Side 1 av 5 Fylkesrådmannen Finansutvalet Sakshandsamar: Daniel Gåsemyr Fluge E-post: Daniel.Gasemyr.Fluge@sfj.no Tlf: 57656246 Vår ref. Sak nr.: 12/1633-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 32981/12 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 24.09.2012 Budsjett 2013/økonomiplan 2013-16 Arbeidsdokument 3/12 Tilleggsnotat: Punkt 7 Innspel i høve tannhelsesektoren Tannhelse omtale i hovudutvalssaka Tannhelsesektoren har ikkje eige hovudutval. Finansutvalet må difor ta stilling til denne sektoren med grunnlag i fylkesrådmannen si tilråding når dei skal vurdere heilskapen i budsjetttilnærminga. Fylkesrådmannen gjev slik omtale av sektoren i den felles hovudutvalssaka: Satsingar i planperioden Følgjande satsingsområde er i samsvar med Strategisk plan for den offentlege tannhelsetenesta 2010-2013, vedteken av fylkestinget som sak 6/10: Tett oppfølging av pasientgruppene Utarbeide prosedyrar for førebyggande tiltak og behandling av pasientar i tannhelsetenesta. Førebygge utvikling av svak tannhelse for risikogrupper Rutinar for melding til Barnevern, identifisering av risikogrupper. Rekruttere og stabilisere tannhelsepersonale Spesiell vekt på tannlegar. Informasjon og service til brukarane Styrke kommunikasjon og informasjon til brukarane, styrke samarbeid med private tannklinikkar. Folkehelsearbeid Samarbeid med kommunar Kvalitetsutvikling Målretta kompetanseutvikling Budsjettet til tannhelsetenesta er satt opp med eit snitt på 3 vakante tannlegestillingar gjennom 2013. Dette er realistisk ut frå bemanningssituasjonen i dag, men det kan raskt skje endringar og det er viktig at tannhelsetenesta held oppe trykket for å rekruttere tannlegar i alle stillingar. Utfordringar i høve sektorrammene Økonomiske drivarar som pressar rammene framover Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Faks: 57656101 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 5 Utstyr, investeringsbudsjett Investeringsbudsjettet til tannhelsetenesta er knapt i forhold til fornying av teknisk utstyr. Slik det er no er det teikn på at utstyret generelt held på å bli gamalt Etablering av kompetansesenteravdeling i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen skal frå 2012 bidra med NOK 0,5 mill. til finansiering av sentral eining ved Tannhelse Kompetansesenter Vest (TK Vest). Samarbeidsavtalen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vart vedteke av Fylkestinget i sak 60/10. Seinare vart samarbeidsavtalen revidert og vedteken av Fylkesutvalet i sak 130/11. Føremålet med kompetansesenteravdelinga er: o Befolkninga skal få tilgang til avansert diagnostikk og tverrfagleg spesialistbehandling. Kompetansesenteret vil føre til oppbygging av kompetanse, og til å spreie denne kompetansen i regionen. Dette skal kome både offentleg og privat tannhelseteneste til gode. o Kompetansesenteret vil bidra til at klinisk praksis under spesialistutdanning kan o Gjennomførast desentralisert. o Kompetansesenteret vil byggje opp basiskompetanse som skal støtte fagutvikling og forsking i tannhelsetenesta. Nytilsette, unge, tannlegar. Treng tid for å få inntening og pasientar. Fylkestinget vedtok i sak 26/07 ei rekkje tiltak for å rekruttere og stabilisere tannlegar. Spesielt ordninga med barnefri, jobbe 80 % og få full lønn, er kostnadsdrivande. Det er nye tannklinikkar under planlegging i Dale og Årdal, samt oppussing av tannklinikken i Måløy. For Sandane Tannklinikk skjer innflytting i 2012. For Dale tannklinikk er bygg og eigedomstenesta i gang med forhandling om husleigeavtale og prosejktering. Tannklinikken i Øvre Årdal treng også oppussing eventuelt nye lokale og det er i gang prosessar rundt dette. Nye tiltak/saker med høg prioritet Etablering av kompetansesenteravdeling i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen har forplikta seg til å bidra med 0,5 mill. pr. år i drift av sentral eining fom 2012 og dette er allereie innarbeidd i budsjett og økonomiplan. For å kome i drift må det framover gjerast avklaringar i forhold til om det skal etablerast full kompetansesenteravdeling eller om vi skal etablere deler og kjøpe tenester