Tertialrapport 1. tertial 2013 for Balestrand kommune
1. Innleiing Det skal leggjast fram rapport om rekneskapen i høve til budsjett og om den kommunale verksemda etter 1. og 2. tertial i budsjettåret. I samband med tertialrapporten skal ein vurdera trongen for budsjettendringar. Det vert då i hovudsak lagt vekt på budsjettendringar som ligg utanfor det mynde og det høvet administrasjonen og utvala har til å omdisponera innanfor dei ulike budsjettansvarsområda Rapporten vil vere konsentrert om dei viktigaste avvika og tiltaka. Alle tal med negativt forteikn inneber inntekt/innsparing, medan alle tal med positivt forteikn representerer utgift/meirforbruk. 2. Drift vurdering i høve til dei einskilde budsjettområda 100 POLITISKE ORGAN OG KONTROLLORGAN Det er usikkert om budsjettposten for tapt arbeidsinntekt er stor nok. Ein vel likevel ikkje å gjera framlegg til budsjettendring no då dette kan jamne seg ut på andre postar.. 120 RÅDMANN/FELLESTENESTER Ved handsaming av budsjett 2013 i kommunestyret, vart det fatta vedtak om innsparing i «administrasjon på Rådhuset» med kr 200. Rådmann har gjort vurdering av moglege tiltak. Slik situasjonen er i dag, ser ikkje rådmannen moglegheit til ein slik reduksjon utan at det vil medføra at lovpålagde oppgåver ikkje vil bli gjennomført innan pålagde fristar og utan at den interne kontrollen vil bli vesentleg svekka til eit uforsvarleg nivå. Bedriftshelsetenesta har gjennomført kartlegging av det fysiske arbeidsmiljøet ved Servicekontoret. For å førebygge slitasje og vidare sjukemeldingar, er det her naudsynt å investera i nye kontorbord og stolar, estimert kostnad kr 35.000. Dette gjeld generelt ved fleire kontor der kontorbord og stolar er svært slitne. Det er og trong for ein del nye gardiner. Rådmann ser det difor som naudsynt at det blir gitt ei løyving på totalt kr 100.000 til innkjøp av nytt innbu for å betra og førebygga slitasje og betra det fysiske arbeidsmiljøet på rådhuset. Forventa meirutgift kr 300.000 122 NÆRINGSKONTORET..
190 TILLEGGSLØYVINGAR OG NYE LØYVINGAR Opphavleg budsjett for 2013 var på kr 3.300. Budsjettposten skal nyttast til å dekka kostand med lønsoppgjer rekna til ein årslønsvekst på 4,0 %, samt kostander med to lærlingar rekna til kr 200. Det er i 1. tertial gjennomført budsjettendring for å dekka opp for heilårsverknaden av lokalt lønsoppgjer haust 2012 med ca kr 1.300. Vidare er ein no kjend med resultatet for sentralt lønsoppgjer med virkedato per 1.05.2013. Dette vil medføra ein kostand på om lag kr 450. Grunnen til dette er at overheng frå 2012 delvis var teke høgde for ved budsjettering 2013 på dei einskilde einingane. Det må då stå at ramme til å dekka kostander med lokale forhandlingar etter HTA kap. 5, kap. 3.4.1, lønsjusteringar til politikarar og lærlingar. Kommunen har gitt tilbod til dei tilsette om å delta i studie i personalpsykologi og filosofi og leiing i regi av folkeuniversitetet. Dette er eit tilbod som er gitt til bl.a. kommunane i Sogn og undervisninga vi bli gitt i Balestrand. Kommunen har teke i mot tilsagn om OU-midlar frå KS til å dekka stordelen av kostandene. Kommunal eigendel er rekna til kr 160. Tek ein omsyn til momenta over, vil det her ville vera unytta midlar på kr -800.000. 200 OPPVEKSTKONTORET På dette ansvaret blir utgifter knytt til drift av kommunalsjef oppvekst og kultur samt vaksenopplæring og Kringsjå leirskule bokført.. 