KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT



Like dokumenter
KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Det vart meldt inn ein ny sak til møtet, sak 17/11 Møteplan 2. halvår 2011 HELLAND BRANNSTASJON. BYGGEREKNESKAP VESTNES RESSURSSENTER.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Selje kommune MØTEBOK

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet - Arbeidsmøte Møtestad: Møterom, Midsund sjukeheim Dato:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

KONTROLLUTVALET FOR AUSTRHEIM KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

KONTROLLUTVALET FOR MELAND KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 2. høgda i rådhuset Saknr.: 01/11 07/11

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 12/13 19/13

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Forvaltningsrevisjon Vedlikehald av kommunale bygg og anlegg i Meland kommune

Styresak. Styresak 11/05 Styremøte I føretaksmøte 17. januar 2005 blei det gjort følgjande endringar i vedtektene til Helse Vest RHF:

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Samnanger kommune Møteprotokoll

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KONTROLLUTVALET FOR FEDJE KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Aurland kommune Rådmannen

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

MØTEPROTOKOLL HERØY KOMMUNE. Utval: Kontrollutvalet Stad: Herøy Rådhus, formannskapssalen Dato: Tid:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Onsdag kl i kommunestyresalen

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Møteprotokoll for Kommunestyret

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF

Oppdragsansvarleg revisor finansiell revisjon

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Fyresdal kommune. Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Fyresdal kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Fyresdal kommunehus, møterom 2.

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 34/11 42/11

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Nissedal kommune Kontrollutvalet

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Tilsyn med Noregs Bank si forvaltning av Statens pensjonsfond utland i 2013

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

KONTROLLUTVALET FOR AUSTRHEIM KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Kontrollutvalet i Klepp kommune Møteinnkalling

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

EID KOMMUNE Driftsutvalet HOVUDUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

BUDSJETT KONTROLLORGAN

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Transkript:

Radøy kommune KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato: 10.02.2015 Stad: Kommunehuset Kl.: 09.00 12.35 Tilstades: Arild Tveranger leiar, Astrid Nordanger nestleiar, Jan Tore Hvidsten, Oddmund Skjelvik og Eva Karin Klausen Innkalla: Rådmann til sakene 4/15, 5/15 og 6/15 Revisjon: Revisjonssjef Reidar Bjørsvik Sekretær: Sekretariatsleiar Bent Gunnar Næss Forfall:... 01/15 Godkjenning av innkalling og saksliste Innkalling og saksliste vart godkjent. 02/15 Godkjenning av møteutskrift Møteutskrift 02.12.14 vart godkjent. 03/15 Skriv og meldingar Fylkesmannen 19.12.14 Rapport frå tilsyn med Nav Radøy kommune 2014 Fylkesmannen 07.10.14 - Rapport frå tilsyn og vurdering av status i kommunens arbeid med jamleg oversikt over helsetiltstand og positive og negative påverknadsfaktorar Radøy kommune 2014 Årsrapport 2014 Nordhordland kemnerkontor Skatteoppkrevjaren i Lindås, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy Kontrollutvalet tek skriv og meldingar til etterretning. Kontrollutvalet har merka seg Fylkesmannen sin uttale i rapport om tilsyn med Nav Radøy om at der er funne alvorlege manglar ved styringa (internkontrollen). Kontrollutvalet ønskjer å få ein orientering på neste møte om korleis rapporten er følgt opp. 04/15 Forvaltningsrevisjon vedlikehald rådmann gir ein status for korleis rapporten er følgt opp Saksvedlegg: Forvaltningsrevisjon vedlikehald Rapporten vart handsama av kontrollutvalet 27.04.12 i sak 13/12: «Samandrag og tilrådingar i rapporten: Forvaltningsrevisjonsprosjektet Vedlikehald av kommunale bygg i Radøy kommune er utført på bakgrunn av bestilling frå kontrollutvalet i møte 13.04.11, sak 18/11. I

