Korleis kan me synleggjera verdiane våre slik at dei vert spegla i vår daglege praksis?

Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Månadsplan for Hare November

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Velkomen til Mork barnehage

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDBOK GRUPPELEIING

Bærekraftig utvikling

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Informasjonshefte Tuv barnehage

Kvalitetsplan mot mobbing

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST


Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Velkommen til foreldremøte

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg?

Øystese barneskule April - 08

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Psykologisk førstehjelp i skulen

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Valdres vidaregåande skule

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Årsplan Hvittingfoss barnehage

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Samansette tekster og Sjanger og stil

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

mmm...med SMAK på timeplanen

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Virksomhetsplan

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

5. Soknerådsmøte mai Referat

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Vi utvikler oss i samspill med andre.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Skjema for eigenvurdering

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

«Ny Giv» med gjetarhund

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Halvårsplan haust Avd. Mosepjusken

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Transkript:

Korleis kan me synleggjera verdiane våre slik at dei vert spegla i vår daglege praksis?

1. Kvifor jobbe med verdiar, normer og kultur i barnehagen? Lov om barnehager 1, Formål: Merknad: Med danning, menes det som skjer i barnets samspill med omgivelsene, og den oppdragelsen som skjer i barnehagen - Danning er normer, verdiar og haldningar me har og dei handlingane me gjer. - Danning er ein kontinuerleg prosess som går føre seg i samspel mellom menneske. Å rsplan mal for dei kommunale barnehagane i Stord kommune. Prosjekt 1 : «Frå å følgje i mors fotspor, til å tre inn i Einsteins sitt univers». På veg frå ein folkeleg oppdragarkultur, til ein nyskapande deltakingskultur i Tjødnalio barnehage. I spenningsfeltet mellom tradisjonelt overført kunnskap/kultur og fantasiens uendelege moglegheiter, ligg vårt utviklingspotensiale i høve til den profesjonelle pedagogiske vaksenrolla vår. (2012-2014) Prosjekt 2: «Lille speil på veggen der» Speglar personalet vårt, våre uttalte verdiar i si daglege praksis med barna? (2014-2015)

2. Bakgrunn for vårt prosjekt? Elisabeth Ianke Mørkeseth stiller sin artikkel «Læringskultur i barnehagen, i møtet mellom «folkelig oppdragelseskultur og førskolelærernes fagkultur» spørsmål ved om personalet «systematisk vurderer om egen praksis og kultur bidrar til å fremme verdier som er ment å danne grunnlaget for deres virksomhet.» i samsvar med intensjonen i Rammeplanen som seier at barnehagen skal vera ein pedagogisk institusjon der dei vaksne vert trekt fram som rollemodeller med: «eit særleg ansvar for at barnehagens verdigrunnlag etterleves i praksis. Refleksjoner over egne verdiar og handlingar skal inngå i personalets pedagogisk drøftingar. Barnehagen må systematisk vurdera om egen praksis og kultur bidreg til å fremme verdiane som skal ligge til grunn for verksemda.» (KD; 2011a s.12) Mørkseth hevdar at det kan sjå ut som at oppfatningar av kva som er godt og mindre godt i barnehagen sin praksis ikkje systematisk vert knyta til det formelle grunnlaget for verksemda, men til det dei tilsette bring med seg i ryggsekken. Er det slik hos oss og? Kan me gjera noko for å endre dette?

3. Vår hypotese? Ved å kunne skille mellom våre personlege/individuelle verdiar og utarbeide eit sett med felles profesjonelle/kollektivt uttalte verdiar i vår barnehage, kan me bygge ein felles plattform under visjonen vår. Dette kan bidra til å ufarleggjera dei faglege diskusjonane i barnehagen, då diskusjonen ikkje lenger vil vera personleg, - knyta til kva den enkelte synst, trur eller meinar, men tek utgangspunkt i personalet sin samla faglege kompetanse og erfaringar. Dette meiner me kan opna for deltakande prosessar, som kan utvikla ein nyskapande deltakingskultur som opnar opp for nye kreative utviklingsprosesser og reflekterte faglege vurderingar. I ein lærande organisasjon legges vekten i følgje Qvortrup på omgrepa: Kompetanse er evnen til å løyse oppgaver i ulike siutasjonar. Kompleksitetshåndtering handler om å handtere ein oppgave annleis dersom sitasjonen endra seg. Kreativitet handler om omlæring som ikkje berre dreier seg om å løyse ein oppgave annleis, men som handler om å vurdere selve verdigrunnlaget som oppgaven kviler på Me må stadig utvikle vår kompetanse slik at me kan handtera det som oppstår i dagleg barnehagepraksis.

