VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL"

Transkript

1 VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Skjøtsel 2016

2 Side 2 Føreord Slåtten på Vollasetra og Langbakksetra har som føremål å ta vare på kulturmarka i seterlandskapet kring Vollasetra. Denne rapporten er ein oppfølgjer av liknande rapportar frå 2011, 2012, 2013, 2014 og 2015, og bygger delvis på desse. Rapporten tar for seg kva som er gjort av skjøtsel i 2016, observasjonar som er gjort, tolkingar av det ein har observert og litt om behova vidare. Slåtten blir utført av Naturvernforbundet på oppdrag frå Verneområdestyret for Trollheimen, og etter avtale med grunneigar Ingebrikt Vollan, og Kristiansund og Nordmøre Turistforening som bruker Vollasetra. Det blei i 2012 laga ein enkel skjøtselsplan for slåttemarka på Vollasetra og Langbakksetra. Denne ligg no til grunn for skjøtselen. Det er lagt inn observasjonar på Alle foto: Øystein Folden Øystein Folden Slåttesjef og rapportskrivar

3 Side 3 Vertilhøve og beitetilstand Kvitkurla var avblomstra, blyttsveva såg vi nokre stader og engbakkesøta var i god blomstring. Småengkallen skrangla i frøhuset og jåblomen blomstra for fullt. Alt tyder på ein ganske ordinær sesong, verken tidleg eller seint. Det såg ut til å vere litt mindre beita på Vollasetra og litt meir på Langbakksetra enn tidlegare år, noko som er naturleg som følgje av at ein har tatt opp igjen slåtten på Langbakksetra også. Det blei sett i alle fall 9 sauer i området. På Langbakksetra var det elles nokre kuruker. Fredagen og særleg laurdagen var det skodde og delvis regn. Søndagen tørka det opp utpå dagen, måndagen var det stort sett skya og delvis noko skodde. Det var noko tørk på gras i vestre delane på Langbakksetra søndag, elles måtte vi rake av graset utan særleg tørk. På Vollasetra blei det difor lagt igjen litt tynt gras nokre stader for frøing. Dette vil ikkje bli raka av, men er såpass lite at det har lite å seie, anna enn at det gir noko frøing som er tilsikta. Det verka som jorda var noko fuktigare i år, men heller ikkje no var det noko sprekt år for beitemarksopp. Fredag og laurdag var det mindre aktuelt å samle sopp som følgje av vått ver, søndag og måndag blei det ikkje brukt så mykje tid på soppleiting, og det verka som det var mindre sopp på Langbakksetra i alle fall, truleg som følgje av sauebeiting også dei siste dagane. Slåtten 2016 Det har ikkje vore nokon tur på Vollasetra tidlegare i år, så denne gongen er det berre slåttedagane som ligg til grunn for det som er sett og gjort. Slått blei i 2016 gjennomført august. 5 personar deltok. Fredag og laurdag blei mesteparten av grasareala på Vollasetra slått. På nedre teig tok vi ein del blåbærareal i tillegg, bortimot halvparten av det som sto igjen på det vi meiner er naturleg avgrensing for framtida. Langs stien opp mot hovudteigen fikk vi slått vekk ein god del blåbær og fullført dette arbeidet på stripa langs vestsida av stien. På austsida av stien her rydda vi ein del bjørk, så ein kan ta ei smal stripe med blåbærmark seinare år. Det blei ikkje slått på nedsida av eldhuset i år. Vidare er det eit område nedanfor fjøset som er uroa av anleggsarbeid og ikkje råd å slå. Området der det var lagra materialar eit par somrar og gravd ut torv sto som det gjorde for eit år sidan og blei ikkje slått. På nedre teigen sette vi igjen nokre rutemeter med mykje fine blomstrar på i tørrbakken mot nordvest. Vidare blei det sett igjen eit par felt med engbakkesøte, på «Mellomstykket» og opp for eldhuset. Det blei også sett igjen to små felt med fin blomstereng eit stykke ned for fjøset. Søndag og måndag blei det slått på Langbakksetra. Resten av blåbærmarka i sørausthjørnet blei fjerna og vi tok ein god del blåbærmark i nedkant på vestre delen der vi også fjerna bjørkerenningar. Det er igjen eit tilsvarande areal med blåbærmark til neste år på vestre kanten.

