Verksemdsplan. For. Garden

Like dokumenter
Ute mat Korleis laga god mat UTE

FISKESUPPE FRÅ KALVÅG 2 PORSJONAR

Mat til. Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS

Valentinekake. Lokk/topping: 3 dl kremfløte 400 g marsipan eller ferdig marsipanlokk. Melisglasur (Royal icing): ½ eggehvite 2 dl melis

Oppskrift på sjokoladekake KAKE. 3 egg + 4,5 dl sukker piskes. 225 g smeltet smør/melange. 6 dl hvetemel. 3 ts bakepulver. 3 ts vaniljesukker

Fiskegryte med grønnsaker

1 Sett over vann til blomkål og sett ovnen på 200 grader. 2 Baconet strimles og stekes gyllent og sprøtt i stekepanne på litt over

Kyllingwok med fullkornsnudler Onsdag

RETTFERDIGE OPPSKRIFTER FRA RETTFERDIG MIDDAG ARRANGERT AV: RE:ACT Oslo

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Hjemmelagde fiskepinner Onsdag 4 porsjoner 20 min Enkelt

FESTMAT I BARNEHAGEN. Holane 12, 6770 Nordfjordeid tlf

Kylling med ananas og kokosris (Onsdag 17/9 14)

OPPSKRIFTER PÅ TØRRFISK KLIPPFISK BOKNAFISK

Mat og helse for 4. trinn

Sunt og. supergodt. Et kurs med Geitmyra matkultursenter for barn og Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Snøfrisk. En ost med mange muligheter

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Grove pizzasnurrer langpanne

Stekt laks med potetmos Onsdag 4 porsjoner min Enkelt

Sånn gjør du: Tilbered produktet i ovn i GN bakk. Kok basmatiris. Til 10 personer trenger du:

Wrap med laks og mangosalat Onsdag 4 porsjoner min Enkelt

Reker med couscous Onsdag 4 porsjoner 20 min Enkelt

Fullkornspasta med kjøttdeig og tomatsaus

ET HAV AV MULIGHETER

TORSK TIL HVERDAG OG FEST

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

Kakebunn uten egg Du trenger av råvarer: Slik baker du denne kakebunnen:

Hellstrøms fiskegryte min

mmm...med SMAK på timeplanen

OST- OG SKINKEMUFFINS

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

Oppskrifter Juletapas

Kakebunn uten egg Du trenger av råvarer: Slik baker du denne kakebunnen:

DESSERTER FOR ENHVER SMAK KLARE TIL Å NYTES

Mat og helse for 4. trinn

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

REKER 7 VELSMAKENDE RETTER

Mat og helse for 4. trinn

Forvarm ovnen til 180 grader. Legg blomkålen i en ildfast form. (Om du skal bruke rester av kylling eller skinke kan du legge det også i formen).

Mat fra naturen. Bruk små blader uten grov stilk. Dampkok først brennesla under lokk i ca 10 minutter i ca 3 dl vann. Slå ut kokevannet.

Fokus på kosthold. KROPP, BEVEGELSE OG HELSE er viktige fokusområder

Fokus på kosthold. KROPP, BEVEGELSE OG HELSE er viktige fokusområder

Luftige cheddarsnurrer med jalapeño og sprøstekt bacon

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

MENY. Friterte Jarlsberg og sopp dumplings med chilli og østersaus...2 Chili og østers saus...2

Månedsmeny for Hortensbarnehagene

Geitmyra juniorkokk Frittata og kryddereple

KYLLING I PITA Onsdag Enkel Under 20 min

Mat og helse for 4. trinn

Ja takk, mer kake! Ritz-kake Ta med barna på blåbærtur i skogen, og disk opp med en himmelsk Ritz-kake som belønning til bærplukkerne.

Mexican Fiesta Mexicansk taco Churros med sjokoladedipp Mojitos.

Hellstrøms ovnsbakte torsk Onsdag

Kom skal vi klippe sauen

Menyer og oppskrifter Falt rettene vi serverte under konferansen i smak? Vi anbefaler deg å prøver våre spennende og enkle oppskrifter!

Ukeplan makrobiotisk diett

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

Innhald. frå jord til bord quiz. bondesjakk

Kutt squash og paprika i terninger og ha det i pannen sammen med løken og litt salt. Stekes til det har fått en gyllen farge.

