Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Like dokumenter
Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Utval for Levekår og Kultur

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Kommunestyret

Møteinnkalling for Fondstyret

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

MØTEINNKALLING. SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 13/12 12/1928 ORIENTERINGER KUO-MØTE 29. SEPTEMBER

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

MØTEINNKALLING. Utvalg: Møtestad: Møterom Voldsfjorden, evt. møterom Austefjorden. Rådhuset 1.etg. Dato: Tid: 14:00

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Valstyret

Møteinnkalling for Kommunestyret

Møteinnkalling for Fondstyret

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU

Møteinnkalling for Formannskapet

Møtebok for Utval for kultur og oppvekst

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Arbeidsmiljøutval

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møtebok for Utval for kultur og oppvekst

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Møteinnkalling for Kommunestyret

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

Møtebok for Utval for kultur og oppvekst

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Fondstyret

Fellestenester - Informasjonsavdelinga Vår ref: 2015/ Dato:

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Møteinnkalling for Fondstyret

Samarbeidsorganer i grunnskolen. Informasjon til Driftskomiteen

Endeleg TILSYNSRAPPORT

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Møteinnkalling. Grane kommune. Komité for oppvekst og kultur Møtested: Formannskapssalen Dato: Tidspunkt: 18:00

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Valstyret

Råd og utvalg ved Evjen skole

Møteinnkalling. Utvalg: Komite for oppvekst, kultur og idrett Møtested: Bruholmen, Ørland rådhus Møtedato: Tid: 08:00

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

FORELDRENES ARBEIDSUTVALG - FAU - HOP UNGDOMSSKOLE. Referat blir sendt ut til FAU-representantene, og lagt ut på skolens hjemmeside.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur

Transkript:

Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur Møtedato: 20.10.2015 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 18.00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 12.10.2015 Gro Anita Særsland leiar Sakliste Sak nr. Saktittel 028/15 GODKJENNING AV MØTEBOK 029/15 DELEGASJONSSAK 030/15 TILSKOT FORSAMLINGSHUS 2015 031/15 SØKNAD OM TILSKOT TIL JULEKONSERT 032/15 INFORMASJON FRÅ ANN - ELIN WANG - VEDRØRANDE FOTOUTSTILLING 033/15 SØKNAD OM STØTTE TIL KULTURARRANGEMENT - TELEMARKSKVELD 30102015 034/15 SAULAND MENIGHETSHUS - SØKNAD OM ØKONOMISK STØNAD 035/15 VAL AV REPRESENTANTAR TIL SAMARBEIDSUTVAL OG SKULEMILJØUTVAL FOR PERIODEN 2015-2019

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 20.10.2015 028/15 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/1448 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka blir godkjent slik ho ligg føre.

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 20.10.2015 029/15 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/1447 DELEGASJONSSAK FLOK-004/13 13.02.2013: VEDTAK OM SPESIALPEDAGOGISK HJELP - OPPLÆRINGSLOVEN 5 VEDTAK 1. Elev f. innvilgast spesialpedagogisk hjelp med 114 årstimar à 60 minutt individuelt eller i lita gruppe. 2. Skulen utarbeider i samråd med føresette individuell opplæringsplan på bakgrunn av rettleiande uttale frå PPT. 3. Tiltaket setjast i verk innanfor skulen si ressursramme. 4. Vedtaket er gjeldande inntil det ligg føre ny sakkunnig vurdering eller vesentleg behovsendring. FLOK-022/15 21.08.2015: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING - SKULEÅRET 2015-2016 VEDTAK. tildelast 228 årstimar á 60 minutt med pedagog. Det skal utarbeidast IOP (Individuell Opplæringsplan) i tråd med den sakkunnige vurderinga Det utarbeidast årsrapport i mai/juni 2016. FLOK-023/15 26.08.2015: SVAR PÅ SØKNAD OM PRIVAT SKULESKYSSORDNING 2015/16 -. ELEVMAPPE VEDTAK 1... sitt skyssbehov som elev ved Sauland skule for skuleåret 2015-2016 løysast ved at heimen kjører privat. 2. Som kompensasjon for ordninga utbetalar kommunen kr. 8.144 for skuleåret 2015-2016, frå konto 1.1702.233.2020 til.., bankkonto 3. Om ordninga skal vidareførast neste skuleår må det gjerast ny avtale om dette.