4. Problemstilling: 1. Kan me gjennom samarbeid og drøftingar i personalgruppa synleggjera og konkretisera våre profesjonelle og uttalte verdiar. = Kollektive verdiar? (Hausten 2013) 2. Kan me med utgangspunkt i våre profesjonelle og uttalte verdiar legge eit grunnlag for ein nyskapande deltakingskultur som opnar opp for kreative og faglege utviklingsprosessar, og dermed ta ansvar for at intensjonen i vår eiga visjon: - «Alle får strekka seg så langt dei kan» og barnehagen som ein lærande organisasjon vert spegla i vår praksis? (Våren 2014.)

5. Vegen framover: Steg 1: Fordi mine personlege verdiar speglar seg i personlegheita min, er det viktig at eg sjølv er medvitne om desse. Mine verdiar -> Mine haldningar -> Mine handlingar. (Det individuelle nivået) Steg 2: Er det alltid samsvar mellom personlege verdiar og barnehagen sine verdiar? Personleg <-> Profesjonell. (Det kollektive nivå) Steg 3: Korleis bør Stord kommune sine verdiar og barnehagen sitt verdigrunnlag komme til syne overfor barna, foreldra og kollegaer i vår barnehage? Mål: For å legge verdigrunnlaget som må til for å kunne utvikle ein nyskapande deltakingskultur i Tjødnalio barnehage, må me utarbeide eit sett med felles verdiar som støttar opp om visjonen vår, og som er forankra i nokre felles yrkesetiske val. Delmål: Ved å stimulera evna til refleksjon kring våre profesjonelle/kollektive verdiar og målsetnader, får me definert og konkretisert vår pedagogiske plattform i høve til visjonen vår. - Gjennom kreative utviklingsprosesser og faglege vurderingar kjem me fram til handlingsprinsipp/teikn, slik at eg som vaksen kan få betre høve til å omsette våre profesjonelle/kollektive uttalte verdiar til levde verdiar i barnehagekvardagen.

6. Prosess: Steg 1 og 2. Me hadde gjennom 2012-2013 hatt fokus på vaksenrolla i barnehagen, spesielt knyta opp til pedagogrolla slik den vert forstått i Reggio Emilia filosofien. I denne filosofien vert alle vaksen anerkjent som «pedagogar» ut frå ei forståing om at alle som jobbar med barn sett spor i barnet, difor må desse vera kompetente og medvitne om korleis deira handlingar/mangel på handlingar påverkar enkeltbarn og har innflytelse på barnegruppa. Intensjon: Frå å sveve på kvar vår planet, til å samle oss i det same solsystem, kring ei felles ledestjerne Me har i forkant av hovudprosjektet vårt, identifisert dei viktigaste personlege verdiane som er rådande hos kvar enkelt medarbeider, - rangert frå 1 til 4.

7. Prosess: Steg 3. Da våre handlingar bygg på våre verdiar og haldningar, ville me gjennom vårt prosjekt forsøke å trekke nokre linjer mellom dei rådande verdiar i personalgruppa, og knyta desse opp til vår eiga visjon og utvalgte verdiar med grunnlag i lov om barnehager: «Tjødnalio barnehage, barnehagen der alle får strekka seg så langt dei kan.» Om me sjølv får definerar våre profesjonelle og uttalte verdiar, vil det vera meir sannsynleg at me på sikt kan omskapa desse til våre levde verdiar, noko som vil spegla seg i ein nyskapande deltakingskultur, då alle vaksne vert anerkjent for sin kompetanse og vil vite kva som er forventa av dei som profesjonelle vaksne i Tjødnalio barnehage. Individuelle verdiar Lov om barnehager Reggio Emilia Stord kommune

