Tryggleik og kvalitet i møte med pasienten



Like dokumenter
Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Dei fire hovudoppgåvene

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Med god informasjon i bagasjen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Utviklingsplanen Helse Møre og Romsdal HF

Frå visjon til realitet November 2012

Informasjon til pasientar og pårørande

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

STYRET. Sak 2012/25 Framtidig organisering - Helse Møre og Romsdal HF

Eldremedisinsk poliklinikk

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

Ledelse over fjord og fjell

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRET. Forslag til vedtak:

Status dagkirurgi i Helse Førde

Jnr. Molde, Ark. 011 ( ) esj/- Sak 41/04 OPPGAVEFORDELING I HELSE NORDMØRE OG ROMSDAL HF

Visjon og verkelighetframtidas

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Protokoll frå føretaksmøte 5. februar Protokoll frå føretaksmøte HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Notat til styremøte 26. januar 2010

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Verksemdsrapport for Psykisk helsevern

Velkommen til folkemøte. Nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Korleis oppnå kravet om 80 % epikrisetid? HELSE FØRDE. Klinikkdirektør Anne Margrethe Øvsthus

Evaluering driftsmodell pediatri Kristiansund / SNR og utgreiing framtidig driftsmodell HMR

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Strategiplan for Apoteka Vest HF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Verksemdsrapport Medisinsk klinikk

Tenestetilbodet ved Nordfjord sjukehus, Førde sentralsjukehus og Volda sjukehus

Statusrapport Oktober 2015

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

PASIENT OG PÅRØRANDEOPPLÆRING

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial Det skal ikkje vere fristbrot

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Helse Førde. Nytt frå Helse Førde. Nettverkssamling helse og omsorg Samhandlingssjef Vidar Roseth

NOTAT om familiehuset

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Administrerende direktørs rapport

ÅRSRAPPORT2010 SPESIALFUNKSJONER OG BEHANDLINGSTILBUD. Prehospital klinikk

Budsjett Medisinsk klinikk Helse Førde HF

Verksemdsrapport frå Kirurgisk klinikk. Avvik vs. plan

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

HELSETILSIMET I HORDALAND

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Statusrapport. Januar 2017

Akuttpsykiatriske situasjonar

Styresak. Framlegg til vedtak. Føretak: Helse Førde HF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld:

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport Styresak 14/14 O Styremøte

Tenesteavtale 8. Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF. Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for

Verksemdsrapport kirurgisk klinikk

Samspel for heilskaplege tenester i Sogn. Samhandling den siste brikka, eller ei ny brikke?

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Tilråding frå adm.dir, Espen Remme

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Tenesteavtale 3. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Administrerende direktørs rapport

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Pasientens helseteneste

Lønnsundersøkinga for 2014

Til Arbeidsgruppa i rehabilitering Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Internrevisjonens årsrapport 2008

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Helse Bergen HF. Utvikling frå 2002 til 2010 Styret si rolle

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

1. Mål med samhandlingsreforma

Presentasjon i ASU Nord Trøndelag. Rusbehandling Midt-Norge oversiktsbilde Prosessen i arbeidet med lovpålagte avtaler

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Børge Tvedt/Vidar Vie SAKA GJELD: Budsjettoppfølging 2017

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Transkript:

Tryggleik og kvalitet i møte med pasienten

Innhald Dette har hendt i 2003 Adm. direktør Astrid J. Eidsvik har ordet 3 Organisasjonskart 4 Dette er Helse Sunnmøre 5 Dette er Helse Midt-Norge 5 Medisinsk avdeling 6-7 Ortopedisk, Revmatologisk og Operasjonsavd. 8 Auge-,Øre-nase-hals- og Hudavd. 9 Anestesi- og Akuttavd. 10 Kvinneklinikken 12 Kirurgisk avdeling 13 Barneavdelinga 14 Fagavdelinga 15 Psykisk helsevern for barn og unge 16 Psykiatrisk avdeling og DPS 17 Mork Rehabiliteringssenter 18 Fysikalsk medisin og rehabilitering 18 Nevrologisk avdeling 18 Kreftavdelinga 20 Laboratorieavdelinga 22 Avdeling for patologi 22 Radiologisk avdeling 22 Framleis kraftig reduksjon i ventelistesituasjonen. Tal på korridorpasientar har gått ytterligare ned. Kontroll med driftskostnadane. Byggeprosjektet for ny Kreftavdeling vart avslutta. Hudavdelinga vart kåra til «Årets avdeling» i Helse Midt- Norge. Avdelinga har utvist stor handlekraft og evne til omstilling i tråd med helsereforma sine intensjonar. Avdelinga har vist omstillingsemne og har god økonomistyring. I tillegg legg avdelinga stor vekt på god samhandling med primærhelsetenesta, noko som styrker tilbodet til pasientane. Laboratorium for medisinsk biokjemi ved Ålesund sjukehus vart akkreditert i følgje standarden NS-EN ISO/IEC 17025 for sitt overordna kvalitetssystem og for analysane som vert utførte ved blodbanken. Dette er den første avdelinga i Helse Midt-Norge som har oppnådd eit slikt «stempel» på god kvalitet. Fredag 3. oktober disputerte seksjonsoverlege Torstein Hole om temaet ultralydundersøking av venstre hjartekammer hos pasientar med akutt hjarteinfarkt. Doktorgradsavhandlinga gir ny kunnskap om ultralydfunn hjå pasientar med hjarteinfarkt utan hjartesvikt. Dette var første gang NTNU arrangerte disputas i Møre og Romsdal, og det var ekstraordinært at disputasen denne gongen vart flytta ut i frå universitetet sitt areal. Omorganisering i Helse Sunnmøre. Føretaket ynskjer å gi eit meir samordna tilbod til innbyggjarane på Sunnmøre. Enkelte parallelle avdelingar i Volda og Ålesund er difor slått saman og organisert med ein felles avdelingssjef, men med pasienttilbod på begge stadene. Offisiell opning av Lærings- og meistringssenteret (LMS). LMS er lokalisert til Mork Rehabiliteringssenter, men har også aktivitet ved Ålesund sjukehus og Volda sjukehus. LMS har etablert kontakt med fleire ulike pasientorganisasjonar og med primærhelsetenesta. Naudnummer 113 for omgåande hjelp vart frå 02.09. samla i Ålesund. Endringa skal gi grunnlag for betre ressursutnytting og gi meir erfaring til den enkelte medarbeidar. Med verknad frå 1. januar 2003 vedtok Helse Sunnmøre å innføre røykeforbod for alle, med unntak av enkeltpasientar. Målet er at ingen skal røyke på Helse Sunnmøre sine område. Som ei påskjøning for dette arbeidet vart Helse Sunnmøre tildelt «Røykfriprisen» måndag 29. september 2003.

- På lag med deg for helsa di - Sterk i sterkarekonkurranse Etter reforma har det vore stor vekt på ventelister, korridorpasientar og økonomisk styring og kontroll. Dette har vore viktige fokusområde. For Helse Sunnmøre har dei to førstnemnte områda spesielt vore vektlagde, då vi kan seie å ha hatt ein god tradisjon på økonomistyring. Likevel har dei økonomiske utfordringane vorte meir krevjande enn venta. Derfor har økonomistyring også vore eit fokusområde for helseføretaket vårt, der vi har hatt eit sterkt fokus på å redusere kostnadar/heve inntekter for å tilfredsstille dei krava vi er møtt med. I stor grad har vi lukkast med å løyse både problema knytt til korridorpasientar og ventelistene/ventetidene. Tal på korridorpasientar har gått kraftig ned og kan seiast å vere på eit akseptabelt nivå. Vi vil aldri kunne planlegge ut frå ein situasjon der vi aldri har korridorpasientar sidan vi har ansvar for ø-hjelpspasientar (omgåande hjelp). Med svært høg aktivitet på pasientbehandlinga vår innan alle område både i somatikken og psykiatrien, har vi nådd måla som var knytt til å redusere ventetidene. Ved utgangen av 2003 var den gjennomsnittlege ventetida 78 døgn i Helse Sunnmøre ein reduksjon på 178 døgn etter reforma starta 1. januar 2002. I 2004 ser vi at ventetida går ytterlegare ned, noko som betyr at dei fleste pasientane på Sunnmøre no får eit tilbod innan 2 månadar dersom dei har behov for spesialisthelseteneste. Med korte ventetider er vi godt rusta til å møte konkurranse om pasientane i framtida. Helsetenester er ikkje lenger monopol for det offentlege. Med framveksten av private aktørar, ser vi at det har blitt ein marknad der pasienten fritt kan velje kvar han vil bli behandla for sin planlagde polikliniske konsultasjon eller operasjon. Vi har lært mykje av dei private aktørane m.o.t. å yte service overfor pasientane. Vi arbeider i ein stor organisasjon som til tider kan vere vanskeleg å snu. Derfor er vi svært nøgde med at vi er i ferd med å bli konkurransedyktige også på dette området. Korte ventetider med spesialisert personell som gir god behandling og service, gjer at vi no på alle måtar har sjansen til å konkurrere på dei områda der pasientane faktisk gjer val. Når vi også kan tilby tryggleik til pasientane på eit anna nivå enn private aktørar, har vi all grunn til å sjå lyst på framtida for vidareutviklinga av helseføretaket vårt. Nøgde pasientar som bevisst vel Helse Sunnmøre, skaper rom for å satse på høg kvalitet. For framtida vil nettopp kvaliteten på det totale tilbodet til pasientane våre stå i sentrum. Dette gjer at vi heile tida må bli betre. Dette kan skje ved kompetansebygging og satsing på forsking. Forskingsaktivitet heng nøye saman med kvalitet. Derfor har vi dette som eit av dei store satsingsområda i Helse Sunnmøre. Nøgde arbeidstakarar gir også nøgde pasientar. Fokus på arbeidsmiljøet vil derfor også vere viktig framover. Våre tilsette skal trivast på jobb. Effektivitet gir nøgde medarbeidarar. Derfor vil arbeidet vårt med arbeidsmiljøet ikkje gå på kostnad av effektivitet som vi må ha også for framtida om vi skal vere eit helseføretak i fremste rekkje m.o.t. kvaliteten på tenestene vi skal gi pasientane på Sunnmøre. Dette vil vi lukkast med fordi vi har dyktige medarbeidarar i alle ledd i føretaket vårt. Ein stor takk til alle for den innsatsen som blir gjort kvar dag til det beste for pasientane! 3 Astrid J. Eidsvik Adm. direktør

