Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/15 01.09.2015 Time kommunestyre 041/15 08.09.2015



Like dokumenter
Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Saksnummer Utval Vedtaksdato Formannskapet Kommunestyret

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/15 Drifts- og miljøutvalget PS Plan- og økonomiutvalget Kommunestyret Administrasjonsutvalget

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kommunereform. Informasjonsmøter mars 2015

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur.

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Handsaming i Kommunestyret :

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

Kommunereform. Ope møte i Volda

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kommunereform - Status

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Mandat kommunereformen i Lesja og Dovre kommuner


Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Kommunereforma felles formannskapsdag i Sogn regionråd

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

INNKALLING TIL MØTE I JÆRRÅDET

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Kommunereform og fylkesmansstruktur

«Nordhordland kommune»

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Intensjonsavtale for ny kommune. Forhandlingsutvala i kommunane Fusa og Os

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Selje kommune MØTEBOK

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Saksframlegg. Arkivsak: 14/ Sakstittel: KOMMUNEREFORMA. K-kode: 001 &25

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Kommunane skal gjennomføre ein prosess mot ei eventuell større eining og førebu ei samanslåing.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Kommunereforma. Balestrand 4. mars 2015 Kåre Træen

INNKALLING TIL MØTE I JÆRRÅDET

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Prosjektplan. Kommunereforma i Møre og Romsdal

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Utgreiing av kommunestruktur

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Transkript:

Arkiv: K1-002 Vår ref: 14/344-45 Journalpostid: 15/18302 Saksbeh.: Elin Wetås de Jara KOMMUNEREFORMA - VIDARE FRAMDRIFT Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/15 01.09.2015 Time kommunestyre 041/15 08.09.2015 Framlegg til vedtak: 1. Time kommunestyre tek rapporten «Ny kommunestruktur felles utredning for de 8 kommunene Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Randaberg, Sandnes og Stavanger» til orientering. 2. Time kommune gjennomfører «naboprat» med Jærkommunane Klepp og Hå husten 2015. Ordførar, varaordførar og leiar av det største opposisjonspartiet går inn i styringsgruppa for prosjektet. 3. Det vert opna for å gjennomføra «naboprat» med andre kommunar i regionen dersom det kjem slike initiativ. 4. Framlegg til intensjonsavtale og grunnlag for folkehøyring vert lagt fram for Time kommunestyre i februar 2016. Time formannskap Forslag frå Bjarne Undheim, Sp: Saka blir utsett til etter valet. Forslag frå Bjarne Undheim fekk 1 røyst og falt. (Sp) Forslag frå Ingebjørg K. Undheim, V: Pkt. 2:...det største opposisjonspartiet blir erstatta med leiar av Senterpartiet... Forslag frå Bjarne Undheim, Sp: Pkt. 1: På grunnlag av dei utgreiingane som no har vore til Time formannskap ikkje nytte ressurser på vidare utgreiingar og drøftinger om kommunesamanslåing. Time kommune skal bestå som eigen kommune. Pkt. 2: Det vart sett i gang eit arbeid med å sjå på korleis kommunane Hå, Klepp og Time kan få eit betra samarbeid på områder der ein samarbeider i dag og vurdera nye område å samarbeide på. Framlegget vart vedtatt med 8 røyster medan 1 røysta for Bjarne Undheim sitt forslag (Sp).