8. Prinsipp i arbeidet vårt: Våre verdiar sett opp mot Stord kommune sin kultur og verdi plakat: Det var viktig for oss at dei verdiane me kom fram til skulle forsterke og underbygge verdiane til Stord kommune, men samstundes knyte saman verdiar som kjem til syne i lov om barnehager fordi desse utgjer samfunnsmandatet vårt. Ønsket var ikkje å utearbeide eit sett med verdiar som skulle komme i tillegg eller som eit alternativ til stord kommune sine verdiar, målet vårt var å knyte desse samen slik at me kan jobba heilthetleg og målretta for innfri forventninga i vår eiga visjon og visjonen til Stord kommune. Stord kommune: «Saman om utvikling og velferd.» Nyskapande, open, kompetent og brukarorientert (Kollektive verdiar knyta til å vera tilsett i Stord kommune). Tjødnalio barnehage: «Barnehagen der alle får strekke seg så langt dei kan.» Positivitet, Engsjement Respekt, Likeverd, og Omsorg. (Kollektive verdiar knyta til å vera tilsett i Tjødnalio barnehage)=> P-E-R-L-O i Sagvåg Me oppdaga eit potensiale for å utarbeide eit sett med verdiar knyta til personalet sine sosiale arrangement; Raus, Opplagt, Latter, Praktfull og Entusiastisk. For det er viktig å R-O-L-P-E litt innimellom

Kvifor positivitet som grunnhaldning? Det ligg mykje positivt i å sjå moglegheiter. Me vert løysingsorientert og det skapar eit rikare arbeidsmiljø fordi me legg tilrette vår eigen kvardag og finn dei beste løysingane til ein kvar tid Me vågar å prøve, og me trur me får det til Me gir og tek ansvar, og gleder oss over andre sin suksess. Me lærer ved å reflektere over eigne og andre sine erfaringar, og me veks gjennom å utveksle idear og spele på lag med kvarandre Det kan komme mykje godt ut av å ha fokus på det me faktisk gjer, framfor det me ikkje rakk. Eg vert glad når eg ser kva eg har fått til og den positive haldninga speglar eg ut til andre. Alle er gode på noko. Eg får betre sjølvkjensle av å få til noko, og betre sjølvkjensle kan føre til at eg klarer meir. Fokuserar eg på det eg er god til, kan eg utvikle meg og bli enda betre. Smil smittar og latter er forløysande. Humor er viktig og å le saman me kvarandre gjer godt både fysisk og psykisk. Viktig å tru at alle, - barn, foreldre og kollegaer, kan og vil. Når eg inkluderar til medverknad skapar det engasjement. Slik kan me spela på lag med kvarandre og og utvikle idear saman. Forventningsavklaring er nyttig. Det eg kan gjera noko med vert det eg fokusera på, framfor alt eg ikkje kan gjer noko med. Eg bruker energien min på gode og hensiktsmessige tiltak. Når eg deler idear og tankar med andre, oppstår det ofte ein idemyldring og nye løysingar der me kan trekke ut det me vert einige om å jobbe vidare med. Fleire hovude tenker oftast betre enn eit.

Kultur: Det er ein nokså utbreid oppfatning at ein sterk kultur er eit viktig komponent for å lykkast (Strand, 2010) Mest vanleg er det å definera verdiar, uttrykke visjonar, lage rettningslinjer for samarbeid og atferd innad og utad, og å gjera organisasjonen gjenkjenneleg og karakteristisk ved erklæringar, logoar og andre ytre kjenneteikn. Vår filosofi: I samsvar med vår visjon; «Alle får strekka seg så langt dei kan», ser me på barnet som eit individ som heile tida strekker seg både oppover, framover og utover, - frå det nære og konkrete, til det vide og meir abstrakte. Som eit symbol på denne tenkinga har me valt regnbogen. For som med regnbogen er det ikkje berre ei gullgryta ved enden som lokkar som eit fortryllande og glitrande mål. Borna sine oppdaginga, opplevinga, læring og undring undervegs, -oppover, framover og utover, er det som leiar dei mot nye erfaringar, innsikt og forståing på deira livslange læringsferd.

