Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: 04.12.2012 Tid: 13:30



Like dokumenter
Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Nasjonale føringer og krav

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer Lillian Levang Medlem FAG

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Kommunestyret. Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato:

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

1. Mål med samhandlingsreforma

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Medlem Medlem. Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer Anne Mette Hjort-Jensen Momrak

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Særavtale til tenesteavtale 8 Kjøpav beredskap for følgjeteneste ved svangerskap og fødsel. Sauda kommune

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer Kjell Sverre Thoresen Medlem SP

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tid: 13:00 14:45

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tid: 13:00 14.

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Hamaren Næringshagen Dato: Tid: 14:00

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

i6c)( Melding om vedtak - Tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring - skuletilbod høyringsuttale

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer - Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer -

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Rådet for eldre og funksjonshemma. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Knut Storøygard Nestleder AP

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Helse- og sosialutvalet

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Forslag frå fylkesrådmannen

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Fylgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Olav Gisle Noraberg Leiar AP Tone Irgens Veum Medlem SP Anne Mette Hjort-Jensen Medlem

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Tenesteavtale 8. Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF. Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Forstudie Næringshage i Vinje

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Aurland kommune Rådmannen

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

«Ny Giv» med gjetarhund

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Transkript:

Fyresdal kommune Møteinnkalling Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: 04.12.2012 Tid: 13:30 Forfall meldast til sentralbordet på tlf. 35 06 71 00. Varamedlemmer møter bare etter nærare varsel.

Saksliste Utvalssaksnr PS 19/12 RS 66/12 Innhald Referat og meldingar Rundskriv frå KS Lukka møte(x) RS 67/12 Tilsettingssak - ID 237, 14% assistent, kjøkken X PS 20/12 PS 21/12 PS 22/12 Søknad om permisjon for å ta opp stilling utanom kommunen. Heimelsnr. 2762 Svar på søknad om permisjon - Elisabeth Taraldlien Jordmortenesta i Fyresdal Fyresdal, 27.11.12 Olav Gisle Noraberg utvalsleiar Eva Greivstad utvalssekretær

PS19/12Referatogmeldingar RS66/12RundskrivfråKS RS67/12Tilsettingssak-ID237,14%assistent,kjøkken

Fyresdal kommune Arkiv: 240767 Saksmappe: 2012/1509-2 Saksbeh.: Berit Ramsvatn-Kemp Dato: 27.11.2012 Saksframlegg Søknad om permisjon for å ta opp stilling utanom kommunen. Heimelsnr. 2762 Utval Utvalssak Møtedato Administrasjonsutvalet 20/12 04.12.2012 Endeleg vedtaksrett i saka har: Administrasjonsutvalet Dokument i saka: Søknad om permisjon. Bakgrunn for saka: Anne Veum er tilsett som sjukepleiar i 100% stilling ved avd. for Pleie og omsorg. Ho har fenge tilbod om stilling i Fyresdal ambulanse og har søkt om 2 år permisjon frå stillinga i Fyresdal kommune f.o.m. 01.02.2013. Anne Veum har grunna helsemessige årsakar ikkje arbeidd i stillinga ho er tilsett i ved Pleie og omsorg inneverande år. Ho har i staden arbeidd i ei deltidsstilling ved avd. Helse; visar til Tilsetjingsutvalsmøte 30.11.11, saksnr. 11/1463. Anne opplever arbeidsoppgåvene ved avd. Helse som mindre belastande for hennar helse. Anne vil, slik stoa er nå ikkje kunne kome attende til avd. for Pleie og omsorg, og avdelinga har alt funne vikar for perioden fram. Tilsettinga i avd. Helse er tidsavgrensa til 31.01.2013. Vurdering: Slik stoa er nå kan Fyresdal kommune ikkje tilby Anne ei intern attføring til 100% stilling med oppgåver som er i samsvar med hennar behov med bakgrunn i helsesituasjonen. Fyresdal kommune sitt permisjonsreglement gjev tilsette som har hatt fast tilsetting i kommunen i minimum 4 år rett til 2 års permisjon utan lønn for å ta opp stilling hjå annan arbeidsgjevar. Konklusjon: Anne Veum sin søknad om 2 år permisjon utan løn er heimla i permisjonsreglementet og vert i- møtekomen. Innstilling frå rådmannen: Anne Veum sin søknad om 2 år permisjon utan løn vert i-møtekomen. Ketil O. Kiland rådmann Berit Ramsvatn Kemp hms-konsulent

