Sjumilssteget til beste for barn og unge Folkehelse helse i alt vi gjer Sjumilsstegkonferansen 2014 «Samordna løft for folkehelse, psykisk helse og medverknad for barn og unge» Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til Sjumilsstegkonferanse 11. 12. mars 2014 Hotel Alexandra
Sjumilsstegkonferansen og Folkehelsedagane 2014 er slått saman til ein konferanse, og er eit felles arrangement mellom Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sjumilssteget er ei brei satsing på barn og unge sin oppvekst. Målsetjinga for prosjektet er å sikre at FNs barnekonvensjon blir brukt til å planlegge og kvalitetssikre tenester for barn og unge i kommunane. Det er ei målsetjing at barnekonvensjon skal vere det berande regelverket for planlegging, analyse og igangsetjing av naudsynte tiltak for barn og unge i kommunane. Gjennom prosjektet ønskjer vi å sikre betre ivaretaking av barn og unge sine utviklings-, lærings- og omsorgsbehov. Målet er å sikre betre planlegging og koordinering av tenester på tvers av fag, etatar, nivå, og mellom offentlege og frivillige organisasjonar. Dei fem overordna prinsippa i folkehelselova og folkehelsemeldinga; Utjamning, Helse i alt vi gjer, Berekraftig utvikling, Føre-var-prinsippet og Medverknad finn ein og att i Barnekonvensjonen. Eit samordna løft for folkehelse, psykisk helse og medverknad for barn og unge er hovudtema på konferansen. Det tverrfaglege samarbeidet er avgjerande for at vi skal få til gode tiltak på tvers av ulike faggrupper. Fylkesmannen og fylkeskommunen ønskjer størst mogeleg breidde i deltakinga på konferansen og inviterer fagansvarlege i kommunar, fylkeskommune, politi, BUP, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nav, politikarar, barn, unge og frivillige lag og organisasjonar til deltaking på Sjumilsstegkonferansen 2014. Det er ønskje om at alle kommunane deltek. Fylkesmannen og fylkeskommunen dekkjer difor utgiftene til sjølve konferansen. Deltakarane må betale reise og opphald og gjer sjølve opp med hotellet. Prisar: pris pr. deltakar Deltaking begge dagar overnatting i enkeltrom kr. 1829,- Deltaking begge dagar overnatting i dobbeltrom kr. 1739,- Dagpakke u/middag 11. mars kr. 703,- Dagpakke 12. mars kr. 566,- Middagsbuffè for ikkje- buande 11. mars kr. 515,- Ekstra overnatting i enkeltrom frå 10. mars kr. 920,- Ekstra overnatting i dobbeltrom frå 10. mars kr. 830,- Påmeldingsfrist 17. februar Bindande påmelding her
Sjumilsstegkonferanse tysdag 11. mars Kl 09:30 Kl 10:00 Kl 10:30 Kl 11:15 Kl 11:30 Kl 12:15 Kl 13:00 Kl 14:00 Registrering m/kaffi og rundstykke Opning ved fylkesmann Anne Karin Hamre «En hånd å holde i når det går over alle grenser» Paal Andrè Grinderud Pause «Politikere og administrasjon sammen om folkehelsearbeidet» Ordførar Oppegård kommune, Ildri Eidem Løvaas «Slik styrker vi den psykiske helsa til barn og unge» Assisterande direktør i Najsonalt folkehelseinstitutt Arne Holte Lunsj «Slik styrker vi den psykiske helsa til barn og unge» Arne Holte held fram.. Kl 15:00 «Den viktige og vanskelige meldeplikten» Utdanningsdirektør i Vestfold Kari Evensen Kl 16:15 Pause med noko å bite i Kl 16.30 Kl 17:15 Parallelle fagøkter A og B Sjå eigen omtale Slutt for dagen Kl 20:00 Felles middag
Sjumilsstegkonferanse onsdag 12. mars Kl 08:30 Kl 09:30 Kl 09:45 «Barn og unges medvirkning fra teori til gjennomføring» Seniorrågjevar hjå Barneombodet, Thomas Wrigglesworth Pause «Oppvekst i Sogn og Fjordane» Forskar og fagdirektør i Helse Førde Hans Johan Breidablik «Refleksjonar om trivsel, helse og livsstil hos dagens ungdom i Sogn og Fjordane» Forskar i Helse Førde John Roger Andersen Kl 10:30 Kl 11:00 Kl 11:30 Kl 12:30 Kl 13:45 «Ung i Sogn og Fjordane i dag» Ungdomspolitisk utval, Alice Beate Holm Ungdomsråd, Åsmund Hordvik Elevråd, Lise-May Sæle Pause med noko å bite i Parallelle fagøkter D og C Sjå eigen omtale «Lat ressursane finne kvarandre tenesteutvikling for born og unge» Avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter Trond Fjetland Aarre Avslutning v/ fagkoordinator for folkehelse Emma Bjørnsen Kl 14:00 Lunsj og vel heim
PARALLELLE FAGØKTER A Kl. 16.30 17.15 B Kl. 16.30 17.15 C Kl. 11.30 12.15 D Kl. 11.30 12.15 TYSDAG 11. MARS «Vald og overgrep i nære relasjonar» Linda Åmelfot erpolitioverbetjent og Familievold- og SO koordinator for Sogn og Fjordane politidistrikt «Lat oss snakke saman» Chatrine Elholm, dagleg leiar ved Smiso SF - Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane Vold og overgrep er ein del av mange barn sin kvardag og oppvekst. Barn som blir utsette for vold og overgrep vil kunne pregast av desse erfaringane resten av livet. «Den vanskelege starten på vaksenlivet - barn og unge, psykisk helse og yrkesdeltaking» Knut Steinar Eitungjerdet, rådgjevar NAV fylke «Ny Giv» Kva utfordringar har vi med å få ungdom til å gjennomføre vidaregåande opplæring? Årsaker og tiltak Sissel Espe er tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune og har leia prosjektet Ny Giv ONSDAG 12. MARS «Frivillige organisasjonar som føresetnad for inkludering og deltaking» 30 min Guro Ødegård, forskar ved Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor. Sosial kapital er ein ressurs i form av tillit og nettverk som styrker føresetnadene for kollektiv handling. Frivillige organisasjonar er viktige i utviklinga og styrkinga av sosial kapital. Det omhandlar også organisasjonar som bidreg til å auke sosiale skilnader. «4 H - der dei unge tek styringa» 15 min Fylkesleiar Åge Avedal har jobba i 4H Sogn og Fjordane sidan 2008. Avedal har sterkt engasjement for det frivillige organisasjonslivet og vil at born og unge skal lære ved å gjere. 4H er ein litt utypisk organisasjon der medlemmer i alderen 10-18 år bestemmer, gjennomfører og har alle styreverva. Inn på tunet satsing i Sogn og Fjordane V/Karoline Aldis Bjerkeset jobbar som porsjektleiar for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane «Inn på tunet bedrift med merksemd på barn og unge» «Psykologisk førstehjelp i skulen» Prosjektleiar RKBU Vest, Uni Helse Solrun Samnøy Psykologisk førstehjelp i skulen er eit forskingsprosjekt som Sogn regionråd gjennomfører i samarbeid med Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og HEMIL-senteret, UiB. Ved fire skular i Sogn har alle lærarane fått opplæring i verktøyet Psykologisk førstehjelp. Elevar, lærarar og skuleleiarar har gitt tilbakemelding på erfaringane frå prosjektet gjennom spørjeskjema og gruppeintervju