RULLERING AV PLAN FOR PLEIE- OG OMSORGSTENESTENE



Like dokumenter
Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Framtidige behov for hjelpemiddel

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Strategiplan for Apoteka Vest HF

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Nye krav til digital kompetanse i helse- og omsorgssektoren Fokus: Samhandlingsreformen. Sesjonsleiar

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

1. Mål med samhandlingsreforma

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Vegen fram til ØH-sengerplanar

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Saksnr Utval Møtedato

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

STYRINGSDOKUMENT FOR FRAMTIDAS OMSORGSTENESTER ÅR Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Utval for helse-, oppvekst- og 045/

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Sogn lokalmedisinske senter

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Referat frå folkemøta:

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

«Nordhordland kommune»

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Handlingsprogram og økonomiplan

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Någå om Vågå! -ei førebels KOSTRA-analyse for 2012, pr mars -13

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

KOSTRA og nøkkeltall 2016 Vågå Kommune

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Bustadområde i sentrum. Vurdering

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Forslag til forskrift

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2014/2206 Løpenr.: 12633/2014

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Forsand kommune Personalkontoret

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Team Hareid Trygg Heime

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

Samhandlingskonferanse 17. januar 2011

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

Samhandlingsreformen

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Helse- og omsorgssektoren

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Transkript:

STRANDA KOMMUNE RULLERING AV PLAN FOR PLEIE- OG OMSORGSTENESTENE 2010-2013 HELLESYLT GEIRANGER LIABYGDA Godkjent i kommunestyret 16.02.11, sak 014/11 1

INNHALD 1.0 INNLEIING..3 2.0 OMFANG OG AVGRENSING...4 3.0 OPPSUMMERING OG KONKLUSJON 6 4.0 HISTORISK UTVIKLING..7 4.1 Utvikling av Pleie og omsorgstenestene..7 5.TENESTEKJEDA 11 5.1 LEON- prinsippet.. 11 5.2.Nøkkeltall frå KOSTRA.12 6.0 UTFORDRINGAR I PLEIE- OG OMSORGSTENESTA 14 6.1 Befolkningsutvikling...15 6.2 Demens.. 16 6.3 Rekruttering 17 6.4 Behalde ønska kompetanse 18 6.5 Organisering av Pleie og Omsorgstenestene.. 20 6.6 1 OG 2. Linjetenesta Kommunehelsetenesta og Spesialisthelsetenesta 27 6.7 Samhandlingsreforma.28 7.0. FØREBYGGANDE ARBEID..29 7.1 Helsefremmande og førebyggande arbeid.29 7.2 Frivillig innsats og Frivilligsentralen.30 7.3 Tryggleiksalarm.32 7.4 Matombering..33 7.5 Oppsøkande verksemd (blant eldre)..33 8.0 HEIMBASERTE TENESTER..36 8.1 Heimesjukepleie.36 8.2 Heimehjelp / praktisk bistand og opplæring.. 36 8.3 Utviklingshemma 40 8.4 Psykiatri..42 8.5 Brukarstyrt personlig assistent (BPA) 45 8.6 Omsorgsløn...45 8.7 Avlastning...46 8.8 Støttekontakt...47 9. REHABILITERING.48 9.1. Rehabiliteringstilbod Barn og unge...48 9.2 Rehabilitering institusjon 49 10.0 BUFORMER...51 10.1 Bustadar 51 11.0 LEGETENESTA.54 11.1 Legetenester i sjukeheim.54 12 ORDLISTE.56 2

1.0 INNLEIING Kommunen har ansvaret for å planlegge, utforme og organisere tenester til alle innbyggarar med behov for Pleie- og omsorgstenester. Denne planen omhandlar innbyggarane sine behov for pleie- og omsorgstenester, og korleis kommunens tenester er lagt opp på kort og lang sikt. Planen skal sette kommunen i stand til å møte veksten i pleie- og omsorgssektoren, sett i lys av befolkningsutvikling og den øvrige samfunnsutviklinga. Tenestetilbodet skal være fagleg forsvarleg og mest mogleg likeverdig uavhengig av bustad, alder og diagnose. Eit viktig prinsipp i Stranda kommune sin tenesteprofil er å legge til rette tilbodet med mest mogleg grad av eigenhjelp og moglegheit til å kunne bu i eigen bustad så lenge det er mogleg. Stranda kommune er i gang med å bygge opp sitt pleie- og omsorgstilbod slik at førebygging pregar tenestetilbodet i størst mogleg grad.tenestekjeda er lagt opp slik at den gir ulike alternativ, avhengig av korleis behov den einskilde har. Brukarane skal takast med på råd i tenesteutforminga, slik at deltakinga og medbestemming rundt eigen kvardag blir sikra. Ei oppbygging av differensierte tenestetilbod står derfor sentralt og er heilt naudsynt for å kunne yte rett tenester på rett nivå. Tenestetilbodet i Stranda kommune er i dag basert på heimebaserte tenester, og opphald i institusjon. Arbeidet med å utvikle gode tenester til utviklingshemma og styrke psykiatritenesta er godt i gang. Eit tilbod mellom eigen bustad og institusjon er i mindre grad utbygt. Ei utbygging av Pleie- og omsorgstenestene med ein kombinasjon av omfordeling av eksisterande ressursar og oppretting av nye tenester vil gjere det mogleg for mange å bli buande heime lenger. Ei styrking av rehabilitering, differensierte sjukeheimsplassar og dag - tilbod /frivillige aktivitetar vil gjere dette mogleg. Det er sjølvsagt ingen tvil om at vi vil møte behov for heildøgns omsorgstilbod, også i framtida. Tenesteapparatet blir stilt overfor fleire samansette problemstillingar enn tidligare og enkelte innbyggara har så stort behov for pleie og omsorg at dette må sikrast ved heildøgns tilbod. Med bakgrunn i framtidas utfordringar innan Pleie- og omsorgssektoren, blir det viktig framover å forsterke dei tenestene som kan tilretteleggast i heimen. Dette fordi det er sannsynleg å tru at høg individuell kvalitet lettast kan oppnåast i eigen bustad, samtidig som det kan tilfredsstille behovet for effektiv tenesteproduksjon. Ein stadig aukande etterspurnad etter pleie- og omsorgstenester kombinert med at lovverket blir skjerpa, gjer at kommunen må ha langsiktige strategiar for å kunne møte desse utfordringane. Innbyggjarane skal møte eit tenesteapparat som informerar klart kva rettar og plikter innbyggjarane har, og tenestebeskrivinga skal angi innhald og nivå på tenestene. Ein effektiv og førebyggjande tenestekjede vil vere svaret for å kunne vere i stand til å oppretthalde dagens kvalitet. 3

