Kontroll, personvern og autonomi



Like dokumenter
Tilgangskontroll i arbeidslivet

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Presentasjon av Fafo-rapport på Fafoseminaret «Sjefen ser deg» Kontroll med ansatte utenfor fast arbeidssted. Mona Bråten, Fafo 15.

Tabeller og diagrammer

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Med god informasjon i bagasjen

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Lønnsundersøkinga for 2014

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

Team Hareid Trygg Heime

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

TRE S S. på arbeidsplassen. Gjer noko med det!

11 Eg i arbeidslivet

Psykologisk førstehjelp i skulen

Fjell kommune- arbeidstakarorganisasjonar Samarbeid, medverknad og medråderett. derett Kristin Nævdal Hodneland, Personalrådgjevar

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I HJELMELAND KOMMUNE (KSAK 039/17)

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Forsand kommune Personalkontoret

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet

Organisering av kyrkja.

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Til deg som bur i fosterheim år

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Kvalitetsplan mot mobbing

IKT-kompetanse for øvingsskular

Arbeidstidsordning i nye Volda

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Arbeidsbok (mal for eigenprodusert HMS-dokumentasjon)


Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Konflikthandtering og arbeid med personalsaker

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Farleg avfall i Nordhordland

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging 26. november 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Arbeidsreglement Sund kommune

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Oppfølging av sjukmelde

Transkript:

Kontroll, personvern og autonomi Av Øyvind Rongevær Nye teknologiar er ofte med å letta produksjonsprosessar og bidra til betre arbeidsmiljø. Men berre om arbeidstakarane opplever at det gjer arbeidet meir meiningsfullt. Ny teknologi for kontroll og overvaking er lett tilgjengeleg, han er billeg, og han vert nytta. Mange arbeidstakarar er skeptiske til bruken. Teknologiane utfordrar både personvernet til einskildpersonar og arbeidsmiljøet. Fagrørsla melder uro. Personvernkommisjonen FAFO sin rapport om HMS-tilstanden 2007 1 gav dei første meldingane om at desse utfordringane er større enn mange har vore klår over. Personvernkommisjonen 2 la i 2009 fram sin rapport. Der seier dei at nye teknologiar gjev auka moglegheit for overvaking, og at vi vil få et kvalitativt anna samfunn dersom vi alltid skal nytta teknologi som er tilgjengeleg. Auka moglegheit for elektronisk overvaking vil venteleg påverka haldningar. Både hos arbeidsgjevar og arbeidstakar. Personvernkommisjonen var tydeleg om at det etter norsk og internasjonal rett ikkje er tvil om at tilsette har krav på vern av personlige sfære, og at dette også gjeld på arbeidsplassen. Kommisjonen argumenterte for ein prinsipiell debatt omkring bruk av overvakingsteknologi i arbeidslivet. Samstundes etterlyste dei konkret kunnskap om korleis det står til med personvernet på norske arbeidsplassar. Dei peika spesielt på at det er lite systematisk kunnskap om korleis dei nye teknologiane påverkar personvernet til arbeidstakarane. Ny forsking Mona Bråten ved forskingsstiftinga skreiv rapportane "Personvern under press hvor går grensene i arbeidslivet" i 2008. Dette er ein presentasjon av gjeldande reglar og ordningar i arbeidslivet. Her viser Bråten at det er ei rekkje utfordringar for personvernet som følgje av den teknologiske utviklinga. Det er no mogeleg å kontrollera og overvaka arbeidstakarar på nye måtar. Samstundes spør ho om gjeldande reglar er eigna til å gje det vernet for einskildpersonar som er naudsynt. Bråten meiner at det er all grunn til å sjå nærmare på desse problemstillingane, og følgjer opp med forskingsrapporten "Kontroll og overvåking i arbeidslivet" i 2010. Denne rapporten byggjer på ei stor 1 Bråten mfl. 2008 2 NOU (2009:1). 1