210 SAGATUN SKULE Budsjettramma til Sagatun skule er redusert med ca. 1,3 mill kr frå 2012. Reduksjonen er fordelt mellom skule og SFO med høvesvis kr 1.040 og kr 260. Sagatun skule har planlagt å gjennomføra det meste av innsparinga ved å redusera rammetimetalet frå 1.08.13. Konsekvensen vil bli ein reduksjon på vel 50 undervisningstimar eller 2,3 årsverk. Det er i året påkome ekstra kostander som det ikkje er teke høgd for; Dette er ekstratiltak etter skulelova som vil medføra meir vikarbruk utover budsjett på kr 40. Ikkje budsjetterte lisensutgifter og serviceavtalar knytt til IKT-fagprogram (FEIDE. SATS og serverleige), totalt kr 108. I samband med flytting av SFO har det vore naudsynt å kjøpa inn nytt skåp/innbu til kr 10. Det låg inne i budsjettføresetnadene kutt i leirskuleopphald. Grunna bindande avtale vil den kostanden likevel koma, kostnad kr 20. Ein vurder at noko av dei pårekna meirkostnadene vil kunne dekkast av unytta midlar frå fond Sagatun skule. Forventa meirutgift kr 118.000
211 FJORDTUN OPPVEKSTSENTER Budsjettramma til Fjordtun oppvekstsenter er redusert med vel kr 61 frå 2012.. 212 NESSE OPPVEKSTSENTER Budsjettramma til Nesse oppvekstsenter er redusert med vel kr 70 frå 2012. Det kan sjå ut til at det blir vanskeleg å halde seg innan budsjettramma som følgje av: Auka kostand ny datalinje kr 21 Ekstra kostand bedriftshelseteneste til ergonomikurs og ergonomikartlegging, støykurs og førstehjelpskurs, totalt ca kr 16. Forventa meirforbruk kr 40.000 220 SAGATUN BARNEHAGE Budsjettramma til Sagatun barnehage er redusert med vel kr 90 frå 2012. Det er svært usikkert om budsjettet til ansvar 220 vil halde. Dette på grunn av blant anna mykje fråvær og dertil innleie av vikarar, dette sett opp mot kva ein får refundert i sjukeløn. Ein vil ha ein betre oversyn over dette ved 2. tertial. 230 PPT-KONTORET. 250 KULTURSKULEN 260 BIBLIOTEKET Det må kjøpast inn 2 nye hyller då desse er knekt saman. Forventa meirforbruk kr 10.000 262 KULTUR 270 LEGE
271 HELSESTASJON Det er innleia samtale med Høyanger kommune om kjøp av jordmortenester. Kva ein slik avtale eventuelt vi koste er ikkje avklara per no, men ein bør no ta høgde for ein estimert kostand. Forventa meirforbruk kr 50.000 272 FYSIOTERAPEUT 275 PLEIE OG OMSORG Som ein konsekvens av samhandlingsreformen, skal kommunen betale til Helse Førde for «Medfinansiering av somatiske tenester». Estimert kostand i 2013 frå departementet viser ein kostnad på 1.452, kr 102 over budsjett og kostnad i 2012. I tillegg er kommunalt samarbeidsprosjekt om samhandlingsreformen og miljøretta helsevern vidareført i 2013, kostnad kr 90.000. Forventa meirforbruk kr 190.000 276 og 278 OMSORG OG HEIMETENESTE/REHABILITERING Ansvarsområda omfattar helsetunet, heimetenestene/rehabilitering og psykiatri. Budsjettet til desse tenestene fekk redusert budsjett frå 2012 med om lag kr 2.700 til totalt kr 25.025. Ein god del av innsparinga er tatt med verknad frå februar månad. Det er under arbeid ny turnus med verknad frå juli/august med ytterligare reduksjon og tilpassa drift. Stort korttidssjukefråvær i starten av året har likevel medført svært høge kostander til innleie av vikarar og bruk av overtid. Budsjettbalansen er difor svært usikker, men ein vel å ikkje føreslå meirforbruk på noverande tidspunkt. 277 SPESIALOMSORG PU Ansvarsområdet har i 2013 ei redusert ramme i høve til 2012 på nær kr 850. Uforutsette problem i høve til utagerande, urolige og sjuke brukarar har medført at ein ikkje har klart å justert utgiftene vesentleg så langt i året. Nytt tiltak og tilbod, der fleire faginstansar er involvert, er under vurdering. Dette vil vera avgjerande for korleis kostandene på dette ansvarsområdet vil bli ut året. Ein estimerer no meirforbruket i høve til budsjettramma til kr 600, men det kan fort bli høgare. Dette må ein koma nærare tilbake til ved 2. tertialrapport. Forventa meirforbruk kr 600.000.
295 BARNEVERN Utgiftene til denne tenesta har hatt ein auke dei siste åra. Det er førespegla at desse utgiftene kan bli redusert med kr 100 i 2013. Dette er eit område som er svært vanskeleg å budsjettera og ein vel å ikkje redusera budsjettramma no.. 296 NAV Det vart etablert incestsenter i Førde i 2012. Kommunen sin ikkje budsjetterte kostand i 2013 er på kr 26.400. Stillinga som flyktningekonsulent er i samsvar med budsjettføresetnadene avslutta i 2013. Andre kostander knytt til tenesta som vertskommune for flykningar ser ut til å bli om lag kr 180 meir en budsjettert. Dette fordelar seg med kr 80 i introduksjonsprogram og kr 100 i auka sosialhjelp. Tiltak knytt til hjelp til funksjonshemma barn viser ein redusert utgift på kr 25. Forventa meirutgift kr 180.000. 300 PLAN OG UTVIKLINGSKONTORET 320 JORDBRUK 330 SKOGBRUK 350 TEKNISK DRIFT Gjennomgang av ansvarsområdet viser svikt i leigeinntekter på kr 160. Forventa meirutgift kr 160.000. 360 BYGGESAK 370 OPPMÅLING
380 BRANNVERN 390 VATN, AVLØP, RENOVASJON 798 MOMSKOMPENSASJON INVESTERINGAR 800 SKATT, RAMMETILSKOT, FINANSIERING Pensjonsutgifter Kommunen har budsjettert med ein nettoutgift på kr 11.611 i pensjonskostander i 2013. Dette stemmer bra med prognose frå KLP av 12. mars og SPK av 15. mai. Det er såleis ikkje venta vesentlege avvik her. Konsesjonskraft Det er ikkje venta vesentlege avvik i høve til budsjett Heimfallsinntekter Kommunen si heimfallskraft vert selt til spotpris. Denne prisen har så langt i 2013 halde seg høgt i høve til 2012 og kommunen har difor i april motteke budsjetter inntekt på 1.100. Spotprisane i 2012 viser likevel at prisane forandrar seg fort og kan bli svært låge. Med tanke på at kommunen ikkje har budsjettert med kostander til pågåande rettssak mot skatteetaten, vel ein no å ikkje føreslå auka inntekt. Skatteinntekter/rammetilskot Summen av skatteinntekt på inntekt og formue og rammetilskot må sjåast i samanheng. KS sin prognosemodell for skatt og rammetilskot til kommunane viser ein svikt i rammeoverføring på kr 640 i høve til budsjett. På den andre sida viser prognose for skatt på inntekt ei meirinntekt på kr 200, totalt estimert mindreinntektet i høve til budsjett kr 440.000. Vertskommunetilskot Tilskot til busette innan vertskommuneordninga viser ei meirinntekt på kr 90.000 i høve til budsjett. Refusjon ressurskrevjande brukarar Kommunen har fleire tunge tiltak der brukarane får tilbod i samsvar med einskildvedtak. Der kostnaden for kvar brukar er over kr 975, korrigert for tilskot mottekne gjennom rammetilskot eller andre særtilskot, får kommunen refundert 80% av meirkostanden. Refusjonskrav blir sendt inn på etterskot. Det vart for 2012 sendt refusjonskrav på kr 3.050 som er kr 750 meir enn budsjettert i 2013.. Det er ikkje venta endring i desse tilboda i 2013.