FLOK-024/15 26.08.2015: SVAR PÅ SØKNAD OM PRIVAT SKULESKYSSORDNING 2015/2016 VEDTAK 4. sitt skyssbehov som elev ved Sauland skule for skuleåret 2015-2016 løysast ved at heimen kjører privat saman med.. 5. Som kompensasjon for fellesordninga utbetalar kommunen totalt kr. 8.144 for skuleåret 2015-2016, frå konto 1.1702.233.2020 til, bankkonto 6. Om ordninga skal vidareførast neste skuleår må det gjerast ny avtale om dette. FLOK-025/15 27.08.2015: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING - SKOLEÅRET 2015-2016 VEDTAK.. tildelast 266 årstimar á 60 minutt med pedagog. Det skal utarbeidast IOP (Individuell Opplæringsplan) i tråd med den sakkunnige vurderinga Det utarbeidast årsrapport i mai/juni 2016. FLOK-028/15 03.09.2015: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING VEDTAK. tildelast 76 årstimar a 60 min med pedagog. Det skal utarbeidast IOP (Individuell Opplæringsplan) i tråd med den sakkunnige vurderinga Det utarbeidast årsrapport i mai/juni 2016. FLOK-029/15 03.09.2015: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING 2015/2016 VEDTAK. tildelast inntil 209 årstimar a 60 min med pedagog. tildelast inntil 57 årstimar a 60 min med assistent. Det skal utarbeidast IOP (Individuell Opplæringsplan) i tråd med den sakkunnige vurderinga Det utarbeidast årsrapport i mai/juni 2016. FLOK-030/15 04.09.2015: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING 2015/2016 VEDTAK 1. tildelast 114 årstimar à 60 minutt individuelt eller i lita gruppe skuleåret 2015-2016. 2. Skulen utarbeider i samråd med føresette individuell opplæringsplan på bakgrunn av rettleiande uttale frå PPT. 3. Det skal utarbeidast årsrapport i mai/juni 2016. Kopi til: Notodden og Hjartdal PPT, Skolegata 7, 3674 Notodden

Klagerett: Du/de kan klage på dette vedtaket. Dersom du/de vil klage, er fristen tre veker frå du/de har fått vedtaket. Klagen må nemne kva for endring du/de ønskjer, og bør vere skriftleg. Du/de bør òg grunngi klagen. Du/de sender klagen til skolen ved rektor. Dersom skolen ikkje er einig i klagen og ikkje gjer om vedtaket, vil vi sende klagen til Fylkesmannen i fylket. Du/de har, med nokre unntak, rett til å sjå dokumenta i saka. Dersom du/de allereie har fått alle dokumenta i saka, skal skolen opplyse om det. Du/de kan la ein advokat eller ein annan fullmektig hjelpe til og representere deg/dykk på alle trinn i saka. Ein annan fullmektig kan vere ein kven som helst myndig person eller ein organisasjon som du/de er medlem av. Ein fullmektig som ikkje er advokat, må leggje fram skriftleg fullmakt. Fristen for å klage på eit enkeltvedtak er bestemt i forvaltningslova 29. Regelverket for å sjå dokumenta i saka finn du/de i forvaltningslova 18 og 19. Forvaltningslova 12 seier at du/de kan bruke ein fullmektig. Du/de har ein løpande rett til å klage uavhengig av fristen på tre veker, dersom gjennomføringa av spesialundervisninga ikkje er i tråd med dette enkeltvedtaket. Helsing Veslemøy Eliassen Rektor Sauland skule 97053440/35028300 FLOK-031/15 04.09.2015: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING 2015/2016 VEDTAK 1. tildelast 152 årstimar à 60 minutt med pedagog til spesialpedagogisk hjelp. 2. I tillegg tildelast 266 årstimar à 60 minutt med oppfølging av assistent. 3. Det utarbeidast IOP i tråd med den sakkunnige vurderinga 4. Det utarbeidast årsrapport i mai/juni 2016 Kopi til: Notodden og Hjartdal PPT, Skolegata 7, 3674 Notodden Klagerett: Du/de kan klage på dette vedtaket. Dersom du/de vil klage, er fristen tre veker frå du/de har fått vedtaket. Klagen må nemne kva for endring du/de ønskjer, og bør vere skriftleg. Du/de bør òg grunngi klagen. Du/de sender klagen til skolen ved rektor. Dersom skolen ikkje er einig i klagen og ikkje gjer om vedtaket, vil vi sende klagen til Fylkesmannen i fylket. Du/de har, med nokre unntak, rett til å sjå dokumenta i saka. Dersom du/de allereie har fått alle dokumenta i saka, skal skolen opplyse om det. Du/de kan la ein advokat eller ein annan fullmektig hjelpe til og representere deg/dykk på alle trinn i saka. Ein annan fullmektig kan vere ein kven som helst myndig person eller ein organisasjon som du/de er medlem av. Ein fullmektig som ikkje er advokat, må leggje fram skriftleg fullmakt.

Fristen for å klage på eit enkeltvedtak er bestemt i forvaltningslova 29. Regelverket for å sjå dokumenta i saka finn du/de i forvaltningslova 18 og 19. Forvaltningslova 12 seier at du/de kan bruke ein fullmektig. Du/de har ein løpande rett til å klage uavhengig av fristen på tre veker, dersom gjennomføringa av spesialundervisninga ikkje er i tråd med dette enkeltvedtaket. Helsing Veslemøy Eliassen Rektor Sauland skule 97053440/35028300 FLOK-032/15 05.10.2015: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING 2015/2016 VEDTAK tildelast inntil 209 årstimar a 60 min med pedagog... tildelast inntil 57 årstimar a 60 min med assistent. Det skal utarbeidast IOP (Individuell Opplæringsplan) i tråd med den sakkunnige vurderinga Det utarbeidast årsrapport i mai/juni 2016. FLOK-033/15 08.10.2015: RETTLEIAR - SPESIALPEDAGOGISK HJELP FØR OPPLÆRINGSPLIKTIG ALDER OG SPESIALUNDERVISNING I GRUNNSKULEOPPLÆRINGA VEDTAK Rettleiar - spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder og spesialundervisning i grunnskuleopplæringa slik den ligg føre gjerast gjeldande frå vedtaksdato. RÅDMANNEN TILRÅR: Delegasjonssakene blir teke til orientering slik dei ligg føre.

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 20.10.2015 030/15 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223, K2-D12 Arkivnr.: 15/1231 TILSKOT FORSAMLINGSHUS 2015 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 U 31.08.2015 Reidun Hagen; Mailen Pedersen; REGISTRERINGSSKJEMA - TILSKOT FORSAMLINGSHUS 2015 Øyvind Brukås; Ole Tonny J Larsen 2 I 08.09.2015 Sauland IL MOTATT SKJEMA - TILSKOT FORSAMLINGSHUS 2015 MOTTATT SKJEMA - TILSKOT TIL FORSAMLINGSHUS 2015 4 I 01.10.2015 Hjartdal Røde Kors Hjelpekorps 5 I 01.10.2015 Bergtun Hjartdal MOTTATT SKJEMA - TILSKOT TIL FORSAMLINGSHUS 2015 6 I 01.10.2015 U.L. Fram MOTTATT SKJEMA - TILSKOT TIL FORSAMLINGSHUS 2015 Vedlagde dokument: Dokument nr. 2, 4, 5, 6 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Levekår og Kultur vedtek Bakgrunn for saka: I samsvar med budsjettvedtak skal det ytast tilskot til drift av forsamlingslokala Bergtun, Klubbhuset, Fossehalli og Hjartdal Røde Kors sitt hus i Tuddal

Total budsjettramme for 2012 var 130.000, for 2013 kr 150.000. Frå 2014 er tilskotsposten i budsjettet slått saman med generelle tilskotsmidlar til bruk på kulturområdet, tidlegare såkalla "kulturmidlar". Total budsjettramme for konto 1.4700.210.3850, Generelt tilskot/støtte, er for 2015 kr. 665.000. Forbruk pr 01.10.2015: Mindre einskildsaker/løyvingar 3.170 LOK-sak 007/15 ( Komp. for kommunale gebyr, S.Ungdomslag) 11.275 Refusjon, kommunale avgifter, forsamlingshus 78.880 Kulturmidlar 2015 119.000 Driftstilskot, Frivilligsentralen 2015 100.000 Ikkje utbetalt, tilskot drift av idrettsanlegg 180.000 Ikkje utbetalt, kunstutstilling Elvestien, LOK-sak 23/15 (avlyst) 10.000 Til disposisjon uten LOK-sak 23/15: 162.675 Til disposisjon inkludert attendeført løyving LOK-sak 23/15 172.675 Det vart i 2012 utarbeidd eit enkelt registreringsskjema for innhenting av informasjon til bruk i den administrative og politiske sakshandsaminga. Hensikten med skjemaet var å bidra til at dei ulike anlegga vart handsama tilnærma likt når det gjeld fordelinga av den totale tilskotsramma. Å gå inn i dei einskilde laga sine rekneskap for å finne denne informasjonen er ikkje tilstrekkeleg. Erfaring frå den administrative og politiske handsaminga i perioden 2012-2014 er at registreringsskjemaet fyller den funksjonen ein ønskjer å oppnå. Registreringsskjema for 2015 vart sendt ut til dei fem laga i slutten av juni med returfrist 01.10. Innan fristen har kommunen motteke svar frå alle. Vurdering: Utval for Levekår og Kultur si rolle er å vurdere ei tilnærma rettmessig fordeling av det samla budsjetterte tilskotet, på bakgrunn av laga sin innsendte informasjon om økonomi og bruksmønster for 2014. Kommunale avgifter til vatn, renovasjon, avløp, feiing er kompensert for tidlegare. Bergtun Klubbhuset Fossehalli Rødekorshuset Energi 41.998 31.749 30.300 28.327 Forsikring 27.276 31.542 16.500 12.375 Andre faste utg. 23.614 23.836 9.300 *30.000 Vedlikehald 6.887 12.933 13.000 0 Dr. utg. brto 99.775 100.060 69.100 70.702 Inntekter (utleige) 57.406 **3.600 **0 26.849 Netto dr.utgifter 42.369 96.460 69.100 43.853 Prosentvis andel av totalt 18 % 38 % 25 % 19 % samla nto. driftsutg. Komm.tilskot 2012 (130.000) 45.500 65.000 19.500 50.000 Komm tilskot i 2013 42.000 67.500 24.000 16.500 (150.000) Komm tilskot i 2014 32.000 59.200 33.600 35.200 (160.000) Evt. kommunalt tilskot 2015 (tilråding 150.000) 27.000 57.000 37.500 28.500 *Hjartdal Røde Kors oppgjev totalt 82.472 på denne posten, der beløpet er definera som inventar, rekvisita, reinhald, reparasjon, brøyting. Det er uklart om delar av beløpet kan definerast som driftsutgifter til bygget, slik at rådmannen estimerar med ei romsleg vurdering utgifter knytt til byggets sin generelle funksjonalitet til 30.000. Spørsmålet må eventuelt avklarast nærare. ** Bruk av Klubbhuset er stort sett lag/org frå kommunen, som er gratis. Fossehalli har ikkje hatt utleige i -14 pga arbeid med nytt golv.

Ut frå den informasjonen kommunen har bede om, har dei fire anlegga ein samla netto driftsutgift for 2014 på kr 251.782. Med det same grunnlaget er det rekna ut prosentvis fordeling av netto driftsutgifter for kvart av dei fire anlegga, på lik måte som tidlegare år. Rådmannen tilrår at dette vert nytta som grunnlag for fordeling av driftstilskot for 2015. Eventuell total utbetaling til drift av Fossehalli, Røde Kors-huset, Klubbhuset og Bergtun blir etter tilråding kr 150.000. Eventuell restsum til disposisjon for 2015 inkludert attendeført løyving i sak 23/15: Kr 22.675. Om nemnte løyving blir overført til 2016 er disponibelt beløp 12.675. RÅDMANNEN TILRÅR: Det utbetalast frå konto 14700.210.3850 totalt kr 150.000 i driftstilskot til forsamlingshus etter slik fordeling: Hjartdal IL, Bergtun: 27.000 Sauland IL, Klubbhuset: 57.000 UL Fram, Fossehalli: 37.500 Hjartdal Røde Kors Hjelpekorps: 28.500

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 20.10.2015 031/15 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223, K2-C35 Arkivnr.: 15/1408 SØKNAD OM TILSKOT TIL JULEKONSERT Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 30.09.2015 Hjartdal Musikkorps SØKNAD OM TILSKOT TIL JULEKONSERT Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Kommunen har motteke søknad frå Hjartdal Musikkorps om tilskot på kr 6.000 til julekonsert, for å kunne leige med to profesjonelle utøvarar i tillegg til mange frivillige amatørmusikarar og songerar. Julekonserten er planlagt til 25. november i Sauland kyrkje, og dette er tredje gongen for dette arrangementet i denne formen. Aktørar i konserten er i tillegg til korpset elevar i kulturskulen, Hjartdalskoret og andre lokale einskildaktørar. Det er planlagt billettsal, men barn og elevar i kulturskulen kjem gratis inn. Arrangøren ønskjer i tillegg å engasjere Kjetil Flatland og Helge Flatland, som er profesjonelle i faget. Det omsøkte tilskotet er tenkt brukt til å dekke reiseutgifter og honorar til desse. Vurdering: Julekonserten er ein fin tradisjon mange ønskjer å halde på, og rådmannen meiner generelt det er rett bruk av offentlege midlar å gje støtte til slike tiltak. I den konkrete samanhengen med søknaden styrkar det arrangementet at profesjonelle krefter med tilknytning til kommunen samarbeider med våre eigne amatørar. Disponible midlar på aktuell konto er pr dd kr 12.675, alternativt 22.675 - avhengig av utvalet si avgjerd i anna sak vedrørande tilskot til fotoutstilling. Rådmannen ser ingen motførestellingar i høve til å imøtekome søknaden.

RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad frå Hjartdal Musikkorps om kr 6.000 til julekonsert 25.11.2015 imøtekomast. Konto 14700.210.3850 nyttast.

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 20.10.2015 032/15 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223, K2- Arkivnr.: 15/632 INFORMASJON FRÅ ANN - ELIN WANG - VEDRØRANDE FOTOUTSTILLING Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 04.05.2015 Ann-Elin Wang SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2015 3 U 28.05.2015 Ann-Elin Wang SVAR PÅ SØKNAD - ANN-ELIN WANG - MIDLAR TIL FOTOUTSTILLING 4 I 28.05.2015 Sakshandsamar RETUR AV SJEKKLISTE ETTER UTVALSVEDTAK SAK 15/632 5 I 09.09.2015 Ann-Elin Wang VEDR. FOTOUTSTILLING - UTSETTELSE Vedlagde dokument: Dokument nr.5 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Anne-Elin Wang søkte våren 2015 om tilskot til fotoutstilling på Elvestien. Søknaden vart behandla i møte 19.05.15 i sak 23/15, og vart delvis imøtekomen med kr 10.000. I brev av 09.09.15 opplyser søkjar at ho ikkje har vore i stand til å gjennomføre utstillinga av helsemessige årsaker. Tilskotet skulle utbetalast etter gjennomført utstilling, og er difor unytta. I nemnte brev søkjast det om at tilskotet kan overførast slik at utstillinga kan realiserast i 2016. Vurdering: Det er mogleg å overføre midlane om utvalet ønskjer det. Fordelen ved ei slik løysing er at ein ikkje legg eventuelle føringar for neste års bruk av disponible midlar. Bakdelen er at ein tappar budsjett for 2015 for midlar utan at det kjem publikum til gode, dette kan likevel gjerast i 2016.

Rådmannen kjenner ikkje til at det er planlagt tiltak som gjer at midlane eventuelt kan nyttast til andre gode føremål i 2015. På bakgrunn av dette vil rådmannen tilrå at tilskotet overførast til eventuell bruk i 2016. RÅDMANNEN TILRÅR: Løyvd tilskot på kr 10.000 jfr. LOK-sak 23/15 oppretthaldast og kan overførast til søkjaren i 2016 dersom tiltaket gjennomførast.

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 20.10.2015 033/15 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-C03, K1-233 Arkivnr.: 15/1428 SØKNAD OM STØTTE TIL KULTURARRANGEMENT - TELEMARKSKVELD 30102015 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 07.10.2015 Hjartdal Mållag SØKNAD OM STØTTE TIL KULTURARRANGEMENT Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Hjartdal Mållag v. Olav Tho søkjer på vegne av Mållaget og Hjartdalskoret om tilskot på kr 4.000 til kulturarrangement på menighetshuset i Sauland fredag 30.10.2015. Tittel på arrangementet oppgjevast å vere Telemarkskveld, og av innhaldet er foredrag ved Olav Solberg og musikkinnslag ved Hjartdalskoret m.fl. Stipulerte utgifter ved arrangementet er oppgjeve til ca kr 5.000, og det reknast med noko inntekt på loddsal. Vurdering: Arrangementet føyar seg inn i ein tradisjon som Hjartdalskoret har etablert, ved årleg kulturarrangement på hausten, der innhaldet er ein kombinasjon av litterære eller lokalhistoriske innslag og musikk/song. Arrangementa har gått føre seg etter denne oppskrifta i mange år, og samlar vanlegvis full sal på Menighetshuset. I søknaden opplysast det om at båe laga har små inntekter, slik at arrangementet - trass i beskjedne beløp - er eit økonomisk løft med ein viss risiko. Avhengig av eventuelle vedtak i andre saker til handsaming i utvalet er det til disposisjon ca kr 6.000 på aktuell konto.

RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad frå Hjartdal Mållag og Hjartdalskoret om kr 4.000 til kulturarrangement 30.10.2015 imøtekomast. Konto 14700.210.3850 nyttast.

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 20.10.2015 034/15 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223, K2- Arkivnr.: 15/634 SAULAND MENIGHETSHUS - SØKNAD OM ØKONOMISK STØNAD Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 05.05.2015 Sauland Menighetshus SØKNAD OM ØKONOMISK STØNAD TIL REPARASJON v/torstein Svalestuen 2 U 11.05.2015 Sauland Menighetshus v. Torstein Svalestuen 3 I 19.05.2015 Styret i Sauland Menighetshus v/t. Svalestuen 4 I 20.05.2015 Sauland Menighetshus v/t. Svalesturen VEDR. SAULAND MENIGHETSHUS - SØKNAD OM ØKONOMISK STØNAD SAULAND MENIGHETSHUS - SØKNAD OM ØKONOMISK STØNAD SØKNAD OM KOMPENSASJON AV MVA DELEN KOMMUNALE AVGIFTER FOR SAULAND MENIGHETSHUS Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Styret i Sauland menighetshus v. Torstein Svalestuen søkjer i brev av 04.05.2015 Hjartdal kommune om kr 15.000 eller deler av beløpet i tilskot til dekning av utgifter i samband med skader som følgje av lekkasje på vassledningen vinteren -15.

Søknaden inneheld ikkje oversyn over Sauland Menighetshus sin økonomiske tilstand, men i søknaden opplysast det om at inntekter til huset kjem via årleg basar, litt utleige og ein ofring årleg i kyrkja. Vurdering: Sauland Menighetshus dekkjer eit behov for forsamlingslokale i bygda, og er mykje brukt til ulike slags arrangement, utover kyrkjelyden sin eigen bruk. Rådmannen har forståing for søknaden, og ville ha tilrådd ei løyving til føremålet dersom det var ressursar tilgjengelege. Slik situasjonen er nå, vil budsjettposten som utvalet har rådvelde over vere oppbrukt etter planlagt møte 19.05.15, med unnatak av avsett beløp som er øyremerka tilskot til drift av forsamlingshus. Dette tilskotet vil ikkje bli fordelt før hausten -15, og har prioritert lokala Bergtun, Klubbhuset, Fossehalli og huset til Hjartdal Røde Kors. Dersom Utval for levekår og kultur har ønskje om det, kan Sauland Menighetshus takast med i ordninga for 2015 på bakgrunn av ekstraordinære utgifter. Ein føresetnad for dette er at styret for Sauland Menighetshus oversender kommunen oversyn over sin økonomi - dvs. eigenkapital på konto eller i kasse, forventa driftsutgifter for huset i 2015 samt forventa inntekter til denne drifta. Rådmannen vil tilrå at saka utsetjast til nemnde informasjon er tilgjengeleg for kommunen RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad frå Sauland Menighetshus v. Torstein Svalestuen utsetjast i påvente av informasjon om dei økonomiske tilhøva for Sauland Menighetshus. NYE OPPLYSNINGAR I SAKA Saksutgreiing: Sauland Menighetshus har oversendt informasjon som bidreg til saksopplysning slik kommunen har bede om, med unntak av forventa leigeinntekter for 2015. For 2014 utgjorde dette kr 7.200, og ein har forståing for at inntektsnivået er vanskeleg å fastsetje. Rekneskap for 2014 syner eit brutto driftsresultat for huset på kr 11.702. Med tillegg av renteinntekter på eigenkapital er nettoresultatet kr 20.440. Eigenkapitalen er kr 366.683,75. Styret for Menighetshuset opplyser i tilsendt informasjon også om at huset står føre ei større bygningsmessig oppgradering grunna i krav om universell utforming av inngang og toalett. I tillegg er det behov for å fornye golvet i salen. Styret ser difor på uførutsette kostnader som nemnte vasslekkasje som uvelkomne utsetjingar av nødvendige tiltak. I saka søkjer også styret for Sauland Menighetshus om at mva-andelen av kommunale avgifter vert kompensert. Vurdering: Som nemnt i opprinneleg vurdering ville rådmannen på generelt grunnlag ha gått inn for å sjå positivt på søknaden dersom det var tilgjengelege ressursar. På bakgrunn av andre saker til handsaming i utval for Levekår og kultur ser ein at tilgjengelege midlar for 2015 vil bli disponert, dersom rådmannen sine tilrådingar følgjast. Om utvalet ønskjer det, kan eventuelt

