Detaljreguleringsplan for utviding av masseuttak på Skårhaug, Eid kommune

Like dokumenter
Vedtak i klagesak - detaljreguleringsplan for Sandal, Hafslo, Luster kommune

Vedtak i sak som gjeld klager på reguleringsplan for næringsområde på Stokkenes

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Vedtak i klagesak om områdeplan for Fjøra vest, Sogndal kommune

Vedtak i sak som gjeld klage på løyve til planering og opparbeiding av tomt på gbnr. 1/236, i Sogndal kommune

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Detaljreguleringsplan Åsnes Sjø og Fritid, Fjaler kommune

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Melding om vedtak. Saka vart drøfta

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Vår dato Dykkar d

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune

Vedtak i sak som gjeld klager på detaljreguleringsplan for gbnr. 18/111 Elvebakken 14 i Sogndal kommune

MELDING OM VEDTAK. Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak. Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og. PS samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID

Melding om vedtak. HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks HOVDEN I SETESDAL. 2017/369-3 Ingunn Hellerdal

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal

Vedtak i sak som gjelder klage på reguleringsplan for Lutelandet Energipark (vindmøllepark) i Fjaler kommune

Reguleringsplan for Øenmarki bustader.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK

Skodje kommune Teknisk avdeling

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

ST32 DET KONGELEGE LANDBRURS- OG MATDEPARTEMENT

Lovlegkontroll av vedtak som gjeld reguleringsplan for rutilutvinning i Engebøfjellet m.m., Naustdal kommune

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon for tilbygg og ombygging på gbnr. 18/41, Sogndal kommune

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

EID KOMMUNE. Møtebok. Detaljreguleringsplan for Lund masseuttak - vedtak

Saksutgreiing til folkevalde organ

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 34 / 19. Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID Arkivsak: 16 / 1729

Korleis treffe lovlege vedtak i politiske organ

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 034/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet 083/17 Bystyret PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Lovlegkontroll av avgjerd som gjeld lukking av møte, Flora kommune

Oversending av endra løyve for handtering av avfall på Eidsmona for Retura nomil AS gebyr for sakshandsaming.

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /114 Kommunestyret /4

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

2. Referat frå oppstartsmøte

Lovlegkontroll av avgjerd om lukking av budsjettmøte, Lærdal kommune

Luster kommune - avgjerd i klagesak som gjeld oppføring av stølshus på Bakkedalen

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Ungdomsrådet 012/

Saksnr Utval Type Dato 006/18 Heradsstyret PS

Ny organisering av arbeidet etter plan- og bygningslova og endra praksis i dispensasjonssakene frå

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

I møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:

Konklusjon Lærdal kommune sitt vedtak av i sak nr. 73/16 om å legge ned Ljøsne skule med verknad frå skuleåret , er lovleg.

REGULERINGSPLAN FOR SANDTAK VIE, GBNR 43/1, 43/3 M.FL. FØRDE KOMMUNE

Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.

Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Områdereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn

Fråsegn til føreslegen detaljreguleringsplan for Nedrehagen i Sogndal kommune

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon or ra e1tit av parse frå eigedomen gbnr 163/1, Varaldsøy i Kvinnherad kommune

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Gunhild Austjord,

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

Varsel om oppstart av arbeid med DETALJREGULERINGSPLAN FOR KJØRNES CAMPING & FJORDHYTTER, SOGNDAL KOMMUNE

Høyring av søknad frå Mathias Øen Transport for drift av steinbrot ved Vassenden i Fjaler kommune

Standpunktkarakterar 2016

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 15/

Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /17 MF Kommunestyret /17 MF

Fråsegn til føreslegen detaljreguleringsplan for Fossetunkvartalet i Sogndal kommune

Varsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av bustadfelt B1, Kolset

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Detaljreguleringsplan, Tistelteigen på Kaupanger - kulturminnefagleg fråsegn

Områdereguleringsplan Smiehogen Plan-ID vedtak

Hareid kommune - vedtak i klagesak etter plan- og bygningsloven - gnr41 bnr822 - Melshorn Hotell

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

STANDPUNKTKARAKTER 2015

Detaljregulering for Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid ) - klagehandsaming av endring av planen

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

Lokalisering Planområdet ligg på Nor, om lag 5,3 km aust for Eid sentrum i luftlinje.

