Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Delegert rådmannen 12.09.2007 415/07 RUVI Delegert rådmannen 23.11.2007 526/07 RUVI Nærings-, plan- og bygningsutvalet 28.05.2008 023/08 RUVI Delegert rådmannen 23.04.2009 168/09 RUVI Avgjerd av: Saksh.: Rune Vik Arkiv: N-511, GBNR-A031/0130 Objekt: Arkivsaknr 07/1372 Søknad om dispensasjon frå byggjegrense og tomannsbustadkrav i reguleringsplan. Bustadbygg m/ tre husvære samt garasjeanlegg på gnr. 31 bnr. 130 i Sundsvik i Norheimsund Samandrag: Det vert søkt om dispensasjon frå byggjegrense og bygningstype i reguleringsplan, for oppføring av bustadbygg m/ tre husvære og garasjeanlegg på gnr. 31 bnr. 130 i Sundsvik i Norheimsund. Rådmannen kan ikkje sjå at omsynet bak verken byggjegrensa eller bygningstypekravet i reguleringsplan, vert råka. Ein har vurdert at det er ei overvekt av omsyn som talar for at det kan gjevast dispensasjon i denne saka. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Nærings-, plan- og bygningsutvalet, som det faste utval for plansaker, finn at det lovfesta kravet om særlege grunnar i plan- og bygningslova 7 ligg føre. Med heimel i plan- og bygningslova 7 vert det gjeve dispensasjon frå byggjegrense og bygningstype i Regulerings- og busetningsplan for byggjefelt i Sundsvik, for oppføring av bustadbygg m/ tre husvære og garasjeanlegg på gnr. 31 bnr. 130 i Sundsvik i Norheimsund. Dispensasjonen er grunngjeve med at Kvam formannskap meiner det er ei overvekt av omsyn som talar for ein dispensasjon, samt at ein kan ikkje sjå at omsynet bak verken byggjegrense eller bygningstypekrav i plan vert skadelidande om ein tillet tiltaket. Dispensasjonen vert gjeve på følgjande vilkår:
1. At skadar eller ulempe valde av vegtrafikken, drift, vedlikehald eller utbetring av off. veg som fylgje av at byggverket ligg innanfor byggjegrensa, gjev ikkje rett til skadebot. 2. At detaljar i samband med avkøyrsle og garasje knytt til kommunal veg vert avklart med Kvam herad FDV-anlegg v/ Leif Skår. Løyve til oppføring av bustadbygg m/ tre husvære og garasjeanlegg på gnr. 31 bnr. 130 i Sundsvik i Norheimsund, vert gjeve med heimel i 93 og 95 i plan- og bygningslova på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal plasserast som vist på situasjonsplan og teikningar datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08. Nybygg kan førast opp inntil 2 meter frå eigedomsgrensa til gnr. 31 bnr. 129. Godkjende teikningar - Situasjonsplan datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08 - Plan-, snitt- og fasadeteikningar datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08 Godkjende ansvarsrettar Sivilarkitekt MNAL Alv Martin Vangdal vert godkjend som ansvarleg søkjar (SØK), samt som ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) for bygningsutforming og bygningsfysisk prosjektering. H2 Byggeteknikk AS vert godkjend som ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) av grunn- og betongarbeid. Botnen Entreprenør AS vert godkjend som ansvarleg utførande og kontrollerande for utføring (UTF/KUT) for heile tiltaket, med unntak for røyrleggjarteknisk anlegg. Nils Aksnes & Co AS vert godkjend som ansvarleg for varme- og sanitærdelen av tiltaket (PRO/KPR, UTF/KUT), innom- og utomhus. Klage: Vedtak fatta av Kvam herad kan klagast på til Fylkesmannen i Hordaland, jfr. Plan- og bygningslova 15 og Forvaltningslova 28. Klagen skal sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jfr. Forvaltningslova 29. Dersom tiltak vert sett i verk før klagefristen er gått ut, eller før det føreligg endeleg vedtak etter handsaming av eventuell klage, må tiltakshavar bera kostnadene med eventuell seinare retting av tiltaket. Informasjon: Dersom tiltaket ikkje er sett i gang seinast 3 år etter at løyve er gjeve, fell løyvet bort. Jf. planog bygningslova 96.