Organisasjonskart 4 Fagavd. -kvalitetsarb. og skadesaker -ventelisteoppfølging -forsking -rådgjeving i fagspørsmål -fagutvikl./opplæring -komp.senter for pas.info -hygiene og smittevern -arkiv -lærings- og meistringssent. -samarb. m/primærhelset. -bibliotek og prestar Andre stabsfunksjonar -konsulentar/saksbeh. - informasjonssjef - sekretariat Adm. direktør Astrid J. Eidsvik Viseadm. direktør Ass. direktør Økonomiavd. -økonomistyring -rekneskap/lønn -budsjettering -innkjøp/sentrallager -køyrekontor Personalavd. -pers.forv./utvikl. -org. utvikling -pers.bustader -barnehagane -bedriftshelset. -HMS -PRS Medisinsk avd. Ålesund -sengep. -pol.kl. -dialyse -med.int./ hjerteoverv. Medisinsk avd. Volda -sengep. -pol.kl. -fysioterapiseksjon Nevrologisk avd. -pol.kl. Nevrohjemmet rehab.- senter Hudavd. Barneavd. -sengep. -neonatalintensiv -barnehab. -vaksenhab. -pol.kl. Å -pol.kl. V Kreftavd. -pol.kl. Å -pol.kl. V -stråleein. org. som ein del av St. Olavs Hospital Revmatologisk avd. -poliklinikk felles sengep. med fys.med./ ortopedi Kirurgisk avd. Ålesund -sengepostar -pol.kl. (felles ortopedi) Kirurgisk avd. Volda -blautdelskirurgi -ortopedi -kir.pol.kl. Augeavd. Mork rehab.senter Anestesi avd. Å -AMK inkl./ 113 -fly -helikopter -mottak -anestesi -kir. intens. -ambulanse -nødmelde tenesta Øre- nasehalsavd. -polikl. -audioped. seksjon -hørselssentral Kvinneklinikken -føde/ barsel Å -føde/ barsel/ gyn. V -gyn.post Å -dagkir. Å og V -pol.kl. Å og V Ortoped. avd. Ålesund -sengep. -fellespost revma. og fys.med. -tann/kjeve Serviceavdelinga -allmenn teknisk seksjon -kjøkken/kantine -forsyning (sengesentral.tøylager) -interntransport -postkontor (Ålesund) -husøkonom -resepsjon/sentralbord -medisinteknisk seksjon Psykisk helsevern for barn og unge -BUP Ålesund -BUP Volda -UPA Ålesund Akutt avdeling Volda -mottak -intensiv -operasjon -ambulanse -AMK Operasjonsavdeling Ålesund -dagkirurgi -opera sjonsstover -sterilsentralen Radiologisk avdeling -røntgenavd. Volda -røntgenavd. Ålesund Laboratorie avdeling -klinisk/ kjemisk i Ålesund og Volda -mikrobiologisk Psykiatrisk avd. -sengepostar i Ålesund -rehab.post Sande Distriktspsykiatrisk avdeling (DPA) døgnpostar -Vegsund -Sjøholt -Volda poliklinikkar -Ålesund -Volda dageiningar -Ålesund -Volda Avd. for fys.med./ rehab. -felles sengep. med orto. og revma. -pol.kl. -ergoter. -fysioter. seksjon Avdeling for patologi

- På lag med deg for helsa di - Dette erhelse Sunnmøre HF Helse Sunnmøre HF er organisert under Helse Midt-Norge RHF. Føretaket har ein flat struktur med 24 avdelingssjefar i linje rett under administrerande direktør. Administrasjonsadressa er lokalisert til Ålesund sjukehus. Stor geografisk spreiing Det er stor geografisk spreiing av institusjonane i føretaket. Organisasjonen består av Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, 2 rehabiliteringsinstitusjonar, 3 distriktspsykiatriske sentra samt ambulanse- og nødmeldetenesta. Helse Sunnmøre dekkjer primært etterspurnaden etter spesialisthelsetenester for innbyggjarane i dei 17 sunnmørskommunane. Innbyggjartalet i desse kommunane er til saman omlag 128 000. I tillegg har Ålesund sjukehus ein del fylkesdekkjande avdelingar/einingar, t.d. revmatologisk avdeling, avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, neonataleininga og dialyseeininga. Dette inneber større pasienttilstrøyming enn det innbyggjartalet skulle tilseie. Innan psykiatrien har Ålesund sjukehus ei fylkesdekkjande ungdomsavdeling. Største bedrifta i Møre og Romsdal Føretaket disponerer ressursar på omlag 1,4 milliard kroner og har vel 2 300 tilsette*. Helse Sunnmøre er soleis den største bedrifta i Møre og Romsdal. Det styrande for Helse Sunnmøre si verksemd er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Helse Sunnmøre inngjekk i 2002 ein avtale med trygdeetaten om inkluderande arbeidsliv for å betre arbeidsmiljøet og få ned sjukefråveret. Helse Sunnmøre er ein røykfri arbeidsplass. * I tillegg har vi omlag 500 vikarar. Dette erhelse Midt Norge RHF Med helsereforma i 2002 overtok staten ansvar for spesialisthelsetenesta i Norge. Det blei oppretta fem statlege regionale helseføretak og Helse Midt-Norge RHF er eitt av desse. Helse Midt-Norge RHF eig helseføretaka i Midt-Norge. Hovudoppgåvene til føretaksgruppa i Helse Midt-Norge er å gi pasientbehandling, drive forsking, undervise helsepersonell og gi opplæring til pasientar og pårørande. 5 HELSE MIDT-NORGE RHF har det overordnede ansvar for spesialisthelsetjenestene i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. HELSE NORD-TRØNDELAG HF består av Sykehuset Namsos og Sykehuset Levanger samt distriktspsykiatriske sentre. Hovedkontoret ligger i Stjørdal. Dessuten er disse avdelingene en del av det regionale helseforetaket: Helsebygg Midt-Norge er en utbyggingsorganisasjon med ansvar for bygging av nytt universitetssykehus i Trondheim. ST. OLAVS HOSPITAL HF er universitetssykehus med regionfunksjoner for de tre midtnorske fylkene. Psykisk helsevern i Sør-Trøndelag er en del av helseforetaket. Fra 2004 er også Orkdal Sanitetsforenings Sjukehus innlemmet. Helse Midt-Norge IT (HEMIT) er en regional IT-enhet som leverer tjenester til helseforetakene i regionen og ivaretar utviklingen av Midt-Norsk Helsenett. SYKEHUSAPOTEKENE I MIDT-NORGE HF består av Sykehusapoteket i Kristiansund, Sjukehusapoteket i Ålesund, Sjukehusapoteket i Molde og Sykehusapoteket i Trondheim. RUSBEHANDLING MIDT-NORGE HF i Stjørdal har ansvar for rusbehandling ved Vestmo Behandlingssenter (Ålesund), Veksthuset Molde, Nidarosklinikken og Senter for medikamentassistert rehabilitering i Trondheim (MARiT) samt praktisering av avtaler med private institusjoner og behandlingstilbud. HELSE NORDMØRE OG ROMSDAL HF består av Molde Sjukehus og Kristiansund Sykehus samt distriktspsykiatriske sentre. HELSE SUNNMØRE HF består av Ålesund sjukehus og Volda sjukehus samt distriktspsykiatriske sentre.

Medisinsk avd.ålesund Medisinsk avdeling omfattar lungemedisin med laboratorium, geriatri med slageining, hjartesjukdomar inklusiv medisinsk overvaking, hjarterehabilitering og sviktpoliklinikk, hormonelle sjukdomar, blodsjukdomar og nyresjukdomar med nyreskule og hemodialysepost, infeksjonssjukdomar og mage-/tarmsjukdomar med laboratorium. NØKKELTAL FOR 2003: 110 senger 5 500 innleggingar 10 450 polikliniske konsultasjonar ca. 210 tilsette. 6 Avdelingssjef er Odd Roe Skogen. Tilbodet ved medisinsk avdeling spenner frå hyperakutt til kronikaromsorg, frå den høgspesialiserte til den generelle indremedisin. Å finne balansen i ressursbruk mellom alle oppgåvene stiller store krav til leiing, organisering og internt samarbeid. Store utfordringar er også: Grenseoppgangen mot og samhandlinga med kommunehelsetenesta. Vanskelege medisinske og etiske val i forhold til høgteknologisk medisin som hemodialyse, respiratorbehandling, pacemakerimplantasjon og avansert reparasjonskirurgi innan kronikargruppene (t.d. KOLS) og eldre med funksjonssvikt. Krav og utfordringar Kunnskapsauke, nye diagnostiske hjelpemiddel og behandlingstilbod aukar forventningar og krav. Nye lovintensjonar med rett til rask behandling, informasjon og pasientmedverknad, krav om auka effektivitet, streng økonomisk styring, fokus på forsking og kvalitet stiller også, og særleg dei medisinske avdelingane, overfor store faglege utfordringar. Vi ser senking av «tilvisingsterskel», auke i livsstilssjukdomar og «importsjukdomar», auke i kronikargruppene og i talet på gamle med samansette sjukdomsbilete og tidvis omsorgssvikt. I tillegg til den faglege utfordringa legg dette eit organisasjons- og volumpress på dei medisinske avdelingane med overbelegg og personalslitasje til følgje. IT-revolusjon 2003 var året då IT-revolusjonen kom med full tyngde i den «kliniske kvardag». Elektronisk journal (EPJ) og elektronisk rekvirering og visning av biletdiagnostikk har gitt oss ein heilt ny arbeidssituasjon med stor vinst, men også stor utfordring. Omorganisering og omstrukturering grunna krav om økonomisk innstramming sette sitt merke på slutten av året og nytt personalstyringsverkty for legegruppa er teke i bruk. Den store merkesaka var doktordisputasen til overlege Hole. Dette stimulerer. Vi har no klinisk forsking og fagutvikling på høgt nivå i gang innanfor gastrofaget, hematologi og kardiologi. Nye tilbod er etablering av nyreskule og tettare samarbeid med sjukehusapoteket. Metanolsaka Ei spesiell hending i 2003 var den store metanolsaka. 23 potensielle pasientar var kontakta, 9 vart innlagde, 4 av dei dialysetrengande med alvorleg forgifting. Alle kom frå det uskadde. Ventelister Ventelisteføring og ventelistesituasjon er eit vidtfemnande og samansett tema. Trass i stor innsats i 2003 slit mange med for lange ventelister. Det gjeld særleg gastro- og koloscopi, lunge- og hjartemedisin i høve nytilviste. Men også kontroll av kronikargrupper er eit aukande problem. Situasjonen er marginal og kapasiteten ikkje stor nok utan skippertak. Visjonar Visjonen for framtida må vere å få den nødvendige overlegekapasitet og dei nødvendige fysiske arbeidstilhøve så vi kan klare dei store utfordringane både kvalitativt og kvantitativt. Satsing på områdegeriatrisk verksemd og nærare samarbeid med kommunehelsetenesta vil bli nødvendig for å betre helsetilbodet til gamle og unngå unødig innlegging og korridorpasientar. Meir brukarvenleg teknologi og perfeksjonering hos personalet i bruken av den vil vere eit viktig mål. Likeeins må individualitet, kreativitet og tid til refleksjon få vekstvilkår slik at arbeidsmiljø og arbeidsglede kan blomstre. - På lag med deg for helsa di -

Medisinsk avd.volda Avdelinga omfattar medisinsk sengepost, avdeling for fysioterapi, medisinsk poliklinikk, diabetespoliklinikk, hjertesviktpoliklinikk, lungerehabilitering og kreftpoliklinikk. Hovudvekt på generell indremedisin med 90 prosent omgåande hjelp. Vi har ingen ledige stillingar og god rekruttering. Greinspesialist i kardiologi, lunge, geriatri, gastroenterologi og nyremedisin. Spesielt profilert er blodsjukdomar og kreftdiagnostikk. NØKKELTAL FOR 2003 polikliniske konsultasjonar: 5 793 gjennomsnittleg liggetid: 5,2 døgn utskrivne pasientar: 2 356 samla ventetid i snitt: 2 månader overskot: 1,5 millionar kroner. 7 Avdelingssjef er Egil Nordahl. Avdelinga er godkjent for 3 års utdanning i generell indremedisin for spesialistkandidatar. Vi har etablert samarbeid med Læring- og meistringssenteret med opplæring av pasientar og diabetesomsorg, hjertesviktbehandling og lungerehabilitering. Vi har òg tilrettelagt for samarbeid mellom kreftpoliklinikk og Kreftavdelinga, Helse Sunnmøre. Kritisk sjuke vert tatt hand om i fellesskap mellom intensivseksjonen i Akuttavdelinga og Medisinsk avdeling i lokala til intensivseksjonen. Disponibel sengekapasitet er 34 og 4 tekniske senger. Perspektiv Vi har potensiale for auka kapasitet med betre tilrettelegging av fysiske tilhøve i medisinsk poliklinikk og ved tilvekst med ein gastroenterolog. Søre Sunnmøre må ha dialysetilbod på same måte som nordfylket. Samarbeid med St. Olavs Hospital og Ålesund sjukehus er ein føresetnad for rekruttering og fagleg utvikling. Tilbakemelding frå primærhelsetenesta går på god kommunikasjon og ukomplisert tilvising. Sterkare profilering av tilbodet er likevel naudsynt. Stramme økonomiske vilkår og nedbemanning tilseier auka fokusering på arbeidsmiljø for å halde kvalitet på pasienttilbodet på høgt nivå.

