Åseral kommune KOMMUNEDELPLAN FOR FRILUFTSLIV BORTELID LJOSLAND 2012-2022, ÅSERAL KOMMUNE PLANPROGRAM
1. BAKGRUNN OG FORMÅL MED PLANARBEIDET Kommunedelplanane for Bortelid og Ljosland vart vedtekne i 2007. I desse ligg det inne ei rekke eksisterande og framtidige løyper, i hovudsak skiløyper. Det er nå trong for å utarbeida eigen kommunedelplan for friluftsliv på Bortelid og Ljosland. Bakgrunnen for dette er følgjande tilhøve: Fleire byggeområde var teken ut av kommunedelplanane for Bortelid og Ljosland som følgje av motsegn som vart reist til kommunedelplanane. Ny kommunedelplan for friluftsliv må tilpassast dette. Trong for større fokus på kven/kva hyttefelt løypene skal tena, samt at dei vert plassert i terreng der kostnadane med opparbeiding ikkje vert urealistisk høge. Trong for fokus og på sommarløyper/heilårsløyper, ikkje bare på skiløyper. Fleire av eksisterande og framtidige skiløyper i kommunedelplanane for Bortelid og Ljosland i høgheia og er tidvis svært værutsett. I kommunedelplanen for friluftsliv må det og fokuserast på alternativ nærmare hytteområda. Trong for tilretteleging for alle brukergrupper, inkludert dei med nedsette rørslemoglegheiter. Agder Energi produksjon har store utbyggingsplanar på Ljosland, med ny overføringstunnel til Nåvatn, nytt Ljosland kraftverk og auka regulering av Langevatn. For anlegg knytt til denne utbygginga kan det vera aktuelt med etterbruk knytt til tilrettelegging for friluftsliv, eksempelvis anleggvegar. Mange framtidige skiløyper ligg inne med rekkefølgjekrav i kommunedelplanane for Bortelid og Ljosland. Det er trong for ein gjennomgong av desse slik at dei korresponderar med dagens situasjon. Planarbeidet er og ein oppfølging av tiltak nemnd i forslag til Regionplan for Setesdal Vesthei Ryfylkande, Setesdal Austhei (Heiplanen). 2. INNHALD OG VERKNAD AV PLANEN Planen skal utarbeidast som ein kommunedelplan etter Plan- og bygningslova kapittel 11. Det skal utarbeidast eit plankart med tilhøyrande bestemmingar, samt planbeskriving. Planarbeidet er vurdert etter bestemmingane om konsekvensutgreiing. Ut i frå dette ser ein ikkje trong for å konsekvensutgreie planen. Sentrale tema vil likevel verte nøye omtale og vurdert som ein del av planbeskrivinga, jamfør kap. 4. Kommunedelplanen for friluftsliv skal syne eksisterande og framtidig tilrettelegging for friluftsliv. I dette inngår: Sommarløyper og vinterløyper, evt i kombinasjon. Standard og opparbeidingsgrad må omtalast særskilt. Offentleg tilgjengelege parkeringsplassar knytt til løypenettet Grønstruktur der det vert lagt opp til særskilt tilrettelegging i form av badeplassar, fiskeplassar mv. Kommunedelplanane for Bortelid og Ljosland syner at mykje av framtidig tilrettelegging for friluftsliv skal styrast mot midtheia mellom Bortelid og Ljosland. Det vert halden fast på dette prinsippet i samband med ny kommunedelplan for friluftsliv. 2
Når det gjeld tilrettelegging for friluftsliv vil kommunedelplanen for friluftsliv gjelde føre kommunedelplanane for Bortelid og Ljosland. Rekkefølgjekrav i kommunedelplanen for friluftsliv vil bli knytt opp mot framtidige utbyggingsområde i kommunedelplanane for Bortelid og Ljosland. Det vert lagt opp til at nye trasear vert avklara i planarbeidet slik at desse kan opparbeidast direkte etter kommunedelplanen utan ytterligare plankrav. Dette føreset at opparbeidingsgrad/standard og plassering går klart fram av planen. Der opparbeiding krev terrenginngrep må tiltaket avklarast etter kulturminnelova før det vert gjeven byggeløyve. Kommunedelplanen for friluftsliv vil legge føringar ved seinare revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. 