Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: 22.05.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik, tlf 71 25 88 56 eller politikk@mrfylke.no, som kallar inn varamedlem. Varamedlemer møter difor berre etter eiga innkalling. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall. Grunn til forfallet skal difor opplysast. Den som ønskjer å stille spørsmål om sin habilitet i ei sak jf forvaltningslova 6 og kommunelova 40 nr. 3 skal melde inn dette til utvalsekretæren eller juridisk avdeling i god tid før møtet. Dette også grunna eventuell innkalling av varamedlem jf forvaltningslova 8 3.ledd. Orientering: - Kort om prosjekt internasjonalisering Rådgivarar frå seksjon fag- og yrkesopplæring deltek på møtet. Side1
Saksnr YN-8/14 YN-9/14 YN-10/14 RS-5/14 Innhald Orientering om tilbod til minoritetsspråklege elevar Arbeidet med å skaffe fleire læreplassar. Oppfølging av rapport Samarbeidsavtale. Lærekandidatar og bruk av arbeidspraksis. NAV Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune Periode 2014-4 Budsjettoppfølging - Politisk verksemd Godkjenning av protokoll Side2
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.05.2014 31628/2014 Inger Lise Trønningsdal Saksnr Utval Møtedato YN-8/14 Yrkesopplæringsnemnda 22.05.2014 Utdanningsutvalet 05.06.2014 Orientering om tilbod til minoritetsspråklege elevar ved Fræna vidaregåande skole og andre vidaregåande skolar i Møre og Romsdal Bakgrunn Utdanningsutvalet, i møte 13.02.2014, bad administrasjonen om å komme med ei utgreiing av tilbodet til minoritetsspråklege elevar ved Fræna vidaregåande skole. Tilbodet i Fræna starta som eit forsøk i samarbeid med Molde kommune, flyktningtenesta og Nav hausten 2009. Molde kommune tok kontakt med Fræna vidaregåande skole med ønske om opplæringstilbod innafor helsearbeidarfaget for flyktningar busett i Molde kommune. Molde kommune stilte med praksisplassar i pleie- og omsorgstenesta. Fylkeskommunen stilte med midlar til opplæring i regi av skolen. Fylkeskommunen stilte som krav for å bidra i forsøket at alle deltakarane skulle ha vaksenrett og to års praksis frå feltet ved inntak. Opplæringa fordelte seg over to år, med ein dag norskopplæring, to dagar praksis og to dagar med programfag første året. Andre året fikk elevane tre dagar praksis og to dagar skole. I 2011 starta det i tillegg opp kurs i barne- og ungdomsarbeidarfaget etter same modell. Dette kurset vart avslutta våren 2013 og etter den tid har det berre vore tilbod i helsearbeidarfaget. Dei minoritetsspråklege elevane ved Fræna vidaregåande skole har som nemnt fått norskopplæring, noko dei ikkje har rett til etter Vaksenopplæringslova. Vaksne minoritetsspråklege elevar har ingen utvida rettigheiter til vidaregåande opplæring etter Vaksenopplæringslova enn andre vaksne søkjarar. Desse kursa er svært kostbare for fylkeskommunen. Elevane får mykje meir undervisning enn andre vaksenelevar, og andre minoritetsspråklege elevar innafor vaksenopplæringa. Eitt fullført kurs ved Fræna vidaregåande skole kostar 1 204 500 kroner. På kurset vert det teke inn 12 elevar. Side3
Ved dei andre skolane kostar eit tilsvarande kurs på dagtid 270 000 kroner. Desse kursa kan ha om lag 20 elevar, og det er fleire minoritetsspråklege elevar blant desse. Tal på bestått eksamen er nokolunde likt i begge tilfella. Vi har minoritetsspråklege elevar i alle dei andre vaksenopplæringstilboda i regi av fylkeskommunen. Desse elevane utgjer i dei fleste klassane om lag halvparten av totalt elevtal. Dette gjeld alle kurstilboda våre, både yrkesfaglege og studiespesialiserande kurs. Fylkeskommunen er av den oppfatning at minoritetsspråklege elevar som går i klasse med norske elevar har ein stor fordel med tanke på integrering i lokalsamfunn, språk og kulturforståing. Vurdering Fylkeskommunen har ei samla ramme på vaksenopplæringsmidlane på 12 millionar kroner pr. år. Presset på desse midlane aukar for kvart år og vi gir og tilskott til oppfølging av minoritetsspråklege