Framlegget pkt. 2 vart vedtatt med 8 røyster medan 1 røysta for Ingebjørg K. Undheim sitt forslag (V). FSK-052/15 Framlegg: 1. Time kommunestyre tek rapporten «Ny kommunestruktur felles utredning for de 8 kommunene Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Randaberg, Sandnes og Stavanger» til orientering. 2. Time kommune gjennomfører «naboprat» med Jærkommunane Klepp og Hå husten 2015. Ordførar, varaordførar og leiar av det største opposisjonspartiet går inn i styringsgruppa for prosjektet. 3. Det vert opna for å gjennomføra «naboprat» med andre kommunar i regionen dersom det kjem slike initiativ. 4. Framlegg til intensjonsavtale og grunnlag for folkehøyring vert lagt fram for Time kommunestyre i februar 2016. Time kommunestyre Forslag frå Geir Pollestad, Sp: Saka blir utsett til etter valet. Forslag frå Geir Pollestad fekk 6 røyster og falt (1 Ap, SV, 4 Sp). Tilleggsforslag frå Michael Evans, Sv: I det vidare arbeidet skal Time leggje til grunn at det skal vere ei forpliktande folkeavstemming. Forslag frå Michael Evans fekk 5 røyster og falt (4 Sp, Sv) Punktvis avrøysting: Pkt. 1: Framlegget vart samrøystes vedtatt. Pkt. 2, 3 og 4: Framlegget vart vedtatt med 24 mot 3 røyster (3 Sp). KS-041/15 Vedtak: 1. Time kommunestyre tek rapporten «Ny kommunestruktur felles utredning for de 8 kommunene Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Randaberg, Sandnes og Stavanger» til orientering. 2. Time kommune gjennomfører «naboprat» med Jærkommunane Klepp og Hå husten 2015. Ordførar, varaordførar og leiar av det største opposisjonspartiet går inn i styringsgruppa for prosjektet. 3. Det vert opna for å gjennomføra «naboprat» med andre kommunar i regionen dersom det kjem slike initiativ. 4. Framlegg til intensjonsavtale og grunnlag for folkehøyring vert lagt fram for

Time kommunestyre i februar 2016.

KOMMUNEREFORMA - VIDARE FRAMDRIFT SAKA GJELD Administrasjonane i Gjesdal, Hå, Klepp, Randaberg, Sandnes, Sola, Stavanger og Time har i samarbeid gjort analyse av grunnlag for kommunereform i dei åtte kommunane med vekt på områda tenester, samfunnsutvikling, lokaldemokrati og økonomi. Arbeidet har vore leia av ei politisk styringsgruppe som har bestått av ordførarar og opposisjonsleiarar frå alle kommunane. Analysen går fram av rapporten frå den felles utgreiinga, som vart lagt fram for felles formannskapsmøte for dei åtte kommunane i juni 2015. Rapporten vert lagt fram til orientering og som grunnlag for Time kommune sitt vidare arbeid med reforma. Dei åtte kommunane er samde om ein framdriftsplan som sikrar at kommunane gjer dei nødvendige vedtaka i tråd med regjeringa si framdrift i kommunereforma. Saka handlar om overgangen frå fase 1, utgreiing til fase 2, naboprat og gjennomføringa av fase 2. I saka vert det gjort framlegg om kva nabokommunar Time skal invitera til den såkalla "nabopraten" i neste fase av reformarbeidet. Det vert også gjort framlegg om korleis denne delen av prosessen skal gjennomførast for å munna ut i eit grunnlag for folkehøyringa som skal gjennomførast våren 2016. Rådmennene i Hå, Klepp og Time har samarbeidd om innhald og innstilling i saka. SAKSOPPLYSNINGAR Regjeringa sette i gang arbeidet med en ny kommunereform den 3.1.2014, og utnemnde eit ekspertutval. Mandatet til utvalet var å finna kriteria for framtidig oppgåveleveranse i kommunane. Utvalet si innstilling danna grunnlag for Regjeringa sin meldingsdel om kommunereforma til Kommuneproposisjonen 2015 (Prop. 95S). Eit fleirtal i Stortinget slutta seg til opplegget for gjennomføring av reforma i møte 18.6.2014. Oppgåvemeldinga «Kommunereformen nye oppgaver til større kommuner» (St meld 14 (2014-15)), som vart behandla i Stortinget i juni 2015, opnar for å overføra nokre avgrensa oppgåver til kommunane. Overføringa av større oppgåver til større kommuanar skal greiast ut vidare i eigne løp. Regjeringa har også starta ein gjennomgang av den statlege styringa med kommunane. Resultatet av gjennomgangen vert lagt fram for Stortinget våren 2017. Ein samla lovproposisjon om nye oppgåver til kommunane vert lagt fram våren 2017. Under visse føresetnader kan det vera aktuelt at større kommunar overtek ansvaret for større fylkeskommunale oppgåver som vidaregåande skular og tannhelseteneste. I Jærrådet sitt møte 24.5.2014 vart det bestemt å gjennomføra eit felles utgreiingsarbeid om kommunereforma. I januar 2015 slutta i tillegg Randaberg, Stavanger og Sola seg til den felles utgreiinga, som er gjort greie for og oppsummert i rapporten som ligg ved saka. Konklusjonar frå felles utgreiing Modellane som har vore brukte i analysen av tenester, lokaldemokrati, samfunnsutvikling og

