. C. Sogn og Fjordane fylkeskommune ber om at følgjande vert følgt opp av norske styresmakter: Handelsavtalane må analyserast grundig i høve eventuelle konsekvensar for distriktssamfunna slik mellom anna regionkomiteen i EU påpeikar når det gjeld TTIP.