2.0 OMFANG OG AVGRENSING Pleie- og omsorgsplanen inngår som ein delplan i kommuneplanen, og skal følgje same tidsperiode. Pleie- og omsorgsplanen skal rullerast årleg i følgje budsjettbehandlinga i kommunestyret. Pleie- og omsorgsplanen skal omhandle heile pleie- og omsorgstilbodet til kommunen sine innbyggjara, uavhengig av alder, diagnose eller bustad. Dette betyr at planen femnar alle brukargrupper; funksjonshemma, psykiatri, eldre og andre med behov for tenester. Planen skal seie noko om dagens og morgondagens tenestetilbod ut frå grunnleggande prinsipp om førebygging, brukarmedverknad og tilpassa tenestetilbod i høve LEON-prinsippet. Den kommunale pleie- og omsorgstenesta er eit verksemdsområde som omfattar: Praktisk hjelp og opplæring Omsorgsløn Avlastningstiltak Støttekontakt Plass i sjukeheim, rehabilitering, bustad eller annen form med heildøgns omsorgstenester (institusjon) Heimesjukepleie Dette er tenester kommunen er pliktig til å tilby i følgje sosialtenestelova og kommunehelsetenestelova. Med heimel i begge lovene har dette verksemdsområdet også ein eigen kvalitetsforskrift. Avgjersle om tildeling av ovanfor nemnte tenester skal regnast. som enkeltvedtak etter forvaltningslova sine reglar. Kommunen har også andre ikkje lovfesta tenester som for eksempel dagtilbod, arbeidstilbod, tryggleiksalarm og matombering. Dei ikkje lovpålagde tenestene blir omhandla i planen og er innført som eit supplement til lovbestemte tenester fordi dei har stor førebyggjande effekt. Planen tek for seg fleire punkt, kapittel som ligg noko utanfor vedtaket KOM- 014/08, men for å få ein heilskap på planen er det naturleg å ta det med kapittel om førebygging, Ikt, samhandlingsreforma og samarbeid mellom første og andrelinetenesta. Planen tek utgangspunkt i tidligare politiske vedtak om organisering og utbygging av tenestetilbodet innan pleie og omsorg. I KOM-014/08 vart gjort slikt samrøystes vedtak: Stranda kommune startar arbeid med evaluering av pleie- og omsorgstenestene. 1. Det vert sett ned ei plannemnd på 10 medlemmar, der formannskapet oppnemner to, HOK oppnemnar to, rådmannen oppnemnar to, fagforbundet og sjukepleiarforbundet ein kvar. Pårørandegruppa ved Stranda omsorgssenter og Sunnylven omsorgssenter eit medlem. 2. Rådmannen oppnemnar eit administrativt arbeidsutval på fire, inklusiv assisterande rådmann som vert sekretær for plangruppe og arbeidsutvalet 3. Mandat for arbeidet: Vurdere status og eventuelt behov for endringar når det gjeld tal sjukeheimsplassar og omsorgsbustader for eldre og funksjonshemma Vurdere bemanninga i sjukeheimane og heimetenestene (inkludert omsorgsbustader), under dette også sjå på problemstillingar kring heil- og deltidsstillingar Vurdere kompetanse/kompetansebehov i pleie- og omsorgstenestene 4. Planarbeidet vert organisert som ein temaplan med handsaming i plannemnd, Hovudutvalet for helse, oppvekst og kultur og Kommunestyret 4

Plannemnd Namn: Anne Berit Tryggestad Arild Ringdal Jostein Hole Torill Ansnes Bjørg Helsem Anne Grethe Hjelmeland H Siw Vangen Evy Eklund Elsa Hagebakk John Arne Langeland Oppnemnd av: Hovutvalet for helse, oppvekst og kultur Hovutvalet for helse, oppvekst og kultur Formannskapet Formannskapet Stranda distrikt Sunnylven distrikt Fagforbundet Sjukepleiarforbundet Pårørande Stranda omsorgssenter Pårørande Sunnylven omsorgssenter Arbeidsutval Arbeider: Liv Skarbø Gjerde Stranda omsorgssenter Astrid Ringdal Sunnylven omsorgssenter Helene Rimstad Sosialtenesta Kjartan Lied, sekretær plannemnd og arbeidsutval Rådmannen Anne Berit Tryggestad tiltredde AU etter vedtak i Plannemnda 02.12.09. 5

3.0 OPPSUMMERING OG KONKLUSJON Stranda kommune har i dag eit godt tenestetilbod til sine innbyggara, og kommunen har på fleire områder planlagde og etablerte tenester i tråd med nasjonale føringar og framtidige behov. Kommunen tilbyr ei rekke førebyggande tenester som ikkje er lovpålagt, disse har stor verdi for den einskilde og for tenestekjeda sin heilskap. Likevel ser vi at ved å legge meir til rette og forsterke utbygging av eit differensiert tenestetilbod, vil kommunen totalt sett kunne utnytte sine ressursar på ein enda betre måte. Det er særlig innanfor eldreomsorga, funksjonshemma og psykiatri at vi ser moglegheiter for betre totalløysning ved hjelp av ein omdisponering av eksisterande tilbod og auka satsing på lav-terskel tilbod. Med ei framtidig ønska situasjon har vi vektlagt større einingar for butilbod for funksjonshemma og psykiatri For å få til ei slik utvikling fremmar planen ei rekke tilrådingar som inneber ei vidareutvikling, omdisponering og opptrapping av Pleie- og omsorgstenester. Stranda kommune må også utvikle sine tenester i takt med dei føringane som Stortingsmelding 47 ( Samhandlingsreforma) legg til grunn. Plannemnda si tilråding er søkt så realistisk som mogleg med tanke på Stranda kommunes økonomiske situasjon. Det er plannemnda si anbefaling at Pleie- og omsorgstenestene oppnår best mogleg ressurseffektiv tenesteproduksjon ved å fokusere på stordrift der det er mogleg, det inneberer ein totalutnytting av kommunens areal /lokalar, samt ei vidare satsing på LEON-prinsippet (Lavest Effektive Omsorgs Nivå) for best ressursutnytting fagleg og økonomisk. KOM-014/11 Vedtak Stranda kommune godkjenner planen slik den ligg føre med dei tilrådingane plannemnda legg til grunn, med følgjande endring: 1. Sjukeheimsplassane på Hellesylt skal oppretthaldast 2. Ved Sunnylven distrikt beheld ein dei 5 sjukeheimsplassane, og utvidar med 4 plassar tilpassa demente, og 1 kortidsplass. Dette gjennom utbygging av minst 4 nye omsorgsbustadar i Ringdalsåsen Avdeling for personar som treng tilrettelagt bustad og heildøgns tilsyn / pleie blir førebels lagt til Sosialeininga. ( Psykiatri og Utviklingshemma) Ein bør på sikt evaluere om Eininga kan / bør delast. SAK 10/1475: FOR og PAU Psykiatritenesta blir inntil vidare lagt til Sosialeininga Det blir oppretta 2.0 nye stillingar innan psykisk helse frå hausten 2010. Stillingane kjem i tillegg til dei 4.7 st som tidligare er blitt oppretta. Kostnad stipulert 6.7 stillinga kr, 1. 796 000,- Innarbeidast i budsjett for 2011. Sak 10/1475: FOR og PAU Det vert oppretta 3.0 stillingsheimlar innan psykisk helse 6

