Tevlingsreglement Maskinmjølking. Lausdrift Revidert av Øyvind Sogn og tevlingsnemnda i NBU våren 2014

Like dokumenter
Tevlingsreglement Maskinmjølking. Båsfjøs Revidert våren 2014

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

6-åringar på skuleveg

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

Brukarrettleiing E-post lesar

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Muligheter og utfordringer innen hygiene, kvalitet og helse i automatiske melkingssystemer

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Kollision-handbok. Paolo Capriotti Omsetjing: Karl Ove Hufthammer

Sogn og Fjordane Bondelag

PYELOSTOMIKATETER SLIK TAR DU VARE PÅ PP- KATETERET

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Å løyse kvadratiske likningar

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Lukkar, blendar, ISO. Innføring i teori Korleis utnytte dei kreativt. Arnold Hoddevik

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Jon Fosse. For seint. Libretto

Brukarrettleiing. epolitiker

OK, seier Hilde og låser.

JORDMORTEAMET PÅ HEIMEBESØK

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Økt 5; Effekt Introduksjon av økta Gruppe: Repetisjon av dei fire øktene Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Du er 45 år og sonen/dottera di er 16.

Nr. 20/152 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. juli 1999

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Refleksjon og skriving

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

UNIVERSITETET I OSLO

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Finnøy og Rennesøy kommunar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ein kald fisk. Nedbryting

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Skuleåret 2017/2018.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

Info til barn og unge

Biletbruk på nettet 1 2

GJERDERETTLEIAR. Godkjent i plan og miljøutvalet, , sak 84/19

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Store dokument i Word

HANDTRENING REVMATOID ARTRITT ERGOTERAPIAVDELINGA

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Drift av ein avlsbesetning. Gro Haraldsdotter Arneng og Gunnar Kværne Amundsen

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

Stemnehandboka for NKSF

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Å INFORMERE OG UNDERVISE PÅ EIGEN ARBEIDSPLASS. Berit Ullebust Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap

Månadsbrev for Rosa september 2014

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Transkript:

Tevlingsreglement Maskinmjølking Lausdrift Revidert av Øyvind Sogn og tevlingsnemnda i NBU våren 2014

REGLAR FOR NM I MASKINMJØLKING - FOR LAUSDRIFTSFJØS NBU arrangerer meisterskap i maskinmjølking. Arrangøren av tevlinga står fritt til å velje om det skal arrangerast i lausdrift- eller båsfjøs, alt ettersom kva for fjøs som er tilgjengeleg på staden. Tevlinga har fokus på handtering av dyret og mjølka, og fremmer mjølkeproduksjonen som fag. INNHALD Dømming s. 2 Arrangør s. 5 Tevlar s. 5 DØMMING Poengskala Poeng Vekt Maks poeng Førebuing av kyra (teknisk utføring) 1. - Kontakt med kyra - Avtørring av jur og spenar - Stimulering - Oppmjølking og kontroll av mjølka 0 10 3 30 2. Påsetjing av organet (teknisk utføring) 0 10 0,5 5 3. Sluttmjølking (teknisk utføring) 0 10 1 10 4. Avtak av organet (teknisk utføring) 1 10 0,5 5 5. Arbeidsordning 0 10 2,5 25 6. Tomgangsmjølking Inntil 10 poengtrekk 10 7. Kontrollmjølk Sjå tabell 15 Maks poeng 100 Ved mindre tevlingar kan ein for punkt 7 (kontrollmjølk), nytte ei skjønnsmessig vurdering. Førebuing av kua Det er viktig at tevlaren gjer kyrne merksam på at han kjem, slik at kyrne ikkje vert skremd. Juret skal reingjerast godt med faste, bestemte grep, og heile juret skal vera godt tørra. Det er viktig at spenane og særleg spenespissane vert godt avtørra. Det er ein fordel med våtvarm avpussing viss dette vert gjort rett dvs. at det vert brukt ein rein og fuktig, men ikkje våt, klut pr. ku. Og at juret er heilt tørt før mjølkinga tek til. Klutar skal vriast opp i 1