Transkript:

Sakshandsamar: Ove Midtbø Vår dato Vår referanse Telefon: 57643176 21.11.2016 2016/2321-421.4 E-post: fmsfomi@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Jf. adresseliste nedanfor Detaljreguleringsplan for utviding av masseuttak på Skårhaug, Eid kommune Vi viser til oversending frå Eid kommune 17.06.2016, som gjeld klager på vedtak frå kommunestyret 10.03.2016, i sak 025/16. Det er klaga innan fristen, og vilkåra for å behandle saka er oppfylt. Saka har dessverre blitt gamal hos oss, og Fylkesmannen beklagar dette. Fylkesmannen tek ingen av klagene på vedtaket om detaljreguleringsplan til følgje. Med heimel i forvaltningslova 34, jf. plan- og bygningslova 1-9, stadfestar vi vedtaket frå Eid kommune 10.03.2016, sak 025/16, der detaljreguleringsplan for masseuttak på Skårhaug vart godkjent. Bakgrunn for saka Kommunestyret i Eid kommune vedtok detaljreguleringsplan for masseuttak på Skårhaug i sak 025/16 den 10.03.2016. Oppstart av planarbeidet vart kunngjort 17.06.2013, og Nordplan AS utarbeidde framlegg til detaljreguleringsplan på vegner av forslagsstillar Per Røyrhus AS. I arealdelen til kommuneplanen for Eid kommune (2015-2027) er planområdet sett av til råstoffutvinning, og planframlegget er i samsvar med vedteken overordna arealbruk for Eid kommune. 1 Detaljreguleringsplanen inneber ei utviding av eksisterande massetak på Skårhaug. Det private planframlegget vart sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 02.12.2015 til 20.01.2016. Det er kome inn tre klager på den vedtekne detaljreguleringsplanen innan klagefristen. 1.Naturvernforbundet i Eid datert 14.04.2016: I klagen blir det peika på at saka om masseuttak manglar ei god kritisk analyse, og det vert mellom sett fram følgjande påstandar/spørsmål til vedtaket: det er ikkje sagt noko i planen om framtidig gang- og sykkelveg frå Nordfjordeid til Haugen, Stårheim og Kjølsdalen. det vert stilt spørsmål ved om det i tilstrekkeleg grad er teke omsyn til klima og miljø i detaljreguleringsplanen. det vert reist spørsmål om habilitet ved kommunen si behandling av saka. 1 Kommuneplan Eid kommune 2015-2027 - vedteken 4.juni 2015 Telefon 57 64 30 00 Organisasjonsnummer N-974 763 907 Nettstad fylkesmannen.no/sfj E-post fmsfpost@fylkesmannen.no Besøksadresse Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Postadresse Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde

2/6 spørsmål om det er teke omsyn til friluftsliv og bading i planen, og om tilgangen og nærleiken til sjøen er trygg. er støy- og støvtilhøva godt nok belyst i saka? 2. Per Helge Haugen og Erhard Martin datert 14.04.2016: Klagarane er naboar til massetaket. I klagen blir det innleiingsvis vist til historikken og bakgrunnen for etablering av det eksisterande masseuttaket. For vedtaket om detaljreguleringsplan for utviding av masseuttaket, blir det hevda at saksbehandlinga ikkje tilfredsstiller krava i plan- og bygningslova 12-12, som seier at det skal gå fram av saksframlegget korleis innkomne uttaler til planframlegget og konsekvensane av dette har vore vurdert, og kva vekt desse er tillagt. Det vert også stilt spørsmål ved manglande moglegheit for deltaking i møte mellom Nordplan og teknisk- og samfunnsutvalet 12.02.2016. Vidare blir det sett fram påstandar om at det bør utarbeidast ein ny og uavhengig rapport om rasfaren i området, manglar ved kommunen si oppfølging av saka, at det blir stilt krav til rydding og sikring av den kommunale vegen i detaljreguleringsplanen og at avtale mellom kommunen og entreprenør Per A. Røyrhus AS om utfylling og etablering av parkområde på Nordøyrane, må leggjast fram. 3. Oddlaug Myrvang og Torbjørn Dyrhol datert 24.03.2016: I klagen blir det sett fram påstandar om at det i lengre tid har vore ulovleg drift i masseuttaket, og at kommunen har kjøpt ulovlege massar til utfylling av tomteområde i sjøen i Eid sentrum. Det blir hevda at det er klar samanheng mellom kommunen sitt vedtak om å leggje til rette for/utfylle tomtearealet i sentrum, planframlegget om utviding av masseuttaket på Ytre Skårhaug. Klagar viser til at kommunen har klare økonomiske bindingar som utbyggjar, og at dette har vore med på å leggje press på dei folkevalde i samband med handsaming av planframlegget. Vidare blir det vist til at det må gjerast ei ny rasfarevurdering, og det blir vist til kravet om konsekvensutgreiing i forskrift om konsekvensutgreiing for planar etter plan- og bygningslova. Det blir også hevda at dei trafikale tilhøva for verken den kommunale vegen eller riksvegen er tilstrekkeleg avklara, og at sikringstiltaka er ikkje blitt følgt opp. Kommunen handsama klagene i møte 09.06.2016, sak TSU-051/16. Etter ei ny vurdering vart det ikkje funne grunn til å ta nokon av desse heilt eller delvis til følgje. Klagene vart deretter sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd saman med alle saksdokumenta 17.06.2016. Etter at saka kom til oss, har vi fått ettersendt e-post frå Torbjørn Dyrhol og Oddlaug Myrvang datert 22.06.2016, med krav om utsett iverksetting av planvedtaket fram til klagesaka er behandla. Kravet om utsett iverksetting vart ikkje teken til følgje, jf. brev frå oss 19.08.2016. Vi har også motteke fleire e-postar frå Torbjørn Dyrhol etter at saka vart motteken her, sist 24.08.2016. Korrespondansen gjeld utfyllande opplysningar om dei tilhøva som tidlegare er tekne opp i klaga, saman med påstandar om at kommunen ikkje følgjer opp ulovleg verksemd i det eksisterande masseuttaket på ein forsvarleg måte. Regelverk Fylkesmannen er delegert mynde til å avgjere klager som gjeld enkeltvedtak etter plan- og bygningslova, sjå plan- og bygningsloven 1-9 femte ledd og rundskriv T-2/09 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Vi skal som klageinstans sjå til at kommunen under handsaminga av saka har følgt dei lovene,

3/6 forskriftene og sakshandsamingsreglane som gjeld på området. Fylkesmannen kan under klagehandsaminga prøve alle sider ved vedtaket, også dei skjønnsmessige vurderingane som kommunen har gjort, jf. forvaltningslova 34. Ved prøving av det kommunale skjønnet skal Fylkesmannen leggje vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret. Fylkesmannen si primære oppgåve som klageinstans er å kontrollere at den kommunale sakshandsaminga er i samsvar med regelverket, og at dei omsyna som er lagt vekt på i vurderingane og som ligg til grunn for utfallet, er saklege. Etter plan- og bygningslova 3-3 er det kommunestyret som er planstyresmakt og som har ansvaret for arbeidet med reguleringsplanar. Det er kommunestyret som etter ei omfattande vurdering av dei ulike omsyna som gjer seg gjeldande innanfor planområdet, avgjer kva areal som skal inngå i planen, og kva desse areala skal nyttast til, jf. plan- og bygningslova 12-12. Reguleringsplanar vert til gjennom ein omfattande avgjerdsprosess. Plan- og bygningslova 12-8 til 12-10 har nærare føresegner om korleis framlegg til reguleringsplanar skal behandlast. Saksbehandlingsreglane skal sikre demokratiske omsyn som medverknad, offentlegheit og samråd med dei planen får følgjer for. Gjennom grundige planprosessar skal kommunen sikre at offentlege og private standpunkt kjem fram, slik at planar for arealdisponeringa vert fastlagde på eit best mogleg grunnlag. I planleggingsprosessen må ulike interesser, fordelar og ulemper, vegast mot einannan. Dette vil regelmessig innebere at gjennomføringa av planane får negative konsekvensar for einskilde. Forvaltningslova gjeld elles ved handsaming av saker etter plan- og bygningslova der det ikkje er bestemt noko anna, jf. plan- og bygningslova 1-9. Dersom det vert gjort sakshandsamingsfeil under arbeidet med ein reguleringsplan, vil vedtaket likevel kunne vere gyldig når det er grunn til å rekne med at feilen ikkje kan ha hatt verknad for resultatet, jf. forvaltningslova 41. Vurdering Innleiingsvis vil vi presisere vi at saka framstår som godt nok opplyst til at den kan handsamast som klagesak. Dei ulike klagene gjeld først og fremst saksbehandlinga og kommunen sine vurderingar, og ikkje usemje om dei faktiske forholda. Etter gjennomgang av saksdokumenta har vi ikkje grunn til å tru at ei synfaring på staden vil avdekkje nye opplysningar som kan få vesentleg innverknad for resultatet i saka. Det har derfor ikkje vore nødvendig å gjennomføre synfaring for vår behandling av klagene. Dei ulike klagarane har i stor grad samanfallande interesser, ettersom klagene gjeld same vedtak om detaljreguleringsplan. Vi ser det derfor føremålstenleg å vurdere klagene samla i same sak. I klagen frå Naturvernforbundet blir det mellom anna stilt spørsmål ved kommunen sin habilitet ved behandlinga av planframlegget. I dei andre klagene blir det også sett fram liknande påstandar om at kommunen har hatt ei «dobbeltrolle» som både planmyndigheit og utbyggjar under behandlinga av saka. Påstandane går ut på at det er inngått ei avtale mellom Eid kommune og firmaet bak planframlegget, Per Røyrhus AS, om etablering av parkområde på Nordøyrane, og at dette firmaet er avhengig av fyllmassar frå masseuttaket på Skårhaug for å oppfylle avtala firmaet har gjort med kommunen. Habilitetsreglane i forvaltningslova 6 gjeld for offentlege tenestemenn og for «enhver annen som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan», jf. forvaltningslova 10. Habilitetsreglane rettar seg mot enkeltpersonar hos offentlege forvaltningsorgan, og ikkje mot organ. I denne saka er

4/6 det ikkje sett fram påstandar eller opplysningar om at enkeltpersonar i kommunen eller enkeltmedlemer av kommunestyret var inhabile til å vere med på å treffe avgjerd i saka. Fylkesmannen kan uansett ikkje sjå at kommunestyret som folkevald organ vil vere inhabile til å vedta ein reguleringsplan, som følgje av at kommunen som utbyggjar har inngått ei avtale med firmaet som står bak planframlegget, om å etablere eit parkområde i kommunen. Som kommunen viser til, gjeld det eigne reglar for behandling av planframlegg i plan- og bygningslova. Vi kan uansett ikkje sjå at det kjem fram opplysningar i saksdokumenta om at det er lagt vekt på kommunen eller firmaet sitt behov for massar, eller at det er lagt vekt på avtala med Per Røyrhus AS under kommunestyret si behandling av planframlegget. Vi kan derfor ikkje sjå at det er grunnlag for å ta påstandane om inhabilitet i klagene til følgje. Torbjørn Dyrhol og Oddlaug Myrvang kjem i si klage med påstandar om at det i lengre tid har vore manglar ved drifta i det eksisterande masseuttaket. Dersom det historisk sett har vore uønskte hendingar og avvik knytt til eksisterande verksemd, kan dette vere eitt av fleire relevante moment som planstyresmakta bør vurdere og ta stilling til, ved avgjerd om det skal planleggjast og leggjast til rette for utviding av aktiviteten i same område. Desse vurderingane har ikkje rettsleg karakter, men høyrer til under planstyresmakta sitt skjønn om utviklinga er formålstenleg eller ikkje. Fylkesmannen skal då leggje vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret, jf. forvaltningslova 34 andre ledd og planog bygningslova 3-3. Det er ikkje noko i plandokumenta som tyder på at kommunen ikkje har hatt eit medvite forhold til arealbrukskonfliktane knytt til den eksisterande verksemda, jf. dei merknadane som også har blitt reist og vurdert i løpet av planprosessen. Planstyresmakta har kome til at planen slik den er utforma representerer ei riktig interesseavveging av dei ulike omsyna innanfor planområdet, og det ligg ikkje føre opplysningar som tyder på at det er lagt vekt på usaklege eller utanforliggjande omsyn i samband med kommunen si handsaming av planframlegget. Etter det vi kan sjå, har kommunen vore godt kjende med både avvik og arealbrukskonfliktar innanfor det aktuelle området. Forholda knytt til den eksisterande verksemda er vurderte i planprosessen forut for planvedtaket om utviding av området for masseuttaket på Skårhaug. I klagene på detaljreguleringsplanen blir det elles sett fram fleire påstandar som går på manglande medverknad i planprosessen og manglande utgreiing frå kommunen si side når det gjeld konsekvensane av vedtaket. Vi har derfor gått i gjennom alle dokumenta i plansaka, for å vurdere om det kjem fram opplysningar som tilseier at planframlegget ikkje er behandla i tråd med reglane i planog bygningslova, eventuelt om konsekvensane av planframlegget ikkje er utgreidde og vurderte på ein forsvarleg måte, særleg med tanke på rasfare og andre risikofaktorar som gjer seg gjeldande i og rundt det aktuelle planområdet. Medverknad og involvering i ein planprosess, er viktig for å sikre at saka i tilstrekkeleg grad er opplyst for at det kan treffast ei forsvarleg avgjerd. I klaga frå naboane Haugen og Martin, blir det stilt spørsmål ved manglande moglegheit for deltaking i møte mellom Nordplan og teknisk- og samfunnsutvalet 12.02.2016. Som kommunen viser til, vart Nordplan invitert til møtet for å informere om planarbeidet og dei rapportane som var utarbeidde i planprosessen. Som kommunen har vist til var dette eit ope møte, jf. kommunelova 30 nr. 1, som kunne følgjast av allmenta. Fylkesmannen ser også at saka om detaljreguleringsplanen for masseuttaket på Skårhaug går klart fram av sakslista. Møte i folkevalde organ vert også rutinemessig kunngjorde, jf. kommunelova 32 nr. 3, og innkalling og saksliste skal vere tilgjengelege for allmenta. Vi har ikkje opplysningar som indikerer at reglane om møteoffentlegheit ikkje vart følgde for møtet 12.02.2016, men at klagarane hadde høve til å vere til stades som tilhøyrarar. Det er heller ikkje i strid med korkje kommunelova