4 Side 4 Område som var mykje beita slo vi ikkje, men vi slo der det flekkvis var firkantperikum. Elles slo vi i overkant av det som har vore slått tidlegare, og mot vest utvida vi noko. Teigen som blei slått mot aust i 2015 fekk vi ikkje tid til å slå i år. Høymol blei luka frå Vollasetra. Areal med skjøtsel Då vi kom til Vollasetra såg det omtrent slik ut: Figur 1. Bilete i hovudsak før slått Øvst til venstre: Hovudvollen har nokre parti der blomsterenga står fint. Øvst til høgre: På det smale partiet mellom teigane har det vore arbeidd i alle åra, med å fjerne tre, renningar og grov lyng. No er det igjen noko blåbærlyng, og denne forsvann i år. Nedst til venstre: På nedre teigen er det no slåttemarkspreg på mesteparten. Nokre bjørk står igjen som referansepunkt. Nedst til høgre: Ganske langt vest på Langbakksetra ser det ganske gjengrodd ut. Men når Knut oppe til høgre har halde på ei stund, liknar det meir og meir på slåttemark igjen. Høgre halvpart på biletet blei slått i år, resten står for tur neste år.

5 Side 5 Figur 2. Vollasetra. Gul omramming viser slått areal Blå omramming viser areal som har vore meir og mindre slått frå 2011, men som ikkje er slått i Figur 3. Langbakksetra, slått areal 2016 omramma med gule punkt. Blå punkt omrammar areal som har vore slått minimum eit av dei to føregåande åra, men som ikkje blei slått i år. Figur 4. Langbakksetra, slått areal 2015 innramma omtrentleg med gult. Utvidingsarealet i 2015 i øverkant.

6 Side 6 Etter mange arbeidstimar såg det slik ut: Figur 5. Etter slått. Øvst til venstre frå vestre delen av Langbakksetra. Øvst til høgre frå sørausthjørnet på Langbakksetra, der ein tok mykje blåbærlyng. Nedst til venstre er frå austre delen som blei slått på Langbakksetra. Mesteparten av arealet er heilt jamt og utan stein. Nedst til høgre frå nedste teigen på Vollasetra. Referansebjørkene står no eit stykke inne på det som er slått. Også her er det stort sett jamt og utan stein. I framkant ein liten skrinn kul med fin blomstereng som blei ståande. Observasjonar 2016 Vi fann 3 individ av kvitkurle på den nedste teigen på Vollasetra. Av marinøklar fann vi berre den vanlegaste dette året, og den finst mest overalt på Vollasetra, men det blei ikkje leita etter dei andre. Det blei gjort eit forsøk på å telle opp engbakkesøte i bakken som blei slått seint ovafor eldhuset, 21 planter i år mot 18 planter i I området som har vore kalla mellomstykket blei det tald 47 i år mot 17 i Dette er minimumstal. Det var enklare å telje i 2016 enn i På Langbakksetra blei det funne 5 individ av engbakkesøte nær deponiplassen i søraust. Elles var

