EID KOMMUNE Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling Regionalt program for leverandørutvikling Sogn og Fjordane
Bakgrunn og formål Eid kommune har vedteke bygging av eit nytt framtidsretta omsorgssenter. Nye Eid omsorgssenter kan når det står ferdig i 2016 vere eit av landets første omsorgssenter som tar i bruk spesiell utvikla elektroniske overvakings- og tryggleikssystem. Eid kommune ønskjer seg framtidsretta løysingar, og har derfor inngått eit samarbeid med NHO/KS Nasjonalt program for leverandørutvikling og det regionale programmet i Sogn og Fjordane. Programmet sin visjon er å utnytte offentlege innkjøp på ein meir aktiv måte som stimulerer til konkurranse, næringsutvikling og innovasjon, for slik å legge til rette for meir behovsretta produkt og tenester til betre vilkår for offentlege kundar. Les meir på www.leverandorutvikling.no Gjennom dette samarbeidet ønskjer Eid kommune å opprette ein dialog med marknaden tidlig i prosessen for på den eine sida å få gode innspel til arbeidet med å utvikle ein funksjonell kravspesifikasjon, og på den andre sida stimulere leverandørbedriftene til utvikling og innovasjon. Pilotprosjektet er i første omgang knytt til Eid omsorgssenter, men moglege løysingar må og vere eigna til å bli installert i eksisterande bygg. Dermed opnar det seg ein ny marknad med stort potensiale. Nærare om behovet ved Eid omsorgssenter Meir enn 80 % av bebuarane i sjukeheim er personar med demenssjukdom og det vert rekna med at prosentandelen vert auka i dei komande åra. Dagens varslingssystem i sjukeheimar dekker ikkje trongen for tryggleik og sikkerheit for bebuarane, då dei fleste personer med demenssjukdom har vanskar med å bruke alarmløysingane. Derfor er det viktig å tilpasse hjelpemidla slik at dei fungerer for målgruppa. Det er viktig å forstå behova for samhandling knyttet til oppfølging av bebuarane, både i forhold til journalsystem og alarmsystem. Eid kommune er bestiller av forprosjektet, og aktiviteten er bl.a. motivert av behovet for å lage ein kravspesifikasjon i høve bygging av nye Eid omsorgssenter som skal stå ferdig i 2016. Kommunen planlegg også omfattande utbygging av omsorgssenteret fram mot 2025, og kunnskapen som kjem fram i prosessen vil og påverke val av løysningar for dei nye prosjekta. Eid kommune skal gjennomføre eit innkjøp av framtidsretta varslingssystem i samband med nye Eid omsorgssenter, men systema må også kunne installerast i eksisterande bygg. Vidare ønskjer kommunen innspel til mobile løysingar som kan vere knytt til heimane, men koordinerast frå ein driftssentral på omsorgssenteret. Eid omsorgssenter skal bli ein sjukeheim for personer med demens og somatiske sjukdomar, og skal i første omgang byggas ut med 40 bu-einingar. Fram mot 2025 reknar ein med at omsorgssenteret er bygt ut med totalt 100 plassar for heildøgns omsorg og pleie.