5/6 eller plan- og bygningslova at det folkevalde organet opnar for orienteringar frå utanforståande, utan at desse deltek i den politiske handsaminga av saka. Vidare viser kommunen til at det normalt er reglane om offentleg ettersyn som skal sikre at alle får høve til å gje uttrykk for sitt syn i saka. Fylkesmannen har ikkje merknader til denne framstillinga. Fylkesmannen har kome til at klagarane har fått høve til reell medverknad, innanfor dei rammene som plan- og bygningslova legg opp til. Private partar må til ei viss grad akseptere å bli kjent med slike møte gjennom protokollar og referat, utan at dette er i strid med kravet til medverknad. Vi understrekar elles at plan- og bygningslova sine krav til varsling og høyring i planprosessen er minstekrav, og at lova ikkje hindrar ytterlegare deltaking dersom planstyresmakta meiner at dette er føremålstenleg. Det er derimot ikkje er grunnlag for rettsleg kritikk av kommunen på dette punktet. Neste spørsmål er om saka var tilstrekkeleg utgreidd og vurdert på ein forsvarleg måte, forut for kommunestyrevedtaket 10.03.2016. Vurderingstemaet i denne samanheng er om saka kan ha blitt for dårleg opplyst, jf. forvaltningslova 17. I plan- og bygningslova kapittel 4 er det gitt generelle reglar om krav til utgreiing i plansaker. I forskrift om konsekvensutgreiing for planar etter plan- og bygningslova, er det gitt utfyllande reglar om kva for planar som utløyser krav om konsekvensutgreiing. Fylkesmannen kan ikkje sjå at framlegget til detaljreguleringsplan for utviding av masseuttaket på Skårhaug, fell inn under reglane om krav til konsekvensutgreiing i forskrifta. Krav om slik utgreiing ved masseuttak vert først utløyst ved samla overflate på minst 200 daa, eller ved uttak av meir enn 2 mill. m 3 masse, jf. FOR-2014-12- 19-1726, vedlegg I nr. 2. Uttaket på Skårhaug er vesentleg mindre enn desse grensene. Det ligg derimot føre planomtale med risiko- og sårbarheitsanalyse datert 09.11.2015, jf. plan- og bygningslova 4-2 første ledd og 4-3, der formål og konsekvensar av planarbeidet er omtala og vurdert. Vi har ikkje merknader til dei utgreiingstemaa eller vurderingane som går fram. Utgreiingskrava i plan- og bygningslova kapittel 4 er såleis oppfylte. Det går vidare fram av saksdokumenta at det i samband planprosessen er utarbeidd ein rapport om skredfare av SGC/GEOFare, og at den skal vere utarbeidd i samsvar med NVE sine krav til skredfarevurderingar. Vi har derfor ikkje innvendingar til kommunen sine vurderingar om at det ikkje er haldepunkt for å hevde at den framlagde skredrapporten er mangelfull. Vi kan ikkje sjå at det er grunnlag for å imøtekome påstandane i klagen om at det skulle ha vore utarbeidd ein ny og uavhengig rapport om skredfaren i området, før planen vart vedteken. Dette tilseier at saka var tilstrekkeleg opplyst til at kommunestyret kunne ta endeleg avgjerd. I klagene registrerer vi også at det kjem fram påstandar om avvik, manglande sikringstiltak og manglande oppfølging av den eksisterande verksemda i masseuttaket. Som nemnt ovanfor kan slike forhold vere eitt av fleire relevante moment som planstyresmakta bør vurdere og ta stilling til ved avgjerd om det skal planleggjast og leggjast til rette for utviding av aktiviteten i same område. Av saksdokumenta vi har fått tilsendt frå kommunen, går det fram at det blir ført tilsyn med den eksisterande verksemda, og at det er gitt pålegg om sikringstiltak. I sjølve planvedtaket, er det også sett vilkår om at det skal etablerast ein intern veg i masseuttaket, og det er sett som føresetnad at massane langs den kommunale vegen skal fjernast først. Dette tilseier at kommunen har teke omsyn til relevante forhold ved den eksisterande verksemda i si behandling av den nye detaljreguleringsplanen.