vevsbasert spørjeundersøking av 6022 arbeidstakarar. Hovudspørsmåla i denne undersøkinga er knytte til haldningar til nye teknologiar, personvern og til kor vanleg det er at arbeidstakarar vert overvaka og kontrollerte av arbeidsgjevar. Det vert også spurt om det er tillit til at opplysingane ikkje vert brukt feil/misbrukt, og om det kan ha konsekvensar for arbeidsmiljøet. Positive og negative. Her kjem det fram at eit stort fleirtal av arbeidstakarane ikkje har tenkt så nøye gjennom spørsmåla, men og at mange opplever at nye teknologiar kan bidra til å auka tryggleiken for dei arbeidstakarane som har nær publikumskontakt. Samstundes er det eit stort mindretal som opplever at nye metodar for kontroll og overvaking vert opplevd som krenkande. Eit anna og viktig funn i denne rapporten, er at mange ikkje veit korleis dei vert kontrollerte og overvaka, og slik ikkje er "informert samtykkande" til ordningane. Noko som er eit krav i lovgjevinga. LO meinte at desse rapportane gav klare utfordringar: - behov for å sjå nærmare på kva teknologiar som vert nytta, - kva drivkrefter som styrer utviklinga og - lover og avtalar som regulerer bruken av teknologiar som kan nyttast til kontroll og overvaking. LO bad, saman med fire forbund, derfor om fleire utgreiingar om ulike problemstillingar i feltet. Senter for rettsinformatikk ved Universitetet i Oslo (SERI) og forskingsstiftinga Fafo vart engasjert til eit samarbeid for å sjå nærmare på kva denne nye teknologien er. Kvar han vert nytta. Korleis han vert nytta, og kva godt det fører med seg. SERI er blant dei fremste kompetansemiljøa for kunnskap om personvern i Norge, og Fafo er blant dei leiande kompetansemiljøa på arbeidsliv og arbeidsmiljø. Flåtestyringsprosjektet Professor Dag Wiese Schartum og forskaren Tommy Tranvik frå SERI samarbeidde med Mona Bråten frå Fafo om forskingsprosjektet Flåtestyring og kontroll med ansatte utenfor fast arbeidsted. Prosjektet leverte tre rapportar: - Kontroll med ansatte utenfor fast arbeidssted 3, - Ansattes erfaringer med feltteknologi. Det gjennomsiktige arbeidslivet.erfaringer med feltteknologi i utvalgte yrker og 4 og - Rettslige aspekter ved feltteknologi i arbeidslivet. 5 Rapportane har ulike faglege vinklingar og metodar; arbeidsmiljøperspektivet som byggjer på ei stor spørjeundersøking og sosiologisk tenking 6, teknologi som granskar dei ulike teknologien 7 og 3 Bråten og Tranvik 2012 4 Tranvik 2013 5 Schartum 2013 6 Bråten og Tranvik 2012 7 Tranvik 2013 2

intervjuar teknologileverandørar og tillitsvalde i 50 ulike verksemder og den siste som drøftar funna i dei to første rapportane i eit juridisk perspektiv 8. Prosjektet vart avgrensa til å sjå på sju ulike bransjar: Elektroyrka (energiforsyning og elektroinstallasjon), tryggingsbransjen (vektarar), reinhaldsbransjen, kommunal heimehjelpsteneste, kollektivtransport (buss og trikk), varetransport og vegdrift. I rapportane viser forskarane at den teknologiske utviklinga går så raskt at få klarer å følgja med, og at personvernet og behovet for arbeidsautonomi er det første som ryk i kampen om å auka effektiviteten. Korleis skal vi sikra at desse teknologiane kan nyttast på måtar som kan gje effektivisering, kvalitetssikring, tryggleik og samstundes sikra at arbeidstakarane får godt og utviklande arbeidsmiljø? Saman har dei granska korleis arbeidsdagen vert endra for mange når ein tek i bruk ny informasjonsteknologi. Dei fann at denne teknologien ikkje berre er til det gode. Vi har fått forskingsrapportar som syner at det er problem med eit fragmentert og til dels uoversiktlig regelverk på området. Etablerte reglar og praksisar vert sette til side. Nye teknologiar gjer at ein kan følgja med på kva ein arbeidstakar gjer, og kvar han er, sjølv om arbeidsstaden er utanom vanlege arbeidslokale. Elektroniske køyrebøker, flåtestyring (fjerndirigering av mobile einingar) og GPS-sporing, digitale fartsskrivarar, handhaldne datamaskinar (PDA), smarttelefonar, elektronisk tilgangskontroll, elektronisk tidsregistrering, kameraovervaking og ulike loggføringssystem. Dette er tekniske løysingar som kan registrera opplysingar om tilsette. Dei vert nytta i mange bransjar og verksemder. Dei er alle døme på kontrollteknologi. Autonomi i arbeidet Nye kommunikasjonsteknologiar kan bidra til meir effektiv produksjon, oppleving av tryggleik og dokumentasjon på løyste oppgåver. Men kan også bidra til stress og vantrivnad. Rapportane gjev grunn til uro. Rapportane peikar på tap av autonomi som vesentleg. Dette må forklarast. Bråten og Tranvik meiner at nye teknologiar kan gje positiv fridom i arbeidet. Denne fridomen verkar frigjerande og bidrar til trivnad og tryggleik, ved å både letta og trygga prosessane. På den andre sida er det ein negativ fridom som bidrar til endring av makttilhøve, der arbeidstakarane kan oppleva seg som fjernstyrte, og administrasjonen overtek detaljstyringa av det faglege arbeidet. Det er den negative fridomen som reduserer autonomien og bidrar til vantrivnad og stress. Dei hevdar at legitimitet er eit sentralt element i definisjonen av autonomi. Dersom det ikkje er semje om kva teknologiar som skal nyttast, kan denne mangelen på legitimitet i seg sjølv svekka autonomien. Kontrollerande omgjevnader brukar ofte verkemidlar som trugslar, reglar, tidsfristar evaluering eller konkurranse for å få fram ei bestemt åtferd. Det kan føra til at ein opplever ulike grader av tvang. 8 Schartum 2013 3

