UNIVERSITETET I BERGEN Programutval for lærarutdanning Det humanistiske fakultet 10.4.2012 INNKALLING Møte i PROGRAMUTVALET FOR LÆRARUTDANNING tysdag 17. april 2012, kl.14.15-16.00, seminarrom 217, HF-bygget. Anne-Brit Fenner Heming Gujord Christian Sæle Tor Jan Ropeid Randi Ødegård Jan Oldervoll Hilde Hjertager Lund Sekretær: Silje Anette Lindgren I Godkjenning av innkalling og saksliste II Godkjenning av protokoll frå møtet 8. mars 2012 III IV Orienteringssaker 1. Møte i Studiestyret 11. april 2012 2. Partnarskuleseminar på Solstrand 10. og 11. april 2012 3. Faglunsj måndag 16. april 4. Programsamling for studentane på MAHF-LÆFR og MAHF-LÆNO 19. april 2012 5. Forskingsdag for tilsette i lærarutdanninga ved UiB 7. juni 2012 Programstyret for adjunkt- og lektorutdanning inviterer til forskingsdag for dei tilsette i lærarutdanninga ved UiB 7. juni 2012. Invitasjon er sendt per e-post, og påmeldingsfristen er 21. mai. 6. Innspel frå matematiske institutt og styret i Norsk Matematikkråd til Rammeplanutvalet for integrert lektorutdanning, adjunktutdanning og PPU (vedlegg) Saker S12/10 Opptak til PPU éin gong per år foreløpig vedtak i Programstyret for adjunkt- og lektorutdanning (vedtakssak) S12/11 Praksisforsøk vårsemesteret 2012 S12/12 Undervisningsfaktor (vedtakssak) S12/13 Tiltak knytt til fråfallsrapporten på integrert lektorutdanning (vedtakssak) S12/14 Høyring Profesjonsetisk plattform for førskulelærarar, lærarar og leiarar i barnehage og skule (Utdanningsforbundet) (vedlegg) (vedtakssak) S12/15 Plan for programsensor 6. og 7. juni 2012 (diskusjonssak) V EVENTUELT Anne-Brit Fenner Silje Anette Lindgren side 1 av 18
UNIVERSITETET I BERGEN Programutval for lærarutdanning Det humanistiske fakultet 14.3.2012 PROTOKOLL Møte i PROGRAMUTVALET FOR LÆRARUTDANNING torsdag 8. mars 2012, kl. 14.15-16.00, seminarrom 353, HF-bygget. Til stades: Leiar Anne-Brit Fenner IF Tor Jan Ropeid AHKR Christian Sæle LLE Heming Gujord Visedekan for undervisning Jan Oldervoll (observatør) Frå administrasjonen Silje Anette Lindgren (sekretær) Ikkje møtt: Studentrepresentant, IL Randi Ødegård Frå administrasjonen Hilde Hjertager Lund (observatør) I Godkjenning av innkalling og saksliste Éi sak blei lagt til under eventuelt: Undervisningsfaktor II Godkjenning av protokoll frå møtet 31.1.12 Protokollen blei godkjent utan merknader. III Orienteringssaker 1. Møte i Programstyret 20. februar 2012 Jan Oldervoll orienterte. S04/12 Opptak til PPU en gang per år etter innspill fra fakultetene Fakulteta var ganske samstemte i tilbakemeldingane som gjaldt opptak til PPU éin gong per år, men det blei likevel diskusjon i møtet. PUHF reagerer på følgjande del av det foreløpige vedtaket frå Programstyret: I tillegg anbefaler programstyret en overgangsordning der studenter kan bli tatt opp til PPU på våren, men må ta emne i omvendt rekkefølge. Vedtaket i Programstyret er fatta på andre premissar enn dei fakulteta kom med tilbakemeldingar ut frå. Eit viktig argument for opptak éin gong per år forsvinn når ein opnar for oppstart i vårsemesteret. Med tanke på fagleg progresjon, er det ikkje haldbart at studentane skal ta studiet i omvendt rekkjefølgje. 2. Nasjonal konferanse om rammeplanarbeid for lærarutdanning trinn 8-13 i Oslo 14. februar 2012 Heming Gujord orienterte. Alle rammeplanutvala la fram forslaga sine til forskrifter. For UiB var det orienteringa om IL og PPU som var mest interessant. I etterkant av presentasjonane var det lagt opp til verdskafé, der ulike tema knytt til rammeplanen blei diskutert. Utvalsrepresentantane var lydhøyre for innspela som kom og interesserte i motargument. Blant anna gjaldt det punktet om at ein vurderer minimum 135 studiepoeng i fag 1, samtidig som hovudfokuset på IL skal liggje på fagleg fordjuping. Ein oppfatta at rammeplanutvalet var ute Side 2 av 18
