Informasjon til innbyggarane i Ørskog kommune om kommunereforma

Like dokumenter
Framtid for Stordal - - Som eigen kommune eller del av ein større kommune?

ÅLESUND KOMMUNE. Hvorfor en kommunereform?

KOMMUNEREFORM 2016 INFORMASJON TIL INNBYGGARANE. Kvar står Hareid kommune om 20 år?

Intensjonsavtale for «Sunnmøre kommune»

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

lntensjonsavtale...3 Kommunenamn og kommunevåpen...3 Kommunenamn... 3 Kommunevåpen... 3 Administrasjonsstad... 3 Målform...4

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

«Regionkommune Sunnmøre»

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Folkemøte Presentasjon av intensjonsavtalar Rådmann Oddbjørn Ese

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

MØTEREFERAT. Regionkommune Sunnmøre 4. forhandlingsmøte Dato/Sted Finnøy Havstuer 15. og 16. mars 2016 kl 12:00 til 12:00

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE

Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

Styringsgruppesamling Storfjord hotell mai 2015

Innbyggarundersøking Kommunereforma


Utkast Ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Sykkylven og Stranda kommunar Storfjorden kommune

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

? Foto: Simen Soltvedt?

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Skodje kommune og interkommunale samarbeid

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

KOMMUNEREFORMA Ordførarsamling 11. nov v/fylkesmann Lodve Solholm

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

MØTEREFERAT. Ny landkommune Dato/Stad Storfjord Hotel, 8. til 9. mars 2016, kl 12:00 til 12:00

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Temamøte i styringsgruppa kommunereform 9. november Tenester

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/ Kommunestyret 11/

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

RUNDE kommune. Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven UTKAST Innhald:

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Ny kommune i indre Sunnfjord. Fylkesarkivet sin kontaktkonferanse

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Kommunereforma Tilråding. Pressekonferanse Molde 3. okt. 2016

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

S aksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: 030 &23 Arkivsaksnr.: 16 /

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /246 Tone Roaldsnes

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Sandøy og Aukra

Kommunereforma. Tilråding. 18. okt. 2016

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Kommunereforma - val mellom Som no og Endring

Kommunereform og fylkesmansstruktur

Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Kommunereform. Ope møte i Volda

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Kommunestyra i Eid, Selje, Vågsøy og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Referat frå folkemøta:

Intensjonsavtale om kommunereform i Sunnhordland

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS

Møteleiar: Ordførar i kommuna som er vert, Dag Olav Tennfjord Gjennomgang og drøfting av framdriftsplan for bygging av nye Ålesund kommune

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Avtale mellom Fitjar og Stord kommunar om kommunesamansla ing

KOMMUNEREFORM -makt til å meistre? Ålesund Turid Hanken

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden og Gulen kommunar

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

NOTAT. «Sunnmøre kommune» Bakgrunn TIL FORHANDLINGSMØTE 2, Frå Ad-hoc utvalet, Politisk organisering og lokaldemokrati

Odda kommune sin uttale til Intensjonsavtale for etablering av Vestlandsregionen

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

RUNDE KOMMUNE. Runde kommune skal vere - ein global spydspiss for havbasert verdiskaping - den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Regionkommune Sunnmøre - Sonderingsgruppa Dato/Sted Ingebrikt Davik-huset i Haram kommune, 12. januar 2016, kl 08:30 til 12:30

Frivilligpolitisk plattform

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Vår dato: Vår ref: Arkiv: Sakshandsamar: / / Andreas Moe Larsen

Saksnummer Utval Vedtaksdato Formannskapet Kommunestyret

Utredning Indre Agder kommunereform. Presentasjon til folkemøte og møte med tilsette våren 2015

Transkript:

Informasjon til innbyggarane i Ørskog kommune om kommunereforma Engasjer deg i den vidare prosessen! Folkemøte 25. april kl 18 20 på Samfunnshuset Høyring etter kunngjering 25. april - 10. mai 2016 Førehandsrøysting 2. mai - 18. mai 2016 på rådhuset Måndag-fredag :10.00 15.00 Torsdag 12. mai: 10.00 19.00 Rådgjevande folkerøysting Torsdag 19. mai 2016 Ørskog samfunnshus: 12.00 20.00 Kva skjer vidare med høyringsinnspela? Alle innspela frå høyring og resultat frå folkerøystinga vil vere viktige faktorar i saka som leier fram til endeleg kommunestyrevedtak 26. juni 2016.

