BJØRNEFJORDEN KOMMUNE



Like dokumenter
Intensjonsavtale for ny kommune. Forhandlingsutvala i kommunane Fusa og Os

? Foto: Simen Soltvedt?

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

«Nordhordland kommune»

Avtale mellom Fitjar og Stord kommunar om kommunesamansla ing

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

«Nordhordland kommune»

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Intensjonsavtale om kommunereform i Sunnhordland

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

SOGN driftig raus ekte

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Kommunereforma. Balestrand 4. mars 2015 Kåre Træen

Folkemøte Presentasjon av intensjonsavtalar Rådmann Oddbjørn Ese

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Kvinnherad kommune. Særutskrift : Kollektivtilbodet i Kvinnherad - Skyss. Fellestenester Informasjonsavdelinga

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

PROTOKOLL Forhandlingsutvalet

Kommunereform. Ope møte i Volda

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Intensjonsavtale for NY kommune mellom Sveio og Haugesund

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden og Gulen kommunar

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND FREDAG 12. DESEMBER 2014 KL

HVA ER EN INTENSJONSAVTALE?

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Referat frå folkemøta:

Forslag frå fylkesrådmannen

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune


MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 3-2,

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Plan for overgangar. for barn og unge

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Rapport. Arbeidsgruppe sparepakke 3 Administrasjon

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/15 Drifts- og miljøutvalget PS Plan- og økonomiutvalget Kommunestyret Administrasjonsutvalget

NY Landkommune arbeidsnotat økonomi

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

MØTEBOK Tysnes kommune

Mandat kommunereformen i Lesja og Dovre kommuner

Strategisk plan F o r H e l g e l a n d L a n d b r u k s t j e n e s t e r

Transkript:

BJØRNEFJORDEN KOMMUNE Intensjonsavtale for ny kommune forhandlingsutvala i kommunane Fusa, Os og Tysnes Versjon 1: Arbeidsutkast til møte onsdag 16. mars Versjon 2: Revidert arbeidsutkast etter møte onsdag 16. mars Versjon 3: Revidert arbeidsutkast etter fagseminar Rosendal 14 og 15 april Versjon 4: Revidert arbeidsutkast etter møte mandag 25. april Versjon 5: Revidert Intensjonsavtale datert 3. mai 2016 Versjon 6: Endeleg versjon datert 9. mai 2016 Foto: S. S. Endeleg versjon datert 9. mai 2016

1 Innleiing 2 Visjon 3 Mål 4 Føresetnader 5 Prinsipp for politisk organisering 6 Prinsipp for tenestilbod og kompetanse 7 Kommunalt eigarskap 8 Kommunikasjon og transport 9 Kommunikasjonsstrategi for reformprosessen 10 Kva må det takast standpunkt til før 1. juli 2016 11 Framdriftsplan 2

1 Innleiing Intensjonsavtalen gjeld for kommunane Fusa, Os og Tysnes. Avtalen tar for seg oppgåver som kommunane allereie løyser og ser også på rom for utvikling og fordeling innan ein fusjonert Bjørnefjorden kommune. Avtalen byggjer på føresetnaden om likeverdige partar. Målet er at ein ny kommune skal skape ein meirverdi for innbyggjarane i dei tre kommunane innafor gode økonomiske og miljømessige rammer, og innan rammene av eit velutvikla og sterkt lokaldemokrati. 1.1 Nokre nøkkeltal Fusa Os Tysnes Total Innbyggjartal 3 876 19 742 2 797 26 415 Areal 377,83 km 2 139,56 km 2 255,12 km 2 772,51 km 2 Befolkningstettleik 10,26 per km 2 141,46 per km 2 10,97 per km 2 34,2 per km 2 1.2 Økonomisk status pr.1.1.2016 Ekspertutvalet for kommunereforma opererer med eit sett av ti kriterie som dei tilrår at alle kommunar gjer vurderingar etter. Det femte kriteriet er økonomisk soliditet. Tabell under viser nøkkeltal som utgangspunkt for økonomisk status per i dag. Inntekter (Kostratal) Fusa Os Tysnes Ny kommune Sum driftsinntekter pr. innbyggjar 84 750 65 427 84 479 70 280 - herav frie inntekter pr. innbyggjar 56 792 47 240 58 661 49 851 Lånegjeld (Kostratal) Fusa Os Tysnes Totalt Netto lånegjeld i 2015 i % av brutto driftsinnt. 63,9 % 107,50 % 59,9 % 103,9 % Netto lånegjeld i kr pr innbyggjar 58 963 73 152 49 985 68 617 Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter 2012 2013 2014 2015 Fusa -0,9 % 1,5 % -1,8 % 0,7 % Os 3,6 % 6,0 % 3,5 % 5,4 % Tysnes 1,6 % 0,0 % 4,3 % 1,1 % 3