7 Side 7 det nokre få individ i området som har vore slått dei siste åra. Elles må 2016 ha vore eit grønnkurleår. På Vollasetra såg vi minst 10 eksemplar av arten, og det må vere langt meir enn tidlegare år. Uønska artar I samband med slåttedagane på Vollasetra blir det også noko ferdsel rundt om, på «fritida». Vi observerte ei gran på nedsida av vollen på Langbakksetra der det var mykje konglar i toppen, likeeins ei tett ved skjelet på Vollasetra. Resten av granene hadde nok konglar i fjor. Litt nord for Vollasetra har det stått ei europalerk, som dei siste åra har vore kongleberande. Dette treet kan vi tilstå at vi no har hogd. Området nærast blei sjekka for frøspreidde småplanter utan at vi såg nokon. Men vi fann ein del smågran. Desse er registrert på Artsobservasjonar, og plantene er no fjerna. Det er nødvendig å sjekke dette området i fleire år framover, for å fjerne det som kjem av eventuell frøbank. Tidsbruk: Det er utført slått og anna skjøtsel med 98 timar, inklusive gangtid og rapportering. Reiskap: Etter anleggsarbeidet på Vollasetra har det no blitt ro rundt slipesteinen, og denne er no montert ferdig og i bruk. Elles er det tilgang på ei presenning og to gode ljåblad dette året. Vi sakna tynn ståltråd og glasfibertape til småreparasjonar. Vidare kan det vere at spesialverktøy til klaven på ljåane har blitt med ned igjen, og må vere med opp neste gong. Skrutrekkar vil også vere ein fordel. Det som ligg tilgjengeleg på setra no er: Greipp - 1 stk, rive - 4 stk, greinsaks - 3 stk, hagesaks - 1 stk, beskjæringssaks - 2 stk, sag - 1 stk høygaffel - 2 stk, presenning - 3 stk, bryne - 4 stk, ljå 2 stk, ljåblad - 3 stk, slipestein 1 stk, lita røyrtang 1. Litteratur: Lid, Norsk flora. «Våre skalbaggar» Endringsbehov: På nedre teigen på Vollasetra står det igjen blåbærareal, men truleg ikkje meir enn det som kan fjernast i På austsida av stien vil det vere gunstig om ein får til ein meter med slåttemark opp mot hovudvollen. For eit område nord for eldhuset, der det er tatt torv for fleire år sidan, området opp for fjøset/skjelet og området rett ned for fjøset, der det har blitt ugreitt å slå, må ein finne løysingar. På Langbakksetra er det fleire område igjen med ein del blåbær, litt finpuss langs steingarden i aust,

8 Side 8 og elles i hovudsak i nedkant av der vi har slått til no. Det vil også vere gunstig å fjerne bjørkerenningar på nedsida, også nedanfor der ein vil fjerne blåbæra, slik at det ikkje blir skugge og sikthindringar. Elles er det areal med gras der ein kan utvide meir i mest alle retningar. Området der det veks sølvbunke hastar det minst med. Elles er det ønskjeleg å bygge opp fagbiblioteket litt, så det er enklare å få bestemt ein del artar på staden, i tillegg til at fleire får gleda av å sjå på kva som finst. Sommerfugllitteratur er i alle fall på ønskjelista. «Vokshatte» som er utseld frå forlaget er også veldig aktuell. Figur 6. Slipesteinen er montert og i drift. Knut «drar» slipesteinen og Øystein har hand om ljåen. Framsida: Når ljåblomen blomstrar er det tid for slått. Langbakksetra. Vi ser også kvitmaure og dvergjamne i enga, artar som fortel om eit rikare parti av enga. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal mottar driftstilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune, og har forplikta seg til å opplyse om dette på våre publikasjonar.

VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Skjøtsel 2017 Side 2 Føreord Slåtten på Vollasetra og Langbakksetra har som føremål å ta vare på kulturmarka i seterlandskapet kring Vollasetra. Denne rapporten er

Detaljer

VOLLASETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA I SUNNDAL VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012

Detaljer

VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL VOLLASETRA OG LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Skjøtsel 2015 Side 2 Føreord Slåtten på Vollasetra og Langbakksetra har som føremål å ta vare på kulturmarka i seterlandskapet kring Vollasetra. Denne rapporten er

Detaljer

LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Side 1 LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Skjøtsel 2013 Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei gjennomført 5. til 8. september 2013. Slåtten blir utført av Naturvernforbundet på oppdrag frå Verneområdestyret

Detaljer

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

VOLLASETRA UTTAK AV TORV Side 1 Tingvoll, 02. oktober 2015 Verneområdestyret for Trollheimen VOLLASETRA UTTAK AV TORV I samband med siste slåtteøkta var Naturvernforbundet ved Øystein Folden på Vollasetra den 24.9.2015. Då registrerte

Detaljer

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2 Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Tingvoll, 29. april 2016 Møre og Romsdal fylke RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING Naturvernforbundet har blitt merksame på at det

Detaljer

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom. Tingvoll, 6.1.2018 Tingvoll kommune FRÅSEGN - NYDYRKING Vi viser til dykkar ref. 2017/1432. Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som

Detaljer

forum for natur og friluftsliv Møre og Romsdal Botanisk undersøking mellom Jønnstad og Moldbakken i Sunndal kommune.

forum for natur og friluftsliv Møre og Romsdal Botanisk undersøking mellom Jønnstad og Moldbakken i Sunndal kommune. forum for natur og friluftsliv Møre og Romsdal Botanisk undersøking mellom Jønnstad og Moldbakken i Sunndal kommune. Forside: Fjellvalmue (Papaver radicatum ssp. radicatum) på lokaliteten rett nord for