Mat laget fra bunn av smaker bedre

Lag deilige retter med egg!

Frisk og fristende matprat

liker best som paprika, løk, sopp, squash, mais. Wook med ulike grønnsaker, skinke og ris er også godt.

oppskrifter kornartene Innhold Baketips Kornblanding Din egen Kornblanding Fine rundstykker

Geitmyra juniorkokk Lam fra sør og nord

Pinnakjøt med kålrotstappe og kokte poteter

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Kefir. Ranch dressing Porsjoner 8 Tidsbruk 10 minutter. Q-Meieriene har gleden av å presentere Q-Kefir!

Oppskrifter på garantert gode pølser

Strimlet svinekjøtt med asiatisk smak Onsdag

Geitmyra juniorkokk Bare rot!

Vafler, pannekaker og wraps

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Focaccia og aioli. Aioli: Ingredienser: 2-4 hvitløksfedd 2 eggeplommer 1 dl rapsolje 1 dl olivenolje 1 ss sitronsaft ½ salt grovmalt pepper

NAAF oppskrifthefte jul :46 Side 1. Våre beste julekaker for matallergikere

Gulrotsuppe Onsdag.

Oppskrifter fra "Barnas kjøkken"

Hverdagsmat. Mors Kjøttkaker. Saus 4 dl vann 2 ts buljongpulver 3 dl melk 3 ss hvetemel 4 5 skiver brun ost Litt fløte eller rømme Salt og pepper

[enkelt] FRA SYLTING TIL DESSERTER - DET ER BLITT MYE ENKLERE

N Ø K K E L H U L L E T

Julemiddager som imponerer. uten stress

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Ølbrasiert Lammeskank

CHARLOTTES FOTOGR AFIER VED MONA NORDØY

Opplysningskontorene i Landbruket Landbruks og Matdepartementet

9 48 * 5 om dagen. Gulrotstaver med dipp. om dagen: om dagen: om dagen: om dagen:

ORIGINALMENY / DUO. Ristede mandler, pinjekjerner eller andre nøtter er også veldig godt å tilsette i suppa ved servering.

Et utvalg oppskrifter fra Barnehagegården

Skrell gulrøttene, og kutt de i grove biter. Finhakk hvitløken. Ha dette sammen med smøret i en gryte og surr dette på middels varme i noen minutter.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Kvar kjem maten vår frå?

Fritidskurs: Geitmyra juniorkokk

Grove og sukkerfrie speltbiscotti

Oppskrifter nytta til koking av middag på bål til over 100 personar Idrettskonferansen 2015 i anledning Friluftslivets år: NATUREN SOM LÆRINGSARENA

KEBABSPYD MED RATATOUILLE EKSPRESSMENY. ukens doble. Bulgur: 12 dl vann eller buljong 500 g grov bulgur. Kebabspyd: Tilbehør: 2 poser ratatouille

MAT PÅ IDRETTSARRANGEMENT

Fakta Grove kornprodukt. 3. Grove kornprodukt

Sandeid skule SFO Årsplan

Vandreleiren 2006 Primitiv kokebok

Transkript:

Verksemdsplan For Garden 2014-2015 1

GARDEN Undervisningstilbodet Garden er ei vidareføring av det pedagogiske tilbodet Inn på tunet. Ved skulestart i haust, bytte me namn til Garden men innhaldet er det same. Voss kommune ser kor viktig det er at alle elevane i bygda får vera med på eit undervisningstilbod der dei lærer om gardsliv, tradisjonar og praktisk arbeid. Skulane som nyttar tilbodet er Skulestad, Gjernes, Gullfjordungen, Bjørgum, Palmafossen, Bulken, Vangen, Bordalen, Kløve og Evanger. Verksemda er administrert frå Skulestad skule. Janne Rosenberg Olsen er tilsett som lærar i 63 % stilling, og Astrid Soldal Lirhus som assistent i 52,5 %. Me held no til på garden Lirhus i Skulestadmo. Her disponerer me eit husvære og eit stort uteareal. Me har òg tilgang til alle dyra på garden. 2

