Årsmelding for Kvinnherad Næringsservice 2010



Like dokumenter
ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Inkubasjon i Hordaland -fra idétil vekst

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Kontrollutvalet i Suldal kommune

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Etablering og drift av kraftselskap

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Kommunikasjonsstrategi og målsetjing.

Lønnsundersøkinga for 2014

Forfall meldast snarest til Ål kommune, avd. Fellestenester, sekretariatet tlf Saker til behandling

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

ÅRSMELDING FOR VELLEDALEN I BALANSE AS

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

RAPPORT SPØRJEUNDERSØKING FERJESAMBANDET KVINNHERAD STORD. Undersøkinga er gjennomført i juni-august

STRATEGISK PLAN

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

FJELLMUSEETS VENNER INNKALLING TIL ÅRSMØTE I FJELLMUSEETS VENNER 14. JUNI 2014 KL 1100 I NORSK FJELLMUSEUM, LOM

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Eigarmelding. Balestrand kommune

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Forstudie Næringshage i Vinje

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

HORDALANDD. Utarbeidd av

Søknad om midlar til start av ny fagskuleklasse etter Stordmodellen

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

9 frammøtte medlemsbedrifter. Frå styret Hans Nesheim, Tommy Lindskog og Elin Vassbotten

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

Læringsarena 14. juni 2013

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar. Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Transkript:

Årsmelding for Kvinnherad Næringsservice 2010 1. Innleiing Kvinnherad Næringsservice (KNS) skal vera ein frittståande næringslivsorganisasjon for bedrifter, næringsgrupper, skular, offentlege institusjonar og nyetablerarar, i nært samarbeide med Kvinnherad kommune. Organisasjonen skal bidra til å sikra og auka verdiskaping hjå medlemmene. KNS har i 2010 hatt eit år kor det har vore liten aktivitet i dei to første kvartala, samt normal aktivitet dei to siste grunna tilsetting av ny næringssjef. Kvinnherad Næringsservice har vald å fokusere på eit større samarbeid med Sunnhordlandsregionen i 2010, sjølv om KNS også har ein god dialog med Hardangerregionen. Dette ved å halde foredrag for Hardangerrådet og etablerartenesta i Hardanger ved etablering av Team Hardanger, samstundes som KNS har ein god dialog med næringsutviklarar og andre aktørar i Hardanger i 2010. I Sunnhordland er det hovudsakleg interaksjon med Samarbeidsrådet, Atheno og Team Sunnhordland som har medført felles aktivitetar og prosjekt. KNS jobbar god saman med Kvinnherad kommune rundt enkeltsaker og strategiske satsingar, samt at KNS har møterett i Formannskapet 3 gonger i løpet av eit år. 2 Aktiviteten i næringslivet Fleire verksemder har merka konsekvensar av finanskrisa i 2010, noko som har medført endring av fokus når det gjeld marknad, produkt og teneste for enkelte verksemder. Medan det i andre tilfeller har vore endringar til det betre når det gjeld tilgong på arbeidskraft m.m. Det at Søral bare har hatt produksjon i ein hall har medført store konsekvensar for både arbeidstakarar og lokale leverandørar. I enkelte tilfeller har det gjort at det har blitt endringar i bemanning og oppgåver, medan andre har måtte finne nye marknader. Det som er viktig for Søral framover er: Akseptable energipriser Bra markedsforhold for aluminium i verden Konkurransedyktig lokalt leverandørmarknad Handels- og servicenæringa har fortsett med ei god utvikling i 2010 og spesielt Husnes har markert seg regionalt som ein attraktiv stad å handle.

Gjennom undersøkinga i samband med Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane 2010 kom disse resultata fram for Sunnhordlandsregionen: 2

