ÅRSPLAN FOR ULVESETH BARNEHAGE BARNEHAGEÅRET 2014 2015



Like dokumenter
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSPLAN ULVESETH BARNEHAGE

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Informasjonshefte Tuv barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

Månadsbrev for Rosa september 2014

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Avtaleerklæring Barnehage foreldre. Sørreisa kommune

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkommen til foreldremøte

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vetlandsveien barnehage

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Staup Natur- og Aktivitetsbarnehage

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Barnehagen mål og satsingsområder.

Nesodden Frivilligsentral, Hilda Magnussens vei 1, 1450 Nesoddtangen Tlf: / , E-post:

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Årsplan for Sjøstjerna barnehage

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

PLAN FOR FØRSTE HALVÅR

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Årsplan for 2013/2014

Månadsplan for Hare November

Alna Åpen barnehage - Tveita

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Til deg som bur i fosterheim år

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Blåbærskogen barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Periodeplan for HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være. (Årsplan for Leksdal barnehage)

Virksomhetsplan

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Barnehagebruksplan

Halvårsplan for INNSET BARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

VERDIGRUNNLAG OG PEDAGOGISK PLATTFORM FOR SYKEHUSBARNEHAGEN.

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Plan for overgangar. for barn og unge

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Du må tru det for å sjå det

LOFTHUS FAMILIE- BARNEHAGE

Transkript:

ÅRSPLAN FOR ULVESETH BARNEHAGE BARNEHAGEÅRET 2014 2015 VI STARTAR MED SATSINGSOMRÅDE FOR ÅRET: I barnehageåret 2014 2015 vil vi i Ulveseth barnehage ha særleg fokus på realfag; antal, rom og form, natur, miljø og teknikk. Temaet vil vere ein raud tråd gjennom heile barnehageåret og er hovudfokus både i aldersdelte grupper og i søskengruppene avdelingsvis. Barna skal gjere seg erfaringar innanfor området der vi skal ha ei forskande tilnærming; «Kva skjer viss...». «Kva må eg gjere for å klare..». Barna skal vidare få kjennskap til / gjere seg erfaringar med ulike omgrep innanfor området. Barna er tidleg oppteken av tal og teljing. Dei utforskar rom og form, argumenterar og er på leit etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna matematisk kompetanse. Dei vaksne i barnehagen skal oppmuntre utforskinga (vere på leit saman med barna). I tillegg skal dei legge til rette for tidleg og god stimulering. Slik vil barna gjere seg erfaringar med tal og teljing: Måle storleikar med eigen kropp og bli kjend med måleband Målehjelpemiddel i samband med matlaging og teljing ved dekking av bord. Ulike spel med teljing, system, fargar og former Byggjeklossar; former, tal og fargar I estetiske fag som gir rom for systematisk bruk av fargar, tal, samanhengar og ulike uttrykk Bli merksam på kva vi kan telje og korleis vi kan telje. Merksam på samanhengar i naturen (1 måne, 1 sol, mange stjerner, dråper på vindu, trær, kongler m.m. Gjere seg erfaring med nye omgrep 1

Dei vaksne skal: Vere meir bevisst i ordbruken rundt temaet i alle rutinesituasjonar, i aktivitet på kjøkkenet og på turar ute. Saman med barna skal dei «oppdage» dei matematiske fenomena, bruke omgrep bevisst, og med eigen entusiasme sette fokus på og gjere det interessant for barna. «Å vere nyskjerrig saman med barna» vil vere avgjerande for at barna skal finne glede og interesse rundt området. Rom og form: Lage hytte av kartong og tepper, store klosser og puter; Kva skal til for å konstruere dette? Vi må gjere oss liten i små rom og kan strekke oss ut i større rom. Kor mange er det plass til? Samarbeid og logistikk Bli kjent med ulike former både i litteratur (bildebøker), i barnehagen (inne og ute) og på tur i naturen. Skape former i ulikt materiale; modellerkitt, snekring, maling og leire / trolldeig. Snø (viss vi er heldig!) Løyse ulike konstruksjonsoppgåver med ulike former på klosser og anna byggemateriale. Måle nedbør i ulike former og storleikar (kor mange små bøtter med regnvatn i ei stor bøtte med regnvatn). Dei vaksne skal: Vere på leit saman med barna etter ulike former Vere nyskjerrig saman med barna, men la dei teste ut ulike metoder på eigen hand. Vere bevisst i bruken av omgrep. 2

Legge tilrette for at barna får utforske rom og form; Utstyr skal vere tilgjengeleg og interessant. REALFAG handlar og om å finne ut av praktisk tekniske utfordringar; Korleis få sykkelen opp frå grøfta Kva må vi gjere for å rekke opp til.. Veging; kva må vi gjere for at vektskåla skal ligga på det jamne? Hjelpemiddel til å løfte tungt(?) Der eigne krefter ikkje er godt nok. I leik med vatn; Kva flyt og kva sekk til botn? Kvifor skjer det? Korleis og kor tid blir vatn til is? Uvikling; Frå å teikne noko på ark bygge det i lego (eller anna materiale) til å teste det ut i røynda. Fokus på «frå ide til virkelighet». Måling av tid; Vi kan lett bruke klokke (konkret hjelpemiddel), men og finne andre måter å måle tid på; Samanlikne tid med ulike typer aktivitet. Dei vaksne skal: Ressonere og undre seg saman med barna og stimulere til å bruke språket som reiskap for logisk tenkning Igjen vere bevisst sin eigen bruk av omgrep. La barna teste ut ulike forslag, utan at ein på førehand fortel kva som er «rett og galt». Oppsøke situasjonar saman med barna som kan vekke undring og nyskjerrighet. Vere bevisst på å gjere barna merksam på ting. La barna erfare den gode kjensla av meistring ved å la dei bruke tid til undring og prøving. Oppsøke naturlege situasjonar for undring og utprøving. Men og tilrettelegge for; skaffe ulike materiale, vekke interesse hos barn og vere budd på at ein prøver ut ulike ting vaksenstyrt. Personalet skal vere bevisst på dokumentasjon, biletebruk og tekst. 3

