Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf NO

Like dokumenter
Velferd for alle? Velferdsundersøkinga ved HVO 2008

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

IKT-kompetanse for øvingsskular

Elevundersøkinga 2016

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Kartlegging av rammevilkår

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Spørjeskjema Nynorsk

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kvalitetsmelding for Fagskolane i Hordaland 2014

STUDIEBAROMETERET 2016

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN

Personvern Prosjektet er meldt til Personvernombodet for forsking, NSD - Norsk senter for forskningsdata AS.

Strategi og handlingsplan

«Mestringsforventningar»

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

STUDIEBAROMETERET 2015

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

2014 Studiebarometeret-sept2014 (låst)

Med nynorsk til betre skriving med skriving til betre læring

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Årsmelding Fitjar Fagskule Helsefag- Eldreomsorg deltid over 2 år.

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

TILLITSVALD- HANDBOKA

UNG I MØRE OG ROMSDAL

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Spørjeskjema Nynorsk

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

REVIDERTE RETNINGSLINJER FOR LMU VED HØGSKULEN I VOLDA

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Retningslinjer for gjennomføring

Naturfag vidareutdanning

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

av pilotprosjektet Psykologteamet «Bedre balanse mellom tilbud og etterspørsel av Regionalt utviklingsprosjekt

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Retningslinjene er utarbeidde i samsvar med Lov om universiteter og høyskoler, sist endra 9. januar Vedteke av LMU 28.

Undersøkinga blir utført av NOKUT i samarbeid med Noregsuniversitetet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

UNG I MØRE OG ROMSDAL

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Leiing i frivillig og offentleg samarbeid Evaluering av eit studieemne

GJENNOMGANG AV SPØRSMÅL FRÅ LÆRINGSMILJØUTVALET TIL AVDELING FOR HUMANISTISKE FAG OG LÆRARUTDANNING

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Prosessamtalen og nettverksbygging Evaluering av eit studieemne i kurset Frivillig og offentleg

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Bjørnehiet SFO - informasjon

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Årsmelding Voss tekniske fagskule Utdanning og omfang : Bygg og Anlegg, med fordjuping Anlegg 1.år og 2.år

Studentane vart for ti av spørsmåla bedne om å kryssa av for eitt av fem alternativ.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Brukarundersøking Omsorgstenesta Institusjonane Furuhaugane Omsorgssenter, Florø Omsorgssenter og heimeteneste Krokane, Havreneset og Eikefjord

2P-Y eksamen våren 2018 løysingsforslag

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Studenttinget 2015/2016

OM OPPDRAGET EVALUERING AV OFFENTLEGLOVA

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

SAK: Revisjon av Studentcharter

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Nærmiljøutvikling Evaluering av eit studieemne i studiet Frivilleg og offentleg

Læringsmiljøutvalet. Møteprotokoll. Utval: Møtestad: Møterom SR 307 Dato: Tid: 11:00

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Transkript:

Ce ecilie Rørsta ad No otat 8/2011 Ve elferdsu undersø økinga 2011 2 ve ed Høgs skulen i Volda

2

Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf. 70 07 52 00 NO 991 436 502 Tittel Velferdsundersøkinga 2011 ved Høgskulen i Volda Forfattar Cecilie Rørstad Notat 8/2011 Sider 29 Prosjektleiar Gunnar Stave Prosjekttittel Oppdragsgjever Høgskulen i Volda Referanse oppdragsgjever Ansvarleg utgjever Anne Øie Møreforsking Volda ISSN 1891-5973 Distribusjon Open http://www.moreforsk.no/default.aspx?menu=933 http://www.hivolda.no/fou Nøkkelord Studentvelferd, utdanning, studietilbod, trivsel, livskvalitet Målet med undersøkinga har vore å avdekkje korleis studentane opplever studiekvardagen i Volda og at studentane skal verte gitt høve til å kome med forslag til tiltak for å betre studiekvardagen. Det er låg svarprosent på undersøkinga totalt sett. Det er usikkert kva som er årsaka til dette. Generelt er det overvekt av dei som har svart som seier at dei trivest svært godt eller godt ved HVO og på fritida i Volda. Det same gjeld i kva grad dei vil anbefale andre å studere ved HVO. Det ser også ut til å vere internett som har vore hovudkjelda til informasjon om studiet deira. I den grad studentane har hatt behov for meir informasjon om HVO har dei vore fornøgde med informasjonen dei har fått når dei har vendt seg til Sørviskontoret. For dei andre spørsmåla som er stilt, er det svært få av studentane som har kryssa av for dei mest negative svaralternativa. Det er i hovudsak inneklima som peikar seg ut som det studentane er minst fornøgde med. I forhold til korleis studentane vurderer kva moglegheit dei har for å påverke studiekvardagen, er det nesten halvparten av dei som ikkje bur i Volda/Ørsta som ikkje veit dette. Forfattar/Møreforsking Volda Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Materialet er publisert for at du skal kunne lese det på skjermen eller framstille eksemplar til privat bruk. Utan særskild avtale med forfattar/møreforsking Volda er all anna eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. 3