8 Ortoped. avd. Revm. avd. Operasjonsavd. Ortopedisk avdeling behandlar slitasjesjukdomar, skader og skadefylgje, muskel/ skjelettsystemet, medteke tann- og kjeveområdet og revmakirurgi. Avdelinga har ein stor og ein liten sengepost samt ein seksjon for tann- og kjeve. Poliklinikk og dagkirurgi er saman med Kirurgisk avdeling. Nøkkeltal for 2003: 39 senger 2 100 innleggingar 2 600 operasjonar 14 800 polikliniske undersøkingar 55 tilsette. Avdelingssjef er Harald Eikrem. Samla gir avdelinga eit nokså breitt tilbod innan ortopedien. Akuttpasientar står for 60 70 prosent av innleggingane og varierer mykje. Ein stor del eldre med tilleggssjukdomar er også ei utfordring som tek mykje kapasitet. Ortopedi Hovuddelen er organisert i ein stor sengepost med 32 senger samt ei for tann/ kjeve. Ein mindre sengepost med 6 senger er lokalisert i og har samarbeid med revmatologisk avdeling. Ortopedisk avdeling og Kirurgisk avdeling organiserer pasientstraum og pasientbehandling kvar for seg. Kva er oppnådd i 2003 Med kurs, hospitering og anna oppdatering har ein fått revmakirurgien til å fungere som før, etter at revmakirurg slutta i 2002. Vidare har ein ved sterkt fokus på produksjon, klart å få alle ventelistene på eit rimeleg nivå, men då med ekstra innsats. Framover Auke bemanninga, i alle fall heile, godkjente stillingar er eit prioritert område. Eigne assistentlegar i vakt vert det arbeidd for. Dette er svært viktig for framtidig rekruttering. Sengekapasiteten er ein avgrensande faktor, og økonomien gjer det vanskeleg med store planar. Revmatologisk avdeling er fylkesdekkande og driv med diagnostikk, behandling og oppfylging av pasientar innan heile spektret av revmatiske sjukdomar. Nøkkelopplysningar: Avdelinga har knytt til seg ortoped, og det blir gjort rundt 100 operasjonar årleg. Avdelinga har 28 tilsette. Avdelinga har utdanningsprogram for legar og anna fagpersonell. 5 nye spesialistar i revmatologi vil bli utdanna i løpet av ca. 5 år, den fyrste alt sommaren 2004. Avdelingssjef er Bjarte Aksnes. Sengeposten var organisert i felles sengepost saman med Ortopedisk avdeling. I 2004 vart sengeposten organisert i felleskap med Fysikalsk medisin og rehabilitering og Ortopedisk avdeling. På eininga har vi innlagt ca. 650 pasientar årleg. På poliklinikken har vi rundt 3 500 konsultasjonar årleg med omlag 30 prosent nytilviste. Drastisk nedgang i ventetida 2003 har vore prega av auka aktivitet i pasientbehandlinga, drastisk nedgang i ventetida for nytilviste, samt auke i tal på innlagte pasientar. Det har vore meir fokus på intern fagutvikling og kvalitetssystem. I 2004 ynskjer vi å fortsette den positive trenden frå 2003. Vi satsar på å betre pasientundervisning/opplæring, styrke tverrfagleg samarbeid, og satse meir på å betre samarbeidet med primærhelsetenesta. Utførar operasjonar for Ortopedisk avdeling, Kirurgisk avdeling og Kvinneklinikken 3 einingar: Hovudoperasjon, sterilsentral, dagkirurgi I 2003 vart det utført 6 500 operasjonar (1 750 dagkirurgiske) 62 tilsette medarbeidarar med 50 årsverk. Avdelingssjef er Vidar Punsvik. Fagleg og organisatorisk utvikling Allereie tidleg på 90-tallet organiserte vi avdelinga i seksjonar. Vi har seksjonar for urologi/gynekologi, for gastro-/kar-/endokrin-/genkirurgi, for ortopedi og for tann-/ kjeve-/revma-kirurgi. Trass seksjonsgrensene er personellet fleksibelt i arbeidsområdet. Avdelinga starta eit fagutviklingsprogram i 2002. Kunnskap gjev kvalitet, og denne skal utviklast kontinuerleg i dette programmet. Avdelinga er ein viktig samarbeidspartnar når brukaravdelingane startar opp med nye innovative operasjonsmetodar. Våren 2004 vil vi gjennomføre dei første operasjonane innafor gastroenterologisk adipositaskirurgi ( kirurgisk behandling av ekstrem overvekt) og ortopedisk skiveproteseimplantasjon i ryggsøyla. Kva har vi oppnådd i 2003? Vi har tatt i bruk eit elektronisk system (T-Doc) for kvalitetsovervaking av reingjerings- og steriliseringsprosessane av utstyret vårt. Dette er eit viktig hjelpemiddel i kvalitetsarbeidet. Den dagkirurgiske verksemda blei organisert til avdelinga vår og fekk dermed ein betre organisasjonsstruktur. Framtidsvisjonar Avdelinga ynskjer å profilere seg på fagkunnskap, tryggleik, prosessdokumentasjon og organisasjon. Vi vil derfor arbeide for å oppnå ei ISO-sertifisering av verksemda. - På lag med deg for helsa di -

Auge avd. Avdelinga består av auge poliklinikk, auge operasjonsstove og 3 senger i felles sengepost med gynekologisk sengepost. I 2003 hadde vi totalt 229 innleggingar, 1 397 operasjonar og 12 431 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga har 19 tilsette. Avdelingssjef er Odd Sletteberg. Når synet svikter Grå stær, senil makuladegenerasjon (aldersforandring i den gule flekken), betennelsar, skjeling, alt er sjukdomar som ofte påverkar synet og som utgjer ein stor del av pasientane som blir behandla ved avdelinga vår. Synet har avgjerande verdi for livskvaliteten, og det å førebyggje og behandle sjukdomar som fører til svaksyn/blindskap står heilt sentralt i avdelinga sitt arbeid. I tillegg er diagnostikk og behandling av sjukdomar i augelokk og tårevegar eit viktig arbeidsområde for avdelinga. Diabetes Førekomsten av diabetes (sukkersjuke) aukar stadig. For denne pasientgruppa har vi bygd opp eit moderne kontrolltilbod med digital netthinnefoto for å oppdage diabetisk netthinnesjukdom på eit tidleg tidspunkt slik at vi sikrar tidleg behandling. Tilbodet vårt til denne pasientgruppa er blant det beste i landet. Fleire operasjonar Med minimal auke av personalressursane har operasjonsstova vår gjennomført ei stor auke (20 prosent) i talet på operasjonar. Dette har vi klart med god planlegging, godt teamarbeid og stor innsats frå våre tilsette. Grå stær operasjonar med fakoteknikk og implantasjon av kunstig linse, utgjer ein stor del av aktiviteten. I tillegg har vi eit stort tall operasjonar for augelokk, tårevegar, skjeling og grøn stær. Øre-nasehals avd. Avdelinga undersøkjer og behandlar alle former for øre-nase-halslidingar, bortsett frå dei fleste kreftformene der behandlinga er sentralisert. Avdelinga har 30 tilsette, men i tillegg kjem dei på sengeposten som er organisert under kirurgisk avdeling. Avdelingssjef er Odd Arvid Lange. Avdelinga har fire behandlingseiningar: poliklinikk/operasjonsstover, sengepost, hørselssentral og audiopedagogisk seksjon. I 2003 tok avdelinga imot 819 innlagte pasientar og avvikla tilsaman 11 943 polikliniske konsultasjonar. Det blei gjort 706 operasjonar på innlagte og 623 dagkirurgiske inngrep. Spesialkompetanse I tillegg til veldifferensierte tilbod om øre-nase-halstenester, har avdelinga audiopedagogisk seksjon med kompetanse på diagnostikk og behandling av førskuleborn med hørselshemning. Avdelinga har også investert mykje i utvikling av tilbod om mellomørekirurgi som er blitt mangelvare og problemområde på landsplan. Ventetida ned I 2003 klarte avdelinga å auke produksjonen mykje, og for visse sentrale produksjonsoppgåver som tilpassing av høyreapparat og operasjon av mandlar, har særs lange ventetider blitt redusert. Visjonar Avdelinga har i mange år vore prega av mangel på visse personellgrupper, særleg legar og audiografar. Det ser ut til at personellmangelen kan reduserast i dei næraste åra, og det er planlagt arealauking for hørselssentralen. Dette gir håp om at avdelinga i framtida kan ta på seg nye oppgåver innanfor forsking, undervisning og utvikling. Hud avd. Hudavdelinga er ei av to avdelingar i Møre og Romsdal. Vi tilbyr undersøking og behandling til pasientar med psoriasis, eksem, sår, hudkreft, akne og kjønnssjukdomar med meir. Tal på polikliniske pasientar i 2003 var 9 581. Avdelinga har 8 tilsette. Avdelingssjef er Marie Gamlem. Behandlingseiningar Avdelinga har lysbehandlingseining for pasientar med psoriasis og atopisk eksem ved begge sjukehusa i Helse Sunnmøre. Ein nyttar telemedisinsk kommunikasjon mellom sjukehusa. Andre behandlingstilbod er for pasientar med kroniske leggsår, fotodynamisk behandling (PDT) for basalcellecarsinom, laserbehandling for fødselsmerke og for uttalte blodkar i ansiktet. Avdelinga har open telefonlinje heile dagen for primærhelsetenesta, til stor lette for fastlegane. Kva har vi oppnådd i 2003 I april 2003 vart avdelinga kåra til «Årets avdeling» i Helse Midt- Norge. Pristildelinga var til glede for oss og gav inspirasjon til å gjere avdelinga enda betre. Pasientane er fornøgde, og effektiviteten er på topp. Dette til tross for at avdelinga har tronge lokale og vi manglar kontor. Vi opplever nytenking i pasienttilbodet. Vi har i dag inga ventetid på behandling og 1-4 vekers ventetid på undersøking. Epikrisetida er på 1-2 dagar. Framtidsvisjonar Vi planlegg å utvide pasienttilbodet ved Volda sjukehus med ein legebemanna poliklinikkdag i veka i 2005. I dag har vi berre lysbehandlingstilbod ved Volda sjukehus. Vi har framleis eit håp om utviding av poliklinikkarealet ved Ålesund sjukehus for å kunne tilby betre pasientbehandling. 9 - På lag med deg for helsa di -