økonomi i den felles utgreiinga er: «0-alternativet», «liten», «middels» og «stor», der den store inneber 1-2 kommunar til saman i området, middels med 2-3 kommunar og liten med 4-7 kommunar i området. Rapporten si skisse av alternativet «stor» er at Sandnes og Stavanger slår seg saman med omlandskommunane eller at ein får ei deling mellom byområdet Nord-Jæren og Sør-Jæren. Alternativet «middels» er eksemplifisert med eit todelt byområde med grense på Forus og der Stavanger går saman med kommunane nordover og Sandnes med kommunane sørover om dei to nye kommunane. Alternativet «liten» inneber at mindre kommunar i regionen går saman to eller tre om å danna nye kommunar, og at det ikkje skjer særskilte endringar i Stavanger sin kommunestruktur. Prinsippet om at alle kommunar skal vera generalistkommunar ligg til grunn i rapporten, slik det også vart stadfesta i Oppgåvemeldinga. Konklusjonen i rapporten for dei åtte kommunane er at når det gjeld samfunnsutviklarrolla er dei største strukturane dei mest hensiktsmessige. Dette er grunngjeve med at regionen er eit integrert bu-, service- og arbeidsområde og at samordna innsats i området er nødvendig for funksjonell samfunnsutvikling. Rapporten synleggjer både fordelar og ulemper med større kommunar når det gjeld lokaldemokrati, men held fram modellen med middels kommunar som ei styrking av lokaldemokratiet. Stor kommune kan ifølgje rapporten gi lokaldemokratiske gevinstar, men ein må her vurdera tiltak som kompenserer for nærdemokratiet. Når det gjeld tenesteyting går det fram av analysen at middels og stor kommune vil kunna styrkja kapasitet og kompetanse i ein ny kommune, medan det minste alternativet framstår som det som kan gi meir effektiv tenesteproduksjon og best likeverd i tenestetilbodet. Analyse av dagens og framtidig behov for tenesteleveranse går fram av rapporten, og det er også lagt ved oversyn over interkommunalt samarbeid og selskap som ivaretek og bidreg til tenesteleveranse på tvers i heile regionen. Framdrift for kommunereforma Fase 1, utgreiing, vart avslutta ved framlegginga av felles analyse og rapport for dei åtte kommunane. Fase 2 startar med eit kommunestyrevedtak i september 2015 om å gå vidare med «naboprat». Vedtaket omhandlar kva kommune eller kommunar «nabopraten» skal skje saman med, og korleis denne prosessen skal gjennomførast. Deretter vil fase 3 starta med eit kommunestyrevedtak om ein intensjonsavtale som kan leggjast ut til høyring blant innbyggjarane. Vedtaket må gjerast i februar 2016. Det må samtidig gjerast eit vedtak om korleis høyringa skal skje, gjennom opinionsmåling eller ved rådgjevande folkerøysting. Etter høyringa, som kan skje frå februar til mai 2016, vil Time kommunestyre behandla sak om ny kommunestruktur. Stortinget gjer vedtak om ny kommunestruktur våren 2017. Dersom ein ny kommune skal etablerast, vil fase 4 pågå frå hausten 2017, med detaljplanlegging og overgang til ny kommune. Seinaste dato for iverksetting av ny kommune er 1. januar 2020.

