ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019
|
|
|
- Marta Austad
- 6 år siden
- Visninger:
Transkript
1 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2018/2019 Innleiing Årsmøtet for 2017/18 vart avvikla i grendahuset På dette årsmøtet vart det ikkje gjort endringar i styret. Styret har då vore samansett slik : Leiar : Terje Rasdal Styremedlemmer : Frode Tufte, Arild Skjelbred, Frøydis Eide og Jan Rasdal Varamedlemmer : Vegard Rasdal, Victor Larsen Av styret står Terje på val (leiar), Frøydis og Jan står på val (styremedlemmer) og Victor står på val (varamedlem) Valnemd : Jan Olav Larsen og Geir Rasdal, Jan Olav står på val. Revisor er Agny Laukeland Bygnes. Møteverksemd Dette året har det vorte halde fire styremøte i grendalaget. Det første møtet hadde me 27.april i høve det som vart kunngjort om privatisering av vegar i Voss kommune, det andre møtet var 1.juni og det tredje 5.oktober. I tillegg hadde også styret som vanleg eit møte i forkant av årsmøtet 29.mars. Årsmeldinga vil vidare setja fokus på nokre av dei sakene som me i styret synest har vore viktige for grendalaget - og som kan ha interesse for alle medlemmene. Den godkjende årsmeldinga og informasjon og bilete elles - vert lagd ut på Rasdalssida, Styret oppfordrar medlemmene til å senda bilete, ev. med tekst, til redaktøren av sida. Dermed kan sida oftare oppdaterast, slik at folk kan sjå korleis det ser ut i Rasdalsområdet. Dette med å senda bilete og informasjon har medlemmene vorte litt flinkare til i løpet av det siste året, så det er berre å bruka telefonen og senda av garde. Viktig informasjon vert også kunngjort som oppslag her i Rasdalen.
2 Saker det har vore arbeidd med : Dugnaden Denne gongen vart også dugnadsarbeidet delt opp i to grupper. Ei gruppe tok seg av reingjering og vasking, og det vart også innvendig og utvendig rydding. Den andre og største gruppa rydda stien frå Flatstølen, opp til Nerjordsnipa og ned att gjennom Garlia. Veret var nok ein gong på vår side denne dagen, og me fekk gjort det me hadde planlagt. På sjølve dugnadsdagen var det åtte personar i sving, og dei som var på grendahuset hadde lunsj utandørs det skjer ikkje kvart år. Elles var plenklipparen i bruk to gonger sist sommar, tørken førte ikkje til så stor avling på skuleplassen dette året. Sommarfesten Sommarfesten vart avvikla i godt og tenleg ver etter same mønster som tidlegare. Det var 46 personar denne gongen som hadde ein triveleg kveld i lag, og det er den største deltakinga på fleire år. Så på denne sommarfesten gjekk uteaktivitetane greitt unna med liv og lyst. Etterpå heldt me som vanleg til i salen nede. Der inntok me god mat ifrå eit rikhaldig koldtbord, quiz med varierte spørsmål, allsong og eit åresal som gav grendalaget pengar i kassa. Inntektene på denne festen er viktige for grendalaget, og i fjor fekk me inn heile kr på åresalet noko som verkeleg er imponerande. Inngangsbillettar har me no sløyfa på sommarfestane. Tradisjonen med sommarfest er og har vore - viktig med tanke på samhald og sosialt engasjement i dalen. På denne sommarfesten hadde me besøk frå Bolstad, og desse var også med å laga god stemning. Det å invitera gjester til arrangementa våre kan me godt halda fram med. I år vert det sommarfest endå ein dag tidlegare enn i fjor, nemleg laurdag 27.juli. Då håpar me som vanleg på god oppslutning. Påskebasaren Basaren på påskeaftan har alltid vore ei viktig inntektskjelde for Rasdalen grendalag. Me fekk denne gongen inn kr på basaren, og det er ny rekord med god margin. Dette vart det første året med tre trekningar, og det vil me nok halda fram med. Prisen for ei åre vart i fjor auka til 10 kroner, og det kjem me til å halda fram med. Det var også premieutdelig etter påskerennet, og det vart som vanleg gitt litt informasjon frå leiaren. Styret er svært takksam for at folk er så flinke til å stilla opp, kjøpa årer og gje gevinstar til åresalet. Denne gongen var det uvanleg god oppslutning på basaren, om lag 85 personar med stort og smått.