Lågkonjunktur pregar regionen Aktivitetsnivået er redusert Industriverksemdene og dei øvrige verksemdene som rettar seg mot bedriftsmarknaden opplever aktivitetsreduksjonen sterkast Verksemdene som arbeider mot privatmarknaden opplever ei tilfresstillande utvikling For nokon av industriverksemdene er aktivitetsreduksjonen betydeleg og relativt dramatisk Verksemdene har generelt mindre og færre oppdrag, og opplever typisk større treigheit i forhold til tildeling av nye oppdrag Mange av verksemdene har knapt med reservar (spesielt industriverksemdene) Mange verksemder er usikre på aktivitetsnivået ut over hausten 2010 og i 2011 Omsetningsutviklinga er negativ hjå mange Regionen er sårbar Mange lokale kunde-leverandør relasjonar, samt ein heil del regionalt innkjøp Mange verksemder har betydelege leverandørrelasjonar til dei store lokomotiva i regionen Mange verksemder vert indirekte påverka av aktivitetsnivået hjå dei store lokomotiva gjennom den optimismen/pessimismen dei skaper i befolkninga og det lokale næringslivet elles Mange opplever at konkurransen tiltar Fleire tilbydarar og auka prispress Stord og Kvinnherad kommune er hardast råka Lokomotiva på Stord og i Kvinnherad har hatt redusert aktivitet. Dette får både direkte og indirekte effektar på Stord og regionen forøvrig Dei maritime industriverksemdene i Kvinnherad har redusert aktivitetsnivå, og uvissa kring Søral pregar ein del andre verksemder i Kvinnherad både direkte og indirekte 3

Men det er viktig å poengtera at det er ein svært positiv utvikling i Kvinnherad og ein ser ein auka etterspørsel etter arbeidskraft, spesielt ingeniørar, sivilingeniørar osv. Det er optimisme i marknaden og fleire av verksemdene i kommunen markerer seg godt nasjonalt og internasjonalt. 2011 ser ut til å verta eit mykje betre år for mange av verksemdene i Kvinnherad og det vil derfor vera viktig å tiltrekkja rett kompetanse til kommunen. 2. Styret Etter årsmøtet i 15/4-2010 har følgjande personar vore med i styret i Kvinnherad Næringsservice: Styreleiar: Nestleiar: Styremedlemmer: Solveig Aalde Bark, Sør-Norge Aluminium AS Yngve Bryn, Vibe Reingjeringsservice AS Marit Hjønnevåg, Brødrene Hjønnevåg AS Hans Martin Hjelmeland, Umoe-Scat Harding AS Beate Hannisdal, Mobilt Snadder AS Even Teigen, Byggeriet Teigen Bygg AS Ordføraren i Kvinnherad har tale- og forslagsrett i styremøta. Ordføraren har vore aktiv med på møta. Val komité: Revisor: - Asbjørn Soltvedt, Rosendal Utvikling - Gaute Lund, idrift - Jorun Nordtveit, HMR - Lars J. Kroka Av dei viktigaste saksområda for styret i 2010 kan nemnast: Samferdsel både lokalt og regionalt. Oppretthalde og vidareutvikle det konstruktive samarbeidet med Formannskapet og administrasjonen i KK - KNS blant anna representerer Kvinnherad kommune i Team Sunnhordland (regionalt samarbeid i Sunnhordlandsregionen) Bidra til ei meir offensiv og målretta satsing på omdømmebygging av Kvinnherad og Sunnhordland gjennom prosjektet www.buisunnhordland.no og anna aktivitet i Team Sunnhordland. Bidra som medlem av styringsgruppa for Samarbeid - skule næringsliv og er aktiv med i TERS-prosjektet. Vidareutvikling av organisasjonen og kva tilbod som skal vera ein del av Kvinnherad Næringsservice. Etablering av industriinkubator i Kvinnherad. 4