- På lag med deg for helsa di - 10 Anestesiavd. Ålesund Avdelinga utførar narkose/bedøving, intensivbehandling, akuttmedisin og behandling av smertetilstandar. Vi har òg spesialisert pasienttransport. Anestesiavdelinga er ei kompetanseavdeling med ein høg del av spesialutdanna personell. Avdelinga har 143 stillingar fordelt på 194 tilsette. Avdelinga har desse seksjonane: Anestesi Intensiv/postoperativ Akutt (ambulanse, AMK, mottak) Smerte Luftambulanse (fly, helikopter, legebil). Avdelingssjef er Odd Veddeng. NØKKELTAL ÅLESUND Seksjonar Resultat 2003 Anestesi anestesiar: 8 093 anestesitimar: 13 274 Intensiv/postoperativ pasientar totalt: 5 906 intensivpasientar: 337 respiratordøgn: 281 Akutt (ambulanse, naudmeldingar (til 113): 3 351 AMK, mottak) pasientar mottatt: 17 078 + mange polikliniske med eigne ambulansar: 4 127 turar med distriktsambulansar (med. ansvar): 7 570 turar Smerte konsultasjonar i smertepoliklinikk: 392 Luftambulanse flyoppdrag: 1 251 (fly, helikopter/legebil) helikopterbasen: 529 oppdrag (84 bil og 445 helikopter) Akuttavd. Volda Akuttavdelinga er ei serviceavdeling som støtter opp under det tilbodet dei kliniske avdelingane har innanfor indremedisin, og med ei fullstendig behandlingskjede innanfor dei kirurgiske faga. Avdelinga hadde 83 stillingar i 2003. Akuttavdelingane har desse behandlingseiningane: Intensivseksjonen: ei generell intensivavdeling med 8 senger og 4 postoperative senger Anestesiseksjonen Operasjonsseksjonen Mottaksavdelinga med ambulanseavsnitt, legevaktsentral og generelt pasientmottak med ansvar også for dagkirurgi I 2003 var 1 453 innlagde på Intensivavdelinga, i alt 118 respiratordøgn. Avdelingssjef er Rune Heggedal. Framtidsvisjonar Å kunne utvikle tilbodet til publikum gjennom samarbeid med kommunehelsetenesta i felles akuttmottak (FAM) og etablering av observasjonspost i mottak. Vi satsar å på å halde oss i toppen når det gjeld kompetanse innan anestesi og intensivmedisin for å ha grunnlag til å drive med avanserte og krevjande medisinske prosedyrar på ein trygg måte og til pasientane sitt beste. Avdelingane i Ålesund og Volda vil samarbeide tettare om utdanning og fagleg utvikling generelt, om samordning av innkjøp og disponering av utstyr samt få til samarbeidsordningar om vaktdekning. Utviklingstrekk i 2003 Intensivseksjonane har dei siste åra hatt eit fallande tal på reelle intensivdøgn. Det er dei kirurgiske intensivpasientane som er blitt færre. Samstundes aukar talet på generelle intensivpasientar. Særleg er det kroniske lungepasientar som treng ulike typar assistert ventilasjon, men også alvorlege infeksjonar (sepsis) ser ut til å være på frammarsj. I Ålesund er bortfallet av intensivpasientar kompensert med aukande tal postoperative pasientar. Dette samsvarer med større behov for anestesiservice. Brutto anestesitid auka i 2003 med 14 prosent i høve til 2002.

11

- På lag med deg for helsa di - Kvinneklinikken Klinikken er samansatt av gynekologisk og obstetrisk avdeling i Volda og Ålesund. Gynekologisk sengepost ved Ålesund sjukehus er slått saman med augesengepost. Fødeavdelinga i Ålesund har 28 senger. Fødeavdelinga og gynekologisk avdeling ved Volda sjukehus er sammenslått og har høvesvis 9 og 3 senger. I 2003 hadde vi totalt 1 694 fødsler og 2 049 inneliggande behandla pasientar. Gynekologi omfattar generell gynekologi, urogynekologi, gynekologisk kreftbehandling og barnløyse. Totalt behandla vi 891 inneliggande pasientar. I tillegg hadde vi 1 532 operasjonar inkludert dagkirurgi og 14 225 polikliniske konsultasjonar. Totalt har klinikken 104 stillingar. Avdelingssjef er dr. Oddvar Sviggum. 12 Samanslåing I 2003 vart dei to avdelingane i Volda og Ålesund slått saman til ei avdeling. Gjennom kurs/møter i endringsprosessar der alle tilsette vart invitert til å vere med, bygde vi i fellesskap opp ein ny organisasjon der to forskjellige kulturar skal sameinast. Vårt mandat er å vidareutvikle avdelinga med to føde- og gynekologiske avdelingar og samtidig trekke ut faglege og økonomiske synergieffektar. Redusert ventetid Ved gynekologisk avdeling har nye behandlingsmetodar ført til sterkt redusert liggetid og ei sterk dreiing mot poliklinisk- og dagbehandling. Dette har redusert kraftig ventelistene våre slik at vi i dag i praksis ikkje har ventetid for nokon type inngrep. Vi har bygt opp og styrka behandlinga av cancerpasientar, blant anna gjennom opplæring av sjukepleiarar som har tatt vidareutdanning ved St. Olavs Hospital innan kreftbehandling. I tillegg kjem vidareutdanning og oppdatering av eigne legar. Kvaliteten på arbeidet vårt er høgt og sikra gjennom eit mykje tett og godt samarbeid med onkologisk seksjon ved Kvinneklinikken, St. Olavs Hospital. Innan infertilitet har vi det same gode samarbeidet med Kvinneklinikken, St. Olavs Hospital. Vi har også styrka tilbodet vårt til kvinner som har vore utsett for seksuelle overgrep. Fødeavdelinga Fødeavdelinga i Ålesund tar i mot risikogravide frå heile Møre og Romsdal. Gjennom eit nært og godt samarbeid med neonatal intensiv seksjon i Ålesund utviklast stadig personalet si kompetanse for å gi optimal behandling for dei premature borna. Resultata ved neonatal intensiv seksjon avhenger også av høg kompetanse ved fødeavdelinga. Etterutdanning av både jordmødrer og legar innan fødselsomsorg og ultralyd har blitt gitt høg prioritet. I 2004 skal ytterligare ei jordmor få vidareutdanning i ultralyd ved St. Olavs Hospital / NTNU. Talet på keisarsnitt aukar Talet på keisarsnitt er stigande i heile Noreg. Ei av årsakene er angst for å føde. Svangerskaps- og fødselsomsorga har i 2003 blitt via stor merksemd. Ca. 1/2-parten av jordmorstaben har no tatt etterutdanning i akupunktur, og eige rusteam omkring den gravide har blitt ytterligare styrka. Etter eit stortingsvedtak er også vi i gang med organisering av eit differensiert og desentralisert fødetilbod slik at totalomsorga av dei gravide blir ytterligare styrka. Hovudpoenget er gjennom definerte parametre - å skilje ut dei mindre ressurskrevjande friske gravide som vi meiner vil føde ukomplisert vaginalt. Slik kan vi styrke omsorga hos dei gravide der vi kan forvente komplikasjonar. Mange fødande ynskjer tidlig heimreise. Barselpoliklinikken vår og Barneavdelinga har kome godt igang med eit samarbeid som skal vidareutviklast i samband med ei modernisering av eininga for føde/barsel. 2004 analyse av verksemda I 2004 skal vi analysere aktiviteten i heile verksemda vår. Denne analysen skal danne grunnlaget for vidare utvikling av avdelinga. Vi er glade for at kvalitetssikring og forsking er satt på dagsorden av Helse Midt-Norge RHF. Vi håper at dette vil medverke til å gi oss tid og rom for betre oppfølging av eigne behandlingsresultat og initiere større eller mindre forskingsprosjekt.