3 Økonomien til grendalaget Som det har vorte skrive i dei siste årsmeldingane, har me hatt bra kontroll og styring med økonomien over mange år. Med god hjelp frå medlemmene meiner me å ha kontroll, noko som medfører at det er lettare å driva og å halda oppe aktiviteten i grendalaget. Saldo per var på ,91 kr. Etter den tid har det gått ut om lag kr til faste utgifter, men påskeaftan kjem basaren vår med forhåpentlegvis nytt økonomisk påfyll. Når det gjeld medlemskontingent for 2018, har det kome inn 5100 kr på kontoen vår. Diverse Grendahuset har, som me før har påpeika, fått ein god del «oppgraderingar» i løpet av dei siste åra. Dermed vert det også meir attraktivt å bruka som lokale for møte, samkomer og festar av ulikt slag. Me håpar at folk vil bruka huset til ymse arrangement, og det bør nemnast at styret har lagt seg på eit heller lågt nivå når det gjeld utleigesatsar. Det er også viktig at me tek vare på huset, og at det ser velstelt og skikkeleg ut. På dugnaden i 2019, som er bestemt til pinseaftan 8.juni kan det vera aktuelt å flikka og måla rundt vindaugene på innsida. Men dette er per i dag ikkje endeleg bestemt. Dei siste tre åra har me arrangert fellesturar. I 2016 gjekk turen gjennom Tostigen og tilbake til Nerjorda. I 2017 arrangerte me ein tur til Holo og Rørbakken på austsida av elva. I fjor gjekk turen til Nerjordsnipa og tilbake gjennom Garlia. I 2019 er planen å setja kursen mot Bolstadstølen laurdag 20.juli. Me reknar som vanleg med fint ver på denne fellesturen også. I tillegg arrangerte Arild ein tur i varmt og fint ver til Kringsstølen midt i juli, og der var det også folk frå Rasdalen med. Det var også lokalkjent mannskap med, som fortalde og gav god informasjon Elles er vaskemaskina operativ, og den var i full sving sist sommar. Me ser at dette er eit greitt tilbod til dei som er her oppe i ein lengre periode. Me tek 50 kr for å bruka maskina, og har ikkje fått reaksjonar på det. I fjor sommar fekk me Vipps på grendahuset, og det er også eit velkome tiltak som mange som nyttar seg av. Vippsnummeret til Rasdalen grendalag er Det kan også nemnast at grendahuset fekk installert automatisk straummålar sommaren 2018.
4 Privatisering av kommunale vegar i Voss kommune Dette vart ei stor og viktig sak for grendalaget etter reportasjen som stod i avisa «Hordaland» 7.april. Seinare i april hadde me styremøte der me diskuterte og avtala vidare strategi og arbeid. Me sende uttale både til «Hordaland» og sjølvsagt også til Voss kommune. Leiar i grendalaget hadde også fleire gonger telefonkontakt med kommunen. Denne saka engasjerte alle som har tilknytning til Rasdalen, og styret fekk mange gode innspel frå medlemmene. Desse var gode å ha med seg når det skulle formulerast eit skriv til avisa og til kommunen. Det heile enda godt, kommunen trekte etter kvart privatiseringa av Rasdalsvegen ut av planane sine. Men dette vart ein hektisk periode prega av usikkerheit, for me såg at ei eventuell privatisering av vegen vår ville få store konsekvensar for oss her oppe. Vurdering av arbeidsåret og vegen vidare I året som har gått så har det vorte utført ein god del dugnadsarbeid. Det har også vorte arrangert påskebasar, påskerenn, fellestur og sommarfest. Styret prøver så godt det kan å tilretteleggja aktivitet i dalen, i tillegg til å halda grendahuset i bra stand. Me har også ei ordning med at det er ettersyn av grendahuset i vinterhalvåret. Særleg er dette viktig når kulden set inn og det er fare for frost, og også når det er mykje snø. Innsamling av lokale stadnamn er også eit positivt tiltak med tanke på å ta vare på namn som har eksistert her i dalen. Det arbeidet tek me sikte på å få avslutta i løpet av året. Me har framleis ikkje komne i gang med å ordna til og innreia lærarrommet i 3. etasje, så det skal me prioritera i tida framover. Planane har me, så då er det berre å få arbeidet sett i gang. Her vert det nok også behov for dugnadsarbeid for å få dette gjort. Det som me i grendalaget hugsar best frå året som har gått, er nok kampen og engasjementet for å unngå at Rasdalsvegen skulle verta privatisert. Det viser igjen og igjen - at det lønner seg å stå på og å kjempa for det som ein meiner er rett. Situasjonen for oss her oppe ville ha vorte heilt annleis dersom Voss kommune hadde fått gjennomslag for å privatisera vegen vår. Det var stor glede den dagen me fekk melding om at Rasdalselva var redda, men gleda var også stor i fjor då me fekk meldinga om at Rasdalsvegen framleis skulle vera kommunal. Så dette får verta det siste ordet i denne årsmeldinga. For styret i Rasdalen grendalag Terje Rasdal