Fyresdal kommune Arkiv: 210673 Saksmappe: 2012/1508-2 Saksbeh.: Eva Greivstad Dato: 27.11.2012 U.off. ihht: Offl. 13, fvl 13. nr 1 Saksframlegg Søknad om permisjon - Elisabeth Taraldlien Utval Utvalssak Møtedato Administrasjonsutvalet 21/12 04.12.2012 Endeleg vedtaksrett i saka har: Administrasjonsutvalet Dokument i saka: Søknad om permisjon frå Elisabeth Taraldlien Bakgrunn for saka: Elisabeth Taraldlien har søkt om 20% permisjon i eit år med fyljande begrunnelse: "Skal vere med å starte treningssenter i Fyresdal, og vil ha ei deltidsstilling der." Vurdering: Avdelingsleiar Linda Berge seier at dei klarer å dekke opp desse prosentane ved at andre tilsette får auka stilling i denne perioden, det skaper difor ikkje store problem for arbeidsgjevar. Innstilling frå rådmannen: Elisabeth L. Taraldlien får innvilga 20% permisjon i perioden 1.1.13 31.12.13. Ketil O. Kiland rådmann Eva Greivstad personalkonsulent

Fyresdal kommune Arkiv: G24 Saksmappe: 2011/1089-4 Saksbeh.: Ketil O. Kiland Dato: 25.10.2012 Saksframlegg Jordmortenesta i Fyresdal Utval Utvalssak Møtedato Arbeidsmiljøutvalet 21/12 03.12.2012 Administrasjonsutvalet 22/12 04.12.2012 Kommunestyret Endeleg vedtaksrett i saka har: Kommunestyret Dokument i saka: St.meld. nr. 12 En gledelig begivenhet om en sammenhengende svangerskapsfødsels- og barselomsorg Stortingsmelding 47: Samhandlingsreforma Utviklingsstrategi for jordmortjenesten Tjenestekvalitet og kapasitet Helsedirektoratet Delavtale om jordmortjenesten avtale mellom kommunane i Telemark og ST HF Hovudprosjekt Jordmortenesta i Vest-Telemark. Kommunestyresak 36/11, Jordmortenesta i Vest-Telemark. Evalueringsrapport Telemark; Jordmor i farta(75 sider). Vedlegg: 1 Notat om jordmortenesta i Fyresdal 2 Brev frå statssekretær R. Kåss 3 Statistikkar frå januar til september Bakgrunn for saka: Helseføretaka fekk frå 1. januar 2010 ansvaret for følgjetenesta og beredskapen for gravide med ein overgangsordning på 2 år fram til 1. januar 2012. Ei slik organisering skulle sikre ein best mogleg heilskap i tenesta for brukarane og skape tryggleik for gravide som har lang reiseveg til fødeinstitusjon. Det heiter vidare at det skal lagast avtaler mellom helseføretaka og kommunane som sikrar ei felles utnytting av jordmorressursane i kommunane, deriblant beredskap for følgjeteneste. I Kvalitetskrav frå Helsedirektoratet blir det sagt: Beredskap i sammenheng med følgetjenesten innebærer organisering av vaktberedskap med kvalifisert helsepersonell. Tjenesten skal omfatte en reel mulighet til å følgje for eksempel kvinner i aktiv fødsel og gravide med risikotilstander til fødeinstitusjon Vidare står det: Vaktberedskap med tilbod om vurdering av om kvinnen er i aktiv fødsel eller av andre årsaker har behov for vurdering vil kunne forhindre unødvendige transporter og transportfødsler. Det legges til grunn et behov for en døgnkontinuerlig vaktberedskap og følgetjeneste der det er halvannen times reisevei til fødestedet. Dette er en veiledende grense. For å sikre at gravide og

