Fylkesmannen i Møre og Romsdal Saksbehandlar, innvalstelefon Rådgivar Bård Berge, 71 25 84 25 Vår dato 04.11.2010 Dykkar dato 10.02.2010 Vår ref. 2010/1229/BABE/423.1 Dykkar ref. 1433/2010 Vestnes kommune Helland 6390 Vestnes 2`fi,(3-8 NOV. 2010 VESTNES KOMMUNE Fylkesmannens behandling av klage i Vestnes kommunes sak 82/2009, om naust ved Sørevatnet. Det vises til kommunens ekspedisjon av 10.02.10. Fem grunneigarar, Hogne Skeidsvoll, Torstein Skeidsvoll, Karl Lindset, Ann Helen Rypdal og Terje Skredderhaug, i sameiget Skeidsvoll-Lindset har ved brev datert 25.08.08 reagert overfor Vestnes kommune på at det hadde vorte ført opp eit naust i austre enden av Sørevatnet. Kommunen kontakta Bjørn Kjersem i brev av 04.11.08, der dei etterspurde tilbakemelding på tiltaket. Kjersem gav sitt svar i brev datert 13.11.08, utan at brevet innehaldt utfyllande informasjon om tiltaket. Kommunen tok i etterkant telefonisk kontakt med tiltakshavar der fristen for å kome med tilbakemeldingar vart forlenga. Den 02.06.09 sendte kommunen brev til Kjersem. Brevet oppmoda Kjersem om å sende inn fullstendig søknad i saka innan 14 dagar. Brevet var samtidig eit varsel om riving dersom søknad ikkje vart sendt inn. Torfinn Simensen, Bjørn Kjersem og Harald Kjelsvik ("initiativtakarane") søkte med brev datert 06.06.09 om løyve til å bygging av naust ved Sørevatnet, på sameiget Skeidsvoll- Lindsets grunn. I samband med søknaden vart det sendt ut nabovarsel til grunneigarane i sameiget. Jakob Rypdal, Ann Helen Rypdal og Oddbjørn Skredderhaug har merkt av "samtykkjer i tiltaket". Torstein Skedsvoll og Karl Lindset har gitt fråsegn til nabovarselet i brev datert 16.06.09. I fråsegna vert det vist til at tiltakshavarane ikkje er grunneigarar i sameiget, at dei heller ikkje har fått ein rett til å byggje på sameigets grunn. Hogne Skeidsvoll har protestert på nabovarslet i telefonsamtale med kommunen den 12.06.09 og i brev av 02.07.09. Bjørn Moxnes har i e-post datert 22.07.09 kome med merknader til nabovarslet. Moxnes gir som utgangspunkt ikkje sitt samtykke til tiltaket. Han kan likevel vere villig til å inngå ein avtale med Kjersem og Jakob Rypdal. Postadresse: Telefon: Telefax: E-post: Web: Fylkeshuset 71 25 84 43 71 25 85 10 postmottak@fmmr.no www.fylkesmannen.no 6404 Molde
k 4 side 2 av 4 Arvid Lindset, Aksel Lindset og Reidar Lindset har ikkje knytt merknader til nabovarselet. Adv. Hove for "Grunneiere under Skeidsvold og Lindsets felles utmark ved Torstein Skeidsvold" har i brev av 17.06.09 til Vestnes kommune, vist til at naustet er oppført i strid med private rettar og at søknaden skal avvisast. Den 22.06.09 har Planutvalet, under utvalssak nr. 55/2009, avvist søknaden fordi søkarane ikkje har rettsleg interesse i å få søknaden behandla. Ved brev datert 07.08.09 har initiativtakarane, ved adv. Asbjørn Berg for Advokatfirmaet Selmer DA, primært oppmoda kommunen om å endre sitt vedtak, sekundært påklaga vedtaket. Det vert gjort gjeldande at initiativtakarane har støtte av Jakob Rypdal som eigar av ca 28% av sameiget, og at tiltaket etter dette har samtykke frå 40,44 % av sameiget. Det vert også gjort gjeldande at eigarane av 33,21% ikkje aktivt har motsett seg tiltaket. Planutvalet endra avvisningsvedtaket og realitetsbehandla saken den 29.09.09, og under utvalssak nr. 82/2009 fant kommunen at det omsøkte tiltak ikkje var i strid med kommuneplanas arealdel og gav løyve til oppføring av naustet. Vedtaket er påklaga av adv. Hove, for Torstein Skeidsvoll mfl., i brev datert 30.09.09, med supplerande merknader i brev datert 15.10.09. Som grunnlag for klagen vert det gjort gjeldande at kommunens vedtak i sak nr. 82/2009 er hefta med saksbehandlingsfeil med konsekvensar for vedtakets gyldigheit, når kommunen ikkje har gitt førehandsvarsel før det vart treft nytt vedtak i saka. Vidare vert det gjort gjeldande at initiativtakaranes rett til å bygge naust på staden er avhengig av fleirtalsvedtak i sameiget og at det ikkje er eit slikt fleirtal. Til slutt vert det gjort gjeldande at tiltaket er i strid med LNF-formålet i kommuneplanas arealdel. Kommunen behandla klagen den 09.02.10, under utvalssak nr. 03/2010, og har halde fast på Planutvalet sitt vedtak i sak. 82/2009. I samsvar med pb1. 15 er saka oversendt fylkesmannen som klageinstans. Når det gjeld bakgrunnen for saka elles vises det til saksdokumenta. F Ikesmannens merknader: Klagen er framsett innafor lovbestemt klagefrist og vilkåra for å behandle dette som klagesak er oppfylt. Fylkesmannen kan etter dette prøve alle sider ved saka og kan, dersom klagen vert tatt til følgje, endre vedtaket eller oppheve det og sende saka tilbake for ny behandling i kommunen. Fylkesmannen er ikkje bunden av dei grunnar som kjem fram av klagen, og det kan også leggjast vekt på omstende som har kome til etter vedtaket i kommunen. Adv. Hove har gjort gjeldande at initiativtakarane ikkje har naudsynte private rettar for å oppføre naust ved Sørevatnet. Det vises under dette til at ein slik rett er avhengig av eit fleirtalsvedtak i sameiget etter sameigelova. Plan- og bygningsmyndigheitenes oppgåve er å sjå til at det aktuelle tiltaket ikkje strider mot plan- og bygningslovgivinga, og skal i utgangspunktet ikkje ta stilling til privatrettslege
side 3 av 4 forhold, den kompetansen ligg til domstolane. Det utgangspunktet har likevel blitt nyansert gjennom langvarig forvaltningspraksis, det vises her til Sivilombudsmannens årsmelding for 2002 s. 35 flg., med ytterlegare nyansering i årsmelding for 2005 s. 30 flg. og s. 274. Det går her fram at plan- og bygningsmyndigheitene har rett og plikt til å gjere avgrensa undersøkingar i ei vurdering av tiltakshavars rettslege interesse i å få søknaden avgjort. Dersom det synes klart for forvaltninga at tiltakshavar ikkje har eller vil få nokon rett til å disponere i samsvar med tiltaket, må plan- og bygningsmyndigheitene kunne avise saka. Dersom det synes uklart om tiltakshavar har eller ikkje har rett til å disponere, vil dette kunne utløyse ei viss undersøkingsplikt for forvaltninga, jf. Sivilombudsmannens årsmelding for 2002 s. 3S. Er det privatrettslege forholda etter undersøkingar framleis uklare, vil planog bygningsmyndigheitene måtte vurdere om det er sannsynleg at tiltakshavar har dei naudsynte rettar som trengs for å ha ei rettsleg interesse i å få søknaden behandla. Det vert likevel presisert at plan- og bygningsmyndigheitenes syn på rettsforholda ikkje på nokon måte er avgjerande for dei faktiske rettsforholda. Det omsøkte tiltaket er oppført på sameiget Skeidsvoll-Lindsets grunn, og det er på det reine at tiltakshavarane ikkje er eigarar i sameiget. Tiltakshavarane må derfor synleggjere at dei har dei naudsynte private rettar som trengs for å kunne oppføre naust på sameigets grunn. I adv. Bergs brev av 07.08.09 blir det vist til at "Denne henvendelse skjer også i forståelse med Jakob Rypdal". Fylkesmannen finn det uklart kva som ligg til grunn for denne utsegna. Det er ikkje lagt fram nokon avtale om rett til å bygge på staden. Spørsmålet om den enkelte grunneigars rett i sameiget er eit utprega privatrettsleg spørsmål som er avhengig av korleis sameigeloven og den eventuelle sameigeavtala skal tolkast i det konkrete tilfellet. Ein må likevel kunne anta at eit fleirtal av sameigarane i utstrakt grad kan leggje føringar for sameiget, under dette også å nekte ein slik naustrett, jf. sameigelova 4. Fylkesmannen viser til skriv frå adv. Hove, der det kjem fram at grunneigarane Torstein Skeidsvoll (20.78%), Reidar Lindset (2,67%), Arvid Lindset (9,54%), Karl Lindset (2,35%), Hogne Skeidsvoll (3,22%) og Bjørn Petter Moxnes (19,67% ) motset seg tiltaket. Grunneigarane som no aktivt motset seg tiltaket utgjer eit fleirtal på 58,23% av sameiget. Fylkesmannen finn det etter dette ikkje sannsynleggjort at tiltakshavarane har dei naudsynte private rettar som trengs for å ha ei rettsleg interesse i å få søknaden behandla. Som følgje av dette må søknaden avvisast. Klagen har på dette punktet ført fram. F Ikesmannens vedtak: Med heimel i plan- og bygningsloven 15, jf. forvaltningsloven 34 og Fellesrundskriv T- 8/86 frå Kommunaldepartementet og Miljøverndepartementet, finn fylkesmannen å måtte oppheve kommunens vedtak i sak nr. 82/2009 og avvise søknaden. Dette vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast vidare, jf. forvaltningsloven 28. Eventuelle krav om sakskostnader må fremmast innan 3 veker etter at dette brev blei mottatt. Kravet skal avgjerast av fylkesmannen, jf. forvaltningsloven 36.
side 4 av 4 Partane er underretta om vedtaket ved kopi av dette brevet. Saksdokumenta følgjer vedlagt i retur. Med helsing Marit Heggstad (e.f.) Bård erge Direktør Rådgivar Kopi til: Torstein Skeidsvoll 6391 TRESFJORD Adv. Bjørn Kristian Hove Postboks 815 6001 ÅLESUND Hogne Skeidsvoll I Iougnersgt 30 2609 LILLEHAMMER Bjørn Kjersem 6387 VÅGSTRANDA Advokatfirmaet Selmer DA v/ adv. Asbjørn Berg Postboks 1324 Vika 0112 OSLO
I.ty rf-t)47l