Barnehagen er dreven etter følgjande rammer fastsatt i lov om forskrift: *Lov om barnehagar Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet. Verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. *Rammeplan for barnehager *Vedtekter for kommunale barnehager. I vedtektene til barnehagen finn de meir om formålsparagraf, eigartilhøve, drift og forvaltning. Opningstid, ferie og permisjon. Opptak og opptaksreglar. Gruppesamansetjing og arealutnytting. Mat, fastsetjing av foreldrebetaling. Internkontroll og forsikring. I mål og strategiplan for dei kommunale barnehagane finn de meir informasjon om kva dei kommunale barnehagane har som felles målsetjing for arbeidet i barnehagen. 4

Telefonnr til barnehagen: Hovudnr: 55096876 Kontor: 55096876 Avd Sør: 55096881 Mobil: 97122171 Avd Sol: 55096882 Mobil: 97511153 Planleggingsdagar: Barnehagane i Fjell har fem planleggingsdagar i året. For inneverande barnehageår er det følgjande dagar: Mandag 11 august 2014 Fredag 7 november 2014 Fredag 2 januar 2015 Fredag 6 februar 2015 Fredag 15 mai 2015 5

Dagsrytme: Kl 7.00 Kl 8.30 Kl 9.00-10.00 Kl 10.00-11.30 Kl 11.30 Barnehagen opnar. Vi vektlegg ein roleg start på dagen Frokost; Vi tek oss god tid ved frokostbordet; Kva har vi gjort på sidan i går? Kva skal denne dagen innehalde? Frileik ute eller inne. Kvar tirsdag har vi felles sangstund, der avdelingane møtast på midten. Dei fleste dagane er det samlingsstund kl 10.00. Den kan innehalde; song, rim og reglar, ei pratestund, dramatisering og temaarbeid. Etter samling er det ulike aktivitetar i barnegruppene. Det kan vere; turar, forming, dramaleik, trim / dans til musikk, språktrening, høgtlesing og nokre gongar baking. Dei minste har uteaktivitet i løpet av denne tida. Kvar onsdag vert barna inndelt ette alder på tvers av avdelingane Vi gjer oss klar til å ete lunsj; toalettbesøk og handvask. Ei lita sangstund i garderoben mens vi ventar på kvarandre. 11.45-12.15 Smørelunsj fire dagar i veka og varm lunsj ein dag i veka. Inneverande år er det varmlunsj om fredagen. Er det fint ver et vi gjerne lunsj ved borda på uteplassen eller i skogen bak barnehagen. Nokre gongar et turgruppene maten sin ute og kjem ikkje heim til lunsj. Kl 12.30-14.30 Uteleik; Vi nyttar både leikeplassen og områda rundt barnehagen i utetida. Barna skal oppleve glede av å vere ute i all slags ver og vi er avhengig av at dei har høvelege klede tilpassa det ver og den årstid vi er i. Kl 14.45-16.30 Barna får servert frukt. Medbrakt matpakke. Frileik ute / inne til dei vert henta. 6

Barnehagen sin visjon, hovudmål. Livet i barnehagen skal vere både spanande, kreativt og utfordrande. Det er viktig at barn kan finne ro og tid til eigenaktivitet og å få stimulert deira trong til fysisk aktivitet. Samspelet mellom barn og oss vaksne er svært viktig for korleis barna sin kvardag blir. Derfor legg vi stor vekt på å gi barna ei god tilvenning når dei byrjar i barnehagen. Dei skal knyte gode band til sin primærvaksen i første omgang. Etter kvart og til dei andre vaksne på avdelinga. Dette ser vi gjer at barna vert fortare trygg i barnehagen. Alle barna er ulike og det er derfor naudsynt at vi tek omsyn til individuelle behov, samtidig som barna skal kunne lære å innordne seg i ei gruppe med fleire barn. Dette krev sosial kompetanse, og dette er det viktig at barna lærar seg. Derfor er «det å kunne vere saman med andre» ein viktig kunnskap vi vil prioritere å gjere barna best mogleg på. Sosial kompetanse er ein av grunnsteinane i vår pedagogiske plattform. Dette er noko vi alltid vil kome attende til. Sosialt kompetente barn: Får lett vener fordi dei tek omsyn til og tek kontakt med andre på ein grei måte. Kan sjå og forstå andre sine perspektiv, tankar og kjensler. Deltek i leik og finn si rolle Finn glede i å glede andre Ventar på tur og lyttar til andre Inngår kompromiss i konfliktsituasjonar og leik. Ved å utvikle den sosiale kompetansen ønskjer vi å fremje ei positiv sjølvkjensle hos det einskilde barn. 7

Barnehagen kan tilby: Tema / tradisjon MÅNAD TEMA TRADISJON Januar Februar Vinter -leik i snø -mat til småfuglane Førebuing til karneval og fastelaven Mars Vår Påske nytt liv Så frø, rydde og koste Dyr om våren Tilvenning av evt nye barn og vinteraktiviteter Fastelaven(sris)-og bollar Karneval Avtale om fadderordning ved Ulveset skule. Besøk av elevar frp 4 klasse Mai 17 mai markering Aktivitetsdag med tradisjonalle 17 maileikar Går i tog med skulen Juni Juli August September Oktober November Desember Sommar; Avslutningstur for Naturvettene. Besøke skule og SFO Tilvenning av nye barn, bli kjend med barnehg. Nye barn og foreldre Meg sjølv, rutiner og regler. Haust-kva skjer i naturen? Barn i andre land -ulikskap/likskap Advendt, førebuing til julehøgtida Sommarfest, nokre gongar blåtur med borna. Eigen «sommarkalender» med forslag til aktivitet/tema i sommarbarnehagen Startsamtale med nye foreldre. Fokus på barn sin medverknad i høve til felles reglar i bhg. Hauste grønsaker, frukt/bær. Foreldremøte Besøk av 1 klasse Forutaksjon (med nokre unntak) Adventstund Luciafeiring Nissefest Barnehagegudsteneste Juleverkstad 8