- På lag med deg for helsa di - Kirurgisk avd. i Volda Ved Kirurgisk avdeling i Volda var det i 2003: kirurgisk/gynekologisk sengepost (29 senger) kirurgisk poliklinikk inntakskontor ekspedisjon/skrivestove legane. Vi gir tilbod innan ortopedi, urologi og allmennkirurgi slik at vi dekker det mest vanlege behovet for kirurgisk hjelp blant lokalbefolkninga. Tal innleggingar 1 693, polikliniske konsultasjonar 8 136, dagkirugiske inngrep 819. Tal tilsette: ca. 70. Avdelingssjef er Ingebjørg E. Knutsen. Kirurgisk avd. i Ålesund Ved Kirurgisk avdeling i Ålesund er det tre seksjonar: Gastroenterologi (mage/tarm), urologi (urinvegar), karkirurgi (blodårer/arterier/vener) samt den kirurgiske verksemda knytt til brystdiagnostisk senter. Til avdelinga ligg to sengepostar og ein poliklinikk. For å få utført spesielle operasjonar innan endokrinkirurgi (kjertlar i bryst, hals, binyrer etc.) og lungekirurgi (i hovudsak lungekreft) har vi samarbeid med legar frå Haukeland sjukehus og St. Olavs Hospital. I 2003 hadde vi: 3 078 innleggingar 12 697 polikliniske konsultasjonar 175 tilsette. Avdelingssjef er Berit Overøye. 13 Korte ventetider konkurranseføremon Dei kirurgiske avdelingane i Helse Sunnmøre har god kompetanse og god operasjonskapasitet. Vi dekker dei fleste og mest alminnelege kirurgiske behandlingsformene. Vi utførar også endoscopisk kirurgi (kikholskirurgi). Ventetidene er under kontroll, og vi tilbyr behandling innan dei medisinske fristane.ventetidene våre og kompetansen vår gjer at vi kan tilby behandling til dei som ynskjer det, og det er liten etterspurnad om operasjonar ved andre sjukehus frå pasientar som naturleg tilhøyrer vårt område. Kreftpasientar har i prinsippet inga ventetid ved dei kirurgiske avdelingane i Helse Sunnmøre. Året 2003 I regi av Kirurgisk avdeling i Volda vart det i 2003 satsa på tiltak som reduserte ventetidene og førte til auka satsing på dagkirurgi. Kirurgisk avdeling i Ålesund har rekruttert fleire spesialistar innan ulike kirurgiske disiplinar og på den måte heva kompetansen. Begge avdelingane rekrutterer godt til assistentlege- og sjukepleiarstillingar. Begge avdelingane har satsa og vil satse på kompetanseauke, for sjukepleiarar t.d. kreftsjukepleie, samt spisskompetanse innan dei ulike fagområda. Framtidsvisjonar Framover vil vi satse på å utvikle den faglege samhandlinga til beste for pasienten, slik at den totale kapasiteten og kvaliteten kjem pasientane til gode. Arbeidsdeling og god utnytting av spesialistressursane vert ei utfordring. Kirurgisk avdeling i Volda vil i samarbeid med Ålesund etablere eit tilbod for pasientar med lekkasjeproblem frå endetarmen. Nytt i Volda er også at der er etablert eit tilbod om kneproteseoperasjonar. Kirurgisk avdeling i Ålesund førebur seg på å starte opp med fedmeoperasjonar i samarbeid med St. Olavs Hospital. Dei kirurgiske avdelingane må også vere opne for å ta opp nye metodar og behandlingstilbod. Dette må vere forankra i akseptert forsking og godkjente behandlingsprinsipp. I så måte må også dei kirurgiske avdelingane i Helse Sunnmøre medverke med leveransar til vitskapelege studiar og på sikt levere eigne forskingsresultat. Oppsummert vert fokuset for dei kirurgiske avdelingane framover: kvalitet effektivitet samhandling innbyrdes samhandling med primærhelsetenesta

- På lag med deg for helsa di - Barneavdelinga I 2003 vart Barnepoliklinikken ved Volda sjukehus og Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus organisert i ei avdeling. Avdelinga har tilbod for barn og unge fram til 18 år innanfor alle typar barnemedisinske problem. Store område er infeksjonar, astma, diabetes, mage/tarmlidingar og hjertesjukdommar. Avdelinga har òg intensivtilbod til sjuke nyfødde /fortidleg fødde barn. Seksjonar: Barnepoliklinikk, Barnehabilitering, Barnemedisin og Neonatal intensiv seksjon. Vi hadde rundt 1 500 innlagde pasientar i fjor og 6 700 polikliniske. Avdelinga har 110 stillingar. Avdelingssjef er Ove Økland. 14 Høgre aktivitet. Betre økonomistyring. For 2003 hadde vi som mål å gje eit allsidig og godt medisinsk tilbod, samtidig som vi både skulle auke den polikliniske aktiviteten i Volda og Ålesund og få betre økonomistyring. Tanken var altså at betre ressursstyring kunne gje pasientane og familiane deira eit betre tilbod. Samtidig ønskte vi betre samarbeid med primærhelsetenesta. Dette har fungert godt, og ventetidene på poliklinikk og til innlegging er no nede i frå nokre dagar til eit par veker, avhengig av typen spesialundersøking. Mange mål nådd Vi har nådd mange av måla ved god tverrfagleg innsats i alle seksjonar. Tydelegast er doblinga av talet på polikliniske konsultasjonar. Dette har vore mogeleg med same tal tilsette. Med spesialiserte poliklinikkdagar trur vi at kvaliteten også er blitt betre. Dei tilsette ved Barnemedisin og Neonatal intensiv har også dette året streva med lite areal og få rom. Likevel har vi fått på plass utstyr for NO (nitrogenoxid)-behandling av sjuke nyfødde med høgt blodtrykk i lungepulsåra, såkalla pulmonal hypertensjon. For å klare drifta på barnemedisin, er liggetida nede i 2,1 dag/pasient. Dette er langt frå ideelt for pasientar, pårørande eller tilsette, og det røyner på, spesielt i infeksjonsperiodane. Begge sengepostane har eit for høgt sjukefråvær, relatert til stort arbeidspress i tronge lokale, med stadig endringar av turnus. Heldigvis har vi fått starte opp med romprogram og funksjonsbeskriving av ny Barneavdeling. I 2003 kom aktivitetane i Lærings- og meistringssenteret for barn og unge godt i gang. Her har det i samarbeid med brukarorganisasjonane blitt halde temasamlingar og informasjonskafear. Tilsette ved neonatal intensiv har halde fram den nasjonale Nidcap-utdanninga, og mange har hospitert ved andre sjukehus i inn- og utland. For ei gruppe på om lag 50 primærlegar på Sunnmøre vart det arrangert temakurs over 6 kveldar. Dette synest vi gav fin dialog, og vi ønskjer å vidareføre dette i heile fylket. Perspektiv Styret i Helse Sunnmøre har gått inn for å starte opp eit forprosjekt for ny barneavdeling. Vi ønskjer også å ta vare på, utvikle og sikre god kompetanse på alle nivå. Spesielt vil rekruttering av nye spesialistar i barnesjukdommar bli prioritert. Vi må også ha ned sjukefråveret, det kan hindre fagutvikling og påverke kvalitet for både tilsette og pasientar. Samordning av barne- og vaksenhabiliteringstilbodet i Helse Sunnmøre startar i 2004. Det må også etablerast eit tilbod med intensiv trening til barn og unge med CP og motoriske vanskar. Utover dette må vi, som den største og mest ressurssterke barneavdelinga i fylket, også ta ansvar for at barn frå andre deler av Møre og Romsdal får det same spesialisttilbodet som på Sunnmøre.

Fagavdelinga Fagavdelinga blei oppretta som ein del av dei omorganiseringane som førde til oppretting av Helse Sunnmøre HF. Fagavdelinga blir leia av ein fagsjef og har mellom anna følgjande oppgåver: - rådgjeving i faglege spørsmål - ventelisteoppfølging - forsking og fagutvikling/opplæring - kvalitetsarbeid og skadesaker - kompetansesenter for pasientinformasjon - lærings- og meistringssenteret - hygiene og smittevern - arkiv og elektronisk pasientjournal - samarbeid med primærhelsetenesta - bibliotek og sjukehusprestar. 15 Fagsjef er Per Roland. Som eit ledd i omorganiseringsprosessen blei sjeflegestillingane og sjefsjukepleiarstillingane lagt ned både i Volda og Ålesund. Dei oppgåvene som tidlegare var lagt til desse stillingane, er for ein stor del ført over til Fagavdelinga. Sjukehusa har frå tidlegare hatt dyktige medarbeidarar innafor fleire av dei ansvarsområda som no er lagt til Fagavdelinga. Desse medarbeidarane har gått inn i Fagavdelinga. Vidare har det blitt arbeidd for å styrke kompetansen innafor prioriterte område. Dette gjeld mellom anna opplæring, fagutvikling og forsking. Fagsjefen er mellom anna leiar for kvalitetsutvalet, forskingsutvalet og den regionale styringsgruppa for KPI (Kompetansesenteret for pasientopplæring). I 2003 har Lærings- og meistringssenteret (LMS), som har sin hovudadministrasjon lagt til Mork Rehabiliteringssenter, kome godt i gang med arbeidet og har allereie etablert nettverk der pasientar, pårørande og pasientorganisasjonar er viktige samarbeidspartar. Senteret vil bli vidareutvikla med ein ny medarbeidar i Ålesund. Opplæringsverksemda til Barneavdelinga vil bli integrert i LMS. I 2003 er det blitt forhandla fram samarbeidsavtalar med alle kommunane på Sunnmøre. Desse avtalane vil utgjere det formelle fundamentet for samhandlinga mellom Helse Sunnmøre og kommunane. Kva vil vi prioritere framover? Av dei fire hovudoppgåvene som lov om spesialisthelsetenesta legg på sjukehusa, har Fagavdelinga eit spesielt ansvar for å leggje tilhøva til rette i helseføretaket for tre av oppgåvene: - utdanning og kompetanseutvikling - forsking og utvikling - opplæring av pasientar og pårørande Dette representerer store utfordringar for Fagavdelinga og peikar på viktige satsingsområde i tida som kjem. Fagavdelinga må også vere ein pådrivar i arbeidet med å styrke samarbeid og samhandling med primærhelsetenesta.