Feil bruk av kommunikasjonsteknologiar kan slik påverka arbeidsmiljøet negativt. Det kan bidra til auka stress, mindre eigenstyring av arbeidet (autonomi), og dårleg trivnad for mange arbeidstakarar i ulike bransjar. Kunnskapen om det gode psykososiale arbeidsmiljøet seier at arbeidsautonomi ofte er avgjerande for å oppleva arbeidet ein gjer som viktig. Å ha kontroll over eige liv, kven ein er, og kva ein gjer, ser vi som ein grunnleggjande verdi. Vi snakkar om å vera eit ansvarleg menneske. Eit menneske som kjenner seg fri, og kan gjera sjølvstendige val om korleis arbeidet skal gjerast. Å ha fridom til å velgja når og korleis arbeidet skal gjerast, skil viktig og ikkje fullt så viktig arbeid, og viktig og ikkje fullt så viktig arbeidstakar. Kjerna i maktkampen i arbeidslivet handlar om kven som styrer. Skal arbeidsgjevar ha full tilgong til all informasjon om ein arbeidsprosess, og arbeidstakaren, eller finst det også eit privat rom i arbeidslivet? Alt i Kapitalen skreiv Karl Marx om dette grunnleggjande tilhøvet mellom den som sel, og den som kjøper arbeidskraft. 9 Han snakkar om at kravet til effektiv produksjon og gevinst for kapitaleigaren fører til framandgjering. Arbeidsmiljølova seier i 1 at arbeidstakaren har krav på eit godt og utviklande arbeidsmiljø. 10 Karasek sin modell for krav og kontroll, syner at det er samanhengar mellom arbeidstakaren sin autonomi og stress. 11 Han viser at det er klår samanheng mellom korleis ein arbeidstakar opplever autonomi i jobben sin, og om ein opplever negativt stress som kan gje alvorlege helseplager. Å oppleva at det ein gjer er viktig, handlar ofte om å få bruka seg sjølv. Å bruka evnene sine, kunnskapen sin og å kunna avgjera sjølv korleis oppgåver skal løysast. Slike samanhengar er anerkjente som ein del av forklaringa på stress, utbrenning og muskel- og skjelettsmerter. Autonomi i arbeidet må dokumenterast for at vi skal kunna seia noko om kvaliteten i eit arbeidsmiljø. Organisasjonspsykologen Jan Christophersen seier at arbeidslivet er blitt for kontrollerande. Han viser blant anna til det paradoksale i at fleire og fleire arbeidsprosessar vert kollegastyrte, samstundes som det vert etablert strenge kontroll- og rapportsystem. Han ser dette i kontrast til at motivasjonsforskinga i meir enn eit halvt hundreår har synt at det som motiverer menneske mest, er sjølvstende, meistring og meiningsfylt arbeid. 12 9 Østby, Ann-Cathrin 10 Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. Arbeidsmiljølova. 11 Karasek, R. 1979 12 Christophersen, 2014 4