Bursdagsfeiring Her i barnehagen har vi gode tradisjonar på å snakke vel om kvarandre. Når barna har bursdag er vi ekstra merksam på dette Bursdagsbarnet får sete i «den gode stolen» med fløyelsteppe og krone på hovudet. Etter tur får dei andre barna seie gode ting om / til bursdagsbarnet. Dette vert notert ned og tatt vare på i permen til barnet og i lag med bilete frå dagen. Vidare får bursdagsbarnet velge mellom fruktfat og smootie som blir servert til alle. Det blir og ei lita samlingsstund der den som har bursdag får velge sine favorittsongar. Vi syng bursdagssong og sender opp «raketter» som sei noko om kor mange år barnet blir. 9

Danning «I danning inngår oppseding som ein prosess der vaksne både leier og rettleiar neste generasjon. Gjennom oppseding og danning blir verdiar, normer, tankar og uttrykks og handlingsmåtar vidareførte, endra og forhandla om». Rammeplan 2.1. Dei vaksne i barnehagen skal rettleie barna i vekslinga mellom samfunnsnormer, sosiale krav og eigen veremåte. Sentrale verkemiddel finn ein m.a. i barnehagen sitt kontinuerlege arbeid med sosial kompetanse og i arbeidet med DUÅ (dei utrulege åra). Startsamtalen er no godt implementert i barnehagen og gir eit godt grunnlag for samarbeid med heimen i arbeidet med danning. Vidare samarbeid har sin plass i foreldresamtalar, foreldremøter og i dagleg møte ved henting og bringing. I arbeidet med danning i barnehagen skal barna få erfaring med: Å bli høyrt; Dei er ei viktig stemme i korleis dei ønske å ha det i barnehagen. Barnet skal oppleve at dei vaksne er aktive lyttarar og at dei får ta del i tilrettelagde smågrupper, slik at det er rom for refleksjon og diskusjon. Dei skal få vere med å bestemme kva reglar vi må ha i barnehagen. Refleksjon rundt kvifor vi må ha reglar og kva som skjer når vi bryt desse reglane. Målet er at barna skal kjenne eit reelt medansvar for korleis vi vil at det skal vere i barnehagen. Barna skal bli med på å ta godt imot nye barn; Her skal barna sine eigne erfaringar danne ein del av grunnlaget for korleis nye barn vert mottatt; «Kva hugsar eg frå då eg begynte i barnehagen?» «Kva trur du det nye barnet vil synes er kjekt og korleis vil eg at at andre skal vere mot meg?». Sist men ikkje minst skal dei vaksne vere gode rollemodellar for barna; Dette inneber m.a. respekt, empati, omsorg og mentalisering (kunne sette seg inn i andre sin situasjon). Det kan ikkje gjentakast ofte nok; ;Barna speglar seg i den vaksne sine auge». 10

Omsorg, leik og læring «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling». Barnehageloven 1 Formål, 1.ledd, første punktum. Omsorg Barn har rett til omsorg og skal møtast med omsorg. Omsorgen skal vere individuelt tilpassa og den skal prege samspelet dei vaksne har med kvart einskild barn. For å ha eit best mogleg utgangspunkt har vi alltid ein startsamtale der foreldra har høve til å informere barnehagen om korleis livet til barnet er og har vore fram til barnehagestart; Særlege omsyn å ta og viktig kunnskap om barnet, gir barnet ei trygg plattform ved oppstart og personalet kan meir tilpasse omsorgen etter barnet sitt behov. Ein omsorgsfull relasjon skal vere prega av vilje til å lytte, nærleik, innleving, evne og vilje til samspel. Her skal personalet nytte alle rutinesituasjonar og aktivitetar til å vere tilstadeverande og syne interesse for barna. God omsorg gir barna: Auka tillit til seg sjølv Auka tillit til andre Gode relasjonar til seg sjølv og andre Godt grunnlag for læring Tryggleik Sosial kompetanse 11

Leik «Barnehagen skal gi barn mulighet for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter i trygge og samtidig utfordrende omgivelser.» Barnehageloven 2 Barnehagens innhold. Leiken er ein viktig del av barna sitt liv; vennskap vert danna og opplevingar bearbeida. I Ulveseth barnehage skal leiken ha ein sentral plass. Det omfattar både frileik og tilrettelagd leik. Leiken er sentral og mangfaldig og inneheld fleire faktorar som stimulerer barna i deira utvikling: Utviklar forståing og samhald på tvers av både språk og kultur Barnekultur vert vidareført og utveksla mellom barna Barna lærar seg ulike spelereglar og oppøver sosial kompetanse Barna opplever stor grad av meistring Fantasien vert vidareutvikla og barna er hovudregissøren i balansen mellom fantasi og røyndom. Barna får bearbeida gode og vonde opplevingar og kan få ei ny forståing av korleis ting i kring dei fungerar. Språkstimulering I leiken kan den vaksne både vere deltakande og observerande. Hovudmålet med det er å støtte opp om dei barna som evt har vanskar med å kome inn i leiken; «Å leike er eit mål i eg sjølv». Den vaksne kan her vere: Støttande / rettleiande Forebyggjande i høve til å reflektere saman med barna rundt det å leike i lag; «Kva liker eg å leike kva kan eg bidra med i leiken korleis trur eg 12

dei andre vil at eg skal spørje når eg vil vere med sjølv ta initiativ til å invitere barn inn i leik» Den vaksne kan vere eit førebilete og setje i gong leik; Gi rom for frileik og tilrettelegge for at det får den største plassen i barnehagen. Læring Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger». Barnehageloven 1Formål,2.ledd Læring er prega av samspelet mellom barn og personalet. Dei vaksne skal ha eit aktivt forhold til læringsprosessane i barnehagen; Dei skal tilrettelegge for planlegde læringsprosessar og dei skal ta vare på verdien av læring som skjer i daglege rutinesituasjonar og ulike aktivitetar. I Ulveseth barnehage skal barna få oppleve læring gjennom: Tid til refleksjon og samtale saman med andre barn og vaksne Få høve til å utforske / finne ut av ting dei lurar på Å bli møtt på ein god måte av personalet (støttande, vere nyskjerrig saman med barna). Dele kunnskapen sin og vekkje interesse hos barna. Knyte dei sju fagområda opp mot både den formelle (planlagde) og den uformelle læringa. Ta vare på her og no situasjonane saman med barna og omsette dei til undring, leik og læring. 13

Sosial kompetanse «Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering» Barnehageloven 1Formål,3.ledd Sosial kompetanse er grunnmuren og den pedagogiske plattforma til barnehagen. Vi nyttar mykje av metodane frå barnehageprogrammet «dei utrulege åra» (duå). Den vaksne som førebilete er særs sentral i dette arbeidet; Barn speglar seg i den vaksne sine auge. Vi har eit særleg ansvar for at barna får eit positivt inntrykk av seg sjølv i denne «spegelen». Vi er og merksam på at barn dannar seg eit bilete av andre barn ut i frå korleis dei ser at vaksne reagerar på andre barn sin adferd. Derfor gir både cos (circle of security) og duå (dei utrulege åra) oss eit godt kompetanseløft i å reagere / agere på ulike typar adferd på ein konstruktiv måte. For å få eit best mogleg miljø i barnehagen der den sosiale kompetansen kan «bløme», har vi ulike tiltak. Barna vert perioder inndelt i aldersdelte grupper både avdelingsvis og på tvers av avdelingane. Dette gir barna eit godt høve til å lettare erfare meistring i det at dei får tydelegare alderstilpassa aktivitetar og erfarer all frileik i aldershomogene grupper. Vi ser og at barna vert tryggare innanfor området sosial kompetanse i kraft av dei eldste ofte syner omsorg for dei minste og dei minste kjenne tryggleik når dei oppleve dette; Å bli ivaretatt og få positiv merksemnd frå større barn er godt for deira sjølvkjensle. Å vere bevisst desse verdiane som vert skapt ved ulike gruppesamansetningar er gull verd for både store og små. «Det du tror om meg Slik du er mot meg Hvordan du ser på meg Hva du gjør mot meg Slik blir jeg». M. Jennes 14

Barna sin rett til medverknad Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehages virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. (Barnehageloven 3. Barns rett til medvirkning) Det er ulike måtar å fremje barna sin medverknad i barneahgen, avhengig av alder og utvikling. I Ulveseth barnehage vektlegg vi følgjande metoder for at barna skal ha ein reell medverknad på kvardagen: Vi er opptatt av å gi barna tid, lytte og vere til stade med dei. På den måten vert det rom for samtalar der barna får høve til å filosofere over smått og stort. Samtidig får den vaksne då høve til å få eit innblikk i kva som opptek barna og kva dei trivast med i barnehagen. Barna vert tatt med på evaluering av ulike aktivitetar. Dette gir oss eit godt grunnlag til å vere fleksibel og tilpasse seinare aktivitetar. Barna vert til ei viss grad tatt med når det fornying av leikar / utstyr i barnehagen. Det vert tilrettelagd for at barna skal kunne ta eigne val og gjere seg erfaringar med dei vala dei tek. Dette gjeld både i høve til val av aktivitet / leike og i det sosiale samspelet med dei andre barna. I høve til dei minste er vi opptatt av kroppsspråket, mimikk og andre kjensleuttrykk. Vi ser at dei formidlar korleis dei har det og trives meir eller mindre med. Ut i frå det kan vi delvis tilpasse aktivitetar og leik med barna som medspelarar. Vi hjelpe barna og gir dei støtte til å leve seg inn i andre barna sin situasjon og til å ta omsyn til andre. Ein av metodane i dette arbeidet er å gjere seg nytte av rollespel, der ulike case frå barna sin kvardag vert visualisert. På denne måten vert barna meir trygg i ulike situasjonar. Dei er likeverdige partar i refleksjon rundt «rett og galt» og korleis vi vil ha det i barnehagen. Dei blir og ein meir sjølvstendig ressurs i seg sjølv og medvirker til å skape eit godt miljø rundt seg. 15

Dei utrulege åra. Våren 2008 avslutta personalet fire månedar med kompetanseheving i barnehageprogrammet «De utrolige årene» (duå). Vi vart fulgt opp med ulike typer rettleiing av dei kursansvarlege både i sjølve kursperioden og seinare. Programmet er utvikla av Caroline Webster Stratton og har som hovudmål å styrke dei vaksne si kompetanse på desse områda. Å byggje relasjonar mellom vaksne og barn Lære strategiar på korleis få barn si merksemnd, ahalde på den og bruke merksemnda til å regulere åtferd. Strategiar for å nytte ros og påskjønning i læresituasjonar. Bruke åtferdsplan på einskildbarn som metode Lære strategiar for grensesetjing Gjennom desse metodane erfarer vi at barna utviklar kompetansen sin på følgjande område: Sosialt, emosjonelt og læringsmessig. Lærar å løyse utfordringar og konfliktar Utvikle godt samspel mellom barn og vaksne Utvikle evne til å sjå både andre sine og eigne behov. Redusere negativ åtferd og aggresjon. 16