fødende i helseforetakenes ansvarsområde har en forsvarlig følgetjeneste kan det være nødvendig for foretakene å inngå avtaler med kommuner om en lokal beredskap. Departementet føresette at jordmorberedskap og følgjeteneste skulle bli oppretthalde på dagens kostnadsnivå. I Vest-Telemark før 2012 har det ikkje vore ei fagleg og arbeidsmessig forsvarleg beredskapsteneste. Slik har den samla sett vore underfinansiert. I samarbeid med Sjukehuset Telemark HF har 5 av Vest-Telemark kommunane prøva ut ein vaktberedskap med felles base på DPS i Seljord. Prosjektet kom i gang i januar og skal vare ut 2012. Det har vore eit eige prosjekt under Jordmor der mor bor, som er eit overordna prosjekt med Tinn kommune. Telemarkforsking har evaluera prosjektet under tittelen Jordmor i farta!. I sin konklusjon skriv dei blant anna: I Vest-Telemark var det tidligere en løsning for kommunejordmødrene som ikke var holdbar. Det synes umulig for Vest-Telemark å gå tilbake til en modell hvor tilbudet til den gravide i kommunen er prisgitt kommunejordmorens oppofrelse og livsfase. Jordmorsamarbeidet er imidlertid avhengig av et visst antall kommuner for å kunne tilby en velfungerende vaktberedskap. Dersom noen kommuner ikke skal inngå i det videre samarbeidet vil det være nødvendig å vurdere hvilke alternativer kommunen har for å innfri nasjonale krav og føringer for en helhetlig svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg. Det er nødvendig at tjenesten er robust og ikke avhengig av enkeltjordmødre. Fyresdal har meldt at dei vurderer å gå inn i eit samarbeid med Nissedal og Sørlandet Sjukehus HF. Det er på gang eit arbeid med å få til avtaler mellom partane. I prosjektperioden 2012 skulle ein sjå på: Felles vaktberedskap. Vaktturnus og ressursbruk. Ulike type svangerskapskurs. Poliklinikk for barselomsorg. Brukarundersøkingar. Framtidig finansiering av følgjeberedskap. Organisasjonsform og tilsetjingar. Felles journal mellom sjukehus og kommunane. Faglig samarbeid m.m. Telemarksforsking har allereie svart på ein del av desse spørsmåla i sin rapport. Ein vel difor å konsentrera seg om: Vaktturnus og ressursbruk. Framtidig finansiering av følgjeberedskap. Organisasjonsform og tilsettingar. Vurdering: Spørsmålet/saka er vurdert ut frå følgjande mål i økonomiplanen for 2012-2015/måla i budsjettet for 2012 i sektor for helse og omsorg der det heiter; god kvalitet i tenestane med aktivt fagmiljø. Samhandlingskoordinatoren si vurdering: Prosjektet hadde vore i gang eit halvt år då Telemarksforsking (TF)sette i gang si evaluering. Ein hadde difor eit lite datagrunnlag og få respondentar. Men TF er likevel klåre på at det bør vera eit vidare samarbeid med bakgrunn i fagleg forsvarleg beredskap og forsvarlege arbeidstidsordningar for jordmødrene.