tilskotsmidlar til forsamlingshus omdisponerast for å gje rom for å imøtekome søknad frå styret i Sauland Menighetshus heilt eller delvis. Det kan opplysast om at kompensasjon for kommunale gebyr og avgifter er medrekna meirverdiavgift, dette med bakgrunn i at få eller ingen av søkjarane innfrir Lotteritilsynet sine rekneskapsmessige krav.(lok 016/15, møte 19.05.15) Rådmannen ønskjer frå sin ståstad å peike på at Menighetshuset synast ha eit markert betre økonomisk driftsgrunnlag og ein større eigenkapital enn dei øvrige forsamlingshusa. Ingen av forsamlingshusa i ordninga får jfr rådmannen si tilråding dekning av sine totale diftsutgifter. Det vil ut frå dette kunne opplevast som svært urettferdig om kommunen i større grad skulle tilgodesjå Menighetshuset. Rådmannen vil ut frå dette tilrå at søknaden ikkje imøtekomast. RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad frå styret i Sauland Menighetshus om tilskot på inntil kr 15.000 til dekning av eigenandel i samband med vasslekkasje imøtekomast ikkje.

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 20.10.2015 035/15 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/1465 VAL AV REPRESENTANTAR TIL SAMARBEIDSUTVAL OG SKULEMILJØUTVAL FOR PERIODEN 2015-2019 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Lov om Barnehagar 4 og 5 Opplæringslova 11-1 og 11-1a Saksgang: Utval for Levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Heimel for oppnemning av kommunale representantar er å finne i lovverka som regulerar dette for hhv barnehage- og grunnskulesektoren. Det skal oppnemnast ein representant for kvar av desse einingane. For kommunal barnehage og grunnskule kan kommunen avgjere om at det skal vere felles utval for barnehage og grunnskule. For oppvekstsentra i Hjartdal og Tuddal er det i alle høve naturleg å sjå det slik, i Sauland er det naturleg med kvar sine. I forrige valperiode vart det valt tre kommunale representantar frå utvalet, ein til kvar bygd. Til Samarbeidsutval (SU) i barnehage og skule og Skulemiljøutval (SMU) ved skulane kan same kommunalt oppnemnde representant fylle båe funksjonane. Ein siterar frå lovteksten: Barnehagelova: 4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg. Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette. Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver

gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene. Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget. 5.Felles samarbeidsutvalg for barnehage og skole Kommunen kan bestemme at det skal være felles samarbeidsutvalg for kommunal barnehage og grunnskole. Der begge parter ønsker det, kan det etableres tilsvarende ordning for privat barnehage og kommunal eller privat skole. Samarbeidsutvalget settes også i slike tilfeller sammen etter 4 tredje ledd, men slik at foreldre/foresatte og ansatte fra både barnehagen og skolen skal være representert, jf. lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) 11-1 fjerde ledd. Opplæringslova: 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen. Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter 11 og 20 nr. 4 i kommunelova. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg. Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer. 0 Endra med lov 16 apr 1999 nr. 18 (ikr. 1 juli 1999, etter res. 16 apr 1999 nr. 388).

11-1a.Skolemiljøutval ved grunnskolar Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande. Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a. 0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660). Vurdering: Administrasjonen tilrår ikkje i denne saka. Kommunalt oppnemnde medlemmer til Samarbeidsutval og Skulemiljøutval veljast i møtet. Avgjerd om samanslåing av SU i barnehage og skule gjerast administrativt i den aktuelle eininga. Det veljast vararepresentantar. RÅDMANNEN TILRÅR: Utval for Levekår og kultur veljer følgjande representantar til Samarbeidsutvala og Skulemiljøutvala for valperioden 2015-2019: Hjartdal Oppvekstsenter... Vara:. Sauland Barnehage... Vara:. Sauland Skule... Vara:. Tuddal Oppvekstsenter... Vara:.