EIN KUNNSKAPSBASERT KULTURPOLITIKK - FRÅSEGN



Like dokumenter
VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Forslag frå fylkesrådmannen

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd,

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd


STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Finansiering av dei offentlege fagskolane

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

STORTINGSMELDING OM ARKIV - ST.MELD. 7 ( ) - FRÅSEGN

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Fylkesrådmannen. Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

UTTALE OM FORSLAG TIL NYE KRITERIA FOR FYLKESVIS FORDELING AV SPELEMIDLAR TIL ANLEGG FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Høring - rapport fra Kulturdepartementets eksterne FoU-utvalg - En kunnskapsbasert kulturpolitikk

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Vurdering av allianse og alternativ

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

ROS-analyse i kommuneplan

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

RADIOSAMBAND I TUNNELAR I HORDALAND

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

SØKNAD OM DRIFTSTILSKOT TIL FUZZ AS FOR

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

DEN DIGITALE SKOLEN I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SPØRJEUNDERSØKING VÅREN 2009

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Tiltaksplan

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Statsbudsjettet Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil kroner til bulystprosjektet Sjekk Nordmøre, Bulyst 2013

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

EVALUERING AV FESTSPILLENE I BERGEN SOM KNUTEPUNKT

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Samansette tekster og Sjanger og stil

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201208986-1 Arkivnr. 60 Saksh. Tryti, Anna Elisa Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.11.2012 21.11.2012-22.11.2012 EIN KUNNSKAPSBASERT KULTURPOLITIKK - FRÅSEGN SAMANDRAG Kulturdepartementet har sendt på høyring En kunnskapsbasert kulturpolitikk, rapport frå Kulturdepartementet sitt eksterne forskings- og utviklingsutval, med høyringsfrist 15.11.2012. Utvalet har hatt som mandat å peike på forskingsområde som vert særleg viktige for Kulturdepartementet sitt ansvarsområde framover, kva kunnskapsbehov det er på feltet og kva forskingspolitiske virkemiddel det bør satsast på for å sikre relevant forsking av høg kvalitet på Kulturdepartementet sine ansvarsområder. Hordaland fylkeskommune meiner rapporten er eit godt initiativ, og at den gjev eit godt grunnlag for ei naudsynt auka satsing på forskings- og utviklingsarbeid. Hordaland fylkeskommune vil gjerne påpeike at utviklingsarbeidet også bør vektleggast og at forskings- og utviklingsarbeidet bør sjåast i samanheng med relevant forskings- og utviklingsarbeid innan andre departement sine ansvarsområder, særleg Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Hordaland fylkeskommune vil særleg gjere merksam på det sterke mediefaglege miljøet i Bergen og medieklynga MediaCityBergen som er under etablering og vil meine at det foreslåtte forskingssenteret innan media vert lokalisert til Universitetet i Bergen, gjerne i samarbeid med Norges Handelshøyskule, Høgskolen i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Hordaland fylkeskommune meiner rapporten En kunnskapsbasert kulturpolitikk gjev eit godt grunnlag for ei naudsynt auka satsing på forskings- og utviklingsarbeid innan Kulturdepartementet sine ansvarsområder og meiner at det bør utviklast ein opptrappingsplan for kulturpolitisk forsking. 2. Hordaland fylkeskommune meiner det er viktig med ei oppfølging av rapporten med ei tverrdepartemental tilnærming, slik at ansvarsområde og virkemiddel frå fleire departement vert

sett i samanheng. Hordaland fylkeskommune vil påpeike at utviklingsarbeid bør vektleggjast på linje med grunnforsking og anvendt forsking og at dei regionale forskingsfonda bør vurderast brukt i FoUarbeidet innan kulturfeltet 3. Hordaland fylkeskommune stør forslaget om ei vidareføring av programmet «Visuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor» også etter 2013. 4. Hordaland fylkeskommune stør forslaget om oppretting av eit forskingssenter innan mediefeltet og meiner det bør lokaliserast til Universitetet i Bergen, gjerne i samarbeid med Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. 5. Hordaland fylkeskommune vil rå til at det vert gjennomført ei omfattande utgreiing før ein tek stilling til ei evt. etablering av eit eige forskingssenter for kultur. I utgreiinga bør også FoUarbeidet til Norsk kulturråd og kulturforskinga til Norges forskningsråd vurderast. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Anna Elisa Tryti fylkeskultursjef Vedlegg: Rapport mai 2012 En kunnskapsbasert kulturpolitikk 2