Ein har utarbeidd statistikkar for perioden januar til og med september, som syner bruken av jordmortenesta. Det er ca. 20 færre personar som har termin i 2012 enn snittet til vanleg er samla for disse kommunane. Framtidig finansiering av følgjeberedskap Det har vore møte og brevutveksling mellom statssekretær i HOD, Robin Kåss, sjukehusets leiing, politikarar og samhandlingskoordinator om kva slags økonomiske forpliktingar det ligg i at helseføretaka fekk ansvaret for følgjetenesta. Kåss presiserar i sitt brev: Fra 1. januar 2010 fikk regionale helseforetak ansvaret for å finansiere beredskapen for følgetjenestane der det er behov for dette (dvs. vaktberedskap før selve ledsagelsen skjer). Når det gjelder finansieringa over trygden (selve ledsagelsen) er denne frå 1. januar 2012 også lagt til regionale helseforetak. Vaktturnus og ressursbruk Modellane som er lagt ved er basert på drift ved DPS eller heimeberedskap. Ved ein heimeberedskapsordning kan berre 2 og 2 kommunar samarbeide (men felles helg for alle på DPS). Fødande i Kviteseid og Seljord kan til dømes ikkje vente på jordmor frå Tokke før dei reiser til sjukehuset. Heimeberedskap er ikkje mindre kostnadskrevjande for kommunane enn stasjonær vakt ved DPS. I eit samarbeid med 4 kommunar har ein fleire jordmorressursar å nytte, noko som har synt seg viktig i prosjektperioden. To kommunar hadde ikkje hatt beredskap for sine fødande frå prosjektets start (grunna sjukemeldingar), dersom dei andre kommunane/jordmødrene ikkje hadde teke på seg ekstra arbeid. Ein bør likevel i nær framtid sjå på korleis ein nyttar ressursane samla sett i disse kommunane. Ein går ikkje inn i vurderingar her, men legg fram nokre spørsmål som kommunane bør sjå på vidare: Størrelse på stillingane til vakt og svangerskapskontrollar. Kommunar med mange fødande har like stor ressurs til svangerskapskontrollar som dei mindre kommunane. Samarbeid over kommunegrenser om kontrollar? Kan ein endre på vaktbelastninga? Sjå på turnusar der sume har meir vakt og andre har meir kontrollar? Felles kommunejordmor? Kva med ressursar til barselomsorg? Skal arbeidstidsordningane vera dei same i ein framtidig beredskap som i prosjektet? Organisasjonsform og tilsettingar Det er viktig at arbeidsgivaransvaret for jordmødrene blir avklart ved ein vidare beredskap. Når ein har bestemt seg for ein modell, så bør ein også arbeide vidare med disse spørsmåla. Ein kan halde fram med at kvar kommune er arbeidsgjevar i og med at dei også er tilsett i kommunane. Lønna blir utbetalt frå kommunane med refusjon frå sjukehuset. Sjukehuset er arbeidsgjevar og kommunane refunderar for sin del av tenesta. Vertskommunemodell. I eit større samarbeid bør ein vurdere at ein av jordmødrene har ei leiarstilling av beredskapen som sjukehuset, kommunane og jordmødrene kan vende seg til. Dette er kjem fram i evalueringa til TF, men også i kontakt med andre jordmorberedskap (bl.a. i Otta), at det er naudsynt med ei lokal leiing. Ein bør velje ein modell der det er distriktsjordmødrene som i hovudsak utgjer beredskapen. TF skriv i sin rapport:

