Pedagogisk plattform for biblioteket, Høgskulen i Sogn og Fjordane For betre forsking og undervisning Tett på forskar og student Juni 2015 Side 1
Innhold 1. Målet med ei pedagogisk plattform... 3 2. Mål og vilkår for HiSF-biblioteket si pedagogiske verksemd... 3 3. Bakgrunn... 3 3.1 Organisering av den pedagogiske verksemda ved HiSF-biblioteket... 3 3.2 Omfanget av den pedagogiske verksemda ved HiSF-biblioteket... 4 3.3 Kompetanse innan litteratursøking og kjeldebruk... 5 4. Styringsdokument... 5 4.1 HiSFs strategiplan... 5 4.2 Kvalifikasjonsrammeverket... 6 4.3 Studieplanar... 6 5. Teoretisk forankring... 6 6. Prioriteringar... 7 Samandrag Pedagogisk plattform for Bibliotektenesta i HiSF set den pedagogiske verksemda som går føre seg i biblioteket, inn i ein teoretisk samanheng og peikar på mål for denne verksemda. Planen seier noko om kva kompetanse studentane har i dag og skisserer korleis biblioteket bidreg til studentane si læring og til dei fagtilsette sitt fou-arbeid. Planen legg opp til desse hovudprioriteringane: 1. Rettleiing i førstelinjetenesta 2. Undervisning 3.-års-bachelorstudentar 3. Undervisning masterstudentar 4. «Lån ein bibliotekar», rettleiing for tilsette 5. Undervisning i EndNote (masterstudentar og tilsette) 6. Undervisning 1.-års-studentar 7. «Lån ein bibliotekar», rettleiing for studentar 8. Utvikling og bruk av digitale læringsressursar Side 2
1. Målet med ei pedagogisk plattform Målet med ei pedagogisk plattform for bibliotektenesta i HiSF er: - å utvikle ein plan for når og på kva måte bibliotekets undervisningstilbod kjem inn i dei ulike utdanningane - å prioritere ressursar - å informere fagtilsette om kva dei kan forvente frå biblioteket - å utvikle eit felles pedagogisk grunnsyn i biblioteket 2. Mål og vilkår for HiSF-biblioteket si pedagogiske verksemd Biblioteket skal bidra til at studentane når dei læringsmåla som studieplanane strekar opp Biblioteket skal medverke til at studentar og fagtilsette utviklar sin informasjonskompetanse og kritiske haldning til kunnskapskjelder basert på «hjelp til sjølvhjelp» Eit vilkår for å nå desse måla er at utdanningane har studieplanar og gjev oppgåver som krev at studentane regelmessig må søke fram, vurdere og bruke vitskaplege publikasjonar og andre relevante informasjonskjelder. Michelle Twait (2005) sitt arbeid syner at studentane må vere godt kjende med ein type kjelder før dei kan bruke desse på ein god måte i oppgåvene sine. I evalueringsprosessen vil studenten også oppnå ein meirverdi dersom han har fått del i biblioteket si pedagogiske verksemd. 3. Bakgrunn 3.1 Organisering av den pedagogiske verksemda ved HiSF-biblioteket Pedagogisk verksemd som eige funksjonsområde I rullerande handlingsplan for HiSF-biblioteket er pedagogisk verksemd lagt inn under funksjonsområde 1: «Publikumstenester / Pedagogisk verksemd». Den organiserte undervisninga kan sjåast i samanheng med den individuelle rettleiinga studenten får i biblioteket si førstelinjeteneste. Møte med brukaren skal ha eit pedagogisk preg og det er eit mål at studentar og tilsette skal bli sjølvhjelpne i informasjonssøkeprosessen. Samstundes er det viktig at brukaren opplever bibliotektenesta som eit lågterskeltilbod. Ein av bibliotekarane har eit hovudansvar for å arbeide med utvikling av bibliotekets pedagogiske arbeid. Dette inneber eit ansvar for å sjå samla på området, og å gje støtte og bidrag inn i det pedagogiske arbeidet som bibliotekpersonalet elles utfører. Kontaktbibliotekarrolla Bibliotektenesta i HiSF har organisert undervisningsaktiviteten rundt kontaktbibliotekarrolla. Kvart institutt i HiSF har ein kontaktbibliotekar. Denne har eit hovudansvar for rettleiing og undervisning for studentar og tilsette ved dette instituttet. Side 3