mjølkegropa, og tevlaren skal haldet kluten varm så lenge som råd. Tevlaren må ikkje blanda reine og brukte klutar. Avpussinga bør skje med rolege og bestemte tak. Etter avpussinga skal spenane oppmjølkast med minst 4 sprutar i prøvekoppen. Her vert det lagt vekt på at mjølkaren tek rett handmjølkingsgrep (trekk for stripemjølking) og at han kontrollerer mjølka når ho renn nedi prøvekoppen. Påsetjing av mjølkeorgan (teknisk gjennomføring) Det er viktig at tevlaren har ein god teknikk. Påsetjinga skal skje utan luftinnslepp, og skifte av grep. Tevlaren avgjer sjølv kva hand han held organet med. Påsetjinga bør skje så skånsamt som mogleg med eit grep om spenekoppen som gjev moglegheit for å styra spenen med tommel og peikefinger ned i spenekoppen. Det må ikkje førekoma at det vert ei vriding av spenen. Vidare bør tevlaren så langt som det er mogleg prøva å få eit naturleg strekk i organet. Det kan vera rett å trekkja organet noko framover med ein slangeholdar (servicearm) dersom det er tilgjengeleg i fjøset. Sluttmjølking Sluttmjølkinga startar når mjølkestraumen avtek. Sluttmjølkingsgrepa skal vera faste og bestemte, men dersom kyrne ikkje er vane med slike grep, skal tevlaren tilpassa styrken i grepa etter dette. Ein skal sjå etter at tevlaren tydeleg kjenner mjølkestraumen i juret, knip av for å hindre at mjølka ikkje strøymer opp i mjølkegangane igjen og samstundes lyftar juret opp. Unødvendige grep vert det trekt for. Sluttmjølking skal alltid utførast. Det er viktig som kontroll av jurhelsa, og for rask og fullstendig tømming, men grepa skal likevel ikkje vera for harde. Avtak av mjølkeorgan (teknisk gjennomføring) Ved avtak er det viktig at organet glir av, utan at enkelte spenar kjem i strekk. Organet skal løysast ved at tevlaren stenger av vakuum. Organet skal så falle rett ned og takast ut til sides. Viss organet ikkje slepper, kan det sleppast luft inn ved ein spene. Sentralen kan tømast med to kjappe luftingar. Arbeidsordning Under førebuinga av mjølkinga dømast avpussing og reingjering av kyrne, kontroll av maskina og naudsynte hjelpemidlar. Vidare dømer ein korleis tevlaren går fram i arbeidet, rekkefylgja av kyr som skal mjølkast, førebuing og påsett, sluttmjølking og avtak til rett tid. Tevlaren skal vera konsentrert og syne ein effektiv arbeidsrytme. Dersom tevlaren har hovudet inn under innreiinga eller kua sin mage, er dette ein farleg arbeidssituasjon, og fører til poengtrekk. Unødvendig trafikk ved kyrne skal unngåast. Påsetjing før kyrne gjev ned skal straffast. Tomgangsmjølking Tomgangsmjølking må ikkje skje, og straffast etter dommar si vurdering med inntil 10 poengtrekk. Kontrollmjølk Kontrollmjølka målast for kvar ku og poenga finst i etterfølgjande tabell. Summen av poenga dividerast med det talet kyr som finst i gruppa. Ved kontrollmjølking skal ein ikkje massere 2

juret, men berre ta ut det som er att i jur og spenecisterne. Det bør trekkjast ekstra når mykje av kontrollmjølka er i ein spene. Poeng for kontrollmjølk pr. kyr inkludert vekstfaktor: Poeng Poeng 0 300g 15 650 700g 10,9 300 350g 14,8 700 750g 9,8 350 400g 14,5 750 800g 8,6 400 450g 14,1 800 850g 6,9 450 500g 13,6 850 900g 4,5 500 600g 12,4 900 < 0 600 650g 11,7 Dømming Av omsyn til dyr og tevlar bør dommaren vente med å sette poeng på tevlaren til tevlinga er slutt. 3