Det vert gjort merksam på at de med visse unntak har rett til å sjå dokumenta i saka, jf. forvaltningslova 18 og 19. Skulle de ha ynskje om innsyn kan Kvam herad kontaktast eller de kan nytta tenesta "Innsyn" på vår heimeside. 28.05.2008 Nærings-, plan- og bygningsutvalet Framlegg til vedtak Heidi Sandven Botnen, Krf: som rådmannen sitt framlegg til vedtak. Røysting: Heidi Sandven Botnen, Krf sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. NPB-023/08 Vedtak: Nærings-, plan- og bygningsutvalet, som det faste utval for plansaker, finn at det lovfesta kravet om særlege grunnar i plan- og bygningslova 7 ligg føre. Med heimel i plan- og bygningslova 7 vert det gjeve dispensasjon frå byggjegrense og bygningstype i Regulerings- og busetningsplan for byggjefelt i Sundsvik, for oppføring av bustadbygg m/ tre husvære og garasjeanlegg på gnr. 31 bnr. 130 i Sundsvik i Norheimsund. Dispensasjonen er grunngjeve med at Kvam formannskap meiner det er ei overvekt av omsyn som talar for ein dispensasjon, samt at ein kan ikkje sjå at omsynet bak verken byggjegrense eller bygningstypekrav i plan vert skadelidande om ein tillet tiltaket. Dispensasjonen vert gjeve på følgjande vilkår: 1. At skadar eller ulempe valde av vegtrafikken, drift, vedlikehald eller utbetring av off. veg som fylgje av at byggverket ligg innanfor byggjegrensa, gjev ikkje rett til skadebot. 2. At detaljar i samband med avkøyrsle og garasje knytt til kommunal veg vert avklart med Kvam herad FDV-anlegg v/ Leif Skår. Løyve til oppføring av bustadbygg m/ tre husvære og garasjeanlegg på gnr. 31 bnr. 130 i Sundsvik i Norheimsund, vert gjeve med heimel i 93 og 95 i plan- og bygningslova på følgjande vilkår: 3. Tiltaket skal plasserast som vist på situasjonsplan og teikningar datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08. Nybygg kan førast opp inntil 2 meter frå eigedomsgrensa til gnr. 31 bnr. 129. Godkjende teikningar - Situasjonsplan datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08 - Plan-, snitt- og fasadeteikningar datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08 Godkjende ansvarsrettar
Sivilarkitekt MNAL Alv Martin Vangdal vert godkjend som ansvarleg søkjar (SØK), samt som ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) for bygningsutforming og bygningsfysisk prosjektering. H2 Byggeteknikk AS vert godkjend som ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) av grunn- og betongarbeid. Botnen Entreprenør AS vert godkjend som ansvarleg utførande og kontrollerande for utføring (UTF/KUT) for heile tiltaket, med unntak for røyrleggjarteknisk anlegg. Nils Aksnes & Co AS vert godkjend som ansvarleg for varme- og sanitærdelen av tiltaket (PRO/KPR, UTF/KUT), innom- og utomhus. Klage: Vedtak fatta av Kvam herad kan klagast på til Fylkesmannen i Hordaland, jfr. Plan- og bygningslova 15 og Forvaltningslova 28. Klagen skal sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jfr. Forvaltningslova 29. Dersom tiltak vert sett i verk før klagefristen er gått ut, eller før det føreligg endeleg vedtak etter handsaming av eventuell klage, må tiltakshavar bera kostnadene med eventuell seinare retting av tiltaket. Informasjon: Dersom tiltaket ikkje er sett i gang seinast 3 år etter at løyve er gjeve, fell løyvet bort. Jf. planog bygningslova 96. Det vert gjort merksam på at de med visse unntak har rett til å sjå dokumenta i saka, jf. forvaltningslova 18 og 19. Skulle de ha ynskje om innsyn kan Kvam herad kontaktast eller de kan nytta tenesta "Innsyn" på vår heimeside. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 08/4888 14.03.2008 Søknad om løyve til tiltak på gnr 31 bnr 130, Kvam bustadstifting Sundsvik, Norheimsund. Bustad - Orientering om tiltaket, jf. brev datert 12.03.08 - Søknad om dispensasjon frå byggegrense, jf. brev datert 12.03.08 (vedlegg B.1.1) - Kartutsnitt gjeldande reg.plan, jf. vedlegg B1.2 08/7405 02.05.2008 Søknad om dispensasjon fnr 31 bnr 130 Sivilark. MNAL Alv Martin Vangdal 08/4889 14.03.2008 Kart og teikningar gnr 31 bnr 130 Kvam bustadstifting For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false x
Saksopplysningar: Det vert søkt om dispensasjon frå byggjegrense mot kommunal veg samt frå tomannsbustadkravet i reguleringsplan, i samband med søknad om oppføring av bustadbygg m/ tre husvære og garasjeanlegg på gnr. 31 bnr. 130 i Sundsvik i Norheimsund. Utbygd areal (BYA) er oppgjeve til 188 m 2. Bruksarealet (BRA) er rekna til 408 m 2. Garasjedel på vegnivå har bruksareal 162 m 2. Plan 1. høgd har utrekna bruksareal 169 m 2, fordelt med 65 m 2 på kvar av husværa i etasjen samt 23 m 2 på fellesareal/korridor og 16 m 2 på buer. Plan 2. høgd har utrekna bruksareal 77 m 2, fordelt med 68 m 2 på husværa i etasjen samt 9 m 2 på fellesareal/korridor Eigedomen var tidlegare utbygd med bustadhus, som no er rive for å gje plass til omsøkt prosjekt. Teikningsgrunnlag - Situasjonsplan datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08 - Plan-, snitt- og fasadeteikningar datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08 - Kontrollfråsegner for prosjektering, datert 10.03.08, 12.03.08 og 12.03.08 Gjeldande plangrunnlag Regulerings- og busetningsplan for byggjefelt i Sundsvik godkjend 13.03.1954. Eigedomen 31/130 er i følgje plan bustadtomt i felt "B". Reg.plan-kartet viser at omsøkt bygg vil kome i konflikt med byggjegrense mot kommunal veg. Vidare seier 1 i planføresegnene at det berre kan førast opp vertikalt delt tomannsbustader i felt "B", mens omsøkt bygg er planlagt med 3 husvære. Merknad frå naboar og andre partar: Kvam kjenner ikkje til at det ligg føre merknad i saka. Det ligg føre fråsegn datert 21.01.08 frå nabo på gnr. 31 bnr. 129 med høve til oppføringa av nybygg inntil 2 meter frå eigedomsgrensa. Saka har ikkje vore sendt Hordaland fylkeskommune eller Fylkesmannen i Hordaland for uttale, då ein ikkje ser at statlege eller regionale verdiar vert råka. Saka vert å sende til statlege og fylkeskommunale styresmakter når vedtak ligg føre. Følgjande argumentasjon ligg til grunn i søknad om disp., jfr. journalid. 08/4888 og 08/7405: Frå byggegrense - Tomta er smalare enn dei andre i området. Dette i kombinasjon med etablering av garasjeanlegg på gateplan, gjer at huset må plasserast 5 meter frå veg. Det er då plass til oppstilling av bilar i innkøyringa til garasjedelen utan konflikt med veg. - Husværa vert liggjande ein etasje over vegbane, og ekstra skjerma ved at nedre del av rekkverk er tett betongdragar. Frå byggtype - Reguleringsplan er realisert med vesentlege avvik i forhold til 1 i reguleringsføresegnene,