Stortinget har bede kommunane greie ut og vurdere korleis ein best kan utøve mynde, ivareta demokratiet, levere tenester og drive god samfunnsutvikling innan avgrensa økonomiske rammer i framtida. Kommunane har difor signert ein intensjonsavtale om å etablere ein felles kommune som kan møte desse utfordringane. Ein intensjonsavtale er resultatet av forhandlingar mellom kommunane som saman ønskjer å byggje opp ei ny kommune. Avtalen er ikkje juridisk bindande, den syner kva for prinsipp ein ønskjer å leggje til grunn for arbeidet fram mot den nye kommunen. Nokre av kommunane har inngått fleire intensjonsavtaler. Ei fellesnemnd med representantar frå dei deltakande kommunane skal med utgangspunkt i intensjonsavtalen ha ansvar for å styre prosessen i perioden frå det er gjort vedtak og fram til ny kommune vert sett i verk 1.1.2020. Før kommunestyret gjer endeleg vedtak i juni, skal innbyggjarane få uttale seg om intensjonsavtalen. Kommunereforma set søkelys på at det offentlege står framfor utfordringar som stiller større krav til kommunane. I arbeidet med intensjonsavtalen har partane drøfta, og vorte sams om, felles prinsipp for korleis dei best kan løyse spørsmål innafor arealplanlegging, kollektivløysingar, samferdsle, lokaldemokrati, tenester og økonomi. Innan 1. juli 2016 skal kommunane ha bestemt seg for om dei skal slå seg saman. Fylkesmannen skal godkjenne kommunane sine avtalar. Sommaren 2017 skal nasjonale vedtak om ny kommunestruktur vere fatta. Det blir kommunestyreval hausten 2019. Kommunesamanslåingane trer i kraft 1. januar 2020.

Skodje, Ørskog, Norddal og Stordal har som mål å slå seg saman for å etablere ein livskraftig kommune der alle arbeider saman for å utvikle attraktive og gode lokalsamfunn. Kommunen skal ha framtidsretta tenester til det beste for den enkelte innbyggar og næringslivet. Demokrati Storfjord kommune skal arbeide for eit sterkt lokaldemokrati med god representasjon frå heile kommunen med brei politisk deltaking. Den nye kommunen skal organiserast etter formannskapsmodell. Kommunestyret er det overordna politiske organet i kommunen. For å sikre heilskaplege og likeverdige tenester, skal det etablerast hovudutval som svarar til dei kommunale fagområda. Kommunen skal stimulere til aktiv lokaldemokratisk medverknad også mellom vala mellom anna ved å ta i bruk nye møteformer og digitale verktøy. Tenesteutøving Administrasjonsstaden skal leggast til Sjøholt og her vil den politiske og administrative leiinga vere plassert. Kommunen skal gi eit heilskapleg, likeverdig og tverrfagleg tilbod til alle innbyggarane i den nye kommunen. Det er eit mål å styrke fagmiljø, og ha ein desentralisert struktur eventuelt gjennom mobile løysingar. Dette kan t.d. gjelde: kulturskule, bibliotek og helsetenester. Den nye kommunen skal ha som mål å løyse flest mogeleg av dei kommunale oppgåvene sjølv, men vil fortsatt vere avhengig av interkommunale samarbeid for å levere nokre av tenestene. Fellesnemnda får i oppdrag å vurdere kva for teneste ein kan handtere innanfor den nye kommunen. Digitale løysingar skal vere førstevalet for Storfjord kommune. Ambisjonen er å gjere medverknad mellom kommune, innbyggjar og næringsliv enklare.

Samfunnsutvikling Storfjord kommune skal ha ei overordna samfunns- og arealplanlegging som legg til rette for utvikling i heile kommunen. Det skal også leggast vekt på plansamarbeid med nabokommunar. Kommunen vil utvikle og skape felles identitet, utvikle attraktive bu-område, styrke næringsutvikling og ha ein god infrastruktur internt og eksternt. Difor vil kommunen arbeide for raskast mogleg realisering av samferdsle-prosjekt som knyter kommunen og omlandet saman. Økonomi Prinsippet som vert lagt til grunn er at alle kommunar går inn i den nye kommunen som dei er, og legg i potten det dei har. Den nye kommunen skal harmonisere skatter og avgifter, og utnytte inntektspotensialet gjennom til dømes eigedomskatt. Alt frå hausten 2016 skal ein starte å tilpasse seg ein felles økonomiplanprosess for å bygge den nye kommunen. STORFJORD KOMMUNE VIL ARBEIDE FOR: Ha ei open forvaltning med høg etisk standard Ta vare på den enkelte innbyggar sin rettstryggleik gjennom kompetent og profesjonell sakshandsaming Legge til rette for næringsutvikling og attraktive buområde i heile kommunen Arbeide for E39 Møreaksen med trasè K2 over Ørskogfjellet Prioritere Børdalslinja og Storfjordsambandet Arbeide for styrking av kollektivtransporten, for å redusere bilbruken Delta aktivt i plansamarbeid med Ålesundsregionen. Støtte frivillig innsats