Organisering Prosjekteigar: Eid kommune Samarbeidspartnar: Sogn og Fjordane NHO/KS Nasjonalt program for leverandørutvikling/regionalt program i Styringsgruppe Rådmann Ørjan Raknes Forthun, Kommunalsjef Kari Krogh Kommunalsjef Rune Engeseth Kommunalsjef Elin Leikanger Kommunalsjef Harald Siversen Prosjektgruppe Kommunalsjef Kari Krogh Kommunalsjef Elin Leikanger Avd. leiar Sølvi Nesbakk Ryland Avd.sjukepleiar Heidi Munch Starheim Driftssjef Tore Nyhammer-Taklo Prosjektleiar Torfinn Myklebust Gjennomføring av pilotprosjektet Eid kommune vil i samarbeid med NHO/KS Nasjonalt Program for leverandørutvikling og det regionale programmet i Sogn og Fjordane invitere til en open dialogkonferanse for interesserte produsentar, leverandørar og eventuelt andre. Formålet med dialogkonferansen er å informere om kommunen sine behov og utfordringar knytt til bruk av Velferdsteknologi og automasjon, samt informasjon om programmet og den vidare gjennomføring av prosessen. På denne måten ønskjer kommunen å få meir klarhet i kva leverandørane kan tilby, og på den andre sida får leverandørane høve til å utvise innovasjon og kreativitet for å tilby alternative og nye teknologiske løysingar. Dialogkonferansen kan og vere ein arena der bedriftene kan finne moglege samarbeidspartnarar. Dette skal gje grunnlag for ein meir framtidsretta kravspesifikasjon enn den ville blitt utan dialog. Firma som ønskjer å vere med vidare kan i etterkant av dette dialogmøte sende inn ein skriftlig omtale av korleis dei best kan løyse behovet og utfordringane (ikkje meir enn 4 A4-sider) og gje kommunen gode råd i anskaffelsesprosessen. Det er ønskjeleg at dei løysingsforslag som blir presentert er omtalt på eit overordna og funksjonelt nivå. Idear som kjem fram i denne prosessen vil bli kunne brukt i både utarbeiding av kravspesifikasjonar og i seinare anskaffelser.
Deretter vert dialogkonferansen sin del II gjennomført (sjå tidsplan nedanfor) der alle interessentar vert invitert til dialogmøter ein til ein for å presentere sine innspel munnleg og opne for dialog om utfordringar og moglege løysingar. Målet er å få best mogleg kunnskap om kva som er mogleg og kva som er tilgjengeleg av alternative løysingar for Velferdsteknologi og automasjon for sjukeheimar. Det er også mogleg for leverandørane å sende inn ein omtale som svar på kommunen sine behov og utfordringar innan utløp av fristen, utan å delta på dialogkonferanse I eller II. Foreløpig tidsplan 07.mai 2014 Dialogkonferanse på Nordfjordeid 29. mai 2014 Frist for levering av innspel og påmelding ein til ein møter 10.juni 2014 Ein til ein møter 17.juni 2014 Utarbeiding av kravspesifikasjon juli 2014 Utlysing av konkurranse Agenda dialogkonferanse 07.mai 2014 Eid rådhus, kommunestyresalen, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid 10:30 Kaffi og rundstykker 11:00 Velkomne ved ordførar Alfred Bjørlo (V) 11:10 Kort om program for leverandørutvikling v/ Tore Andre Sines og Siri L. Stavang, NHO 11:25 Orientering om planer og bygging av Eid omsorgssenter v/ prosjektleiar Torfinn Myklebust, prosjektleiar 11:45 Behov for velferdsteknologi og automasjon v/rambøll Norge AS, Anita Woll og Håkon Gissinger 12:05 Pause (mulighet til å knytte kontakt med potensielle samarbeidspartnere) 12:35 Arbeidskvardagen på sjukeheim v/rådgjevar Annr Ruth Botn Bjørlo, Eid kommune 12:50 Underlag for innspel frå leverandører v/ Håkon Gissinger 13:00 Spørsmål og diskusjon 13:30 Vegen vidare Representantar frå Eid kommune og Rambøll Norge AS vil vere til stades for nærmare spørsmål frå den einskilde leverandør fram til kl 14:30. Her vil det også vere mulighet til å knytte kontakt med potensielle samarbeidspartnere. Påmelding til dialogkonferansen 07.mai 2014 sendast til torfinn.myklebust@eid.kommune.no seinast 02.mai 2014. Vi ber om at det i påmeldinga vert opplyst om namn, firma og kontaktinformasjon. Presentasjonar frå dialogkonferansen del 1 vil vere tilgjengelig på www.leverandorutvikling.no i etterkant, saman med eit underlag som omtalar behova nærmare. Skriftlege innspel frå leverandørar samt påmelding til ein til ein møter sendast innan 29.mai 2014 på e-post til torfinn.myklebust@eid.kommune.no
Det blir utarbeidd eit underlag for leverandørane til dialogkonferansen 07.05.14 som vil vere tilgjengelig på web i etterkant. Vi oppmodar likevel til aktiv dialog, då dette erfaringsmessig gjev størst utbyte, både for kommune og leverandørar.