Det er viktig å se svangerskapsomsorg, følgetjeneste og oppfølging i tidlig barseltid under ett i distriktene. Å arbeide som jordmor langt frå nærmeste sjukehus krever en noe annen type interesse, kompetanse og egenskaper enn å arbeid som sykehusjordmor. Distriktsjordmoren er i mye mindre grad med på selve fødselen, men bistår derimot mer i svangerskaps- og barselstjenester. Samtidig vil en slik jordmor ofte være involvert i fødselens tidlige forløp, og er i større grad overlatt egen kompetanse og erfaring med tanke på medisinske vurderingar og avgjørelser. Konklusjon frå samhandlingskoordinatoren: Vest-Telemark kommunane er alle innanfor kvalitetskrava til følgjeteneste der den rettleiande grensa er på 1,5 time. Helsedirektoratet seier også: Ingen jordmor alene utgjør en jordmortjeneste. Helse- og omsorgsdepartementet har gjort det klart at det er helseføretaket som har ansvaret for finansiering av beredskap og følgjeteneste. Det har ikkje kome friske midlar til sjukehuset til ei beredskapsteneste. Då departementet bestemte at ansvaret for følgjeberedskap skulle bli overført til sjukehuset, gjekk dei ut i frå at det allereie var beredskap ut i distrikta. Slik at det har i utgangspunktet vore ein underfinansiert ordning som sjukehuset skulle overta. Eit fullverdig tilbod i heile Telemark vil koste sjukehuset ca 4-4,5 millionar. I eit tid der sjukehuset skal spare inn 200 mill over 3 år, vil dei måtte snu fleire steinar. Det er difor viktig av kommunane å velje ein modell, der ein framleis har styring over eigne ressursar som jordmødrene er. Skal ein greie å rekruttere og behalde jordmødrer i framtida, så må ein kunne tilby dei ordna arbeidstilhøve som let seg kombinere med det å ha eit familieliv. Ein kan ikkje sjå at kommunane har anna alternativ enn å samarbeide for å få til dette. Kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje bør velje ein beredskap, tilsvarande det som har vore i prosjektperioden, for å få til ein mindre sårbar teneste. Ein bør også ha ei 20% stilling som leiar for beredskapen slik at sjukehuset, kommunane og jordmødrene har ein person å vende seg til. Modell 2 vil gje ein forsvarleg fagleg og arbeidsmessig beredskap. Ved at kommunane betalar halvparten av beredskapsdelen til jordmorstillinga i beredskap ca 160 (320 i dag), vil kommunane spare 30 % stilling, i tillegg til at dei har hånd om eigen jordmor. Sjukehuset må dekkje 215% stilling og dekkje all drift (inkludert vikarar etc). Sjansen for at sjukehuset vil kunne spare midlar ved å leggje beredskapen til Skien er difor liten i høve til å velje Modell 1. Rådmannens vurdering: Vi har tre moglege modellar. 1. Vakt/følgeteneste lagt til vår eiga jordmor som i dag. 2. Vakt/følgeteneste samordna med Vest-Telemark og sykehuset Telemark HF (STHF). 3. Vakt/følgeteneste samordna med Nissedal kommune og Sørlandets sykehus HF (SSHF). Dei gravide i Fyresdal har i liten grad nytta tilbodet som er gitt gjennom vaktsamarbeidet som er utprøva i Seljord siste året. Det kan vere fleire årsaker til dette, men jordmora i Fyresdal har ikkje kunne deltatt i samarbeidet dei 10 første månadane av prosjektet og gravide har også gitt uttrykk for at dei ynskjer jordmortenesta mest mogleg lik slik den har vore. For dei fødande har ordninga som ho nå har vore med jordmor med full beredskap i kommunen ved alle fødslar vore den aller beste. Denne ordninga kan vanskeleg halde fram da det er dei færraste jordmødre som i dag vil ha ein heilårleg beredskap aleine og det vil bli svært vanskeleg å rekruttere ny jordmor på sikt. Å basere seg på kun ei jordmor i teneste vil ved sjukdom, permisjonar etc. kunne stille oss i ein vanskeleg situasjon. Sjølv om ein nok ville få hjelp kan ein

ikkje vente at andre vi tildegare har sagt nei til å samarbeide med skal stille opp når vi sjølv treng det. Før vaktsamarbeidet vart sett i gang var ordninga udelt positiv også frå fagleg side i Fyresdal. Grunngjevinga for dette var ein meir forutsigbar arbeidssituasjon der ein lettare kunne skilje mellom arbeid og fritid. Eg meiner det ikkje er forsvarleg å halde fram med å legge ei så stor arbeidsbyrde på ein tilsett som ordninga hittil har vore. Slik eg vurderer saka vil det både på kort, men og på lang sikt vere uheldig om kommunen kjem i ein situasjon der vi driv fullt ut som før. Eg syner og til Helsedirektoratet som seier: Ingen jordmor alene utgjør en jordmortjeneste. Elles viser eg til vurderingar gjort av Telemarksforsking. Da finnes da etter mitt syn to alternativ att: 1. Halde fram i eit Vest-Telemark-samarbeid med felles vaktberedskap der beredskaps/følgetenesten heilt eller delevis blir finansiert av STHF, der samhandlingskoordinatoren har foreslått ei deling av kostnadane mellom deltakande kommunar og STHF for å halde på størst mogleg stillingar ute i kommunane, som er viktig og avgjerande for å sikre rekrutteringa. Eg går ikkje vidare inn på Telemarksmodellen da denne er godt belyst i saka av samhandlingskoordinatoren. Ulempa med modellen er at ein får ein vaktberedskap som tidlegare vart utøvd frå bustad, men som etter ny modell blir flytta til Seljord. Uansett kva samarbeidsmodell vi vel så vil nok dei fødande kunne oppleve eit dårlegare tilbod enn det vi har i dag. Ved å dele vakt med jordmor i Nissedal eller i Seljord vil dei fødande periodevis måtte vende seg til ei jordmor som ikkje har opphaldsstad i Fyresdal. Jordmora i Fyresdal er tydeleg på at ho ikkje ynskjer denne Telemarkmodellen jf. vedlegg. 2. Gå i eit samarbeid med SSHF (Sørlandsmodellen) med eit vaktsamarbeid med Nissedal kommune. Fyresdal kommune høyrer beredskapsmessig til AMK-sentralen knytt til Sørlandet sykehus (SSHF). Difor tingingar saman med Nissedal og kommunane i bla. Setesdal for å få til ei felles avtale med SSHF. Eg gjer merksam på at sykehuset Arendal ikkje er eit fullverdig fødesjukehus og går under nemninga "Fødestuer". Dei fødande som etter seleksjonskriteriane blir vist til "Fødeavdelinga" må reise til Kristiansand elle Skien. I Sørlands-modellen er det enda ikkje klart om det er SSHF som tar kostnadane med følgetenesten dersom andre sjukehus enn Arendal blir valt av den fødande eller at det oppstår komplikasjonar som medfører at t.d. fødsel skjer i Kristiansand. I tillegg minner eg om at det også ved fødslar er fritt sjukehusval. Jordmorstillinga i Fyresdal er nå på 75%. I Nissedal er stillinga på 25%, men blir truleg utvida til 80% om kommunestyret går inn for eit samarbeid med SSHF. Jordmora i Nissedal har i dag 50% stilling ved Arendal sjukehus og vil ikkje ta heile vaktberedskapen, dvs. at vakt/følgetenesten i Nissedal kan bli delt på to jordmødre. Fordelen med dette er at vaktberedskapen/følgetenesten da blir delt på tre jordmødre som kan vere ein styrke beredskapsmessig. Ulempene med denne modellen er at ein ikkje nå veit kven den tredje jordmora er, men eg er kjent med at det gjeng føre seg ein dialog mellom Nissedal kommune og jordmor som bur i Åmli. Ei vaktsamarbeid med Nissedal vil da truleg bli fordelt på tre jordmødre. Om Fyresdal hadde valt eit vaktsamarbeid i Vest-Telemark ville vaktsamarbeidet blitt fordelt på fem