Innhald i undervisninga Kontaktbibliotekaren gjennomfører undervisning for studentgrupper etter førespurnad frå og i samarbeid med faglærarar. Undervisninga skjer på campus eller desentralisert. Innhaldet i undervisninga varierer etter kva behov faglærar skisserer og etter kva studium og nivå studentane er på. Døme på innhald: - Søking etter bøker, artiklar og elektroniske ressursar i norske databasar - Søking etter bøker, artiklar og elektroniske ressursar i internasjonale databasar - Å finne vitskaplege/fagfellevurderte artiklar - Kjeldekritikk - Litteraturlister og referanseteknikkar Undervisninga skjer oftast i datalab der studentane får høve til å arbeide med litteratursøking inn mot eiga oppgåve. Å gjere studentane kjent med det fysiske biblioteket (korleis bruke utlånsautomatane, korleis finne ei bok på hylla m.m.) er ofte ein del av undervisninga. «Lån ein bibliotekar» Studentar og tilsette kan bruke tenesta «Lån ein bibliotekar». Brukaren fyller ut eit nettbasert skjema der han fortel om kva type oppgåve han skal gjennomføre, kva problemstillinga er og kva litteratursøking han har gjort fram til no. Førespurnaden går til kontaktbibliotekaren som tar kontakt med brukaren og avtalar tid for rettleiing. Rettleiing Brukaren kan også vende seg til førstelinjetenesta med liknande behov. Oftast får brukaren rettleiing av bibliotekaren med ein gong. Ved meir omfattande rettleiings- eller søkjebehov vert det gjort avtale med kontaktbibliotekaren. EndNote HiSF har institusjonslisens på EndNote (verktøy for handtering av referansar og litteraturlister) og biblioteket har ansvar for å gje hjelp til å kome i gang med programmet ved personleg rettleiing eller i grupper. Dette skjer på førespurnad eller etter initiativ frå biblioteket. Digitale læringsressursar Biblioteket tilbyr også digitale læringsressursar som pedagogisk verkemiddel. Desse er tilgjengeleg 24/7 og vert også nytta som supplement i undervisninga. Andre ynskje På førespurnad tek også biblioteket andre presentasjonar, til dømes om forskingsregistrering i CRIStin eller rettleiing i høve open publisering. 3.2 Omfanget av den pedagogiske verksemda ved HiSF-biblioteket Utdrag frå statistikk for 2014: Tal kurs Tal kurs Tal timar Tal deltakarar Bachelor: 101 162 1497 Master: 13 20 187 Personleg rettleiing: 159 137 175 Totalt: 273 319 1859 Side 4
Tida biblioteket brukar på undervisning og rettleiing har vore aukande og tilsvara i tal arbeidstimar om lag 1 årsverk i 2014. HiSF si satsing på forskingsbasert undervisning fører til auka forventningar til læringsstøtte frå biblioteket. Det er store skilnader mellom dei ulike utdanningane i kva omfang dei spør etter desse tenestene frå biblioteket. Biblioteket opplever størst pågang frå dei helse- og sosialfaglege utdanningane ved IBSV, sjukepleie og idrett. Vi ser ein samanheng mellom kva krav som blir stilt til studentane i arbeidet med bacheloroppgåver og andre oppgåver når det gjeld bruk av databasar, kjelder og kjeldehandtering, og behovet for undervisningsopplegg frå biblioteket. Det er også stor etterspurnad frå fagtilsette etter rettleiing i samband med litteratursøking til eige FoU-arbeid. 3.3 Kompetanse innan litteratursøking og kjeldebruk Studentar Bibliotektenesta har i samband med prosjektet «Hva lærer de?» gjennomført ei spørjeundersøking blant fagtilsette der målet var å få inn kunnskap om korleis faglærarar opplever studentane sin kompetanse innan informasjonssøking, bruk av kjelder og handtering av referansar, samt deira oppfatningar om korleis biblioteket bidreg til denne kompetansen. Iflg. undersøkinga har studentane låg kompetanse når dei startar som studentar ved HiSF, og bibliotektenesta sitt arbeid med å utvikle denne kompetansen vert vurdert som svært viktig. Undersøkinga viser kor viktig det er med eit tett samarbeid mellom bibliotek og faglærarar på dette feltet. Faglærarane meiner at studentane utviklar kompetansen sin gjennom arbeidet med skriftlege oppgåver og oppgjev at dei har studenten sin bruk av kjelder som ein del av karaktergrunnlaget når dei vurderer skriftlege arbeid. Bibliotektenesta har også gjennomført ein siteringsanalyse av bacheloroppgåver ved Institutt for idrettsvitskap, Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie, Institutt for økonomi og administrasjon og Institutt for sjukepleievitskap. Talet på kjeldetilvisingar, kva type kjelder studentane refererer og i kor stor grad vitskaplege kjelder vert sitert, gir kunnskap om studentane sin kompetanse innan litteratursøking og kjeldebruk. Undersøkinga viste at studentane treng betre kompetanse på dette området. Samtidig syner undersøkinga at det er store skilnader mellom dei ulike institutta når det gjeld kva type publikasjonar som vert sitert. Fagtilsette Dei fagtilsette ved HiSF treng også å vidareutvikle informasjonskompetansen sin. Det er grunn til å tru at dette behovet aukar i tida framover og i takt med høgskulen si sterke satsing på FoU og publisering. 4. Styringsdokument Strategisk plan 2014-2018 for HiSF, nasjonalt kvalitetsrammeverk og studieplanar for dei ulike utdanningane er sentrale styringsdokument for undervisningsverksemda i høgskulebiblioteket. 4.1 HiSFs strategiplan Biblioteket bidreg sterkt til at studentane lukkast med studia sine, både gjennom å leggja til rette for gode læringsarenaer, gjennom den faglege samtalen som oppstår i rettleiings- og søkeprosessar og Side 5
gjennom den formaliserte undervisninga som fagansvarlege organiserer saman med kontaktbibliotekaren. Alle bibliotekarane ved HiSF har høg kompetanse på litteratursøking, mange har vidareutdanning innan pedagogikk, nokre har kompetanse på masternivå. Bibliotekets innsats byggjer direkte opp under mål i Strategisk plan 2014-2018 for HiSF. 4.2 Kvalifikasjonsrammeverket Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (Kunnskapsdepartementet, 2009) fokuserer på læring heller enn på undervisning. Kvalifikasjonsrammeverket inneheld fleire formuleringar som syner koplingar til bibliotekets undervisningsaktivitet. Mellom anna vert det forventa at «Kandidaten..kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser en problemstilling» og at han «kjenner til forsknings- og utviklingsarbeid innenfor fagområdet» (Kunnskapsdepartementet, 2009, nivå 6, om Bachelorkandidaten, s. 26). 4.3 Studieplanar Høgskulebiblioteket har arbeidd for at formuleringar om læringsutbyte knytt til informasjonssøking og kjeldevurdering skal inn i studieplanane. Det varierer mykje mellom utdanningane i kva grad dette er gjort. Dei fagansvarlege med ansvar for studias innhald må ta ansvar for at studenten får tilbod om undervisning i informasjonskompetanse. 5. Teoretisk forankring Bibliotekarane skal ha ei felles grunnhaldning som byggjer på fylgjande prinsipp: - Læring skjer ikkje som ei overføring av kunnskap frå bibliotekar til student - Læring skjer i stor grad situert, dvs. knytt opp mot ein bestemt person i ein bestemt situasjon (Dysthe, 2001; Pettersen, 2005). - Informasjonskompetanse omfattar evna til å forvandle informasjon til meiningsfull kunnskap. Ein student vert informasjonskompetent når han har lært seg korleis ein kommuniserer og handlar innanfor dei sosiale fellesskap han deltek i (Tuominen, Savolainen, & Talja, 2005). - Undervisning i informasjonssøking må utformast ut frå den særskilde konteksten for å bli meiningsfull og for å bidra til utvikla informasjonskompetanse. - Undervisningsopplegg må planleggjast i samarbeid med faglærar og integrerast i studentane sine faglege opplegg. Slik kan undervisninga bli oppfatta som relevant og meiningsfull og bidra til læring. - Bibliotekaren tilpassar innhald og form på undervisninga etter faget og studentgruppa. - Studenten sin eigenaktivitet er viktig og bibliotekaren brukar helst aktive undervisningsformer (Bjørke, 2006) - Bibliotekaren trekker gjerne inn digitale læringsressursar i undervisning og rettleiing - Bibliotekaren skal regelmessig gjennomføre evaluering av undervisninga si Side 6