Fig 1: modell for framdrift Aktuelle utgreiingsalternativ Med utgangspunkt i modellane og i geografi, vil aktuelle utgreiingar av mogleg ny kommune for Time i hovudsak vera: «Liten»: Jæren kommune (Time, Klepp, Hå) «Middels»: Jærrådskommunane (Time, Klepp, Hå, Sandnes, Gjesdal) «Stor»: Alle dei åtte kommunane i utgreiinga (Time, Klepp, Hå, Sandnes, Gjesdal, Sola, Randaberg, Stavanger) Innanfor desse alternativa kan talet på kommunar variera noko. Ei eventuell felles utgreiing og «naboprat» vil vera avhengig av kva vedtak dei øvrige kommunane gjer i saka. På regjeringa si nettside www.kommunereform.no ligg det ute verktøy som gjer det mogleg å testa korleis ulike alternativ for ny kommune vil slå ut i befolkningssamansetting, økonomi og anna. Opplegg for «naboprat» «Veien mot en ny kommune» er regjeringa si rettleiing for gjennomføring av kommunereformarbeidet lokalt. Her vert det anbefalt å laga intensjonsavtalar som kan vera utgangspunkt og mål for kommunane sin dialog om grunnlaget for ein ny kommune, og som kan leggjast ut til folkehøyring før eit endeleg vedtak. Intensjonsavtalane tydeleggjer kva ein ønskjer å oppnå med å laga ein ny kommune, gjerne i form av hovudmål og delmål. Vidare går det fram av ein slik avtale kor kommunesenteret skal vera, korleis kommunale tenester skal styrkjast, korleis ulike kommunale funksjonar skal lokaliserast og korleis dei tilsette skal handterast i prosessen. Kommunenamn, kommunevåpen, administrasjonsspråk og økonomi er også eksempel på innhald i intensjonsavtalar.

VURDERING Fase to i utgreiinga av kommunestrukturen må både handla om det overordna regionale perspektivet som er ein føresetnad for samfunnsutviklinga og om det ansvaret kommunen har for ei trygg og framtidsretta tenesteutvikling. Lokaldemokrati og styringsvilkår er viktige faktorar på begge desse områda. Det er dermed etter rådmannen sitt syn fleire modellar for kommunestruktur som kan vurderast. Tenesteperspektivet Etter oppgåvemeldinga er det i begrensa grad lagt opp til overføring av oppgåver til kommunane. Etter rådmannen si vurdering bør ein difor ta utgangspunkt i den kompleksiteten kommunane alt har i dag, etter tiår med store reformar og oppgåveoverføringar, og med dette utgangspunktet etablera kommunestrukturar som ivaretek innbyggjarane og næringslivet sitt samla behov for tenester. SWOT-analysen av tenester som vart gjort i 2014 viser at fleire tenester er sårbare når det gjeld kapasitet og kompetanse. 0-alternativet inneber å halda fram med dagens kommunar, og sidan SWOT-analysane i den felles utgreiinga har dagens kommunar som utgangspunkt, er det etter rådmannen si vurdering ikkje nødvendig å greia ut dette alternativet vidare. Demografiske endringar, teknologiutvikling og ikkje minst forventingar og mål om valfridom er viktige føresetningar i kommunen sin framtidige tenesteleveranse. Dette må etter rådmannen si vurdering vera utgangspunktet for å vurdera korleis oppgåveløysinga kan skje i ein framtidig kommunestruktur. Regionalt perspektiv Analysane som er gjort peikar på ein stor eller få store kommunar i regionen som mest hensiktsmessig for den regionale samfunnsutviklinga. Dette perspektivet er viktig når det gjeld samspelet mellom Jærkommunane og byområdet på Nord-Jæren om utvikling i framtida. Ei utgreiing av ein stor kommune der Time kommune inngår, vil vera avhengig av at dei to største kommunane i regionen, Stavanger og Sandnes, går saman og tek initiativ. Denne modellen er i rapporten frå felles utgreiing framheva som den beste når det gjeld samfunnsutviklinga i regionen. Alternativet vil likevel innebera geografiske utfordringar, og vera krevjande både i høve til tenesteutvikling og lokaldemokrati. Det vil likevel vera ein styrke for heile regionen si slagkraft dersom det vert danna ein storkommune i regionen eller to godt samarbeidande kommunar på Nord- og Sør-Jæren. Rådmannen meiner difor at Time bør stilla seg open for utgreiing dersom det kjem eit initiativ frå dei to bykommunane. Jærregionen Jærkommunane har gjennom mange år hatt eit nært samarbeid gjennom Jærrådet, noko som både byggjer på nærleik i geografi, felles utfordringar og kultur for samhandling. Dersom kommunar som inngår i dette samarbeidet ønskjer å greia ut ein ny felles kommune, og tek initiativ til det, kan det etter rådmannen si vurdering vera hensiktsmessig for Time å delta i

utgreiinga. Alternativet der dei tre Jærkommunane Time, Klepp og Hå går saman og dannar Jæren kommune er etter rådmannen si vurdering det mest aktuelle for vidare utgreiing. Geografisk ligg det godt til rette for at ein Jæren kommune kan handtera innbyggjarane sine behov både når det gjeld tenester, samfunnsutvikling og lokaldemokrati. Flytting og pendling mellom desse tre kommunane gjer dei til eit integrert bu- og arbeidsområde, og innbyggjarane brukar også i stor grad kultur- og servicetenester på tvers. Fleire stader har tettstader ekspandert på tvers av kommunegrensene, og særleg mellom Time og Klepp, der både Tu og Orstad/Kvernaland er delte mellom kommunane. I desse grenseområdene er og vil det verta etablert felles tenester for innbyggjarane i begge kommunane, med Orstad-Frøyland kyrkje, kommande skule i Vardheia og Bryne som by- og handlesenter som eksempel. Dei tre Jærkommunane har eit stadig meir omfattande samarbeid om tenesteutvikling. Jærskulen, samhandlingstenester innan omsorg og felles tiltaksavdeling innan barnevernet er eksempel på felles tenester for innbyggjarane i to eller tre av kommunane. Time og Klepp har flest tenestetilbod saman. Likevel er det i Stavangerregionen samla at Time har dei mest omfattande interkommunale samarbeidsstrukturane, som til dømes brannvesen, vatn og avløp, energi og næring. Desse strukturane vil kommunen vera avhengig av å oppretthalda også dersom Jærkommunane dannar ny kommune. Næringsstrukturen i dei tre kommunane er forholdsvis lik, og når det gjeld etablering av ny næring er kommunane si haldning prega av samarbeid meir enn konkurranse. Ei felles haldning til etablering gjer at regionen kan nytta areal hensiktsmessig. Alle dei tre kommunane er viktige jordbrukskommunar, og det vil vera viktig å vurdera kva kommunestruktur som legg best grunnlag for framtidig jordvern, vekst og utvikling i området. Jæren er ein naturleg og kjent region, og rådmannen meiner det bør greiast ut om ei samanslåing vil kunna styrkja kommunane sin posisjon yttarlegare. Gjennomføring av «nabopraten» Etter rådmannen si vurdering er ein intensjonsavtale eit godt verktøy for å gjennomføra dialogen med nabokommunane og komma fram til eit konkret framlegg til folkehøyring og medverknad. Det bør etablerast ei politisk styringsgruppe som har ansvar for gjennomføringa av dialogen. Når det gjeld tilsette i kommunane, vil medverknad vera ein hovudsak i overgangen til ein ny kommune. Korleis dette skal skje må gå fram av intensjonsavtalen. Dei tilsette sine innspel til arbeidet med intensjonsavtalen kan etter rådmannen si vurdering ivaretas gjennom ei felles referansegruppe for hovudtillitsvalde i dei kommunane som greier ut saman.

KONKLUSJON Rådmannen vil tilrå at Time kommune i første omgang tek initiativ til ein «naboprat» med kommunane Klepp og Hå for å vurdera grunnlaget for ein ny Jæren kommune. Det vert tilrådd at utgangspunktet for samtalane er å utarbeida ein intensjonsavtale. Vidare er tilrådinga at det vert sett ned ei politisk styringsgruppe i kvar av kommunane som får ansvar for å gjennomføra «nabopraten». Rådmannen gjer framlegg om at styringsgruppa består av ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar frå kvar kommune og at referansegruppa består av tre tillitsvalde frå kvar kommune. Rådmennene er administrativ arbeidsgruppe. Det vert tilrådd at kommunane går saman om å leiga inn ein felles prosjektleiar for dei tre månadene «nabopraten» skal skje. Rådmannen tilrår at det vert opna for å delta i «naboprat» med dei øvrige kommunane i regionen dersom det kjem eit slikt initiativ i samband med behandlingane av saka i kommunestyra i løpet av august og september 2015. Rådmannen i Time, den 02.07.2015 Brit Nilsson Edland Vedlegg: Endeleg rappport frå utgreiingsarbeidet Dette dokumentet er elektronisk godkjent i systemet og krev derfor ikkje signatur