4

FØREORD Dette notatet er utarbeidd av Møreforsking Volda for Høgskulen i Volda (HVO), og inneheld ei analyse av data frå velferdsundersøkinga gjennomført ved HVO våren 2011. Læringsmiljøutvalet (LMU) ved HVO har laga utkastet til spørsmål med tanke på gjennomføring av spørjeundersøkinga. Ved Møreforsking har Gunnar Stave vore prosjektleiar. Finn Ove Båtevik og underteikna har tilpassa spørsmåla til bruk i ei kvantitativ spørjeundersøking. Erlend Krumsvik har vore behjelpeleg med Questback, og underteikna har stått for analyse av data og å føre dette notatet i pennen Volda, 23.05.2011 Cecilie Rørstad Møreforsking Volda 5

INNHOLD 1 OPPSUMMERING... 9 2 MATERIALE OG METODE...11 2.1 Bakgrunn for undersøkinga...11 2.2 Formålet med undersøkinga...11 2.3 Datainnsamling og metode...11 2.4 Oppbygning av rapporten...11 3 RESULTAT...13 3.1 Kven har svart?...13 3.2 Informasjon frå og om HVO...14 3.3 Undervisning og medverknad...15 3.4 Velferds og sørvistilbod...17 3.4.1 Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS)...21 3.5 Volda som studiestad...25 3.6 HVO samandrag av opne svar...27 3.6.1 Undervisning...27 3.6.2 Rettleiing...27 3.6.3 Informasjon...27 3.6.4 Undervisingsrom og bibliotek...27 3.7 SfS samandrag av opne svar...28 3.7.1 Studenthyblar...28 3.7.2 Fritidstilbod...28 3.7.3 Kantine...28 4 OPPSUMMERING...29 4.1 Hovudfunn...29 7

8

1 OPPSUMMERING Dette notatet omhandlar korleis studentane ved HVO opplever studiekvardagen ved høgskulen og dei tilboda som HVO og Studentsamskipnaden tilbyr. Funna tyder på at studentane i hovudsak er trivest godt som studentar ved HVO og jamt over er nøgde med dei tilboda dei kan nytte seg av ved høgskulen. 9

10

2 MATERIALE OG METODE 2.1 Bakgrunn for undersøkinga Læringsmiljøutvalet (LMU) ynskte å få gjennomført ei undersøking som omhandla studentvelferd og læringsmiljø ved Høgskulen i Volda (HVO) og tok initiativ til dette våren 2010. LMU utarbeidde vidare eit utkast til spørjeundersøking retta mot studentane ved HVO. Møreforsking fekk i oppdrag å tilpasse spørsmål og svaralternativ med tanke på distribusjon via det webbaserte innsamlings og analyseprogrammet Questback til alle studentane ved HVO. Etter gjennomarbeidinga av spørjeundersøkinga vart den sendt attende til Høgskulen i Volda for endeleg godkjenning og igangsetting av datainnsamlinga. Gjennom denne rapporten har Møreforsking Volda analysert datamaterialet innanfor dei rammene undersøkinga tillet. 2.2 Formålet med undersøkinga Formålet med undersøkinga er å få eit bilete av korleis studentane opplever studentkvardagen ved HVO. Dernest har intensjonen vore å få innspel på kva tiltak studentane meiner er viktige for å betre studentkvardagen. 2.3 Datainnsamling og metode Datainnsamlinga vart gjennomført av Møreforsking Volda av praktiske årsaker. Spørjeskjema vart distribuert via lenke i e post til alle registrerte studentar ved Høgskulen i Volda, basert på e postliste oversendt frå HVO. Informasjon om undersøkinga vart i tillegg til den aktuelle e posten og purring, gjeve gjennom at LMU informerte om undersøkinga på Høgskulen i Volda si heimeside. Det vart også informert om at dei som svarte på undersøkinga var med i trekninga om ein ipad. Datainnsamlinga vart gjennomført i perioden 10. 24. mars 2011. Spørsmåla i spørjeundersøkinga hadde lukka svaralternativ på alle spørsmål utanom dei to siste, som var opne, noko som inneber at studentane med eigne ord kunne framheve kva dei la vekt på. Det var i spørjeskjemaet lagt opp til at studentar som ikkje budde i Volda eller Ørsta skulle svare på spørsmål som omhandla studentbustader og studentbarnehagetilbod. 2.4 Oppbygning av rapporten Denne rapporten baserer seg på data henta ut frå Questback og relevante funn i dei opne svarkategoriane. Spørsmåla omhandlar både dei pedagogiske tilhøva, bygningsmessige kvalitetar, butilhøva og velferdstilboda ved Høgskulen i Volda (HVO). 11

Ansvaret for desse tilhøva ligg både direkte til Høgskulen i Volda og til Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS). Rapporten si inndeling har teke utgangspunkt i innhaldet i det utsendte spørjeskjemaet etter dette oppsettet: Kven har svart Informasjon frå HVO o o o o o Undervisning og medverknad Velferds og sørvistilbod Trivsel Forslag til HVO om endringar Forslag til Sfs om endringar 12

3 RESULTAT 3.1 Kven har svart? Invitasjon til deltaking vart sendt ut til alle studentar ved HVO. Det er totalt 3268 studentar ved HVO vårsemesteret 2011. Det er 615 av desse som har svart på undersøkinga. Dette gir ein låg svarprosent. Det er usikkert om alle studentane brukar e postkontoen som dei er tildelt av HVO. Av dei som har svart er det om lag 7 som er heiltidsstudentar. 74 % av dei som har svart er kvinner. Om lag 53 % av dei som har svart bur i Volda eller Ørsta. I undersøkinga har det ikkje vore lagt opp til at studentane skal spesifisere kva studieretning dei går på, då formålet med undersøkinga har vore den generelle studentvelferda basert på studentane sine eigne opplevingar og erfaringar som student ved HVO. 13

3.2 Informasjon frå og om HVO 9 8 7 6 5 4 3 2 1 Internett Informasjonsskriv frå HVO Direkte kontakt med HVO Veit ikkje Diagram 3.1.: Kvar fann du informasjon om ditt studium før du begynte ved HVO Som det går fram av dette diagrammet har heile 85 % av dei som har svart brukt internett som hovudkjelde til informasjon om studiet i Volda i forkant av studiestart. I den grad dei hadde behov for meir informasjon om studiet sitt tok om lag 48 % ytterlegare kontakt med HVO for meir informasjon. I høve til informasjon om tidspunkt for studiestart meiner 77% av dei spurte at dei får tidsnok informasjon om studiestart. Vidare meiner om lag 88 % at dei får tidsnok informasjon om tidspunkt for eksamen. 14

3.3 Undervisning og medverknad 45 % 4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Veit ikkje Diagram 3.2.: I kva grad har studiet svart til forventningane dine når det gjeld fagleg kvalitet? I desse tabellane har studentane svart i høve til ein skala der 5 er i svært høg grad og 1 er i svært låg grad. Tabellen viser at studia i stor grad har svart til forventningane studentane har hatt, og at nesten 3 seier at studia i svært høg grad har svart til forventningane deira og over 4 meiner at studiet i høg grad har svart til forventningane deira. 15

