VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Utvikling v/planseksjonen for kunngjering av plan Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2013/503 5800/2014 2013001 SVK/ US 23.06.2014 MELDING OM POLITISK VEDTAK - PLANID 2013001 DETALJREGULERINGSPLAN SAGEBAKKEN - PLANGODKJENNING Vi melder med dette frå at kommunestyret den 19.06.14, hadde føre ovannemnde som sak 87/14, der det vart gjort slikt vedtak: planomtale-, plankart og føresegner datert 20.05.2014, vert godkjent i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-12, jf 12-11, med fylgjande endringar: 1. Byggegrense mot veg i vest må i plan ha same avstand til fellesveg/gangveg som mot aust min 7 m frå senterline. a)leikeplass f_l1 skal opparbeidast slik at den er eigna for leik og opphald, minimum med sandkasse, benk og noko fast dekke. Leikeplassen skal gjerdast inne der den grensar mot trafikkerte vegar. b) For bygningar innan område merka BK 1 skal gesimshøgd ikkje overstige 6,5m og mønehøgd skal ikkje vere større enn 9,0m. For hus med pulttak og flatt tak skal c) Det må undersøkjast om det kan vere forureina grunn før igangsetting av bygging innanfor planområdet kan ta til. jf TEK10 9-3 og 9-6. Sakutgreiinga følgjer vedlagt. Volda kommune, servicekontoret Unni Strand sekretær Kopi til: Per Mulvik AS Holmen 7 6100 VOLDA Per Heltne Postadresse: postmottak@volda.kommune.no www.volda.kommune.no Stormyra 2 Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6100 Volda 70058886 7005870170058701 939 760 946 3991.07.81727
SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Heltne Arkivsak nr.: 2013/503 Arkivkode: 2013001 Utvalsaksnr Utval Møtedato 103/14 Formannskapet 27.05.2014 87/14 Kommunestyret 19.06.2014 PLANID 2013001 DETALJREGULERINGSPLAN SAGEBAKKEN - PLANGODKJENNING Handsaming i kommunestyret: Røysting: Tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken. Vedtak i Kommunestyret - 19.06.2014 planomtale-, plankart og føresegner datert 20.05.2014, vert godkjent i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-12, jf 12-11, med fylgjande endringar: 1. Byggegrense mot veg i vest må i plan ha same avstand til fellesveg/gangveg som mot aust min 7 m frå senterline. a)leikeplass f_l1 skal opparbeidast slik at den er eigna for leik og opphald, minimum med sandkasse, benk og noko fast dekke. Leikeplassen skal gjerdast inne der den grensar mot trafikkerte vegar. b) For bygningar innan område merka BK 1 skal gesimshøgd ikkje overstige 6,5m og mønehøgd skal ikkje vere større enn 9,0m. For hus med pulttak og flatt tak skal c) Det må undersøkjast om det kan vere forureina grunn før igangsetting av bygging innanfor planområdet kan ta til. jf TEK10 9-3 og 9-6. Vår ref.: 2013/503 Side 2 av 6
Handsaming i formannskapet: Røysting: Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteken. Tilråding frå Formannskapet - 27.05.2014 til kommunestyret: planomtale-, plankart og føresegner datert 20.05.2014, vert godkjent i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-12, jf 12-11, med fylgjande endringar: 1. Byggegrense mot veg i vest må i plan ha same avstand til fellesveg/gangveg som mot aust min 7 m frå senterline. a)leikeplass f_l1 skal opparbeidast slik at den er eigna for leik og opphald, minimum med sandkasse, benk og noko fast dekke. Leikeplassen skal gjerdast inne der den grensar mot trafikkerte vegar. b) For bygningar innan område merka BK 1 skal gesimshøgd ikkje overstige 6,5m og mønehøgd skal ikkje vere større enn 9,0m. For hus med pulttak og flatt tak skal c) Det må undersøkjast om det kan vere forureina grunn før igangsetting av bygging innanfor planområdet kan ta til. jf TEK10 9-3 og 9-6. Administrasjonen si tilråding: planomtale-, plankart og føresegner datert 20.05.2014, vert godkjent