SIDE 1 FRILUFTSLOVA - Dei viktigaste og utrykk - Kommunens rolle
Friluftslova SIDE 2
SIDE 3 Norge har rike tradisjonar i forhold til friluftsliv Formål - å verne friluftslivets naturgrunnlag og sikre ålmenta rett til ferdsel og opphald i naturen. Lova er ein av dei klassiske norske «miljølovene», innført så tidleg som i 1957 (til samanlikning vart forureiningslova innført i 1983) Dette er ei formell legitimering og vern av fri ferdsel, så kalla «allemennsretten», som er unik internasjonalt
Kommunen SIDE 4 skal arbeide for å fremje friluftsformålet har rett til å opptre, klage og i tilfelle reise søksmål for å ivareta ålmenta sine interesser i alle saker av interesse for friluftslivet kan varde og merke opp turstier i utmark, bygge kloppar, bruar og sette i verk andre tiltak for å lette ferdselen langs ruter og turstier i utmark. kan gi visse lag og organisasjonar rett til å varde og merke opp ruter og turstiar i utmark skal uttale seg i saker når der er tvil/tvist om eit konkret område er innmark/utmark, i forhold til om rasting/telting medfører ulempe eller skade og om stengsel eller skilt er lovleg
Sentrale omgrep i lova SIDE 5 Innmark Gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått og kulturbeite Område der ålmenta sin ferdsel vil vere til «utilbørleg fortrengsel» for eigar eller brukar. Her også industriområde. Utmark Udyrka mark som ikkje kan definerast som innmark Utilbørlig fortrengsel Sjå neste side
SIDE 6 Fortrengsel - å trengja seg på - ei handling som medfører til at noko(n) må vike frå ein plass
Ferdsel i innmark SIDE 7 Alle kan ferdast til fots når innmarka er frosen eller snølagt, men ikkje i tida 30. april 14. oktober. Ferdselsretten gjeld ikkje på gardsplass eller hustomt, inngjerda hage eller park og anna inngjerda område der ålmenta sin vinterferdsel vil vere til såkalla «utilbørlig fortrengsel» for eigar eller brukar. Eigar eller brukar kan uansett inngjerding forby ferdsel over hage, plantefelt, høstsådd åker og attelege også når marka er frosen eller snølagt dersom ferdselen vil føre til nemneverdig skade/ulempe. Ferdsel til fots, med hest, tråsykkel m.m. på vei eller sti på innmark som fører til utmark er tillatt heile året, så sant ferdselen skjer utanfor gardsplass eller over hustomt og at den ikkje er til «utilbørlig fortrengsel» for eigar eller brukar.
Ferdsel med motorvogn og hestekøyrety SIDE 8 Eigar av privat veg kan forby ferdsel med motorvogn (også el-sykkel), hestekøyrety og parkering av motorvogn langs veg. Ved offentleg veg er det tillate å parkere i utmark, så sant det ikkje volder nemneverdig skade eller ulempe.
Ferdsel med båt SIDE 9 Ferdsel på sjøen (også når islagt) med båt er fri for einkvar. For ferdsel på innsjø og elver gjeld «Vannressurslova» og «Motorferdsellova». Desse gjev alle heimel til å bruke båt utan motor når dette ikkje er til stor ulempe for grunneigar eller andre brukarar. Båt med motor kan brukast på vatn over 2 km 2 dersom grunneigar ikkje forbyr det. For inntil eitt døgn har alle rett til å dra i land båt på strandstrekning i utmark. Men det er ikkje tillate å nytte kai eller brygge utan eigars/brukars samtykke. Ringer og bolter m.m. kan nyttast dersom det skjer korttids og utan ulempe.
SIDE 10 Ålmenta sin haustingsrett Kan hauste ville nøtter, men må etast der og da Kan plukke og ta med ville blomster, plantar, røter, bær og sopp Føresetnad er at det skal skje omsynsfullt og med «tilbørlig varsemd» Gjeld ikkje for molte i Nordland, Troms og Finnmark dersom eigar har nedlagt eit klart forbod mot plukking. Men ålmenta kan alltids ete dei der og da
SIDE 11 Bading Alle har rett til å bade i sjø eller i vassdrag frå strand eller frå båt når dette skjer i rimeleg avstand frå bebodd hus eller hytte, og når det ikkje er til «utilbørlig fortrengsel» eller ulempe for andre.
Rasting og telting SIDE 12 Plass til rasting, solbad, overnatting eller liknande må ikkje gjerast i innmark utan eigars/brukars samtykke. I utmark er dette tillate utan samtykke, men må ikkje skje dersom det er til «utilbørlig fortrengsel» eller når det kan medføre skade på ungskog eller plantefelt. Ikkje tillate å telte så nær bebodd hus/hytte at det verker forstyrrande. Minst 150 m avstand. Telting i maks 2 døgn om gangen. Telting over 2 døgn er lovleg dersom dette er på høgfjellet eller fjernt frå bebyggelse, og sjølvsagt dersom samtykke.
«Friluftsmøte» og idrettstemne (t.d. skirenn, orienteringsløp m.m.) som kan medføre nemneverdig skade eller ulempe kan ikkje haldast utan samtykke frå eigar/brukar. Løyper for skirenn, terrengløp m.m. må leggast slik at ein unngår skade på skogforynging og skade på gjerde. SIDE 13
Ulovlege stengslar eller forbodsskilt SIDE 14 Grunneigar eller brukar kan ikkje utan heimel stenge, sette opp skilt eller på andre måtar kunngjere eller vanskeleggjere lovleg ferdsel, opphald, bading eller hausting.
Litt om ferdselskultur og bortvisingsrett SIDE 15 Alle må opptre omsynsfullt og varsomt for å unngå skade eller ulempe for eigar, brukar eller andre, og for miljøet. Alle har ansvar for å ikkje etterlate staden i ein tilstand som kan verke skjemmande eller føre til skade eller ulempe for nokon. Grunneigar eller brukar har rett til å vise bort folk som opptrer omsynslaust eller har ein åtferd som kan utsete eigedomen for skade eller ulempe. Ferdsel kan, etter kommunalt vedtak, regulerast på område der utfarta er stor (vedtaket må stadfestast av fylkesmannen) Særlege utsette område kan, etter kommunalt vedtak, heilt eller delvis sperrast av når ferdselen gjev nemneverdig skade/ulempe. Sperring for bestemt tidsrom, max 5 år.
40 heimelsparagrafen til formell reaksjon SIDE 16 Kommunen kan krevje ulovlege byggverk, stengsel eller anna innretning, skilt eller kunngjøring fjerna Kommunen kan gje tvangsmulkt dersom pålegg ikkje blir fulgt Om nødvendig kan kommunen krevje hjelp av politiet
Oppsummering «allemannsretten» SIDE 17 Allemannsretten gjev alle rett til: - å ferdast fritt til fots og på ski i naturen - å ferdast over dyrka mark om vinteren når marka er snødekt/frosen - å bruke kano, kajakk, ro- og seglebåt i vatn og vassdrag - å raste, slå leir og overnatte i naturen - å sykle og ri langs stiar og vegar i utmarka - å bade i sjø, vatn og vassdrag - å plukke ville bær, sopp og blomster i utmarka Allemannsretten gjeld berre så langt det ikkje er til rimeleg skade, ulempe eller til plage / «utilbørlig fortrengsel» for andre