FYLKESRÅDMANNEN, 01.11.2012: Kulturdepartementet har det overordna ansvaret for å utforme og samordne den nasjonale politikken på departementet sine saksområder, kunst, kulturvern, frivillighet, tros- og livssynspolitikk, idrett og media. Kulturdepartementet oppnemnde i august 2011 eit eksternt forskings- og utviklingsutval, leia av professor Jan Grund. Utvalet skulle gje råd om korleis forsking og utvikling kan fungere som grunnlag for og som verkemiddel i politikkutforming og forvaltning på departementet sine områder. Utvalet vart beden om å peike på forskingsområder som blir særleg viktige for utviklinga av sektoren framover, kva som vil vere dei viktigaste kunnskapsbehova og kva forskingspolitiske verkemidlar det bør satsast på. Utvalet leverte rapporten En kunnskapsbasert kulturpolitikk 16.05.2012, og rapporten vart sendt på høyring 15.08.2012 med høyringsfrist 15.11.2012, sjå www.regjeringen.no/nb/dep/kud/dok/hoeringer Hordaland fylkeskommune sine merknader til høyringsforlaget Hordaland fylkeskommune meiner det er eit stort behov for auka satsing på forskings- og utviklingsarbeid som grunnlag for ein kunnskapsbasert kulturpolitikk, nasjonalt, regionalt og lokalt. Ei slik satsing vil også vere viktig for eit sterkare internasjonalt perspektiv og samspel. Fylkeskommunane har eit særleg samfunnsoppdrag som regional utviklingsaktør. I denne samanhengen er det viktig at Kulturdepartementet sine arbeidsområder vert sett i samanheng med ansvarsområde og virkemiddel frå fleire departement, særleg Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Hordaland fylkeskommune vil også meine at det er viktig å prioritere ikkje berre grunnforsking og anvendt forsking, men også utviklingsarbeid. I den samanhengen vil også dei regionale forskingsfonda vere aktuelle for forsking innan kulturfeltet. Utvalet sin situasjonsanalyse og statusrapport for forsking og kunnskapsproduksjon innan dei ulike sektorane og politikkområda, framstår i hovudsak som oppdaterte og sakssvarande. I tillegg til å vidareføre eksisterande verksemder, foreslår Grund-utvalet utvikling av opptrappingsplanar, med etablering av tre nye forskingssentra, eit for kulturfeltet, eit for mediefeltet og eit for idrettsfeltet, dessutan ressursar til vidareføring av forskingssatsing på sivilsamfunn og frivilleg sektor. Idrett, sivilsamfunn og frivillig sektor Det er viktig å samle tilgjengeleg og relevant kunnskap slik at den lett kan takast i bruk av alle aktørar som arbeider for å fremje fagfeltet. Det å kunne følgje utviklinga over tid er heilt sentralt. I 2003 vart det i samarbeid mellom Norges idrettsforbund og Olympiske Komité og departementet utarbeidd ein tilstandsrapport for norsk idrett. Eit breitt samarbeid om ein slik rapport ville gje ein god oversikt over kva vi har kunnskap om og kva vi treng å vite meir om. Oversyn over utviklingstrekk innan fagfeltet nasjonalt og internasjonalt vil bidra til at ein kan få meir kompetente bestillingar på FoU arbeid også på regionalt og lokalt nivå. Sett frå eit fylkeskommunalt perspektiv hadde det vore tenleg med ein slik rapport kvar fjerde år (valåret), slik at det kan nyttast som reiskap i evaluering/revidering/rullering av fylkesplanar innan fagfeltet. Hordaland fylkeskommune støttar utvalet sine framlegg når det gjeld tema for auka forskingsinnsats (2.1.1). I tillegg vil vi påpeike behov for å belyse kva rolle fysisk aktivitet har i det lovpålagte folkehelsearbeidet og samanhengen mellom aktivitets- og anleggsutvikling. Når det gjeld forsking på barne- og ungdomsidrett og inkludering av barn med ulike føresetnader i høve fysisk aktivitet, vil Hordaland fylkeskommune gjere merksam på eit viktig kompetansemiljø for forsking og fagutvikling som vert utvikla i samband med bygginga av det nye Barne- og ungdomssenteret ved Haukeland universitetssykehus, meir spesifikt det såkalla Barnas energisenter med vektlegging på tydinga av fysisk aktivitet for utviklinga av barn og unge og som ledd i behandling med læring, meistring, behandling og trening. 3