2 Visjon «Saman for vekst og utvikling!» er den overordna visjonen fram til den nye Bjørnefjorden kommune vert etablert. 3 Mål Tenester - Bjørnefjorden kommune skal gjennom sameining skape enda betre tenester med godt tilgjenge, gode fagmiljø og rom for fagleg og personleg utvikling og vekst. Samfunnsutvikling - Bjørnefjorden kommune skal utnytte naturgitte og menneskelege ressursar i den nye kommunen for å skape unike rom for utvikling og vekst innafor områda næringsutvikling, kultur, plan og bumiljø. - Bjørnefjorden kommune skal vere den føretrekte partnar for einskildpersonar, verksemder og andre som ønskjer å skape noko nytt. Myndigheitsutøvar - Bjørnefjorden kommune skal skape føreseielege og trygge rammer for den einskilde innbyggjar. Demokratisk arena: - Gjennom involvering og gode medverknadsordningar skaper vi legitimitet og oppslutnad om Bjørnefjorden kommune. 4

4 Føresetnader 4.1. Kommunenamn Kommunenamnet Bjørnefjorden kommune vert brukt som arbeidsnamn fram til avgjerd ved etablering av ny kommune 1. januar 2020. 4.2. Kommunesenter og bruk av kommunehus Kommunesenteret i Bjørnefjorden kommune vert Osøyro. Kommunale arbeidsplassar skal fordelast mellom dei tre kommunehusa og andre kommunale arbeidsstadar. Arbeidsplassar vert fordelt om lag som i dag. Eikelandsosen og Våge/Uggdal vert kommunedelsenter/lokalsentre i Bjørnefjorden kommune. Hordaland fylkeskommune vedtok i 2014 «Regional plan for attraktive senter i Hordaland senterstruktur, tenester og handel». I denne planen er Osøyro er definert som regionsenter i Hordaland, saman med Knarvik, Vossevangen, Straume, Kleppestø, Norheimsund, Odda sentrum, Leirvik og Husnes. 4.3. Kommunevåpen Utarbeiding av kommunevåpen, visuell profil, m.m. vert ein del av prosessen fram mot 1. januar 2020. 4.4. Administrative prosessar i ein ny kommune Å etablere ein ny kommune er teknisk sett ei verksemdovertaking. Det inneber at dei tilsette er sikra rettane sine gjennom det som er fastsett i lov- og avtaleverk. Det skal etablerast ein arbeidsgivarpolitikk som samlar og utviklar arbeidstakarane i den nye kommunen, og som legg til rette for gode relasjonar mellom arbeidsgivar og arbeidstakarar. Det vert lagt opp til høg grad av medverknad på lokalt og sentralt nivå under etablering av Bjørnefjorden kommune. Ingen tilsette skal seiast opp som følgje av kommunesamanslåinga. Endring av oppgåver/ tenestestad skal skje etter medverknad frå tillitsvalde. Tilsette skal ikkje få reduksjon i løna si som følgje av kommunesamanslåinga. Det er eit mål at eventuell seinare bemanningsreduksjon som følgje av andre årsaker (t.d. økonomi) skal skje gjennom naturleg avgang. Tilsette skal sikrast pensjon i KLP/Statens Pensjonskasse. Tillitsvalde sin medverknad i prosessen skal ivaretakast i tråd med reglane i hovudavtalen. Det skal vera openheit og dialog i prosessane. Ein skal inngå ein overordna omstillingsavtale før eventuelt endeleg vedtak om samanslåing. 4.5. Kommuneøkonomi Skattar og avgifter skal harmoniserast i Bjørnefjorden kommune. Nivået på kommunale tenester og gebyr skal vere likt i heile den nye kommunen. Det er eit må at det ikkje skal vere eigedomskatt i Bjørnefjorden kommune. Det må etablerast overgangsreglar for dette. 5