Fleire reagerer Fascinasjonen over ny teknologi og moglegheitene han gjev, vert berre i liten grad sett under kritisk gransking. Å kunna registrera alt i sanntid vert sett på som framskritt. Men det er mange som spør om kvar alle opplysingane vert lagra, kven som har tilgang til dei eller korleis dei kan brukast. LO sitt tillitsvaldpanel syner at det berre i løpet av to år (2012-2013)er ein auke i bruken av slik teknologi, at fleire tillitsvalde drøftar slik bruk på arbeidsplassen og at fleire tillitsvalde set tydlegare grenser for bruken av han. 13 Å ha full kontroll i ein produksjonsprosess må vera draumen til ein kvar arbeidsgjevar. Då kan ein vera trygg på at alt vert gjort rett til rett tid. Er det ein god draum som no er i ferd med å bli røynd? Nei, seier forskarane. For kan vi snakka om ansvar utan at vi rår over oss sjølve? Kan vi seia at vi både kan vera fjernstyrde og samstundes ha ansvar for resultatet av fjernstyringa? Både bra og ikkje bra Teknologisk utvikling vert ofte sett på som føresetnad for å auka effektivitet. Norsk næringsliv er blant dei mest effektive i verda. 14 Ny informasjonsteknologi kan gje kunnskapar som kan nyttast til å trygga arbeidssituasjonen, til å dokumentera arbeidsprosess, og til å planlegga arbeidsprosessar på gagnlege måtar. Men han kan også nyttast til å få kontroll med kvar tilsette er, og kva dei gjer. Å ta i bruk slik teknologi på arbeidsplassen fører ofte til usemje mellom leiarar som ønskjer meir kontroll, og tilsette som er uroa over å verta overvaka av sjefen. Samstundes er det blitt meir og meir vanleg at det vert laga lokale avtalar som regulerer verksemda si bruk av opplysningar om den einskilde arbeidstakaren. Behov for meir kunnskap Alle rapportane i prosjektet peikar på at det er lite kunnskap om innføring og bruk av feltteknologiar. Men det er store variasjonar mellom bransjar. Arbeidsplassar som har god organisering, høg organisasjonsgrad og sterke klubbar, ser ut til å ha betre og meir kunnskap enn mange andre. Ein viktig årsak til dette er at erfaringar med innføring og bruk blir verande på lokalt nivå og i den enkelte verksemda. Det er derfor lite informasjon på sentralt nivå i arbeidstakarorganisasjonane om kor stort omfanget av feltteknologiar er i ulike deler av arbeidslivet. Det er også lite kunnskap om kva slags teknologiske løysningar som vert nytta, og om kva slags personopplysingar som faktisk blir samla inn - eller som det er mogeleg å samle inn gjennom desse systema. 13 Ødegård, Anne Mette og Rolf Andersen (2014) 14 NOU (2013:3) 5

Lite kontroll med bruk Tommy Tranvik 15 har intervjua informantar i femti verksemder. Han har og intervjua teknologileverandørar. Sjølv om det er klart at arbeidstakarar har krav på godt personvern, også når dei er på jobb, er det lite som tyder på at arbeidsgjevarar har kunnskap om eller interesse for regelverket kring personvern. Ulike system for kontroll og overvakning vert utvikla og tekne i bruk, utan at dei tilsette er tekne nok med i planlegginga og drøftinga om kva som trengst, korleis det skal brukast, eller korleis informasjonen skal handsamast. Tilsette og tillitsvalde meiner at det er lite kontroll med kva opplysingane vert brukt til, og kven som kan nytta dei. I fleire verksemder er ikkje eingong dei tilsette informert om at det er installert satellittsporing i firmabilar eller lastebilar. Eit klårt inntrykk er at brot på arbeidsmiljø- og personvernlovgjevinga er meir regelen enn unnataket i dei verksemdene som er kartlagde. Dokumentasjon og tryggleik Handhaldne dataeiningar kan virka positivt som et verkty for å dokumentera tidspress og ein hektisk arbeidskvardag. Spesielt blir dette peika på i vektar- og reinhaldsbransjane og i kommunale heimehjelpstenester. Å oppleva tryggleik i arbeidssituasjonen er en viktig arbeidsmiljøeffekt av feltteknologi. I spørjeundersøkinga til Bråten og Tranvik svarar over 60 prosent at dette skaper tryggleik i omgang med til dømes kundar, klientar, brukarar og elevar. Tillit til leiinga er viktig. Det vert lagt vekt på kva som kjenneteiknar samarbeidstilhøva mellom leiing og tillitsvalde i verksemda, korleis leiinga brukar systemet og kven i leiinga som har tilgang til opplysingane. For tilsette i heimebaserte tenester har PDA, trass i ei rekkje tekniske utfordringar også bidrege til ein lettare arbeidssituasjon ved at opplysingar om kvar brukar er tilgjengelege i felt. Ulik bruk og grunngjeving Tranvik syner at ulike bransjar og yrke både nyttar teknologiane ulikt, og at det varierer sterkt både korleis dei vert brukt, og korleis dei vert vurdert av brukarane. Rapporten viser at tillitsvalde får ulike grunngjevingar for å innføra flåtestyring og andre former for feltteknologi. Ønskje om auka kontroll med tilsette, økonomiske innsparingar ved meir effektiv drift og kutt i drivstoffutgifter, og krav i samband med anbod, er blant hovudgrunnane for å ta i bruk feltteknologi. Auka merksemd Den såkalla «GPS-saka» og oppseiinga i Avfallsservice AS har fungert som ein vekkjar for det lokale partssamarbeidet kring innføring av feltteknologi. Saka gjev eit viktig bakteppe for tillitsvalde sine 15 Tranvik (2013) 6

vurderingar knytt til innføring og bruk av slik teknologi i verksemdene. Ein stor del av dei som har innført slike teknologiar, har lokale avtalar, men kvaliteten på desse avtalane varierer sterkt, og mange er ikkje eigna for føremålet, slik som Wiese Schartum i sin rapport. Der ser han spesielt på spørsmål knytt til regelverk, systematikk og handhevinga av dei. Han seier at personvernregelverket og regelverket for kontroll og overvaking er vanskeleg tilgjengeleg, og at dei ikkje er godt nok tilpassa arbeidslivet. Han gjev ei rekkje framlegg om korleis regelverket kan verta både meir tilgjengeleg og meir funksjonelt. Blant anna foreslår han å bruka lovgjevinga meir aktivt når det skal lagast lokale avtalar. Det kan betre visa samanhengen mellom lov og avtale. Føresetnaden er at lovgjeving vert meir relevant etter drøfting mellom partane i arbeidslivet og styresmaktene. 16 Tillit og ulike erfaringar Dei fleste arbeidstakarane og tillitsvalde meiner at feltteknologiar kan ha somme positive effektar når det gjelder tidsbruk og produktivitet, men også at det er fleire utfordringer knytt til dette, blant anna auka tidspress og stress. Det er også synt at urett bruk av ulike feltteknologiar kan ha vesentlege konsekvensar for arbeidsmiljø, trivnad og tillit. Det er viktig å merka seg at feltteknologi kan bidra til at tilsette som jobbar i felt, opplever auka kontroll, mindre fleksibilitet og autonomi i arbeidet enn før. Fleire avgjerder som vedkjem arbeidsoppgåvene, er overførte til administrasjonen. Det kan endra maktforholda mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Og ein av dei tillitsvalde i reinhaldsbransjen uttrykte bekymringa si slik: Jeg er ikke begeistret for den tidsregistreringen som foregår. Dette handler jo om overvåking, og det som registreres kan gi et feil inntrykk av den jobben som er gjort. På enkelte dager tar det jo kortere tid å gjøre rent, for eksempel når det er færre ansatte på kontorene enn vanlig. Da kan tidsbruken få folk til å tro at det ikke er gjort en skikkelig jobb ( ) Jeg er også redd for at det blir mer tidspress at registreringen fører til det. At vi må arbeide raskere for å få flere jobber gjort. 17 Flåtestyring (fjernstyring av fleire einingar som i elektromontasje og nærtransport) vert oppfatta som meir personinngripande enn dei andre systema. Det handlar ifølgje Tranvik om at ein opplever overvakinga som meir intens og utfordrande, og utfordrar arbeidstakaren sin autonomi og sjølstende på ein meir grunnleggjande måte enn med til dømes elektroniske køyrebøker. Han seier at psykososiale problem handlar om opplevde belastningar, særlig i høve til kundar, eller i høve til arbeidet. Dette vert ofte påverka av dei organisatoriske tilhøva, som feltteknologien er ein del av. Ved å oppleva å verta fråteken moglegheiter til å gjera sjølvstendige faglige vurderingar, kan ein oppleva degradering og mistillit frå arbeidsgjevar. Ein av dei tillitsvalde for elektromontørane sa det slik: 16 Schartum (2013) s 127 og 129 17 Tranvik 2013, Intervju med tillitsvald 26.09.12. 7

Når montørene får tid til å gjøre en skikkelig jobb så kan de spare kundene for mye penger. Men bedriften er ikke opptatt av dette. Her gjelder det å få mest mulig penger ut av kundene hva kan kundene akseptere av regninger? ( ) Fagmiljøet klapper sammen når det blir så stort press på kostnader og det bare handler om hvor mye du kan fakturere. Fagbrevet avvikles! 18 Partane og styresmaktene må spela på lag LO har ved fleire høve sagt at det er behov for å sjå nærare på personvernregelverket for arbeidslivet på ein heilskapleg måte. Det må og ettergåast korleis arbeidslivet tek ansvar for tilsette sine behov og rettar ved innføring av nye system. LO argumenterer blant anna for at det er behov for ei offentleg utgreiing. Det er ikkje teke imot med særleg stor entusiasme. Partane i arbeidslivet må spela ei aktiv rolle for å få til eit regelverk som fungerer slik det er meint. Lov og avtale må spela betre saman. Det er også grunn til å sjå nærmare på om desse teknologiane alltid held det det lovar, og bidrar til betre produktivitet. Dersom det er slik at teknologiane i seg sjølv produserer redusert kvalitet i arbeidet, stress, redusert autonomi og trivnad, kan det også tenkjast at dei faktisk bidrar til redusert produktivitet. Det er store utfordringar med å gjera regelverket kjent, og korleis det skal handhevast. Det er spesielt viktig at dei tilsette og tillitsvalde er med i prosessane heilt frå starten, og at det er semje lokalt om det skal innførast slik teknologi, og korleis rammene for det skal vera. Referansar Bråten, M., R.K. Andersen og J. Svalund (2008). HMS-tilstanden i Norge 2007. Oslo. Fafo-rapport 2008:20 Bråten, Mona (2008). Personvern under press hvor går grensene i arbeidslivet? Oslo. Fafo-rapport 2008: 34 Bråten, Mona (2010). Kontroll og overvåking i arbeidslivet. Oslo. Fafo-rapport 2010:46 Bråten, Mona og Tommy Tranvik (2012). Kontroll med ansatte utenfor fast arbeidssted. Ansattes erfaringer med feltteknologi. Oslo. Fafo-rapport 2012: 50 Christophersen, Jan (2014). http://psykologisk.no/2014/02/arbeidslivet-er-for-kontrollerende/ Karasek, R. (1979). Job demands, job decision latitude, and mental strain: Implications for job redesign. Administrative Science Quarterly 24:285-307 NOU (2009:1). Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet. (Personvernkommisjonen) Oslo. Fornyings- og administrasjonsdepartementet NOU (2013:13). Lønnsdannelsen og utfordringer for norsk økonomi (Holdenutvalget III). Oslo.Finansdepartementet 18 Tranvik 2013. Intervju med tillitsvald 19.01.12. 8

Schartum, Dag Wiese (2013). Rettslige aspekter ved feltteknologi i arbeidslivet. Senter for rettsinformatikk, UiO, 2013 Oslo Tranvik, Tommy (2013). Det gjennomsiktige arbeidslivet. Erfaringer med feltteknologi i utvalgte yrker. Senter for rettsinformatikk, UiO, Oslo Ødegård, Anne Mette og Rolf Andersen (2014). LOs tillitsvalgtpanel, høst 2013. Fafo-notat 2014:04 Østby, Ann-Cathrin (2012). Jobbautonomi og kjønn, En kvantitativ studie av norske arbeidstakeres jobbautonomi. Masteroppave våren 2012, Universitetet i Bergen 9