4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Har ikkje Veit ikkje oppfølging Diagram 3.3: Kor fornøgd er du med den faglege oppfølginga undervegs i studiet? Dette diagrammet omhandlar også det faglege innhaldet ved studiet, men her var spørsmålet vinkla mot korleis den einskilde studenten opplever sin situasjon basert på eigne erfaringar. Her er det 20% som er svært fornøgde, i overkant av 35% som er fornøgde med den faglege oppfølginga og i underkant av 25 % som er middels fornøgde. 5 4 3 2 1 1 2 3 4 5 Veit ikkje Studieorganisering Deltid Studieorganisering Heiltid Diagram 3.4.: I kva grad meiner du studentane kan påverke sin eigen faglege studiekvardag ved HVO? I dette diagrammet representerar dei lysegrå stolpane dei som er heiltidsstudentar, medan dei mørke omfattar dei som er deltidsstudentar. Studentane har her svart utifrå ein skala 1 5 der 1 utgjer i svært lita grad og 5 i svært stor grad. Dei har også hatt moglegheit til å svare veit ikkje, som i denne figuren utgjer søylene lengst til høgre. Denne tabellen viser at studentane opplever at det til ei viss grad er mogleg for dei å påverke den faglege studiekvardagen sin ved HVO. Dette gjeld både heiltidsstudentane og deltidsstudentane. Samstundes er det over 40% av 16

deltidstudentane som har kryssa av for veit ikkje på dette spørsmålet. Dette kan skuldast at dei i mindre grad er ein del av studentmiljøet ved HVO og difor ikkje har føling med i kva grad studentane kan påverke studiekvardagen. 4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Veit ikkje Diagram 3.5: I kva grad har studiet svart til forventningane dine når det gjeld pedagogisk kvalitet? Når det gjeld samsvar mellom forventningar og opplevd pedagogisk kvalitet er ikkje svara like eintydige. 35 % har svart i stor grad og om lag 2 har svart i svært stor grad. Nesten 3 har kryssa av for det midtre alternativet. 3.4 Velferds og sørvistilbod Spørsmåla som vart stilt knytt til velferds og sørvistilbodet omhandlar både kvaliteten ved lokalitetane på campus og den sørvisen studentane opplever at dei får. Dernest omhandlar spørsmåla korleis studentane opplever tilboda frå Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) knytt til studentbustadar, bokhandel, kantinedrift og andre velferdstilbod. Denne gjennomgangen vil difor først gå gjennom data som omhandlar HVO sine tilbod og deretter SfS sine tilbod 17

4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 Kvar bur du no: Volda/Ørsta Kvar bur du no: Annan stad i landet 5 % 1 2 3 4 5 Veit ikkje Diagram 3.6: Kva tykkjer du om inneklimaet ved HVO? Som det går fram av diagrammet er hovudtyngda av dei som har svart middels fornøgd med inneklimaet på HVO. I lys av kommentarane som går på inneklima i spørjeskjemaet er det i hovudsak undervisningsromma på Kaarstad bygget studentane meiner at inneklimaet kan betrast, men også Aasen og Strøm er det fleire som nemner i høve til forbetringspotensiale. Nokre av studentane ser inneklimaet i samanheng med at det er mange studentar på relativt små undervisingsrom og at dette verkar negativt inn på inneklimaet. 18

5 45 % 4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Veit ikkje Kvar bur du no? Volda /Ørsta Kvar bur du no? Annan stad i landet Diagram 3.7: Korleis tykkjer du tilgangen til datamaskiner er ved HVO? Diagrammet viser at studentane er fornøgde med tilgangen til datamaskiner til bruk for studentane ved HVO, då det er flest som har svart 4 og 5 i dette diagrammet. Av dei som bur andre stader i landet er det nesten 50% som har kryssa av for veit ikkje. 6 5 4 3 2 1 Kvar bur du no? Volda /Ørsta Kvar bur du no? Annan stad i landet 1 2 3 4 5 Veit ikkje Diagram 3.8: Kva tykkjer du om tilgangen på grupperom ved HVO? Når det gjeld tilgangen på grupperom er det flest som tykkjer det er god eller middels tigang på grupperom ved HVO. Om lag halvparten av dei som bur andre stader i landet har svart veit ikkje på dette spørsmålet. 19

35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Veit ikkje Diagram 3.9: kva tykker du om kvaliteten på grupperomma ved HVO? Nesten 15 % av studentane er svært fornøgde og 3 er fornøgde med kvaliteten på grupperomma. 2 av studentane er middels fornøgde med kvaliteten. Det om lag 25 % som har svara veit ikkje på desse spørsmåla. 4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Har ikkje brukt tilbodet. Diagram 3.10: Hjelp frå sørvistorget i Berte Kanutte huset. 20