elevar til dei andre skolane. Alle skolane våre har no ei sterk auke i søknadane til vaksenopplæring frå minoritetsspråklege elevar, og dei forventar òg å få sin del av midlane. Sjølv om tilbodet ved Fræna vidaregåande skole har vore vellukka, kan ikkje fylkeskommunen lengre forsvare å bruke såpass stor del av budsjettet på eit tilbod som så få søkjarar får ta del i. Fylkeskommunen ser no at vi må gi likt tilbod til alle minoritetsspråklege søkjarar uansett kor i fylket dei er busett. Vi ser og at det er stadig færre søkjarar som har praksis frå faget, både minoritetsspråklege og andre. Modellen til Fræna set kriterier for inntak som det er vanskeleg å oppfylle i dag. Dette gjer at vi må utvikle nye modellar. Utdanningsavdelinga har det siste året arbeidd saman med dei fleste skolane for å utvikle felles modell for opplæring i helsearbeidarfaget og andre yrkesfag for vaksne. Møre og Romsdal fylkeskommune er òg blitt invitert med i ei arbeidsgruppe i regi av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) for å sjå på utvikling av opplæringsmodellar spesielt retta mot minoritetsspråklege. I arbeidsgruppa skal det i tillegg til fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Sør- Trøndelag og Nord-Trøndelag være representantar frå NAV fylke, Fylkesmannen, Trondheim og Levanger kommune, samt Brundalen ressurssenter. Arbeidsgruppa skal ha sitt første møte den 3. juni i Trondheim. Arbeidsgruppa skal sjå på både organisering og finansiering av ulike opplæringsmodellar, og gi innspel på ein bærekraftig opplæringsmodell for vaksne innvandrarar til nasjonale myndigheiter. I dette arbeidet vil erfaringane frå forsøket på Fræna være viktig å vise til, men målet må være å finne ein ny nasjonal modell. Fylkeskommunen har derfor bestemt at forsøket på Fræna vert innstilt når årets kull er ferdige våren 2015, og vi venter på resultat av arbeidet i arbeidsgruppa slik at alle skolane i fylket kan gi same tilbod til søkjarane. Side4
Fræna vidaregåande skole har fått beskjed om at dei kan søkje om vaksenopplæringsmidlar til kurs for helsefagarbeidarar på lik linje som dei andre skolane, og at det må vere mogeleg for alle i området med behov for slik opplæring å søkje på kurset. Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek utgreiinga til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Sverre Hollen fylkesutdanningssjef Side5
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.05.2014 31282/2014 Inger Anita Sjømæling Saksnr Utval Møtedato YN-9/14 Yrkesopplæringsnemnda 22.05.2014 Utdanningsutvalet 05.06.2014 Arbeidet med å skaffe fleire læreplassar. Oppfølging av forvaltningsrevisjonsrapport nr 1/2014 Bakgrunn Rapporten om «Arbeidet med å skaffe fleire læreplassar» er ein oppfølging etter rapporten om «Gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring». Kva for betyding har nok læreplassar for gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring og dermed for å redusere fråfallet av elevar som ikkje gjennomfører utdanninga på normert tid. Fylkestinget behandla rapporten den 7.april i sak T-1/2014. Fylkestinget bad i sitt vedtak utdanningsutvalet om å gi tilbakemelding til kontrollutvalet om på kva måte konklusjonane i kap 5 i rapporten, vil bli følgd opp. Saka vart behandla i kontrollutvalet 22. april. Kontrollutvalet slutta seg til fylkestinget sitt vedtak. I konklusjonen i kap 5 vurderer revisjonen at fylkeskommunen har forbetringspotensial på desse punkta: Betre samanheng mellom planverk og rapportering Arbeide meir systematisk ut i frå vedtekne strategiar Tydelegare involvering av skolar Revisjonen meiner òg at fylkeskommunen kan søkje å gjera noko med: Dimensjoneringa av tilboda Alternative løp og fleksibilitet i opplæringa Fylkestinget hadde i tillegg eit oversendingsforslag: Møre og Romsdal fylkeskommune bør sette seg klare mål med omsyn til talet på lærlingplassar i eigen organisasjon Det etablerast eit tettare samarbeid med kommunane gjennom regionråda for å oppnå større bevisstgjering omkring etablering av lærlingplassar Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer eigen stillingsressurs for å oppnå måla i punkt 1 og 2. Rapporten «Arbeidet med å skaffe fleire læreplassar», er avgrensa til å ha fokus på dei faga der det har vore vanskeleg for fylkeskommunen å skaffe læreplassar: Kommunale fag som helsefagarbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget i tillegg til byggfag. Side6