jordmødre og ein lettare tilgjengeleg vikarbank gjennom STHF. Grunngjevinga for dette er at det vil vere lettare å rekruttere vikar frå sjukehuset inn i eit større vaktsamarbeid med gode lokalitetar enn om jordmødrene skal vikariere for kun to kommunar utan tilfredstillande lokalitetar å opphalde seg i. Med eit samarbeid mot Sørlandet vil vi bli meir sårbare ved sjukdom og ved rekruttering av ny jordmor når den tid kjem, grunna mindre fagmiljø og større vaktberedskap. I Sørlandsmodellen er den økonomiske modellen klar. Sørlandets sjukehus HF overfører kr 300.000,- til kommunane som da har krav på seg til å ha eiga vakt/følgeteneste. I denne modellen er det føresett at kommunejordmødrene for dei kommunane det gjeld (Nissedal, Fyresdal, Bykle, Valle, Bygland, Sirdal og Åseral) når dei ikkje har beredskap ute i kommune skal hospitere på eit av sjukehusa tilsvarande ei veke i året. Dette kan vere positivt for at jordmødre i småkommunar da vil få kontakt med eit større fagmiljø og få erfaring frå fleire fødslar. I tillegg kan denne kontakten vere positiv ved rekruttering av jordmødre ute i distrikt med direkte kontakt i eit miljø med mange tilsette jordmødre. Køyretida vil for delar av Fyresdal vere kortare til Sykehuset Telemark enn til Sykehuset Arendal. For store delar av kommunen vil køyreavstanden vere nokså lik til dei to sjukehusa. Svangerskapskontroll vil for båe alternativa fungere som før, men også her ville det kunne vere viktig å vere ein del av ein størst mogeleg vaktberedskap som kan trø hjelpande til ved sjukefråvær, permisjonar etc. Konklusjon: - Ut frå ei vurdering der beredskap og rekruttrering er svært viktig ville eg gjerne ha tilrå Telemark-modellen. - Ut frå å på sikt kunne rekruttere ny jordmor, men særleg med omsyn til å ta vare på og gje ei forutsigbar arbeidssituasjon for jordmor som i dag har stillinga kan eg ikkje tilrå å halde fram med løysinga vi har i dag. - Ut frå ei heilskapleg vurdering der alle forhold så og økonomi og jordmor si eiga tilråding finne eg å kunne gå for Sørlandsmodellen. Innstilling frå rådmannen: - Kommunestyret går inn for Sørlandsmodellen og ber rådmannen halde fram med tingingar med Nissedal og SSHF om ein framtidig vaktordning/følgeteneste. Dersom dette ikkje skulle føre fram er det framleis mogleg for kommunen å bli med i eit vidare samarbeid i Telemarksmodellen og rådmannen legg då fram ny sak for kommunestyret for endeleg avgjerd. Ketil O. Kiland rådmann

