Åkerfallet; øvre teig i Tingvoll kommune Rapport om ein slåtteenglokalitet. Folden grønt og plan
Slåttemarksteigen på oversida av husa på Åkerfallet blei besøkt noko tilfeldig i oktober 2014. Det var då ikkje tilhøve som kunne seie så mykje om denne enga, bortsett frå at grasdekket var såpass tynt at det truleg ikkje har vore gjødsla noko større, i alle fall øvst på teigen. Teigen blei oppsøkt på nytt ved fleire høve sommaren 2015. Karplantefloraen på denne enga må vere mellom dei rikaste i Tingvoll kommune. Når det gjeld førekomst av brudespore og marinøkkel er det nok berre slåttemarkslokalitetane på Aksneset og Ildritrøa som til ein viss grad kan samanliknast. Det står att å sjå kva kvalitet enga har når det gjeld beitemarksopp. Hausten 2015 var det dårlege tilhøve for å kunne vurdere dette. Fylkesmannen i Møre og Romsdal blei orientert om dei kvalitetane som blei funne. Folden grønt og plan fekk så i oppdrag å gjere ei enkel kartlegging, slik at det kan opprettast ein naturtypelokalitet for slåtteenga. Tingvoll, den 27.11.2015 Øystein Folden Framsidebiletet: Foto 11.07.2015, Øystein Folden. Tunet på Åkerfallet ligg sentralt i biletet. Til høgre i bakgrunnen ser vi Hafstadvatnet. Biletet er tatt frå øvre del av lokaliteten, der mellom anna brudespore og marinøkkel finst spreidd overalt.
Tingvoll: IID (Naturbase-nr.): Posisjon: Naturtype: Utforming: Verdi: Moglege trugsmål: Undersøkt: Avgrensingspresisjon: Totalareal: Åkerfallet; øvre teig NY A=467 470 N=6 966 800 (WGS84 UTM32) Slåttemark (D01) Fattig slåtteeng (D0126) A (Svært viktig) Fysiske inngrep, opphør av slått, gjødsling 27.6.2015 og 11.07.2015 av Øystein Folden. <10 meter 4,6 dekar Områdeskildring: Innleiing: Skildringa er skriven av Øystein Folden 17.11.2015. Etter oppdrag frå Fylkesmannen har Øystein Folden, for Folden grønt og plan, gjort ei undersøking av lokaliteten for å dokumentere at det er ei slåtteeng som framleis har høg verdi. Lokaliteten blei første gong oppsøkt 5.10.2014. Då var marka frosen og vissen, men vegetasjonen var såpass tynn at potensialet var vurdert positivt, og lokaliteten blei oppsøkt på nytt 27.6.2015 og 11.7.2015. Alt den 6.5.2008 blei det gjort nokre registreringar av framande artar i tunet på Åkerfallet. Plassering og naturgrunnlag: Åkerfallet ligg heilt søraust i Tingvoll kommune, sørvendt i lia aust for Hafstadvatnet, kring 260 moh. Det er no stort sett planteskog av gran rundt lokaliteten, bortsett frå i nerkant der ein har tunet og vegen. Det har truleg vore furuskog eller edellauvskog der granskogen står no, truleg også noko kulturmark. Berggrunnen består av gneisar, uinndelt (hovudsakeleg deformerte djupbergartar av mellomproterozoisk alder, ca 1700 mill år), granittiske til granodiorittiske gneisar, banda eller sterkt migmatittiske gneisar. Lausmassekartet fortel om tjukk morene i området. (www.ngu.no). Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Arealet utgjer ein del av innmarka på Åkerfallet. Arealet har lenge vore slått, og det er ingen tvil om at det er tale om semi-naturleg eng med hevdform slått. I den grad det er kalkpåverknad, er denne liten. Utforming fattig slåtteeng er vald. Det finst noko som har trekk av tørrbakke, men dette skuldast helst uttørring og utarming av nærliggande granskog på oversida. Ein mindre flekk kan vere noko fuktigare, men dette skuldast truleg skuggeverknad av ei svært stor europalerk. Etter Fremstad 1997 er dette frisk fattigeng, vanleg utforming, G4a. Artsmangfald: Artslista inneheld 58 artar, medrekna framandartane som er særskild nemnt rett utanfor lokaliteten. Det blei mellom anna funne blåknapp, brudespore, grov nattfiol, gulaks, harerug, hårsveve, jonsokkoll, kjertelaugnetrøyst, kvitmaure, marinøkkel, prestekrage, raudknapp, skogmarihand, smalkjempe småengkall, storblåfjør og tepperot. Store mengder både av brudespore og marinøkkel spreidd utover ein stor del av lokaliteten tyder på at dette er ein av dei mest verdifulle slåttemarkslokalitetane i Tingvoll. Bruk, tilstand og påverknad: Åkerfallet er nemnt tilbake til 1643. Frå 1769 var det ikkje busetting på bruket, men innmarka blei brukt som seter fram til kring 1860 då det på nytt blei busetting på Åkerfallet. I 1865 var det 2 hestar og 8 kyr på bruket, og det blei avla noko korn. I den seinare tida har heile arealet vore slått årleg i alle fall til og med 2006. Graset har vore tørka på bakken. Det var tilgang til både traktor og tohjulsslåmaskin på bruket, traktor blei bruka før Sørensen tok over (Ole Anton Rekdal, pers. med.). Det har nok vore gjødsla noko, frå tid til annan, men neppe særleg mykje. (Pers. med. O. A. Rekdal og Mary A. Sørensen) Slåttetidspunkt er ukjent, men har truleg strekt seg over ein viss periode på dette bruket. Tingvoll kommune overtok som eigar av Åkerfallet i september 2007, og etter den tid har det ikkje vore slått før i alle fall delar blei slått i 2015. Nokre få stader, på små areal som er brattare enn elles, finst det litt oppslag av osp, bjørk, rogn og furu, men dette set ikkje preg på lokaliteten.
Lokaliteten er litt prega av at det er fleire år sidan det har vore slått, men ein ser av artsmangfaldet at mangelen på skjøtsel i berre avgrensa grad har ført til tap av verdiar så langt. Nærast tunet blir ein liten del av enga slått i samband med Åkerfallkonserten i juni. Denne delen av enga er halde utanom lokaliteten, då karplantene ikkje rekk å frø seg før slått. Framande artar: Det er ikkje så mange framande artar i enga og det er heller ikkje mange individ det er tale om, men det finst fleire særleg knytt til tunet som lett vil kunne påverke enga, særleg om det blir svak skjøtsel. I enga: spansk kjørvel, prakttoppklokke, timotei, platanlønn. Rundt enga: hagelupin, hagepastinak, europalerk, skogskjegg, alpefuru. Skjøtsel og omsyn: Ei slåtteeng som denne må slåast seint kvart år og avlinga må bli fjerna. Etterbeiting vil normalt vere positivt om det ikkje fører til vesentlege trakkskader. Fysiske inngrep, gjødsling (også i form av tilleggsforing) og sprøyting vil kunne øydelegge verdiane svært fort Del av heilskapleg landskap: Lokaliteten er ein rest av eit småskalajordbruk. I lia finst det fleire kulturmarksareal, dei fleste prega av gjødsling, men også flekkar som har noko restverdi som slåttemark og naturbeitemark. Verdigrunngjeving: Etter verdisettingsmatrisa nov. 2014 har denne lokaliteten høg verdi for storleik, tilstand (svært lite attgroing), påverknad (i slåttehevd for mindre enn ti år sidan) og landskapsøkologi (rest av slåttemark ikkje langt unna). På artsmangfald blir det middels verdi (16 KST-artar). Grunntypar er det moglegvis berre ein av, gir låg verdi. Ei samla vurdering av dette gir verdi A Svært viktig. Manglar: Det bør vere eit potensial for funn av beitemarksopp (også raudlisteartar) på store delar av lokaliteten. Insektartar bør det også vere potensial for å finne litt meir enn berre vanlege artar av. Figur 1. Frå Gislink. Lokaliteten er innlagt med raud omramming.
Figur 2. Foto 11.07.2015, Øystein Folden. Biletet er tatt frå nordaustre hjørnet av lokaliteten. I framkant kan ein sjå ein del brudespore. Einstape finst spreidd. Midt på biletet bak ser ein den store europalerka som er omtala. Nedanfor tunet og dei store trea ligg det ei eng som er gjødsla i den seinare tida, Hafstadvatnet i bakgrunnen. Figur 3. Foto 11.07.2015, Øystein Folden. Særleg i øvre del av lokaliteten står brudespora ganske tett.
Figur 4. Artskart 16.11.2015. Raude punkt er brudespore, fiolette punkt er marinøkkel. Kvart punkt representerer ofte fleire individ/skot. På øvre del blei det ikkje gjort så mange registreringar då bestandane verka å vere rikelegare der enn elles. Elles kan ein merke seg eit brungult felt der det står mykje einstape. Ein kan også sjå den største skuggen som er av europalerk. I denne skuggen finst eit mindre område med noko fuktigare preg, moglegvis som følgje av skuggen, der det finst mellom anna krypsoleie. Kjelder: Hans Hyldbakk, 1965. Gards- og ættesoge for Tingvoll, band III Mary A. Sørensen, 6600 Sunndalsøra Ole Anton Rekdal, Hafstad, 6628 Meisingset