Stranda distrikt får tilført 1.5 stilling sjukepleiefagleg kompetanse for å styrke personar som treng palliative behandling samt rehabilitering. Avdelinga kan sørve Sunnylven distrikt med bakvaktsordning, dersom sjukeavdelinga i Sunnylven skal oppretthaldast. Kostnad kr 750.000,- Det blir oppretta nye stillingar for Utviklingshemma som inntil vidare skal ligge under sosialeininga. (Bustad) Kostnad for 6.7 årsverk vert stipulert til kr 2.524.000,- Einingsleiar i Geiranger tek over ansvaret for Liabygda omsorgsbustad Redusert kostnad stipulert til 240. 000,- 4.0 HISTORISK UTVIKLING Den moderne kommunale helse- og sosialtenesta vaks fram på 1970-tallet, og blei tilført nye store oppgåver gjennom forvaltningsreformer i 1980- og 1990-åra. Kommunehelsetenestelova, sjukeheimsreforma og reforma for menneske med utviklingshemming står som viktige milepelar i denne utviklinga, som har lagt grunnlaget for eit omfattande tenestetilbod på lokalt nivå til alle innbyggarane i kommunen uavhengig av alder, diagnose, økonomi, sosial status eller andre forhold. Den nordiske velferdsmodellen blir kjenneteikna av eit godt utbygd lokal helse- og sosialteneste som avhjelper spesialisthelsetenesta i høve til omsorgsoppgåver og bidrar til at familieomsorg kan kombinerast med høg yrkesaktivitet. Målt i årsverksinnsats er den kommunale omsorgstenesta i dag større enn sjukehussektoren. Det er derfor av stor betyding å vurdere disse tenestekapasitetane og innhald i møte med framtidas omsorgsutfordringar, ikkje minst i høve til ein sterkt voksande eldre befolkning. Utviklinga av omsorgstilbod kan nedfellast i nokre viktige trekk som har vore med å gi disse tenestene retning: Desentralisering: Ansvaret for ei rekke oppgåver er overført til kommunane frå statleg og fylkeskommunalt forvaltningsnivå. Integrering: Det har skjedd ei nedbygging av segregert særomsorg og institusjonar til fordel for integrerte heimebaserte tenestetilbod og nye bustadformer i nærmiljøet. Av institusjonalisering : Grensene mellom sjuke- og aldersheim og omsorgsbustadar med heimetenester blir meir og meir utviska, og ulike fagtradisjonar i den kommunale helse- og sosialtenesta smeltar saman. Om disse utviklingstrekka skal fortsette og om dei lar seg kombinere med mogleg nye utviklingstrekk knytt til internasjonalisering og kommersialisering, blir viktige spørsmål ved utforminga av framtidas omsorgsteneste. 4.1 Utvikling av Pleie og omsorgstenestene Pleie- og omsorgstenesta er det største verksemdområdet i kommunal sektor, og utgjer i Stranda kommune ca. ein tredjedel av kommunens netto driftskostnader. Kommunens pleie- og omsorgstenester har i dei seinare åra blitt tilført fleire og meir helseretta oppgåver knytt til rehabilitering, terminalpleie og vidarebehandling/oppfølging etter 7

sjukehusopphald. Utviklinga skuldas blant anna sterk auke i moglegheiter til å gi hensiktsmessig helsehjelp gjennom auka kompetanse i tenesta. Samtidig har vi fått meir kunnskap om betydinga av eit tenestetilbod nær pasientens heim, dei pårørande si rolle og det sosiale nettverket. Det har vore gjennomført store reformer innan tenesta, ved bla utbygging av bustadar som eit alternativ til institusjonsopphald. Den nasjonale strategien for kvalitetsforbetring i sosial- og helsetenesta peikar på at tiltak som settast i verk skal være aktive, trygge, godt samordna, tilgjengelige og rettferdig fordelte. Brukarane skal involverast og ressursane skal utnyttast godt. Regjeringa har vidare som eit uttalt mål å styrke pleie- og omsorgstenestene i kommunane, og Helse og omsorgsdepartementet la i det høve fram i Stortingsmeldinga Mestring, muligheter og mening høsten 2006. Meldinga beskriv dei langsiktige utfordringane for framtidas omsorgsteneste og angir både strategiar og konkrete tiltak for dei nærmaste åra. Tiltaka blir oppsummert i Omsorgsplan 2015 og omfattar blant anna nytt investeringstilskot til sjukeheimar og omsorgsbustadar, kompetansetiltak og tilførsel av 10 000 årsverk i omsorgstenesta for å møte komande behov. IKT Det har dei siste åra våre eit økt fokus på dokumentasjon av informasjon (data) innan pleie og omsorgssektoren. Stranda kommune nyttar fagsystemet Visma for å betre sikre dokumentasjon av tenestene. IPLOS er innført som eit registreringssystem obligatorisk for alle landets kommunar, noko som er med på at Pleie- og omsorgstenestene kan dokumentere betre korleis ressursane blir fordelt i høve til behova, samt korleis hjelpebehova varierar mellom ulike brukargrupper. Dette har våre eit viktig bidrag for å kunne synleggjere ressursbruken i ein kompleks sektor. IPLOS hentar sitt informasjonsgrunnlag frå Visma. Verktøyet står sentralt i framtidig planlegging og dimensjonering av tenestene fordi dei gir viktig informasjon om framtidig etterspørsel og gjer det lettare å foreta riktig prioritering av fagpersonell. Ved å bruke IPLOS-data i budsjettarbeidet får kommunen sjølv nytte av arbeidet med rapportering til staten samtidig som kvaliteten på rapporteringa blir betre når data også brukast av kommunen til intern styring. Oversikt over fagsystem i helse- og omsorgssektoren i Stranda kommune Omsorgssektoren: Visma Omsorg Profil. EPJ Elektronisk Pasientjournal. Visma Velferd Sampro. Individuell plan (IP) og individuelle opplæringsplanar (IOP) Visma Enterprise - Notus Turnusplan. Sosial: Visma Omsorg Profil. EPJ Elektronisk Pasientjournal. Visma Barnevern Familie. Saksbehandlar- og administrativt program. Lege: Hove Medical Systems: System-X. EPJ Elektronisk Pasientjournal (Legane har også spesialsystem for spirometri og ekg.) Helsestasjonen: Unique HsPro. Fagsystem for helsestasjonstenesta 8

Litt om dei ulike systema. Visma Omsorg Profil. Fagløysning: Alt som inngår i pasientjournalen er i hht krava for Elektronisk Pasientjournal (EPJ), og all oppdatert informasjon om ein brukar eller pasient er samla på ein stad. Legefunksjonalitet: Visma Omsorg Profil inneheld funksjonar for å ivareta tilsynslegens behov for dokumentasjon. Hovudmålet er først og fremst behovet for éin pasientjournal for brukarane i institusjon. Det inneber at det er mogleg for anna helsepersonell å lese legens rapportar, noko som vil være til stor nytte i rapportmøter. Legen vil sjølvsagt også få einklare tilgang til å lese rapportar som anna helsepersonell har skrevet om bruker/pasient. Elektronisk samhandling: Dersom kommunen kjøper samhandlingsmodulen Visma Omsorg Profilkom vil det no vere mogleg å sende og take i mot ei rekke elektroniske meldingar direkte i Visma Omsorg Profil. Meldingane vil være av type KITH standard XML for kommunikasjon med pleie- og omsorgssektoren, også epikrisar, laboratoriesvar, dialogmelding og pleie- og omsorgsmeldingar m.m. Sakshandsaming: Tilrettelagt for registrering og sakshandsaming av søknader, saksutgreiing. Betaling og oppgjer: Forenklar alt arbeidet knytt til fakturering og eigenbetaling. Fakturagrunnlaget genererast på bakgrunn av sakshandsaming og tenesteutføring frå andre deler av systemet, kontrollerast og blir overvelta elektronisk til kommunens faktureringssystem. I dette inngår vederlagsberekning, etter- og sluttoppgjer. Ressursadministrasjon/Arbeidsplanlegging: Visma Omsorg Profil inneheld avanserte funksjonar for arbeidsplanlegging, som kan utføras både automatisk og manuelt. Løysninga kan kommunisere med lønns- og personalsystemet, og kan med integrert turnusplanleggar (eks Visma Enterprise Turnusplan) handtere alle behov knytt til turnusplanlegging, bemanning av vakter, overtid og kommunikasjon med vikarar (SMS) Logistikk: Lagerstyring for tekniske hjelpemidlar kopla mot brukar journal. Kjøkkenmodul gir effektiv handtering av matproduksjon og matombringing både til heimetenesta og institusjon. Kjøkken og transportør kan bruke løysinga, noko som gjer behovet overflødig for manuell /munnleg kommunikasjon av endringar og vedtak. Integrasjonar: Visma har eit stort fokus på gode integrasjonar med andre løysningar. Data som registrerast i eitt system, kan effektivt brukast i eit anna. Dette gjer det mogleg for kommunen å utveksle data mellom ulike system, og ein unngår dermed dobbelregistrering. Visma Omsorg Profil er integrert mot dei fleste turnussystema. 9

