SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkiv: MTR 66/1 Arkivsaksnr.: 09/442 Søknad om konsesjon på overtaking av Stokkenes gnr. 66, bnr. 1 og Åbyrge gnr. 75, bnr. 2 Rådmannen si tilråding: I medhald av delegasjonsvedtak i Luster kommune, k.sak nr. 26/12, avsler plan- og forvaltningsstyret med heimel i 1, 2 og 9 i konsesjonslova (med endringar i lov 19. juni 2009) og delegasjonsskriv M-6/2003 frå landbruksdepartementet, søknad frå Lars Tore Stokkenes om konsesjon for overtaking av eigedomen Stokkenes gnr. 66, bnr. 1 og Åbyrge gnr. 75, bnr. 2 i Luster kommune. I medhald av 18 i konsesjonslova vert Lars Tore Stokkenes pålagd å syta for at eigedomen innan 31.12.2015 vert overførd, anten til nokon som kan få konsesjon, eller til nokon som ikkje treng konsesjon. Dersom søkjaren ikkje overheld denne fristen for avvikling av eigedomserverv kan departementet utan varsel la eigedomen seljast gjennom namsmyndighetene etter reglene om tvangssal så langt de passer, jf. konsesjonslova 19.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Søknad om konsesjon datert 23.07.2015 Uprenta vedlegg: Saksdokument til PFV-sak nr. 14/15, med endeleg vedtak frå Fylkesmannen av 22.06.2015 Samandrag: Lars Tore Stokkenes, 5119 Ulset, har søkt om konsesjon for overtaking av gardsbruket Stokkenes gnr. 66, bnr. 1 og gnr. 75, bnr. 2 i Luster kommune. Bakgrunnen for søknaden var pålegg frå Luster kommune om å søkja om konsesjon på grunn av misleghalden buplikt. Rådmannen meiner eigedomen bør vera fast bebudd. Men kan ikkje sjå at konsesjonssøkjaren har sannsynleggjort at han kjem til å oppfylla buplikta der på ein måte som lokalsamfunnet og kommunen elles er tent med. Det vert difor rådd ifrå at konsesjon vert innvilga. Utval som har vedtaksmynde: Plan- og forvaltningsstyret i Luster kommune, jf. k.sak nr. 26/12 Fakta: Den 23.07.2015 søkte Lars Tore Stokkenes, 5119 Ulset, om konsesjon for overtaking av gardsbruket Stokkenes gnr. 66, bnr. 1 og gnr. 75, bnr. 2 i Luster kommune. Bakgrunnen for søknaden var pålegg frå Luster kommune om å søkja om konsesjon på grunn av misleghalden buplikt. Tidlegare eigar til bruket, Nils Stokkenes, døydde i 2005. Etter div. korrespondanse mellom Luster kommune og arvingane i det uoppgjorde buet, vart arvingane kvar for seg pålagde å søkja om konsesjon på overtaking av eigedomen gjennom brev frå kommunen 04.06.2012 ettersom dei ikkje hadde flytta dit. Vedtaket vart påklaga med grunngjeving i at den som skulle overta ikkje hadde fått med seg at skjemaet «Eigenfråsegn om konsesjonsfriheit..» måtte følgja med skøyte ved tinglysing, og at dei dermed kom på etterskot i høve frist for overdraging. Klaga vert teken til følgje på vilkår av at overdraging vart gjennomført utan ytterlegare opphald. Overdraging til Lars Tore Stokkenes, brorson til tidlegare eigar, vart tinglyst 16.07.2012. Luster kommune registrerte at Lars Tore Stokkenes ikkje flytte til eigedomen innan lovbestemt frist, og sende brev til han den 07.01.2014 og ba om kommentar til kvifor buplikta ikkje var oppfylt, og orientering om kva planar han hadde for bruket med omsyn til tilflytting og drift. Som vedlegg til e-post til Luster kommune sende då Stokkenes kopi av flyttemelding til Luster for seg og kona Grete Joveig N. Stokkenes den 16.01.2014. Av den går det fram at flyttemeldinga var registrert av Skatt vest 04.01.2013. På bakgrunn av at kona til Stokkenes hadde fast jobb i Bergen som ho dagleg pendla til og at dei tre borna til ekteparet var folkeregistrert på bustadadressa deira i Ulset, sende Luster kommune brev til Skatt vest den 13.02.2014 og ba om at det vart føreteke ei ny vurdering av om det ut frå reglane for folkeregistrering var rett at Lars Tore og kona hans var folkeregistrert i Luster kommune. Den 16.06.2014 ringde Folkeregisteret til Luster kommune og opplyste om at Lars Tore og Grethe Joveig N. Stokkenes etter nytt vedtak no var registrert på Ulset i Bergen og ikkje i Luster. Vedtaket vart påklaga til Skattedirektoratet som heldt fast på vedtaket. Frå 21.09.2014 vart ekteparet på nytt folkeregistrert på Ulset i Bergen. Den 20.01.2015 pålagde Luster kommune Lars Tore Stokkenes å søkja om konsesjon på overtaking av eigedomen på grunn av manglande oppfølgjing av buplikta. Vedtaket vart
påklaga, men stadfesta av Fylkesmannen gjennom endeleg vedtak den 22.06.2015, der Stokkenes fekk der frist på å søkja om konsesjon innan ein månad. Søknad om konsesjon vart motteken og registrert i Luster kommune 03.08.2015. I tillegg til ovannemnde føreligg det omfattande korrespondanse i same tidsperioden mellom Stokkenes og Luster kommune om driveplikta på eigedomen, som ikkje direkte har relevans for bupliktsaka. Søkjar sine opplysningar om areal og bygningsmasse på eigedomen: Areal i eineeige om lag 1052 daa, der om lag 24 daa er klassifisert som fulldyrka, 9 daa som overflatedyrka, 16 daa innmarksbeite, 800 daa produktiv skog og 202 daa anna areal. Bygningsmasse Bygningstype Grunnflate Byggjeår Tal etg Tilstand m2 Bustadhus 110 1880 2 Dårleg Kårhus 67 1910 1,5 Dårleg Driftsbygning 446 1883 2,5 Dårleg Stabbur 45 1920 1,5 Dårleg Garasje 38 1980 1 Middels Garasje 15 1960 1 Dårleg Naust 51 1960 1 Dårleg Gardssag 70 1960 1 Dårleg Stølshus 32 Ukjent 1 Dårleg I avkryssingsrubrikk på søknadsskjemaet opplyser Stokkenes at han vil forplikta seg til å flytta til eigedomen innan eitt år og deretter bu der i minst fem år i samanheng. Vurdering: Føremålet med konsesjonslova er lista opp i 1: «Loven har til formål å regulere og kontrollere omsetningen av fast eiendom for å oppnå et effektivt vern om landbrukets produksjonsarealer og slike eier- og bruksforhold som er mest gagnlige for samfunnet, bl.a. for å tilgodese: 1. fremtidige generasjoners behov 2. landbruksnæringen, 3. behovet for utbyggingsgrunn, 4. hensynet til miljøet, almenne naturverninteresser og friluftsinteresser, 5. hensynet til bosettingen» 9 i konsesjonslova omtalar særlege forhold som skal takast omsyn til ved vurdering av konsesjonssøknader for landbrukseigedomar: «Ved avgjørelsen av søknad om konsesjon for erverv av eiendom som skal nyttes til landbruksformål skal det legges særlig vekt på: 1. om den avtalte prisen tilgodeser en samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling, 2. om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området, 3. om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning, 4. om erververen anses skikket til å drive eiendommen, 5. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet.