med omsyn til både hustypar og høgder. - Ein ser såleis at vedtektene frå først av ikkje har vore styrande for utforminga av busetnaden. Dette er difor særleg grunn til å kunna fråvika bokstavtolkinga av dei gamle vedtektene (sitat). - Det nye bygget vert tomannsbustad i lengderetninga, men med berre eit husvære i 2. høgd, og ein har, som tidlegare anført, primært tilpassa nybygget til den eksisterande bygningsmassenog at ingen av dei kringliggjande bustadane skal få vesentleg endra sol og utsiktstilhøve (sitat). Kvam herad som vegstyresmakt: Einingsleiar for tekniske tenester Per Øyvind Tveiten har vurdert tilhøvet til byggjegrensa mot kommunal veg. Han skriv følgjande i epost datert 02.05.08 (sitat): Slik situasjonen i Sundsvik er vil tilrettelegging av nye parkeringsmogelegheiter vera eit pluss for bruk og drift av området. Det hadde vore ynskjeleg at byggeavstand iht. reg.plan vart halden, men frå veghaldar si side vil vi ikkje stilla det som eit absolutt krav. Dispensasjon frå reg.vedtekter som opnar for garasjedel blir tilrådd. Estetikk og byggjeskikk, jfr. 74 i plan- og bygningslova: Bygget er vurdert å vere godt tilpassa tomta. Rådmannen er samd med arkitekt at det er teke godt omsyn til tilpassing til den eksisterande bygningsmassen. Grunntilhøve, rasfare og miljøtilhøve jf. 68 i plan- og bygningslova: Det er opplyst i søknad at det føreligg tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som fylgje av grunntilhøve, rasfare og miljøtilhøve. Plassering: Tiltaket si plassering er vist på situasjonsplan datert 27.11.06, sist revidert 01.03.08. Ansvarsrettar Sivilarkitekt MNAL Alv Martin Vangdal søkjer om ansvarsrett for ansvarleg søkjar (SØK), samt for ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) for bygningsutforming og bygningsfysisk prosjektering. Føretaket har tidlegare vore gjeve lokal godkjenning av kommunen. H2 Byggeteknikk AS søkjer om ansvarsrett for ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjektering (PRO/KPR) av grunn- og betongarbeid. Føretaket har sentral godkjenning i tiltaksklasse 3. Kjosås Maskin A/S søkjer om ansvarsrett for ansvarleg utførande og kontrollerande for utføring (UTF/KUT) av grunn- og terrengarbeid. Føretaket har sentral godkjenning. Botnen Entreprenør AS søkjer om ansvarsrett for ansvarleg utførande og kontrollerande for utføring (UTF/KUT) for heile tiltaket, med unntak for røyrleggjarteknisk anlegg. Føretaket har sentral godkjenning Nils Aksnes & Co AS søkjer om ansvarsrett for varme- og sanitærdelen av tiltaket (PRO/KPR, UTF/KUT), innom- og utomhus. Føretaket søkjer om lokal godkjenning.
Søknad om tilkopling til off. vass- og avløpsanlegg er handsama i eiga sak. Vurdering: Kvam herad som vegstyresmakt rår til omsøkt løysing. Grunngjevinga er at tilrettelegging av ekstra parkeringsplassar vert sett på som positivt i eit område med heller mangelfull parkeringsdekning. I forhold til hustype må ein sjå på kva som er bygd i samband med realisering av planen. Her er det vesentlege avvik mellom kva som er bygd og kva reguleringsplanen viser. Innan felt "B" er det største bygget i prinsippet ein firemannsbustad. Ser ein på omsøkt bygg, ville bygget kunne framstå som ein tomannsbustad om dei to husværa i 1. høgd utgjorde eitt husvære. Bygningskroppen ville kunne framstå uendra i volum, og tiltaket ville vere uproblematisk i forhold reguleringsføresegn 1. Uansett, i dag vil naudsynt parkeringsdekning vere vesentleg ved auka utnytting. Rådmannen kan ikkje sjå at omsynet bak verken byggjegrensa eller bygningstypekravet i reguleringsplan, vert skadelidande i denne saka. Ein har vurdert at det er ei overvekt av omsyn som talar for at det kan gjevast dispensasjon i denne saka.