i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-12, jf 12-11, med fylgjande endringar: 1. Byggegrense mot veg i vest må i plan ha same avstand til fellesveg/gangveg som mot aust min 7 m frå senterline. a)leikeplass f_l1 skal opparbeidast slik at den er eigna for leik og opphald, minimum med sandkasse, benk og noko fast dekke. Leikeplassen skal gjerdast inne der den grensar mot trafikkerte vegar. b) For bygningar innan område merka BK 1 skal gesimshøgd ikkje overstige 6,5m og mønehøgd skal ikkje vere større enn 9,0m. For hus med pulttak og flatt tak skal c) Det må undersøkjast om det kan vere forureina grunn før igangsetting av bygging innanfor planområdet kan ta til. jf TEK10 9-3 og 9-6. Vedleggsliste: Vår ref.: 2013/503 Side 3 av 6
Formannskapssak 4/14 Volda kommune-planseksjonen E-post 14.04.2014 P.Mulvik as -Brev av 20.05.2014 Planomtale datert 20.05.2014. Plankart datert 20.05.2014 Reguleringsføresegner datert 20.05.2014 Uprenta saksvedlegg: Tidlegare korrespondanse knytt til planoppstart Gjeldande reguleringsplanar i området Kommunedelplan Volda sentrum Innspel ved offentleg ettersyn Samandrag av saka: Volda Formannskapet gjorde den 21.01.14, i sak PS4/14, vedtak om utlegging av privat detaljreguleringsplan Sagebakken gnr 30 bnr 4-39 på Rotset til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i Plan og bygningslova 12-10. Planframlegget gir endra arealbruk frå forretning til bustadformål. Offentleg ettersyn er gjennomført i samsvar med reglane i PBL 12-10 og det er ikkje motteke vesentlege merknader til planframlegget. I dialog med tiltakshavar er det gjort visse justeringar i plan. Plan vert tilrådd godkjent i samsvar med reglane i PBL 12-12, jf 12-11, med framlegg om mindre endringar/presiseringar. Saksopplysningar: Det er utarbeidd privat framlegg til reguleringsplan for eigedomen gnr 30 bnr 4 festetomt nr 39 på Sagebakken Øvre Rotset. Planframlegget er utarbeidd av P.Mulvik as som plankonsulent på vegne av grunneigar. Spørsmål om fremjing av planframlegget vart handsama av Formannskapet den 21.01.2014, som sak PS 4/14, der det vart gjort slikt vedtak: Reguleringsframlegg for Sagebakken gnr 30 bnr 4 ftnr 39 slik det går fram av planomtale-, plankart og føresegner datert 6.09.2013, vert fremja og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-10, jf 12-11 Offentleg ettersyn og høyring i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-10 er gjennomført i perioden 3.02.2014 til 14.03.2014, etter utsending av høyringsbrev og kunngjering i Møre og på kommunen si heimeside. Ved offentleg ettersyn har vi mottek fylgjande innspel/merknader: Fylkesmannen i More og Romsdal, brev av 10.03.2014: Fylkesmannen har ut frå sine ansvarsområde ingen merknader til planforslaget. Statens vegvesen, brev av 05.02.2014: Statens vegvesen har ut ifrå sitt sektormynde ingen merknad til det framlagte planforslag. Møre og Romsdal fylkeskommune, brev av 12.03.2014 Møre og Romsdal fylkeskommune har ut frå sine ansvarsområde følgjande merknader: våre innspel til oppstart er godt ivaretekne. Planen er gjennomarbeidd i alle punkt og kan for vår del eigengodkjennast. Vår ref.: 2013/503 Side 4 av 6
Eldrerådet, sak PS 4/14, den 24.02..2014: Eldrerådet tek Planid 2013001 Detaljreguleringsplan Sagebakken reguleringsendring til vitande. Kommunalt råd for funksjonshemma, sak PS 4/14 den 24.02.2014: 1. Funk har ingen innvending mot Planid 2013001 Detaljreguleringsplan Sagebakken reguleringsendring. 