ÅRSPLAN FOR HAUGSJÅSUND OG TREUNGEN BARNEHAGE



Like dokumenter
Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Sandeid skule SFO Årsplan

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Månadsplan for Hare November

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Plan for overgangar. for barn og unge

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Velkomen til Mork barnehage

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Informasjonshefte Tuv barnehage

10/60-14/N-211//AMS

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

! I Rosterud blir barna sett og hørt!

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Bærekraftig utvikling

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Plan for Liabygda SFO

Øystese barneskule April - 08

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Virksomhetsplan

Månadsbrev for Rosa september 2014

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Fladbyseter barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

FJELLHAGEN BARNEHAGE

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Velkommen til Haugsjåsund barnehage

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Den fjerde uken er turuke, der hver gruppe har en fast turdag. På disse turene vil vi utforske nærmiljøet.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE

Barnehageplan for Vinje kommune

Transkript:

ÅRSPLAN FOR HAUGSJÅSUND OG TREUNGEN BARNEHAGE 2011-2012

VELKOMMEN TIL BARNEHAGEN INNLEIING Kvar haust utarbeider vi ein pedagogisk årsplan i barnehagen for å sikre kontinuitet i arbeidet vårt. Årsplanen skal synleggjera verksemda og det arbeidet vi gjer her. Den er ei orientering til foreldre, eigarar og andre samarbeidspartnarar om kva vi gjer i barnehagen. Årsplanen er eit hjelpemiddel og arbeidsdokument for personalet. Den skal gjevast ut kvar haust og inneheld informasjon om målsetting og metodar for arbeidet vårt. Detaljplanane for arbeidet kjem med månadsplanane. Årsplanen byggjer på formålsparagrafen i Lov om barnehager og Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Vi har i år valt Kosthald og helse som satsingsområde. I Eining for barnehagar i Nissedal kommune har vi tre barnehagar: Treungen barnehage, Haugsjåsund barnehage og Kyrkjebygda barnehage. Barnehagen i Treungen er pussa opp og bygd på, og rommar no to avdelingar. Kyrkjebygda barnehage er ein del av Kyrkjebygda oppvekstsenteret, og vil difor ha sin eigen årsplan.

EINING FOR BARNEHAGAR Styrar: Gro Midtsund, telefon: 350 48 477 mobil: 91 38 26 46 Assisterande styrar: Solveig Viola Holskar Spesialpedagog: Jorun Marie Johansson HAUGSJÅSUND BARNEHAGE: telefon: 350 45 199 Desse har arbeidsplassen sin her: Hilde Birkedal, pedagogisk leiar Gry Kristin Eidet, fagarbeidar/førskulelærar fram til 31.12.11. Bettina Trontveit Juva, fagarbeidar Liv Irene Lindvig, assistent Birgitte Westergaard, pedagogisk leiar frå 01.01.12. TREUNGEN BARNEHAGE: telefon: 350 48 476 (nybygget) 350 48 478 41 54 17 73 mobil Desse har arbeidsplassen sin her: Liten avdeling: Turine Wik Kåsa, pedagogisk leiar Solveig Viola Holskar, førskulelærar Cathrine Askland, fagarbeidar Trine Trontveit, fagarbeidar Ingunn Eriksen, fagarbeidar Lilly Espeland, assistent Stor avdeling: Inger Margrethe Kleven, pedagogisk leiar Jorun Marie Johansson, pedagogisk leiar Kristine Nerbø, førskulelærar Gunn Jonskås, fagarbeidar Kjellmann Svendsen, fagarbeidar Vigdis Eilefstjønn, assistent Vikarer: Marina Wouts Liv Lia Anita Trontveit Forberg Birgitte Trontveit Fosse Tone Gautefald Tveit Maroli Mandt

PRAKTISK INFORMASJON Opningstid: kl. 07.30 16.30 Barnehagetilbodet er for alle barn frå alle skulekrinsane i kommunen. Barnehagen er godkjent for barn frå 1 år. Føresette kan velje mellom 2-, 3-, 4- og 5 dagars tilbod. Føresette kan søke om endring av tilbodet. Frist for oppseiing av plass er ein månad. Blir plassen sagt opp etter 1.april må ein betale for plassen ut juni månad. Barna kan kome i barnehagen frå kl. 07.30 og må vera ute av barnehagen innan kl. 16.30. Personalet sin arbeidsdag startar kl. 07.30 og sluttar kl.16.30. Planleggingsdagar: Personalet har 5 planleggingsdagar i løpet av eit barnehageår. Desse dagane er barnehagen stengt. Planleggingsdagar for barnehageåret 2011-2012: Måndag 15. august Fredag 23. september Måndag 02. januar Torsdag 10. og fredag 11. mai Ferie: Foreldre/føresette betaler for barnehageplassen 11 månader i året. Barnehagen er stengt 2 veker i juli. Kjøp av dagar: Barn som har plass i barnehagen kan kjøpe ekstra dagar dersom det er ledig kapasitet. Det er førskulelærar på avdelinga som har mynde til å gjere avtaler om sal av dagar. Foreldre/føresette betaler for dagen gjennom systemet for foreldrebetaling. Pris pr. dag er kr. 300,- + kr. 15,- for mat. Det er ingen syskenmoderasjon på dette tilbodet. Påkledning: Barna må vera kledd for å vera ute i all slags vær. Alleytterklede må takast med heim for vasking og tørking minst ein gong i veka. Sjukdom: Allmenntilstanden hos barnet må vera slik at det kan fylgje opplegget i barnehagen. Feber. Barnet må vera feberfri for å vera i barnehagen. Oppkast/diare. Barnet må vera fri for symptom i minst 12 timar heime før det kan i barnehagen. Er de usikre, kontakt lege før de reiser til barnehagen. Brennkoppar/ augekatarr. Må kontakte lege.

FORELDRESAMARBEID Samarbeid mellom barnehage og heim er viktig for kvaliteten på det arbeidet vi gjer i barnehagen. Og godt samarbeid er avgjerande for barna si oppleving av barnehagen. Rammeplanen legg vekt på at barnehagen blir driven i nær forståing med heimen. Dette inneber at vi skal arbeide i samsvar med foreldra sine ynskje om omsorg for og danning (sjå under) av barna. Barnehagen vil så langt som mogleg tilpasse innhald og arbeidsform til dei forventningane foreldra har. I den nyleg reviderte Rammeplanen er begrepet oppdragelse bytta ut med danning. Danning kan seiast å vere ein prosess som varer heile livet, og der barnet er ein sjølvstendig aktør. Det handlar m.a. om å utvikle evner til å reflektere over eigne handlingar og veremåte. Begrepet oppdragelse blir meir ein prosess som foregår i barndommen, og der vaksne legg føringane og veit best. Foreldresamarbeidet skjer både gjennom formelle og uformelle kanalar. Vi har samarbeidsutval, foreldremøte, samtaler og frivillig deltaking i barnehagen sine aktivitetar. Vi informerer foreldra gjennom planer og oppslag. Foreldrerådet Foreldra/føresette til alle barn i barnehagen er medlemar i foreldrerådet. Leiar i foreldrerådet i Treungen barnehage: Hildegunn Saltbones Tveit, vara: Rut Stokstad Nielsen Leiar i foreldrerådet i Haugsjåsund barnehage: Lena Haugsjå, vara: Julia Trontveit Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit samarbeidsutval som er sett saman av foreldre og tilsette med lik representasjon. Eigar er representert gjennom einingsleiar som også fungerer som sekretær for utvalet. Leiar i foreldrerådet i Haugsjåsund og i Treungen barnehage sit som representant frå foreldra i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet for barnehagane i 2011-2012 er sett saman som fylgjer: Lena Haugsjå (vara: Julia Trontveit ) Hildegunn Saltbones Tveit (vara: Rut Stokstad Nielsen) Hilde Birkedal (vara: Liv Irene Lindvig) Liv Lia (vara: Inger Margrethe Kleven) Gro Midtsund, sekretær. Samarbeidsutvalet har uttalerett i saker vedrørande drift av barnehagane.