Notus Turnusplan. Med Visma Enterprise - Notus Turnusplan får du kontroll over bemanninga og ressursane i verksemda. I tillegg gir løysninga deg oversikt over gjeldene lover og regler. All aktivitet blant personalet blir registrert i løysninga og du kan enkelt hente ut styringsinformasjon om fråvær, lønn, bemanning og overtidsforbruk. Det er også enkelt å lage prognoser på forbruk av variable lønnskostnader mot budsjett. Visma Enterprise - Notus Turnusplan inneheld ein webbasert løysning som lar dei tilsette søke på ledige vakter via Internett. Der kan dei godkjenne sine eigne timelister og få ein oversikt over de opplysningane som er registrert på dei. Dette gir dei tilsette ein mykje enklare tilgang til informasjon enn tidligare. Visma Enterprise - Notus Turnusplan integrerast mot lønn -/ personalsystem og omsorgssystem. Registrering og vedlikehald av informasjon skjer dermed kun éin gong. Visma Barnevern Familie. Visma Barnevern - Familie er det mest moderne saksbehandlar- og administrative verktøyet for kommunalt barnevern. Dette er ivaretatt gjennom gode rutinar, kvalitetssikring av datagrunnlag, eit sett av gjennomarbeida malar og den omfattande huskelistefunksjonen som er en sentral del av programmet enten du er leiar, merkantil eller saksbehandlar. Unique HsPro. Unique HsPro er Visma Uniques fagsystem for helsestasjonstenesta. Unique HsPro støtter alle sentrale arbeidsprosessar innan helsestasjonstenesta inkluderar skulehelsetenesta, ungdomshelsetenesta, svangerskapsomsorg og utenlandsvaksinering. Det finnes også eigne moduler for fysioterapi, flyktningar og smittevern, samt ein generell journal som kan nyttast ulikt i de einskilde kommunane. Vaksiner overføres også elektronisk til sentralt SYSVAK-register i Oslo. 10

5. TENESTEKJEDA 5.1 LEON- prinsippet LEON betyr Lavast Effektive Omsorgs Nivå og er politisk forankra som eit bærande prinsipp i all tenesteutforminga og tenestetildeling i Stranda kommune. Ved å ha ulike nivå av tenestetilbod, vil tilbodet kunne tildelast ut frå det hjelpebehov den einskilde brukar har. Tilboda differensierast ved at tenestetilbodet strekker seg frå lite hjelpebehov (lavterskel tilbod) til stort hjelpebehov (høy terskel). LEON- prinsippet går ut på at tenestetilbodet blir gjeve på eit lavast mogleg omsorgsnivå med fokus på brukar og eigne ressursar og at hjelpa skal være hjelp til sjølvhjelp. Denne førebyggande tankegangen er kostnadsbesparande for kommunen, og i tråd med nasjonale føringar. Målet er at personar skal oppretthalde størst mogleg grad av å vere sjølvhjelpt og ha god livskvalitet, og at reduksjon i funksjonsnivået skal kunne betrast ved at dei rette hjelpetiltaka settast inn. Skal Stranda kommune lykkast i å nå denne målsettinga, er det ein føresetnad at alle nivå i tenestekjeda er tilstades og at hjelpeapparatet er tilpasningsdyktig. Trinn 6 Langtids opphald institujon Trinn 1 Hjelpemiddel Eldresenter Tryggleiksalarm Arbeidstilbod Frivilligsentral Middagsbring Støttekontakt Trinn2 Dagtilbod Heimetenester Omsorgs bustad u/ bemanning Støttekontakt BPA Trinn 3 Dagtilbod H. tenester Oms bustad M/ lav bemanning Trinn 4 Omsorgslønn Dagtilbod H. tenester Oms.bu.m bemanning Korttids opphald Avlast,opp Trinn 5 Bustad bufellesskap m/ heil døgns opphald 11

5.2. Nøkkeltall frå KOSTRA KOSTRA betyr Kommune Stat rapportering, kvar Statistisk Sentralbyrå har gruppert kommunane for å gjere rekneskapstal samanliknbare på ein enkel måte. I denne oversikta har ein teke med Stranda kommune, Gjennomsnitt alle kommunar, Gjennomsnitt snitt kommunar i Møre og Romsdal samt kommunar i landet som er lik i storleik vår kommune. Analysen inneheld eit utval av hovudtall Plei og omsorg nivå 2 2006 2007 2008 2009 1525 Stranda Netto driftsutgifter pleie og omsorg i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter Netto driftsutgifter pr. innbygger i kroner, pleie- og omsorgtjenesten Netto driftsutgifter, pleie og omsorg pr. innbygger 80 år og over 30,9 31,1 32,9 32,3 10 640 10 752 12 582 13 035 162 305 165 586 186 993 194 924 Andel årsverk i brukerrettede tjenester m/ fagutdanning 53 54 55 64 Andel fravær av totalt antall årsverk 11,0 13,8 8,6 9,6 Beboere på institusjon eller mottakere av kjernetjenester pr. 1000 innb. 80 år : 498 459 459 Netto driftsutg. pr. institusjonsplass 531 884 549 810 536 186 615 381 Legetimer pr. uke pr. beboer i sykehjem 0,24 0,24 0,20 0,23 Andel plasser i enerom i pleie- og omsorgsinstitusjoner 100,0 100,0 100,0 100,0 AK Gj.snitt alle kommuner Netto driftsutgifter pleie og omsorg i prosent av kommunens totale netto drifts Netto driftsutgifter pr. innbygger i kroner, pleie- og omsorgtjenesten Netto driftsutgifter, pleie og omsorg pr. innbygger 80 år og over 33,7 33,9 34,2 34,2 10 505 11 237 12 134 12 848 225 439 243 551 265 178 285 404 Andel årsverk i brukerrettede tjenester m/ fagutdanning 71 71 72 72 Andel fravær av totalt antall årsverk 11,4 11,3 11,1 11,4 Beboere på institusjon eller mottakere av kjernetjenester pr. 1000 innb. 80 år : 489 489 490 Netto driftsutg. pr. institusjonsplass 600 881 602 945 663 123 700 956 Legetimer pr. uke pr. beboer i sykehjem 0,28 0,31 0,33 0,33 Andel plasser i enerom i pleie- og omsorgsinstitusjoner 91,1 92,0 93,6 93,6 KA15 Gj.snitt Møre og Romsdal Netto driftsutgifter pleie og omsorg i prosent av kommunens totale netto drifts Netto driftsutgifter pr. innbygger i kroner, pleie- og omsorgtjenesten 36,9 37,0 38,0 37,8 11 772 12 606 13 726 14 522 12