Tankar etter studie tur til Tallinn: Kan verdiane våre kan tilpassast den same tenkinga som progresjonsplanen? Engasjement- Fellesskapet Likeverd- Vera saman/ Inkludering Respekt Ta vare på Omsorg - Relasjonar Syn på læring: kan me forsterke tenkinga kring regnbogen til meir enn berre farger og progresjon. Me kom fram til at premisser for god læring, kan symboliserast gjennom regnbogen: Forventning om mestring eit grunnleggande premiss for læring (Guro Øiestad) Utfordring Støtte Undring, læring og forståing + = Høge forventningar om mestring Tilpassa utfordringar Tydeleg verbal tilbakemelding på Stimulera til undring arbeidsinnsats og førebuing Stille spørsmål ved, =utdjup Synleggjer framgang Godt sjølvbilete Autentisk mestringsoppleving Kritisk refleksjon (James Nottingham)

Stimuleringsplakaten: Er eit arbeidsverktøy for personalet, som er bygd opp kring ein del kartleggingsverktøy som TRAS, MIO; og ALLE MED. Me anerkjenner kartleggingsverktøy som ein måte å skisera den forventa generell utviklinga til barn høve til alder og fagområde. Men så tenker me : At skal barnet har forutsettning for å kunne det som kartleggingsverktøya meiner er aldersadekvat, så kviler ansvaret på oss som vaksne om å gje dei god og målretta stimulering. Stimuleringsplakaten vert slik ein vegleiar for personalet, som dei står fritt til å velje metode i høve til. Plakaten heng i kvart grupperom, og seier og noko om kva lærings materiale rommet bør innehalde.

Me tenker at ved å gjera våre mål, profil og rammer tydelege for alle, kan me velje ut og avgrensa oss til nokre arbeidsområde for kvar aldersgruppe. Det vert slik ein samanheng og progresjon i det pedagogiske opplegget vårt frå år til år. Me sikrar barnet ein kontinuerleg vekst og utvikling frå 1 årsalderen fram til 6 års alderen, fordi barnet sine tidlegare erfaringar supplera eller støtter opp under dei nye erfaringane dei gjer seg. KAP 1 Omsorg Alder Mål: Å la borna få utvikla sine evner i eit trygt og godt læringsmiljø, saman med engasjerte born og vaksne 5 år Fadderordning Hjelpe til 4 år Fellesskap Oppleve at det høyrer til ei gruppa 3 år Vennskap Uttrykka seg gjennom fleire ulike «språk» 2 år Samspel og relasjonar Ta eigne valg 1 år Gode møte og avskjedsrutinar Trygg ramme Individuelle behov vert stimulert Variasjon mellom aktivitetar, konsentrasjon og kvile Eiga vogn i vognhuset Eg lærer noko nytt heile livet. Eg strekkjer meg oppover og utover jo meir erfaring og forståing eg får om alt kring meg. Tiltak/Metode Syne omsorg for dei som er yngre Aktiv deltakande ut frå modning Deltakande prosessar Gruppe identitet Tilgang til fellesareal, valfrie aktivitetar og val av venner på tvers av alder og modning Faste vaksne på gruppa Eige grupperom Arbeid med estetiske fagområde, utvider barnet sitt høve til å uttrykke seg Rom for samspel i store og små grupper. Nyttar fleire rom inne og ute i barnehagen Barnet får etter kvart fleire val i høve til aktivitetar og rom Stimuleringsplakater Skapa rom for utveksling av informasjon mellom foreldre og barnehage i det daglege. Faste vaksne på basane Fast dagsrytme Vaksne både for Litlebasen og Store basen tilstade morgon og ettermiddag Eigne rom spesielt tilrettelagt for dei yngste. Godt rom for stell og kvile

Det fysiske læringsmiljøet: Me har nytta mykje tid på å utforme eit godt tilrettelagt leike og opphaldsareal for dei minste, både inne og ute. Sidan blått er den innerste fargen i regnbogen, har me nytta denne som hovudfarge på Luren, 1-3 år.

Det fysiske læringsmiljøet: Me har nytta mykje tid på å utforme eit godt tilrettelagt leike og opphaldsareal for basen, og gruppene. Sidan grønt er den neste fargen i regnbogen, har me nytta denne som hovudfarge på Huldragruppa sitt rom, 3-4 år.

Det fysiske læringsmiljøet: Me har nytta mykje tid på å utforme eit godt tilrettelagt leike og opphaldsareal for basen, og gruppene. Sidan gult er den nest ytterste fargen i regnbogen, har me nytta denne som hovudfarge på Tussagruppa sitt rom, 4-5 år.

Det fysiske læringsmiljøet: Me har nytta mykje tid på å utforme eit godt tilrettelagt leike og opphaldsareal for basen, og gruppene. Sidan raudt er den ytterste fargen i regnbogen, har me nytta denne som hovudfarge på Trollgruppa sitt rom, 5-6 år.