Studentane vart spurt om dei var samd eller usamd i at dei fekk god hjelp frå sørvistorget. Det ser ut til at studentane i all hovudsak er fornøgde med den hjelpa dei får på sørvistorget. Samstundes seier om lag 25% at dei ikkje har nytta seg av dette tilbodet. 5 45 % 4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Veit ikkje Diagram 3.11: Biblioteket sine lokale. Studentane er svært fornøgde eller fornøgde med biblioteket sine lokale ved HVO. Tilsvarande fordeling finn me når det gjeld tilbodet biblioteket har. 3.4.1 Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) Når det gjeld SfS sine tilbod ved Høgskulen meiner vel halvparten av studentane som bur i Volda at kantina ved HVO fungerer som samlingspunkt. Av dei som ikkje bur i Volda/Ørsta er det vel 4 som meiner kantina fungerer som samlingspunkt. Det er vidare 1 av dei spurte som bur i Volda og Ørsta som seier at dei ikkje bruker kantina. Når det gjeld kantina på Kaarstad er fordelinga noko annleis. 21

10 9 8 7 6 5 4 3 2 1 Kvar bur du no: Volda/Ørsta Kvar bur du no: Annan stad i landet Diagram 3.12: I kva grad fungerer kantina på Berte Kanutte som samlingsstad? 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Bruker ikkje Veit ikkje Diagram 3.12: I kva grad fungerer kantina på Kaarstad som samlingsstad? Som det går fram av dette diagrammet seier om lag 33 % av dei som har svart at dei ikkje bruker kantina på Kaarstad. Medan 15 % seier at dei ikkje veit. Av dei som bruker denne kantina meiner hovudtyngda at den i mindre grad fungerer som ein samlingsstad. I dette diagrammet er det ikkje skilt mellom dei som bur i Volda/Ørsta og dei som bur andre stader i landet. 22

45 % 4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Bruker ikkje veit ikkje Diagram 3.13: I kva grad finn du pensumbøker på Fagbok? Når det gjeld studentbokhandelen Fagbok er det om lag 25 % av studentane som har svart som seier at dei ikkje bruker studentbokhandelen. Av dei som bruker Fagbok er det om lag 4 som seier at dei svært stor grad finn pensumbøker på Fagbok. Studentane fekk også spørsmål om i kva grad dei finn rekvisita på Fagbok. Fordelinga i forhold til svar der er om lag den same som fordelinga i tabellen ovanfor. 6 5 4 3 2 1 1 2 3 4 5 Bruker ikkje Veit ikkje Diagram 3.14: Kva tykkjer du om sørvisen du får på fagbok? 23

Over halvparten av studentane er svært fornøgd med sørvisen dei får på Fagbok. 6 5 4 3 2 1 Kvar bur du no: Volda/Ørsta Kvar bur du no: Annan stad i landet 1 2 3 4 5 Bruker ikkje veit ikkje Diagram 3.15: I kva grad bidreg Rokken til studentmiljøet i Volda? I dette diagrammet er det skilt mellom dei som bur i Volda/Ørsta og dei som bur andre stader i landet. Nesten 50% av dei som bur i Volda meiner at Rokken bidrar i svært stor grad til studentmiljøet i Volda, og om lag 2 meiner Rokken bidrar i noko grad. Om lag 1 av dei som bur i Volda og Ørsta bruker ikkje Rokken og om lag 55% av dei som bur andre stader i landet bruker naturleg nok ikkje studenthuset. Når det gjeld velferdstenestene fekk studentane spørsmål om i kva grad dei kjenner til dei ulike tilboda. Her er det 6 av studentane som kjenner til helsetenesta og psykologtenesta, medan det er høvesvis 52 % og 26% som kjenner til rådgjevingstenesta for studentar og sosialfagleg rådgjevar. Vidare seier om lag halvparten av dei spurte at dei kjenner til at studentar med små barn har tilbod om avlastning nokre helgar. 2/3 av studentane som bur i Volda og Ørsta bur i ein av SfS sine studentbustader. Nesten halvparten av desse bur på Heltne. 1/4 bur på Myrane. 24

3.5 Volda som studiestad 7 6 5 4 3 2 Kvar bur du no? Volda /Ørsta Kvar bur du no? Annan stad i landet 1 1 2 3 4 5 Veit ikkje Diagram 3.16: Kor godt trivest du på fritida i Volda? På dette spørsmålet er det naturleg nok over 6 av dei som ikkje bur i Volda/Ørsta som har svart veit ikkje på dette spørsmålet. Desse studentane vart likevel stilt dette spørsmålet fordi fleire av dei er i Volda for å delta på samlingar i samband med studiet. Nesten 8 av dei som bur i Volda/Ørsta seier at dei trivest godt eller svært godt på fritida i Volda. Blant dei som ikkje bur i Volda/Ørsta er det også tydleg at dei fleste trivest godt eller svært godt på fritida i Volda. 5 45 % 4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Veit ikkje Kvar bur du no? Volda /Ørsta Kvar bur du no? Annan stad i landet 25

