Samhandlingsreforma Høyanger kommune så langt..
Idedugnad Leiarar i tenesteområdet helse og omsorg har vore på idedugnad saman med kommunanar i SYS- samarbeidet i høve avtalar som kommunane skal inngå med spesialisthelsetenesta
Kartlegging av tenestetilbodet. Tenesteområdet helse og omsorg har også vore gjennom eit kartleggingsarbeid i høve eksisterande tilbod Det er innsendt dokumentasjon til ei prosjektgruppe i SYS-samarbeidet som skal utgreie samarbeidsførestnadene til den enkelte kommune
Legevaktsamarbeid Høyanger kommune deltek i legevaktsamarbeid fra kl 15-08 dagleg + helg/høgtid med 9 andre kommunar i Sunnfjord regionen.
Telemedisin Høyanger er, saman med Askvoll, pilotkommune i prosjekt telemedisin.
Rehabilitering Kommunen har oppretta stilling for rehabiliteringskoordinator. Plan for rehabilitering er vedteken i komm.styret. I denne planen vil habilitering og rehabilitering vere organisert saman under same koordinator. Kommunen har ergoterapeut med vidareutdanning i rehabilitering. Det er tilbod om fysioterapi til rehabiliteringspasientar på sjukeheimen. Kommunen har stort hjelpemiddellager, med hjelpemiddel til utlån. Det er hjelpemiddelkontaktar i alle avdelingar i open omsorg. Høyanger dagsenter har også tilbod om rehabilitering
Kommunal samhandlingsgruppe Ei kommunal, tverrfagleg samhandlingsgruppe er etablert. Gruppa er samansett av leiarar og fagpersonar i helse og omsorg samt tillitsvalde og verneombod. Rådmannen vert beden om å delta på kvart møte for å orientere om samarbeidsarbeid mellom kommunen og evt andre kommunar. Den kommunale samhandlingsgruppa skal operasjonaliserer avtalar og lage kommunale prosedyrar. Gruppa er delt i tre arbeidsgrupper- førebyggande, rehabilitering, døgnttilbod/utskrivingsklare pasientar.
Habilitering Habiliteringstenesta har eigen koordinatorkoordinator for funksjonshemma i 50% stilling Det er oppretta avlastningsbustad i Høyanger helsesenter for unge funksjonshemma. Lavik helsesenter og Sørsida Bygdetun har også avlastningsbustad
Tverrfagleg samarbeid i kommunen Det vert jobba med individuell plan - og føreteke månadlege målingar av bruken av IP. Pr.i dag 29 IP Det tverrfaglege samarbeidet til brukarar med trong for koordinerte tenester, føregår i ansvarsgrupper
Koordinerande eining i kommunen Tiltaksteamet, som har møte ein gong i veka, er koordinerande eining for tenester / tildeling av tenester. Kommunen har ein kontaktperson for utskriving av pasientar fra spesialisthelsetenesta til kommunen
Utskrivingsklare pasientar Høyanger kommune tek i mot alle utskrivingsklare pasientar pr.i dag, og klarer å gje eit forsvarleg tenestetilbod. Alle pasientar som søker om rehabilitering får plass. Kommunen gjev også tilbod om rehabilitering i brukar sin heim, og i gruppebehandling. Så langt er kapasiteten på sjukeheimsplassar tilfredstillande, men no har kommunen ti dagar til rådvelde for planlegging Kan opprette ØH-plassar allereie no, men manglar avgjerd i høve legetilsyn for pasientar som evt nyttar ØHplass
Palliasjon Høyanger sjukeheim har palliativt rom med høve til overnatting for pårørande. Kommunen har ei palliativ gruppe som rettleier anna fagpersonale, og som er kontaktledd mellom kommunen og spesialisthelsetenesta. Tenestetilbodet har eiga brosjyre
Kompetansebygging Fleire fra kommunen er under utdanning for å bli sjukepleiarar. 2 helsefagarbeidarlærlingar i kommunen, ein har teke fagbrev no, og ein tek fagbrev neste sommar. Fleire praksiskandidatar i institusjon og open omsorg har dette året teke fagbrev som helsefagarbeidar -7 stk 4 Sjukepleiarar har teke utdanning i akuttsjukepleie Kommunen har sjukepleiarar med vidareutdanning i palliativ sjukepleie, geriatri, intensivsjukeplei, aldersdemens, rusomsorg, psykiatri, rettleiing Leiarar i tenesteområdet helse og sosial deltek haust 2011 på kurs om nytt lovverk.
Samarbeid med spesialisthelsetenesta Vi deltek i eit slagprosjekt. Dette er eit samarbeid om slagbehandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunen. Planlagt hospitering av sjukepleiarar fra kommunen til spesialisthelsetenesta
Tenesteområdet si deltaking i forskning Open omsorg deltek i forskningsopplegg ved UIO der ein ser på samarbeid mellom fastlegar og heimesjukepleien. Førespurdnad, og vi sa så klart ja... om deltaking i prosjekt om samhandling i regi av HISF.
Folkehelse Folkehelsekoordinator i 50%stilling. Kommunen har partnerskapsavtale med fylkeskommunen Folkehelsearbeid/førebyggande helsearbeid er satt på dagsorden med jamne mellomrom på leiarmøta i rådmannen si leiargruppe og i tenesteområdet helse og omsorg.
Planlagt stillingsauke i budsjett 2012 Auke sjukepleiarheimlar på kortidsavdelinga ved Høyanger sjukeheim Auke med 1 legeårsverk Prioritert ressursauke til BPA for unge funksjonshemma.