3. PLANAVGRENSING Forslag til planavgrensing går fram av kart vedlegg 1. For å syne samanhengen i løypenettet er det og teken med område som ligg i landskapsvernområde SVR. I dette området er det i første rekke vidareføring, eventuelt omlegging av eksisterande løyper, som er aktuelt. I kommuneplanen for Åseral er landskapsverneområdet SVR lagt ut med LNF-føremål, men med omsynssone bandlegging (bandlagt etter naturvernlova). Ny tilrettelegging her føreset at det ikkje strir mot verneføresegna. Det vert ein felles kommunedelplan friluftsliv for Bortelid og Ljosland. Av praktiske årsaker vert lagt opp til å utarbeida to separate plankart. 4. PLANBESKRIVING Som tidlegar nemnd vil det ikkje bli utarbeida eigen konsekvensutgreiing til kommunedelplanen. I tråd med Plan- og bygningslova 4-2 skal det utarbeidast ei planbeskriving. Sentrale tema og vurderingar i denne vil vera: Biologisk mangfald Omsyn til villrein trong for styring av ferdsel mv. Omsyn til andre trua og sårbare plante- og dyreartar jamfør kjende registreringar Landskap Plassering og utforming av trasear der det er trong for terrenginngrep Universell utforming Verknad for barn og unge sine interesser Beredskap og ulykker Trafikktryggleik Skred Kulturminne Forholdet til kjende kulturminne og kulturmiljø. 3
Ved utarbeiding av planen vurderast følgjande kjelder å vera særlig viktige: Viltkart for Åseral Temakart for viktige naturtypar i Åseral Diverse databasar (DN sin naturdatabase, artsdatabanken og artsobservasjonar) Askeladden (kulturminne) Skrednett (NVE) Villreinenes bruka av Setesdalsheiene. Sluttrapprt frå GPS-merkeprosjektet 2006-2010 (NINA Rapport 694) 5. OVERORDNA FØRINGAR Nasjonale lover, føresegn mv Plan- og bygningslova Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldlova) Lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging (kong.res) Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde, samt tilhøyrande forvaltningsplan. Regionale og kommunal planar Regionplan Agder 2020 Regionplan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, Setesdal Austhei (Heiplanen, under arbeid) Regionplan for Lindesnes Kommuneplanen for Åseral 2011 2020 Komunedelplanane for Bortelid og Ljosland Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2012-2015 4
6. MEDVERKNAD ORGANISERING AV PLANPROSESSEN Medverknad frå utmarkslaga på Bortelid og Ljosland, samt frå velforeiningane i hytteområda vert særs viktig. Turistforeininga har og eit monaleg løypenett i områda og må trekkast med prosessen. Planarbeidet vil bli organisert som følgjer: Kommunestyret Styringsgruppe (kommunalutvalet) Referansegruppe Leiar for Ljosland utmarkslag Leiar for Øvre Åseral heielag Leiar for Bortelid utmarkslag Ein repr. frå velforeiningane Ljosland vest Ein repr. frå velforeiningane Ljosland aust Ein repr. frå Bortelid velforeining og hyttelag Arbeidsgruppe Friluftslivmedarbeidar (Aina Bjørndal) Barn og unge sin repr. (Randi Byremo) Kommuneplanleggjar (Jørn Haug) 5
7. FRAMDRIFT Planarbeidet vil ta om lag eitt år med følgjande framdriftsplan: Handsaming av planprogram i kommunalutvalet Varsel om oppstart av planarbeid høyring av planprogram Kartfesting av eksisterande trasear Møte 1 i arb.gruppa Møte 2 i arb.gruppa 1. gongs handsaming i kommunalutvalet Offentleg ettersyn Møte 3 i arb. gruppa Revisjon av planen etter off. ettersyn 2. gongs handsaming i kommunalutvalet Vedtak i KOM Feb. Mars April Mai Juni Aug. Sept. Okt. Nov. Des. Jan. For referansegruppa vert det sett opp eigen møteplan etter nærmare avklaring med deltakarane i denne. 6