Kvar dag startar med samling rundt bålet og avsluttar på same måte med oppsummering og evaluering av dagen. Me er for det meste ute, men på den kaldaste tida er me inne heile eller deler av dagen. Opplæringa er delt inn i eit haust- og eit vårsemester. Undervisningsopplegget er frå 2-7 klasse. Elevane i andre klasse har tilbod om ein dag, medan dei andre årsstega har to dagar, ein om hausten og ein om våren. Som ein raud tråd gjennom all undervisning ligg at alt arbeidet på garden har si tid. Me fylgjer årssyklusen i plante- og dyrelivet på garden, og knyter det opp til lokale og globale handverks- og matlagingstradisjonar som også er årstidstilpassa. Den generelle delen av kunnskapsløftet seier at skulen skal vera ein aktiv og levande kulturinstitusjon. Vidare skal skulen dra nytte av nærmiljøet og lokalsamfunnet for å eksemplifisera, konkretisera og utfylla læreplanane for faga. Garden kan vere ein god reiskap for å nå desse måla. I fylgje Læringsplakaten skal skulen stimulera elevane i deira personlege utvikling og identitet, ved å utvikla etisk, sosial og kulturell kompetanse. Noko av det som gler oss mest er dei mange tilbakemeldingane frå lærarane om kor viktig desse dagane er for klassemiljøet, og for å gje elevane ei felles kulturell referanseramme. 3

Haustsemesteret 5.klasse Tema: Frå jord til bord. Kompetansemål: Observera endringane som skjer med ei fleirårig plante, årssyklus Delmål: kunna hausta og nytta det me sådde i vår i eiga matlaging Sosialt mål: me samarbeider på tvers av klassane. 5 klasse plukkar bær som 7 klasse nyttar Det elevane sådde i vår er no klart til å haustast inn og foredlast. Me hentar grønsaker i åkeren. Dei vaskar, skrubbar og deler me opp før me kokar grønsaksuppe på bålet. Me lagar og flatbrød, og på slutten av dagen kosar me oss med sjølvlaga mat. Solbæra må òg plukkast, dei treng 7.klasse når dei kjem i desember. 4

6.klasse Tema: Fiske Kompetansemål: Laga mat i naturen og bruka naturen som ein ressurs Delmål: Læra om aure og garnfiske, og laga eit godt måltid Sosialt mål: Hjelpa kvarandre ved å samarbeida om alt frå å reinsa garn til å servera eit måltid Me har sett garn i Lundarvatnet, og elevane får gå langs vatnet og sjå medan me tek opp garnet. På land reinsar elevane garna og tek ut fisken. Dei lærer å sløya og laga til fisken. Resultatet skal verta eit festmåltid. 5

4.klasse Tema: Hausting, foredling og frøsanking. Kompetansemål: Samtala om og samanlikna livssyklusen til nokre planteartar Delmål: kunna hausta og samla frø Sosialt mål: - Samarbeida med andre elevar om å få potetene opp av jorda - samarbeida om å fletta Me tek opp poteter og haustar grønsaker som elevane sjølve la i jorda eller planta i vår. Til mat: me lagar potetstappa og rjomedipp. Til rjomedippen har me oppkappa, eigenproduserte grønsaker. Alt av frø me kan sanka samlar me og sparer til våren. Me flettar òg refleksband der me nyttar ein gamal fletteteknikk som vert kalla slynging. 6

3.klasse Tema: Sau og ull. Kompetansemål: Kunna laga enkle gjenstandar gjennom å filta Delmål: Tova eit armband av ull Sosialt mål: læra korleis me oppfører oss når me er inne i eit fjøs og møter dyr Besøk i sauefloren, saueklypping og toving. Alle elevane får laga seg kvart sitt armband i ull. Me kokar jordskokksuppe av jordskokken me sjølve har henta i åkeren. 7

7. klasse Tema: mørketid og innekos Kompetansemål: Bruka ulike samanføyingsteknikkar Delmål: Læra å laga, åleine eller i samarbeid med ein vaksen eller ein medelev, ein fuglematar i pil Sosialt mål: Å vera ein god hjelpar under flettinga Me kokar solbærsaft av bær som femteklassane plukka i haust, og me lagar marsipan. Pilfletting: Alle elevane lagar kvar sin fuglematar som dei får med heim til julegåve. 8