Vurdering Betre samanheng mellom planverk og rapportering Det siste året har det vore gjort mykje arbeid på Utdanningsavdelinga for å samordne planverket, og då spesielt Kvalitetsplana, Handlingsprogrammet i Fylkesplana og Økonomiplana. Arbeidet starta med ein AGP (Arbeidsgivarpolitikk)- verkstad i august i 2013 og blei følgt opp med eit planseminar for alle tilsette i januar 2014. Dette skal vidare følgjast opp i juni d.å. og i andre prosesser der organisasjonsutvikling er tema. Målet er heilskapelege og tydelege mål for arbeidet avdelinga. Måla for gjennomføringa knytt opp mot fagopplæring vil vere ein del av dette arbeidet. Rapporteringa er og forenkla. Før blei resultata frå Handlingsprogrammet i fylkesplanen lagt fram for politisk handsaming i Utdanningsutvalet. Frå og med i 2014 blir all rapportering gjort i Årsrapporten med unntak av «sluttrapporteringa» av Fylkesplanen. Dette er ei forenkling og vil gje betre oversikt. Tydelegare involvering av skolar Fylkesutdanningssjefen har saman med assisterande fylkesutdanningssjef og personalsjef dialogmøter med skoleleiinga ved kvar av dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal denne våren og hausten. Eit av tema der er arbeidet skolen gjer med lærlingar. Det er tenkt at denne dialogen skal ende med eit punkt i oppdragsbrevet til skolen med ei klar forventing om og målet for dette arbeidet. Dette gir konkrete punkt for skolen å arbeide inn mot og konkrete oppfølgingspunkt for skoleeigar. I tillegg bør ein bruke fleire av dei etablerte møtearenaene mellom skolane og skoleeigar til systematisk gjennomgang av utfordringane rundt formidling av lærlingar. Dimensjonering av tilboda. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit fylkestingsvedtak som seier at 90% av dei som søkjer vidaregåande opplæring skal få første valet sitt oppfylt. Det er viktig at elevane får god rådgiving med tanke på kva som er mulige arbeidsplassar i fylket vårt. Resultatmål 7 i Handlingsprogrammet for kompetanse, så står det: «Privat og offentleg sektor skal ha tilgang på nok arbeidskraft med rett kompetanse». Eit av tiltaka her er god bruk av skolebruksplana. Den vert sendt ut på høyring til mange ulike instansar i arbeidslivet. Tilbakemeldingane er viktig for å få rett dimensjonering på skoleplassar. Vi vil oppmode alle til å komme med innspel for å sikre at det er læreplassar i dei faga der elevane søkjer. Yrkesopplæringsnemnda spelar ein viktig rolle her. Alternative løp og fleksibilitet i opplæringa. Opplæringslova, 6A-7, opnar for at det kan gjerast avtale om anna organisering av opplæringa enn det som blir rekna for normalmodellen 2+2. For dei som ikkje får lærekontrakt når formidlinga er avslutta så har fylkeskommunen plikt til å organisere eit tilbod til dei som er rettselevar. Dette har vore aktuelt for elevar som har søkt lærefag i tømrarfaget. Det har dei siste åra vore vanskeleg å skaffe læreplassar til alle. Fylkeskommunen, ved Fræna vidaregåande skole har dei siste åra gitt tilbod om VG3 i skole for desse elevane. Side7