Når det gjeld ressursar og arbeidsdeling (4.3.1), er det viktig å tydeleggjere og synleggjere fylkeskommunane og kommunane si rolle. Statleg støtte til anleggsføremål vert kanalisert via fylkeskommunar og kommunar. Fylkeskommunen fordeler kvart år spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet med heimel i lov om pengespel (Kulturdepartementet, 1993) og føresegner gitt ved kongelig resolusjon av 11. desember 1992. Meir detaljerte føresegner er gjevne i "Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (V-0732). Fylkeskommunane må ha politisk vedtekne planar for idrett og fysisk aktivitet, med anleggspolitikk og handlingsprogram for fylket. Gjennom politiske vedtak vert tilgjengelege spelemidlar fordelt årleg på basis av godkjente søknadar frå kommunane. Anlegga må vere forankra i ein gjeldande kommuneplan/delplan innan idrett og fysisk aktivitet. Når det gjeld sivilsamfunn og frivilleg sektor, er aktuelle tema for vidare forsking som utvalet føreslår, relevante, også i eit folkehelseperspektiv. Det bør også fokuserast på eigenverdien det har å delta i frivillig arbeid. Elles peiker vi her på det sterke forskingsmiljøet knytta til UNIRokkanseneteret i Bergen og sluttar oss til utvalets forslag om at programmet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor vert vidareført etter 2013. Medier Med digitaliseringa er mediefeltet inne i ei kraftig omstilling, med konsekvensar for alt frå lovgiving, eigarskapsstruktur til journalistrolla og medieutdanninga. Utvikling av ytringsfridom og demokrati er tett knytta til utviklinga innan media. Endringane digitaliseringa fører til, med ein journalistikk på digitale plattformer med dertil følgjande strukturendringar i media, er viktige forskingsområder. Likeeins mediekonserna sine strategiar og utviklinga innan konserndanningar og eigartilhøve. Det er i dag ikkje eige program i Norges forskingsråd direkte retta mot mediefeltet, Kulturdepartementet har heller ikkje øyremerka midlar til dette. Behovet for forsking og utgreiing som grunnlag for politikkutforming på mediefeltet er sterkt aukande. Hordaland fylkeskommune meiner auka forskingsmidlar på dette feltet er naudsynt for å skaffe oppdaterte kunnskapar og forståing om viktige samfunnsendringar. Grund-utvalet foreslår etablering av eit forskingssenter for mediefeltet, fortrinnsvis knytta til eit eller fleire av dei eksisterande universitetsmiljøa, med avsetting av midlar (minimum 4 millionar årleg) over minimum fem år. Hordaland fylkeskommune meiner ambisjonane for eit nytt senter for medieforsking bør vere høge og definert meir i samsvar med ambisjonane for det foreslåtte forskingssenteret for kultur (5.2.5), likeeins at senteret for medieforsking bør lokaliserast til Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen, gjerne i samarbeid med Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Eit senter for medieforskning i Bergen vil kunne utvikle seg i tilknytning til medieklyngen MediaCityBergen, som er under etablering, som eit samarbeid mellom NRK, TV2, Bergens Tidende, Bergensavisen og Universitetet i Bergen. Universitetet i Bergen tilbyr ei medieutdanning som både innbyr til refleksjon ved å stimulere den fagleg-kritiske vurderingsevna og praktisk produksjon mot ulike plattformar. Universitetet, Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen vil kunne bidra med ulike dugleikar ved etableringa av eit slikt senter. Eit av særprega ved mediemiljøet i Bergen er evna til innovasjon. Denne vil kunne styrkast ytterlegare ved ei tett tilknyting til dei øvrige kulturnæringane og kunst- og kulturinstitusjonane i byen og regionen, frå teater, musikk og samtidskunst til design og film, m.m. Hordaland fylkeskommune tek mål av seg til å vere foregangsfylke innan digital kunst- og kulturformidling, i samarbeid med Norsk kulturråd og dei to nabofylka i nord, m.a. ved utvikling av applikasjonar for mobiltelefonar. Det ligg med andre ord til rette for å etablere eit forskingssenter i eit reflekterande og innovativt miljø med kopling av teoretiske og praktiske tilnærmingar. Bergensmiljøet vil vere eit interessant laboratorium for forsking- og utvikling innan mediefeltet. 4

Kulturvern/kultur Kultur vert nytta både som overordna og underordna omgrep i rapporten og kulturomgrepet vert i rapporten forstått beskrivande som alle de områda Kulturdepartementet har ansvar for (s. 6). I siste delen av rapporten er det eit stort og sprikande saksområde som vert handsama under kultur, frå litteratur, språk, arkiv, bibliotek, museum, kulturbygg, musikk, scenekunst, biletkunst, arkitektur og design. Samanlikna med områda idrett, medier og frivillighet, er det ifølge rapporten dette store området som kjem dårlegast ut med omsyn til både finansieringsformer, bestillarkompetanse og forskingsmiljø av ein viss størrelse, kvalitet og mangfold. Rapporten foreslår her eit djervt grep: Etablering av eit nytt forskingssenter for kultursektorforsking med ei minimumsramme på 15 mill kroner til etablering og drift av senteret. Rapporten knytter senterets verksemd opp mot kategorien Kulturformål i statsbudsjettet, billedkunst, kunsthandverk, arkitektur, design, kunstnerformål, musikk-scenekunstformål, språk, litteratur og bibliotekformål, museums og andre kulturvernformål, arkivformål, kulturbygg og allmenne kulturformål (s 38). Hordaland fylkeskommune vil tilrå ei omfattande utgreiing før ein tek stilling til om eit slikt senter skal etablerast. Dette avdi feltet er så stort og sprikande at ein bør vurdere om ein heller er tent med eit større forskingsprogram som gjer det mogleg for meir fagspesifikke forskingsmiljø å samordne seg og styrke seg. Dette vil kunne stimulere grunnforsking og anvendt forsking innan spesifikke tema som kunst, kunstformidling, arkitektur, design, språk og litteratur, musikk, bibliotek og museum. FoUarbeidet til Norsk kulturråd og kulturforskinga til Norges forskingsråd bør vurderast i ein slik heilskapleg gjennomgang. 5