Netto driftsutgifter, pleie og omsorg pr. innbygger 80 år og over 216 496 232 890 253 241 272 042 Andel årsverk i brukerrettede tjenester m/ fagutdanning 73 74 74 75 Andel fravær av totalt antall årsverk 10,9 11,5 10,8 11,1 Beboere på institusjon eller mottakere av kjernetjenester pr. 1000 innb. 80 år : 473 506 485 Netto driftsutg. pr. institusjonsplass 527 782 546 870 613 751 647 603 Legetimer pr. uke pr. beboer i sykehjem 0,24 0,26 0,26 0,31 Andel plasser i enerom i pleie- og omsorgsinstitusjoner 93,9 95,8 96,2 96,4 KG02 Gj.snitt kommunegruppe 02 Netto driftsutgifter pleie og omsorg i prosent av kommunens totale netto drifts Netto driftsutgifter pr. innbygger i kroner, pleie- og omsorgtjenesten Netto driftsutgifter, pleie og omsorg pr. innbygger 80 år og over 37,0 37,1 38,0 37,5 12 948 13 597 14 969 15 904 204 779 216 979 240 805 258 779 Andel årsverk i brukerrettede tjenester m/ fagutdanning 72 73 73 75 Andel fravær av totalt antall årsverk 11,3 11,4 11,1 11,1 Beboere på institusjon eller mottakere av kjernetjenester pr. 1000 innb. 80 år : 526 531 529 Netto driftsutg. pr. institusjonsplass 490 153 568 375 617 238 662 327 Legetimer pr. uke pr. beboer i sykehjem 0,22 0,24 0,26 0,27 Andel plasser i enerom i pleie- og omsorgsinstitusjoner 93,5 93,8 95,1 95,5 Kommentar: Stranda kommune brukar 32.3% av kommunens totale driftsutgifter på pleie og omsorgstenester. Dette er noko mindre enn det andre kommunar i Møre og Romsdal og landet brukar. Stranda har klart mindre utgifter knytt til aldersgruppa 80 år og over. Stranda brukte her kr.194 924,-, medan andre kommunar i Møre og Romsdal brukte Kr.272 042,- Det er betydelig færre tilsette i pleie- og omsorgssektoren med fagutdanning i Stranda kommune enn i andre kommunar som vi kan samanlikne oss med. Oversikten viser at fram til 2009 var skilnaden med andre kommunar svært stor. Frå 2009 kom der ei markant auke i talet på årsverk med fagutdanning og årsaka her ligg i at fleire fekk fagbrev som omsorgsarbeidara. Stranda kommune ligg under snittet for Møre og Romsdal (dekningsgrad) angåande. institusjonsplassar for innbyggara over 80 år. Stranda kommune har dei siste åra prioritert bustadar med heildøgnsbemanning i staden for sjukeheimsplassar. Oversikten viser at Stranda kommune har færre leger enn andre knytt til institusjon. samanlikna med andre kommunar i Møre og Romsdal og elles i landet. Viser elles til kapittel 11 om Legetenesta i sjukeheim. 13

6.0 UTFORDRINGAR I PLEIE- OG OMSORGSTENESTA Den generelle samfunnsutviklinga stiller større krav til offentlige tenester enn tidligare. Informasjon - og kunnskapssamfunnet fører til ei voksande brukargruppe, som i langt større grad stiller krav om det offentlege tenestetilbodet. Lovverket skjerpast, sentrale retningslinjer pålegg kommunen å tenke fleksibel og individuell utforming. Brukarmedverknad står sterkt, og blir understreka i klagesaker til avgjersle hos Fylkesmannen. Kommunen er pliktig via lov å utforme tenestetilbodet i samsvar med brukarane sine behov og ønskjer, og det skal leggast vekt på individuelle løysningar. Behovet er utømmeleg, men ressursane er avgrensa. Stranda kommunen blir stilt overfor krav om å oppretthalde same nivå på tenestene, til tross for stram økonomi. Det blir derfor viktig at kommunen er tydeleg på kva nivå vi har på våre tenester, for å søke å avklare forventningar mellom innbyggar og tenesteapparatet. Kommunen blir presentert for meir komplekse problemstillingar enn før, dette fordrar at kommunen er nytenkjande og omstillingsvillig i sin tenesteutforming. Som eit ledd i kommunens plikt til å samordne tenestene til den einskilde brukar, har kommunen plikt til å utarbeide individuell plan (IP) dersom vedkommande ønskjer det. For at IP skal utarbeidast må brukar ha behov for langvarige og koordinerte tenester. I tillegg har alle som er omfatta av psykisk helsevern rett til ein slik plan. Formålet er å bidra til at den einskilde får eit heilskapleg og individuelt tilpassa tenestetilbod. Planen skal være overordna, og skal samordnast med eventuelle andre planar som ligg føre. Kartlegging av brukarane sine eigne mål og behov, saman med faglege vurderingar skal legge grunnlaget for utforming av planen. Brukaren har klagerett dersom det ikkje blir utarbeida ein plan, dersom arbeidet er mangelfullt og dersom retten til medverknad ikkje er oppfylt eller ved manglande vilje til samarbeid mellom tenestene. Tenesteapparatet har plikt til å bidra til å utvikle individuelle planer. Dette gjeld så vel kommunens helse og sosialteneste som Helseføretak i andrelinjetenesta. Den helsetenesta som har kontakt med brukaren har plikt til å informere om rettar, tilby og eventuelt starte ein plan. Brukaren har ein rett til å få utarbeidet ein IP, men ikkje uvetinga rettskrav på bestemte tenester. Utarbeiding av IP er ein tilleggsoppgåve som er påført kommunen utan tilførsel av ressursar. Samtidig krev IP gode rutinar og system for tverrfagleg samhandling slik at formålet med planen blir ivareteken. Saman har dette våre, og er, ei utfordring for tenesteapparatet. I ein to-nivå modell er dette eit godt eksempel på einingsovergripande oppgåver som må koordinerast. 14

6.1 Befolkningsutvikling For å kunne vurdere framtidige behov for Pleie- og omsorgstenester, er analyse av befolkningsutviklinga i kommunen eit nyttig verktøy. Vi ser på mulige utviklingsbaner for befolkningsutviklinga dei komande 20 år, og korleis utviklinga kan bli i spesielle aldersgrupper. Folketalsutvikling eldre Stranda kommune Alder 2009 2010 2015 2020 2025 2030 Alle 4533 4521 4438 4361 4333 4320 60-69 509 532 518 501 568 591 70-79 392 388 394 464 456 449 80-89 246 240 244 245 260 314 90 + 59 61 68 64 69 71 Sum 60 år og eldre 1206 1221 1224 1274 1353 1425 Sum 80 og eldre 305 301 312 309 329 385 Endring i prosent 80+ - -1,3 + 3,6-1,0 + 6,5 + 17,0 1600 1400 1200 1000 800 600 400 200 0-200 2009 2010 2015 2020 2025 2030 Kjelde: SSB: Tabell 07268 : MMMM: Middels nasjonal vekst. Framskrive folkemengde 2009 2030. 60-69 70-79 80-89 90+ Sum 60 År og eldre Sum 80 og eldre Endring i prosent 80+ I dei fleste behovsvurderingar innan pleie- og omsorg vert aldersgruppa 80 + tillagt størst vekt. Denne gruppa viser ein moderat auke fram til 2020, og ein stor auke etter det. For Stranda kommune er det rekna med ein auke i desse aldersgruppene på 6,5% frå 2020 2025 (vesentleg frå 2023) og 17,0 % frå 2025 2030. Eldrebølgja kjem såleis for fullt i Stranda om ca. 15 år. Aldersgruppa 60 79 år, som og har behov for ein del pleie- og omsorgstenester, 15

har ein stor auke etter 2015, med ein topp i 2020. Alderssamansetning for personar 60 år og eldre i bygdelaga Tekst 60-69 år 70-74 år 75 år og Sum Prosent total eldre Stranda 402 157 358 917 75 Liabygda 23 13 30 66 5,4 Stranda distrikt 425 170 388 983 80,4 Sunnylven distrikt 73 22 91 186 15,2 Geiranger distrikt 18 8 28 54 4,4 516 200 507 1223 100 Desse tala er henta frå valmanntalet i Stranda kommune 2009. Eldre 80 +, som er vanleg å nytte, kunne ikkje hentast direkte frå valmanntalet 6.2 Demens I tillegg til auke i tal eldre over 80 år, er førekomsten av demens ein avgjerande faktor for dimensjonering og innretting av tenestene. Prevalens (pårekna tal tilfelle) i befolkninga er 17,6% av alle i aldersgruppa 80-84, 31,7 i aldersgruppa 85 89 og 40,7% av gruppa 90 år og eldre. 60 70% av alle med demens har Alzheimers sjukdom. 15 20% har demens etter hjerneslag. Kva er demens? Omtrent 60-70 % av alle med demens har Alzheimer sjukdom. Den nest hyppigaste forma er vaskulær demens etter hjerneslag. Denne forma førekjem hos om lag 15-20 % av alle som har ein demens tilstand. Utover dette kan demens oppstå ved ei rekke meir eller mindre hyppig førekomande hjernesjukdommar. Det viktigaste symptomet eller kjenneteikn på demens er nedsett hukommelse. Demens medfører også svekka tanke-, kommunikasjons- og orienteringsevne. Personar som blir ramma av demens, får vanskar med å utløyse innlærte ferdigheiter eller å meistre kvardagssyslar. Ein del utviklar personlege forandringar med manglande innsikt og dårleg dømmekraft, hemningsløyse, aggressivitet, og mangel på empati. Andre symptom er angst, depresjon, mistenksam, vrangførestillingar og tvangsmessig adferd. Demens er ein sjukdom i stadig utvikling. Den som blir ramma vil fungere dårligare og dårligare og til slutt bli heilt avhengig av hjelp. Personar med demens har ofte eit svært samansett sjukdomsbilde med funksjonssvikt på fleire område. For helsetenesta generelt og omsorgstenesta i kommunen spesielt, inneber det store utfordringar i å planlegge, dimensjonere og tilrettelegging for ein heilskapleg og samanhengande omsorgskjede til personar med demens. Ein føresetnad for å kunne gi hensiktsmessig behandling og omsorg er at pasienten er tilstrekkelig utreda. Ein diagnose gir pasienten, pårørande og hjelpeapparatet ein realistisk muligheit for planlegging og iverksetting av nødvendige tiltak. Det er ei utfordring å sikre gode samhandlingsrutinar mellom tenestenivå for utredning og diagnostisering av demens. Samtidig er det betydeleg mangel på kompetanse på begge nivå. Fleire eldre som brukar sjukehustenesta er aukande. Pasientane blir utskrivne frå sjukehus med ein føresetnad om oppfølging og etterbehandling i kommunehelsetenesta. Dette fordrar at 16

kommunen har fagkompetanse som er god nok til fagleg forsvarlig oppfølging, og at kommunen kan få tilgang til råd og veiledning frå spesialisthelsetenesta. Det er ei stor utfordring å sikre at spesialisthelsetenesta er dimensjonert og organisert slik at den kan følgje opp kommunen med geriatrisk, somatisk og psykiatrisk spesialistkompetanse. Dei fleste undersøkingar tydar på at det er på det sosiale og kulturelle området dagens kommunale omsorgstenester kjem til kort. Nasjonale og internasjonale undersøkingar viser at spesielt tilrettelagte dagaktivitetstilbod kan vere kostnadseffektive og gi hensiktsmessig avlastning for familien. Samtidig er det grunn til å understreke at dagtilbodet representerer eit viktig element i samspelet med pårørande og bidra til å førebygge og utsette behovet for ein institusjonsplass. Stranda kommune skal i løpet av to år ha utarbeidd ein plan om utviding av eksisterande dagtilbod som er tilrettelagt for brukarar med demens. Status i Stranda kommune Konkrete tilbod i kommunen er to bugrupper i Stranda omsorgssenter à 8 plassar, til saman 16 institusjonsplassar. Dagsenter ved Stranda omsorgssenter 2 dagar/veke. Tilbodet gjeld både demente og andre med særleg behov. Utfordringa finst i alle einingar i institusjonstenesta og i heimetenesta. 6.3 Rekruttering Ein av de største utfordringane i åra framover blir å sikre nok og tilstrekkelig kompetente medarbeidarar til pleie- og omsorgstenesta. For å være godt forberedt på framtidige behov må Stranda kommune sikre ei brei tilnærming, frå kvalifisering av ufaglærte til å auke prosenten høgskoleutdanna med spesialistutdanning innan relevante områder. God rekruttering sikrast best ved å ha ein god standard på tenestene, eit godt rykte og utfordrande oppgåver. Kommunens utfordringar framover blir å profilere pleie- og omsorgstenestene som både spennande, utfordrande og ikkje minst verdifull, sett ut frå ein samfunnsnyttig og medmenneskeleg dimensjon. Det er viktig at kommunen etablerer tilstrekkelig med lærlingplassar for helsefagarbeidara slik at ikkje mangelen på læreplassar blir eit hinder for rekrutteringa. Helsefagarbeidara vil være viktige og sentrale medarbeidarar i kommunens omsorgsteneste i åra som kjem. Høgskuleutdanna For å kunne utføre ein forsvarleg teneste i pleie- og omsorgstenesta er det nødvendig å ha nok høgskuleutdanna. Ein del av dei lovpålagte oppgåvene skal utførast av høgskulepersonale, eksempel her er bruk av tvang og medisinering. Høgskuleutdanna personale har ein grunnleggande kompetanse i å sjå brukar, har sjukdomsinnsikt og ein grunnforståing i forbygging og utvikling av sjukdom, lyte eller skade. I tråd med kommunens tenesteprofil skal dei som ønskjer det få moglegheit til å ivareta seg sjølv i heimen. Sjukehusa skriv ut pasientane tidligare enn før, og på bakgrunn av dette anbefalast det at kommunens del av høgskuleutdanna i pleie- og omsorgstenesta ligg på minimum 40%. Dette gjeld alle fagområda der det er brukarretta tenester. Den gjennomsnittlege butida for 17

sjukeheimspasientar er kraftig redusert dei seinare åra, derfor er pasientane gjevnt over sjukare når dei får plass og lever kortare tid på institusjon enn tidligare. Stranda kommune vil dei neste åra få ei utfordring med å få tilsett høgskoleutdanna med rett kompetanse. Dette gjeld særlig ved bufellesskap for funksjonshemma, heimetenesta og institusjonstenesta. Stranda kommune vil dei neste åra ha behov for eit stort tal tilsette med utanning retta mot psykiatri samt utviklingshemma. Erfaringsmessig er det for eksempel vanskeleg å rekruttere dei med 3-årig høgskoleutdanning til mindre bufellesskap fordi fagmiljøa her blir for små. På bakgrunn av dette planlegg kommunen og bygge bueiningar med plass til fleire brukara/ klientar for å betre kunne sikre fagkompetanse i bufellesskapa. For å kunne framstå som ein attraktiv arbeidsgivar i framtida, skisserast det fleire tiltak for å sikre seg nødvendig kompetanse. Utgangspunktet for rekrutteringa til tenestene vil være ein arbeidsgivarpolitikk som legg til rette pakkar av verkemidlar, tilpassa den einskilde sin livsfase og stillingstype. I tillegg til generelle rekrutteringsproblem til omsorgstenestene er det i kommunen store utfordringar i forhold til aldersfordelinga til dei tilsette i tenestene. Høg gjennomsnittsalder medfører eit erstatningsbehov framover pga pensjonering. Dette betyr at kommunen står overfor eit betydelig rekrutteringsarbeid på sikt, og at vi må legge til rette for å behalde seniormedarbeidara utover pensjonsalder. Assistentar/ufaglærte. På dei fleste tenestestadane er det vanskeleg å tilsette assistentar og ufaglærte på bakgrunn av dei krav som lov og forskrifter set til forsvarleg oppgåveløysing, feks medikamenthandtering. Mykje av arbeidet blir utført åleine, slik at ein i stor grad må ha individuell beredskap til å fatte avgjersle på sjølvstendig grunnlag. Samstundes har kommunen sin pleie- og omsorgsteneste også oppgåver blir ivaretatt av assistentar og ufaglærte, og dette er oppgåver som blir utført på ein svært god måte. Assistentar / ufaglærte må få moglegheit til å utvikle seg, og få tilbod om auke av sin kompetanse samt tilbod om utdanningsstipend, eller ved intern eller ekstern kursverksemd. Kommunen bør vidare tilrettelegge for vidaregåande opplæring til sine ufaglærte tilsette. Rekrutteringa av helse- og sosialpersonell til omsorgstenestene og geriatrien vil bli ein av dei største utfordringane. Etterspørselen etter personell vil bli spesielt stort frå 2020 på grunn av auke i talet eldre over 80 år. Mange av disse vil ha utvikla ein demenssjukdom. Ein viktig strategi for Stranda kommune vil vere å behalde personell som allereie arbeider i omsorgstenestene. Dette kan gjerast ved skulering av dei som er utan fagutdanning, tilbod om etterutdanning, god leiing og eit godt arbeidsmiljø. Godt fagmiljø er eit av dei viktigaste tiltaka for å trekke til seg fagfolk. 6.4 Behalde ønska kompetanse Eit vesentleg bidrag for å ivareta behovet for kompetanse i kommunen er å synliggjere tiltak for å behalde og vidareutvikle sine tilsette. Samtidig erfarer vi også at den nye medarbeidaren bringer inn nye impulsar, erfaringar og kunnskap som er viktig for ei kommune i stadig endring. Kommunen må heile tida jobbe for å vidareutvikle ein god personalpolitikk, med 18