Detaljer

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008

Detaljer

Åkerfallet; øvre teig i Tingvoll kommune

Åkerfallet; øvre teig i Tingvoll kommune Åkerfallet; øvre teig i Tingvoll kommune Rapport om ein slåtteenglokalitet. Folden grønt og plan Slåttemarksteigen på oversida av husa på Åkerfallet blei besøkt noko tilfeldig i oktober 2014. Det var då

Detaljer

Våreng i Tingvoll kommune

Våreng i Tingvoll kommune Våreng i Tingvoll kommune Rapport om ein slåtteenglokalitet. Folden grønt og plan Slåttemarksteigen Våreng i Reitvegen 35 ligg høveleg på utstilling i vegkanten. Såleis er denne observert meir og mindre

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

Åkerfallet; Sandekra og Hafstad; Oppibakkekra i Tingvoll kommune

Åkerfallet; Sandekra og Hafstad; Oppibakkekra i Tingvoll kommune Åkerfallet; Sandekra og Hafstad; Oppibakkekra i Tingvoll kommune Rapport om to slåtteenglokalitetar. Folden grønt og plan Slåttemarkslokaliteten som tidlegare er kartlagd Mellom Hafstad Oppigard og Åkerfallet

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 3. september 2013 NVE FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått ein mindre bit av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Sjølv om vi ikkje gikk så

Detaljer

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 19. februar 2015 Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Vi viser til vedtak

Detaljer

1. Eg legg ut ei blå linje som er visuelt fatteleg, eit eige uttrykk som er aktivt mot landskapet, og som drar til seg blikket og interessa.

1. Eg legg ut ei blå linje som er visuelt fatteleg, eit eige uttrykk som er aktivt mot landskapet, og som drar til seg blikket og interessa. Prosjektbeskriving for Husøy Kort versjon Status: Husøy har ein fantastisk natur som er både røff og monumental samtidig som den er småkupert, menneskenær i småskalaen, variert og mystisk. I samtale med

Detaljer

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 2. september 2013 NVE FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs mesteparten av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Vi har ei klart anna oppfatning

Detaljer

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG Tingvoll, 20. juni 2013 Tingvoll kommune KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG Viser til arkivnr. 2012/1240, vedtak av 28.05.2013, som vi mottok 31.5.2013. Naturvernforbundet klager med dette på vedtaket.

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2 NOTAT nr 1 Gjelder: Volda Prosj.nr. : 2011117-1 Revisjon : Dato : 16.11.2011 Utført av: Kontrollert av: Godkjent av: Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland INNHALD Side 1. BAKGRUNN OG SYNFARING...

Detaljer

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Tingvoll, 21. april 2017 NVE FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Viser til dykkar ref. 201305202-8 Arkiv: 312 / 113.4Z Naturvernforbundet har nytta høvet til å bruke barmarksituasjonen

Detaljer

Takk for hyggelig befaring (med Erling) og telefonsamtale etter befaringa.

Takk for hyggelig befaring (med Erling) og telefonsamtale etter befaringa. Torbjørn Orkelbog, Åmotsdalen gård Hei! I sommer hadde jeg som oppdrag fra Oppdal kommune å følge opp skjøtselsplaner for slåttemark i Oppdal. Oppdraget gikk ut på å vurdere skjøtselen ut ifra målene/tiltakene

Detaljer

Status på lokal HMS-systemdokumentasjonen

Status på lokal HMS-systemdokumentasjonen Status for HMS-dokumentasjonen desember 0 Personalseksjonen hos fylkesrådmannen har i juli gjennomført ei evaluering av HMSdokumentasjonen til alle einingane i Møre og Romsdal fylkeskommune. HMS-systemet

Detaljer

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato:

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: Aukra kommune Notat Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: 2018/33-36/Q80 13.11.2018 71171558 Til: Rapport frå trafikkregistreringar ved Hollingbygg uke 42 2018. Orientering: I uke 42 2018 vart det

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag Samandrag og oppsummering av heile prosjektet Målet med prosjektet var å få meir kunnskap om beitepussing på setervollar. Kunne pussing av vollane hjelpe

Detaljer

Arealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust

Arealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust VURDERING AV INNSPEL OM NAUST OG FISKEBUER Arealdelen til kommuneplanen 2012-2024, Saksopplysningar/Vurderingar: Kommunen har motteke 3 innspel om naust til kommuneplanarbeidet, og innspel om fiskebuer.

Detaljer

Tingvoll for

Tingvoll for DEL 1: Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Tingvoll for 2013-2018 Figur 1. Kart frå Gislink. Raud ring gjeld områda omtala. Blå ring gjeld badeplass i Koksvika. Fakta om n pr 01.01.2012

Detaljer

Korrigering til tidlegare utsendt informasjon, «prøvar som pasienten tek sjølv»

Korrigering til tidlegare utsendt informasjon, «prøvar som pasienten tek sjølv» Hei! Vi vil takke for samarbeidet i samband med oppstart av IHR ved legekontora. IHR er no breidda til 21 legekontor i Møre og Romsdal. Vi er takksame for at de har vore positive til å komme i gang med

Detaljer

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Rapport 2014 Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Ragnvald Gramstad NLR Rogaland Håkon Pedersen Haugaland LR Desember 2014 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2

Detaljer

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 19.09.2018 SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/ Helge Robert Midtbø SAKA GJELD: Løysing for kontorarbeidsplassar i Helse Førde ARKIVSAK: 2018/3310

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen Postadresse Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland Kontakt Sentralbord: +47 57 64 30 00 Direkte: +47 57643129 fmsfpost@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/naroyfjorden

Detaljer

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Her er mine tre første skisser eg laga, etter vi fekk oppgåva: «I heimeoppgåve til neste gong får de velje mellom tre produkt. Alle tre produkta slit med å appellere til

Detaljer

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. Fritz!Box

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. Fritz!Box FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER Fritz!Box 2 TUSSAFIBER MONTERINGSRETTLEIING FOR INTERNETT OG TELEFONI Denne rettleiinga skal hjelpe deg å kome raskt og enkelt i gang med

Detaljer

FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE

FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 5. mars 2013 Fylkesmannen i Møre og Romsdal FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE Viser til dykkar ref. 2008/5281/KJLY/432.4 Naturvernforbundet kjenner

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

SAMLET SAKSFRAMSTILLING SURNADAL KOMMUNE SAMLET SAKSFRAMSTILLING LOKAL FORSKRIFT OM SPREIING AV GJØDSELVARER M.V. AV ORGANISK OPPHAV I SURNADAL Saksbehandler: Mona Rosvold Arkivsaksnr.: 05/02177 Arkiv: V33 &00 Saksnr.: Utvalg

Detaljer

Sansehage Kleppheimen

Sansehage Kleppheimen 2012 Sansehage Kleppheimen Anne Reidun Garpestad Ressurskommune universell utforming Klepp og Time 01.06.2012 Sansehagen ved Kleppheimen Sansehagen vart opna vår 2012. Det er eit gammalt utområde ved Kleppheimen

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2013/1446 Løpenr.: 5195/2017 Arkivkode: 151/5 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 22.03.2017 17/61 Plan- og miljøutvalet 19.04.2017 17/85

Detaljer

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018.

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018. Dato og stad Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018. Stord ligg på Vestlandet, mellom Bergen og Haugesund. Forhåpentlegvis vil spelarar frå både nord, sør og aust ta turen

Detaljer

Tynningsfiske i Skrevatn Rapport 2010

Tynningsfiske i Skrevatn Rapport 2010 Faun rapport 026-2011 Tynningsfiske i Skrevatn Rapport 2010 VILTFORVALTNING FISKEFORVALTNING KONSEKVENSUTGREIING LANDBRUK OG NÆRING evar Helge Kiland og Lars Egil Libjå Faun rapport 026-2011: Tittel: Tynningsfiske

Detaljer

Referat fra befaring av slåttemarka på Langholmen og kystlynghei på Ånsøya i Gildeskål kommune ifm tilskuddsordning for utvalgte naturtyper i Nordland

Referat fra befaring av slåttemarka på Langholmen og kystlynghei på Ånsøya i Gildeskål kommune ifm tilskuddsordning for utvalgte naturtyper i Nordland Referat fra befaring av slåttemarka på Langholmen og kystlynghei på Ånsøya i Gildeskål kommune ifm tilskuddsordning for utvalgte naturtyper i Nordland Befaringsdato: 30.06.2015 Til stede: Magne og Tove

Detaljer

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik (Basert på opplysningane i artikkelen nedanfor.) Brukt blåsesand inneheld komponentar av det som er sandblåst, og er å rekne

Detaljer

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova Postadresse Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland Kontakt Sentralbord: +47 57 64 30 00 Direkte: +47 57643129 fmsfpost@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/naroyfjorden

Detaljer

Oppgang i talet på syngande hannar, men ingen konstaterte hekkingar.

