Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 14.05.02 049/02 TUBO Avgjerd av: Dette utvalet Saksh.: Turid Børve Arkiv: Objekt: Arkivsaknr 2002000649 FSK sak 049/02 Delegerte saker Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Delegerte saker vert tekne til vitande slik dei ligg føre. DFSK. 016/02: SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 35, BNR 34, BØRVE, ØYSTESE. BUSTADHUS NR. 2 PÅ GARD. Kvam herad gjev med dette dispensasjon frå byggegrensekrav ved kommunal veg/ Børvevegen, for oppføring av bygning på gnr. 35 bnr. 34 minimum 12,5 meter frå midtlina av vegen. Skader eller ulempe som er valde av vegtrafikken, drift, vedlikehald eller utbetring av kommunal veg som følgje av at byggverket ligg innanfor byggjegrensa, gir ikkje rett til skadebot. Søknad om løyve til tiltak, oppføring av ny bustad nr. 2 på gardsbruk på gnr. 35 bnr. 34, vert godkjend på følgjande vilkår: 1. At nytt bustadhus vert plassert i tråd med situasjonsplan og gitt dispensasjon frå byggjegrensekrav mot kommunal veg. 2. At det skal monterast faste stigetrinn på tak opp til skorstein, jfr. 7-9 i lov om brannvern. 3. At jordlovsvedtak, vedtak 015/02/DUTV datert 05.03.02, med gitte vilkår vert etterlevd. Jordlovsvedtak følgjer vedlagt. Side 17
Det er gjort eige vedtak, jfr. sak 079/02/DFSK, i samband med søknad om tilkopling til offentleg vassanlegg og søknad om utsleppsløyve. Vedtak fylgjer vedlagt. Arne Johan Laupsa vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjekteringa. Gjeld for heile bygget inkl. prosjektering av tekniske installasjonar og av utomhusarbeider. Det er ein føresetnad at føretaket nyttar kvalifiserte utøvarar for dei oppgåvene de sjølv ikkje utfører. Føretaket skal sjå til at slike aktørar kan dokumentera naudsynte kvalifikasjonar i forhold til pbl. m/forskrifter. Vidare vert Arne Johan Laupsa godkjend som ansvarleg samordnar, dette med bakgrunn i at Laupsa er den aktøren som oppfyller kravet i samband med dette godkjenningsområdet. Håkon E. Børve vert godkjend som ansvarleg utførande av tømmerarbeidet og kontrollerande for utføring, i samband med oppføring av omsøkt bustadhus. Søkjar oppfyller ikkje dei formelle krava for å verta godkjend, men vert godkjend ut frå dokumentert erfaring. Nils Aksnes & Co AS vert godkjend som ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjekteringa, ansvarleg utførande og som ansvarleg kontrollerande for utføring, for alle røyrtekniske arbeider i samband med oppføring av bustadhuset (innomhus og utomhus). Heradet minner om at søknad om mellombels bruksløyve/ ferdigattest må sendast fram saman med kontrollerklæringar, når bustadhuset er ferdig. Det er samordnar sitt ansvar å senda fram naudsynt dokumentasjon. DFSK. 050/02: NORHEIMSUND NÆRINGSLAG - SØKNAD OM PARKERINGSPLASS FOR 45 BILAR, GNR 11, BRNR 372 Søknad om løyve til tiltak, opparbeiding av parkeringsplasser på gnr 11 bnr 372 vert godkjend. Hardanger Bygg A/S vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg kontrollerande for prosjekteringa. Kjosås Maskin A/S vert godkjend som ansvarleg uførande og ansvarleg kontrollerande for utføringa Side 18