delegert ansvar til den einskilde ledar slik at vedkommande er i stand til å ta vare på sine tilsette og syte for at arbeidsforholda blir tilrettelagt for den einskilde arbeidstakar. Status for kompetanse i pleie- og omsorgstenestene pr mai 2010 Sum heimlar delt på stillingstypar i pleie og omsorg heile kommunen. Stilling/heimeltype Stillingskode Tal årsverk Einingsleiar 9451 3,00 Fagleiar 7453 11,65 Spesialsjukepleiar 7523 0,75 Sjukepleiar 7174 18.94 Vernepleier 6455 1,00 Miljøterapeut 6675 0,90 Spesialhjelpepleiar 7681 4,85 Hjelpepleiar 7076 34,05 Fagarbeidar 7517 13,87 Helsesekretær 7199 1,00 Assistent 6572 18,49 Assistent/miljøarbeidar 6573 0,68 Heimehjelp 6190 1,16 Reinhaldar 7210 1,70 Sum desse heimlane 110,54 Kjøkken/Stranda: Arbeidsleiar Fagarbeidar Assistent Merkantilt arbeid/stranda: Konsulent Sekretær 7003 7517 6572 1,00 1,00 0,75 6559 6863 1,00 0.50 Vaktmeister 6541 2,50 Sum 117,29 Merknad Som ein del av Stranda kommune sin personalpolitikk peikar pleie- og omsorgstenesta på ei rekke rekrutteringsfremmande tiltak i sektoren. (ikkje prioritert rekkefølgje): Tilråding: Profilere Stranda kommune som ein attraktiv arbeidsgivar med interessante jobbmoglegheiter. Dette som ein del av kommunens omdømmebygging Løn skal være over minstelønn og konkurransedyktig Vidareutvikle seniorpolitiske tiltak Inngå samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar og tilby praksisplassar til studentar og lærlingar for om mulig å knytte dei til seg i framtida Kapre eigna studentar og lærlingar til ekstrahjelp i kommunen, og motivere dei til å komme tilbake etter endt utdanning Tilby rekrutteringspakke 19

Utvide deltidsstillingar til fulle stillingar der det er mogleg Satse på kompetanseutvikling med stipend/løna permisjon Gi muligheit for spesialisering til høgskuleutdanna, hjelpepleiara / omsorgsarbeidara og helsefagarbeidara. Bruke medarbeidarsamtaler aktivt inkl. kompetansekartlegging og kompetanseutviklingstiltak Samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakar om fleksible arbeidsavtalar 6.5 Organisering av Pleie og Omsorgstenestene Det har ei tid vore arbeidd med ny organisering av Pleie og Omsorgtenestene i Stranda kommune, men ein ser at dette arbeidet har vore krevjande. Det er to viktige forhold som gjeld innan organisering den formelle strukturen og den interne organiseringa. Den sistnemnde er viktig som presisering og som føresetnad for at den formelle organiseringa og arbeidet med einingane og tenestene til brukarane skal bli optimal. Ser ein på Einingane innan Pleie og omsorg er dei små og mange, og dette kan i mange høve føre til lite effektivitet og unødig ressursbruk. Skal ein klare å gi gode sjukepleiefaglege tenester i tida som kjem, må ressursane brukast rett. Ein ser for ofte at i kommunane og i sjukehusa at fagpersonar, arbeider med oppgåver ein ikkje alltid har kompetanse til å utføre. Dette handlar om at rett person på rett stad. Mange brukarar er avhengige av tenester frå fleire instansar frå kommunen, Det er viktig for dei at organiseringa er god og samarbeid mellom instansane fungerar godt. Ordet gråsoner, betyr felt/ arbeidsoppgåver der det er uklart kva for instans som har ansvaret for brukaren/ tenestene. Uavklarde gråsoner kan gjere at viktige tenester/ behov til brukarane vert skadelidande. Uansett er det behov for samarbeid på tvers av einingar/ avdelingar/ grupper til beste for brukarane. Dette gjeld i høg grad tenester til personar innan psykisk helse og ulike grader av utviklingshemming. Vurdering av moglege alternativ for organisering, tek mykje omsyn til det AD- HOC- gruppa kom fram til i si utgreiing hausten 2009. Geiranger Distrikt: Geiranger distrikt har færre brukara som nyttar tenestene innan pleie og omsorg det siste året. Fleire av bustadane har stått ledige, og dette har ført til reduserte inntekter til Eininga. Tek ein utgangspunkt i den Demografiske oversikta ser ein at Geiranger har 28 personar som er over 75 år. Det kan indikere statistisk at etterspunaden etter bustadar/ heimesjukepleie vil ligge lågt nokre år fram i tid. Geiranger distrikt er ei lita Eining og ein bør vurdere om den adm / økonomiske delen bør leggast til Stranda distrikt. Frå 01.08.10 får eininga ny leiar, og ein bør sjå på ulike alternativ for ei organisatorisk løysing av tenestene. Norddal kommune har dei siste åra opplevd det same som Geiranger distrikt at ein har ledig bustadar på sørsida av fjorden ( Eidsdal omsorgsbustader). 20