ARRANGØR Ved større tevlingar bør kvar tevlar mjølke 6 kyr, og ikkje mindre enn 4. Maskinane skal ha ny spenegummi og pulsatorane skal vera justert før tevlinga tek til. Avtakarar skal koplast ut, og mest mogleg ekstrautstyr skal fjernast eller skjulast. Ved mindre tevlingar bør ein òg ha 4 kyr pr. tevlar. Dersom det er mogleg for røktar/arrangør å ha informasjon om kalvingsdato og dagsavdrått, kan tevlarane få beskjed om dette, det same gjeld informasjon om kyrne er snøgge (raske), middels, seine, skeivmjølka og liknande. Det bør vera 2 tevlarar i mjølkegropa til ei kvar tid, og kven som skal mjølka når, vert avgjort ved loddtrekning. Tevlarar som ikkje mjølkar, skal halda seg utanfor mjølkeområdet. Det bør vera 2-3 domarar, og desse bør ha høve til å bevega seg fritt. Det skal vera ein (1) medhjelpar til å skifte vatn på jurklutar og ettermjølke. Dette bør vera vande mjølkarar som har trening i handmjølking. Av materiell trengst gjennomsiktig måleglass for kontrollmjølking, ei bøtte med jurklutar til kvar tevlar, prøvekoppar, proppar/pluggar (3 pr. organ), dømeskjema, skrivepapir og skriveunderlag. Kvar tevlar bør ha tilgang til ein grovbørste til å reingjera jur/lår før mjølkinga og ei lita skyfle med kort skaft til å moka bort lort som kjem i stallen. Arrangøren har ansvar for at temperaturen på vatnet til jurklutane er tilfredstillande, og at dei naudsynte hjelpemidla er tilstade. Videofilming av tevlinga føregår dersom det er mogleg under Noregsmeisterskap. Det er då NBU sentralt som er ansvarleg for utstyr og filming. Dersom det er mogleg med videooverføring til eit anna rom som er ope for tevlarar, domarar og publikum, er dette ynskjeleg. Det er òg ynskjeleg at domarkritikken føregår i eit rom med videoutstyr, slik at tevlaren kan sjå si eiga mjølking i etterkant. TEVLAR Prinsippa for maskinmjølking Mjølka strøymer ut av spenane når trykket av mjølka inne i spenen vert så mykje høgare enn lufttrykket utanfor speneopninga at spenekanalens stengemekanisme (ringmuskelen) må gje etter for overtrykket. Ved handmjølking lagast den naudsynte trykkforskjellen ved å auke trykket inne i spenen med handgrepet, slik at mjølka pressast ut. Ved maskinmjølkinga lagast trykkforskjellen ved å senke trykket utanfor spenen. Mjølka vert då sugd ut ved hjelp av vakuum (undertrykk). Mjølkestraumen aukar med stigande vakuum opp til ei viss grense. Då vi ynskjer rask jurtøming, er vi interessert i så høgt vakuum som mogleg ved spenen. Men aukast vakuumet over 46-48 kpa vil spenekoppane lett krype opp og stenge for mjølkestraumen, samstundes vil spene- og jurvevet verte skada. Vert suget for sterkt og langvarig, oppstår det blødingar og slimhinnebristar som kan føre til infeksjonar og mastitt. Særleg kan skadane vert store når mjølkestraumen er liten eller heilt har stogga (tomgang). For å motverke slike skadar må spenane masserast med jamne mellomrom, slik at vi får ein mjølkefase og ein massasjefase. Mjølkefasa skal ikkje vara lenger enn 0,7 sek. Naudsynt lengde på massasjefasa er avhengig av kor effektiv massasjen vert utført. Det er spenegummien som utfører sjølve masseringa, medan pulsatoren regulerer vekslinga mellom mjølke- og massasjefasa. 4

Spenekopp A er i mjølkefasen. Her er det vakuum både i mjølkekammeret (3) og i pulseringskammeret (2). Spenegummien er trekt ut frå spenespissen på grunn av sin elastisitet og oppstramming, og spenekanalen (1) kan opnast og mjølka strømmer ut. Spenekopp B er i massasjefasen. Her slepp pulsatoren luft med atmosfæretrykk inn i pulseringskammeret mens det fortsatt er vakuum i mjølkekammeret. Dette gir 0,5 atmosfære større trykk i pulseringskammeret enn i mjølkekammeret, og spenegummien presses saman slik at spenekanalen lukkes. Mjølkestrømmen vil stanse og spenen massert. Dess betre juret vert tømt, dess høgare vert kyras yting. Storparten av mjølka finst i alveolane (mjølkeblærene). I eit høgtytande jur er minst 80 % av mjølka i alveolane, medan knapt 20% er i cisternene. Ved mjølking gjeld det difor fyrst og fremst å få tømt flest mogleg av alveolane. Med god jurtøming meiner ein at minst 85% av alveolane vert tømt. Det gjer mindre om der er att litt mjølk i cisternene. Alveoler som ikkje vert tømt ei viss tid etter at dei er fylt, har lett for å sine (lata av). Det betyr at ei kyr som vert dårleg utmjølka ved fleire mjølkingar, sinar for tidleg. Jurets oppbygging og verkemåte Mjølka vert lata i millionar av små mjølkeblærer (alveoler). Frå desse går det tronge mjølkegangar som heile tida går over i større gangar før dei munnar ut i jurcisternen og vidare ned i spenecisterna gjennom ein relativt trang port med fleire slimhinnefoldar. Frå spenecisterna skal mjølka gjennom spenekanalen, som er omgjeven av ein ringmuskel som held kanalen lukka mellom mjølkingane (sjå fig. 1). Det vert laga mjølk i alveolane heile døgeret. Etter kvart som alveolane vert fulle, vert det eit overtrykk som hindrar vidare produksjon. Vert dette trykket for høgt, stoppar produksjonen heilt. Dersom denne stopp varer for lenge, vil alveolane gå ut av produksjon og kyra sinar for tidleg (dette vert brukt ved tvangsavlating). For å få maksimal yting må juret tømast før dette skjer. Undersøkingar har synt at det for høgtytande kyr ikkje bør gå over 14 timar mellom mjølkingane. 5

Figur 1 viser juret i to fasar A. Før mjølking: Alveolane er fulle og mjølkegangane er samantrekt. B. Under mjølking: Alveolane blir presset saman og mjølkegangane er opne. Nedgjeving av mjølka For å få tømt alveolane må kyra "gje ned". Dette er ein prosess som skjer i to fasar. Fyrst utvidar mjølkegangane seg og så pressast mjølka ut av alveolane. Det vert då eit overtrykk i nedre del av juret - spente spenar og bulka bakjur. Når dette skjer, må vi få mjølka ut så snart at nedgjevinga ikkje hindrast av oppfylling i cisternene. For å få kyra til å gje ned må vi stimulere dei, og måten stimuleringa gjerast på har mykje å bety for nedgjevingseffekta. Kyra vert stimulert til nedgjeving av lyd ho forbinder med mjølking (start av vakuumpumpe, skramling med spann m.m.), men sterkast stimulering vert det når vi tek på juret og spesielt spenane jamfør kalvens sleiking). Når vi masserer jur og spenar, går det ein nerveimpuls til eit nervesenter i ryggmargen. Derifrå går det straks ein nerveimpuls attende til muskelcellene rundt mjølkegangane, slik at desse vert slappe og mjølkegangane opnar seg. Dette skjer allereie etter 10-15 sekundar (fig.2). 6

Figur 2. Første fase av nedgjevinga. På same tid går det ein impuls til hjernevedhenget (hypofysen) som stimulerer produksjonen av hormonet oxytocin, som via blodet førast til juret og påverkar muskelcellene rundt alveolane slik at desse trekkjer seg saman og pressar mjølka ut (fig. 3). Figur 3. Andre fase av nedgjevinga. Verkinga av oxytocinet kjem fyrst ca. l min. etter at massasjen er starta (noko før i fyrste del og noko seinare i siste del av laktasjonen). Med kvar stimulering vert det utskilt berre ei viss mengde oxytocin som vert brote ned i blodet i løpet av 6-8 min. Størst oxytocinverkning og sterkast nedgjeving er det 2-4 min. etter stimulering, og den avtek sterkt etter 6 min. Dette varierer nok frå kyr til kyr avhengig av arvelege anlegg og tid i laktasjonen. Om kyra vert skremd eller føler smerte (t.d. når mjølkemaskina vert sett på) kan ho "halda mjølka", det vil sei at nedgjevinga stoppar. Det som då skjer, er at mjølkegangane innsnevrast så sterkt av mjølka ikkje kan pressast gjennom dei. Av dette forstår vi at førebuing av kyra og uroing av den under mjølking har stor innverknad på kor godt juret vert tømt. Set vi på maskina for tidleg, får vi berre ut den mjølkeskvetten som er i cisternene og 7

det kan verte tomgang - med vevskade og smerte for kyra - og nedgjevinga stoppar (fig. 5). Men det er like gale å vente for lenge med å sette på maskina, då risikerer vi at så mykje oxytocin vert nedbrote at vi ikkje får tømt alle alveolane. Dette kan føre til at kyra venjast til sein jurtøming og til at dei sinar for tidleg. (fig.6). Fyrst i laktasjonen fyllast jurcisterna svært fort og det vil være rett å sette på maskina allereie ca. eitt minutt etter at stimuleringa starta. Etter kvart som produksjonen avtek i siste del av laktasjonen kan det difor være rett å vente både to og tre minutt etter at stimuleringa er starta, før maskina vert sett på. Les også gjerne i boka "Melking og melkestell" av Olav Østerås og Terje Alfsnes Landbruksforlaget. Figurar, mjølkekurvar Figur 4. Ideell mjølkekurve 8

Figur 5. Mjølkekurve ved påsetting utan stimulering. Figur 6. Mjølkekurve ved for sein påsetting av mjølkeorganet. 9

Mjølkingsarbeidet Mjølkingsarbeidet kan delast inn i fylgjande arbeidsoperasjonar: 1. Førebuing av kyrne 2. Tilpassing 3. Påsetjing av maskina (teknisk gjennomføring) 4. Sluttmjølking 5. Avtak av maskina (teknisk gjennomføring) Det gjeld å mjølke den enkelte kua på beste måte, samstundes som ein vil ha arbeidet raskt gjort. Skal ein oppnå begge deler, må ein finna fram til ein hensiktsmessig arbeidsrutine. 1. Førebuing av kyrne Kontakt med kua: Det er eit karakteristisk trekk med alle pattedyr, at mora er avslappa og roleg når ho vert patta. Dette må sjølvsagt også gjelda for kua når ho vert mjølka. Ein dyktig mjølkar varslar alltid kua i det han nærmar seg henne, og han vil alltid ha ei roleg atmosfære ikring mjølkinga. I det ein går nær kua, legg ein ei hand på foten/låret på kua. Elles må ein finna ein måte å stå på slik at ein alltid er i kontakt med kua på ein behageleg måte. Dersom tevlaren har hovudet inn under innreiinga eller kua sin mage, er dette ein farleg arbeidssituasjon, og fører til poengtrekk. Avpussing av jur og spenar, stimulering av kua: Av omsyn til stimuleringa, brukar ein varm, godt oppvridd klut. Ein legg kluten i den handa som vender mot kua. Med lange drag pussar ein av sidene på juret, og rundt spenane. Deretter brukar ein den reine sida av kluten og pussar (masserer) spenetuppane. Ein kan gjera dette på to og to spenar samstundes ved å bruka båe hender. Oppmjølking og kontroll: Ved oppmjølking opnast spenekanalane, stimuleringa styrkast, og ein får jamnare mjølkestraum frå alle kjertlar. Dessutan får ein ut eventuelle bakteriehopar i speneopninga, samstundes som ein får kontrollert mjølka. Ved mastitt er det ofte slintrer i dei første straumane. Ein tek ut nokre (minst 4) straumar frå kvar spene. Avpussing, stimuleringsmassasje og oppmjølking skal ta ca ½ minutt. Førebuing av kua er mjølkaren si viktigaste oppgåve. Dess betre stimulering, dess raskare jurtøming. 2. Tilpassing Maskina skal ikkje setjast på før kua gjev godt ned. Teikn på at kua gjev godt ned er spente spenar og utbulking av bakjuret. Tida, som går frå ein startar til kua gjev ned, vil variera avhengig av kvar i laktasjonen kua er. For nybære og høgtytande kyr går det 1 2 minutt, medan det mot slutten av laktasjonen kan gå 3-4 minutt. Det er mjølkaren si oppgåve å tilpassa denne ventetida for kvar ku slik at mjølkinga går uavbrote. Beinstillinga til kua avgjer om det kan setjast på eller takast sluttmjølkingsgrep rundt låret. 3. Påsetjing av maskina (teknisk gjennomføring) Når ein kjem med mjølkemaskina bør ein varsle kua, ein skal hugse på at kua vil utløyse ein forsvarsreaksjon ved plutseleg berøring. Dette kan stoppe nedgjevinga. For dei fleste er det naturleg å halde organet (sentralen) i den handa som er nærast kua. Sentralen bør haldast 10

