ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat 0ve Skjønhaug Hetlevikvegen 65 5304 HETLEVIK Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2013/1636 10521/2014 WANGEN 107/1 20.08.2014 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET 19.08.14, SAK PS 59/14: GNR/BNR 107/1 -VARTDAL - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEDELPLAN FOR VARTDAL FOR DELING AV GRUNN KRING EKSISTERANDE BUSTAD Saksprotokoll tilråding / vedtak i samfunnsutvalet - 19.08.2014 Samfunnsutvalet (SFU) syner til søknad om frådeling av tomt kring eksisterande hus på 0,7 daa på gnr. 107 bnr 1 på Vartdal. SFU finn etter ei samla vurdering at dispensasjon for frådeling kan gjevast. Det vert då lagt vekt på at frådelinga gjeld frådeling av eksisterande bustadhus på gardsbruket og at dette inngår i ei bruksrasjonalisering med sal av landbrukseigedomen til eit nabobruk som tilleggsjord der det ikkje lenger er bruk for bygningane i samband med den framtidige landbruksdrifta. Etter ei samla vurdering finn SFU at frådelinga ikkje vil setje omsyna kommunedelplanen skal ivareta vesentleg til sides, og at fordelane klart er større enn ulempene. Med heimel i Plan- og bygningslova (pbl). 19-2, gjev SFU dispensasjon frå kommunedelplanen for Vartdal for frådeling av tomt kring eksisterande hus i samsvar med Med heimel i pbl. 20-1 m) og 21-4 gjev SFU løyve til frådeling av tomt i samsvar med matrikkellova slik det går fram av vedtaket ovanfor. Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år. Handsaminga (8 røysteføre) Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. Rett utskrift av møteprotokollen 20.08.14 Toril Langlo Politisk sekretær Kopi til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Landbrukskontoret, her Postadresse: postmottak@orsta.kommune.no www.orsta.kommune.no 6153 ØRSTA 700 49 700 700 49 711 939461450 MVA 3992.07.30144
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2013/1636 Løpenr.: 5409/2014 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 59/14 Samfunnsutvalet 19.08.2014 GNR/BNR 107/1 - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEDELPLAN FOR VARTDAL FOR DELING AV GRUNN KRING EKSISTERANDE BUSTAD TILRÅDING TIL VEDTAK: Samfunnsutvalet (SFU) syner til søknad om frådeling av tomt kring eksisterande hus på 0,7 daa på gnr. 107 bnr 1 på Vartdal. SFU finn etter ei samla vurdering at dispensasjon for frådeling kan gjevast. Det vert då lagt vekt på at frådelinga gjeld frådeling av eksisterande bustadhus på gardsbruket og at dette inngår i ei bruksrasjonalisering med sal av landbrukseigedomen til eit nabobruk som tilleggsjord der det ikkje lenger er bruk for bygningane i samband med den framtidige landbruksdrifta. Etter ei samla vurdering finn SFU at frådelinga ikkje vil setje omsyna kommunedelplanen skal ivareta vesentleg til sides, og at fordelane klart er større enn ulempene. Med heimel i Plan- og bygningslova (pbl). 19-2, gjev SFU dispensasjon frå kommunedelplanen for Vartdal for frådeling av tomt kring eksisterande hus i samsvar med Med heimel i pbl. 20-1 m) og 21-4 gjev SFU løyve til frådeling av tomt i samsvar med matrikkellova slik det går fram av vedtaket ovanfor. Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år. Utskrift til: Ove Skjønhaug, Hetlevikvegen 65, 5304 Hetlevik Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde Landbrukskontoret, her