etter å styrke faga, men mange var skeptiske til eit C-krav på master. Når det gjaldt PPU, var det mange som protesterte på at ein skal ha master som opptakskrav. Elles er praksis noko som framleis blir diskutert i rammeplanutvalet. Det blei elles presisert at utvalet har eigne rutinar for å ta imot innspel. 3. Invitasjon til praksislærarar om gjesteforelesingar m.m. Silje Anette Lindgren orienterte. SV har med bakgrunn i ønske frå øvingslærarane på partnarskulane begynt å sende ut eit månadleg nyheitsbrev til lærarane i samfunnsfag. I nyheitsbrevet blir det informert om arrangement (gjesteforelsingar m.m.) som kan vere av interesse for desse. Dette er òg noko ein kan gjere ved HF. 4. Brev frå Det humanistiske fakultet til Programstyret om opptak til PPU éin gong per år (S12/2, møte i PUHF 31. januar 2012) Både PUHF og involverte institutt har uttalt seg om saka, og tilbakemelding frå Det humanitsike fakultet til Programstyret blei sendt 13.2.2012. 5. Driftsmidlar til PUHF PUHF har fått tildelt 50 000 kr i driftsmidlar for 2012. 6. Fellesmøte for programsensorar på lærarutdanninga ved UiB 6. og 7. juni 2012 Programsensorane som er knytte til lærarutdanninga ved UiB, skal ha eit fellesmøte i Bergen 6. og 7. juni 2012. 7. Brev frå Programstyret om faglunsj Programstyret tilrår at det blir arrangert ein felles faglunsj for tilsette i lærarutdanninga to gonger per semester, for å betre samarbeid og integrasjon. Programstyret dekkjer utgifter til lunsj, men ansvaret for arrangementet skal gå på omgang mellom fakulteta. 8. Om faglunsj 20. februar 2012 Anne-Brit Fenner orienterte. Faglunsjen 20. februar 2012 blei arrangert av Det psykologiske fakultet. Kari Smith innleidde lunsjen med eit innlegg om ny nasjonal rammeplan for IL og PPU, og dette var òg tema for diskusjonen i etterkant. Leiar for PUHF ser på faglunsjen som eit godt tiltak og ein fin møtearena, og vil oppmode tilsette ved HF om å møte på desse. På den første faglunsjen var det berre éin tilsett frå HF som møtte. 9. Brev frå Programstyret om tverrfakultært samarbeid og felles arbeidssamling Programstyret vil arrangere eit heildagsseminar for fagdidaktikarar og pedagogar, der dei får høve til å utarbeide eit felles opplegg for skuleerfaringa på 5. semester. Seminaret er lagt til 24. og 25. mai 2012. 10. Svar frå Praksisutvalet, som gjeld S11/23 (møte i PUHF 15. september 2011) Praksisutvalet vil på komande møte behandle dei problemstillingane som PUHF peikar på i forhold til faglege prinsipp for praksisutplassering og organisering av praksisbesøk. Side 3 av 18
IV Saker S12/5 Programsamling for studentane på MAHF-LÆFR og MAHF-LÆNO våren 2012 Vedtak: Randi Ødegård, Christian Sæle og Silje Anette Lindgren har ansvar for å arrangere programsamlinga for studentane på MAHF-LÆFR og MAHF- LÆNO våren 2012. S12/6 Endringar i studieplanen for MAHF-LÆFR PUHF hadde éin merknad til endringane i studieplanen for MAHF-LÆFR: I avsnittet om undervisningsspråk var følgjande formulering foreslått: Undervisninga i fag I (engelsk, fransk eller tysk) vil vere på det aktuelle språket. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen. Dette vil PUHF ha endra til: Undervisninga i fag I (engelsk, fransk eller tysk) vil oftast vere på det aktuelle språket, men kan også vere på norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen. Vedtak: Endringane i studieplanen for MAHF-LÆFR blir godkjente, og oppdatert studieplan sendast over til Det humanistiske fakultet. S12/7 Endringar i studieplanen for MAHF-LÆNO PUHF hadde ingen merknader til endringane i studieplanen for MAHF- LÆNO. Vedtak: Endringane i studieplanen for MAHF-LÆNO blir godkjente, og oppdatert studieplan sendast over til Det humanistiske fakultet. S12/8 Prioriterte område for programsensor Vedtak: PUHF ønskjer at det er skuleerfaring og praksisperiodar, deira innhald og verdi i forhold til undervisninga på campus, som skal prioriterast i 2012. S12/9 Ny nasjonal rammeplan I etterkant av møtet 29. februar 2012, blei det forfatta eit skriv med merknader til utkasta til nye rammeplanar for IL og PPU. Skrivet blei ettersendt som vedlegg til S12/9, og det var dette skrivet PUHF diskuterte i møtet 8. mars 2012. Det blei gjort nokre få justeringar i skrivet. Medlemmane av PUHF var einige om at merknadene skulle formidlast til Rammeplanutvalet. Vedtak: Merknadene sendast til Rammeplanutvalet og som kopi til Programstyret for adjunkt- og lektorutdanning, Det humanistiske fakultet, og dessutan lærarutdannarar på SV- og MN-fakulteta. Side 4 av 18
V EVENTUELT Det var éi sak under eventuelt: Undervisningsfaktor Det har kome fram at institutta ved HF opererer med ulike faktorar for skulebesøk. PUHF vil ta opp igjen saka og drøfte ho vidare på møtet 17. april 2012. Anne-Brit Fenner Silje Anette Lindgren Side 5 av 18
Side 6 av 18
Side 7 av 18
S12/10 Opptak til PPU éin gong per år foreløpig vedtak i Programstyret for adjunktog lektorutdanning (vedtakssak) I møte 31. januar 2012 behandla PUHF S12/2 Høyring om opptak til PPU éin gong per år. PUHF gjekk inn for ei prøveordning med eitt opptak i året. Programstyret for adjunkt- og lektorutdanning hadde saka om opptak til PPU éin gong per år oppe igjen til behandling i møte 20. februar 2012 (S04/12 Opptak til PPU en gang per år innspill fra fakultetene). Som det går fram av orienteringssak 1 frå møtet i PUHF 8. mars 2012, reagerer medlemmane av PUHF på det foreløpige vedtaket som då blei fatta. Forslag til vedtak: S12/11 Praksisforsøk vårsemesteret 2012 Ved ei tilfeldigheit blei det oppdaga at ein ny modell for praksisbesøka til pedagogane i den integrerte lektorutdanninga blei prøvd ut på praksisskulane. I staden for å evaluere praksisen til studentane i klasserommet, blei det halde felles møte med alle rettleiarane og studentane på desse skulane. Utprøvinga viste seg å ikkje vere diskutert verken i Praksisutvalet eller i Programstyret, og det var ikkje gitt nokon informasjon til programutvala på fakulteta eller til fagdidaktikarane. Praksisutvalet hadde møte dagen etter at saka blei oppdaga, og HFs representant i utvalet blei av leiarane av PUHF bedt om å ta opp saka under eventuelt. Forslag til vedtak: PUHF reagerer sterkt på at det blir sett i gang forsøk i praksis utan at det er gitt skikkeleg informasjon om dette til alle involverte partar. Slike forsøk må også vere behandla og godkjende av relevante utval på fakulteta, og dessutan av Programstyret. I tillegg reagerer PUHF på at ein her ikkje har følgt forskriftene for evaluering av undervisningskompetansen til den individuelle student. Det betyr at studentane det gjeld berre har blitt vurderte i eitt fag. Side 8 av 18
S12/12 Undervisningsfaktor (vedtakssak) Det har kome fram at institutta ved HF opererer med ulike faktorar for skulebesøk. Det er eit ønske om at undervisningsfaktoren blir justert til faktor 6 for alle. Forslag til vedtak: PUHF foreslår for Det humanistiske fakultet at undervisningsfaktor for skulebesøk blir auka frå 5 til 6. S12/13 Tiltak knytt til fråfallsrapporten (2010) på integrert lektor- og adjunktutdanning (vedtakssak) Med bakgrunn i rapport om fråfall ved integrert lektor- og adjunktutdanning ved UiB (2010), vedtok PUHF i møte 5. mai 2011 (S11/17) at vitskapleg tilsette, som eit strakstiltak, skulle kalle inn studentane på kull 10 til individuelle orienteringssamtalar. I vedtaket står det også at [o]rdningen er et prøveprosjekt som bør evalueres i PUHF i løpet av høstsemesteret 2011 med tanke på videre oppfølging. På møtet i PUHF 9. juni 2010 (orienteringssak 8) blei det orientert munnleg om oppfølginga av S11/17. Samtalane var gjennomførte, men responsen frå studentane var varierande. Før tiltaket blir evaluert ytterlegare, ønskjer PUHF at ein skal gjennomføre tilsvarande orienteringssamtalar for kull 11. Forslag til vedtak: PUHF foreslår at det blir gjennomført individuelle orienteringssamtalar med studentane på kull 11 våren 2012, før tiltaket blir evaluert. Side 9 av 18
S12/14 Høyring Profesjonsetisk plattform for førskulelærarar, lærarar og leiarar i barnehage og skule (Utdanningsforbundet) (vedlegg) (vedtakssak) Det humanistiske fakultet har motteke brev frå universitetsdirektøren, som gjeld høyring om profesjonsetisk plattform for førskulelærarar, lærarar og leiarar i barnehage og skule. Den profesjonsetiske plattforma er meint å skulle uttrykkje dei etiske grunnlagsverdiane i det faglege og pedagogiske arbeidet. Høyringsutkastet er utarbeidd av Utdanningsforbundet. Høyringsfristen sentralt er sett til 25. mai 2012, men fakultetet er bedt om å kome med eventuelle merknader til høyringsutkastet innan 15. mai 2012. Forslag til vedtak: Side 10 av 18
UNIVERSITETET I BERGEN Universitetsdirektøren Det humanistiske fakultet Det psykologiske fakultet Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Studentparlamentet Referanse Dato 2012/3684-MOR 28.03.2012 Høring - Profesjonsetisk plattform for førskolelærere, lærere og ledere i barnehage og skole Vi viser til brev med vedlegg fra Utdanningsforbundet fra 23.03.12 hvor utkast til profesjonsetisk plattform for førskolelærere, lærere og ledere i barnehage og skole sendes til høring. Plattformen skal uttrykke de etiske grunnlagsverdiene i det faglige og pedagogiske arbeidet. Vi ber om eventuelle merknader til utkastet innen 15.05.12. Vennlig hilsen Kari Tove Elvbakken Lene Roska Aalén Kopi Studieadministrativ avdeling Kollegiesekretariatet Telefon 55582020 post@uib.no Postadresse Postboks 7800 5020 Bergen Besøksadresse Harald Hårfagresgt. 1 Bergen Saksbehandler Lene Roska Aalén 55588934 side 11 av 18
Vår dato Deres dato Vår referanse Vår saksbehandler 23.03.2012 12/00151-4 Marianne Løkholm Lewin Avdeling Deres referanse Arkivkode Direkte telefon Seksjon for utdanning og 065.02 24142218 forskning Til Lærerutdanningsinstitusjoner, Pedagogikkutdanninger, Nasjonalt råd for lærerutdanning og Forskerforbundets forening for lærerutdanning Høring Profesjonsetisk plattform for førskolelærere, lærere og ledere i barnehage og skole Vi viser til brev av 18. januar 2012 om Utdanningsforbundets arbeide med å utvikle en profesjonsetisk plattform for førskolelærere, lærere og ledere i barnehage og skole. Arbeidet med etikk er som kjent ikke noe nytt for profesjonen, og tematikken er sentral i både tidligere og nåværende rammeplaner for all lærerutdanning. Det Utdanningsforbundet nå har tatt initiativ til, er å utarbeide et utkast til en profesjonsetisk plattform som skal uttrykke de etiske grunnlagsverdiene i det faglige og pedagogisk arbeidet. Målsettingene for arbeidet med å utvikle en profesjonsetisk plattform for førskolelærere, lærere og leder i barnehage og skole, er å: støtte opp under etisk forsvarlig praksis i barnehage og skole fremme felles ansvar for beslutninger, slik at ikke førskolelærere, lærere og ledere blir stående alene i møte med dilemmaer og vanskelige valg i yrkeshverdagen øke profesjonens etiske bevissthet