5
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2015/2016 Innleiing Årsmøtet for 2014/15 vart avvikla i grendahuset 02.04.15. På dette årsmøtet vart det vedteke at dei fem medlemmene i styret skulle halda fram i eitt
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2006/2007
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2006/2007 Innleiing Årsmøtet for 2005/06 vart avvikla i grendahuset 13.04.06. På dette årsmøtet vart det gjort ein del endringar når det gjaldt samansetjinga av styret.
Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.
Fra: [[email protected]] Til: Rivedal Yndestad ([email protected]) [[email protected]] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen
Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte
Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte No ser det endeleg ut til at våren og kanskje sommaren er her, og folk kan løysa sveitten både på byggjedugnader oppå Pustut (sjå baki avisa), og på Bygdelagsdagen/Bygdøystemna
Velkommen til. årsmøte!
Velkommen til årsmøte! 21.3.2013 SAKLISTE: 1. KONSTITUERING GODKJENNING AV MØTESKIPNAD A) Årsmøtet skal leiast av ein oppnemnd ordstyrar B) Protokollen skal førast av den oppnemnde sekretæren C) Ynskjer
Bruk av driftsmidlar Frifond
Bruk av driftsmidlar Frifond 2017-2018 Os Bridgeklubb fekk hausten 2017 tilsegn om 8436.- i driftsmidlar frå frifond. Støtten denne gongen har i sin heilhet blitt brukt til oppstart av Os juniorbridgeklubb.
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING STAD: Høgteknologisenteret, Thormøhlensgate 55 DATO: 20.01 2011 TIL STADES: 18 Sak 1 Sak 2 Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling var tilgjengeleg ifrå 20.
Månadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag
Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag Søndag 03. mars kl. 14.00 2013. i Samfunnshuset Årsmøte startar kl. 14.00. Under årsmøte vert det vist film for borna. Kl. 15.00 vert det servert kjøttkaker m/dessertbord.
Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.
Referat Utval: eråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.30 2/2019 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Faste
Interesselaget for farga spælsau
Interesselaget for farga spælsau Referat frå årsmøtet 2013 Årsmøtet med fagdag blei halde på Mjonøy kultursenter i Vinje 2. og 3. februar 2013. Laurdag 2. februar Ellen Nordstoga, som m. a. har vore distriktsmusikar
Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet
DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis
ÅRSRAPPORT BYGDEUTVIKLINGSLAGET NYE BREMANGER 2013
ÅRSRAPPORT BYGDEUTVIKLINGSLAGET NYE BREMANGER 2013 Styret i Nye Bremanger 2012: Anita Solbakken Nygård- leiar/skrivar Tom Hem- nestleiar Steinar Ryland- kasserar Marie Nyborg styremedlem(ny) Aleksander
Møteprotokoll for møte i
Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal
Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag
Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag Sakliste 1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Val av møteleiar 3. Val av skrivar 4. Val av to til å underskriva
UTVIKLINGSPLAN Bø skule
UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen
HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte 02.03.2014. Saksliste:
HDBUL Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag Referat frå Årsmøte 02.03.2014. Saksliste: 1. Opning av møtet 2. Val av møteleiar 3. Val av referent 4. Val av to til å skrive under protokollen 5. Godkjenning
Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?
Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...
Stad: Psykiatrisk Dagsenter v/ Byrg Kompetanse, Stranda Når: Laurdag 20. januar 2018, klokka 12: JANUAR 2018 MENTAL HELSE STRANDA
Stad: Psykiatrisk Dagsenter v/ Byrg Kompetanse, Stranda Når: Laurdag 20. januar 2018, klokka 12:00 20. JANUAR 2018 MENTAL HELSE STRANDA 1 SAKLISTE Sak 1: Opning/konstituering Sak 2: Godkjenning av innkalling
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL
Tilleggsinnkalling av Formannskapet
MODALEN KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet Møtedato: 31.01.2017 Møtestad: Formannskapsrommet Møtetid: 09:00-12:00 Det vert eit kort møte i valstyret før lunsj - sjå eiga møteinnkalling. Eventuelle
ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB
Kultur og fritid ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB Velkomne inn i Valle ungdomsklubb! 2016 Vedlagt finn du årsmeldinga vår for 2016. Det har vore eit spennande år med mykje aktivitet. Vi
Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL
1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 11.02.2019 Tid: 14:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad
Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag 16.06.07 på Holo Gardstun
Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag 16.06.07 på Holo Gardstun Det var 16 medlemmar og 1 støttemedlem tilstades Sak 1 Konstituering a) Godkjenning av innkalling og saksliste Det var ein merknad
Har gått frå langtidsledige til å bli faglærte i betongfaget
Har gått frå langtidsledige til å bli faglærte i betongfaget LÆREVILJUGE: Kurset har med deltakarar i alle aldrar. Frå venstre Jannis Tetenborg (19) og Gert Augustsson (49) Foto: Hans Wilhelm Gullestad
Vintervèr i Eksingedalen
Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016
Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.
Verdiblink 1. Målsetting Målet med verdiblink er å bevisstgjere medarbeidarar på kva verdiar som styrer arbeidskvardagen og kva verdiar dei sjølve meiner bør få større gjennomslag. Verdiblink handlar om
Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.
Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet
Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.
Fyresdal Senterparti stiller til val med ei liste av nye og tidlegare folkevalde som gjennom kontakt med innbyggjarane og gode demokratiske prosessar, ynskjer å kome fram til dei beste løysingane og best
BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010
Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet
Mobbing på mindre og større skular
Mobbing på mindre og større skular Innlevert av 5.trinn ved Austebygd Skule (Radøy, Hordaland) Årets nysgjerrigper 2015 Eg er så heldig at eg er kontaktlærar for ein veldig kjekk 5.klasse. Dei er alltid
POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE
POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner
HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.
FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm. Møtet tok til kl.19.00 og var slutt kl.21.15. Innkallinga var sendt representantane
MØTEINNKALLING Tysnes kommune
Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 19.01.2015 Tid : 09:00 MØTEINNKALLING Tysnes kommune SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 1/15 15/37 LUNDE BARNEHAGE - UNDERVISNING I STORASTOVA
Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval
1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval skal ungdom i Hordaland ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement.
STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009
Revisjon. 2009 LAGSNAMN Laget sitt fulle namn er Stord Idrettslag (Forkorta til S.I.L) 1 FØREMÅL LOVHEFTE FOR Laget er sjølveigande og firttståande med berre personlege medlemmer. Laget sitt føremål er
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på
Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
Årsmøte i Øvre Guddal Storvald
Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 08.03.2017 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under møteboka
Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten
Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten 1. Føremål Studentidrettslaget Studentspretten skal arbeide for at treningstilbodet til studentane i Sogndal skal bli best mogeleg. Studentidrettslaget
Alt det lyse og alt det mørke
Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.
Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
Sluttrapport. VossaAktiv! Prosjektnummer: Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors. Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors
Sluttrapport VossaAktiv! Prosjektnummer: 2013-1-256 Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors Prosjektet er støtta av ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering med
Ordførar Rådmann Helse- og sosialsjef Sekretær
1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 18.09.2017 Tid: 11:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Arvid Ole Refvik Leiar Eva
ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT 2014. Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad
ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT 2014 Styret har vore samansett av : Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad Kasserar ; Edgar Grindheim * Styremedlem ; Lone Møller
LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING
SAK 32/12 LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING Saksopplysning (i grove trekk brev dat. 13.8.2012) I vedlagt brev dat. 13.8.2012 (vedlegg 1) frå prosjektgruppa for Prosjekt lokalmedisinske
Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009
Rogaland Mållag Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 INNKALLING TIL ROGALAND MÅLLAG SITT HAUSTKURS PÅ Styret i Rogaland Mållag vonar at mange målfolk vil ta seg tid til å møta på haustkurset. Me har sett
Informasjon og avtale om bruk av meiropne bibliotek i Lindås og Meland.
Informasjon og avtale om bruk av meiropne bibliotek i Lindås og Meland. Velkomen til meirope bibliotek! No kan du bruke biblioteket når det passar deg. Meirope bibliotek er tilgang til biblioteket når
ÅRSMELDING 2013 INTERESSELAGET FOR FARGA SPÆLSAU
ÅRSMELDING 2013 INTERESSELAGET FOR FARGA SPÆLSAU Årsmøte 2013. Interesselaget for farga spælsau hadde årsmøte på Mjonøy i Vinje i Telemark 2. 3. februar 2013. Det var tilstades 19 medlemmer frå Agder,
REFERAT FRÅ STYREMØTE 15.06.12. Bogstad gård
1 REFERAT FRÅ STYREMØTE 15.06.12 Bogstad gård Desse møtte: Styret og varamedlemmar var innkalla til møte. Styret: Øyvind Utgården, Inge G. Kristoffersen, Kjell Olav Kaurstad, og Finn Arne Askje Følgjande
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål
Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Namnet til Båtlaget er: Kinsarvik Båtlag Kinsarvik Båtlag sitt føremål er å samla båtinteresserte
Kap 1 Innleiande fastsettingar
Kap 1 Innleiande fastsettingar 1-1 Organisasjon og virkeområde Namnet til klubben er Kvam Hundeklubb, og vert forkorta til KHK. Klubben er sjølvstendig rettssubjekt og er å rekna som eiga juridisk eining.
Refleksjon og skriving
Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere
Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1
Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen
VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO
VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO Vi vil med dette ønske alle velkomen til vår skule/sfo. Vi ser fram til å verte kjent med dei nye barna som skal begynne på SFO, og håpar på eit godt samarbeid med dykk som
I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.
Kvinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 31.05.12 Kl.: 10.00 13.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 20/12 27/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Are Traavik
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
Årsmøteprogram APRIL
Årsmøteprogram 2018 6. 8. APRIL Velkomen til årsmøtet 2018! Vi samlast i Balestrand første helga i april for å markere at nok eit år er gjort unna. Vi skal gjere opp status på mykje god aktivitet i Røde
Elevundersøkinga 2016
Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer
Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS
Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget
AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS
AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. BARNEHAGE: Helland AVDELING: Kanutten FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: KVALITETEN I HENTESITUASJONEN ER GOD NÅR DEN VAKSNE: Legg til rette
Regnbogen Natur-og kulturbarnehage
Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane
Vedtekter for Revisjon
Vedtekter for 1 2 VEDTEKTER 1. Namn Laget sitt namn er: Eidesjøen Grendalag, stiftet 14.10.2002. 2. Føremål og verkemiddel 2.1 Føremålet til grendalaget er å fremja medlemmene sine felles interesser i
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav
UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.
Vedtekter for ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vedtatt på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den 0.0.0. Endra på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den.0.0. 1 Føremål Ungdomspolitisk