Vedtatte investeringsprosjekt vert vidareført i den nye kommunen. Alle investeringsprosjekt skal vere økonomisk forsvarlege og ha ein sikker finansiering. Etablering av Bjørnefjorden kommune vil gi grunnlag for å sjå på effektiviseringsgevinstar, m.a. innan felles politisk og administrativ leiing. Frigjorte midlar og ressursar skal fortrinnsvis nyttast til å styrke tenestetilboda i den nye kommunen. Bjørnefjorden kommune vil motta økonomiske midlar i form av eingongstilskot og reformstøtte ved endra kommunestruktur, samt inndelingstilskot i ein periode på 15 år + 5 år nedtrapping. Ein kan sjå for seg tre scenario: 1. Nullalternativet der dei tre kommunane held fram som eigne kommunar som no, med nytt inntektssystem. 2. Lokalt samanslåingsvedtak innan 01.07.16 og nasjonalt samanslåingsvedtak til ein Bjørnefjorden kommune innan utgangen av reformperioden 01.01.18. Den nye kommunen får tilskot til dekking av eingongskostnader og reformtilskot på til saman kr 55 millionar kroner. Den nye kommunen vil også få inndelingstilskot i 15 år + 5 år med nedtrapping basert på dagens inntektssystem (basistilskot, regionale tilskot og evt. vekstkommunetilskot), samt ta del i fordelinga av det nye regionsentertilskotet på 200 mill kroner (vert gitt til kommunar over 9-10 000 innbyggjarar som har deltatt i kommunereforma og har regionsenterfunksjon). 3. Samanslåingsvedtak, tvungen eller friviljug, etter reformperiodens utløp 01.01.18. Den nye kommunen mistar dekking av eingongskostnader og reformtilskot på kr 55 millionar kroner. Den nye kommunen vil ikkje få inndelingstilskot i 15 år + 5 år med nedtrapping basert på dagens inntektssystem eller ta del i fordelinga av det nye regionsentertilskotet på 200 mill kroner. Endelege konsekvensar som følgje av nytt inntektssystem vil verte avklart i løpet av våren 2016. 5 Prinsipp for politisk organisering Dei tre kommunane har i dag følgjande politisk styringsstruktur og representasjon: Organ Fusa Os Tysnes Kommunestyre 21 35 21 Formannskap 9 9 7 PBU, Landbruk/ teknisk 9 9 7 Tenesteutval - 9 7 Kontrollutval 5 5 5 Adm.utval/personal 5 politisk 3 politisk 3 politisk Arbeidsmiljøutval Administrativt Administrativt Adm + ordf. 6