Det har òg vore vanskeleg å skaffe læreplassar i helse- og oppvekstfag. Sist skoleår vart det derfor sett i gang eit tilbod ved Romsdal vidaregåande skole til dei som ikkje fekk læreplass i helsearbeidarfaget eller barne- og ungdomsarbeidarfaget. Stortingsmelding 20, «På rett veg» kom i april 2013. KD ga utdanningsdirektoratet i oppdrag å prøve ut modellar for veksling innafor helse- og oppvekstfaga. Møre og Romsdal fylkeskommune søkte på midlar, men kom ikkje med på det nasjonale forsøket. Vi hadde komme langt med planlegginga og i samarbeid med Kristiansund vidaregåande skole så har vi valt å starte eit eige forsøk med vekslingsmodell i helsearbeidarfaget. Dette er eit 4 årig løp der elevane er sikra læreplass frå første dag. Det har vore eit godt samarbeid med skolen og kommunen om læreplassar. Ein slik vekslingsmodell, der avtalane er gjort på førehand kan vere ein god måte å få fleire til å gjennomføre med fagbrev innafor helse- og oppvekstfag. Eit liknande tilbod er starta ved Ålesund vidaregåande skole innafor service og samferdsel. Praksisbrev er eit alternativt løp for dei elevane som kan stå i fare for å falle i frå på grunn av for mykje teori i skolen. Dette er elevar som kjem rett frå ungdomsskolen og som lærer betre gjennom ei praktisk opplæring. Dei kan avslutte opplæringa etter to år med ei praksisbrevprøve, men dei kan òg velje å gå vidare med eit ordinært fagbrev. Det er i dag 2 slike klassar ved Ørsta vidaregåande skole og ein klasse ved Kristiansund vidaregåande skole. Etter ei heilheitsvurdering kan fylkeskommunen godkjenne ei anna organisering av opplæringa. Dette er gjort i enkelte fag, særleg innafor naturbruk. Lærlingplassar i eigen organisasjon Rapporten viser til at det er 29 løpande lærekontraktar i eigen organisasjon. Dei fleste innafor IKT- servicefaget. Vi oppmodar skolane til å ta inn lærlingar kvart år og dei fleste skolane har lærlingar i IKT-servicefaget. Det er svært få søkarar til læreplass innafor kontor- og administrasjonsfaget, som er eit fag som kunne vore meir bruka i organisasjonen. Alle som søkjer får læreplass. Fylkeskommunen ved utdanningsavdelinga tek inn ein lærling i dette faget i år. Det blir etablert eit tettare samarbeid med kommunane gjennom regionråda for å oppnå større bevisstgjering omkring etablering av læreplassar Gjennom å etablere eit samarbeid med regionråda vil det bli skapt ein arena der vi møter alle toppledarane i kommunane i Møre og Romsdal. Leiar for fagopplæringsseksjonen og assisterande fylkesutdanningssjef vil ta kontakt med dei ulike regionråda i Møre og Romsdal for å få delta i møte der hausten 2014 med tanke om å få opprette ein varig dialog om lærlingsituasjonen i kommunal sektor. Ein viktig samarbeidspart i dette arbeidet blir KS, det vil vere fornuftig å gå i dialog med dei om kva for arenaer Utdanningsavdelinga kan bidra på for å nå deira mål om minst 1 lærling per 1000 innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer eigen stillingsressurs for å oppnå måla i punkt 1 og 2 I samband med behandlinga av økonomiplanen vedtok fylkestinget at fylkesrådmannen skal gjennomføre effektivisering av den fylkeskommunale drifta, ved at administrasjon/administrativt område vert effektivisert. Utdanningsavdelinga er gjennom lov pålagt å sørgje for ei forsvarleg forvaltning av vidaregåande Side8
opplæring. Med vedtaket om effektivisering er det førebels ikkje rom for å sette av eigen stillingsressurs. Men avdelinga skal gjennomføre ein eigen OU-prosess frå hausten 2014, så det blir difor ei eiga vurdering gjennom prosessen for korleis ein best skal arbeide for å oppnå måla for utdanningssektoren. Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek tilbakemeldinga frå utdanningsavdelinga til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Sverre Hollen fylkesutdanningssjef Side9
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.05.2014 31616/2014 Inger Anita Sjømæling Saksnr Utval Møtedato YN-10/14 Yrkesopplæringsnemnda 22.05.2014 Samarbeidsavtale. Lærekandidatar og bruk av arbeidspraksis. NAV Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune Bakgrunn Orienteringssak. Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt ein samarbeidsavtale med NAV om bruk av arbeidspraksis for lærekandidatar i eit år. YN-4/13 Nokre av dei som søkjer om opplæringskontrakt treng omfattande støtte. I dei tilfella der det er vanskeleg med verdiskaping så kan NAV bidra med ekstra støtte. Avtalen var gjeldande for eit år og skulle evaluerast. Vurdering Avtalen omfattar eit samarbeid om lærekandidatar som har som mål å oppnå grunnkompetanse. All opplæring i bedrift har som mål at det skal føre til varig arbeid. Avtalen har vore bruka av dei vidaregåande skolane og av opplæringskontor. Det er skolane eller fylkeskommunen som har teke kontakt med NAV der ein har sett at det er behov for ekstra støtte. Tilbakemeldingane som vi har fått på denne avtalen er gode, men nokre av formuleringane har vore litt utydelege. Dette har vi no prøvd å rette på. I samarbeid med NAV har vi bestemt at avtalen skal gjelde for to år. Utdanningsavdelinga vil gjere den nye avtalen kjend for dei vidaregåande skolane, opplæringskontor, PPT og andre som deltek i sakshandsaming av lærekandidatar. NAV skal gjere avtalen kjend og gi avklaringar til dei lokale NAV kontora om samarbeid med utdanningsmyndigheitene. Forslag til vedtak: Yrkesopplæringsnemnda tek utgreiinga om samarbeidsavtalen mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og NAV fylke til orientering. Sverre Hollen fylkesutdanningssjef Inger Anita Sjømæling seksjonsleiar Side10
Vedlegg 1 Samarbeidsavtale NAV 2 Samarbeidsavtale NAV- sentrale begrep Side11
Side12
Side13
Vedlegg 1 Sentrale begrep: Lærebedrift: Bedrifter må vere godkjende av Fagopplæring i det aktuelle faget for å kunne ha ein lærling eller lærekandidat Opplæringskontor: Eit opplæringskontor er eit samarbeid mellom bedrifter. Både opplæringskontoret og medlemsbedriftene må vere godkjende av Fagopplæring i aktuelle fag for å kunne ta inn lærling eller lærekandidat. Det er opplæringskontoret som står som lærebedrift i kontrakten, og på kontrakten skal det stå kva for medlemsbedrift som har arbeidsavtale med lærlingen/lærekandidaten. Det er mogleg å flytte lærling/lærekandidat mellom medlemsbedrifter, dette kan vere både eit viktig pedagogisk verkemiddel, eit arbeidsmiljøtiltak eller ha økonomiske årsaker. Lærekontrakt: Lærekontrakt er ei avtale mellom tra partar: Lærling, lærebedrift og Fagopplæring. Opplæringa sluttar med fag- eller sveineprøve. Når læreforholdet blir avslutta gjeld ikkje arbeidsmiljølova. Arbeidsforholdet kan berre bli heva etter opplæringslova 4-6. Opplæringskontrakt/lærekandidat: Opplæringskontrakt er ei avtale mellom tre partar: Lærekandidat, lærebedrift og Fagopplæring. Opplæringa sluttar med kompetanseprøve som har eit mindre omfang enn fag- og sveineprøve. Når læreforholdet blir avslutta gjeld ikkje arbeidsmiljølova. Arbeidsforholdet kan berre bli heva etter opplæringslova 4-6. Arbeidsavtale: Både lærekontrakt og opplæringskontrakt skal vise til ei arbeidsavtale. Arbeidsavtalen skal innehalde opplysningar om lønn og andre tilsettingsvilkår. Mange tariffavtalar inneheld kategorien lærling/lærekandidat. Arbeidsavtalen fell automatisk bort når læreforholdet tek slutt. Behovsvurdering: Kartlegging av brukar sine moglegheiter, ressursar og hindringar. Kartlegginga skal komme fram til brukaren sitt bistandsbehov. Dersom brukaren har bruk for meir enn ordinære tenester frå NAV skal det gjennomførast arbeidsevnevurdering. Behovsvurdering er obligatorisk for alle som ønsker tenester retta mot arbeid eller aktivitet. Arbeidsevnevurdering: Arbeidsevne er den enkelte sin evne til å møte krav som blir stilt i arbeidsliv eller daglegliv. Arbeidsevne kjem fram i skjæringspunktet mellom individet sine ressursar/hindringar og omgivnaden sine krav og forventningar. Innsatsbehov: NAV sine verkemidlar blir utløyste ut i frå kva behov brukaren har: Standard innsats då har NAV vurdert at brukaren godt kan klare seg sjølv, med berre litt bistand. Situasjonsbestemt innsats då har NAV vurdert at brukaren treng litt meir bistand, kanskje opplæring. Spesielt tilpassa innsats utløyser det meste av NAV sine tenester. Dersom resultatet av behovsvurderinga er situasjonsbestemt eller spesielt tilpassa innsats skal arbeidsevnevurdering gjennomførast og det skal utarbeidast ein aktivitetsplan. Side14
Side15
Side16
Godkjenningavprotokoll Side17