- På lag med deg for helsa di - Psykisk helsevern for barn og unge Vi gjev eit utgreiings-/behandlingstilbod til born og unge (0 18 år) som anten har utvikla psykiske vanskar eller som står i fare for å gjere det. Avdelinga består av poliklinikken i Ålesund (BUP), poliklinikken i Volda (BUP) og Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA). UPA har ein fylkesdekkjande funksjon (8 plassar) for unge mellom 12 og 18 år. I 2003 hadde vi totalt 7 823 polikliniske konsultasjonar fordelt på ca. 670 pasientar. UPA hadde 50 ø-hjelpsopphald (omgåande hjelp) og hadde 31 pasientar til lengre utgreiings-/behandlingsopphald. Avdelinga har godt kvalifiserte fagpersonar. Psykologar, legar, sosionomar og pedagogar arbeidar i tverrfaglege team ut frå pasienten sine behov for hjelpetiltak. Avdelinga har rundt 80 stillingar. Avdelingssjef er Oda Vederhus. 16 Samanslåing I samråd med pasienten og foreldre/føresette, samarbeider vi med barnehage, skule, PP-kontor og helse- og sosialtenesta i heimkommunen til pasienten. Behandlingstilbodet kan spenne frå korte konsultasjonar og utgreiingar til langvarig behandling og oppfølging over år. Det er som regel fastlegen som tilviser pasienten til poliklinikkane (BUP), men barneverntenesta i kommunane tilviser også i enkelte høve. Det er poliklinikkane som tilviser vidare til UPA dersom pasienten for ei stund treng anna enn poliklinisk utgreiing/behandling. Auka aktivitet I 2003 har vi hatt ein markant auke i aktiviteten ved poliklinikkane. Effektiviteten er større og vi har rekruttert fleire nye medarbeidarar. Dette har òg ført til at ventelistene og ventetida ved poliklinikkane er sterkt redusert i 2003. I dag er gjennomsnittleg ventetid vel 60 dagar. Dei med særs alvorleg problematikk ventar sjølvsagt ikkje så lenge, og dei som treng hjelp omgåande får time umiddelbart. Forsking og utdanning Ved poliklinikken i Volda (BUP) går det føre seg eit forskingsprosjekt, ETT («Evaluering av tilbud og tilfredshet»). Ein evaluerer tilbodet for slik å finne fram til betre rutinar for utgreiing og behandling av pasientane. Samarbeidspartane si evaluering av tilbodet vårt vert lagt stor vekt på i vidare utforming av måten vi arbeider på. Ved poliklinikken i Ålesund (BUP) har ein to prosjekt. Eit forskingsprosjekt tek føre seg tvangslidingar hos barn og unge. Dette har gitt fagmiljøet kunnskap og erfaring i behandling av slike lidingar. Eit anna prosjekt er «Evaluering av behandlingseffekt og brukertilfredshet». Dette studiet omfattar 2 fasar der fase 1 no er ferdig og fase 2 blir avslutta hausten 2004. For å betre spesialistsituasjonen driv vi framleis eit omfattande utdanningsprogram saman med Regionalt senter for Barne- og ungdomspsykiatri i Trondheim. Ved UPA avslutta vi i 2003 ei lokalt gjennomført utdanning i klinisk miljøterapi i samarbeid med R-BUP Framtidsvisjonar I den statlege opptrappingsplanen for psykiatrien reknar ein med at 5 prosent av befolkninga mellom 0 og 18 år har behov for hjelp frå spesialisthelsetenesta, anten direkte eller indirekte. For å klare dette vil vi tilsette fleire fagpersonar i åra som kjem og framleis auke den direkte retta polikliniske aktiviteten. Vi vil òg styrke konsultasjonsverksemda mot andre deler av spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Organisering og nye lokale I 2003 blei det barne- og ungdomspsykiatriske fagmiljøet i føretaket samla i ei avdeling med felles leiing. Med dette håper vi å kunne utvikle eit enda betre tilbod til pasientgruppa vår. Det ser ut til at planane om nye lokale for poliklinikken i Ålesund (BUP) og utviding av eksisterande lokale for poliklinikken i Volda (BUP) no blir ein realitet, og vi reknar med innflytting innan utgangen av 2005.

Psykiatrisk avd. Psykiatrisk avdeling har som oppgåve å gi psykiatrisk ugreiing, diagnostikk og behandling i sjukehus for befolkninga på Sunnmøre. På grunn av lågt tal på sengeplassar (34) er nesten alle innleggingar omgåande hjelp. I 2003 var det 822 innleggingar (20 prosent tvang) og 826 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga har rundt 130 tilsette. Avdelingssjef er John Olav Roaldset. Avdelinga har fire postar: post A, B og C med 8 plasser kvar og post D med 10 plassar. A- og B-postane er lukka og har ansvar for kvart sitt geografiske område av Sunnmøre (søre og nordre). C- og D-postane er opne (C lukkast av og til når det er nødvendig). Her er bemanninga mykje mindre enn ved dei to lukka postane. Økonomien i balanse, men stort press på plassane Økonomisk har 2003 vore eit år i balanse. Dette skyldast vakante stillingar, redusert forbruk av ekstravakter og overtid. Sidan 95 prosent av innleggingane er ø-hjelp (omgåande hjelp), er det ikkje mogeleg å planlegge aktivitet. Personalet har vist ein usedvanleg innsats og vilje til å ta tak når det trengst, og dei fleste opplever eit svært positivt arbeidsmiljø. Avdelinga tar i mot alle typar psykiske lidingar med behov for sjukehusbehandling. Suicidalfare er ofte årsak til innlegging, anten som del av ei psykisk eller somatisk liding, ved rusbruk eller livskriser. Pasientar med schizofreni og affektive lidingar høyrer til våre viktigaste oppgåver. Rusutløyste psykosar og forvirringstilstandar er aukande. Mange pasientar har store og ressurskrevjande psykososiale problem. Utfordringar Rekruttering, samarbeid og vidareutvikling blir viktige interne mål, og samtidig holde pasienten i fokus. Auka kontaktflate overfor pårørande og samarbeidande organ i og utanfor sjukehuset er ei anna utfordring, likeeins at avdelingas satsing på forsking førast vidare. Ålesund og VoldaDPS Ålesund og Volda DPS, vart Distriktspsykiatrisk avd. frå 2004. Målgruppa er menneske med psykiske lidingar som treng spesialisthjelp i opptaksområdet. BREI VERKSEMD Døgneiningane er Vegsund, Sjøholt og Volda psykiatriske sentra. Her vert pasientar behandla i frå dagar til fleire år, avhengig av behov. Ved poliklinikkane er det allmenn-, rus-, ambulant- og gruppebehandlingsteam. Her driv vi utgreiing og behandling som krev særskild kompetanse utover den som finst i kommunehelsetenesta. Avdelingssjef er Victor Grønstad. Tabellen syner oversikt over aktiviteten i 2003: Vegsund p.s. VEPS (18 pl.) Sjøholt p.s. SPS (20 pl.) Volda p.s. VOPS (16 pl.) Liggedøgn i prosent av mål 88 % (4 449) 100 % (5 577) 105 % (5 241) Tal utskrivne i prosent av plan 134 % (201) 238 % (143) 146 % (73) Gj.sn. liggetid 22 39 72 Psyk.pol. Volda Psyk. pol. Ålesund Tal kons. i prosent av plan 95 % (5 906) 90 % (12 143) Tal stillingar 28 20 25 17 28 4 av desse nokre av i tillegg 8 tilhøyrde dag- desse òg fellesfunksjon avdelinga på VOPS på sentra Høg aktivitet Aktiviteten har vore særs høg på alle nivå. Ein har òg jobba aktivt med å betre kvaliteten, bl.a. gjennom brukarundersøkingar og drive aktivt forbetringsarbeid. Ulikskap mellom avdelingane skuldast at nokre driv meir med korttidsbehandling, andre meir rehabilitering. På poliklinikkane har gruppebehandlingstilbodet blitt monaleg auka ved sidan av sterkt fokus på talet konsultasjonar. Planar Vi ynskjer for framtida å satse ytterlegare på å vere eit lavterskeltilbod og optimalisere samarbeidet med kommunane, undervisning, opplæring og pårørandearbeid. Vi vil intensivere innsatsen for å rekruttere fagfolk og fylgje opptrappingsplanen. 17 - På lag med deg for helsa di -

18 Mork Rehabiliteringssenter Den overordna målsettinga ved rehabiliteringstilbodet er å realisere deltaking sosialt og i samfunnet. Rehabiliteringstilbodet byggjer på samhandling med pasient, pårørande og omgjevnadene. NØKKELTAL: 21 senger ca. 242 innleggingar årleg 51 medarbeidarar (38,25 årsverk). Styrar er Mona Ryste. Fysikalsk medisin og rehabilitering Avdelinga er inndelt i sengepost, tverrfagleg fysikalsk medisinsk poliklinikk inkl. skulderpoliklinikk, nevropsykologisk poliklinikk og fysio- og ergoterapiseksjonen. Sengeposten hadde 186 innleggingar i 2003 og totalt 1 010 pasientar vart undersøkt ved poliklinikken. Avdelinga har totalt 90 tilsette. Avdelingssjef er Karl-Arne Remvik. Nevrologisk avd. Nevrologisk avdeling består av nevrologisk poliklinikk og Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter. Ved poliklinikken var det i 2003 totalt 3 300 konsultasjonar og ved Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter var det 155 innlagte pasientar. Det er om lag 45 tilsette ved nevrologisk avdeling. Avdelingssjef er Karl-Arne Remvik. Stort nedslagsfelt Mork Rehabiliteringssenter er det rehabiliteringssenteret som behandlar flest slagpasientar mellom Bergen og Trondheim. Mork Rehabiliteringssenter dekkjer eit stort geografisk område og tek i mot pasientar frå sjukehusa og kommunane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Senteret har spesiell kompetanse i høve kognitiv svikt og åtferdsvanskar og har utvikla eit intensivt døgnkontinuerleg rehabiliteringsprogram basert på sanseintegrasjon, Affolter-konseptet og Bobath-konseptet. Heile 60 personar hospiterte ved senteret i 2003 og vi skreddarsyr opplegg ut frå ønskje og behov. Familie- og pårørande vert rekna som ein ressurs i rehabiliteringa, og desse får høve til å delta og bu ved rehabiliteringssenteret. Mork Rehabiliteringssenter har to treningsleilegheiter til disposisjon. Kva vi oppnådde i 2003 Mork Rehabiliteringssenter har gode resultat på den årlege brukarundersøkinga som rehabiliteringssenteret gjennomfører kvart år. Nøgde pasientar gir nøgde medarbeidarar. Mork Rehabiliteringssenteret hadde det beste resultatet i arbeidsmiljøundersøkinga i Helse Midt Norge. Undersøkinga viser m.a. at høg effektivitet også gir høgst kvalitet. Rehabiliterings-senteret fekk også Arbeidsmiljøprisen i Møre og Romsdal. Målgrupper Avdelinga gir tilbod om rehabilitering etter mellom anna hjerneslag, ryggmergsskade, post polio, amputasjonar, større skader og funksjonstap ved kreftlidingar, hjerneskadar og kognitive funksjonstap. Tilboda gjeld utgreiing, behandling og rehabilitering, ofte i tidleg fase og i samarbeid med andre spesialavdelingar ved sjukehuset. Avdelinga er kompetansesenter for den spesialiserte rehabiliteringa i fylket. Tilbod til pasientar med hjerneskade Vi har gjennomført kurs for pårørande til pasientar med hjerneskade. Totalt møtte om lag 30 personar opp. Tilbakemeldingane frå deltakarane var svært gode. Tilbodet vert følgd opp med samtalegrupper leia av tilsette frå avdelinga. I løpet av 2004 vil vi også starte opp med eit utvida tilbod til pasientar med hjerneskade. Dette vil sikre denne pasientgruppa ei betre oppfølging. Forsking/kompetanseheving Avdelinga har knytt til seg ein professor i fysikalsk medisin og rehabilitering i 20 prosent stilling. Han gir råd ved konkrete forskingsprosjekt i avdelinga og underviser i forskingsmetodikk for tilsette. Ein av våre tilsette er i gang med eit doktorgradstudium. Reduserte ventelister Poliklinikken tek i mot pasientar til utgreiing, vurdering og behandling. Poliklinikken har pr. i dag ikkje fast tilsett nevrolog. Gjennom samarbeid med Nevrologisk avdeling ved St. Olavs Hospital har vi til tross for dette klart å redusere ventelistene. Vi arbeider med å rekruttere fast tilsette nevrologar til avdelinga. Rehabilitering Målgruppa for Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter er pasientar med nevrologiske sjukdomar. Døme på aktuelle diagnosar er MS, Parkinsons sjukdom, hjerneslag og andre nevrologiske sjukdomar. Omtrent halvparten av pasientane som er innlagt hos oss har MS. Ein kan ikkje verte frisk etter å ha fått MS, men sjukdomsutviklinga kan i alle fall eit stykke på veg, haldast i sjakk. I tillegg til fysisk trening og tilrettelegging av hjelpemiddel og bustad, handlar derfor mykje av tilbodet vårt om korleis ein kan ha eit godt liv, til tross for ein kronisk og kanskje også ein sjukdom i utvikling. Dei pårørande Å ha ein kronisk sjukdom har store konsekvensar for familien. Difor vert arbeidet med å ivareta deira behov svært viktig, og vi arbeider med å vidareutvikle pårørandearbeidet. Samarbeid med kommunehelsetenesta vert òg sterkt prioritert. - På lag med deg for helsa di -

19

- På lag med deg for helsa di - Kreftavd. Kreftavdelinga var i ei viktig oppbyggingsfase i 2003. Det nye kreftbygget var under bygging, stråleteknisk utstyr innkjøpt og montert og fagpersonell rekruttert. Kreftpoliklikken ved Ålesund sjukehus held fram med cellegiftbehandling, anna omsorg og onkologisk konsulentfunksjon. 3 sjukepleiarar, 1 lege og 1 kontorstilling gjennomførte 2 200 konsultasjonar. Den nye stråleeininga resulterte i 20 nytilsettingar ved utgangen av 2003. Avdelingssjef er Olbjørn Klepp. 20 Strålende nyvinning Kreftavdelinga vart offisielt opna 5. mars 2004. Avdelinga ligg vakkert til, og det er lagt stor vekt på den estetiske utforminga av bygget. Målet er ei avdeling der alle pasientar opplever å møte eit godt kvalifisert personale som legg vekt på tid, omsorg og engasjement. Nyorganisering Frå og med 2004 vart Kreftavdelinga Helse Sunnmøre organisert i 4 einingar; Kreftpoliklinikken ved Volda sjukehus og ved Ålesund sjukehus, strålebehandlingsavdeling og sengeavdeling ved Ålesund sjukehus. Sengeavdelinga opnar på nyåret 2005. Ut frå forventa tal kreftpasientar i Møre og Romsdal dei neste 10 åra, må ein rekne med at minst kvar femte sunnmøring vil vere innom Kreftavdelinga som pasient, og minst anna kvar sunnmøring vil kome til avdelinga som pasient eller pårørande. Bygget og utstyret er dimensjonert for å møte utviklinga dei fyrste 10-15 åra. I dette ligg også høve til utviding av kapasiteten. Vi reknar med at ca. 80 prosent av pasientane frå Møre og Romsdal som mottok behandling ved Kreftavdelinga ved St. Olavs Hospital, vil få eit tilsvarande tilbod ved Kreftavdelinga i Helse Sunnmøre. Både teknisk og formelt er det etablert eit svært godt og nært samarbeid mellom avdelingane i Ålesund og Trondheim. På den måten blir felles ressursar nytta på beste og sikraste måte. Vi vil og delta i forsking og utvikling knytt til moderne kreftbehandling. Stråleeininga Den 24. mars 2004 vart første pasient behandla ved stråleeininga. Målet vårt er å vere fagleg dyktige, og gi behandling etter god norsk standard. Alt ligg til rette for dette i og med nytt og moderne utstyr samt høgt kvalifisert personale. I første omgang vert det fokusert på lindrande behandling. Tilbodet vil etter kvart bli utvida for til slutt å omfatte tyngda av strålebehandlingstilbodet i Møre og Romsdal. Pasienthotell I juli 2004 vil det nyrestaurerte pasienthotellet med 16 rom stå ferdig til bruk for pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga. Mange pasientar som tidlegare måtte bu i Trondheim under behandling, vil i dag kunne bu heime. Likevel vil reiseavstandane for enkelte framleis vere for stor, og pasienthotellet vil i desse tilfella vere ein kjærkomen tilvekst til avdelinga. Poliklinikk Kreftpoliklinikken i Volda og Ålesund legg vekt på at personalet har høg fagleg kunnskap og kompetanse. Cellegiftbehandling, blodtransfusjonar, smertebehandling samt vegleiing og informasjon er viktige arbeidsoppgåver.