RAULAND ØVRE NIGARD 3684 RAULAND TEKNISK TILSTANDSVURDERING NIVÅ 1
Innhald: 1. Innleiing og eigedomsdata 2. Konklusjon 3. Tilstandsanalyse 4. Bildedokumentasjon Side 2 av 17
1. Innleiing 1.1 Generelt TDV har på oppdrag frå Næringskontoret gjort ei teknisk tilstandsvurdering registreringsnivå 1 av våningshuset på Rauland Øvre Nigard. Huset er eit laft oppført ca 1820 med eit påbygg frå 1954. Huset er eitt av fleire hus i tunet, der to av bygga, eit loft og eit bur, er freda. Huset er delvis over to plan og innheld gang, stoge, kjøken, soverom og klosett/bad. Det er ikkje kjellar i bustaden. 1.2 Definisjonar Vurderinga er hovedsakleg basera på registreringsnivå 1, i hht NS3424. Dette er ei tilstandsregsitrering av generall art som inneheld visuelle observasjonar, om naudsynt med enkle målingar. Alle utvendige observasjonar er gjort på bakkenivå. Bygningsdelane er satt opp etter NS 3451 Bygningsdelstabellen. Tilstandsgrad TG: Uttrykk for i kva tilstand eit objekt har i forhold til eit definera referansenivå. Tilstandsgrad 0 ingen symptom Tilstandsgrad 1 lita skade/ svake symptom Tilstandsgrad 2 Middels skade/ middels kraftige symptom Tilstandsgrad 3 Stor skade/kraftige symptom Side 3 av 17
Befaring: Dato: Personar til stades: 05.06.2015 Knut Ekre eigar Thor Christiansen næringskontoret, landbruksrådgjevar Geir Haugan tekn. drift og vedlikehald, byggteknisk rådgjevar Eigedomsdata: Heimelshavar Knut Reinert Ekre, Førlijordet 7, 3620 Flesberg Vegadresse Totakvegen 585 Postnr/stad 3684 Rauland Type bygg Våningshus, gardsbruk Gnr 136 Bnr 7 Kommune Vinje Evt merknad Bruksnavn: Rauland Øvre Nigard 2. Konklusjon Bygget ber preg av setningar i grunnen på baksida mot nord, dårleg arrondering rundt huset med trekledning ståande ned i jordbakken, dårleg isolering, manglande vedlikehald og innvendige store soppskader. Dette siste har øydelagd gulvbjelkar, gulv og veggar i huset, samt at soppen kan ha breidd seg vidare. Dette ser ein spesielt på soverom og kjøken i 1.etg. Eigar vart difor råda til å få spesialfirma til å undersøkje kva for type sopp som har angripe bygningen, omfanget og om det i det heile teke let seg gjere å fjerne denne, eller om det er så alvorleg at huset må rivast. Saman med soppangrepet har bygget ein slik tilstand at ein ikkje kan bu i dette. Det er store behov for opprusting for å få det opp på ein god standard, og det er difor underteikna si vurdering at ei utbetring ikkje er lønsam. Og skulle analysen av soppangrepet vise enda meir omfattande angrep en det som i dag er påvisa, så er det ingen tvil om at riving er det einaste alternativet. Stad, dato Åmot 22.juli 2015 Geir Haugan Byggteknisk rådgjevar Side 4 av 17
3. Tilstandsvurdering Generelt om Beskrivelse bygningen 2 BYGNING Våningshus 21 Grunn og fundamenter 216 Direkte fundamentering Ringmurane er ei blanding av synleg naturstein på eldste delen og pussa mur på nyaste delen. Murane er satt på ei blanding av fjell og jordterreng. 217 Drenering Ein antek at det ikkje er drenera rundt bygget som står i ein skråbakke. 22 Bæresystem Gammal del er laftebygg med synlege bjelkar i etasjeskilla. Ny del er bindingsverk tilnærma 48x98mm, og bjelkelag. 23 Ytterveggar 231 Bærande ytterveggar Ytterveggar i gammal del er laft, kledd utvendig med tømmermannskledning og innvendig med trepanel. Ytterveggar i ny del antas å vera tilnærma 48x98mm stenderverk, kledd ute og inne som laftet. 234 Vindauger og dørar Ytterdørar Vindaugene er gamle, kobla, småruta trevindauger. 24 Innerveggar Delvis laft, og delvis bindingsverk. Kledd med panel og treplater. 25 Dekker 251 Gulv i 2.etg Bordgulv på kraftige bjelkar. 252 Gulv i 1.etg Gamalt trebjelkelag, med isolasjon og tregulv. Bæring lagt på stein og mur, med jord under. Tilstand Ein del setningsskader som er synlege på utvendig side. Og inne der gulvet er fjerna. Spesielt stor setningsskade på rom i 2.etg, som skuldast grunnmuren. TG3 Delar av ytterveggane står ned i jordbakken, og det er behov for å fjerne all denne jorda. RG3 Dette er kurante løysingar, men ukjent om dei er i orden, då dei er kledd inn. Mogleg at delar må skifta pga soppskader. TG2 Utvendig byrjar kledninga å bli sliten og det er behov for måling, I tillegg er mykje panel øydelagd av di den står i jordbakken. På grunn av lekkasje frå pipe/tak er det og naudsynt å fjerne skada kledning, spesielt inne i 2.etg. TG3 Desse ber preg av å vera gamle og har behov for utskifting. TG3 Desse er også gamle og har behov for utskifting. TG2 Stort behov for oppgradering. TG2 Ber preg av å vera gamle, men synes ikkje å vera skada så sant ikkje soppen har breidd seg opp i dette bjelkelaget. Ingen isolasjon i dette sjiktet. Fleire delar er øydelag pga soppskader, og det er uvisst om dette kan ha breidd seg i større delar av huset. TG3 Side 5 av 17
Generelt om Beskrivelse Tilstand bygningen 26 Yttertak 261 Bærekonstruksjon Isolering av taket er dårleg eller fråverande, og det er naudsynt med oppgradering av dette. TG3 262 Taktekking Stålplater Taket byrjar å bli gamalt, og lekkasje frå tak rundt pipa, observera i 2.etg, kan tyde på at også delar av undertaket er dårleg. Uansett må det ny papp og tekking. Takrenner og nedløp er utgått på dato og treng utskifting. TG3 266 Himling og innvendig overflate 27 Fast inventar 271 Murte piper og ildstader Himling i 2.etg er bordtak som er måla. Gamal pussa steinpipe, med peis og ovnar Bordtaket innvendig i 2.etg er fleire stader i dårleg tilstand og bør skiftas. TG2 Lekkasje frå tak rundt pipe i 2.etg., elles er pipa måla. Ut frå alder er det sannsynleg at det er behov for rehabilitering. 273 Kjøkeninnreiing Innreiing av furu, måla Gamal innreiing, som pga av soppskade i gulv må rivast. Kan moglegvis nytte delar av denne, men er utgått på dato. TG2 28 Trapper, balkongar mm 281 Innvendig trapp Gamal tretrapp mellom etasjane. 282 Utvendig trapp Betongtrapp, støypt Heilt grei. Trappa er i området med soppangrep og kan måtte rivast for å kome til alle stadene med sopp.tg3 3 VVS-installasjoner 31 Sanitær Toalett, servant Ingen synlege skader. TG1 pga alder 311 Bunnledningar Ikkje inspisera 312 Ledningsnett for sanitær Ikkje inspisera 4 Elkraft El-anlegg er ikkje vurdera då dette må gjerast av fagpersonell. Visuell observasjon viser gamalt anlegg, som treng utskifting. TG3 7 Utendørs, generelt Terreng rundt huset Då jordbakken ligg oppå kledningen fleire stader, samt at terreng på bakveggen hellar inn mot huset, er det naudsynt å grave opp og leie vatn vekk frå huset. TG3 Side 6 av 17
4. Bildedokumentasjon Side 7 av 17
Side 8 av 17
Side 9 av 17
Side 10 av 17
Side 11 av 17
Side 12 av 17
Side 13 av 17
Side 14 av 17
Side 15 av 17
Side 16 av 17
Side 17 av 17