VERDIGRUNNLAGET TIL BARNEHAGANE Vi ynskjer å vere ein VI- barnehage. Dette er bygd på visjonen personalet har arbeidd seg fram til: - vi er trygge - vi er sterke - vi er saman Denne visjonen skal ligge som eit fundament for det arbeidet vi gjer i barnehagen. Målet til personalet er å vere engasjerte, positive og kreative. Vi ynskjer at barnehagane - skal vere til det beste for barna - er i utvikling - har eit tett samarbeid på tvers av avdelingane og barnehagane - er fagleg oppdatert - er slik at vi er stolte over det vi har å tilby - har eit godt samarbeid med foreldra - er ein god plass å vere for barna, foreldra og personalet - skal lære barna å bli sosiale i løpet av tida dei er her, og utvikle evne til å syne omsorg for andre - gjev barna reell medverknad

DAGLEGE AKTIVITETAR SAMLING Samlingsstunda som kvar avdeling har, er eit fint forum for kommunikasjon, læring, refleksjon og undring. Her kan vi ta opp ulike tema som vi eller barna er opptekne av. Barna skal lære å lytte til kvarandre, og dei får øve på turtaking. Dette er òg ein arena som gir fin trening i å snakke i ei gruppe. HØGTLESING Å sitje saman barn og vaksne med ei bok, kan gje ei god kjensle. Det fellesskapet boka dannar er spesielt, og barna set stor pris på slike stunder. Det er viktig at ein i ein aktiv barnehagekvardag finn tid og rom for slike lesestunder. I barnehagen kan ein legge eit positivt grunnlag for barn si leseglede. Vi kan skape interesse for bøker, og gje oppleving av glede over å kunne lese og lytte.

LEIKEN Leik er den viktigaste aktiviteten for barn, og er utgangspunkt for mykje. Gjennom leiken utviklar barnet seg på mange måtar: intellektuelt, språkleg, emosjonelt, sosialt og fysisk. I leiken utviklar og styrkjer barnet sin identitet og sjølvkjensle. Det som kjenneteiknar leiken er at den er frivillig, - ein aktivitet som barnet sjølv vel å delta i. Den er på liksom og ligg utanfor det som vi oppfattar som den verkelege verden. Leiken er lystbetont for barnet, og den kan samstundes gje orden, spenning og førebuing til å bli vaksen. Vi ser ikkje leiken bare som eit pedagogisk verkemiddel for å fremme utvikling hos barna. Å leike er eit mål i seg sjølv. Barna skal leike fordi det er morosamt å leike. Vi skal ha respekt for kvarandre, og vi har rett til å vere ulike. Menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom og toleranse er sentrale samfunnsverdiar som skal leggjast til grunn for omsorg, danning, leik og læring i barnehagen. Vi skal syne barna at vi ikkje møter andre menneske med likegyldighet, men med varme og kjærleik. BARN SIN MEDVERKNAD Barns medverknad blei nedfelt i barnehagelova ( 3) då denne vart revidert i 2005. Dette blei gjort gjeldande frå 1 januar 2006. Barn i barnehagen har rett til å gi utrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. (Barnehagelova 3 Barns rett til medverknad) Medverknad tyder ikkje at barna alltid skal få gjera som dei vil. Det er viktig at dei vaksne er opne for barna sine meiningar og at dei lyttar til barna og tek dei på alvor. Ved å ha bevisste vaksne, og ved å ha fokus på den vaksne si rolle i forhold til barna, håpar vi å ivareta barna sin rett til medverknad. Etter kvart som barna vert eldre, kan samlingar og gruppesamtaler elles bere meir preg av møte. Vi kan legge opp til meiningsutvekslingar, og til at vi skal komme fram til felles avgjerder.

SPRÅKSTIMULERING Kva seier Rammeplanen om språk? Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling. Samhandling mellom kroppsspråk og leik med lyder er ein vesentlig del av måten det vesle barnet nærmar seg andre menneske på Å lære språket er noko av det viktigaste som skjer i barnet sitt liv. Gjennom språket lærer vi å forstå verden. Språket er med på å gjera oss kjende med oss sjølv. Gjennom språket går vi inn i eit fellesskap med andre menneske og tek del i samfunnet sin kultur. Språket er personleg og identitetsskapande. Vi i barnehagen ynskjer å vere med på å førebu barna på dei utfordringane dei vil møte seinare. Forsking syner at tidlig innsats innan språkutvikling har stor betyding for seinare leseferdigheit og gode sosiale eigenskapar. Å legge til rette for eit godt språkstimulerande miljø er ei svært viktig oppgåve for barnehagen. Vi ynskjer å arbeide med språkutvikling på denne måten: - vere bevisst at vi vaksne er språklige førebilde. - bruke språket aktivt saman med barna gjennom samtaler og i ulike aktivitetar i barnehagen. - vi vaksne rettar ikkje på barnet sitt språk, men rettleier ved å gjenta det barnet seier med rett uttale. - barna skal møte språket på ulikt vis. Dei vaksne er seg medviten bruken av språket. Den gode her og nå dialogen er sjølve grunnlaget for munnleg så vel som skrifteleg språkstimulering. - bøker i variert utval skal vera tilgjengelig. Skriftspråket skal vera tydelig, t.d. namn på plassar og skuffar, beskjeder på oppslagstavler, oppskrifter m.m. For å registrere språkutviklinga nyttar barnehagen TRAS-skjemaene. Dette er kartleggingsskjema utarbeida av Bredtvedt kompetansesenter, Eikelund kompetansesenter, Institutt for spesialpedagogikk, Senter for adferdsforskning og Senter for leseforsking. TRAS-skjemaene har vore eit godt verktøy for kartlegging av språkutviklinga hjå det enkelte barn, og dei er fine som utgangspunkt for foreldresamtaler. Det er viktig å merke seg at skjemaet ikkje er noko form for testing av barnet, men er meint som eit verktøy for å systematisere arbeidet i barnehagen. TRAS tyder: Tidleg Registrering Av Språkutvikling. Skjemaet set fokus på dei tradisjonelle områda som er relevant når det gjeld språket: - språkforståing - språkleg bevisstheit - uttale - ordproduksjon - setningsproduksjon I tillegg fokuserer TRAS også på desse områda: * samspel * kommunikasjon * oppmerksomhet

Eit anna skjema som kan bli nytta er Alle Med. Dette observasjonsskjemaet gir eit meir heilskapleg bilde av barnet og det barnet meistrar. Dette skjemaet er laga etter eit samarbeid mellom barnehagesektoren i Eigersund kommune, PPT og Senter for adferdsforsking v/ Kristine Løge. Skjemaet dekkjer: * språkutvikling * sosial og emosjonell utvikling * leikeutvikling * trivsel * kvardagsaktivitetar * sansemotorisk utvikling

SOSIAL KOMPETANSE Oppdragelse, leik og læring i småbarnsalderen formar barna sine haldningar og motiverer for læring seinare i livet. Vi skal ha som mål at barnehagen vår tilbyr alle barn eit rikt og variert læringsmiljø. Vi legg vekt på at personalet skal møte barna på ein måte som formidlar respekt og tillit. Kvart barn er unikt. Omsorg og tryggleik er grunnlag for utvikling. Gjennom nærleik og tid kan vi sjå og støtte det enkelte barnet på eigne premisser. Ut frå barna sine ulike føresetnader vil vi gje meiningsfylte opplevingar og aktivitetar i trygge og utfordrande omgjevnadar. Vi ynskjer at barna i løpet av tida i barnehagen skal lære å bli sosiale og tålmodige menneske med evne til å syne omsorg for andre, og å ha medkjensle for andre barn og vaksne. På planleggingsdagen i september var vi på kurs med Kari Lamer: Voksenrolla, verdiformidling og barns sosiale kompetanse. Dette er tema som er gjennomgåande og viktige i barnehagekvardagen. Vi vil i tida som kjem gjere oss kjent med og ta i bruk Kari Lamer sine arbeidsmetoder. Desse gjev oss gode reiskap til å reflektere over og arbeide med verdiar og sosial kompetanse. SAMARBEID Barnehagen har samarbeid med: helsestasjonen PPT (pedagogisk-psykologisk-teneste) barnevernstenesta

Desse tenestene gjev råd og rettleiing, og hjelper til med å legge tilrette for opplegg ved særskilte behov. Alt slikt samarbeid og tilrettelegging skjer i nært samarbeid med foreldra. Helsestasjonen ynskjer òg eit samarbeid med barnehagen i samband med dei ulike kontrollane barna blir kalla inn til i førskulealder. Helsesyster informerer om dette på foreldremøte i haust. Samarbeid barnehage- skule: Rammeplanen pliktar barnehagen til å lage ein plan for overgang barnehage- skule. (Planen vedrørande overgang barnehage/skule for Nissedal kommune ligg ved) Denne planen inneheld ulike aktivitetar som skal vere med på å gjere overgangen så trygg som mogleg. I barnehagen vil vi arbeide for at dei eldste barna får oppgåver og utfordringar som kan vere med på å gjere barna klare for å ta til på skulen. Det blir utarbeidd eigen plan for femårsgruppa. Vi har gjennom 5-årsklubben pedagogisk opplegg for dei største barna. Der skal dei lære seg å ta ansvar og kunne samarbeide med kvarandre. Aktivitetane skal vera tilpassa alder og sjølvstende. Barnehagane vil samarbeide for at ungane skal bli kjende med kvarandre på tvers av barnehagane. Vi vil gå på fleire turar saman og gje barna felles opplevingar gjennom heile barnehageåret. Målet er at ungane skal bli trygge på og godt kjende med kvarandre før dei tek til på skulen.. FAGOMRÅDA Rammeplanen inneheld 7 fagområde: kommunikasjon, språk og tekst kropp, rørsle og helse kunst, kultur og kreativitet natur, miljø og teknikk etikk, religion og filosofi nærmiljø og samfunn tal, rom og form Kvart fagområde dekker eit vidt læringsfelt, og fagområda opptrer sjeldan isolert. Fleire fagområde er ofte representert samstundes i eit temaopplegg og i samband med kvardagsaktivitetar og turar i nærmiljøet. I sosialt samspel i leik og kvardagsaktivitetar skjer det ofte ei spontan kommunikasjon knytt til fagområda. At barn får rike fellesopplevingar og del i kunnskapar på mange område, er og ein føresetnad for at det skal bli god leik og eit godt samspel mellom barna. Arbeidet med fagområda må tilpassast barnet sin alder, interesser, barnegruppa si samansetting og andre føresetnader.

I vår barnehage vil vi arbeide mot fylgjande mål innanfor dei ulike fagområda: Målsetting for 1-2 åringane: KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST - skal snakkast mykje med. - ha gjensidig kommunikasjon mellom vaksne og barn - få respons på babling - sjå i bøker, synge songar og lese regler - høyre eventyr KROPP, RØRSLE OG HELSE - lære grunnleggjande rørsler som krype, gå, springe og klatre - gå på små turar - få oppleve gleda med musikk og rørsle KUNST, KULTUR OG KREATIVITET - få erfaring med musikk, song og dramatisering - teikne og måle - få erfaring med ulike materiell NATUR, MILJØ OG TEKNIKK - sjå seg om i naturen - lære litt om ulike dyr ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI - syne omsorg for kvarandre - bli kjent med sine eigne kjensler: glad, redd, lei, sint og trist - utvikle toleranse og interesse for kvarandre - bli kjent med juleevangeliet NÆRMILJØ OG SAMFUNN - bli kjent med miljøet rundt barnehagen - snakke om familiane TAL, ROM OG FORM - synge songar med rørsle - bli kjent med rommet ute og inne - leike mykje med duplo - lære litt om tala til 3

Målsetting for 2-3 åringane: KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST - gjennom drama lære mange nye songar, - spele innhaldet i dei. - beherske 2-3 ords setningar, greie å gjera seg forstått i kvardagen - lese bøker, lære songar, rim og regler - ta verbal kontakt med barn og vaksne KROPP, RØRSLE OG HELSE - gjennom gym, fysisk aktivitet og turar i ulikt terreng lære seg å hoppe, rulle og balansere - gjennom måltid lære at den maten vi et er viktig for helsa vår KUNST, KULTUR OG KREATIVITET - oppleve song og musikk - måle, teikne, klippe og lime - besøke biblioteket NATUR, MILJØ OG TEKNIKK - fylgje årstida i tema - vere mykje ute i naturen - lære at vi ikkje kaster frå oss søppel når vi er ute - sortere søppel ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI - gjennom samspel med andre barn og vaksne lære korleis vi får venner - korleis vi er mot kvarandre - vente på tur - dele med kvarandre - gjennom feiring av høgtider bli kjent med jule- og påskebodskapen NÆRMILJØ OG SAMFUNN - gjennom turar rundt barnehagen bli kjent med nærmiljøet vårt TAL, ROM OG FORM - delta i enkle telleregler/- songar - spele puslespel - møte teljing og tal i kvardagen - gjennom dagsrytma få erfaring med byrjing og slutt

Målsettingane for 3-4 åringane: KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST - lære seg å snakke i fullstendige setningar med subjekt, verb, objekt, pronomen og preposisjonar - få erfaringar med ulike bøker - lære seg å vente på tur - lære seg 4-5 fargenamn KROPP, RØRSLE OG HELSE - oppleve ulikt terreng i naturen - få erfaring med ulike rørsleøvingar som balansering, ballkasting (stor og liten) rulling og klatring - utvikle eit godt, variert og sunt kosthald - lære seg at vi har ulike klede til ulikt vær KUNST, KULTUR OG KREATIVITET - arbeide med ulike material - få oppleve konserter og skodespel saman med barnehagen - høre musikk av ulike sjanger og bli kjent med ulike instrument NATUR, MILJØ OG TEKNIKK - lære om miljøet og korleis vi må opptre for å bevare det - få erfaring med at det finnes ulike årstider og at naturen forandrar seg med dei ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI - lære om dei ulike høgtidene og kvifor vi feirar dei - lære ulike historier som til dømes juleevangeliet og påskebodskapen - lære om barn i andre land og korleis deira situasjon er - lære om sine eigne kjensler og lære å gjenkjenne andre sine - undre seg saman i kvardagen NÆRMILJØ OG SAMFUNN - lære om kor dei bur og at kommunen har fleire grender - bli kjent med nærområde - lære om og delta aktivt i medverknad TAL, ROM OG FORM - gjennom samlingsstunda få erfaring med teljing og stor/ liten ( adjektiv) - spele spel med terning - delta i byggje- og formingsaktivitetar - kategorisere tallerkenar, bestikk, matavfall og koppar når vi dekker bordet - kategorisere leikene i rett kasse under opprydding - telle dagar og barn når vi har samling

Målsetting for 5 åringane: KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST - prioritere høgtlesing kvar dag - lære rim og regler - ha 5-årsklubb ein gong i veka - eksperimentere med bokstaver og tal - lære tekst og rytme KROPP, RØRSLE OG HELSE - ein fast turdag i veka - 5 toppturar i løpet av året - kunnskap om sunt kosthald - oppleve å meistre ulike fysiske aktivitetar KUNST, KULTUR OG KREATIVITET - ha utstyr tilgjengeleg for å vekke barna sin interesse for formingsaktivitetar - besøke Fleirbrukshuset ved teater og konsertar - vi får besøk av rikskonsertane - ulike kunstnarar og dramatisering NATUR, MILJØ OG TEKNIKK - oppleve naturen i ulike årstider - ha samtaler om været - vi byggjer på barnet sin nysgjerrigheit til naturen og undrar oss saman - sortere søppel - vi får kjennskap til ulike fuglar og dyr - lærer oss namn på ulike planter og tre ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI - jobbe med Du og jeg og vi to der målet er å fremme barnet si sosiale kompetanse - vise omsorg for kvarandre - dele og vente på tur - feire dei kristne høgtidene - besøke kyrkja - presten besøker barnehagen før jul og påske og fortel om jule- og påskebodskapen - få kjennskap til andre land NÆRMILJØ OG SAMFUNN - gå turar i nærmiljøet, og lærer oss stadnamn - på toppturane ser vi bygda/ kommunen - bygda før og nå TAL, ROM OG FORM - spele spel med terning og vente på tur - lære telleregler utenat - lære begrep som liten - mellomstor - stor - kunne 4 matematiske former som sirkel, trekant, firkant og rektangel

ÅRSHJUL FOR BARNEHAGANE Årshjulet tek utgangspunkt i Rammeplanen og fylgjer i stor grad årstider og høgtider. Satsingsområde dette barnehageåret er Kosthald og helse. Vi er med i Fiskesprell, eit prosjekt organisert innanfor fokehelsearbeidet. Målet med fiskesprell er å øke kunnskapene om sjømatens ernæringsmessige fordeler og gi de unge gode smakserfaringer Vi er i tillegg ein Mer-barnehage, noko som forpliktar oss til å bruke meir frukt og grønt i det daglege kosthaldet. Kvar avdeling skal utarbeide detaljerte månadsplanar/periodeplanar tilpassa si barnegruppe og med utgangspunkt i satsingsområdet Kosthald og helse. August/ September Juli Sommaraktivitetar Ferieavikling Vi er trygge Vi er sterke Vi er saman Okt/Nov. Kroppen - fysisk aktivitet - mat, drikke, frukt og grønt - klede Mai/Juni Turglede Følelsar KOSTHALD OG HELSE Desember Jol Joletradisjonar Mars/April Vår Sansane Påske Januar/Feb, Vinteraktivitetar Bevegelsesleikar og dans

PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING I fylgje Rammeplanen skal barnehagen si pedagogiske verksemd planleggjast, dokumenterast og vurderast. Gjennomføringa av planane må vere så fleksible at det gjev rom for spontanitet og for barn sin medverknad. Årsplan og månadsplanar er ein viktig del av planlegginga i barnehagen. Planane skal byggje på kunnskap om barn si utvikling, læring individuelt og i gruppe. Langtidsplanlegging må til for å sikre progresjon og samanheng i barn si læring. Dokumentasjon: I barnehagen har vi ulike metodar for å dokumentere det arbeidet vi gjer. Rammeplanen seier dette om dokumentasjon: Dokumentasjon frå barnehagen kan gi foreldra, lokalmiljøet og kommunen som barnehagestyresmakt informasjon om kva barn opplever, lærer og gjer i barnehagen. Den beste dokumentasjonen barnehagen kan gje er glade og fornøgde barn, - i aktivitet og leik med andre, - i eit trygt miljø fylt med utfordringar. I tillegg til dette dokumenterer vi m.a. gjennom: Foto. Vi tek bilete av barna i leik og aktivitet. Barna sine arbeid vert stilt ut, slik at foreldre/føresette kan sjå Vurdering: Vurdering er ein viktig del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Vurdere er å beskrive, analysere og tolke ein innsats og kva for verknad den har. Slike prosessar skjer gjennom heile året, og vidare arbeid byggjer på denne vurderinga. Ei slik vurdering er til støtte for personalet i planleggingsprosessen i barnehagen, og er med på å sikre at utviklinga i barnehagen skjer på ein bevisst måte. Dette er kva vi vurderer i barnehagen: Skriftlege planar, som årsplan, månadsplan Planar for barnegruppa/ enkeltbarn Barna sin trivsel og utvikling Spesialpedagogiske tiltak Vår pedagogiske praksis (på kva måte vi organiserer og utøvar innhaldet i barnehagen) TRAS og Alle med reiskap. Vi ynskjer å involvere foreldre/føresette i vurderingsarbeidet. Dette gjer vi gjennom foreldremøte, foreldresamtalar og gjennom den daglege kontakten i barnehagen. Årsplanen er barnehagen sin viktigaste dokumentasjon og gjev foreldra grunnlag for evaluering og vurdering. Har barnehagen nådd måla? Oppfyller barnehagen forventingane? Vurderings- og evalueringsarbeidet som blir gjort, både av foreldra og personalet, er viktig i kvalitetsutviklinga av barnehagen.