høyne tilliten mellom profesjonen og samfunnet styrke profesjonens evne til i større grad å stå for, og begrunne valgene som tas En profesjonsetisk plattform har tre hovedfunksjoner: å tydeliggjøre utad hva profesjonen står for, skape profesjonell samhørighet og å støtte profesjonen i å korrigere og styre seg selv. Mye faglig kompetanse om etikk generelt og etikk for førskolelærere, lærere og ledere spesielt er samlet i lærerutdanningsmiljøene. I tillegg er lærerutdanningsinstitusjonen gjennom grunn-, etter- og videreutdanning av profesjonen, helt avgjørende for å forankre og side 12 av 18
videreutvikle profesjonsetikken og den profesjonsetiske plattformen når den foreligger. Derfor er lærerutdanningsinstitusjonene viktige høringsinstanser i arbeidet med endelig utforming av plattformen. Forslaget til profesjonsetisk plattform ligger vedlagt (og finnes også på våre nettsider www.utdanningsforbundet.no/profesjonsetikk). Vi inviterer til høringssvar på følgende spørsmål: 1) Den profesjonsetiske plattformen skal uttrykke de grunnleggende verdiene og etiske prinsippene for førskolelærere, lærere og ledere i barnehage og skole, og tydelig formidle hva som er profesjonens etiske og faglige ansvar og forpliktelser. I hvilken grad mener dere disse hensiktene er ivaretatt? Har dere forslag til innholdsmessige endringer? 2) Den profesjonsetiske plattformen skal ha et språk som gjenspeiler alvoret og betydningen i innholdet, og som samtidig er både tilgjengelig og forståelig. Har dere forslag til språklige forbedringer? 3) For at den profesjonsetiske plattformen på sikt skal få den betydningen den er tiltenkt, er det en forutsetning at den blir en del av førskolelærere, lærere og lederes kompetanse, og tas aktivt i bruk på arbeidsplassene. Høringsinstansene utfordres derfor til å gi innspill på hvordan en kan styrke det daglige profesjonsetiske arbeidet i barnehage og skole. Høringsfristen er satt til 25. mai 2012. Høringssvaret sendes profesjonsetikk@utdanningsforbundet.no Merk e-posten «Høringssvar». Vårt sentralstyre sluttbehandler den profesjonsetiske plattformen i september 2012. Vi viser for øvrig til våre nettsider www.utdanningsforbundet.no/profesjonsetikk, der det også er mulig å komme med spørsmål og innspill til profesjonsetikk@utdanningsforbundet.no. Med vennlig hilsen Mimi Bjerkestrand leder av Utdanningsforbundet Cathrin Sætre sekretariatssjef Vedlegg: Liste over høringsinstanser Profesjonsetisk plattform side 13 av 18
Interne høringsinstanser Utdanningsforbundets 19 fylkeslag Pedagogstudentene Eksterne høringsinstanser Øvrige lærerorganisasjoner Skolenes landsforbund Skolelederforbundet Lektorlaget Lærerutdanning Lærerutdanningsinstitusjoner Pedagogikkutdanninger Nasjonalt råd for lærerutdanning Forskerforbundets forening for lærerutdanning Andre Kunnskapsdepartementet Utdanningsdirektoratet KS Private Barnehagers Landsforbund Fagforbundet Oslo kommune Virke FUS Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon Norsk Studentorganisasjon Foreldreutvalget for grunnopplæringen Foreldreutvalget for barnehagen Elevorganisasjonen Barneombudet VOX Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk side 14 av 18
side 15 av 18
side 16 av 18
side 17 av 18
S12/15 Plan for programsensor 6. og 7. juni 2012 (diskusjonssak) 6. og 7. juni 2012 skal programsensorane som er knytte til lærarutdanninga ved UiB ha eit fellesmøte i Bergen. Forskingsdagen for tilsette i lærarutdanninga utgjer éin av desse møtedagane (7. juni), men 6. juni vil programsensor for MAHF-LÆFR og MAHF-LÆNO ha høve til å samtale med tilsette (fagdidaktikarar, fagkoordinatorar, administrativt tilsette m.fl.) og studentar ved HF. side 18 av 18