Saksvedlegg: Søknadsbrev motteke 04.11.2013 Kartutsnitt 1:1000 og 1:2000 Ortofoto 1:2500 Oversiktskart/utsnitt av kommunedelplan for Vartdal 1:5000 Saksprotokoll frå vedtak i Landbruksnemnda den 12.06.2014, sak 37/14 Uprenta saksvedlegg: Diverse saksdokument Innkomne merknader Saksopplysningar: Det ligg føre søknad om dispensasjon frå kommunedelplan for Vartdal for frådeling av tomt omkring eksisterande bustadhus på gardsbruk. Den omsøkte tomta er om lag 700 m2 og ligg i kommunedelplanen i område som er avsett til LNF-område sone 1, der det er fastsett følgjande føresegn: I denne sona er det viktige frilufts- natur-, vilt- og landbruksinteresser. I sona er derfor bygge- og anleggsverksemd ikkje tillate, unnateke for tradisjonelt landbruk. Det er også forbod mot andre tiltak som kan vere til vesentleg ulempe for gjennomføring av planen, jf. pbl. 20-4, første ledd nr. 2. Forbodet gjeld også bortfesting og deling av tomter til slike føremål. Den omsøkte tomta ligg innanfor område definert som kjerneområde for landbruk. Frådelinga er grunngjeven med at garden skal seljast til anna bruk som er i sjølvstendig drift som tilleggsareal. Det er då ønskje om å dele frå bustadhus med hage. Nausttomta som også er omtala i søknaden ligg innanfor regulert naustområde, og er såleis ikkje del av dispensasjons Saka er sendt på høyring til Fylkesmannen, Møre og Romsdal fylkeskommune og til landbrukskontoret. Det ligg føre følgjande fråsegner: Landbruksnemnda, møte 12.06.14 1. Frådeling etter jordlova 12, vedtak: Landbruksnemnda viser til søknad registrert 04.11.2013, frå eigar av gnr. 107 bnr. 1 på Vartdal, Ove Skjønhaug, om frådeling av bustadhus med tomt frå bruket. Landbruksnemnda viser til saksutgreiinga med konklusjon, og gir løyve etter jordlova 12 til frådeling av tomt på om lag 0,7 da, slik det er søkt om. Grunngjeving er at dette er ledd i ei bruksrasjonalisering, og vilkår for frådelinga er at resten av gnr. 107 bnr. 1 vert selt som tilleggsareal til nabobruk, slik det er lagt opp til. 2. Dispensasjon frå kommunedelplan tilråding: Landbruksnemnda viser til søknad registrert 04.11.2013, frå eigar av gnr. 107 bnr. 1 på Vartdal, Ove Skjønhaug, om frådeling av bustadhus med tomt frå bruket. Landbruksnemnda viser til pkt. 1 i vedtaket, og rår til at det kan gjevast dispensasjon frå kommunedelplanen i dette tilfellet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 24.04.2014 Omsøkte frådeling vil medføre at ein opprettar ein bustadeigedom i eit landbruksområde innanfor kjerneområde landbruk, noko som i utgangspunktet er uheldig. I dette tilfellet er det opplyst om at
resten av garden skal seljast som tilleggsareal til eit anna bruk på Vartdal. Tiltaket er difor ein del av ei bruksrasjonalisering, og med denne grunngjevinga har vi ingen negative merknader til tiltaket. Møre og Romsdal fylkeskommune Det ligg ikkje føre fråsegn frå fylkeskommunen, som i rundskriv til kommunane 12.02.2014 skriv følgjande om saker i inneverande kalenderår: Saker vi ikkje har merknader til, vert avskrive utan brev ut. Det inneber at kommunen, dersom brev ikkje er motteke innan utgangen av fristen, kan gjere vedtak med tilvising til at vi ikkje har merknader. Vurdering og konklusjon: Søknaden gjeld frådeling av eksisterande hus på gardsbruk. Frådelinga vil såleis ikkje føre til endringar i den fysiske arealbruken og vil i all hovudsak berre ha verknader for landbruket sine interesser. Søkjaren opplyser at resten av eigedomen skal seljast som tilleggsareal til nabobruk. Sektormynde for landbruk på fylkesnivået har ikkje merknader til frådelingssøknaden med grunngjeving i at garden skal seljast som tilleggsareal og at dette då er del av ei bruksrasjonalisering. Landbruksnemnda har gjort vedtak om frådeling etter jordlova, og tilrådd dispensasjon etter Plan- og bygningslova. Grunngjevinga er at dette er ledd i ei bruksrasjonalisering då resten av gnr 107 bnr. 1 skal seljast som tillegg til nabobruk. Vedtaket er i samsvar med landbrukssjefen si tilråding. Rådmannen kan ikkje sjå at det knyter seg andre vesentlege moment til saka. Etter ei samla vurdering finn rådmannen at å gjennomføre frådeling av eigedomen slik det er søkt om ikkje vil setje omsyna kommunedelplanen skal ivareta vesentleg til sides, og at fordelane klart er større enn ulempene. Rådmannen rår såleis til at det vert gjeve dispensasjon i samsvar med Eldar Øye leiar plan- og utviklingsstaben Gunnar Wangen avdelingsleiar plan og miljøavdelinga