2. Funk ber om at foreskrifta om universell utforming blir utført som beskrevet i Byggteknisk foreskrift TEK 10, datert 05.09.2013, første del andre del tredje del og fjerde del der dette krevest. Kommunalteknisk avd., innspel i planmøte: Veg f_v\2 er i plan vist som felles privat veg. Vegen har sidan den vart bygd vore drifta og vedlikehalden av kommunen som kommunal veg, del av Sagbakken. Etter gamal reguleringsplan (Øyra og Rotset 1952) skal vegen vere del av Rotsetvegen frå Prestegata austover forbi Rotsetgeila. Slik lenging av vegen synest heilt uaktuell i dag, og vegen bør inngå som naturleg del av Sagebakken med utgangspunkt i Prestegata. Ei slik endring av veg vil krevje omadressering for heile området. Jf. Gjennomgang av status for området i F.sk sak 83/13. I planprosessen bør dette formaliserast slik at formell overtaking av vegen som kommunal veg vert sikra med tilhøyrande fråsegn om grunn til vegområdet. Ordning for renovasjon bør avklarast i plan/føresegner. Helst bør plass for søppel etablerast felles tilknytt annan bebyggelse på området. Avfallsplan for riving av bygg og for vurdering av ureina grunn må utarbeidast og ligge føre før byggeløyve for eigedomen kan handsamast. Utvikling byggesak, innspel i planmøte: Gesimshøgde jf føresegnene pkt 2.1.1.b, bør reduserast til maks 6.5 m og såleis kan siste setning i punktet gå ut. Barnerepresentanten, innspel i planmøte: Planlagt leikeplass bør flyttast til sørvestre kant av tomta. I planomtalen er det vist til at leikeplassen- plassert inn mot trafikkerte vegar - bør/må gjerdast inne. På grunn av frisiktsone vil slikt gjerde måtte trekkjast inn frå vegen, og dermed gje redusert areal/bruksverdi. Plassering i motsett del av tomta vil gje betre og tryggare tilhøve for brukarane. Vurdering og konklusjon: Dei merknader/innspel som er nemnt ovanfor er drøfta med tiltakshavar i e-post av 14.april 2014 og møte den 25.april 2014. Med grunnlag i dette er det gitt tilbakemelding med justert framlegg til plan motteke pr e-post den 21.05.2014. Justert plankart, føresegner og planomtale ligg ved og er datert 20.05.2014. Det ligg og ved brev av same dato der det er gitt gjennomgang i høve til ynskte endringar og i kva grad desse er imøtekomt eller ikkje. Eg finn å kunne tilrå at den justerte planen vert godkjent med fylgjande endring: 5. Byggegrense mot veg i vest må i plan ha same avstand til fellesveg/gangveg som mot aust min 7 m frå senterline. Vår ref.: 2013/503 Side 5 av 6
6. Føresegnene pkt 2.1.2 Leikeplass, pkt a) vert endra til fylgjande: a)leikeplass f_l1 skal opparbeidast slik at den er eigna for leik og opphald, minimum med sandkasse, benk og noko fast dekke. Leikeplassen skal gjerdast inne der den grensar mot traffikerte vegar. 7. Føresegnene pkt 2.1.1 pkt b) vert endra til fylgjande: b) For bygningar innan område merka BK 1 skal gesimshøgd ikkje overstige 6,5m og mønehøgd skal ikkje vere større enn 9,0m. For hus med pulttak og flatt tak skal 8. Føresegnene 4.1. pkt c) vert endra til fylgjande: c) Det må undersøkjast om det kan vere forureina grunn før igangsetting av bygging innanfor planområdet kan ta til. Jf TEK10 9-3 og 9-6. Helse og miljøkonsekvensar: Avklara gjennom planprosessen. Planen vil kunne gje eit godt butilbod, utan vesentlege negative ulemper for ikringliggande eksisterande bustader. Økonomiske konsekvensar: Overtaking av veg til kommunal drift/vedlikehald vert sikra gjennom plan, og vert å vidareføre i etterfylgjande utbyggingsavtale. Endringa vil ikkje medføre auka kostnader for kommunen sett i høve til utbygging eller drift. Omadressering av eigedomane knytt til gata Sagbakken vil gje kommunen ekstra arbeid og kostnader, men er vurdert som viktig og bør gjennomførast uavhengig av denne aktuelle plan/byggesaka. Beredskapsmessige konsekvensar: Avklara gjennom planprosess. Ingen vesentlege. Rune Sjurgard rådmann Utskrift av endeleg vedtak: Etter handsaming i kommunestyret til Utvikling, planseksjonen for kunngjering av plan. Kopi til: P. Mulvik as v/heidi Istad Vår ref.: 2013/503 Side 6 av 6