Den vaksne si rolle Den vaksne si rolle i barnehagen er særs viktig. Det er den viktigaste ressursen vi har for å skape ein god barnehage; både i høve til innhald, kunnskap, evne til samarbeid og ikkje minstevne til omsorg.den vaksne skal ha kunnskap nok til vere ein god rollemodell for barna og ein bidragsytar til samarbeid og utvikling av innhaldet i barnehagen. Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling Barnehageloven Formål, 1. ledd, første punktum). Den vaksne i barnhagen sitt utgangspunkt er personlege eigenskapar, formell og/ eller uformell utdanning, i tillegg til anna realkompetanse. Barnehagen tilrettelegg for at dei tilsette skal få supplert sine evner og kunnskap gjennom ulike tema i diverse møtefora, kurs og i nokre tilfelle har det vore tilbod om vidareutdanning på ulike tema / område. Det vert og satt av tid til evaluering og refleksjon av arbeidet som vert gjort i løpet av veker og månada, noko som ofte er eit godt grunnlag for tilegning av ny kunnskap rundt handling og tankar med det vi gjer. 17

Dei sju fagområda. Språk, tekst og kommunikasjon 1-2 år Sikre gode leikeareal for dei minste - Dele opp barnegruppa. La dei minste få i perioder plassen åleine både ute og inne. Unngå for store grupper. Ha nok og alderstilpassa leiker. Barna skal få høve til å synleggjere kjensler, ønsker og erfaringar. - Personalet skal vere aktivt tilstadeverande med dei minste i leiken. Bruke språket aktivt skildre og setje ord på. Bli glad i bøker - Bruke barnelitteratur, musikk, song, rim og reglar i dei fleste situasjonar. Barna skal få bruke sansane. 3 4 år Bli kjend med fleire bøker, songar og bilete kjenne igjen ordbilete og figurar. - Barna skal bli lest for og presentert for nye songar. Bøker skal vere lett tilgjengeleg Bruke språket til å setje ord på ønsker, kjensle og erfaringar. - Personalet skal vere eit førebilete, tilstadeverande og god til å lytte (tid). Oppleve positive relasjonar i leik og anna samvær. - Tilrettelegge for små leikegrupper og vere observant på den rivande språkutviklinga som skjer i den alderen. Lytte, gjenta. 5-6 år Oppøve evne til å lytte og utføre informasjon - Skrivedans, ulike førskuleøvingar Barna skal få respons på deira måte å uttrykkje seg på - Setje ord på uttrukka til barna. Telje, sortere, leikeskrive eller diktere tekst - Tilrettelegge for og vere støttande. Tilby varierte spel. Barna skal få øving i å fortelje historier til eit publikum - I samlingar; små historier som opptek barna. Resten av gruppa får øving i å lytte, vere merksam på kva andre fortel og gi respons / tilbakemelding eller stille spørsmål. 18

Kropp, rørsle og helse 1-2 år Sette namn på ulike kroppsdelar - Mykje ve hjelp av song, rim og reglar Bruke sansane ute og inne - Få høve til å lukte, høyre, sjå og kjenne. Tid er eit stikkord utforskande tilnærming La dei få god plass til rørsle - Tur i skog og mark i nærmiljøet. Trampoline, disse, humpedisse Bli van med handvask-ta del i enkelt reinhald om det fell seg naturleg - Innøve gode rutiner. Mykje ved hjelp av «vaske-rimregler» 3-4 år Litt lengre turar i nærmiljøet i ulendt terreng. Skal få oppleve fysisk meistring - Tilrettelegge i små grupper. Gi dei god tid til aktivitet og meistring. Sunt kosthald - Bli servert eit variert og sunt kosthald. Erfare samanheng mellom det å vere mett, aktivitet og trøytnad. Meistre toalettbesøk (med litt hjelp). Hygiene - Bli kjent med hygiene og kva det inneber få hjelp og støtte til gode rutiner. Dei vaksne skal vere rollemodellar. 5-6 år Sjølvstende i høve til toalettbesøk og av og på kledning. - Gi barna tid til å opparbeide seg meistring. Personalet skal oppmuntre og tilretteleggje. Erfare lengre turar i ulendt terreng - Personalet skal vere rollemodellar og syne barna glede / entusiasme ved å nå dei måla ein set seg. Gode rutiner i høve til hygiene - Personalet skal vere rollemodellar, i tillegg til at dei får kunnskap gjennom tema hygiene. Respekt for eigen og andre sin kropp, og for at alle er forskjellige - Verdien av å respektere ulikskap og kunnskap om dette. Positiv tenkning Servere og oppmuntre til sunt kosthald - Kva gjer kosthaldet med kroppen vår? Kva treng vi for å leike / vere i aktivitet 19

Kunst, kultur og kreativitet 1-2 år Sikre at dei minste skal få oppleve musikk og dans - Lytte, gitar, orgel, rytmeinstrument. Delta i song-og musikksamlingar. Få gjere seg erfaringar med ulike formingsmateriale som t.d. maling og modellerkitt, sand og vatn. Finne glede i prosessen. - Tilrettelegge for ulike formingsaktivitetar både taktilt og med hjelpemiddel (t.d pensel) Barna skal få bruke sansane sine både ute og inne. - Gjere barna merksam på kva vi kan erfare/oppleve gjennom sansane. 3-4 år Kjennskap til ulke materiale - Barna skal få gjere seg erfaring med modellerkitt, maling, sand, vatn og jord Kunne finne materiale sjølv - Ulike materiale skal vere tilgjengeleg, barna skal kunne finne fram sjølv. Danse og kle seg ut - Utkledningstøy skal vere tilgjengeleg; skape ulike uttrykk og roller. Dikte eventyr og historier. Øve seg på å lytte til ulike historier, m.a. frå nærmiljøet (kultur). - La barna vere med på å lage historier ut frå seg sjølv, eller med utgangspunkt i fortellerkort. Sjå kunst frå ulike kunstnarar 5-6 år Bli bevisst sin eigen kultur, kontra kultur frå tidlegare tider. Likt/ulikt. - Kva er vår kultur. Filosofere saman med barna. Gå tur i kulturlandskapet og bli fortalt historier frå gamle dagar. Få presentert fleire typar formingsmateriale - Utvikle skaparevnen gjennom ulike materiale Kjenne til namn på ulike kunstnarar - Bli presentert for bilete og koble kunstnarnamn til dei. Ha høve til å uttrykkje seg innanfor språk, dans, musikk og drama - Skal få uttrykkje seg på ulike måtar i stor og lita gruppe. 20

Natur, miljø og teknikk 1-2 år Dei små skal få bruke naturen til alle årstider og i allslags ver. - Tilrettelegge for dette i små grupper. La barna få oppleve dyra i nærmiljøet sauer, hester, hund, katt, høns og kanin. - Gå tur til gardane i nærleiken. Læring gjennom handling - Tid er eit nøkkelord; La barna erfare kva som skal til for å løfte hjulet på trehjulsykkelen opp frå kanten (samarbeid og teknikk). Få tid til å erfare korleis glidelås og seler fungerer (påkledning). Å bere 3 ting i motsetnad til 2 ting (ein i kvar neve) 3-4 år Vere ute i all slags ver - Følgje årstidene til eit tre (eks) Ta vare på naturen - Ikkje kaste søppel dyra bor der! Undre seg over fenomen i naturen. - Utforske det dei er opptatt av 5-6 år Gjere seg erfaring med å så / dyrke grønnsaker om våren og hauste dei om hausten - Få ansvar for sine grønnsaker og få enkel rettleiing / gjere seg erfaring med kva frø og spirer treng for å vekse og bli klar til hausting Gjer seg erfaring med gjenvinning / sortering av avfall - Få kunnskap om kva som skjer når vi forsøplar naturen Maling og ulike teknikkar - Få erfare kva som skjer når ein blandar ulike fargar. Få kjennskap til ulike maleteknikkar og ulike materiale å male på Få kjennskap til IKT - Få erfaring med bruk av digitalkamera, kopimaskin og enkle PCspel. Handsaming av bilete (kopi utskrift) 21

Nærmiljø og samfunn 1-2 år Få erfare at dei er ein del av ei større gruppe, er rekna med. - Få vere med i gruppa saman med dei andre. Få bidra på sitt nivå i samlingar og liknande. Få opplevingar utanfor barnehagen - Gjere seg erfaringar i nærmiljøet (sanseinntrykk). 3-4 år Besøke garden, skulen, butikken og kyrkja. Skog og ulendt terreng - Få høyre om gamle dagar endringar fram til i dag. - Sjå bilete og kjenne på konkretar. Vi er viktig for at her skal vere ein god plass å vere - Å sjå seg sjølv i ein større samanheng; ta vare på leikane i barnehagen, respekt for seg sjølv og andre, omsyn til ulikskap. 5-6 år Gjere seg erfaringar med kva omgrepet demokrati betyr - Vere med på å lage demokratiske reglar i barnehagen; Kvifor er dei viktig og kva skjer om vi bryt desse reglane(?). Bli tatt med på lengre turar - Erfare og bli fortalt kva endringar som skjer og har skjedd i kulturlandskapet i nærmiljøet Få kunnskap om kvifor vi er alle saman like viktige bidragsytarar i samfunnet. - Få innblikk i kva ulike yrkesgrupper gjer. Kjenner vi nokre yrkesgrupper?. Mitt eige nærmiljø - La barna fortelje om kvar dei bur, korleis det er der og kva som er viktig for dei. Barna skal oppleve at dei har ei viktig stemme; dei er ein del av ein større samanheng og deira heimstad og deira barnehage er ein viktig del av dette. 22

Etikk, religion og filosofi Dette fagområdet er det som stiller størst krav til peronalet som førebilete. Barna vil alltid spegle seg sjølv i våre auge. Dei vaksne legg dermed «lista» for omgangstone, respektfull adferd og omsyn til ulikskap i høve til religion, tradisjon og familiebakgrunn. 1-2 år Gi barna gode opplevingar i samband med jul-og påsketradisjonar. Tufta på kristne og humanistiske tradisjonar. - Delta på korte samlingar og lære enkle songar. Lære å omgås andre barn på ein positiv måte - Erfare enkle omgrep «hjelpe» og «vere god med». I tillegg til å erfare fordelen med å dele på ulike leikar. 3-4 år Lage reglar for samspel med barna - Snakke om korleis vi er med kvarandre; Rollespel (case) av personale for å illustrere. Filosofere - Lage tankekart over ulike tama saman med barna. Eks: snø: kald, kvit, ake Respekt for ulike religionar og samfunn - Høyre historier (film, litteratur, munnleg overføring) frå andre stadar. - Delta i barnehagegudsteneste før jul. 5-6 år Skal få rom til samtalar med ein vaksen ang ting som opptar dei - I det daglege (rom for tid er sentralt) Medansvarleg for at ein sjølv og andre barn har ein fin barnehagedag. - Ta del i å etablere enkle reglar for korleis vi skal vere med kvarandre. 23

- Motvirke mobbing og trakasering (via relasjonsbygging og sosial kompetanse. Utvikle forståing for ulike tradisjonar og levesett - Å få kunnskap om barna dei går i barnehagen saman med, i tillegg til barn i andre land. Eks: tema tilrettelagd gjennom Forut. Likestilling - Oppleve at det vert tatt like mykje omsyn til gutar og jenter Tal, rom og form 1-2 år Barna skal få erfaring med ulike rom; små og store. - Lage eigne rom av tepper, stoler, pappesker. Erfare at dei må gjere seg liten for å komme inn i, eller at rommet er så stort at dei kan strekkje seg så lang dei er Leike med ulike former - Begynnande omgrep sortere og samanlikne. Bruke innpasningsspel/puslespel Erfare ulike omgrep som - Tung, lett, liten og stoor(!) 3-4 år Gjere seg erfaring med teljing 24

- Eks; telje til fire før vi begynner å synge - Bli kjend med teljebøker - Kjenne igjen sitt eige tal (alder) og formen på det. Gjere seg kjend med enkle omgrep som - Midt i rommet, under bordet, opp i kassa. Dei vaksne skal vere bevisst språkbruken i leik og aktivitet saman med barna. Samanlikne ulike storleikar - Ute i naturen skal dei kunne gjere seg erfaringar med store steinar og små steinar. Samanlikne med t.d. ei lett fuglefjør. 5-6 år Måling - Barna skal få vere med på kjøkkenet å gjere seg kjent med ulike målereiskapar i samband med matlaging. Dei skal og erfare at det går an å måle lengde ved hjelp av ulike kroppsdelar (armar, bein eller heile seg). Kreativitet - Gi barna idear og erfaring med design ved å utforske, oppdage og skape ulike former og mønster. Bli kjent med ulike former både i naturen og i barnehagen: - Sirkel, trekant og firkant. Gjere seg kjent med dei inne og leite dei opp i naturen eller lage av naturmateriale. Logisk tenking - La barna få tid til å ressonere og sjå matematiske samanhengar. Støtte dei i bruken av matematiske omgrep og la dei erfare nye typar spel, teljemateriale og klossar i denne prosessen. Kjenne til tal som er større enn talet 9. 25

SAMARBEID For å drive ein god barnehage er vi avhengig av eit godt samarbeid, både avdelingsvis og på tvers av avdelingane. I tillegg til eksterne samarbeidspartnarar. Formelt har vi desse møteforaene. Avdelingsmøter: Det er satt av ein time i veka til avdelingsmøte der personalet har sitt interne samarbeidsfora. Her kan innhaldet vere: - Planlegging for den neste veka, eller næraste månaden - Koordinering og deligering av oppgåver - Samtale rundt ulike problemstillingar (einskildbarn el barn i gruppe) - Praktiske ting - Informasjon Pedagogisk leiarmøte: - Diverse informasjon frå styrar - Koordinering av felles aktivitetar - Utveksling av erfaring og vidare planar - Fagleg utvikling av barnehagen - Økonomi / innkjøp (prioriteringar) - Aktuelle problemstillingar Personalmøter: - Felles informasjon - Fagleg utvikling av barnehagen - Praktisk tilrettelegging - Aktuelle problemstillingar - Personalpolitikk - HMS - Kan og bli brukt til div aktuelle kurs av eksterne kurshaldarar. 26

Planleggingsdagar: - Ca 1-2 planleggingsdagar vert nytta til eksterne kurs / vidareutvikling - Faglege diskusjonar og utvikling av barnehagen - Planlegging i grupper avdelingsvis eller på tvers av avdeling - HMS - Praktisk arbeid - Samarbeid i høve til meir langsiktige planar - Vurderingsarbeid Foreldresamarbeid: - Dagleg kontakt i garderoben - Startsamtale i tilvenningsperioden - Foreldresamtalar ca to gongar i året - Foreldremøter 1-2 gongar i året - Foreldrearrangement; Luciafeiring, Forutaksjon, Sommarfest. - Samarbeidsutval- Andre samarbeidspartnarar: - PPT - Helsestasjon - Barneverntenesta - Andre barnehagar (nokre gongar i høve til prosjekt og kurs - Skule (m.a. i samband med overgangen barnehage skule). 27

ÅRSOVERSIKT FOR SAMARBEID MED SKULEN Overgang barnehage skule I Fjell kommune er det utarbeida ein plan for kva innhald og rutiner som skal vere på plass for at skulestartaren skal få størst mogleg utbytte og samanheng mellom barnehage og skule. Den kan tilpassast lokalt til kvar barnehage / skule. Her er vår årsoversikt for samarbeid med skulen: Månad Kven Kva Korleis August Barnehage Barnehagen ønsker 1 klassingane lukke til Barnehagen vinker til 1 kl (1 skuledag) med flagg og lukkeønskningar September Barnehage Foreldremøte Ordinære foreldremøtesaker + orientering om samarbeidet med skulen Oktober / november Barnehage/skule Pedagogisk leiar Foreldresamtale Samling på avd: Spm frå 5 åringane. 1 klasse fortel frå skulen. Aktivitet Ordinær samtale, men samtidig info om opplegg rundt overgang til skulen. (Mars) April Mai Barnehage / skule Besøk av faddere (4 klasse) 4 klasse kjem på besøk (ca 4 stk i gruppe) 1,5 timar ein dag i veka etter avtale med skulen. Bygge relasjonar. Aktivitet. 28

Juni Juni Skule Skule Barnehage / SFO Barnehage foreldre skule Felles tur Førskuledagar Skulestartarane besøker SFO Foreldresamtale og overføringssamt. Førskulebarna i skulekrinsen vert invitert med på ein dagstur i nærmiljøet. Oppleving og sosiale relasjonsbygging Førskulebarna treff kontaktlærar og komande klassekameratar i klasserommet. Kontaktlærar har ansvar for innhald. Barna får treffe SFOleiar og sett seg om i lokala. Ped leiar og foreldre har ein siste foreldresamt der ein går i gjennom ulike punkt frå ein felles mal for alle skulestartarane. Foreldre godkjenne samtidig om dei evt ønsker desse opplysningane overført til skulen. I den nye felles planen for kva innhaldet for overgangen mellom barnehage og skule skal vere, er det og sett opp kva erfaringsgrunnlag barna skal ha når dei startar i skulen. Dette samsvarar med dei erfaringane barna får i barnehagen og innhaldet i førskulegruppene. 29

VURDERINGSARBEID «Systematisk vurderingsarbeid legg grunnlaget for barnehagen som lærande organisasjon. Barnehagen ber på tradisjonar, samansett kompetanse, «innforståttheit» og taus kunnskap som er viktig å setje ord på og reflektere over når ein skal leggje grunnlaget for den vidare kvalitetsutviklinga. I år er det hente og bringesituasjonen vi har vald ut som fokusområde for vurderingsarbeid. Det er ein kort, men viktig møteplass. Her er alle partar; både barn, personale og foreldre direkte i situasjonen og kan bidra i vurderingsarbeidet. Personalet har laga seg ein A-standard på kva som er viktig frå deira side når barna blir henta og bringa i barnehagen. Barn og foreldre skal alltid bli møtt og kjenne seg velkommen Ta i mot evt beskjedar og formidle til resten av personalet. Ved henting skal ein førebu barnet på at det snart blir henta (avslutte evt aktivitet / leik). Vere orientert om det er særlege hendingar som skal formidlast til foreldra. Er barna ute skal ein vere merksam på alle foreldre som kjem inn porten (når det fell seg naturleg). Avvik kan skje når personalet er åleine igjen på avdeling, eller midt i ein aktivitet / måltid det er vanskeleg å komme frå. Viss nokon utanom foreldra hentar barnet utan at vi har fått beskjed, må personalet ringe foreldra å sjekke om dette stemmer. Foreldra vil i november 2014 og mai 2015 få ut eit vurderingsskjema med tema hente og bringesituasjonen. Ved å gjennomføre dette 2 gongar i løpet av året kan barnehagen jobbe for auka kvalitet andre halvår i lys av dei tilbakemeldingane ein får. Barna sine opplevingar skal ivaretakast gjennom barneintervju og personale nytter sine møtefora til vurdering av temaet. 30

Vidare blir andre tema / område vurdert kontinuerlig av personalet på personalmøter og planleggingsdagar. Barna blir tatt med på vurdering både systematisk (barneintervju) og usystematisk avhengig av alderen på barnet. Alt vurderingsarbeid blir tatt med i arbeidet med ny årsplan for neste barnehageår. 31

Fleirkulturelt arbeid Det er ulike nasjonalitetar representert i barnehagen. Hovudmålet er at barna skal møtast med respekt uavhengig av nasjonalitet og tradisjonar. Vi er opptatt av å synleggjere for barna at det er ulikskap mellom menneske uavhengig av kva land dei kjem i frå. Vi likar ulike smakar, vi kjem frå ulike heimar og vi har ulike familienettverk. I tillegg kan vi kle oss ulikt og er opptatt av ulike ting. Samtidig har vi mange felles tankar og opplevingar sjølv om vi kjem frå ulike verdsdelar eller landsdelar. I arbeidet med Forutprogrammet vert dette meir tydeleg for barna; Vi er opptatt av å synleggjere den visuelle ulikskapen, Barna søv på andre senger enn kva vi har, dei går i andre klede, ikkje alle har barnehage eller skule i nærleiken og dei har heller ikkje så mykje mat å velje mellom som her i Noreg. Hovudmålet er å oppøve respekt for det ukjente / framande i tillegg til ein nyfikenskap med utspring i at vi trass alt har mange fellestrekk og. Dette går særleg på tankar, kjensle og draumar. I år er det tre barn frå Nepal vi skal følgje gjennom Forut sitt opplegg; eit søskenpar og eit barn som bur på ein barneheim. Forutaksjonen avviklar vi november. 32

Kosthald I Ulveseth barnehage får barna servert lunsj kvar dag. Fire dagar i veka er det smørelunsj og ein dag er det varm lunsj. I tillegg får dei frukt og grønnsaker kvar dag. Melk og vatn til drikke. Barnehagen følgjer staten sine retningsliner for sunt kosthald. Mat ut over dette har barna med seg i eigen matboks (frukost og ettermiddagsmat). HMS Barnehagen har verneombod; Det vert gitt opplæring og oppdatering i diverse tema som kommunen arrangerer ca to gongar i året. Vidare går styrar og verneombod vernerunde ca ein gong i året. Verneombod er og den som har eit ekstra auge på sikring av barn og vaksne både ute og inne. Dette vert rapportert til styrar som set i gang tiltak. Vaktmester går jamnlege sjekkrunder på bygg og leikeplass. Resultatet blir rapportert til styrar og eigedomsavd. Avvik vert umiddelbart utbedra, eller seinast før neste sjekkerunde avhengig av kva type avvik. Det vert gjennomført brukarundersøking kvart andre år. Resultatet vert presentert på personalmøte, i foreldremøte og i samarbeidsutvalet. På dei områda vi har forbetringspotensiale vert det i samarbeid med su lagt ein plan for kva barnehagen skal / kan gjere for å imøtekome resultatet. Barnehagen er godkjend av helsevernetaten. Det vert i tillegg gjennomført interkommunalt tilsyn kvart tredje år. 33

Det vert gjennomført førstehjelpskurs for alle tilsette i barnehagen kvart andre år. Personalet får opplæring i brannsikring. Følgjer kommunen sine rutiner for innlevering av politiattest og teieplikt for nytilsette og vikarar. 34