6/6 Etter ei samla vurdering av opplysningane i saka, legg vi til grunn at planen er utarbeidd i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova 12-8 til 12-10, jf. også kapittel 4. Planstyresmakta har kome til at planen slik han er utforma representerer ei riktig interesseavveging, og det ligg ikkje føre opplysningar som tyder på at kommunen har lagt vekt på usaklege etter utanforliggande omsyn. Vi stadfestar derfor kommunen sitt vedtak om detaljreguleringsplan, og i denne vurderinga har vi også lagt vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret, jf. forvaltningslova 34 andre ledd. Avslutningsvis vil vi presisere at vår overprøving som klageinstans gjeld vedtaket om detaljreguleringsplan som vart vedteken av Eid kommunestyre 10.03.2016 i sak 25/16. Etter at planvedtaket vart gjort, har ein av klagarane tatt kontakt med oss og viser til etterfølgjande forhold som han meiner har betydning for planvedtaket. Vi viser i denne samanheng til vårt brev 19.08.2016, der kravet om utsett iverksetjing av planvedtaket ikkje vart teke til følgje. Som det går fram av dokumenta vi har fått tilsendt, har kommunen opna tilsynssak og gitt pålegg om sikringstiltak mm. i høve den eksisterande verksemda. Dette tyder på at kommunen oppfyller sine plikter etter plan- og bygningslova. Vi kan uansett ikkje sjå at desse forholda kan tilleggast vekt i vurderinga av om detaljreguleringsplanen for utvidinga av masseuttaket gyldig eller ikkje. Vi reknar likevel med at kommunen tek omsyn til desse etterfølgjande tilhøva dersom det vert gjeve konsesjon og det blir aktuelt med verksemd i tråd med det nye planvedtaket. Vedtak Fylkesmannen tek ingen av klagene på vedtaket om detaljreguleringsplan til følgje. Med heimel i forvaltningslova 34, jf. plan- og bygningslova 1-9, stadfestar vi vedtaket frå Eid kommune 10.03.2016, sak 025/16, der detaljreguleringsplan for masseuttak på Skårhaug vart godkjent. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast vidare, jf. forvaltningslova 28 tredje ledd. Med helsing Arnt Erik Nordheim seniorrådgjevar Ove Midtbø seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift. Adresseliste: Per Helge Haugen 6770 NORDFJORDEID Oddlaug Myrvang Ytre Skårhaug 6770 NORDFJORDEID Torbjørn Dyrhol Ytre Skårhaug 6770 NORDFJORDEID Erhard Martin 6770 NORDFJORDEID Naturvernforbundet i Eid v/thorleif Jakobsen Skulevegen 92 6770 NORDFJORDEID Elektronisk kopi til: Eid kommune (ref. 13/913)