Framlegg til politisk styringsstruktur i Bjørnefjorden kommune: Kommunestyre 35 representantar Formannskap 9 representantar (økonomi, alle næringsaker) Plan- og bygningsutval 9 representantar (plan- og byggesaker) Tenesteutval 9 representantar (tenesteutvikling oppvekst, helse, kultur, teknisk) Administrasjonsutval 3 politiske representantar Arbeidsmiljøutval administrativt Fellesnemnda for Bjørnefjorden kommune skal i perioden fram til 01.01.2020 ha følgjande samansetjing: Os kommune 7 representantar, Fusa kommune 4 representantar, Tysnes kommune 4 representantar. Kommunestyra i det tre kommunane vel sine respektive representantar til fellesnemnda. Lokalpartia i Os, Fusa og Tysnes vil arbeide for god geografisk spreiing på kandidatane ved nominasjonen til første felles kommuneval i Bjørnefjorden kommune i 2019. 6 Prinsipp for tenestilbod og kompetanse Prinsipp for tenestetilbod og kompetanse må organiserast for framtidige behov. Tenestetilbodet skal vere på eit kvalitativt godt nivå. Gjeldande planar vert vidareført inntil Bjørnefjorden kommune vedtar nye. I samband med tenestelevering skal det leggjast vekt på utvikling av gode fagmiljø og godt lokalt tilgjenge. Bjørnefjorden kommune skal støtte lokalt næringsliv og innbyggjarar til å utvikle nye aktivitetar og berekraftige tiltak. Gjennom strategisk samfunns- og næringsutvikling vil det verte lagt til rette for nye arbeidsplassar. Etablerte planar skal vidareførast gjennom samordning. Det skal vere ei prioritert oppgåve å rekruttere og halde på gode fagpersonar. Det vil vere behov for ei kompetansekartlegging for å utarbeide ein kompetanseplan som ser på rekruttering og organisering av arbeidstyrken i Bjørnefjorden kommune. 6.1. Oppvekst og kultur Kommunesamanslåinga skal ikkje i seg sjølv føre til endringar i barnehage- og skulestruktur. Ungdomsskuletilbodet skal oppretthaldast ved Fusa ungdomsskule og Tysnes skule. Bjørnefjorden kommune vil arbeide i lag med Hordaland fylkeskommune for å oppretthalde Fusa vidaregåande skule, Os gymnas og Os vidaregåande skule. Bjørnefjorden kommune skal medverke til eit breitt lokalt kulturtilbod i heile kommunen. 6.2. Helse og omsorg Eit hovudprinsipp vil vere at tenestene skal plasserast med godt tilgjenge for innbyggjarane. Tenester som t.d. helsestasjonar og fastlegar skal oppretthaldast i Eikelandsosen, Uggdal og Osøyro. Kommunesamanslåinga skal i seg sjølv ikkje føre til endringar i legevakttilboda i Eikelandsosen, Uggdal og Osøyro. 7

Fusa bu- og behandlingssenter, Tysnes omsorgssenter og Luranetunet omsorgssenter skal vidareførast som basar for omsorgstenestene i Bjørnefjorden kommune. Bjørnefjorden kommune vil arbeide i lag med Hordaland fylkeskommune for å oppretthalde offentlege tannhelsetilbod i Eikelandsosen og på Osøyro, samt samarbeid med private om tannhelsetilbod på Våge/Uggdal. Dersom den offentlege tannhelsetenesta vert overført til primærkommunane skal Bjørnefjorden kommune freiste å etablere tilbod både i Eikelandsosen, Våge/Uggdal og Osøyro. 6.3. Tekniske tenester Tekniske tenester vil sei arealplanlegging, landbruksforvaltning, natur-/miljøforvalting, byggesak, oppmåling, eigedoms-/kartdata, vatn/avlaup, vei/trafikk og kommunal eigedom. I den nye kommunen er forvaltningsoppgåver og myndigheitsutøving samla i større fagmiljø, medan drift og vedlikehald føregår i hovudsak lokalt der bygg og anlegg ligg. 6.4. Samfunnssikkerheit og beredskap Samfunnssikkerheit og beredskap skal prega den nye kommunen sitt daglege arbeid. Organiseringa skal tuftast på lokal kunnskap, samordning av ressursar, godt tilgjenge og sterke fagmiljø. Brann- og redningstenesta i Bjørnefjorden kommune skal lokaliserast med avdelingar i Os, Eikelandsosen og Uggdal. 6.5 ASVO-verksemder I ein ny Bjørnefjorden kommune vil det vere naturleg å samla ASVO-verksemdene i eitt selskap, med avdelingar i Os, Fusa og Tysnes. 7 Kommunalt eigarskap Bjørnefjorden kommune må utvikle strategiar for forvalting av eigarinteresser. Kvar av kommunane overfører sine eigedomsporteføljer til Bjørnefjorden kommune. 8

8 Kommunikasjon og transport Ein ny Bjørnefjorden kommune vil vere langstrakt rundt Bjørnefjorden og vil vere avhengig av gode ferjesamband og gode buss-samband for å få eit godt internt samband. Det vil vere nødvendig å innleie samtaler med Hordaland fylkeskommune (leverandør av kollektivtenester) for å sjå på strukturen i kollektivtilbodet i Bjørnefjorden kommune. Kort reisetid til Bergen vil vere viktig. Bru over Bjørnefjorden vil gjere Tysnes landfast med Os. Det er ønskeleg med utbetring av eksisterande vegnett på Tysnes for å kopla Tysnes best mogleg til ferjefri E39. Bru over Bjørnefjorden vil ikkje ha særleg effekt for Fusa kommune utan at det vert gjort alvor av intensjonen om påkopling til E39 med bruløysing mot Fusa. Best effekt vil ein få om dette vert ei samankopling med E134, Hordalandsdiagonalen Odda - Bergen. Bjørnefjorden kommune vil òg prioritere utbetring av fylkesvegsambandet mellom Uggdal og Eikelandsosen for å binde saman denne delen av Bjørnefjorden kommune. Bjørnefjorden kommune vil ta initiativ mot Hordaland fylkeskommune for å etablere ei intern snøggbåtrute Osøyro - Eikelandsosen/Venjaneset - Våge, samt betra snøggbåtsambandet inn og ut av Bjørnefjordsbassenget. 9 Kommunikasjonsstrategi for reformprosessen Gjennom aktiv kommunikasjon og god medverknad skal det sikrast at alle får god informasjon og vert høyrt i reformprosessen. Ein kommunikasjonsstrategi er utarbeidd og tar sikte på å få fram intern og ekstern informasjon i prosessen. 10 Kva må det takast standpunkt til før 1. juli 2016 Prosessen i kommunereforma er lagt opp med sikte på at regjeringa skal legge fram ein proposisjon for Stortinget våren 2017. Kravet til kommunane sitt vedtak innan 1. juli 2016 er om og eventuelt kven kommunane ønskjer å slå seg saman med. Det er ikkje krav til at kommunane skal ta stilling til verken namn på den nye kommunen, tal på representantar i det nye kommunestyret eller andre tema. Kommunane må ha tett kontakt med Fylkesmann om framdrift og kva som må vere klart før 1. juli 2016. Fylkesmennene skal kome med sine oppsummeringar og tilrådingar om den framtidige kommunestrukturen i sine fylke innan 1. oktober 2016. 9

11 Framdriftsplan Dette dokumentet er ein felles intensjonsavtale mellom dei tre kommunane. Intensjonsavtalen skal behandlast i forhandlingsutvala og kommunestyra fram mot endeleg vedtak i juni 2016. Intensjonsavtale har vorte oppdatert fortløpande med dei innspela som har kome frå forhandlingsutvala, administrasjon og tillitsvalde. Det har vore lagt opp til brei medverknad og dialog i prosessen. Framdriftsplan for kommunane Fusa, Os og Tysnes i reformprosessen: - Onsdag 16. mars 2016: Felles møte med dei tre forhandlingsutvala - Torsdag 14. og fredag 15. april: Administrasjon og tillitsvalde behandlar innhald i framlegg til intensjonsavtale, felles fagseminar for dei tre kommunane - Mandag 25. april: Felles møte med dei tre forhandlingsutvala, gjennomgang av resultata frå fagseminaret - Mandag 9. mai: Felles møte med dei tre forhandlingsutvala, sluttforhandling av intensjonsavtale - Onsdag 18. mai 2016: Behandling og godkjenning av intensjonsavtalen og vedtak om medverknadsprosessar i dei tre kommunestyra - Perioden 19. mai - 3. juni 2016: Medverknadsprosessar som oppfølging av vedtak i kommunestyra - Torsdag 16. juni 2016: Behandling og vedtak av endeleg avtale om samanslåing i dei tre kommunestyra 10