Foreldremøte med fokus på foreldremedverknad Det vart gode innspel, diskusjonar og idear som vart fylte rommet. Alle idear er teke vare på, og vert bearbeida inn mot dei ulike merkedagane våre framover, slik at desse vert vidareutvikla i samsvar med foreldra sine innspel.

Lille speil på veggen der: Presentasjon av utviklingsarbeidet i basane kring spørsmålet: Speglar personalet våre verdiar i si daglege praksis med barna? Utviklingsarbeidet synar våre erfaringar kring bruk av handlingsprinsippa me har utarbeid i eit tidlegare prosjekt «Frå å følgje i mors fotspor, til å tre inn i Einstein sitt univers», som eit utgangspunkt for kritisk tenking, refleksjon og utviklinga av ein vår barnehagen som lærande organisasjon: Storebasen: Verdi; Omsorg. Hypotese; Me seier ja til barnet sitt innspel, og har ein grunn for å sei nei som me alltid forklarer barnet slik at det får mulighet til å forstå kvifor det ikkje går. Litlebasen: Verdi; Respekt. Hypotese; Me setter grenser på ein tydeleg og positiv måte, med respekt for barnet.

Me sette av tid i veke 10, til tidsrom der aktivitetane var lite vaksenstyrt; Inne: kl. 08.15-09.15 og Ute: kl. 12.00-14.30 Storebasen: I Tjødnalio barnehage har me eit brukarorientert personale som synar omsorg gjennom evne til å: * Sjå individet * Støtte individet * Skape tryggleik * Vera tilstade her og no * Vera romslege Storebasen tok utgangpunkt i handlingsprinsippet : Eg meiner at for å vera ein vaksen som synar omsorg må eg: «Våga å sei ja til barnet sitt innspel, og ha ein god grunn for å sei nei. Eg forklarer alltid barnet slik at det forstår kvifor det ikkje går denne gangen.» Verdi; Brukarorientert/Omsorg. Hypotese; Me seier ja til barnet sitt innspel, og har ein grunn for å sei nei som me alltid forklarer barnet slik at det får høve til å forstå kvifor det ikkje går. Gjennomføring: Me lagde eit registreringsskjema som me nytta kvar dag. Skjemaet var delt i 4 deler: 1. Stad 2. Ja, - satte strek for kvart ja 3. Nei,- satte strek for kvart nei, og skreiv ned spørsmålet og kvifor me svarte nei, - for seinare å kunne reflektera kring situasjonen og sjå om det var noko me kunne endra. 4. Alder og kjønn. Er det forskjell i spørsmåla til jenter/gutar, og kva dei spør om?

Prognose: Me hadde tippekonkurranse før me byrja, i høve til kor mange spørsmål me ville få, og kor mange me ville svara ja / nei på. Me tippa 150 spørsmål til saman, og at me ville svara nei til 25. Om prognosen slo til, ville me feira med ei JA kake på pauserommet. Gjennomgang av resultata: Me samla saman alle utfylte skjema og gjekk gjennom desse på basemøte. Alle deltakarane deltok på møtet Vart det fleire ja-spørsmål enn nei- spørsmål? ja det var det me fekk fleire spørsmål inne enn ute? Kva kunne vera årsak til dette? - Me diskuterte og reflekterte kring problemstillinga, og kom fram til at det generelt er færre regler ute enn inne, og at det er eit større område ute, og dei regler som gjeld ute er tydelege og forståelege for barna. I tillegg har kvar vaksen eit større areal å dekke opp ute enn inne, og skjille mellom dei ulike områda/rom er meir open ute enn inne. - Kva svarte me nei på ute: - Yngre barn spurte om å få gå utanfor gjerdet: Det er berre dei eldste som får lov til dette). -> Greitt å forklare, og barnet forsto og godtok svaret. - Servicespørsmål: Kan du hente Kari til meg her til reila? -> Den vaksen passa på reila, barnet henta sjølv leikekameraten. - Sjølvstendetrening: Barnet spør om den vaksne kan løfte bøtta med vatn, og den vaksne ser og forklarer barnet, at det klarer det sjølv. Ser at barnet har kontroll, og barnet trenger meistringserfaring. Rose barnet si handling.