DFSK. 052/02: SØKNAD OM TILTAK PÅ GNR 133, BNR 130, OMASTRAND. LPG/GASSFYRT VARMEANLEGG FOR BUSTAD. Søknad om løyve til tiltak, installering av gassfyrt varmeanlegg inkl. 4 m 3 tank for lagring av propangass i samband med nytt bustadhus på gnr. 133 bnr. 130/143, vert godkjend som omsøkt men på følgjande vilkår: 1) At installasjonane stettar krav gitt i DBE -veiledning om LPG-anlegg av juni 2000. 2) At prosedyrar som sikrar driftsfase inkl. service på anlegg vert etablert. Kongshaug VVS AS vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjekteringa, for gassfyrt varmeanlegg. Kongshaug VVS AS vert vidare godkjend som ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande for utføring samt ansvarleg samordnar, for det gassfyrte varmeanlegget. Framsendte kontrollplanar, planar datert 11.02.02, vert godkjend. Kart som viser avstandar frå tank til omkringliggjande bygningar m.m., er vedlagt løyve til tiltak. DFSK. 056/02: K.SÆHLE /R.SAMLAND - SØKNAD OM TILKOPLING TIL OFF.VASS- OG AVLØPSANLEGG PÅ GNR. 44, BNR. 669, ØYSTESE. FRÅ BUSTADHUS. Søknad om tilkopling frå bustad på gnr.44 bnr.669 på Gartveit i Øystese til offentleg vass- og avlaupsanlegg, vert godkjend. Kartskisser som er sendt fram med søknad er mangelfulle. Revidert målsett kartskisse som viser trase og tilkoplingspunkt (utvendige anleggsdeler) må sendast inn til heradet. Kåre Neteland AS har i samband med løyve til oppføring av bustadhus vore godkjend som ansvarleg aktør for heile sanitærarbeidet inkl. utvendige anlegg. Side 19
DFSK. 057/02: INGEBJØRG LANGESÆTER & HÅKON HELGESEN - SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 42, BNR 80, ØYSTESE. GARASJ / NAUST. Søknad om løyve til tiltak, oppføring av frittliggjande garasje/naust samt etablering av veranda på austfasade på gnr. 42 bnr. 80, vert godkjend på følgjande vilkår: 4. At garasje/naust vert plassert i tråd med situasjonsplan. 5. At brannsikring av garasje/naust, i samband med at avstand til bustadhus er mindre enn 2 meter, vert utført på ein slik måte at krav i gjeldande Teknisk forskrift til plan- og bygningslova vert stetta. 6. At krav i plan- og bygningslov med tilhøyrande forskrifter vert stetta. Byggmeister Terje Kolltveit AS vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande for utføring, for heile tiltaket. Før tiltaket vert teke i bruk skal det søkjast om førebels bruksløyve evt. ferdigattest. I den samanheng skal kontrollerklæring liggja føre. DFSK. 059/02: T. KVAMME OG T. HÅLAND - SØKNAD OM LØYVE TIL Å MONTERA KLOAKKANLEGG PÅ GNR 140, BNR 8, NES, OMASTRAND. UTSLEPPSLØYVE. Tidlegare godkjenning av utsleppsløyve frå fritidsbustad på gnr. 140 bnr. 8, Nes, Mundheim, vert fornya med same vilkår som tidlegare: 1. Utsleppet skal førast via 2 m 3 2-kamra slamavskiljar til kunstig sandfiltergrøft inkl. inspeksjonskum og med utslepp til bekk. 2. Sandfiltergrøft må dimensjonerast ut frå talet på einingar som skal inn på grøft. Om heimelshavar ynskjer å tilretteleggje for eit bustadhus i tillegg til eksisterande fritidsbustad, må det ut frå noverande regelverk monterast 6 m 3 3-kamra slamavskiljar. Side 20
Det står søkjar fritt å setja ned ein større slamavskiljar enn den som er godkjend i tidlegare vedtak. Lars Helvik, Rør & sanitærutstyr, 5637 Ølve vert godkjend som ansvarleg prosjekterande, utførande og kontrollerande for omsøkt utsleppsanlegg. Kontrollplan for prosjektering og utføring samt kontrollerklæring for anlegget må sendast heradet før arbeidet vert sett i gang. Det skal meldast heradet når anlegget står ferdig. Målsett kart som viser utført anlegg må sendast vedlagt melding saman med kontrollerklæring for utføring. DFSK. 060/02: SØKNAD OM RAMMELØYVE PÅ GNR 19, BNR 806, ALHOVDEN, KVAMSKOGEN. FRITIDSBUSTAD. Søknad om rammeløyve, oppføring av fritidsbustad på gnr. 19 bnr. 806, Alhovden, Kvamskogen, vert ikkje godkjend. Avslaget er heimla i gjeldande planverk for området, Reguleringsplan for Alhovden, Kvamskogen, plan godkjend 09.12.93 samt Bebyggelsesplan for område B1, B2, SP3.1 innanfor reguleringsplan for Alhovden, Kvamskogen, plan godkjend 16.11.95. Omsøkt fritidsbustad er i strid med føresegner til plan. DFSK. 061/02: HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SØKNAD OM DELING AV GNR 121, BNR 10. TANGERÅS, STRANDEBARM. Kvam herad godkjenner omsøkt deling av gnr 121 bnr 10 på Tangerås i Strandebarm, som tilleggsareal for gnr 121 bnr 43, på følgjande vilkår: 1. Ei utbygging/ tiltak etter 86a eller 93 i plan- og bygningslova på ein utvida eigedom (gnr 121 bnr 43 samt tilleggsparsell frå 121/10), kan ikkje skje før avkjørsle nord for eigedomen og internveg aust for eigedomen er etablert i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Tilkomst inn på eigedomen skal då skje via regulert avkjørsle, via internveg i aust. Side 21
DFSK. 062/02: VESTLANDSKE BIOKARBON - SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 77, BNR 293, ÅLVIK. FLISELAGER Søknad om løyve til tiltak, oppføring av nytt flislager 77 bnr. 293 i Ålvik, vert godkjend. GBS Entreprenør AS vert godkjend som ansvarleg søkjar samt ansvarleg for heile tiltaket inkl. prosjektering, utføring og kontroll. Det er ein føresetnad at føretaket brukar kvalifiserte utøvarar for dei oppgåver føretaket sjølve ikkje er kvalifisert til å utføra. Privatrettslege høve i samband med at planlagt bygg kjem inn på naboeigedom, må finna løysing mellom partane. Revidert situasjonsplan som viser riktig plassering av bygg må sendast heradet. Me minner om kravet til sluttkontroll når tiltaket er ferdig inkl. framsending av kontrollerklæring og søknad om mellombels bruksløyve/ ferdigattest. DFSK. 063/02: SØKNAD OM IGANGSETTINGSLØYVE PÅ GNR 21, BNR 80,KVAMSKOGEN. RIVING AV HYTTE OG OPPFØRING AV NY FRITIDSBUSTAD Igangsettingsløyve for riving av eksisterande hytte og oppføring av ny fritidsbustad på gnr. 21 bnr. 80 på Kvamskogen vert godkjent. Vilkår samt ansvarsrettar gitt i samband med rammeløyve, jfr. vedtak i sak 054/02/DFSK, gjeld også for igangsettingsløyve. DFSK. 064/02: HOGNE NYGÅRD - SØKNAD OM TILLATELSE TIL ENKLE TILTAK PÅ GNR 19, BNR 91. TILBYGG Søknad om enkle tiltak, tilbygg til bustadhus på gnr 19 bnr 91 vert godkjend. Hogne Nygård vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg kontrollerande for prosjekteringa i omsøkte kodar. Nils Kristian Norheim vert godkjend som ansvarleg samordnar, ansvarleg utførande og kontrollerande for tømrar- og våtromsarbeid i omsøkte kodar. Side 22
Henrik Steine A/S vert godkjend som ansvarleg utførande og kontrollerande for utføringa av grunn- og betongarbeid i omsøkte kodar. Kåre Neteland A/S vert godkjend som ansvarleg utførande og kontrollerande for utføringa av sanitær- og varmeanlegg i omsøkte kodar. DFSK. 065/02: SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 11, BNR 1, NORHEIMSUND, BYGGING AV TEKNISKE ANLEGG. Søknad om løyve til tiltak, planlegging og utføring av tekniske anlegg til bustadfelt på gnr 11 bnr 1 vert godkjend på følgjande vilkår: Det skal monterast vasskum med stengeventil ved brannhydrant. Stoppekran til kvar bustad skal visast og innmålast ved utføring av arbeidet. Det skal monterast vasskum med stengeventil ved OVK 1. Det vert gjort særleg merksam på at vasstrykket i området er svært lågt. Nils Aksnes & Co A/S vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande, utførande og kontrollerande i omsøkte kodar. DFSK. 066/02: ØYSTESEKAIEN AS - SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK, OMBYGGIGNSARBEID PÅ GNR 44, BNR 48. Søknad om løyve til tiltak, ombygging frå butikk til restaurant på gnr 44 bnr 48 vert godkjend på følgjande vilkår: Det skal monterast brannvarslingsanlegg i heile bygget, og ledelys og markeringslys i pub/restaurant og trapperom. Næringsmiddeltilsynet må gje samtykkje til planane. Rørslehemma skal sikrast tilkomst både til pub og restaurant og til minst eit toalett. Side 23
Det må utarbeidast rutinar som sikrar at slamavskiljar fungerar forsvarleg fram til bygget vert kopla til offentleg avlaupsnett. Byggmester Helge Olsen vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande, ansvarleg utførande og kontrollerande av bygningsarbeid i omsøkte kodar. Esmi A/S vert godkjend som ansvarleg prosjekterande, utførande og kontrollerande av brannvarslingsanlegg og nødlysanlegg i omsøkte kodar. Gunnar Karslen A/S vert godkjend som ansvrleg prosjekterande, utførande og kontrollerande for ventilasjonsanlegg i omsøkte kodar. Nils Aksnes & Co A/S vert godkjend som ansvarleg prosjekterande, utførande og kontrollerande av sanitæranlegg i omsøkte kodar. DFSK. 068/02: SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 11, BNR 230 OG 235. VENTILASJONSANLEGG Søknad om løyve til tiltak, installering av ventilasjonsanlegg på gnr 11 bnr 230 og 235 vert godkjend. Dersom arbeidstilsynet har merknader til søknaden skal desse etterkomast. Ventilasjonsrommet skal utgjera eiga branncelle. Der kanalar bryt brannklassifiserte vegger skal utføringa vera slik at skiljekonstruksjon ikkje vert svekka. Anlegget må ikkje føra til støyplager på uteområde, jfr TEK 8-42 pkt 5. Ing. Odd Bakketun A/S vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg kontrollerande i omsøkte kodar. Kantek A/S vert godkjend som ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande for utføringa i omsøkte kodar. DFSK. 069/02: SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 44, BNR 268. VENTILASJONSANLEGG Søknad om løyve til tiltak, installering av ventilasjonsanlegg på gnr 44 bnr 268 vert godkjend. Dersom arbeidstilsynet har merknader til søknaden skal desse etterkomast. Side 24
Dersom kanalar bryt brannklassifiserte bygningsdeler skal utføringa vera slik at desse ikkje vert svekka. Anlegget må ikkje gje støyplager på uteområde, jfr TEK 8-42 pkt 5. Ing. Odd Bakketun A/S vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg kontrollerande i omsøkte kodar. Kantek A/S vert godkjend som ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande for utføringa i omsøkte kodar. DFSK. 070/02: SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 32, BNR 404. LØFTEPLATTFORM Søknad om løyve til tiltak, montering av løfteplattform på gnr 32 bnr 404 vert godkjend. TKS Heis Kverneland A/S verrt godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande, kontrollerande for prosjekteringa, ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande for utføringa i omsøkte kodar. Før ferdigattest kan skrivast ut skal det framleggjast dokumentasjon frå ekstern sluttkontroll utført av føretak med sentral godkjenning i tiltaksklasse 3. DFSK. 071/02: SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 11, BNR 124, NORHEIMSUND. VENTILASJONSANLEGG. Søknad om løyve til tiltak, installering av ventilasjonsanlegg på gnr 11 bnr 124 vert godkjend. Dersom kanalar bryt brannklassifiserte bygningsdeler skal utføringa vera slik at desse ikkje vert svekka. Anlegget må ikkje gje støyplager på uteområde, jfr TEK 8-42 pkt 5. Ing Odd Bakketun A/S vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg kontrollerande for prosjekteringa i omsøkte kodar. Kantek A/S vert godkjend som ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande for utføringa i omsøkte kodar. Kvammabygg A/S vert godkjend som ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande for utføringa av tømrararbeid i omsøkte kodar. DFSK. 072/02: SØKNAD OM RAMMELØYVE PÅ GNR 21, BNR 5, FNR 14, MAOVASSLEITE, KVAMSKOGEN. TILBYGG FRITIDSBUSTAD. Side 25
Søknad om rammeløyve for tilbygg til hytte på gnr 21 bnr 5 fnr 14 vert godkjend slik teikningar revidert 15.03.02 syner. Adolf Jansen A/S vert godkjend som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg kontrollerande for prosjekteringa i omsøkte kodar. DFSK. 074/02: SKILTING PÅ KOMMUNALE OG FYLKESKOMMUNALE VEGAR Kvam herad gjer vedtak om at: Det vert fastsett lågare fartsgrense enn det som følgjer av vegtrafikklova 6 andre ledd for bustadfeltet Vetletveit i Ålvik. Skilt nr 366 Fartsgrensesone 30 vert sett opp ved avkøyrsla frå riksveg 7 mot Vetletveitvegen, og skilt nr 368 Slutt på fartsgrensesone 30 vert sett opp på same stad men i motsett retning som vist på vedlagde skiltplan. DFSK. 075/02: SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 42, BNR 101, TERRENGPLANERING. Søknad om løyve til tiltak, terrengplanering for trafikkareal på gnr 42 bnr 101 vert godkjend. Det må visast særleg aktsemd ved utføring av sprengingsarbeid nær murfot. Utforming av avkøyrsla skal skje i samråd med Teknisk etat. Ingeniør Bjarne Møster A/S vert godkjend som ansvarleg søkjar og ansvarleg prosjekterande og kontrollerande for prosjekteringa i omsøkte kodar. Kjosås Maskin A/S vert godkjend som ansvarleg utførande og kontrollerande for utføringa av grunn-, terreng- og fjellarbeid i dagen i omsøkte kodar. DFSK. 076/02: SØKNAD OM TILKOPLING TIL VASS- OG AVLAUPSANLEGG FOR HYTTE PÅ GNR 21, BNR 437. Søknad om tilkopling til offentleg vass- og avlaupsanlegg for hytte på gnr 21 bnr 437 vert godkjend på følgjande vilkår: Det må sendast inn søknad om ansvarsrett for røyrleggjararbeidet før dette vert sett i gang. Side 26
Målsett kartskisse som viser leidningstrase og tilkoplingspunkt må sendast inn når arbeidet er utført. DFSK. 078/02: JANN HAUBERG - SØKNAD OM SEKSJONERING AV GNR. 32 BNR. 404. SEKSJ. 1-15. Søknad om seksjonering av gnr 32 bnr. 404, slik den ligg føre, vert godkjend. DFSK. 079/02: SØKNAD OM TILKOPLING TIL OFF. VASSANLEGG SAMT OM UTSLEPPSLØYVE PÅ GNR 35, BNR 34, BØRVE, ØYSTESE. FRÅ BUSTADHUS. Søknad om tilkopling frå bustadhus (nytt bustadhus nr. 2 på gard) på gnr. 35 bnr. 34 på Børve i Øystese, til offentleg vassanlegg, vert godkjend. Når arbeidet er utført må målsett kartskisse som viser trase og tilkoplingspunkt (utvendige anleggsdeler) sendast inn. Likeins må data i samband med vassmålar sendast heradet. Omsøkt utsleppsløyve frå same bustadhus på Børve i Øystese, vert gjeve på følgjande vilkår: 1. Utsleppet skal førast via ny/eigen 4 m 3 3-kamra slamavskiljar via eksisterande utsleppsleidning til sjø. Nils Aksnes & Co AS er i samband med løyve om oppføring av bustadhus på gnr. 35 bnr. 34 på Børve i Øystese (jfr vedtak i sak 16/02/DFSK) godkjend som ansvarleg for all røyrteknisk prosjektering, utføring og kontroll både innomhus og utomhus. Denne godkjenninga gjeld derfor også for dei arbeid som det er gjeve løyve til i dette vedtak. DFSK. 081/02: SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK PÅ GNR 19, BNR 6, FNR 24, GRÅSTEINDALEN, KVAMSKOGEN. FRITIDSBUSTAD. Søknad om løyve til tiltak med revidert planteikning datert 15.03.2002, oppføring av fritidsbustad på gnr. 26 bnr. 6 fnr. 24, vert godkjend på følgjande vilkår: 1. At fritidsbustaden vert lagt varsamt i terreng. 2. Oppført bygg på tomt kan ikkje nyttast eller takast i bruk før godkjent tilkopling av vatn og kloakk er gjennomført, jfr. vedtak i sak 140/01/FSK. Kvam herad vil i nær framtid starta opp arbeid med vidareføring av VA-anlegg Røyrlid-Måvotno. Heradet har tidlegare i vedtak i sak 028/02/DFSK (arkivsaknr. 2002000171) godkjend søknad om tilkopling til offentleg anlegg. Tilkoplinga skal skje når det offentlege VA-anlegg som grensar til Side 27