NOTAT Jordmortenesta i Fyresdal Frå jordmor Ågot Takle, 19.11.12 Helseføretaka fekk frå 1. januar 2010 ansvar for følgjetenesta og beredskapen for gravide med ei overgangsordning på 2 år fram til 1. januar 2012. Ei slik organisering skulle sikre ein best mogleg heilskap i tenesta for brukarane, og skape tryggleik for gravide med lang reiseveg til fødeinstitusjon. I rapporten frå samhandlingskoordinator i Vest-Telemark er det uttalt at "før 2012 har det ikkje vore ein fagleg og arbeidsmessig forsvarleg beredskapsteneste. Slik har den samla sett vore underfinansiert." Helsedirektoratet seier også: Ingen jordmor alene utgjør en jordmortjeneste." I Fyresdal meiner eg denne tenesta har vore fagleg fullt ut forsvarleg, men at den i det daglege har vore bindande og til tider upraktisk sidan eg alltid har vore aleine med vaktansvaret. Med rundt 15 gravide i året har det likevel vore ein akseptabel arbeidssituasjon. Ein støtteordning med hjelp frå ambulanse/ lege ved «akutt behov» for fri, eller eit mindre omfattande vaktsamarbeid enn dagens ordning i Seljord, vil likevel gjere denne aleinevaktordninga betydeleg lettare. For fødande i Fyresdal er ordninga med vakt i Seljord eit heilt klart tilbakeskritt, og meldingane om dette er sterkare enn forventa. I vaktperiodane mine i Seljord føler dei utrygghet når eg er så langt borte, både for kontroll og fylgje. Når eg har fri, tar dei likevel kontakt med meg på telefon med spørsmål eller ved fødsel. Dei føler det utrygt og unaturleg å reise heilt til Seljord for kontroll eller evt. fylgje til sjukehuset i Skien, og tar i staden direkte kontakt. I nokre tilfelle er det vanskeleg å seie nei, og vise dei til vakta i Seljord. I andre tilfelle er fødselen allereie i gang, og difor fagleg uforsvarleg å sende dei til Seljord sjølv om det er med ambulanse. Det er og ein omveg for alle som bur sør for Veum å reise om Seljord når ein skal til Skien. Ambulansevegen går over Gautefall, og det er svært sjeldan ambulansane vel å køyre om Seljord. I tillegg er det fleire fødande som ynskjer seg til Arendal. Er det hastverk er det både raskare å køyre til Arendal, og behagelegare pga. høgare vegstandard. Ved å køyre sørover kan ein velje Arendal/Skien ved Tjønnefoss. Eg har lita tru på at det vil vere lettare å rekruttere nye jordmødrer til Fyresdal med ei ordning med inn til 68 timar samanhengande vakt på ein vaktsentral i Seljord, 8 mil frå heimstaden og i tillegg utan sosialt eller fagleg fellesskap i vaktperioden. Arbeidet som jordmor i eit distrikt som Fyresdal er og blir ein livsstil, og dette omfattar heile familien. Til tider har det vore slitsamt for barn og mann, men når alternativet er å være borte frå heimen i lengre vaktperiodar, er den gamle ordninga likevel betre særleg med tilgang på «reserveløysingar». Det vil difor vere positivt med eit samarbeid med Nissedal, slik som Valle og Bykle har i dag. Er dette ikkje mogleg å få gjennomført i fyrste omgang, er det for jordmor i Fyresdal likevel betre å gå tilbake til den gamle ordninga med vakt 5 døgn før ultralyd termin, evt. 7 døgn før som i Valle/Bykle. Dette vil være trygt for kvinnene, fagleg absolutt forsvarleg, og til å leve med for jordmor.