Forventa meirinntekt kr 750.000 Integreringstilskot til flykningar Kommunen tek imot tilskot for 24 flykningar i 2013. Dette vil tilsvara ei inntekt på kr 2.849, ei meirinntekt på kr 50.000. Renter og avdrag Framskrive rekneskap viser ikkje vesentlege avvik. Interne finanstransaksjonar Det er budsjettert avsett unytta introduksjonstilskot til flykningar med kr 336. Denne avsetnaden vert redusert med kr 130 for å dekka opp forventa meirkostander på ansvar 296 NAV. Bruk av overskot 2012 For å ta høgde for dei moment som er nemnt foran, manglar det kr 268 for å balansera budsjettet. Forventa meirforbruk kr 268.000. Samla vurdering driftsbudsjettet Budsjettet for 2013 er vesentleg redusert i høve til 2012 og det vert arbeidd aktivt for å tilpassa tenestetilbodet til dei nye rammene. Likevel viser samla vurdering no eit meirforbruk på kr 268.000. Rådmannen gjer framlegg om at det blir gjennomført slik budsjettendring ved 1. tertial der meirforbruk på kr 268.000 blir finansiert av unytta overskot 2012. ANSVAR Budsjettavvik 120 RÅDMANN/FELLESTENESTER kr 300 000 190 TILLEGGSLØYVINGAR OG NYE LØYVINGAR kr -800 000 210 SAGATUN SKULE kr 118 000 212 NESSE OPPVEKSTSENTER kr 40 000 260 BIBLIOTEKET kr 10 000 271 HELSESTASJON kr 50 000 275 PLEIE OG OMSORG kr 190 000 277 SPESIALOMSORG PU kr 600 000 296 NAV kr 180 000 350 TEKNISK DRIFT kr 160 000 800 SKATT, RAMMETILSKOT, FINANSIERING - Skatteinntekter /rammetilskot kr 440 000 - Vertskommunetilskot kr -90 000 - Refusjon ressurskrevjande brukarar kr -750 000 - Integreringstilskot flykningar kr -50 000 - Redusert avsetjing til fond, integreringstilskot kr -130 000 - bruk av overskot 2012 kr -268 000 TOTALT kr - + = meirforbruk/mindreinntekt - = mindreforbruk/meirinntekter
3. Investering vurdering i høve til dei einskilde investeringsprosjekt Tabellen under viser budsjetterte prosjekt i 2013. Ein er ikkje kjend med meirkostander utover budsjettramme på dei einskilde prosjekt. Det kan likevel bli forskyving mellom budsjettramme og gjennomføring på det einskilde prosjekt. Investeringsrekneskapen 2012 vart balansert med bruk av ubundne fond utover årsbudsjettet. Nokre av desse prosjekta er rammebudsjettert med budsjett over fleire år. For desse prosjekta må årsbudsjettet for 2013 justerast for meirforbruk / mindreforbruk I 2012. Endringane medfører ikkje endring i det samla utgiftsbehova for dei einskilde prosjekta. INVESTERINGSPROSJEKT 2013 Rekneskap 2013 Buds(end) 2013 Budsjettendring Investeringsutgifter: 100 IKT INVESTERINGAR 75 431 700 000-332 000 199 Fjortun skule - avkøyring - 150 000 201 NESSE SAMBRUKSHUS - 97 000-4 000 213 BYGNINGSMESSIG OPPRUSTNING 24 123-220 HYTTEFELT KVAMSØY - TILKOMST - 25 000 228 BEREDSKAP - AGGREGAT MM 93 844 280 000 301 OMSORGSBUSTADER- SEJETUNET 145 959 900 000 400 KOMMUNAL NÆRINGSVERKSEMD - 3 702 000-38 000 713 OMSORGSBUSTADER BALA - 11 001 000 714 HITTUNSFJØRA 28 465 4 900 000 127 000 800 ANDRE FINANSIERINGSTRANSAKSJONAR 627 500 1 010 000 801 FORMIDLINGSLÅN 517 595 - Finansiering: Avsett til ubunde investeringsfond 332 000 Redusert bruk av ubunde innvesteringsfond 42 000 Auke bruk av lånemidlar -127 000 TOTALT 1 512 916 22 765 000 - Prosjekt 100 IKT-investeringar I rekneskapen 2012 vart det utgiftsført kostand med kjøp av lisensar med kr 332.000 som opphavleg var budsjettert i 2013, redusert budsjettramme i 2013 med tilhøyrande tilbakeføring til fond. Prosjekt 201 Nessane sambrukshus Det var på dette prosjektet ugiftsført kr 4000 i 2012 medan årsbudsjettet var kr 0,-. Redusert investeringsramme i 2013 med tilhøyrande reduksjon i budsjettert bruk av fond. Prosjekt 400 Kommunal næringsverksemd Dette prosjektet gjeld sentrumsutvikling. Bruk av kr 38.000 meir enn budsjettert i 2012 medfører redusert ramme i 2013 med tilhøyrande reduksjon i finansiering frå fond. Prosjekt 714 Hittunsfjøra. Det vart nytta kr 127.000 mindre til investering i 2012 enn budsjettert. Budsjettendring i 2013 auke investeringsramme med tilhøyrande finansiering av lånemidlar.