Møteutskrift 10.02.2015 Side 2 av 6 dette prosjektet ser revisjonen nærare på ressursbruk og styringssystem knytt til vedlikehald av kommunale bygg i Radøy kommune, og vurderer desse mot kvalifiserte tilrådingar om ressursbruk og god eigedomsforvaltning. Prosjektet er avgrensa til systemnivå, og har fokus på styringssystem for vedlikehald av kommunale bygg, og dei økonomiske rammeføresetnadene for eigedomsforvaltninga i kommunen. Eigedomsforvaltning omfattar også andre anlegg som veg, vatn og avløp, som ikkje er omhandla i dette prosjektet. Med omgrepet vedlikehald viser revisjonen til tiltak for å halde eit bygg i stand med ein standard tilsvarande då kommunen anskaffa bygget, og skal normalt førast i driftsrekneskapen. Rapporten vurderer ikkje innhaldet i faglege vurderingar knytt til vedlikehald og sjølve utføringa av dette. KOSTRA-tala som belysar dei økonomiske rammeføresetnadene for eigedomsforvaltninga er henta frå åra 2009-2011. Ideelt sett burde ein slik gjennomgang av dei økonomiske sidene ved vedlikehaldssituasjonen strekt seg over fleire år, men endring i føringa av KOSTRA-tala gjer samanlikning vanskeleg. Revisjonen meiner likevel at samanlikninga vil gi eit relevant bilete av praksis og utfordringar knytt til ressursutvikling innanfor vedlikehaldsområdet. Problemstilling 1) I kva grad ligg det føre politisk bestemte mål for eigedomsforvaltninga i Radøy kommune? Politisk formulerte mål er framheva som eit suksesskriterium for god eigedomsforvaltning. Kommuneplanen for Radøy kommune 2011-2023 skisserar generelle hovudmål for eigedomsforvaltninga i tida framover. Revisjonen tek ikkje stilling til om politiske vedtak er hensiktsmessige, men vil likevel peike på at strategi og operasjonalisering av overordna mål for eigedomsforvaltninga, kan vere viktige tiltak for å forankre eigaransvaret på politisk nivå og å gi forvaltar mål å styre etter. Problemstilling 2) På kva måte rapporterer administrasjonen om utviklinga i eigedomsforvaltninga til politisk nivå? Administrasjonen rapporterer om eigedomsforvaltninga og vedlikehaldstenestene jamleg, m.a. i årsmeldinga og tertialrapportane. Revisjonen meiner at rapporteringa i årsmeldinga gir viktig informasjon til politisk nivå, men at rapporteringa til dels bærer preg av å rapportere data meir enn styringsinformasjon. Dersom denne rapporteringa vart systematisk knytt opp mot t.d. mål for eigedomsforvaltninga og planlagde vedlikehaldstiltak, samt påpeiker moglege konsekvensar av manglande vedlikehald, ville den etter revisjonens vurdering, i større grad kunne fungere som eit styringsverktøy for politisk nivå. Problemstilling 3) I kva grad ligg det føre eit rasjonelt system for planlegging og styring av vedlikehald av kommunale bygg i Radøy kommune? Revisjonen meiner at det er positivt at kommunen i stor grad har gjennomført tilstandskartlegging av bygga, og at administrasjonen i sentrale dokument gir uttrykk for at ei meir systematisk tilnærming til vedlikehaldsarbeidet er ønskeleg. Revisjonen har forståing for at knappe økonomiske rammar gjer det utfordrande å få dette på plass, men meiner at stram økonomi gjer det enno viktigare å legge til rette for at prioritering av ressursar skjer på bakgrunn av fakta om tenesta. Etter revisjonen si vurdering har kommunen eit betydeleg potensiale for å systematisere sitt arbeid med planlegging og styring av det løpande vedlikehaldet.

Møteutskrift 10.02.2015 Side 3 av 6 Problemstilling 4) Er dei økonomiske rammeføresetnadene tilpassa eigedomsforvaltninga sin langsiktige karakter? KOSTRA-tala gir ein indikasjon på korleis kommunen prioriterer ressursar til vedlikehald, og viser at vedlikehaldsutgifter pr. kvadratmeter føremålsbygg i perioden 2009-2011 har lagt under halvparten av normtala for godt, verdibevarande vedlikehald. Revisjonen meiner at dette indikerer at dei økonomiske rammeføresetnadene i liten grad er tilpassa eigedomsforvaltninga sin langsiktige karakter. Kontrollutvalet sluttar seg til revisjonen sine konklusjonar og tilråding i forvaltningsrevisjonsrapporten om vedlikehald i Radøy kommune. Dette er eit viktig område for kommunen for å sikre ein god kommunal kapitalforvaltning og at kommunen kan yte gode tenester. Kontrollutvalet ser det som viktig at rapporten vert presentert for kommunestyret. Rådmann gjorde greie for korleis rapporten var følgt opp i møte. Der er skjedd ein systematisering av arbeidet på eigedomsforvaltninga. Det er mellom anna omtalt i budsjettet for 2015. I rapporten var der fire hovudproblemstillingar. Er der gjort noko tydelege politiske vedtak på mål Det er vedtak i budsjettet. Er rapporteringa blitt endra? Det er gjort nokon endringar i rapporteringa som går til politisk. Er vedlikehaldet blitt meir systematisk og planlagt? Det er gjort endringar i organiseringa for å systematisere arbeidet med vedlikehald. Arbeidet med plan for vedlikehald er under utarbeiding. Vil bli ferdig i løpet av februar. Er ressursbruken kroner pr m 2 tilfredsstillande? Det store bilete er at dei fleste bygg har ein god standard. Dei store vedlikehaldsbehova vert gjerne investeringar. Må difor sjå ressursbruken på investering saman med det som vert nytta i driftsbudsjettet. Det er stramme rammer og difor må midlane nyttast best mogeleg. Konklusjonen er at der er gjort endringar i arbeidet med vedlikehald, men at det framleis er behov for å systematisere arbeidet. Kontrollutvalet tok orienteringa til etterretning. 05/15 Investeringsprosjekt organisering og ansvar Bakgrunn for saka var at kontrolluvalet ønskja å få ein orientering frå rådmann om ansvar og organisering av investeringsprosjekt. Når kontrollutvalet handsama