hjå dei andre avdelingane. Det må i løpet av 2013 utgreiast ulike modellar for drift. Prosjekt for informasjon til pasientar på venterom via flatskjermar. Det er behov for kontinuerleg informasjon til pasientar og innbyggarar i Sogn og Fjordane. Tannhelsa blant barn og unge i Sogn og Fjordane er heilt i landstoppen er det naudsynt å finne nye kanalar og metodar for å nå ut til målgruppene i høve informasjon. Ved å nytte venterom med flatskjerm får tannhelsetenesta ein ny arena å informere på. I tillegg syner undersøkingar at pasientar føler kortare ventetid og at stressnivået går ned ved å nytte ein slik informasjonsmetode. Informasjonen vil ha ein generell folkehelsedel og ein spesiell tannhelsedel der førebygging skal prioriterast. Målet må vere at alle venterom ved offentlege klinikkar skal ha dette tilbodet. I første omgang kan vi starte eit prosjekt ved 3 klinikkar og hauste erfaring. Sidan kan det skje ei trinnvis utrulling. På utstyrssida er det behov for flatskjerm, pc og programvare. I tillegg kjem installasjonskostnader. Ved å rekne kr 20 000 pr. venterom skal det vere mogleg å få realisert dette prosjektet. Dette er aktuelt på om lag 26 venterom. Totalt kr 1,0
Side 3 av 5 mill. Prosjektet vil kunne starte i 2013 med fire tannklinikkar i pilotfase. Deretter årleg utrulling over tre år. Kostnader er berekna inn i saldert Innkjøp av utstyr i samband med utadretta verksemd og folkehelsearbeid. I samband med det utadretta folkehelsearbeidet som allereie pågår i tannhelsetenesta er det det ønskjeleg med meir utstyr får å gjere denne jobben. Det dreiar seg blant anna om fleire berbare pc ar, projektorar, lerret, små portable lydsystem og anna småutstyr til profilering for eksempel rollups, strandflagg, skilt osb. Totalt kr 0,3 mill. pr. år over fire år. Kostnader er berekna inn i saldert Nytte sosiale media og sms for å nå målgrupper med informasjon. Det svært viktig å nå målgruppene våre med informasjon. Ved å nytte for eksempel Facebook og sms kan mange få informasjon på ein enkel og god måte. Bruk av SMS kan og redusere ikkje møtt pasientar, noko tannhelsetenesta allereie er i gang med. Spesielt ungdom i alder 15-18 år nyttar i dag sosiale medier i utstrakt grad og kan gjennom å nytte denne informasjonskanalen nå ei stor og viktog målgruppe. Tannhelsefagleg er det ungdom i alder 13-18 år det er viktig å nå ut til. I denne aldersgruppa skjer det ei tydeleg forverring i tannhelsa frå om lag 60 % feilfrie 12 åringar til 23 % feilfrie 18 åringar. Ein tannlege eller ein tannpleiar kan få ansvar for å arbeide med dette. For å følgje denne satsinga godt opp er det naudsynt med ein stillingsressurs i 10 20 %. Kostnad kr 0,2 mill. pr. år som er innarbeidd i saldert Mogelege reduksjonsområde- lågast prioriterte tiltak Rekrutterings og stabiliseringstiltak Rekrutteringssituasjonen for tannlegar har betra seg dei siste åra. I løpet av 2012 har det likevel blitt noko vanskelegare og det er no 7 vakante stillingar. I strategisk handlingsplan for tannhelsetenesta er det i punkt, 1.4.2 Auke økonomiske stimuli for å rekruttere og behalde tannhelsepersonell, lagt opp til at dei ulike tiltaka som vart vedteke av Fylkestinget i sak 26/07 skal evaluerast gjennom ei kost nytte analyse. Direktør for tannhelsetenesta vil starte arbeidet med evaluering hausten 2012 og vere klar med tilrådingar første halvår 2013. Direktør for Tannhelsetenesta har vurdert ordninga med barnefri. Ordninga gjev tannlegar med born ein dag i veka til å vere heime. Slik det vert praktisert i dag gjeld ordninga fram til borna er 6 år gamle. Det er i snitt 8 tannlegar som nyttar seg av dette tilbodet kvart år. Dette utgjer samla 1,6 stilling pr. år. Om vi reknar ein kostnad på kr 700 000 (inkl. løn, sosiale kostnader og inntening) pr. stilling kostar dette samla 1,12 mill. pr. år. I tillegg kjem løn til tannhelsesekretær tilsvarande 1,6 stilling. Ordninga kan reduserast til å gjelde fram til barna er tre år utan stor risiko for at det går utover rekruttering av tannlegar. Ingen andre fylkeskommunar har ei ordning med barnefri og ved å redusere, ikkje fjerne, vil vi framleis vere konkurransedyktige. Tiltaket vil gje ein reduksjon i kostnadane på sikt. Tannlegar som har avtalen i dag må behalde den slik den er. Men ved nye barn eller nytilsette tannlegar kan ordninga avgrensast. Det vil då vere naturleg at tannlegar med born fødde etter 1.1.2013 vil få ordninga til barnet fyller 3 år. Tiltaket kan gje innsparing på om lag kr 1,0 mill. pr. år. Men med gradvis aukande effekt dei neste fire åra. Effekt av tiltaka er berekna inn i saldert Struktur Nedlegging/samlokalisering av klinikkar