Oppgang i talet på syngande hannar, men ingen konstaterte hekkingar. 18.12.2009 Torborg Berge, Fylkesmannen i Rogaland: Oppsummering 2009 - Handlingsplan for åkerrikse Oppgang i talet på syngande hannar, men ingen konstaterte hekkingar. Bestand Det har per 16.10.2009 vorte

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 3. 4. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKUNNSKAP: Ingen. AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

Kvernåe naturområde i tekst og bilete Vedlegg 1 Kvernåe naturområde i tekst og bilete av Øyvind Nordli foto: ØN 2. juli 2007 Kvernåe naturområde innheld ikkje mindre enn to strandliner frå siste isavsmelting og dertil særmerkte daudis-groper.

Detaljer

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING Sjutoppsturen FAKTA Startpunkt: Rosenlund Trimpoeng: 4 + 3 + 10 + 3 + 5 = 25 Målstad: Rosenlund Høgdeendring totalt: + 1007 m, - 1007 m Trimpostar på turen: Kletten, Kulen, Total løypelengd: 15 km Rinden,

Detaljer

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?» MEDBORGERNOTAT #1 «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Juli 17 Samarbeidspartia i norsk politikk

Detaljer

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015 Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015 Oppgåve 1 (2 poeng) Dag Temperatur Måndag 4 C Tysdag 10 C Onsdag 12 C Torsdag 5 C Fredag 6 C Laurdag Tabellen over viser korleis temperaturen har variert i løpet

Detaljer

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 -

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Taubruer Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet. - 1 - Forord Dette kompendiet vart skrive då Friluftsrådet for Ålesund og omland vart

Detaljer

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2014 var 201 (snittvekt 0,9 kg). Det har vore ein avtakande tendens sidan årtusenskiftet, med unntak av bra fangstar i 2010

Detaljer

Nasjonal handlingsplan for slåttemark Telemark 2009

Nasjonal handlingsplan for slåttemark Telemark 2009 Telemark 2009 Opptakt Førespurnad frå FMMA og FMLA til Kulturlandskapssenteret om deltaking i Arvesølvprosjektet, og herunder delprosjekt på slåtteenger, knytt til Nasjonal handlingsplan for slåttemark

Detaljer

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...

Detaljer

Turmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Turmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng Kjør vegen over Eggjiåsen mot Beitostølen. På toppen av Eggjiåsen parkerar du ved lysløpeanlegget og følgjer turmålskilt derifrå mot kommunegrensa til Vang kommune. GPS-koordinatar:

Detaljer

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar, Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre

Detaljer

SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *OMRÅDEBESKRIVELSE (For Naturbase og som grunnlag for skjøtselsplanen) *Navn på lokaliteten.

SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *OMRÅDEBESKRIVELSE (For Naturbase og som grunnlag for skjøtselsplanen) *Navn på lokaliteten. SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *Navn på lokaliteten Omsrud *Kommune Sør-Aurdal *Områdenr. 3015 ID i Naturbase *Registrert i felt av: Geir Høitomt *Dato: 6.7.2012 Eventuelle tidligere registreringer

Detaljer

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i

Detaljer

Vanlege spørsmål. Regist erdag SOReg-N Elisabeth Heggernes

Vanlege spørsmål. Regist erdag SOReg-N Elisabeth Heggernes Vanlege spørsmål Regist erdag SOReg-N 30.3.2017 Å føre inn data er superenkelt eller? Datotrøbbel Kva dato skal kor på basisregistreringskjema? Henvisningsdato Viser til datoen spesialisthelsetenesta mottar

Detaljer

Rådgivende Biologer AS

Rådgivende Biologer AS Bergen, 19. august 2016 Enkel undersøking av elvemusling i Røyrvikelva, Kvam herad Bakgrunn Steinar Kålås I august 2015 kom det inn melding til Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) at det var sett

Detaljer

Årdalselva, Hjelmeland kommune

Årdalselva, Hjelmeland kommune Årdalselva, Hjelmeland kommune Årdalselva ligg i Ryfylke og drenerer fjellområde i Hjelmeland. Vassdraget er prega av kraftutbygging, og 2/3 av vatnet er ført vekk frå vassdraget. Elva har i periodar vore

Detaljer

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Søk regionale miljøtilskot elektronisk Søk regionale miljøtilskot elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne foldaren er det ei skildring av korleis

Detaljer

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Rapport 2013- Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad Desember Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Fylkesmannen i Rogaland og NLR Rogaland... 2 Samandrag... 2 Mål...

Detaljer

KLAGE HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

KLAGE HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 17. mars 2014 Olje- og energidepartementet v/nve KLAGE HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Vi viser til konsesjonsvedtak av 24.2.2014, dykkar ref. 2000903891-29, mottatt 27.2.2014 Naturvernforbundet

Detaljer

Rapport med mål om læring og forbedring

Rapport med mål om læring og forbedring Rapport 2017 -om meldte uønskte samhandlingshendingar mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF (HMR) -med mål om læring og forbedring Innhald 1. Innleiing... 3 2. Uønskte hendingar

Detaljer

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune Dato: Avgrensing: Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune 23.9.2017 24.9.2017 (laurdag og søndag) Sykkel-VM 2017 vert halde i perioden 16.-24.sept, men det er berre avslutningshelga 23.-24.sept

Detaljer

ÅRSMELDING 2016 NATURVERNFORBUNDET I MØRE OG ROMSDAL

ÅRSMELDING 2016 NATURVERNFORBUNDET I MØRE OG ROMSDAL Årsmelding (2016) Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ÅRSMELDING 2016 NATURVERNFORBUNDET I MØRE OG ROMSDAL Organisatorisk Årsmøte Årsmøte sist vart halde i møtelokale på Molde vidaregåande skole, den

Detaljer

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Rapport 2013 Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad November 2013 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2 Mål... 2 Bakgrunn... 2 Mijøavtalar og avlingsnivå

Detaljer

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Søk regionale miljøtilskot elektronisk Søk regionale miljøtilskot elektronisk I 2014 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me håpar at du vil søke elektronisk. I denne brosjyra finn du ei beskriving av

Detaljer

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen Postadresse Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland Kontakt Sentralbord: +47 57 64 30 00 Direkte: +47 57643129 fmsfpost@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/naroyfjorden

Detaljer

Reguleringsplan FV57 Storehaug- Hjelmeland Input til planprogram geoteknikk

Reguleringsplan FV57 Storehaug- Hjelmeland Input til planprogram geoteknikk Til: Fra: Arne Kringlen Linn Grepstad Nes Dato 2016-06-28 Reguleringsplan FV57 Storehaug- Hjelmeland Input til planprogram geoteknikk Innleiing Gaular kommune har engasjert Norconsult til å utarbeide eit

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2017, 10.04.2018, s. 1 Partifinansiering 2017, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *OMRÅDEBESKRIVELSE (For Naturbase og som grunnlag for skjøtselsplanen) *Navn på lokaliteten.

SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *OMRÅDEBESKRIVELSE (For Naturbase og som grunnlag for skjøtselsplanen) *Navn på lokaliteten. SLÅTTEMARK. SØKBARE EGENSKAPER (for Naturbase) *Navn på lokaliteten Kleiva *Kommune Sør-Aurdal *Områdenr. 3014 ID i Naturbase *Registrert i felt av: Geir Høitomt *Dato: 11.7.2012 Eventuelle tidligere registreringer

Detaljer

VANLEGE SPØRSMÅL V E D R E G I S T R E R I N G I S O R E G - N

VANLEGE SPØRSMÅL V E D R E G I S T R E R I N G I S O R E G - N VANLEGE SPØRSMÅL V E D R E G I S T R E R I N G I S O R E G - N Samtykkeskjema Ver merksam på at vi har eit juridisk ansvar for å ikkje legge inn opplysningar om ein pasient utan at samtykkeskjema er signert.

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 207 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012, då det berre vart fanga

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Innhald. Oppbygning på heisen. Styreskap Tryggingssystem VIGI-2000 Styreskap avstigingsmast Brytarar og brytestiftar (i vinkel og vendehjul)

Innhald. Oppbygning på heisen. Styreskap Tryggingssystem VIGI-2000 Styreskap avstigingsmast Brytarar og brytestiftar (i vinkel og vendehjul) Sunnfjord Skisenter AS Kjell Johnny Kvamme Jan 2004 Innhald Oppbygning på heisen Styreskap Tryggingssystem VIGI-2000 Styreskap avstigingsmast Brytarar og brytestiftar (i vinkel og vendehjul) Feilsøking

Detaljer

Løken i Førde - Skjøtselsplan

Løken i Førde - Skjøtselsplan Løken i Førde - Skjøtselsplan lnnhald lnnhald... 2 1 Innleiing... 3 2 Skjøtsel, forvaltning og retningsliner... 3 2.1 Kva er ein skjøtselsplan?... 3 2.2 Retningsliner for arbeidet... 3 3 Planområdet...

Detaljer

TUSSA RADIOLINK RUTER - FRITZ BOX 3490/7490 TUSSA BREIBAND MONTERINGSRETTLEIING FOR KOPLING AV RUTER. tussa.no

TUSSA RADIOLINK RUTER - FRITZ BOX 3490/7490 TUSSA BREIBAND MONTERINGSRETTLEIING FOR KOPLING AV RUTER. tussa.no TUSSA RADIOLINK RUTER - FRITZ BOX 3490/7490 TUSSA BREIBAND MONTERINGSRETTLEIING FOR KOPLING AV RUTER tussa.no VELKOMEN TIL TUSSA BREIBAND Denne rettleiinga skal hjelpe deg å kome raskt og enkelt i gang

Detaljer

Bruk av reiserekning i Agresso

Bruk av reiserekning i Agresso Bruk av reiserekning i Agresso Generell saksgang: 1. Reiserekning på web skal fyllast ut av den tilsette. 2. Når reiseregning er ferdig utfylt, skal den tilsette skrive ut reisebilag og stifte kvitteringar

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2018/2019 Innleiing Årsmøtet for 2017/18 vart avvikla i grendahuset 29.03.18. På dette årsmøtet vart det ikkje gjort endringar i styret. Styret har då vore samansett slik

Detaljer

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.02.2017 19323/2017 Lillian Sæther Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 14.03.2017 Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal

Detaljer

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad. Samordna opptak 217: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 4/217 Samordna opptak har publisert søknadstala for studieåret

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Våren 2013

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Våren 2013 Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Våren 2013 DEL 1 Utan hjelpemiddel Oppgåve 1 (5 poeng) Ein kveld køyrde ein taxisjåfør 10 turar. Nedanfor ser du kor mange passasjerar han hadde med på kvar av turane. 1 5

Detaljer

REGULERINGSPLAN FOR BERGMESTEREN, RAUDSAND

REGULERINGSPLAN FOR BERGMESTEREN, RAUDSAND Tingvoll, 31. mai 2018 Nesset kommune postmottak@nesset.kommune.no REGULERINGSPLAN FOR BERGMESTEREN, RAUDSAND Viser til dykkar ref. 2018/235. Naturvernforbundet ønskjer å uttale seg til reguleringsplanen

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh) 1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen

Detaljer

Reiser for eksterne. Eksterne kan no senda inn reiser og honorar på elektroniske skjema. Skjema finn de på nettsida:

Reiser for eksterne. Eksterne kan no senda inn reiser og honorar på elektroniske skjema. Skjema finn de på nettsida: Reiser for eksterne Eksterne kan no senda inn reiser og honorar på elektroniske skjema. Skjema finn de på nettsida: https://registrering.dfo.no Logg på ved bruk av eit av alternativa nedanfor: De får då

Detaljer

Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Re-registrering av slåttemark i Naturbase Lindås kommune, Hordaland 2010

Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Re-registrering av slåttemark i Naturbase Lindås kommune, Hordaland 2010 Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland Re-registrering av slåttemark i Naturbase Lindås kommune, Hordaland 2010 1 Innleiing Kartlegginga er gjort på førespurnad frå Fylkesmannen i Hordaland

Detaljer