Møteutskrift 10.02.2015 Side 4 av 6 byggerekneskapet for Sæbø skule så uttalte kontrollutvalet at ein ønskja å få ei orientering om byggenemnda sine retningslinjer og praktisering. Kontrollutvalet har også i årsmeldinga for 2013 uttrykt ein viss bekymring for at ansvarsfordelinga mellom rådmann og byggenemnda i investeringsprosjekt synes å vere uklar. Rådmann gjorde greie for kva som er status i dag. Det er laga til ein oversikt over alle investeringsprosjekt. Desse vert det rapportert på til formannskapet. Investeringsprosjekta vert no prosjektorganisert for å få tydelegare ansvar med eigen prosjekteigar og leiar av prosjektet. Det vert jobba med ein prosjektmal for å standardisere krava til prosjekta, samstundes som ein tek omsyn til at prosjekta er ulike. Byggenemnda er berre involvert i nokre prosjekt der det er gjort politiske vedtak. Ansvaret for prosjektet er da fullt og heilt hos byggenemnda, slik rådmann oppfattar reglene for byggenemnda. Administrasjon stiller med sekretær for byggenemnda. Tilvisning av rekningane skjer av rådmann. Anbodet vert gjennomført av rådmann. Byggenemnda overtar når anboda er ferdig og byggeprosjektet vert satt i gong. Byggenemnda får sitt oppdrag frå formannskapet. Byggenemnda har ein eiga instruks. Kontrollutvalet registrerer at byggenemnda har det totale ansvaret for byggeprosjekta. Kontrollutvalet diskuterte om det var tenleg å ha ei byggenemnd. Kontrollutvalet vil tilrå at det vert tatt ein prinsipiell diskusjon om ein vil fortsette å ha byggenemnder. Det vil vere naturleg å ta ein slik diskusjon etter valet hausten 2015. Kontrollutvalet tok orienteringa til etterretning. Kontrollutvalet vil rå til at det vert teke ein prinsipiell gjennomgang om kommunen framleis ser seg tent med å ha byggenemnd. 06/15 Budsjettet for 2015 Rådmann gjorde greie for budsjettet for 2015. I budsjettet for 2015 er der vedteke ein del føringar. Nokon av dei nedtrekka kan vere krevjande å få gjennomført. Der er også vedteke nokon prosjekt på investering som kan vere i strid med regelverket for kva som kan førast i investering. Rådmann har ein gjennomgang av dei føringane som er gitt og vil rapportere til formannskapet om korleis ein vil følgje dei opp. Kontrollutvalet tok orienteringa til etterretning. 07/15 Årsmelding til kontrollutvalet Saksvedlegg: Utkast til årsmelding til kontrollutvalet Utkastet til årsmelding vart diskutert i møte. Kontrollutvalet godkjente årsmeldinga slik den låg føre.

Møteutskrift 10.02.2015 Side 5 av 6 08/15 Årsplan for kontrollutvalet Saksvedlegg: Utkast til årsplan for kontrollutvalet Kontrollutvalet diskuterte framlegget til årsplan og det vart bestemt møtedatoar for resten av året, 26. mai og 22. september. Kontrollutvalet vedtok årsplan med nokon justeringar. 09/15 Gjennomgang av møteprotokollar frå politiske utval Kontrollutvalet hadde ingen kommentarar. 10/15 Eventuelt Revisjonssjef Reidar Bjørsvik hadde nokre forslag til endringar og presiseringar til problemstillingane i prosjektet som skal sjå på NAV viser til sak 29/14. Problemstilling 1 Korleis er sosialtenesta i Radøy kommune organisert og i kva grad legg organiseringa til rette for ei effektiv forvaltning? Ny: Korleis er sosialtenesta i Radøy kommune organisert og i kva grad legg organiseringa til rette for ei effektiv forvaltning av dei kommunale sosialtenestene? Problemstilling 2 Har Radøy kommune system og rutinar som sikrar etterleving av relevante lovkrav i arbeidet med oppfølging av mottakarar av sosial stønad? Ny: Har Radøy kommune system og rutinar som sikrar etterleving av relevante lovkrav i arbeidet med oppfølging av mottakarar av økonomisk sosialhjelp? Problemstilling 3 Sikrar Radøy kommune naudsynt opplæring, vedlikehald og vidareutvikling av kunnskap og kompetanse blant kommunen sitt personell i arbeids- og velferdsforvaltninga? Ny: Sikrar Radøy kommune naudsynt opplæring og vedlikehald av kunnskap og kompetanse blant kommunen sine tilsette i arbeids- og velferdsforvaltninga? Kontrollutvalet slutta seg til dei forslaga til endringar som revisjonen foreslo. Kommunen sin beredskap under stormen Nina