vassrett, slik at alle niplar er stengt. Vert det sleppt luft inn i maskina, vil vakuumet falle. Dette kan irritere kua samstundes som det vert suga inn smuss og bakteriar. Det er mest rasjonelt å føreta påsetjinga utan å skifte grep på sentralen. Ein grip om spenekoppen så langt oppe at tommel og peikefinger er fri til å styre spenekoppen. Pass på så spenen ikkje vert vridd. Ein set på spenekoppane i fast mønster som ein sirkel, og startar med spenen som er lengst borte. Maskina skal setjast forsiktig på, samstundes må ein ikkje sleppa inn luft. Ein bør såleis ikkje sleppa sentralen for brått, då han kan gje eit rykk som kua reagerar på. Dette gjeld særleg kviger, der ein kanskje bør halda under sentralen ei tid ved dei fyrste par mjølkingane. Det er i det heile teke viktig at den nybære kviga får ein fin start på mjølkinga. Det er på dette tidspunkt ein skal læra opp kua til gode mjølkevanar og legga grunnlaget for eit godt jur. Når maskina er sett på, skal mjølka strøyme med det same. 4. Sluttmjølking Ved sida av førebuinga av kua for mjølking, er avslutninga svært viktig. Målet er å få fullstendig jurtømming, utan tomgangsmjølking. Så lenge mjølkestraumen er god frå alle spenar, bør ein lata maskina arbeide i fred. Sluttmjølkinga består i fyrste rekkje av jurmassasje. Når mjølkestraumen avtek kan ein få auke han med jurmassasje, slik at ein får korta ned påsetjingstida for maskina. Kva tid jurmassasje skal starte, må tilpassast den enkelte kua. Før ein startar jurmassasje skal ein syta for at organet er i rett stilling i forhold til jurets form og speneplassering. Dersom juret er baktungt bør sentralen førast litt opp og fram. Dette kan gjerast ved at ein legg slangane i ein slangehaldar/servicearm som ein ofte finn i lausdriftsfjøs. Jurmassasje skal utførast med flat hand og med jamt trykk. Hendene førast frå jurbasis ned mot jur- og spenecisterne. Ein kan då kjenna at det dannar seg ei pute med mjølk framfor hendene. Når ein kjem ned mot spenane klemmer ein saman jurcisternene og lyftar litt opp. Då kjenner ein at mjølka forsvinn. Ved sluttmjølkinga må ein ikkje trykkja eller dra i sentralen. Ein skal hugse at spenane er svært væskefylte og toler lite i denne fasa av mjølkinga. Med å dra og trykkje på sentralen, aukar ein presset på spenen og ein risikerar å skade dei fine slimhinnene i spenen. Jurmassasje gjev den merksame mjølkar gode moglegheiter til å unngå tomgangsmjølking, setje ned mjølketida, redusere jurslitasjen og få ei fullstendig tøming. Dessutan er det ein god jurkontroll. Eit problem er skeive jur, og då særleg om det er ein enkelt kjertel som tømast mykje raskare enn dei andre. Mjølkaren kan då avpasse massasjen etter kor det er mest mjølk, og hjelpa kua til å verta tom på alle kjertlane samstundes. Greier ein ikkje dette må ein av spenekoppane til den tome spenen og stengjer den ved å bruke propp (blindspene).dette kan gjerast samstundes som ein tek jurmassasjegrep. Når ein så kjenner at ein spene er tom, klemmer ein av vakuumet i den korte mjølkeslangen med den andre handa. Det er ikkje verd å bruke meir enn 30 sekund til massasje. Til dei fleste kyr, er det nok med 10 sekund. Ein skal ta massasjegrep på alle kyr for å få kontrollert juret. 5. Avtak av maskina (teknisk gjennomføring) Når ein skal ta av mjølkemaskina, tek ein den eine armen rundt organet og stengjer vakuumet med andre handa. Organet vil då falle ned i den armen som held. Ein må aldri trykkje eller strekkje organa av, då det vil skade spenane. Slangane takast ut av ein eventuell slangehaldar eller servicearm. Ein skal unngå mjølkesøl, organet kan vendast i mjølkegropa, eller ein kan tøme sentralen med 2 kjappe luftingar 11