3. Bemanning Silvia Tofte vart tilsett som næringssjef 01.01.2010, men byrja i 100% stilling 01.08.10 etter avslutta engasjement som kontorsjef ved Senter for Entreprenørskap ved Universitetet i Oslo. Arbeidsoppgåver På grunn av nytilsetting av Silvia Tofte i januar 2010 kor Tofte starta i full stilling i juli 2010, var aktivitetsnivået i KNS våren 2010 minimal. Året 2010 har gitt både utfordringar for verksemder, spanande prosjekt og ikkje minst nye moglegheiter for næringslivet i kommunen. Det har vore viktig for styret og administrasjonen å fokusera på å få inn eksterne prosjekt som kan vera med å styrkja organisasjonen - gjera den mindre sårbar, samt ta ein posisjon som gjer at ein også blir nytta i samanhengar som kan gje god profilering og påverkingskraft til gode for Kvinnherad og medlemsbedriftene. KNS arrangerte hausten 2010 Tilflyttarsamling saman med Kvinnherad kommunen. Dette var eit vellukka arrangement med god oppslutning. Kvinnherad kommune delte ut ein tilflyttarpris pålydande kr.10 000,- som var trekt ut blant dei frammøtte på arrangementet. KNS har fått inn tre større prosjekt som gjer at ein frå våren 2011 kan tilsetja ein prosjektkoordinator (deltid) på prosjektmidlar. Dette vil gje oss moglegheit til å jobba enda meir aktivt mot større saker, realisera nye prosjekt og i enda større grad jobbe mot kvar enkelt medlemsbedrifter. 1. Rekrutteringsdatabase Dette prosjektet er eit resultat av det å ha fleire tenester og gode for medlemmer av KNS, samt at det i samtalar med verksemder i haust vart avdekka at det å finne den rette medarbeidaren kan vera ein utfordring for fleire av våre medlemsbedrifter. Det vil i samarbeid med idrift bli utvikla ein database kor alle som er interessert i eit jobbtilbod frå Kvinnherad kan registrera seg. KNS har kjøpt domenet www.cvdatabase.no og det vil vera mogleg å ha databasen på heimesida til kvar enkelt medlemsbedrift. Dette gjer at det er enkelt å registrera seg om ein er interessert i fast arbeid, styreverv eller enkelte prosjekt i kommunen. Medlemsbedriftene vil få fri tilgong til databasen og kan dermed få ein oversikt over potensielle arbeidstakarar og styremedlem. 2. Industriinkubator i Kvinnherad Som eit resultat av arbeidet hausten 2010 vil det i 2011 bli etablert ein maritim industri inkubator i Kvinnherad, kor inkubatorleiinga vil liggje hjå KNS i tett samarbeid med Atheno. Dette er eit resultat av god samarbeid mellom Atheno, Kvinnherad kommune og KNS. Atheno er eit resultat av ein fusjon mellom tidlegare Industrinettverket AS, etablert som samarbeidsorgan for bedrifter i Sunnhordland i 1992, og industriinkubatoren Vekst Industri Sunnhordland som vart etablert i 2004. Eigarane i Atheno er bedrifter frå seks av kommunane i Sunnhordland, SIVA (Selskapet for industrivekst), Hordaland fylkeskommune, Stord og Kvinnherad kommune, Tekna Sunnhordland og Høgskulen Stord/Haugesund. 5

3. Møt skolen Samarbeid skule næringsliv KNS har fått prosjektleiinga på eit nytt prosjekt med oppstart januar 2011 som skal styrkje samarbeidet mellom skule og næringsliv. Prosjektet er finansiert av kompensasjonsmidlar og har i 2011 blitt bevilga kr.950 000,- til eit forprosjekt. Det vil her vera ein database som representantar frå næringslivet kan registrere seg med CV, ynskja emne som dei vil ha ein gjesteførelesning om og kor mange gonger det kan vera aktuelt å gjere dette i løpet av eit år. Det vil sei at om ein registrerer at ein vil bidra med to førelesningar i året forsvinn ein frå søk når ein har hatt disse slik at ein skal unngå at det følast som ein belastning å delta. Eit slikt prosjekt har som mål å skapa innsikt i yrkeslivet, inspirera til utdanningsval og entreprenørskap. Målsetjinga er å skapa eit betre og rikare opplæringsmiljø for ungdom, og gjennom det betre kvalifiserte arbeidstakarar i arbeidslivet. Prosjektet skal ta i bruk ny teknologi for å vera kostnadseffektivt, og for å nå brukarar og tilbydarar utover tradisjonelle grafiske avgrensingar. Heimeside for KNS Utarbeiding av ny heimeside er i gong. Andre aktivitetar Politiske møter med: Næringsdepartementet Næringsminister Trond Giske Statssekretær Halvard Ingebrigtsen Kulturdepartementet Kulturminister Anniken Huitfeldt Statssekretær Lubna Fjell Samferdselsdepartementet Fylkesmann Lars Sponheim Heildagsmøte. Invitert med av Kvinnherad kommune Siv Jensen, FrP Møtte styret i KNS Finansminister Sigbjørn Johnsen Heildagsmøte i Kvinnherad med bedriftsbesøk hjå Søral og Noreq Presentasjon i Formannskapet Hordaland fylkeskommune - næringsseksjonen Presentasjon om næringslivet i Kvinnherad under næringsseksjonens seminar i Rosendal (invitert av ordførar) Presentasjon av Team Sunnhordland/regionalt samarbeid hjå Atheno 6