For å synleggjere alternativ organisering nyttar vi ei matrise der vi gjer ein enkel SWOT analyse med fordelar og ulemper ved organiseringa. Mogleg alternativ for organisering 1. Oppretthalding av Geiranger som eiga eining. 2. Felles eining Sunnylven/ Geiranger- med einingsleiar i Geiranger som har utvida funksjon. 3. Felleseining for Skule, barnehage, pleie og omsorgstenester i Geiranger. 4. Ein tek kontakt med Norddal kommune om samarbeid når det gjeld pleie og omsorgstenester. 5. Felles eining Geiranger og Liabygda med einingsleiar Geiranger med utvida funksjon. 6. Eininga i Geiranger blir lagt til Stranda distrikt. Alt. Fordelar Ulemper 1 Inga endring for lokalsamfunnet. Har no tilsett einingsleiar frå 01.08.10 Oppretthalde infrastruktur 2 Meir robust eining når ein slår saman Geiranger og Sunnylven. Rekruttering og kompetanse innan leiing og administrasjon. Lita eining. Ledige husvære i omsorgbustaden har ført til svikt i inntektsgrunnlaget. Lite fagleg miljø. Dyrt å drive for kommunen. Dårleg kommunikasjon på vinterhalvåret 3 Berre ein leiar i ei mindre bygd. Avgrensa fagkunnskap om 1-2 felt, vil krevje ekstra innsats for å kompensere for dette for å vere ein god einingsleiar for alle. Lite å spare økonomisk (forskjell einingsleiar mellomleiar ( fagleiar). 4 Redusere budsjettet for eininga. Ha betre tilgang på fagleg kompetanse gjennom døgnet. 5 Betre ressursutnytting på begge avdelingane. Liabygda får tilført sjukepleiefagleg kompetanse. Reduserte lønnsutgifter. Brukarane i Liabygda får eit betre tilbod. 6 Fagpersonalet i Geiranger får meir tid til å ta seg av det sjukepleiefaglege oppgåvene. Stor avstand mellom Eidsdal og Geiranger, særleg vinters tid. Fragmentering av tilbodet i Geiranger Nærheit til brukarane reduserast. Avstanden mellom Geiranger og Liabygda kan vere vanskeleg vinteren. Små Einingar er meir ressurskrevjande. Ei samanslåing med Stranda vil gi betre 21

Betre ressursutnytting økonomisk styring over Pleie- og Omsorg. Stranda distrikt Mogelege alternativ for organisering Både den ytre/formelle organiseringa og styrking av indre organisering er viktig for funksjonen til einingane/ avdelingane. Vurdere organiseringa av økonomi/ sakshanssaming/ merkantil funksjon i Stranda distrikt. Tal mellomleiarar i sjukeheimen, Stranda distrikt bør vurderast. Tenester som skal gjelde alle innbyggarane med behov for tenester, uavhengig av merkelapp/ definert gruppe. Å unngå nye gråsoner ikkje dele tenester som skal fungere i lag. Det er i dag udekka behov innanfor områda bustad og tenester for ulike grupper. som ikkje vert dekka ved planlagt utbygging i bustadar eller Møregata. 1. Stranda distrikt vert uendra bortsett frå at Møregata vert lagt til anna eining 2. Stranda distrikt vert delt i to- sjukeheimstenester og heimetenester. Under heimetenestene ligg: Korttidsplassar, omsorgsbustadane på Låna, Solbakken og Liabygda, og private heimar. Fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa Alt. Fordelar Ulemper 1 Omsorgstenestene vert samla, ingen gråsoner mellom institusjon og heimetenestene. Lett med kontinuerleg vurdering av tenestebehov og veksling mellom tilboda. Felles inntaksnemd for institusjon og heimetenester ( sjukeheim/ omsorgsbustadar m.m Stort distrikt. Eininga treng ulike rasjonaliserings og effektiviseringstiltak uavhengig av organisering 2 Mindre einingar lettare å administrere Lett for å oppstå gråsoner mellom to omsorgsnivå på brukarnivå. ( kven skal gi tenestetilbodet), og i fordeling av samla økonomiske og personellmessige ressursar. Misser felles organisering / felles avdelingsleiar heimetenestene/ korttidsavdeling ( Skageflå). Planar om felles merkantil avdeling kan bli meir komplisert ved oppdeling av distrikt. Vanskelegare å oppretthalde ei felles inntaksnemnd som skal vurdere alle 22

tilboda Sjukeheimsplassar - Omsorgsbustad Tilråding: 1. Uavhengig av organisering vert tal mellomleiarar i sjukeheimen redusert frå 4 til 2. ved Stranda distrikt. Det vert utarbeidd funksjonsbeskriving for mellomleiarane. 2. Ein må ta sikte på ei samanslåing av merkantiltenesta ved Stranda distrikt. Ved vakanse vert konsulentstillinga utlyst med høgskulekompetanse for å styrke økonomi/ økonomistyring og sakshandsaming. 3. Allmenne tenester som legehjelp, helsestasjon, støttekontakt, avlastning og vanlege heimetenester ( heimesjukepleie/ heimehjelp) i eigen bustad bør framleis gjevast gjennom dagens organisering ( helsetenesta, sosialtenesta, Pleie og omsorgstenesta) Sunnylven distrikt Sunnylven distrikt har i dag sjukeheim med plass til 4 pasientar samt 1 korttidsplass. Sjukeheimspasientane er plassert i 1 etasje. I andre og tredje etasje er det til saman 15 omsorgsbustadar der alle tek i mot heimesjukepleie og praktisk hjelp. Utanfor bustadane er det for tida ca 19 brukara av heimetenestene. Sunnylven distrikt har eigen vaktmeister som servar Sunnylven barnehage, samt sjukeheim/ omsorgsbustadane. Indre organisering: Ved Sunnylven omsorgsenter har ein stillingsheimel på Einigleiar i 100%. Ein liten del av stillinga har vore nytta ved Geiranger distrikt. Rekruttering av denne stillinga er vanskeleg. Ein har og organisert omsorgsbustaden med to buleiara. Sunnylven distrikt har 40 % merkantil teneste inntil vidare og fram til 01.11.2010. Arbeidsdelinga mellom einingsleiar og fagleiar må vurderast. Det bør vurderast oppretting av avdelingsleiar som tek seg av det sjukepleiefaglege for heile eininga. Einingsleiar for distriktet bør ha ein utvida administrativ funksjon. Buleiarfunksjonen bør ein vurdere om skal fortsette slik ein har det i dag, eller om ein skal take den bort. Mogelege alternativ for organisering 1. Bygge ut fleire sjukeheimsplassar ved Sunnylven omsorgsenter. 2. Legge om drifta av 4 sjukeheimsplassar til omsorgsbustadar. 23

Fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa Alt. Fordelar Ulemper 1 Kan auke den faglege kompetansen ved sjukeheimen. Problem med å skaffe kvalifisert personale Etter samhandlingsreforma vil auka krav til sterkare intensiv behandling kome. Vanskar med å få godkjent ombygging/ utbygging frå Fylkesmannen ( Flodbøljeproblematikken) Auka kostnad for kommunen I dag to budsjett lett med samanblanding mellom sjukeheimen og omsorgsbustadane. 2. Ein er ikkje like sårbar med at ein må ha sjukepleiar 24 timar i døgnet. (Bakvakt) Ein misser det faste legetilsynet ein gong pr veke for pasientane ved sjukeheimen. Redusert kostnad for kommunen. Lettare å organisere drifta ved bustadane. Kommentar til punkt 2: Ved å legge ned dei fire sjukeheimsplassane ved Sunnylven omsorgsenter vil ein kunne frigi ressursar som kan nyttast til andre føremål ved Sunnylven distrikt. Kostnaden på ein sjukeheimsplass i Sunnylven er for 2009 kr. 670 000.- Kostnaden for ein person i omsorgsbustad for 2009 kr 519 000,- Når ein har oppretta sjukeheim er det krav til å ha sjukepleiar på vakt/ tilgjengleg 24 timar i døgnet. For 2010 ser ein at kostnaden ved bruk av sjukepleie bakvakter er sterkt aukande. Ekstra kostnad for 2010 vert kalkulert til ca kr 115.000-125.000. Dette er kostnader som ein kan spare ved overgang til omsorgsbustadar. Hjelpa som brukarane får ved omsorgssenteret er svært god. Hjelpa til kvar einskild brukar/ pasient vert kvar dag vurdert, slik at ein får den hjelpa ein treng til ein kvar tid. Behovet for meir kvalifisert personale vil i tida framover forsterke seg. Sunnylven omsorgsenter har i dag for lite sjukepleiara til å kunne vere til stades 24 timar i døgnet. Med pasientar som har fleire og meir kompliserte diagnosar, vil det utøve eit stort ansvar på 24