MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.08.2014 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 17.00 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Ivar Kvalen, Ernst Veum, Marit Aakre Tennø, Jon Ove Lomheim, Morten Vigdal, Anette Stegegjerdet Norberg. Geir Arve Sandvik Britt D Brugrand Rådmann Jarle Skartun, Næringssjef Olav Grov sak 72, 73, 75, 79 og deler av sak 78. Plansjef Arne I Lerum, kommuneplanleggjar Torunn Løne Vinje og planleggjar Inger Handegård i sak 76. Økonomisjef Kjell Sverre Snøtun i sak 77. Medlemene hadde merknad til innkalling og sakliste. *Det er lagt til grunn for omfattande program for møtedagen og med så mykje dokumentasjon til sakene så må sakene leggjast ut tidlegare. Sak 79 vart handsama som tilleggssak i møtet. Saksnr. Tittel 71/14 14/2217 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 72/14 14/1566 Norteck Invest - Hafslo Gjestehus. Søknad om finansiering 73/14 14/2228 Norsk takfornying Sogn og Fjordane. Finansiering. 74/14 13/2108 Årsmelding Ungdommen sitt kommunestyre arbeidsåret 2013-2014. 75/14 14/2155 Luster kommune - eigarskapsmelding 76/14 13/1824 Kommuneplanen sin arealdel 2014-2025 Drøftingsframlegg
77/14 14/1778 Budsjett 2015, økonomiplan 2015-18, planleggingsprogram 2015-18. 78/14 14/2218 Referat- og drøftingssaker 79/14 Søknad om lån i næringsfondet i samband med bruksutbygging Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
71/14 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 18.06.2014 vart godkjent. Underskrifter: Marit Aakre Tennø og Anette Stegegjerdet Norberg. 72/14 Norteck Invest - Hafslo Gjestehus. Søknad om finansiering Norteck Invest AS får eit lån stort kr 180.000 til delfinansiering av oppgradering av Hafslo Gjestehus. Lånet er rente- og avdragsfritt i to år og skal deretter betalast ned over 6 år. 73/14 Norsk takfornying Sogn og Fjordane. Finansiering. Norsk Takfornying Sogn og Fjordane AS får eit lån stort kr 30.000. Lånet vert gjeve med to års rente- og avdragsfri periode og skal deretter betalast ned over 3 år. 74/14 Årsmelding Ungdommen sitt kommunestyre arbeidsåret 2013-2014. Luster kommunestyre tek den framlagde årsmeldinga for Ungdommen sitt kommunestyre i Luster arbeidsåret 2013-2014 til orientering.
75/14 Luster kommune - eigarskapsmelding Formannskapet hadde merknader til ajourført melding på desse punkta; Tabell s.11 bør utfyllast noko meir slik at selskap der ein ikkje har eigen omtale er litt betre dokumentert. Punktet om å unngå «dobbeltrollar» vart understreka slik at det ikkje vert stilt spørsmål ved habilitet m.v. Kommunen sitt engasjement i nokre av selskapa, eksempelvis kraftselskapa med store verdiar, bør aukast. Kommunen må i forkant av deltaking i generalforsamlingane i større grade drøfte korleis ein skal/kan fremje kommunen sine interesser. Formannskapet tek eigarskapsmelding 2014, datert 20.08.14, til orientering. Innspel i drøftinga vert teke med i vidare arbeid. 76/14 Kommuneplanen sin arealdel 2014-2025 Drøftingsframlegg Rådmann v/plan orienterte om prosess og førebels tilråding. Formannskapet drøfta rådmann sine tilrådingar med fokus på dei områda der formannskapet/kommuneplannemnda har andre vurderingar ev anna tilråding. Endeleg tilråding vil ein kome tilbake til når framlegg til høyringsdokument ligg føre. Saka vart lagt fram for drøfting i kommuneplannemnda/formannskapet. Rådmannen tek formannskapet sine merknader med i vidare arbeid for utforming av høyringsdokument. Endeleg framlegg vert lagt fram for formannskapet for utlegging på høyring i møte 17.09. 77/14 Budsjett 2015, økonomiplan 2015-18, planleggingsprogram 2015-18. Rådmann orienterte om status i økonomiarbeidet. Formannskapet stilte spørsmål og kommenterte saka. Det er ikkje aktuelt å utgreie strukturendringar innan oppvekst i dette budsjettarbeidet. Det vert lagt opp til ekstra «budsjettdag» med fokus på tenesteområda 22.10,(ev 05.11) Formannskapet tek budsjettorienteringa til vitande. Budsjettdrøftingane vert vidareført på neste møte.
