Tertialrapport 2 tertial 2015 for Balestrand kommune Rådmannen
TERTIALRAPPORT 2. tertial 2015, periode 8/2015 1. Innleiing Det skal leggast fram rapport om rekneskapen i høve til budsjett og den kommunale verksemda etter 1. og 2. tertial i budsjettåret. I samband med tertialrapporten skal ein vurdera trongen for budsjettendringar. Det vert då i hovudsak lagt vekt på budsjettendringar som ligg utanfor det mynde og det høvet som administrasjonen har til å omdisponera gitt i økonomireglementet. 2. Samandrag og framlegg til budsjettendringar
Oversyn viser eit forventa mindreforbruk i år kr 796.000. Tiltaka innan ressurskrevjande brukarar viser eit stort meirforbruk. Det er usikkert kor mykje det i realiteten er mogeleg å hente inn att. Det vert føreslege budsjettendring, og tiltaket vert fylgt opp. I høve til ressursbruk innan Flyktningetenesta vert det ikkje teke stilling til auka ressursbruk no, men ein kjem attende til sak om flykningar til kommunestyret i november. 3. Drift vurdering ansvarsområde Ansvar 800 Skatt/rammetilskot/finansiering Pensjonskostander: Kommune har i september motteke oppdaterte prognose som syner kva kostnad som skal rekneskapsførast i 2015. Ser ein heile kommunen under eitt, viser prognosen ein redusert kostand i høve budsjett på kr 160.000. Samla er det i 2015 budsjettert utgift på kr 12.999.000. Teneste 84011 Rammetilskot, skatt på inntekt og formue samt eigedomsskatt: Ein er ikkje kjed med vesentlege avvik i høve justert budsjett. Teneste 25411 Tilskot ressurskrevjande tiltak. Forventa auke med kr 2.000.000, jamfør kommentarar til ansvar 276/278. Integreringstilskot flykningar: Det er hittil budsjettert med integreringstilskot for 2015 på kr 3.332.000. Dersom ein legg inn tilskot for totalt 14 nye flykningar i 2015 vil tilskotet truleg bli på 4.364.000. Det er då rekna med ekstra tilskot for flykningar som kommune var oppmoda om å ta i mot på kr 75.000. Forventa meirinntekt i 2015 kr 1.032.000. Vertskommunetilskot, konsesjonsavgift og konsesjonskraftinntekter : Forventa inntekt som budsjettert kr 20.400.000, kr 1.920.000 og kr 3.317.000. Teneste 32113 Heimfall: Kommunen sel 35 GWh til spot-pris med eit lite tillegg budsjettert inntekt i 2015 kr 1.200.000. Netto inntekt per september er på kr 512.000. Den låge prisen på straum har ført til at kommunen har hatt negativ inntekt i månadene juni september med kr 110.000. Sjølv med ein god auke i straumprisen dei siste 3 månaden av året, vil det vera vanskeleg å oppnå budsjettert inntekt. Det vert gjort framlegg om å redusera budsjettert inntekt med kr 200.000.
Teneste 87011 Renter/utbytte og lån: Kommunen sine rentevilkår på innlån og bankinnskot er i det vesentlege knytt til 3 mnd. NIBOR med påslag. 3 mnd. NIBOR har i gjennom året vore fallande og er no på om lag 1,1%. Den låge renta vil medføra følgjande : o Reduksjon i renteinntekter kr 175.000 o Reduksjon i renteutgifter kr 134.000 o Reduksjon i avdrag på lån grunna seint låneopptak kr 423.000 o Reduksjon i aksjeutbytte frå Sognekraft AS etter vedtak i generalforsamling kr 125.000. Samla redusert utgift kr 257 000. Teneste 88011 Disposisjonsfond: Unytta integreringstilskot på kr 432.000 blir avsett til disposisjonsfond. Ansvar 100 Politiske organ og kontrollorgan Det er ikkje venta vesentlege avvik på dette ansvarsområdet. Ansvar 120 Rådmann/fellestenester Budsjettområdet vart ved 1. tertial styrka med kr 150.000 for å dekke utgifter knytt til kommunereforma., prosjektnummer D0115. Det er hittil utgiftsført kr 47.265. Det er i året hittil ikkje nytta midlar til juridisk hjelp, budsjettert kr 100.000. Det vert føresett å nytta desse utgiftene på ansvar 275 Pleie og omsorg. Forventa mindreforbruk kr 100 000. Ansvar 190 Tilleggsløyvingar På dette ansvaret er det budsjettert med heilårsverknad av sentralt og lokalt lønsoppgjer både i 20014 og 2015, årslønsauke 3,5, totalt kr 6,800.000, samt kr 300.000 til løn 3 lærlingar. Det er gjennomført budsjettendring som fordeler kostand med sentralt og lokalt lønsoppgjer 2014 i 2015 med kr 3.180 000. Sentralt lønsoppgjer i 2015 vart mykje rimeligare enn budsjettert og det er gjennomført budsjettendring med kr 828.700. I tillegg vart avsetnad redusert med kr 500.000 ved 1. tertial. Det er no gjennomført lokale forhandlingar for 2015 med kostnad rekna til kr 291.000. Forventa mindreforbruk kr 2 000 000 Ansvar 200 Oppvekstkontoret Teneste 20211 Grunnskule: Auke i kostnadar på tilbod til elev i anna kommune saman med utgifter til grunnskuleelvar i frå Balestrand som går på ungdomsskule i Høyanger medfører ein ekstra kostnad utover budsjett på om lag kr 80.000 Teneste 21311 Vaksenopplæring: I 2015 har kommunen mista grunntilskot på kr 560.000 til undervisning i norsk og samfunnskunnskap. Då kommune ikkje har motteke
refusjonskrav frå Høyanger kommune for opplæring til framandspråklege, er det usikkert om tilskot pr. capita er høgt nok til å dekke denne kostanden. Teneste 28513 Kringsjå leirskule: Etter at ein i 2015 har tilsett ein pedagog i 70% stilling, har ein noko overforbruk på faste stillingar ved leirskulen. Ein arbeidar med å avgrensa denne meirkostnaden. Trass dette må ein rekne med eit meirforbruk på kr 100.000. Forventa meirforbruk kr 180.000 Ansvar 210 Sagatun skule Det er fatta vedtak om tiltak som krev full stilling som miljøarbeidar, auke utgift til spesialpedagogikk, kostnadsrekna til kr 250.000 for hausthalvåret. Det vil vera trong for kjøp av tolketenester når skulen har møte med minoritetsspråklege foreldre, kostnadsrekna til kr 10.000. Forventa meirforbruk kr 300 000 Ansvar 211 Fjordtun oppvekstsenter Det er ved oppvekstsenteret kjøpt inn ny multifunksjonsmaskin for å erstatta gamal skrivar og kopimaskin, kostnad kr 23.000.. Grunna auke i tal born, er bemanninga ved oppvekstsenteret oppjustert med assistent i 37% stilling i september t.o.m. desember, kostand kr 48.000. Det er forventa auke i eigenbetaling brukarar med kr. 65.000. Det er ikkje venta vesentlege avvik på dette ansvarsområdet. Ansvar 212 Nesse oppvekstsenter Det er venta auke i eigenbetaling SFO og barnehage med kr 90.000 Det er ved oppvekstsenteret kjøpt ny multifunksjonsmaskin til kr 16.400.. Forventa mindreforbruk kr 75 000 Ansvar 220 Sagatun barnehage Det er på ansvaret ei feilbudsjettering i høve løn og refusjon sjukeløn. Framskrive rekneskap for 2015 viser likevel eit mindreforbruk i høve til budsjett på kr 150.000. Dette kan endra seg dersom det blir søkt inn fleire born før årsskifte eller det melder seg fleire som har rett på redusert brukarbetaling.. Forventa mindreforbruk kr 150 000 Ansvar 230 PPT kontoret Stillinga ved kontoret er redusert frå 100 til 80% frå oktober. Forventa innsparing vil bli nytta til å betale auke kontingent kommunalt samarbeid med kr 35.000. Det er ikkje venta vesentlege avvik på dette ansvarsområdet
Ansvar 250 Kulturskulen, 260 Bibliotek og 262 Kultur Ansvar 270 Legekontoret, 271 Helsestasjon og 272 Fysioterapeut Ansvar 275 Pleie og omsorg På ansvarsområdet er det utgiftsført kostander til juridisk bistand så langt med kr 170.000. Dette er kr 110.000 over budsjett. Budsjettert bruk blir å sjå i samanheng med budsjettert utgift på ansvar 120 på kr 100.000. Forventa meirforbruk på kr 100 000 Ansvar 276 Omsorg Helsetunet og 278 Heimeteneste/rehabilitering Ansvar 276 og ansvar 278 teneste hjelp i institusjon og hjelp i heimen må ein sjå i samanheng då same personell bli nytta fleire plasser. Det er frå eininga stipulert meirugift i høve budsjett på mellom kr 2.775.000 3.100.000. Meirkostanden er i hovudsak forklart med naudsynte ekstra tiltak kring brukarar, og periodar med høgt sjukefråvær. Kommunen vil få refundert deler av meirforbruket gjennom tilskot for ressurskrevjande tiltak, førebels kalkulert til kr 2.000.000. Forventa meirforbruk på kr 3.000.000. Ansvar 277 Spesialomsorg PU og 295 Barnevern Ansvar 296 NAV Det er venta at kommunen vil ta i mot 14 flykningar i løpet av 2015. Ved 1. tertial vart difor området styrka med kr 974.000 for å gje tilbod til dei kommunen då viste ville koma. I tillegg er no 50% stilling tilsett ved NAV kontoret definert inn under arbeidet med flykningar. Det er no venta at dei 3 siste flykningane vil koma. Det er rekna at ansvarsområdet då må styrkast ytterligare med kr 600.000. Styrkinga skal dekke kostander med støttekontaktar, innbu, husleige, tolketeneste, introduksjonsløn, sosialhjelp m.m. Det vert frå NAV-leiar signalisert at det må tilførast meir ressursar i form av stillingar til tenesta, helst 50% no og ytterligare styrking i 2016. I budsjettet for 2016 er det lagt inn 100% styrking. Forventa meirforbruk kr 600 000.
Ansvar 300-390 Planområde tekniske tenester Budsjettområda er vurdert og ein kan ikkje sjå dei store avvika. Det vert likevel gjort merksam på følgjande: 330-32913 Naturforvaltning: Det er ikkje budsjettert med kostand med deltaking i Ytre Sogn vassregion stipulert ti kr 35.000. 350-leigeinntekter: Det er samla budsjettert med leigeinntekter på kr 2.910.000. Per no kan det sjå ut til at det denne inntekta er over budsjettert med om lag kr 40.000. 4. Investering vurdering investeringsprosjekt Rådmann er ikkje kjend med vesentlege avvik i høve rekneskap og budsjettramme for dei einskilde prosjekt. Det kan likevel vera avvik i høve årsbudsjettet. Det vil bli lagt fram eiga sak for kommunestyret for å justera årsbudsjettet i høve til framdrift på investeringsprosjekta.