Kva svarte me nei på inne: - Overgang/ byte mellom romma: Kan eg få gå på..? Den vaksne svarte det var fullt på rommet. -> Barnet godtok og forsto svaret. - Dagsrytmn som avgjorde svaret: Det er snart morgon møte, ikkje tid til å ta fram putene -> Barnet godtok og forsto svaret. Kan det i nokre av desse situasjonane ver rom for å sei ja? Servicespørsmål: Der barnet spør oss om hjelp eller ei teneste. Me bør svara ja av og til. Me ønskjer jo me skal hjelpe kvarandre og vera gode medmenneske -> Me bør vurdera situasjonen betre, og stille spørsmål om eg i denne situasjonen faktisk kan samarbeide og hjelpe barnet, sjølv om eg veit at barnet kan meistra situasjonen sjølv. Det hender jo rett som det er at me ber barna om å hente noe til oss når me jobbar saman, t.d. kan du hente ei saks til meg? Då forventar at barnet skal hjelpe oss, sjølv om me kan klare å hente saksa sjølv. Det kan difor vera viktig å sei t.d: Så kjekt at eg fekk hjelpa deg med å løfte bøtta, den var veldig full, du har samla mykje vatn. Overgangar mellom aktivitetar: Kort tid for oss vaksne kan vera lang tid for barnet. Me skal ha morgonmøte om 15 minuttar, og barnet vil leike med puter. I staden for å nekte barnet å leike, kan me forklare barnet rammene kring aktiviteten akkurat no; Det er ikkje så lenge til ryddetid, men du kan leike med putene til me skal rydde saman om 15 minuttar (evt. visa barnet tida på klokka i rommet) Overgangar mellom rom: Er «fullt» alltid avhengig av tal på barn som leikar på eit rom? Me bør vurdera og sjå kva som føregår på rommet barnet vil inn på. Det er ikkje alltid berre talet på barn som er i rommet, men kva for leik som føregår i rommet frå før, og avklare spørsmålet med den vaksne som er i rommet. Svarar den vaksen ja, må me stole på at det går bra. Skulle rommet ikkje vera ledig må den vaksne hjelp barnet med å finne på ein aktivitet i det rommet som barnet er i.

Korleis gjekk prognosane? - Me fekk tilsaman 158 spørsmål - Me svarte ja til 145 spørsmål - Me svarte nei til 13 spørsmål Det vart JA- Kake på pauserommet Kven spurte nei-spørsmåla? 11 nei svar til jentene. 2 nei svar til guttene. Det er 10 gutar og 22 jenter på Storebasen. Erfaringar me tek med oss vidare: Alle er vorte meir medvitne om kva me svarar når barnet spør. Me er kanskje på nippet til å svara nei, men tenkjer oss om, og prøver å finne ei løysing som medfører at barnet kan gjera det barnet har ønskje om. Det er ikkje alltid det går, men som oftast er det mogeleg. Me ønskjer å jobbe med fleire slike små utviklingsarbeid. Me har delt erfaringar, reflektert og funne løysingar i saman med kollegaene våre. Dette ønskjer me å gjera meir av, og me har erfart at det ikkje er farleg å dele erfaringar og reflektera over hendingar som skjer kvar dag i barnehagen vår. Me vert meir motiverte og opne for kvarandre. Me ønskjer å vera tydelege og varme vaksne som yte omsorg slik at barnet i barnehage tek initiativ og ser moglegheiter for aktivitetar som støtter positiv utvikling.

Litlebasen: Prosjektperiode: Veke 12. Observasjonsgrunnlag: 2 barn, Mg3 og Lg2. Hypotese: «Me vaksne på Luren sett grenser på ein tydeleg og positiv måte, med respekt for barnet.» I forkant av utviklingsprosjektet hadde me ein forventingsavklaring i høve til å reflekterte me over ein del spørsmål om kva me legg i omgrepet «Positiv grensesetting.»: - Kva tenker du er uønskt åtferd? - Er det tider på dagen du sett meir grenser enn andre? - Har lik handling ulike «sanksjonar» for ulike barn? - Kva gjer du konkret når du sett grenser for eit barn? - Kven av barna synst du at du set mykje grenser for? - Kva legg du i positiv grensesetting? - Kva tenker du er utfordringa med å sette grenser på ein tydleg og positiv måte? Prosjektet vart utført i veke 12, og me gjennomførte observasjonar av grensesettingssituasjonar for dei to observasjonsbarna. Me hadde på førehand bestemt kva dagar den enkelt vaksen skulle vera observatør og notera ned praksisfortellingar frå det ein hadde observert. Det var mange situasjonar kvar einaste dag i perioden, og 11 av dei vart skrive ned.