Storfjord kommune Folketal 9 478 Areal 1 440 km² Kommunestyrerepr. 27 Administrasjonsstad Sjøholt Målform Nynorsk Intensjonsavtalane i fulltekst finn du på www.orskog.kommune.no eller ved å kontakte Sørviskontoret på tlf. 70 16 59 00 evt. post@orskog.kommune.no

NASJONAL SLAGKRAFT, REGIONAL ATTRAKTIVITET OG LOKAL IDENTITET Ålesund, Sula, Giske, Skodje, Sykkylven, Haram, Sandøy, Ørskog, Stordal og Hareid har inngått intensjonsavtale for å skape ein ny felles kommune i regionen. Visjonen til regionkommmune Ålesund bygger på lokalt mangfald og skaparkraft. Kommunane som vil bygge ein ny kommune er ulike, men likeverdige. Regionkommune Ålesund skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i den einskilde kommune sin styrke og særpreg. Demokrati Regionkommune Ålesund skal vere organisert etter formannskapsmodellen. Kommunestyret skal vere det overordna politiske organet i kommunen. Den politiske organiseringa skal sikre heilskapleg planlegging og lokal medverknad på kommunedelnivå. For å styrke nærdemokratiet, vil kommunen ha kommunedelutval. Kommunedelutvala dekkjer eit geografisk område som svarer til dei gamle kommunegrensene, med unntak av Ålesund, som kan ha fleire utval. Utvala skal ha delegert mynde og budsjettansvar på avgrensa område innanfor det geografiske området dei dekkjer. Utvala kan sjølv ta initiativ til saker og vere rådgivande for politiske organ. Kommunedelane kan sjølve etablere ulike ordningar for dialog med innbyggarane. Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel for innbyggarinvolvering. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen. Samfunnsutvikling Regionkommune Ålesund skal bygge opp under næringsutvikling, samferdsel, verdiskaping og innovasjon. Regionkommune Ålesund skal sikre ei samordna planlegging for utvikling med tanke på både byutvikling og generell tettstadutvikling, og dei involverte kommunane vil så tidleg som mogleg starte arbeidet med ein felles planstrategi med mål om å harmonisere arbeidet.

Tenesteutøving Rådhuset skal leggast til Ålesund sentrum. Her skal ordførar, rådmann og andre funksjonar nært knytt til rådmannen, ligge. Dei kommunale tenestene skal vere nær brukarane. Regionkommune Ålesund skal fordele ansvaret for fagmiljø mellom dei tidligare kommunesentra for å samle fagmiljøa, samtidig som alle kommunedelsentra får viktige kompetansearbeidsplassar og eit ansvar for å forvalte desse for heile kommunen. Barnehage, SFO, skule, kulturskule, eldreomsorg, legesenter, bibliotek, servicetorg, symjebasseng og andre basistenester skal i hovudsak vere plassert som i dag. Organiseringa av kommunen skal gje gevinstar gjennom å arbeide effektivt. Økonomi Det er eit mål at økonomien i regionkommune Ålesund skal vere i balanse og vere solid i eit langsiktig perspektiv. Kommunen må sikre seg eit forsvarlig økonomisk handlingsrom for å sikre gode tenester til innbyggarane i framtida. Alt frå hausten 2016 skal kommunane starte å nærme seg ein felles økonomiplanprosess med tanke på den nye kommunen. Investeringsprosjekt som allereie er innarbeidd og finansierte i dei tidligare kommunane sine økonomiplanar, skal prioriterast i regionkommune Ålesund sine budsjett- og økonomiplanar. Prinsippet som blir lagt til grunn er at alle kommunar går inn i den nye kommunen som dei er, og legg i potten det dei har. REGIONKOMMUNE ÅLESUND VIL ARBEIDE FOR: At regionen skal bli ein attraktiv kvardagsregion for innbyggarane i dag og i framtida, i samarbeid med andre samfunnsaktørar. Å vere sterkare motvekt mot sentralisering til dei store landsdelssentra som Oslo, Bergen og Trondheim. Ein miljøstrategi i samsvar med det grøne skiftet. Ein folkehelsestrategi i tråd med framtida sine utfordringar. Samferdselsprosjekt som medverkar til å binde saman regionkommune Ålesund vil bli prioritert. At næringsklynger skal vidareutviklast. At Ålesund sjukehus skal ivaretakast og vidareutviklast som det største sjukehuset i fylket. At gevinstane vi får realisert gjennom stordriftsfordelar skal gå til å styrke tenestene og realisere visjonen for regionkommune Ålesund. DET VI SKAL, SKAL VI VERE GODE TIL. DET VI VIL, SKAL VI VÅGE Å GJERE NOKO MED.

Ålesund kommune Folketal 94 051 Areal 1 393 km² Kommunestyrerepr. 77 Administrasjonsstad Ålesund sentrum Målform Nynorsk Ver med og sei di meining om framtida! 19.mai er det rådgjevande folkerøysting