Konsesjon skal i alminnelighet ikke gis dersom det ved ervervet oppstår sameie i eiendommen, eller antallet sameiere økes. Det kan gis konsesjon til selskaper med begrenset ansvar. Det skal legges vekt på hensynet til dem som har yrket sitt i landbruket. Første ledd nr. 1 og 4 gjelder ikke sak der nær slekt eller odelsberettiget søker konsesjon fordi de ikke skal oppfylle boplikten etter 5 annet ledd. I slik sak skal det i tillegg til første ledd nr. 2, 3 og 5 blant annet legges vekt på eiendommens størrelse, avkastningsevne og husforhold. Søkerens tilknytning til eiendommen og søkerens livssituasjon kan tillegges vekt som et korrigerende moment». Driveplikta på Stokkenes vert delvis oppfylt ved langsiktig bortleige til ein annan gradbrukar i kommunen, delvis av konsesjonssøkjaren sjølv. Den lovbestemte driveplikta vert såleis oppfylt. Røynsla tilseier likevel at omsynet til ei driftsmessig god løysing, heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapsmomentet i dei aller fleste tilfelle vert best ivareteke ved at den som eig ein landbrukseigedom, sjølv bur på eigedomen. Av dei opplista føremåla med konsesjonslova og momenta som skal tillleggjast særleg vekt ved vurdering av konsesjonssøknader for landbrukseigedomar, er det først og fremst busetnadsomsynet som etter kommunen sitt syn ikkje vert godt nok ivareteke ved omsøkt erverv. Store deler av Luster kommune slit med negativ folketalsutvikling. Busetnadsomsynet vert difor tillagt stor vekt i kommunal sakshandsaming, mellom anna ved handsaming av konsesjonssøknader. Austsida av Lusterfjorden, der garden Stokkenes ligg, har ekstra utfordringar på dette området, der ein stor del av gardsbruka som tidlegare hadde fast busetnad, no kun vert nytta til fritidsføremål av eigarane. Aktiviteten som som følgjer av fritidsbruk av eigedomane er sjølvsagt positiv, men det er likevel dei fastbuande som er mest avgjerande for at ulike tenestetilbod skal kunna oppretthaldast og at bygdene skal ha ei framtid. Under tilleggsopplysningar i konsesjonssøknaden brukar Lars Tore Stokkenes uttrykket at han vart «tvangsflyttet» tilbake til Bergen, men at han likevel har valt å ha Stokkenes som buplass. Rådmannen og konsesjonssøkjaren har ulikt syn på kva fast busetjing inneber. Måten buplikta har vore praktisert på konsesjonseigedomen etter tidlegare eigar sin bortgang, oppfyller ikkje definisjonen som vert lagt i omgrepet og langt frå det innhaldet Luster kommune legg i å bu fast på bruket. Det kjem heller ikkje fram opplysningar i søknaden som tilseier at buplikta vil bli utøvd på annan måte i ettertid dersom det skulle bli gjeve konsesjon. Tilleggsmomenta som skal vektleggjast ved konsesjonssøknader for landbrukseigedom, storleik, avkastningsevne og hustilhøve, kan dra i ulik retning i spørsmålet om det kan innvilgast konsesjon utan buplikt. Samla jordbruksareal er på om lag 49 daa. Tradisjonelt har det vore drive frukt- og bærdyrking i kombinasjon med husdyrhald på dette bruket, ei driftsform som også vil vera aktuell i framtida. Avkastninga pr. dekar er jamnt over god ved frukt- og bærdyrking, den positive effekten av at bruket ligg i ei god klimasone, i kombinasjon med intensiv drift, kan difor vega opp for avgrensa innmarksraeal. Det høyrer elles ein god del produktv skog til eigedomen, ein del av dette barskog, men pga. manglande vegutløysing vil det krevja store investeringar i vegbygging før bruket kan nyttiggjera seg desse ressursane. Det er oppsamla vedlikehaldstrong på ein stor del av bygningsmassen, men ikkje meir enn kva ein må rekna med etter at bruket har vore utan fast busetjing såpass lenge. For ein interessert eigar er det grunnlag for å byggja vidare på det som er der.
Søkjaren si tilknytning til eiendomen og søkjaren sin livssituasjon kan tilleggjast vekt som eit korrigerende moment dersom det elles er tvil om utfallet av søknaden. Tilknytning og livssituasjon er ikkje av slik karakter i denne saka at det har avgjerande betydning for spørsmålet om konsesjon. Rådmannen meiner at storleik, avkastningsevne og hustilhøve på eigedomen tilseier at han bør vera fast bebudd. Men han kan ikkje sjå at konsesjonssøkjaren har sannsynleggjort at han kjem til å oppfylla buplikta der på ein måte som lokalsamfunnet og kommunen elles er tent med. Det vert difor rådd ifrå at konsesjon vert innvilga. Dato 06.10.2015 Jarle Skartun Steinulf Skjerdal rådmann landbrukssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til: Lars Tore Stokkenes, Nedre Ulsetskogen 54, 5119 Ulset Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Landbruksavdelinga, Postboks 14, 6801 Førde