6. Prioriteringar Dette avsnittet inneheld eit oversyn over biblioteket sitt tilbod spesifisert med målgruppe og med kva krav bibliotektenesta stiller til brukar / faglærar. Oversynet er ordna i prioritert rekkjefølgje. Prioritet Type undervisning / Rettleiing 1. Rettleiing ved direkte spørsmål til førstelinjetenesta Målgruppe Mål & Innhald Krav til brukar / faglærar Alle primærbrukarar (dvs. studentar og tilsette ved HiSF) Styrt av brukaren sitt spørsmål og behov. 2. Undervisning 3.-års-studentar (bachelor) Vert bestemt i samarbeid med faglærar, men kan vere ein kombinasjon av moment som: - Litteratursøking i norske ressursar - Litteratursøking i internasjonale ressursar - Søkeord og søketeknikk - Å finne fagfellevurderte publikasjonar - Kjeldekritikk - Litteraturlister Oftast 2 timar 3. Undervisning Masterstudentar Vert bestemt i samarbeid med faglærar, men kan vere ein kombinasjon av moment som: - Litteratursøking i norske ressursar - Litteratursøking i internasjonale ressursar - Søkeord og søketeknikk - Å finne fagfellevurderte publikasjonar - Kjeldekritikk - Litteraturlister - EndNote Oftast 2 timar - Tett samarbeid med faglærar - Integrert i fagleg undervisning, det betyr at faglærar krev at studentane skal søke og bruke litteratur utover pensumlitteraturen og at kjeldebruk vert vektlagt ved vurdering. - Tett samarbeid med faglærar - Integrert i fagleg undervisning, det betyr at faglærar krev at studentane skal søke og bruke litteratur utover pensumlitteraturen og at kjeldebruk vert vektlagt ved vurdering. Side 7
4. «Lån ein bibliotekar» for tilsette, dvs. førebudd rettleiing på direkte førespurnad til kontaktbibliotekar Tilsette Styrt av brukaren sitt spørsmål og behov. Som regel innafor databasesøking eller bruk av EndNote. -Brukaren har prøvd ut ein del søk allereie og må gjere greie for kva han har gjort -Brukaren må vere budd på at det kan vere inntil to vekers ventetid på denne tenesta 5. Undervisning, EndNote Masterstudentar og tilsette Hjelp til å ta i bruk EndNote Noko kunnskap om søk i databasar 6. Undervisning 1.-års-studentar Vert bestemt i samarbeid med faglærar, men kan vere ein kombinasjon av moment som: - Bli kjent med bibliotektenesta - Litteratursøking med hovudvekt på norske ressursar - Litteraturlister - Kjeldekritikk - Søkeord og søketeknikk Oftast 1-2 timar 7. «Lån ein bibliotekar» for studentar, dvs. førebudd rettleiing på direkte førespurnad til kontaktbibliotekar Studentar Styrt av brukaren sitt spørsmål og behov. Som regel innafor databasesøking eller bruk av EndNote. 8. Digitale læringsressursar Alle - Bibliotektenesta ønskjer å utvikle fleire digitale læringsressursar. - Bibliotektenesta rår over avgrensa ressursar. Digitale læringsressursar kan erstatte og supplere annan undervisning særleg når studentane har mindre oppgåver utan særskilte krav til kjeldebruk. Tett samarbeid med faglærar -Brukaren har prøvd ut ein del søk allereie og må gjere greie for kva han har gjort -Brukaren må vere budd på at det kan vere inntil to vekers ventetid på denne tenesta Side 8
Litteraturliste Bjørke, G. (2006). Aktive læringsformer: handbok for studentar og lærarar i høgre utdanning. Oslo: Universitesforl. Dysthe, O. (2001). Sosiokulturelle teoriperspektiv på kunnskap og læring. I O. Dysthe (Red.), Dialog, samspel og læring (s. 33-72). Oslo: Abstrakt forl. Kunnskapsdepartementet. (2009). Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Henta 28.04.2015 frå https://www.regjeringen.no/contentassets/e579f913fa1d45c2bf2219afc726670b/nk r.pdf Pettersen, R. C. (2005). Kvalitetslæring i høgere utdanning: Innføring i problem- og praksisbasert didaktikk Oslo: Universitetsforlaget. Tuominen, K., Savolainen, R., & Talja, S. (2005). Information literacy as a sociotechnical practice. The library quarterly, 75(3), 329-345. Twait, M. (2005). Undergraduate Students' Source Selection Criteria: A Qualitative Study. The Journal of Academic Librarianship, 31(6), 567-573. doi: 10.1016/j.acalib.2005.08.008 Side 9