78/14 Referat- og drøftingssaker Diverse orienteringar: Orientering skrifteleg: Eksternt: Samhandlingsnytt juli. (14/188 dok.8.) referert. SF-revisjon ev fusjon med Indre Hordaland Revisjon. (14/1848.dok1.) referert. Snøscooter informasjon om avvikling av forsøksordning. (13/1624.dok.19) referert. Sogn LMS pr 25.07.14. (12/1505.dok.9.)-referert. Medlemskap i Fjordvegen IS Rute 13. (14/2248) referert, ikkje aktuelt med medlemskap no. Kommunaldepartementet, pressemelding. 16 åringar i Luster får stemmerett. -referert. Internt: Rapport delegerte vedtak. -referert Renovering Rådhuset. referert, ingen merknad. Treningssenter. (14/1950 dok.1.) referert, saka vert drøfta nærare i budsjettarbeidet og i sak om utvikling av Lustrabadet. Orientering i møtet: Ordførar: Ulykka v/nigardsbreen. referert, det vert oppfølging av sikringstiltaka mv etter at sesongen er ferdig. Felles formannskapsmøte 05.09., program og deltaking. referert. Møte m/hydro, status i prosjekta Øyane og Illvatn. referert, det vert synfaring og høyringsrunde med bakgrunn i tilråding frå NVE som no ligg føre. Rådmann: Anbod Ornesferja. referert, det vert arbeidd med tiltak som kan redusere årlege kostnader. Saka vert lagt fram for politisk handsaming. Spelemidlar, tildeling. Ballbane Hafslo og «friluftstiltak» har fått tildeling. Lustrabadet ser ikkje ut til å nå opp med det første, jf prioritering i fylkesplanen. - Næringssaker, ev ikkje off. - Reiselivssesongen. Generelt god trafikk, god omtale av reiselivsbedriftene i Luster, «godt vertskap». - NTP, fleire utviklingsprosjekt vert arbeidd med. - Bluefjord, samling/seminar 04.09 om satsinga. Personal administrative saker, ev ikkje off. - Avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune, tilsette v/luster vidaregåande skule. referert, ingen merknad. - Konflikt mellom Utdanningsforbundet og KS., -referert. - Tilsetjingssak, klage. referert. - Personalsak, klage.-referert.
Drøfting i møtet: Lustrabadet. ikkje drøfta i dette møte. Status i PLO.- ikkje drøfta i dette møte. Nye NAV-lokale i Nesgården 3 ikkje drøfta i dette møte. Eventuelt/innspel i møte: Status og utvikling innan pleie og omsorg, institusjonane. Det vart stilt spørsmål om status og oppfølging av notat omdelt i fsk 18.06. Rådmann svara på spørsmål og viste til den planlagde orienteringa som, av tidsomsyn, måtte utsetjast i dagens møte. Orienteringa vert sett opp igjen på neste møte. Dagsorden for møtedagen; 09.00-11.30 Sakshandsaming 11.30-13.00 Grandmo busenter, orientering, synfaring og lunsj. 13.00-17.00 Drøftingar. Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 79/14 Søknad om lån i næringsfondet i samband med bruksutbygging John Geir Sperle, 6871 Jostedal, får innvilga eit rentefritt lån gjennom næringsfondet på kr 1 882 000,- til bruksutbygging på Sperle gnr. 189, bnr. 4. Lånet skal vera avdragsfritt første to åra og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen.