Den regionale styredagen i Sogn og Fjordane Rica Sunnfjord Hotel, Førde torsdag den 16. mars 2006 Arrangør: StyreAkademiet Sogn og Fjordane Stryn Næringshage, Tinggata 3. 6783 Stryn www.styreakademiet.no
StyreAkademiet Sogn og Fjordane arrangerar Styredagen i Sogn og Fjordane Torsdag den 16. mars 2006 Rica Sunnfjord Hotel, Førde Aktivt styrearbeid er viktigare enn nokon gang og det er heile tida fokus på godt styrearbeid både i presse og i samfunnet elles. For medlemar i StyreAkademiet, styremedlemar og alle andre som er interessert i styrearbeid arrangerar derfor StyreAkademiet i Sogn og Fjordane Regional Styredag den 16. mars 2006. Hovudtema for den andre regionale styredagen i fylket vårt vil vere styret som team. I styret i eit aksjeselskap vil det ofte vere ein gruppe medlemar som kan kjenne kvarandre noko men som også kan vere ukjende når dei møtast i styrerommet første gongen. Då kan det vere ein utfordring å få styret til å fungere som ei effektiv gruppe. Dette viktige teamet vil vi prøve å setje søkelys på i Førde den 16. mars på den regionale styredagen i Sogn og Fjordane. Denne gongen vil vi også ha meir fokus på at medlemane i StyreAkademiet og deltakarane vert betre kjend med kvar andre. I styrespelet Speed Boarding vil ein få moglegheit for både å teste seg sjølv i som styremedlem på eit hektisk styremøte og bli betre kjend med dei andre deltakarane. Vel møtt til ein interessant Styredag i 2006.
Program Styredagen i Sogn og Fjordane 0900-1045 Registrering, servering av kaffi og te. ÅRSMØTE STYREAKADEMIET SOGN OG FJORDANE 0930 1030 Vanlege årsmøtesaker, val etc. STYREDAGEN 2006 1100 1115 Opning av Styredagen 2006 STYRET SOM TEAM 1115 1415 Styrespelet Speed boarding 1115 1130 Presentasjon introduksjon spelet 1130 1145 Inndeling i grupper 1145 1300 Styrespillet i grupper 1300-1400 LUNSJ OG NETTVERKSBYGGING (styregruppene spis lunsj saman) 1400 1415 Presentasjon resultat styrespelet FØREDRAG OM STYRET SOM TEAM OG ANDRE UTFORDRINGAR 1415 1500 Statsautorisert revisor Jan Ove Helle, PriceWaterhouseCoopers AS 1500 1530 Nettverkspause med frukt 1530 1615 Lillian Andreassen coaching av styret 1615 1645 Arne Myklebust Thomas Berge, FjordInvest AS Krav frå investor til verksemd og korleis styret fungerar. 645 1700 Oppsummering vel heim
Program og føredragshaldarane: Styrespelet Speed boarding er eit interaktivt, rollebasert spel som setter fokus på teamarbeid. Målet er at deltakarane skal oppleve korleis teamarbeid i styret utgjør ein forskjell i beslutningsprosessane. Læringsspillet er utviklet i samarbeid mellom Expology, Handelshøyskolen BI og Det nasjonale styreakademiet og er basert på utprøvd pedagogikk frå opplevingsbasert læring. Statsautorisert revisor Jan Ove Helle er Nasjonal Partner i PriceWaterhouseCoopers AS, han er også utdanna siviløkonom og har ein MBA. Sjølv om han sjølv som revisor ikkje kan vere styremedlem, har han god kunnskap om korleis styrer i store og små verksemder i fylket fungerar. Han vil seie noko om krav til styret, korleis dei skal fungere saman og kor viktig det er at alle er samde om mål og meining med styrearbeidet. Dette er eit viktig emne for alle som har styreverv og som arbeider med styrer Lillian Andreassen er senior rådgjevar i konsulentselskapet Bedriftskompetanse AS. Lillian Andreassen har arbeidet mykje med styrearbeid, gruppedynamikk og coaching av styremedlemar. Tidlegare arbeidet ho mykje med styreutdanninga til BI og Innovasjon Norge, blant anna gjennom styreprosjekt for små og mellomstore verksemder i Bergen og Hordaland. Fjord Invest AS er fylket sitt eige investeringsselskap og verksemda engasjerar seg med kapital i næringslivet i Sogn og Fjordane. Senior rådgjevar Arne Myklebust som sjølv arbeider mykje med styrearbeid og investeringsanalytikar Thomas Berge presenterar kva krav som stillast når Fjord Invest AS går inn i verksemdene, både til verksemdene og ikkje minst i høve til styresamansetting og profesjonelt styrearbeid. Møteleiar er Ottar Borch-Nielsen, styreleiar i StyreAkademiet i Sogn og Fjordane.
Samarbeidspartar i arrangementet av Styredagen i Sogn og Fjordane 2006 StyreAkademiet i Sogn og Fjordane er ein ideell medlemsorganisasjon som arbeider for betre styrer og betre styremedlemar i verksemdene. Vil du vere medlem, ta kontakt med StyreAkademiet i Sogn og Fjordane, Stryn Næringshage, Tinggata 3, 6783 Stryn Telefon 57 87 54 76 e-post: ottarbn@reiselivsutvikling.no www.styreakademiet.no