Vårsemesteret 4.klasse Tema: Hest Kompetansemål: - kunna fortelja om kva god dyrevelferd er, og korleis me oppfører oss saman med dyr -kunna fortelja om korleis me lagar trygg mat Delmål: -kunna gjennomføra ein ridetur og stella ein hest. -vita korleis ein lagar potetkaker Sosialt mål: - kunna samarbeida om å stella og sala på hesten Me har eit samarbeid med ei av dei tilsette ved Hestelinja på Voss Jordbruksskule. Ungane vert kjende med hestane, får vere med å strigle dei, sale dei opp og gjere dei klare for riding. Alle elevane får ri under trygge forhold inne i ridehallen. I tillegg skal dei reingjera stallen og fora dyra. Me lagar tradisjonsmat, potetkaker av eigenproduserte poteter. 9

2.klasse Tema: Kyr Kompetansemål:- Kunna fortelja om mjølk, og korleis ho går inngår i matvaresystemet, frå produksjon til forbruk. Delmål: - Oppleva korleis kyr lever og bur. - Kunna saga ved Sosialt mål: -Kunna samarbeida når ein sagar med bogesag Me vert kjende med kyrne, oksane og kalvane. Me ser korleis kyrne blir mjølka, me føl røyra inn til mjølketanken der mjølkebilen kjem og hentar mjølka. Me er òg med og opplever korleis det daglege stellet i fjøset går føre seg. Me lærer å bruka bogesag og sagekrakk. 2 klasse sørgjer for ved til alle klassane. Her står mjølkekaker på menyen 10

3.klasse Tema: Lemming. Ville vekstar me kan eta Kompetansemål: - samtala om livssyklusen til sauen. kunna bruka naturen som resurs for matlaging Delmål: - få kunnskap om og møta lam og sau - erfare at mykje ugras er råd å eta Sosialt mål: - samtala/ lære om korleis me er når me er inne i eit fjøs og møter dyr Me er i sauefloren og helser på dei nyfødde lamma. Me lærer om ville vekstar til bruk som mat, plukkar brennesle som me koker suppe av. I tillegg til suppa lagar me eit ugrasbrød som me har inntil suppa. Me gjer og hagen klar for våren, rakar vekk visna lauv og kvistar frå i fjor. 11

5.klasse Tema: Såing, nytt liv i eit lite frø. Kompetansemål: Samanlikne livssyklusen til nokre planteartar Delmål: Læra at nokon grønsakar set ein, andre sår ein Sosialt mål: Samarbeida med kvarandre når ein nyttar forskjellige reiskapar i åkeren Såing av blomar, grønsaker og urter i drivhuset. Frøa me sanka i haust skal no tilbake til jorda. Me byrjar litt forsiktig med bed og åker, og set poteter. Me lagar mat av det einaste som er klart i hagen, blomar. Løvetann, kjørvel og kløver smakar godt når det vert duppa i pannekakerøre og frityrsteikt. 12

6.klasse Tema: Våronn. Kompetansemål: -Observera/ sjå på nokre faktorar som kan påverke frøspiring og vekst hjå planter Delmål: -læra å prikla og å planta ut Sosialt mål: -Samarbeide med kvarandre om å gjere hagen fin Me lagar åker og bed, priklar og plantar ut det me har dyrka i drivhuset. Alt ski jorda! Me lagar noko godt og spanande av dei tidlege vekstane i hagen. 13

Oppskrifter Grønsaksuppe 10-15 poteter 1 sellerirot, me nyttar rota og det grøne 1 kålrot ½ kål 1 lauk 20 gulrøter 4 terningar grønsakbuljong Salt og pepar Kok opp vatn og grønsakbuljong Reins, skrell og kutt grønsakene i små bitar. Kok til dei er passeleg mjuke ca. 15-20 min. Smak til med salt og pepar, litt om gongen. Flatbrød 1 kg kveitemjøl 1 kg sammalen kveite 2 ss sukker 2 ts salt Bland saman ingrediensane. Kok opp 1,6 liter vatn og slå over mjølet. Kna deigen til konsistensen vert fin og lett å baka ut. 14

Potetstappe 20 kokte og mosa poteter Ein bukett graslauk 100 gram smør 2 dl mjølk Salt og pepar Kok, skrell og mos potetene, Smelt smøret i gryta og ha i mjølka. Ha i potetmosen og kok opp. Rør heile tida så det ikkje svir fast i botnen på gryta. Smak til med salt og pepar. Rjomedipp 1 beger lettrjome Persille Graslauk Salt og pepar (Andre urter kan og nyttas) Klipp persillen og graslauken i små, små bitar. Rør det inn i rømmen. Urtesmør I pakke smør Persille Graslauk Salt og peppar (Andre urter kan og nyttast) Klipp persille og graslauk i små, små, bitar. Rør inn i smøret. Smak til med salt og pepar, litt om gongen. 15