Utanom dei store prosjekta har det vore aktivitetar som har vore retta inn mot enkelte bedrifter samt samarbeid i regionen, arbeid og samtalar med nyetablerarar, utgreiing av næringsfaglege vurderingar, mentoring av ungdomsbedrift (KVV) og diverse foredrag. 4. Medlemsutvikling Det har i 2010 ikkje vore gjennomført noko proaktivt arbeid med å skaffa nye medlem i KNS, då det har vore ei prioritering av arbeidsoppgåver og det har i den samanheng vore lagt fokus på korleis ein kan styrkje medlemsfordelane og auke verdi for eksisterande medlemmer. Det vil i 2011 vera eit større fokus på nye medlemmer, samtidig som ein vidareutviklar arbeidet frå hausten 2010. Det er 4 bedrifter som har meld seg inn i 2010. To bedrifter har meld seg ut, kor ei av disse har gått konkurs. På noverande tidspunkt er det 97 medlemsbedrifter i KNS. 5. Økonomi Organisasjonen hadde i 2010 ei omsetning på kr. 687 840,-, mot kr 885 552,- i 2009. KNS har i 2010 eit overskot på kr.123 529,-, mot eit overskot på kr.88 760 i 2009. Eigenkapitalen har auka frå kr. 121 786,- i 2009 til kr.245 316,- i 2010. Det har vore ein stor nedgong i prosjektinntekter grunna ei endring som vert gjort desember 2009, kor KVV overtok administrasjonen som prosjekteigar for TERS-prosjektet, samt at det våren 2010 var svært liten aktivitet i KNS. Arbeid som vert gjort hausten 2010 vil visa igjen i regnskapet for 2011, då fleire av prosjekta har oppstart januar 2011. Eksterne prosjekt og/eller ekstern finansiering av interne prosjekt vil vera viktig for KNS for å kunne oppretthalda den aktiviteten som er ynskjeleg. 6. Samarbeidande aktørar Kvinnherad Næringsservice har, i år som i fjor, hatt eit godt samarbeid med mange lokale aktørar i arbeidet med nærings- og tiltaksarbeidet i Kvinnherad som til dømes Kvinnherad kommune, Kvinnherad vidaregåande skule og KVV kompetanse. Regionalt fokus i forhold til Sunnhordlandsregionen er godt etablert og gjev gode resultat. Dette medfører som tidlegare nemnd samarbeid med Atheno, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Team Sunnhordland og Stord Næringsråd. På fylkesnivå er det videreført ei 7

god dialog med mellom anna Innovasjon Norge, Fylkesmannen og næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Team Sunnhordland 7. Sluttord Kvinnherad Næringsservice har vidareført arbeidet i 2009 med å ha eit godt samarbeid med andre næringsorganisasjonar og formaliseringa av samarbeidet med Kvinnherad kommune har medført at KNS representerar Kvinnherad kommune som heilskap i Team Sunnhordland. KNS har ikkje lenger ein kontordag på rådhuset, men har aktiv deltaking på møter i kommunen og med medlemsbedrifter i den delen av kommunen. Kontakten med medlemmene har og skal framleis få høg prioritet, og bedriftsbesøk og medlemsmøte er blant tiltaka som styrkjer denne kontakten. Kvinnherad Næringsservice skal framleis vera eit aktivt og synleg servicekontor for næringslivet i kommunen, og vera ein pådrivar for å styrka den einskilde medlemsverksemd, næringslivet generelt og Kvinnherad som ein attraktiv og næringsvenleg kommune. Det vert i årsmeldinga i 2009 poengtert at det er behov for auka bemanning for å kunne ha ein tilfredstillande aktivitetsnivå, noko som på grunn av eksterne prosjekt som var henta inn hausten 2010 er mogleg å realisera i 2011. Rettvisande oversikt Styret meiner at årsrekneskapen gir ei rettvisande oversikt av Kvinnherad Næringsservice sine eignelutar og gjeld, finansielle stilling og resultat. Fortsatt drift Årsrekneskapen for 2010 har ein lagt til grunn at drifta skal halda fram. Det vert med dette stadfesta at grunnlag for fortsatt drift er til stades. Arbeidsmiljø Styret meinar arbeidsmiljøet er tilfredsstillande. 8

Likestilling Kvinnherad Næringsservice har ei kvinne som dagleg leiar. Styret er samansett av (antall) menn og (antall) kvinner. Ytre miljø Kvinnherad Næringsservice forureinar ikkje det ytre miljø. Husnes, 01. mai 2011 Styret i Kvinnherad Næringsservice Solveig Aalde Bark Styreleiar Yngve Bryn Nestleiar Hans Martin Hjelmeland Styremedlem Beate Hannisdal styremedlem Even Teigen Styremedlem Marit Hjønnevåg styremedlem 9

10