Diagram 3.17: Korleis trivast du ved Høgskulen i Volda? Nesten halvparten av dei som bur i Volda/Ørsta seier at dei trivest godt ved HVO og om lag 35 % seier at dei trivest svært godt. Tilsvarande prosentvis fordeling finn me i høve til korleis dei som ikkje bur i Volda eller Ørsta trivest ved HVO. 5 45 % 4 35 % 3 25 % 2 15 % 1 5 % 1 2 3 4 5 Veit ikkje Diagram 3.17: Eg vil anbefale andre å studere ved HVO. I overkant av 45 % av dei spurde er svært samd og 3 er samd i påstanden om at dei vil anbefale andre å studere ved HVO. Dette diagrammet omfattar alle som har svart på Undersøkinga. 26

3.6 HVO samandrag av opne svar Sudentane vart avlutningsvis i undersøkinga spurt om kva dei meinte HVO kunne gjere for å betre studietida. Mange av dei som svarte hadde synspunkt på dette og nedanfor kjem eit samandrag av dette. 3.6.1 Undervisning Vurdere å gjennomgå bruken av obligatorisk undervising. Fleire forelesingar på tvers av fagfelta. Evaluering av forelesarar og å lytte til det studentane seier på dette området. Opplever at klager ikkje fører fram. Bruke webbaserte forelesingar for nettstudentane. Oppdaterte pensumlister Meir komprimert undervisning og heile undervisningsdagar gunstigare for dei som studentane som pendlar. Høve til å bruke PC på eksamen. 3.6.2 Rettleiing Overhalde fristar for tilbakemelding. Samsvar i tilbakemeldingar. Konstruktive tilbakemeldingar. Fagleg rettleiar må vere meir tilgjengeleg. 3.6.3 Informasjon Lærarar må vere samstemte i informasjonen gitt til studentane. Viktig at informasjonen er korrekt. Studentweb behov for forklaring på korleis ein skal gå fram. 3.6.4 Undervisingsrom og bibliotek Leggje til rette for bruk av PC i timane med fleire stikkontaktar i klasseromma. Betre luftkvalitet. Unngå stadige endringar av romtildelingar for forelesingar. Gjere delar av den stille lesesalen om til stille arbeidssal. No er det for få stader ein kan jobbe med skriftlege arbeid. 27

3.7 SfS samandrag av opne svar 3.7.1 Studenthyblar Fleire studenthyblar for deltidsstudentar. Betre vakthald. 3.7.2 Fritidstilbod Meir informasjon om dei tilboda dei har og om kva reglar som gjeld på studenthyblane 3.7.3 Kantine Sunnare mat og lengre opningstider. 28

4 OPPSUMMERING Målet med undersøkinga har vore å avdekkje korleis studentane opplever studiekvardagen i Volda og at studentane skal verte gitt høve til å kome med forslag til tiltak for å betre studiekvardagen. Det er låg svarprosent på undersøkinga totalt sett. Det er usikkert kva som er årsaka til dette. 4.1 Hovudfunn Generelt er det overvekt av dei som har svart som seier at dei trivest svært godt eller godt ved HVO og på fritida i Volda. Det same gjeld i kva grad dei vil anbefale andre å studere ved HVO. Det ser også ut til å vere internett som har vore hovudkjelda til informasjon om studiet deira. I den grad studentane har hatt behov for meir informasjon om HVO har dei vore fornøgde med informasjonen dei har fått når dei har vendt seg til Sørviskontoret. For dei andre spørsmåla som er stilt er det svært få av studentane som har kryssa av for dei mest negative svaralternativa. Det er i hovudsak inneklima som peikar seg ut som det studentane er minst fornøgd med. I forhold til korleis studentane vurderer kva moglegheit dei har for å påverke studiekvardagen, er det nesten halvparten av dei som ikkje bur i Volda/Ørsta som ikkje veit dette. 29

30