Steikt aure 1 liten sløgd aure Salt og pepar Persille Fyll auren med persille, salt og peppar. Pakk han inn i aluminiumsfolie og steik han på kol i om lag 10-15 minuttar på kvar side Bakt potet Pakk poteta inn i aluminiumsfolie og steik ho i 1-1 ½ time på kol. Solbærsaft Kok opp på svak varme, ein kjele med solbær og vatn, nok til at alle bæra vert dekte. Kok til bæra skrumpar. Hell bær og vatn opp i eit klede. Lat det stå og renna av seg. Kok safta opp med 300-350 gram sukker pr. liter saft Ta av «skummet» med skei. Bland ut med vatn når ho skal drikkast. Marsipan 500 gram mandlar 300-500 gram melis 1-2 eggekvitar Slå varmt vatn over mandlane. Då slepp dei skalet, og det er fort gjort å ta det av. Kjør mandlane gjennom ei mandelkvern. Bland mandelmassen og melisen og ha i eggekviten. Kna til deigen har passeleg konsistens. 16

Potetkaker 10 kokte og mosa poteter (1 ts salt) Kveitemjøl Ha i litt og litt kveitemjøl og arbeid det inn i potetmassen. Når konsistensen er slik at det ikkje klissar, er deigen klar til å kjevla ut. Tar du i for mykje mjøl går deigen i oppløysing. Steik på takke. Brenneslesuppe 12 dl vatn 2 buljongterningar 2 liter nesleskot 250 gram makaroni 3 ss mjøl 2 dl fløyte Salt og pepar Kok opp vatn og buljong. Ha i nesleskota og makaronien. Rør ut mjølet i litt kaldt vatn. Ha i suppa saman med fløyten. Smak til med salt og pepar, litt om gongen. Grønt brød 1 kg kveitemjøl 1 liter vatn 1 dl olivenolje 1 dl gjær 1 ss saltflak 2-3 dl grønt 17

Bland saman mjøl, vatn og gjær. Ha i halvparten av olja. Bruk ein sleikepott og tøm deigen over i ei langpanne. Ha den andre halvparten av olja på toppen før du strør saltflaka over. Etterhev. Steik i 30 minutt på 180 grader. Mjølkekaker 1 liter mjølk 2 egg 3 ss sukker 5-6 dl kveitemjøl 2 ss smør Pisk saman mjølk, egg og sukker. Ha i kveitemjøl. Smør takka, og steik kakene lysbrune. Jordskokksuppe 10 jordskokkar 1 lauk 3-4 fedd kvitlauk Vatn 1 dl fløyte 2 ss olje Salt og peppar Vask og skrell jordskokken. Ha i olja og fres opp lauk, kvitlauk og jordskokk eit par minuttar. Ha deretter i vatn og la det stå og koka i om lag ein halvtime. Smak til med salt og peppar. Tilset fløyten rett før du et. 18

Frityrsteikte blomar 2 egg 50 gram smør Sukker ½ ts salt 3 dl mjølk 3 dl kveitemjøl Ha 2 dl frityrolje i ei panne og varm det opp. Dypp vekstar som du kan eta, som løvetann og kvitkløver, ein om gongen, fyrst i røra så i smultpanna. Hald blomen nedi til han har fått ein fin, gyllen farge. NB! Dette må ein berre gjere med ein vaksen til stades!!!!!!!!!!!!!!! Det eignar seg og best å vere ute! Krotakaker 1 liter mjølk 1 pakke gjær 1,5 dl fin rug 1 kg kveitemjøl 1 ts salt Rør ut gjæren i litt av mjølka. Varm opp resten av mjølka til ca 40 grader. Slå mjølka i bollen og rør i litt av mjølet så mjølka vert nedkjølt og gjæren kan slåast i. Ha i saltet og arbeid deigen ferdig. Ikkje kna deigen for mykje, då vert han seig og vond å baka ut! Må heva før han skal bakast ut. Steik på takke Håpar de har mykje glede av oppskriftene. Kommentert [jro1]: Helsing Janne og Astrid 19

20