Då me gjekk gjennom observasjonane for å sjå korleis me sett grenser og sanksjonerer barna i praksis fant me mykje positivt. Me fann mellom anna: - Vaksne som forklara kvifor ein ikkje kan gjera som ein gjer, og involvera barnet til refleksjon over handlinga ved å spørja dei om / føreslå kva dei kunne gjort annleis. - Vaksne som set seg ned til barnet si høgd og snakkar saman med barnet med forståing og respekt. - Vaksne som innhentar mest mogeleg informasjon ved å spørja og konferer med dei andre vaksne/barna om kva som har hendt (dersom ein ikkje sjølv har fått med seg utgangspunktet for situasjonen.) - Eit tydeleg handlingsmønster i grensesettingssituasjonar: Dei vaksne stopper barnets negative handling først trøster og tek seg av barnet som er utsatt for den negative handlinga konfrontera/involvera barnet som har utført handlinga og forsøker å skape ein dialog/refleksjon kring deg som hendte. - Vaksne som prøver å forklare så langt det gå, åtvare om kva konsekvensar barnet handling får om han/ho ikkje sluttar, og som grip inn dersom det er behov for det. Gir tips, anbefalingar, åtvaringar, og varsel om sanksjonar ut frå barnet si alder og modning. - Vaksne som vegleiar, oppmuntrar og irettesetta. Gjennom perioden la me merke til å vårt fokus på grensesetting for Lg2, ikkje berre var positivt, men forsterka den uønskte åtferda hans. Detter ein gut som me opplever søkjer mykje merksemd og 1 til 1 kontakt med dei vaksne. Det verkar som han ikkje bryr seg så mykje om korleis han oppnår merksemd, berre han får ein vaksen på tomannshand. Erkjenninga gjorde oss meir medvitne om å oversjå enkelte ting, støtte dei positive innspela, og heller fokusera på å hjelpe han inn i leiken med dei andre barna. Me veit at dei vaksne sin kjensler kan farge reaksjonen og måten ein handtera grensesituasjonen på. Me er glade i barna og bryr oss om kvar enkelt, og når noen gjer andre vondt, rører det oss. Me forstår ikkje alltid kvifor eit barn gjer som det gjer og me kan verta frustrert og reagera før me får tenkt oss om.

Det er vanskelegare å halde roen og vera tolmodig når det er mykje som skjer samstundes, men det er lettare å handtera situasjonen dersom ein får med seg heile handlingsforløpet. Då forstår me betre, og vert tryggare på den handlinga me har observert, slik at reaksjonen vår står i betre samsvar med handlinga og vert meir direkte og presist uttalt. Gjennom prosjektet har me på Luren/litlebasen vorte meir samkøyrte og medvitne om korleis me reagera og handtera ulike situasjonar på. Me har reflektert kritisk og diskutert mye saman, og me har funnet eit felles grunnlag for meiningar og verdisyn. Me har vore opne med kvarandre og blitt trygge nok til at me kan stille spørsmål utan at nokon kjenner seg krenka, - og dette gjeld ikkje berre kring grensesettingssituasjonar. Konklusjon: Ut frå hypotesen vår kan me ikkje komme med ein endeleg konklusjon, men dette utviklingsprosjektet har satt i gang eit tankearbeid og ein kritisk refleksjon over vår eiga praksis som har vorte til ein måte å jobbe på i kvardagen her hos oss. Me må alltid stille spørsmål ved grensesettingssituasjonar. Ingen barn er like, ingen situasjonar er like. Som vaksne er me i ein maktposisjon i høve til barna og må vera spørjande til dei avgjersler me tek og dei handlingar me utfører i kvar enkelt situasjon for å sikra at me tek vare på barnet sine rettar, perspektiv og deira beste til ein kvar tid. Det er her me ønskjer å vera; Alltid stille spørsmål, slik at me kan reflektera og utvikle oss saman i eit forsøk på å bli betre enn me er i dag.