Side 4 av 5 Fylkesrådmannen har no fullmakt til å leggje ned tannklinikkar når dette er naudsynt ut frå rekrutteringsmessige hensyn. Det at rekrutteringssituasjonen for tannlegar har forverra seg mot slutten av 2011 og utover i 2012 gjer at klinikkstrukturen bør vurderast på ny. Det ligg nok ikkje store økonomiske innsparingar i å legge ned klinikkar. Pasientane må transporterast til næraste klinikk og det skal vere eit fagleg forsvarleg tilbod. For prioriterte pasientar har fylkeskommunen ansvar for å dekke kostnader gjennom lov og forskrift. Fylkeskommunen har og relativt gunstige husleigeavtalar på ein del av dei små tannklinikkane. Ut frå rekrutteringsmessige hensyn bør det startast ein administrativ gjennomgang av klinikkstruktur før planperioden går ut i 2013. Aktivitet Redusere tal ikkje møtt timar Det var i 2011 om lag 3290 timar ikkje møtt frå prioritert klientell i fylket. Dette utgjer over to kliniske tannlegestillingar (og to tannhelsesekretærstillingar). Ved å redusere dette talet ligg det eit potensiale i å kunne tilby vaksne betalande timar. Dette vil sjølvsagt vere avhengig av etterslep og tilgang på pasientar. Men ved ein reduksjon på 1 000 timar ikkje møtt og ein timetakst på kr 1500 ligg det eit inntektspotensiale på kr 1,5 mill. Kor mykje det er mogleg å redusere tal ikkje møtt timar er vanskeleg å anslå, men det vil bli jobba med dette for å auke effektiviteten i høve drift av tannhelsetenesta. Denne effektivitetsauken er ikkje berekna inn i saldert budsjett då det er stor usikkerheit rundt potensialet. Pasientar i fengsel Helsedirektoratet finansierer behandling av pasientar i fengsel. Dette er regulert gjennom rundskriv. Det er eitt fengsel i fylket og dette har no om lag 40 plassar. Tannhelsetenesta har ikkje hatt gode nok rutinar i forhold til desse pasientane og ved å innføre nye rutinar kan vi auke inntening og få betre kostnadskontroll. Effekt er ikkje innarbeidd i saldert budsjett då effekten er noko usikker for 2013. Tannhelsetenesta har tidlegare fått midlar frå Helsedirektoratet og det er usikkert kor mykje «tapet» på for dårlege rutinar har vore. Takstauke Det vart 1.1.2012 gjort ein takstauke på 10 %. Dette ut frå at takstane i tannhelsetenesta låg relativt låg i høge private tannlegar. Til fylkestinget i desember vil det kome ei eiga sak om takstar og takstfastsetting. Ved ei tenkt inntening på kr 20,0 mill. vil ein takstauke på i snitt 10 % frå 1.1.2013 gje kr 2,0 mill. i auka inntening pr. år. Med provisjonsavtale inkl. sosiale kostnader får då fylkeskommunen kr 1,8 mill. i auka inntekter pr. år. Den generelle prisauken er berekna til 5 % og soleis er det halvparten som vil gje inntektsauke, dvs kr. 0,9 mill. Det er viktig at takstane til den offentlege tannhelsetenesta ikkje ligg for høgt eller lågt i forhold til eit snitt av private tannlegar. Føreslegen takstauke ligg innanfor det som er akseptabelt. Det vil i løpet av året eller tidleg 2013 bli oppretta ein pris- og marknadsportal for tannhelsetjenester og det vil bli enklare å få god oversikt over takstane til alle som leverer tannhelsetenester gjennom denne. Takstauken på 10 % fom 1.1.2013 er innarbeidd i saldert 2013 2014 2015 2016 Tannhelse Innsparingstiltak - barnefri (nedjustering frå 6 til 3 år) -0,300-0,600-1,000-1,000 Takstauke 10 % (nominelt) -0,900-0,900-0,900-0,900 Sosiale medium og sms 0,200 0,200 0,200 0,200 Info via flatskjerm 0,250 0,250 0,250 0,250 Utadretta utstyr 0,300 0,300 0,300 0,300 Sum tannhelse -0,450-0,750-1,150-1,150
Side 5 av 5 Tore Eriksen fylkesrådmann Eli Nes Killingrød økonomisjef Vedlegg: Mottakar (ar) Finansutvalet Kopi til: